St.prp. nr. 15 (1996-97)

Om endringar av løyvingar på statsbudsjettet for 1996 og andre saker under Nærings- og energidepartementet

Til innholdsfortegnelse

3 Anlegg og drift av ein tredje røyrleidning for naturgass til Tyskland

3.1 Innleiing og samandrag

For å ha tilstrekkeleg transportkapasitet for gassmengdene som er forplikta selt frå 1999. er det nødvendig å leggje ein ny røyrleidning for naturgass til Tyskland. Europipe II. Røyrleidningen vil gå frå Kårstø til Dornum nær Emden.

Røyrleidningen vil krysse område for trålfiske både på norsk. dansk og tysk kontinentalsokkel. I samband med konsekvensutgreiinga for prosjektet og merknadene til denne. vert det stilt vilkår om førebyggande og avbotande tiltak for å avgrense ulemper for fiskeriverksemda. Utslepp til luft er inkludert i gjeldande prognosar for utslepp frå petroleumsverksemda.

Røyrleidningen frå Kårstø til det eksisterande mottakaranlegget i Tyskland vil vere 653 km lang. basert på planlagt trasé. Tilhøva ligg til rette for ilandføring i Tyskland ved at det i 1994 vart installert ein 15 km lang røyrleidning ut frå land parallelt med Europipe I.

Totale investeringskostnader er rekna ut til 6 797 mill. kroner. Investeringane omfattar modifikasjonar på Kårstø. røyrleidning og modifikasjonar på landanlegg i Tyskland.

Det er etablert ei eigargruppe for Europipe II. Det er lagt opp til at Staten sitt direkte økonomiske engasjement (SDØE) skal ha ein initiell eigarpart på 60 pst. Departementet tar sikte på å vurdere ei justering av eigarpartane innan oppstart. som er planlagt til 1999. Føremålet vil vere å oppnå best mogleg samsvar mellom eigar- og brukarinteressene.

Konsesjonstida vert føreslått sett til 2020.

SDØE-eigarpart og konsesjonstid er såleis i samsvar med den nye røyrleidningen til Frankrike. NorFra.

Statoil er operatør for utbygginga av prosjektet. Departementet vil innan oppstart kome tilbake til operatørskapet i driftsfasen.

3.2 Grunnlaget for den nye røyrleidningen

Figur 3.1 viser dei samla venta norske leveransane for naturgass til den kontinentale marknaden. Dei årlege leveransane som er forplikta selt til kjøparar på kontinentet. vil nå eit høgdepunkt på om lag 62 mrd. m3 etter årtusenskiftet.

Figur 3.1 Forplikta sal av norsk naturgass (mrd. m3)

Figur 3.1 Forplikta sal av norsk naturgass (mrd. m3)

Det eksisterer i dag tre transportleidningar for gass til kontinentet: Norpipe og Europipe I til Emden i Tyskland og Zeepipe til Zeebrugge i Belgia. Ein transportleidning til Frankrike (NorFra) vil vere klar til bruk i 1998. Forplikta leveransar basert på inngåtte gassalsavtalar vil frå 1999 overstige transportkapasiteten i desse transportleidningane. Derfor er det nødvendig å leggje eit nytt transportrøyr til Tyskland: Europipe II.

Dei forplikta salsvoluma gir eit årleg transportbehov mot Tyskland på om lag 40 mrd. m3. Desse voluma vil bli fordelt mellom Europipe II og dei to eksisterande transportrøyra Norpipe og Europipe I.

3.3 Økonomiske vurderingar

Forsyningsutvalet er samansett av dei 12 største eigarane av gassressursar på kontinentalsokkelen og er eit rådgivande organ for styresmaktene i spørsmål om utvikling av produksjons- og transportkapasitet for naturgass. I regi av Forsyningsutvalet har ein gjennomført analysar som omfattar transportbehov basert på eksisterande forplikta leveransar og konsekvensar for transportløysingane ved føresetnader om nye sal. Analysane har hatt som føremål å identifisere kva for alternative løysingar for Europipe II som gir dei lågaste kostnadene for det samla transportsystemet basert på ulike marknadsløysingar. og under ulike føresetnader for ilandføring av gass frå Åsgardfeltet (Åsgard Transport).

Basert på ei samla vurdering av investeringar. driftskostnader og den fleksibilitet som ein oppnår i høve til eksisterande forplikta sal og moglege nye sal. viser analysane at dei lågaste samla transportkostnadene vil kunne bli realisert dersom gass frå Åsgard vert ilandført på Kårstø og dersom Kårstø òg vert startpunkt for Europipe II. Oljedirektoratet støttar denne vurderinga.

Stortinget slutta seg i juni 1996 til at naturgass frå Åsgard blir ilandført på Kårstø i Rogaland. jf. handsaminga av St.prp. nr. 50 for 1995-96. Kårstø står dermed fram som startpunkt for Europipe II.

Ved vurderingane av alternative landfall ved Kårstø for Europipe II har ein vurdert potensialet for å oppnå reduserte kostnader for dei to prosjekta Åsgard Transport og Europipe II samla. Tre hovudalternativ er vurdert. landfall på Vestre Bokn. landfall på Kalstø (Karmøy) og landfall på Haugsneset aust for Kårstø. Alternativet med Europipe II over Vestre Bokn er det mest kostnadseffektive alternativet. Meirkostnadene for Europipe II ved å velgje ein av dei andre landfallsalternativa er utrekna til 3-400 mill. kroner.

Det er vidare gjennomført analysar med omsyn til val av dimensjon for røyrleidningen. Analysane viser at ein røyrdimensjon på 42 tommar (106 cm) vil gi dei lågaste samla transportkostnadene når ein føreset at nye salsavtaler blir inngått.

Figur 3.2 viser det samla transportsystemet for naturgass frå norsk kontinentalsokkel. Det er opplyst kva for system som er i drift og kva for system som er vedteke bygd ut. men ennå ikkje sett i drift. Alternative traséar for Europipe II er omtala i pkt. 3.4.

Figur 3.2 Røyrleidningar for naturgass frå norsk kontinentalsokkel

Figur 3.2 Røyrleidningar for naturgass frå norsk kontinentalsokkel

3.4 Teknisk skildring av ein ny røyrleidning til Tyskland

3.4.1 Landfallsalternativ Vestre Bokn

I kap. 3.9 om konsekvensutgreiingar er alternative landfall for røyrleidningen ut frå Kårstø presentert. I plan for anlegg og drift er det som basisalternativ planlagt at landrøyret frå Kårstø skal krysse Ognøy. Austre Bokn og Vestre Bokn. jf. fig. 3.5 i kap. 3.9. Med bakgrunn i operatøren sine eigne vurderingar og dei merknadene som er kome til konsekvensutgreiinga. har operatøren vurdert ein modifisert trasé. Denne traséen går direkte frå Kårstøanlegga til Austre Bokn og går såleis utanom Ognøy. Operatøren har nå denne traséen som hovudalternativ.

Røyrleidningen over land er planlagt lagt i open grøft. Etter installasjon vil grøfta bli fylt igjen. Traséen over land er om lag 8 km. Landskapet vil så langt som mogeleg bli restaurert etter installasjon av røyret.

To grunne sund må kryssast før ein når landfallet nær Trosnavåg ved Karmsundet på Vestre Bokn. Ved landfallet er det av tryggleiksårsaker planlagt ein ventilstasjon.

3.4.2 Røyrleidning til havs

Hovudalternativet for traséen til røyrleidningen til havs som er omtala i plan for anlegg og drift. er eit kompromiss mellom ønsket om å unngå dei mest kompliserte tilhøva på havbotnen samstundes som ein prøver å oppnå den kortast moglege avstanden mellom Kårstø og landfallet ved Dornum i Tyskland. I dei vurderingane som operatøren gjer for å effektivisere gjennomføringa og betre lønsemda av prosjektet ser ein og på potensialet for å føre røyrleidningen inn til den danske vestkysten og vidare i sjørøyr til Tyskland. Hovudalternativet med sjørøyr direkte frå Noreg til Tyskland gir likevel også potensiale for eit greinrøyr inn til Danmark.

Endeleg trasé vil mellom anna på grunn av ovennemnde årsaker kunne avvike frå den traséen som er lagt til grunn i plan for anlegg og drift.

Utanfor norskekysten vil traséen til røyrleidningen følgje Norskerenna før den stig opp på grunt vatn på dansk sektor. Vassdjupet langs traséen på dansk og tysk sektor varierer i hovudsak mellom 30 og 50 meter før landfallet i Tyskland.

Røyrleidningen vil krysse område med trålfiske både på norsk. dansk og tysk sektor. Sjøbotnen langs traséen er generelt jamn. og talet på frie spenn som vil oppstå under legginga er avgrensa. Ved planlegging av røyrleidningen er det lagt til grunn at han skal kunne overtrålast på ein sikker måte både for fiskereiskap og for røyrleidningen. Røyrleidningen er ikkje planlagt dekt til. med unntak av område nær landfall.

Røyrleidningen sin totale lengde frå Kårstø til mottaksanlegget i Tyskland er 653 km ved ilandføring på Vestre Bokn.

3.4.3 Landfall og landanlegg i Tyskland

Det er alt lagt til rette for ilandføring ved Dornumersiel ved at det i 1994 vart installert eit 15 km langt røyr ut frå land parallelt med Europipe I. Eit nytt landrøyr på 5 km vil bli installert mellom utløpet på den eksisterande landfallstunnellen og mottaksterminalen i Dornum.

Leveringskonseptet i Emdenområdet er under vurdering. Basisalternativet er å levere gass transportert i Europipe II i Dornum. Alternativt vurderast det å levere gassen i Emden. Ein kombinasjon av desse er også mogleg. Det vil vere nødvendig å foreta modifikasjonar på landanlegg i Tyskland uavhengig av kva for løysning ein vel.

3.5 Prosjektplanar og kostnader

Ein overordna prosjektplan for ein ny røyrleidning til Tyskland er vist i figur 3.3.

Figur 3.3 Prosjektplan for ein ny røyrleidning til Tyskland

Figur 3.3 Prosjektplan for ein ny røyrleidning til Tyskland

Ut frå forretningsmessige tilhøve vurderer operatøren potensialet for å framskunde planlagt ferdigstilling med opp til eit år. Eit vedtak om dette vil ikkje kunne bli tatt før i 1997.

Anslaget for dei totale investeringskostnadene er fordelt som i tabell 3.1.

Tabell 3.1 Investeringskostnader (mill. 1996-kroner)

KostnadselementerKostnad
Modifikasjonar på Draupnerplattformane50
Kompresjon og måling på Kårstø311
Røyrleidning til havs5 403
Landfall i Noreg310
Røyrleidningar på land og modifikasjonar på land i Tyskland723
Sum6 797

1 Denne kostnadskomponenten aukar til 1 517 mill. kroner med levering i Emden, jf. pkt. 3.4.3.

Investeringane omfattar modifikasjonar på Kårstø, røyrleidning og modifikasjonar på terminalen i Dornum. Tidsprofilen for investeringane er vist i figur 3.4, basert på røyrlegging i ein leggesesong.

Figur 3.4 Investeringsprofil for ein ny røyrleidning til Tyskland (mill. 1996-kroner)

Figur 3.4 Investeringsprofil for ein ny røyrleidning til Tyskland (mill. 1996-kroner)

I tillegg er planleggingskostnader fram til oppstart vurdert til 62 mill. kroner. Kostnader knytt til driftsførebuing er vurdert til 231 mill. kroner. Etter oppstart er driftskostnadene vurdert til 91 mill. kroner per år.

3.6 Eigarskap. konsesjonstid og operatørskap

3.6.1 Eigaravtalen

Europipe II er avtalt inkludert i ein avtale om samordning av eigarinteressene i eksisterande og planlagte røyrleidningar for gass frå kontinentalsokkelen (GasLed). Avtalen vart overlevert departementet for godkjenning i oktober 1995. I avtalen blir det foreslått at eigarinteressene i Zeepipe/Europipe. NorFra. tørrgassdelen av Statpipe. samt dei nye prosjekta Ekofisk omløp og Europipe II samordnast frå 1998. Avtalen er til vurdering i departementet.

Det er etablert ei eigargruppe for Europipe II. Ti selskap har nominert eigarpartar. Nominasjonen er vist i tabell 3.2. Statoil har ikkje nominert fordi selskapet ved ein eventuell fusjon likevel vil oppnå ein tilstrekkeleg eigarpart.

Tabell 3.2 Nominerte eigarpartar i Europipe II

Statoilinga nominering
Norsk Hydro8,00 %
Saga18,00 %
Esso13,00 %
Mobil2,00 %
Total10,00 %
Elf0,01 %
Agip4,00 %
Shell2,00 %
Neste6,20 %
Conoco4,50 %
Sum nominering67,71 %

3.6.2 Departementet si vurdering

Basert på departementet si noverande vurdering av eigarfordelinga for gassen som skal transporterast, blir det foreslått at Staten sitt direkte økonomiske engasjement har ein opphavleg eigarpart på 60 pst. i den nye eigargruppa. Den samla selskapseigarparten blir dermed 40 pst. Fordelinga mellom selskapa vil bli gjort i samband med godkjenning av eigaravtalen. Departementet planlegg å godkjenne eigaravtalen før årsskiftet.

Dersom Europipe II førast vidare som eiga eigargruppe vil eigarpartane måtte justerast slik at dei betre reflekterer andelane av gassen som vert transportert i Europipe II isolert sett. Det er etablert mekanismar for dette. Dersom departementet godkjenner GasLed-avtalane og Europipe II blir inkludert, kan det òg oppstå behov for å justere eigarpartane, men da for å få best mogleg samsvar mellom eigarskap i GasLed og den gass som transporterast i GasLed. Det eksisterer òg mekanismer for justering av eigarpartar før røyrleidningen blir sett i drift.

For å styrke desse mekanismane tek departementet sikte på å sette som vilkår for deltaking i Europipe II at departementet eventuelt kan justere eigarinteressene, begrensa oppad til dei nominerte eigarpartane.

Departementet har elles ingen merknader til den foreslåtte organiseringa av prosjektet. Organiseringa bind ikkje opp departementet i høve til den pågåande vurderinga av forslaget om samordning av røyrleidningane.

3.6.3 Konsesjonstid

Selskapa har i samsvar med GasLed-avtalane søkt om ei konsesjonstid til 30. september 2029. Departementet foreslår at den nye eigargruppa for ein røyrleidning til Tyskland vert gjeve konsesjonstid til 31. desember 2020. Dette er den same konsesjonstida som er gitt for NorFra. Konsesjonstida vil bli vurdert på ny når GasLed-avtalane skal vurderast.

3.6.4 Operatørskap

I avtalane som er forhandla fram mellom deltakarane er det føresett at Statoil er operatør. Departementet sluttar seg til at Statoil vil vere operatør i anleggsfasa. Ein vil gjennom dette også kunne oppnå samordningsvinstar med andre røyrleidningsprosjekt. Departementet vil på eit seinare tidspunkt ta stilling til operatørskap for røyrleidningen i driftsfasen.

3.6.5 Vederlagsfri overføring av statleg eigedom

I samband med tilknyting av Europipe II til eksisterande gassanlegg på Kårstø og i Tyskland kan det vere aktuelt å overføre eigarskap til investeringar frå Europipe II til andre eigargruppar, til dømes Statpipe og Zeepipe. Det er ennå ikkje forhandla fram noko avtale som regulerer dette. Departementet vil ta stilling til eventuell vederlagsfri overføring av statleg eigedom når slike avtalar foreligg.

Departementet tek sikte på å handsame avtalane i samsvar med etablert praksis. Stortinget vil bli orientert om dette i den samla orienteringa om vederlagsfri overføring av statleg eigedom for 1997.

3.7 Styresmaktsforhold

I tillegg til løyve for legging av røyrleidning på land i Noreg, på norsk og tysk kontinentalsokkel og på land i Tyskland kan også danske styresmakter sette vilkår for kryssing av dansk kontinentalsokkel.

Det er tidlegare inngått ein traktat mellom tyske og norske styresmakter som regulerer skattemessige og statsrettslege tilhøve mellom dei to land knytt til Europipe I, og krav knytt til anlegg og drift av røyrleidningen, jf. St.prp. nr. 60 for 1992-93. Tilpassing av traktaten vil bli avklara med tyske styresmakter.

3.8 Tryggleiksvurdering

Kommunal- og arbeidsdepartementet har innhenta kommentarar til plan for anlegg og drift frå Oljedirektoratet og Direktoratet for brann- og eksplosjonsvern. Oljedirektoratet tilrår at det vert gjeve løyve til anlegg og drift ut frå ei tryggleiks- og arbeidsmiljømessig vurdering. Kommunal- og arbeidsdepartementet sluttar seg til Oljedirektoratet sine vurderingar og finn at operatøren si plan for anlegg og drift av ein ny røyrleidning for gass til Tyskland kan gjennomførast innanfor forsvarlege arbeidsmiljø- og sikringsmessige rammer, såframt Oljedirektoratet sine merknader blir følgde.

3.9 Konsekvensutgreiingar

Konsekvensutgreiingane er utarbeidd for å tilfredsstille krava både i petroleumsregelverket og i plan- og bygningslova.

Melding med forslag til utgreiingsprogram for Europipe II vart av departementet sendt på høyring til aktuelle instansar. Med utgangspunkt i programmet for konsekvensutgreiingar og høyringsorgana sine merknader har departementet godkjent programmet. Merknadene vart oversendt operatøren og merknadene frå høyringa er kommentert og handsama i konsekvensutgreiinga.

Det er i samsvar med utgreiingsprogrammet utført studiar som dekkjer både miljø-, naturressurs- og samfunnsmessige tilhøve. Konsekvensutgreiinga er utarbeidd på grunnlag av desse studiane, material frå tidlegare utførde konsekvensutgreiingar og studiar som omhandlar legging av gassrøyrleidningar.

Utbyggingsalternativ

Frå Kårstø vurderast tre ulike traséalternativ som vist i figur 3.5. Basisalternativet er å la røyrleidningen gå ut via Vestre Bokn (Vestre Bokn alternativet) med landfall ved Trosnavågen. For dette alternativet er det også gjort vurderingar for eit eventuelt landfall ved Klepphaugen lengst sørvest på Vestre Bokn. Operatøren baserar nå sin plan for Vestre Bokn-alternativet på å gå utanom Ognøy. I tillegg vurderast eit traséalternativ via Karmøy med landfall på Kalstø (Kalstø-alternativet), som i hovudsak følgjer dei eksisterande Statpipe og Sleipner kondensat røyrleidningane, og eit traséalternativ der røyrleidningen vert lagd i tunnel via Haugsneset og vidare ut i Boknafjorden (Kårstø-alternativet).

Figur 3.5 Traséalternativ ved landfall i Noreg.

Figur 3.5 Traséalternativ ved landfall i Noreg.

Det er gjennomført tekniske og økonomiske vurderingar og konsekvensvurderingar for alle tre alternativa. Konklusjonen er at alternativet via Vestre Bokn er det teknisk-økonomisk mest gunstige.

Kårstø-alternativet vil innebere røyrlegging på djup ned til 580 m. Det inneber store tekniske utfordringar med legging på større djup. Europipe II via Kalstø parallelt med Åsgard sin røyrleidning inn til Kårstø førar til at det vil bli installert yttarlegare to røyrleidningar i dei eksisterande tunnelane, noko som både teknisk og tryggleiksmessig vil vere utfordrande. Meirkostnadene for Europipe II ved val av Kalstø-alternativet vil vere om lag 300 mill. kroner og ved val av Kårstø-alternativet om lag 400 mill. kroner, samanstilt med Vestre Bokn-alternativet.

Utslepp til luft

Utslepp til luft vil finne stad som følgje av forbrenning av drivstoff på farty i samband med bygging og ved klargjering av røyrleidningen. Forbruket av drivstoff er rekna ut til 20 000-30 000 tonn, og dette vil kunne gi eit samla utslepp av NOx på om lag 2 000 tonn i løpet av byggeperioda. Utslepp til luft ved transport av gassen er nærare skildra i konsekvensutgreiinga som vart utarbeidd for Åsgard Transport sitt gassanlegg på Kollsnes/Kårstø og tilhøyrande røyrleidningar på land. Utslepp til luft som følgje av utbygging og drift av Åsgardfeltet, gassanlegg på Kårstø og Europipe II ligg inne i dei nasjonale prognosane for utslepp til luft.

Utslepp til sjø

Det vil bli utslepp av vatn som inneheld kjemikaliar i samband med klargjering av røyrleidningane, enten ved landfall i Norge, ved landfall i Tyskland eller til havs. Dersom ein vel eit konsept for klargjering som gir utslepp ved landfall i Noreg, vil utslepp for hovudalternativet primært skje ved Vestre Bokn. Før dei to andre alternativa kan utslepp kome ved Kalstø eller ved Kårstø avhengig av traséalternativ. Resultata frå omfattande undersøkingar i felt og i laboratorium syner at eit utslepp av røyrleidningsvatn med restar av biocid (glutaraldehyd) har ein svært avgrensa og kortvarig effekt på økosystemet. Det har funne stad ein stadig reduksjon i kjemikaliebruken ved klargjering. Straum- og resipienttilhøve reknast som gode på alle dei aktuelle utsleppsplassane, og ingen vesentlege effektar vert forventa, uavhengig av kva for traséalternativ ein vel.

Anleggsstøy

For Vestre Bokn alternativa via Vestre Bokn er det vurdert at 37 bustadar i byggeperioden kan bli påverka av støy over grenseverdiane for anleggsdrift på dag- og kveldstid for alternativet med landfall ved Trosnavågen. For Vestre Bokn alternativet med landfall ved Klepphaugen vil 59 bustadar kunne bli påverka av støy over grenseverdiane. For Kalstø-alternativet vil 21 bustadar i Tysvær, 14 bustadar på vestre del av Karmøy og ein del bustadar i eksisterande og nyleg regulerte bustadfelt ved Snurrevarden kunne bli utsett for støy over grenseverdiane for anleggsdrift på dag- og kveldstid. For Kårstø-alternativet meiner ein at ingen bustadar vil bli støyramma i særleg grad. Anleggstrafikken blir ikkje vurdert å føre til støy over grenseverdiane for nokon av alternativa.

Landskap

Ognøy er blant dei 14 høgast prioriterte områda med kulturlandskap i Rogaland. Vestre Bokn-alternativet vil påverke Ognøy, slik det opprinneleg var fremstilt i plan for anlegg og drift. Området representerer eit lynghei-landskap i god hevd, med samanheng frå sjø gjennom innmark og til hei. Dersom ingen avbøtande tiltak vert sette i verk, vil konsekvensane av tiltaket sannsynlegvis bli eit endra landskap som vil synast godt langs delar av traséen. Dette gjeld òg for Austre Bokn og delvis for ein eventuell trasé over Klepphaugen sør på Vestre Bokn. Samla sett er det konkludert med at traséalternativet over Bokn vil kunne få ein stor negativ konsekvens for landskapet dersom ein ikkje sørgjer for reetablering av lyngheia, spesielt på Ognøy. Operatøren har nå som sitt hovudalternativ å gå utanom Ognøy og Ognakalven, slik at desse viktige miljømessige områda blir sparde.

Kalstø-alternativet inneber at røyrleidningen vil følgje eksisterande gassrøyrtrasé gjennom Tysvær og austlege del av Karmøy. Leidningen vil ikkje gå gjennom landskap eller kulturlandskap som er vurdert verneverdige i regional eller nasjonal samanheng. Samla sett vurderast den landskapsmessige konsekvensen for anleggs- og driftsfasen som middels negativ vest for fylkesveg 850 der traséen vil vere ny i høve til eksisterande røyrtrasé, og som lite negativ eller utan konsekvens aust for fylkesveg 850.

Kårstø-alternativet vil ikkje ha landskapsmessige konsekvensar, i og med at røyrleidningen der vil gå i tunnel.

Naturmiljø

Det hekkar fleire arter rovfugl i dei områda som kan bli påverka av anleggsarbeidet i samband med gassrøyrleidningen. Vestre Bokn alternativet med landfall ved Klepphaugen vil tangere yttergrensene av eit regionalt viktig område for sjøfugl. Dersom anleggsarbeidet vert utført utanfor hekketid, vil inngrepet berre ha temporær verknad og ha liten negativ konsekvens for vilt og naturmiljø. I driftsfasen vurderast traséen ikkje å ha nokon konsekvens for vilt og naturmiljø.

Kalstø-alternativet vil påverke Hindomyra nær Kalstø, som er av regional interesse i botanisk samanheng, og nokre hekkeområde for rovfugl. Samla sett vurderast traséalternativet å kunne ha stor negativ konsekvens for naturmiljø i anleggsfasen dersom anleggsarbeidet finn stad i perioden mars-mai i nærleiken av viktige områder for rovfugl, men det vil elles ha liten negativ konsekvens.

Kårstø-alternativet vil ikkje få verknad for naturmiljø på land, i og med at røyrleidningen der vil gå i tunnel, og det ikkje vil bli inngrep på overflata.

Kulturminne

For Vestre Bokn alternativa vil røyrleidningen kunne kome i konflikt med fleire registrerte fornminne. Dette gjeld særleg på Ognøy der den opprinnelege traséen i plan for anlegg og drift mellom anna vil påverke ein omlag 10 000 år gamal steinalderbusetnad. Ognøy er nå ikkje hovudalternativ for traséen. Også på Vestre Bokn vil traséane påverke fornminne. Traséalternativet med landfall ved Klepphaugen går gjennom eit område med fornminne med gravrøyser, rydningsrøyser og gardfar frå jernalderen og eit område med hustufter frå mellomalderen. Det understrekast at det ikkje er gjennomført tilstrekkelege registreringar langs dei aktuelle traséane, og at det kan vere ytterlegare fornminneførekomstar langs traséane. Kalstø-alternativet følgjer i stor grad den eksisterande røyrleidningstraséen, og det er ikkje registrert kjende fornminne langs denne traséen. Heller ikkje her er det gjennomført tilstrekkelege registreringar, og fornminneførekomstar kan derfor ikkje utelukkast. Kårstø-alternativet vil ikkje komme i konflikt med kulturminne.

Friluftsliv

Begge traséalternativa via Vestre Bokn og via Kalstø vil gå gjennom område som nyttast til friluftsformål. Anleggsverksemda vil kunne verke negativt for friluftslivet. Inngrepet vurderast samla likevel ikkje å ha nokon vesentleg konsekvens for friluftslivet, og i driftsperioden vil det kunne bli ein positiv effekt ved at anleggsvegane vil kunne nyttast til turgåing. For Kårstø-alternativet vil det ikkje bli nokon konsekvensar for friluftslivet.

Landbruk

Basisalternativet via Vestre Bokn med landfall ved Trosnavågen vil påverke om lag 80 da dyrka mark og gjødsla beite, 25 da skog må hoggast og 9 da skog vil måtte gå ut av produksjon. Tala vil vere omtrent dei same for eit alternativ over Vestre Bokn med landfall heilt sørvest på øya. For Kalstø-alternativet vil 11 da dyrka mark bli påverka ved bygging av Åsgard Transport aleine, og dersom Europipe II kjem i tillegg, vil ytterlegare 12 da dyrka mark bli påverka p.g.a. auka trasébreidde. Om lag 35 da skog må hoggast av omsyn til Åsgard Transport, og Europipe II vil gi eit tillegg på 5 da som må hoggast. Høvesvis 10 og 11 da skog vil gå ut av produksjon ved bygging av Åsgard transport aleine og Åsgard Transport saman med Europipe II. Både for alternativet via Vestre Bokn og for Kalstø-alternativet er det konkludert med at dei landbruksmessige konsekvensane ved bygging av Europipe II blir små eller svakt positive. Kårstø-alternativet vil ikkje påverke landbruksinteresser.

Arealressursar - reguleringsmessige konsekvensar

Ingen vesentlege konfliktar i tilhøve til andre arealbruksinteresser er identifisert for dei ulike traséalternativa frå Kårstø. Regulering/omregulering i høve til plan- og bygningslova vil vere nødvendig for både alternativet via Vestre Bokn og via Kalstø.

Fiskeri

Ein røyrleidning via Vestre Bokn vil innebere røyrlegging gjennom reketrålfeltet i Karmsundet og vest for Kvitsøy. Anleggsarbeidene er planlagt å vare i ei kort periode, og det vil berre ha mindre verknader for reketråling. I Nordsjøen er det gjennomført forsøk som viser at overtråling av røyrleidninger normalt ikkje er noko vesentleg problem. På grunn av at røyrleidningen vil bli liggjande parallellt med trålretninga for reketrålarane, at det er små trålfarty som opererer i området og at farvatnet er trongt med avgrensa høve til å manøvrere i Karmsundet, kan det tenkjast at det kan innebere vanskar å krysse røyrleidningen med trål. Operatøren har i konsekvensutgreiinga derfor sagt seg førebudd på at røyrleidningen skal kunne grøftast ned i botnen i Karmsundet og sørover mot Kvitsøy, og eventuelt å rydda langsetter traséen etter at leggjearbeidet er gjennomført. Dersom desse tiltaka vert gjennomført er det vurdert at røyrleidningen ikkje vil føre med seg problem for reketrålfisket i området.

Ved Kalstø-alternativet vil botntilhøva og storleiken på reketrålutstyret ikkje føre med seg ein tilsvarande risiko for fastkøyring som i Karmsundet og ved Kvitsøy. Røyrleidningen vurderast ikkje å gi særlege operasjonelle ulemper for større reketrålarar som også trålar lengre til havs. Delar av Skudefeltet kan mellombels også nyttast av mindre reketrålarar.

Kårstø-alternativet vurderast i mindre grad enn traséalternativa via Vestre Bokn og Kalstø å kome i konflikt med rekefiskarane.

Ved kryssinga av Vestbanken vil leggjearbeidet innebere ein sterkt tidsavgrensa aktivitet innanfor dei enkelte trålfelta, og derfor samla sett føre til små ulemper både for norsk og utanlandsk fiske. På grunn av at tobisfisket på Vestbanken foregår langs med smale korridorar, der høve til å manøvrere er avgrensa, kan det tenkjas at ein røyrleidning vil kunne føre med seg ulemper i driftsfasa. Dersom røyrleidningen blir heilt eller delvis grøfta der den krysser dei mest brukte tråltrekkja er det ikkje venta at det vil bli operasjonelle ulemper.

Operatøren har lagt opp til å nytte leggjefarty med dynamisk posisjonering. Det inneber at det ikkje vil bli ankermerker som følgje av røyrlegginga. Dette vil redusere moglege ulemper for fisket både i reketrålfeltet i Karmsundet og vest for Kvitsøy, og ellers langs traséen.

Lokale fiskeressursar og oppdrett

Dersom traséalternativet via Vestre Bokn med landfall ved Trosnavågen blir valt, ventast utbygginga av Europipe II ikkje å gi merkbare ulemper for lokale fiskeressursar eller oppdrettsverksemd. Det er til nå usikkert kvar det vil vere aktuelt med sprengingsarbeid dersom ein vel alternativet med landfall lengst sør på Vestre Bokn. Tre oppdrettsanlegg ligg innanfor ein radius på omlag 3 km frå sørspissen av øya. For Kalstø- og Kårstø-alternativa ventast ikkje merkbare ulemper for lokale fiskeressursar eller oppdrettsverksemda som følgje av sprengingsarbeid.

Skipstrafikk

Det ventast ikkje at det vil bli vesentlege hindringar for skipstrafikken som følgje av leggearbeidet for nokon av traséalternativa ut frå Kårstø.

3.10 Høyringsorgana sine merknader til konsekvensutgreiingane og departementet sine vurderingar

Den nye røyrleidningen vil gå gjennom fiskeriintensive område nær den norske kysten og i Nordsjøen. Det har derfor vore lagt vekt på å avklare eventuelle skadeverknader for fiskerinæringa både i anleggsperioden og etter oppstart. Vidare er det lagt vekt på å sikre god kontakt mellom fiskeristyresmaktene og operatøren under planlegginga av traséval og legging av røyrleidningen.

Fiskeridepartementetaksepterer eit traséval basert på alternativet over Bokn. Fiskeridepartementet har gitt merknader til konsekvensutgreiinga knytt til rekefisket i Karmsundet, tobisfisket på Vestbanken (også kalla Egersundbanken), ankermerke etter leggefartøy, grusfyllingar, konsekvensar for oppdrettsanlegg og omsyn til gytande fisk.

Nærings- og energidepartementet legg på bakgrunn av Fiskeridepartementet sine merknader til grunn at ein vil stille følgjande vilkår:

  1. 1.

    På grunn av dei spesielle tilhøva knytt til reketrålfisket i Karmsundet, der ein trålar parallelt med røyrleidningstraséen og har lite manøvreringspotensial, skal røyrleidningen leggast i attfylt grøft frå landfallet på Vestre Bokn og sørover mot Kvitsøy i ein lengde på om lag 10 km., med mindre naturleg innsynking eller andre forhold gjer at det ikkje er nødvendig. Etter legging skal operatøren gjennomføre ein inspeksjon av traséen der Fiskeridirektoratet skal ha høve til å delta. Operatøren skal i samarbeid med Fiskeridirektoratet gjennomføre ei nærare vurdering av om ytterlegare etterplanering/opprydding og eventuelt andre avbøtande tiltak skal gjennomførast.

    Tilsvarande inspeksjon og vurdering gjennomførast etter legging også for strekninga vidare sørover mot 59o N. Nærings- og energidepartementet avgjer etter samtalar med Fiskeridepartementet på dette grunnlag om det skal gjennomførast grøfting, tilbakefylling, etterplanering/opprydding eller andre avbøtande tiltak for å unngå at røyrleidningen er til urimeleg hinder for rekefisket i området.

    På tobisfeltene på Vestbanken skal operatøren gjennomføre inspeksjon etter røyrlegging der Fiskeridirektoratet skal ha høve til å delta. Operatøren skal i samarbeid med Fiskeridirektoratet vurdere om røyrleidningen vil føre til meirkostnader for utøving av fiske i området og om det bør gjennomførast nedgrøfting av røyrleidningen i området. Nærings- og energidepartementet avgjer etter samtalar med Fiskeridepartementet på denne bakgrunn i kva grad det eventuelt skal gjennomførast nedgrøfting av røyrleidningen.

  2. 2.

    Dersom ankerposisjonert leggefartøy vert nytta, skal det kort tid etter røyrlegging gjennomførast ein undersøking langs traséen og ankergropene langs røyrleidningen med sikte på å registrere eventuelle hindringar for fisket. Dette vil bli spesifisert seinare etter nærare samtalar mellom Fiskeridirektoratet og operatøren. Nærings- og energidepartementet kan kome tilbake med krav om gjennomføring av tiltak for å planere ankermerke som eventuelt vil vere til urimeleg hinder for trålfisket i dei fiskeriintensive områda.

  3. 3.

    Operatøren må i størst mogeleg grad legge vekt på å unngå røyrleggingssarbeid i dei mest fiskeriintensive periodane i reketrålfeltet i Karmsundet og vest for Kvitsøy. I dei andre områda må operatøren arbeide for at det oppstår minst mogeleg negative konsekvensar for fiskeriverksemda. I samband med dette skal det leggast opp til ein tett dialog med fiskeristyresmaktene før røyrleggingsarbeidet vert starta opp. Fiskeria vil få kompensert for skadar og tap som måtte oppstå som følgje av røyrleggingssarbeidet.

  4. 4.

    I den vidare detaljprosjekteringa skal plassering og utforming av eventuelle grusfyllingar planleggast i dialog med fiskeristyresmaktene. Fiskeristyresmaktene skal ha høve til å sende observatørar ved eventuell grusfylling. Kostnader knytt til dette vert betalt av operatøren.

Det er i konsekvensutgreiinga gjort greie for førebyggande og avbøtande tiltak for å sikre at oppdrettsanlegg ikkje påførast skade eller tap som følgje av anleggsarbeidet. Dette inneber mellom anna at operatøren skal ta dei alminnelege forholdsreglar dersom det ligg oppdrettsanlegg langs traséen, mellom anna legge opp til ein dialog med oppdrettarar før eventuell sprenging vert gjennomført. Mellombels flytting av utsette anlegg må vurderast dersom det er fare for skade på fisk på grunn av sprengingsarbeidet. Kostnader knytt til dette dekkjast av operatøren.

Det er i konsekvensutgreiinga gjort greie for kva regelverk og løyve operatøren må forhalde seg til og innhente for å kunne legge røyrleidningen. Dette inneber at operatøren må søkje Fiskeridepartementet om løyve etter havne- og farvatnslova for å leggje røyrleidningen i sjøen. Vidare vil alle tiltak som kan føre til mellom anna innskrenking av farvatn til hinder for ferdsel, kreve løyve av Fiskeridepartementet, jf. § 6 tredje ledd i havne- og farvatnsloven. Det må også hentast inn samtykke til bruk av farvatnet etter forskrift av 2. juni 1992 nr. 426.

Med omsyn til merknaden om utslepp til vatn ved oppstart viser ein til kommentarar under merknadene fra Miljøverndepartementet og Statens forureiningstilsyn.

Samferdselsdepartementetføreset at utbyggjar dekkjer alle kostnader til tiltak på vegnettet som følgje av Europipe II, mellom anna detaljløysing for kryssing av riksveg 1 og anna vegnett. Desse forholda er føresett avklart tidleg i prosessen og nedfelt i ein eigen avtale.

Nærings- og energidepartementet vil til høyringsmerknadane frå Samferdselsdepartementet vise til det som er sagt i konsekvensutgreiinga under avbøtande tiltak. Operatøren er innstilt på at dersom anleggstrafikken fører til skadar utanom vanleg slitasje på dei fylkesvegane og eventuelle kommunale vegar som nyttast, vil desse skadene bli utbetra. Tiltak som elles måtte vere nødvendige for gjennomføring av anleggsarbeidet, vil bli drøfta med vegstyresmaktene og kommunen.

Miljøverndepartementet meiner at alternativet over Bokn synleggjer flest konfliktar i forhold til naturleg miljø og landskap. Det vert spurt etter utdjuping av enkelte forhold ut over det som står i konsekvensutgreiinga, mellom anna utslepp til vatn ved klargjering, utslepp til luft ved transport av gassen, konsekvensar for marint naturmiljø og marinarkeologiske førekomstar, energieffektivitet og disponering av røyrleidningen etter driftsavslutning. Miljøverndepartementet tilrår vidare reduksjon av utslepp av NOx frå skip som blir nytta i arbeidet.

Nærings- og energidepartementet vil til høyringsmerknaden frå Miljøverndepartementet vise til at operatøren nå i hovudalternativet legg opp til å endre traséen over Bokn slik at den vil gå utanom Ognøy. Dette vil i vesentleg grad redusere konfliktene i høve til landskapsvern-, naturvern- og kulturminne-interessene. Alternativet med landfall ved Klepphaugen lengst sør på Bokn vurderast som uaktuelt.

Det vil bli gjennomført miljømessige vurderingar som vil inngå som ein del av vurderingsgrunnlaget for val av klargjeringskonsept. Ein vurderer å bruke lut som erstatning for biocid som groingshindrande middel. Utsleppet vil skje på minimum 10 m djup. Nærare detaljar vil bli lagt fram i samband med søknad om utsleppsløyve, jf. merknaden frå Statens forureiningstilsyn.

Røyrdimensjon og design elles vil gi høg energieffektivitet. Utslepp til luft ved transport av gassen er ikkje nærare omtala i konsekvensutgreiinga for Europipe II i og med at temaet var dekt i den konsekvensutgreiinga som vart utarbeidd for Åsgard Transport - gassanlegg på Kollsnes/Kårstø og tilhøyrande landrøyrleidningar. Utslepp til luft som følgje av utbygging og drift av Åsgardfeltet, gassanlegg på Kårstø og Europipe II ligg inne i dei nasjonale prognosane for utslepp til luft.

Med omsyn til konsekvensar for marint naturmiljø, så er dette ikkje nærare omtala ut over det som er knytt til gyteområde for fisk. Bakgrunnen for dette er at departementet meiner legging av røyrleidningar av denne type på havbotnen har uvesentlege konsekvensar for det marine naturmiljøet i og med at røyrleidningen i hovudsak vil bli lagt oppå sjøbotnen. For Europipe II vil det heller ikkje bli ankermerke og påverking av botnen av ankerkjettingar, i og med at farty med dynamisk posisjonering vil bli nytta. Erfaringar frå landfallsområde på kontinentet, der det av stabilitetsomsyn er nødvendig med omfattande mudring i samband med røyrlegging, tilseier at konsekvensane for det marine naturmiljøet sjølv med relativt omfattande mudringsarbeid er avgrensa og temporært. Samstundes har ein ei rask regenerasjonstid. Av desse grunnar vart temaet ikkje foreslått nærare utgreidd i meldinga med utgreiingsprogrammet, og det kom heller ingen merknader til meldinga på dette punktet under høyringa.

Med omsyn til marinarkeologiske førekomstar, har operatøren vist trasékart for Sjøfartsmuseet i Stavanger og fått stadfesta at det ikkje er kartlagte marinarkeologiske førekomstar langs dei aktuelle traséane. Operatøren er kjent med at eventuelle funn under røyrlegging kan innebere at arbeidet må stansast.

Disponering var ikkje foreslått utreidd i meldinga med framlegget til utgreiingsprogram. Det kom ingen merknader til dette. Fjerning vil vere teknisk mogeleg, men fordi denne problemstillinga ligg så langt fram i tid, har ein ikkje vurdert det som førmålstenleg å gå detaljert inn på spørsmål om disponering av røyrleidningen etter driftsopphøyr i denne omgang.

Når det gjeld utslepp av NOx frå farty, visest det til det som er sagt under avbøtande tiltak under utslepp til luft i konsekvensutgreiinga. Operatøren er kjent med at det finst potensial for visse reduksjonar mellom anna knytt til justering og vedlikehald av motorar. Han er innstilt på å følgje temaet opp ovanfor kontraktørane, men ser det som vanskeleg på nåverande tidspunkt å stille absolutte krav på dette punktet.

Kommunal- og arbeidsdepartementet har vist konsekvensutgreiinga for Oljedirektoratet og Direktoratet for brann- og eksplosjonsvern (DBE) og syner til at DBE har uttrykt skepsis til bruk av eksisterande tunnelar for ilandføring av gass frå Åsgard.

Nærings- og energidepartementet vil til høyringsmerknaden frå KAD merke at den skepsisen DBE har gitt uttrykk for gjeld for Kalstø-alternativet. Val av Bokn-alternativet vil truleg ikkje vere noko problem i høve til dei interesser DBE ivaretar. Det er etablert dialog mellom operatøren og DBE om nødvendige søknader.

Sosial- og helsedepartementet har vist saka for Statens helsetilsyn og Statens institutt for folkehelse, og peikar på at det må takast tilbørleg omsyn for å unngå forureining av kjelder for drikkevatn på Bokn. Det må vidare opprettast kontakt med lokale helsestyresmakter.

Nærings- og energidepartementet vil til høyringsmerknaden frå Sosial- og helsedepartementet merke at operatøren i detaljplanlegginga og under gjennomføringa av anleggsarbeidet vil ta omsyn til kjeldene for drikkevatn langs traséen. Dette vil bli gjort i samråd med Bokn kommune. Kontakt med dei lokale helsestyresmaktene vil bli etablert, slik det også er peika på i konsekvensutgreiinga.

Statens Forurensingstilsyn(SFT) etterlyser utdjuping med omsyn til konsekvensar av utslepp til sjø, men viser til konsesjonshandsaminga for utsleppa. Vidare vert det etterlyst utdjuping når det gjeld utslepp til luft ved transport av gass, utslepp til sjø ved klargjering og disponering etter driftsavslutning.

Nærings- og energidepartementet vil til høyringsmerknaden frå SFT vise til kommentarane til merknaden frå Miljøverndepartementet. Mot utslepp til sjø ved klargjering av røyrleidningen kan det også visast til erfaringane frå tidlegare røyrleidningsprosjekt og den dialog det har vore med SFT i den samanhengen. Detaljer knytt til klargjering av røyrleidningen vil bli lagt fram i samband med utsleppssøknaden slik SFT ber om.

Riksantikvaren peikar på at traséen over Bokn går gjennom et område med fleire automatisk freda kulturminne med potensiale for ytterlegare funn. Riksantikvaren fraråder derfor dette alternativet. Det vert vidare peika på at konsekvensutgreiinga manglar informasjon om marine kulturminne og nyare tids kulturminne.

Nærings- og energidepartementet vil til høyringsmerknaden frå Riksantikvaren vise til kommentarane til merknaden frå Miljøverndepartementet. Kulturminneinteressene knytt til Bokn-alternativet er i vesentleg grad knyta til Ognøy. Sidan operatøren nå går inn for å legge traséen utanom Ognøy, vil innvendingane frå Riksantikvaren i vesentleg grad vere tatt omsyn til. Det er elles sett i gang nærare arkeologiske registreringar som førebuing til reguleringssaka på Bokn, og eventuelt som grunnlag for søknad om frigiving av moglege automatisk freda kulturminne. Registreringane utførast av Kulturminneavdelinga i Rogaland fylkeskommune. Endeleg rapport frå registreringane ligg ikkje føre ennå, men registreringsarbeidet synest ikkje å ha avdekt vesentlege nye fornminne langs traséen. Det er registrert ein fornminneførekomst nær landfall ved Trosnavag.

Omsynet til nyare tids kulturminne vil bli tatt vare på gjennom reguleringsplanlegginga, og dei tiltak som vil bli gjennomført for å restaurere landskapet etter røyrlegging, mellom anna reetablering av vegetasjon og restaurering av steingjerde.

Fylkesmannen i Rogaland uttaler at basis-traséen over Bokn ut frå miljøomsyn er den minst ønskjelege, og at ein alternativ trasé i sjø ut frå Haugsneset bør omtalast/vurderast. Vidare gir ein uttrykk for at konsekvensutgreiinga bør supplerast på enkelte punkt, mellom anna med omsyn til marint naturmiljø. Fylkesmannen fokuserer elles på støy i samband med anleggsarbeidet, reetablering av vegstasjon etter anleggsarbeid og uttalar at ein vil kunne kome med krav om fjerning av anleggsveg i samband med at reguleringsplanen eventuelt vert handsama.

Nærings- og energidepartementet vil til høyringsmerknaden frå Fylkesmannen i Rogaland vise til det som er sagt under kommentarane til Miljøverndepartementet sin merknad med omsyn til naturmiljø og landskap. Ved at hovudalternativet for trasé nå går utanom Ognøy, vil dei miljøomsyn Fylkesmannen framhevar i sin merknad i vesentleg grad vere tatt vare på.

Operatøren har tidlegare vurdert ulike traséalternativ frå Haugsneset (også nærare land enn den traséen som er presentert i konsekvensutgreiinga), men har konkludert med at botntilhøva m.a gjer det teknisk vanskeleg å gå ut frå Haugsneset. Med omsyn til supplering av konsekvensutgreiinga mellom anna om marint naturmiljø, visest det til kommentarane gitt til Miljøverndepartementet sin merknad.

Når det gjeld reetablering av vegetasjon langs traséen, så vil dette bli følgt opp i den vidare detaljplanlegginga. Ein tar sikte på få utarbeidd ein eigen plan med tanke på å minimalisere negative landskapsmessige effektar og gjennomføre reetablering av vegetasjonen. Det vil bli stilt krav til kontraktør når det gjeld gjennomføring av nødvendige tiltak med sikte på dette. Med omsyn til anleggsstøy visest til det som i konsekvensutgreiinga er skissert som avbøtande tiltak under dette punktet. Med omsyn til anleggsvegar vil desse etter anleggsperioden kunne nyttast til turgåing.

Rogaland Fylkeskommune går prinsipielt inn for at Kalstø-alternativet vert valt, då dette vil gjeve få nye naturinngrep, og fokuserer elles på reetablering av verdifulle lyngheier, minimalisering av skadeverknader på fiskeri og disponering av røyrleidningen etter bruk.

Nærings- og energidepartementet vil til høyringsmerknaden frå Rogaland fylkeskommune merke at sidan operatøren for Vestre-Bokn-alternativet nå baserer sin plan på å gå utanom Ognøy, trur ein dei miljøomsyn fylkeskommunen framhevar i sin merknad i vesentleg grad er ivaretatt. For dei andre punkta i merknaden frå fylkeskommunen visest det til kommentarane gitt ovanfor.

Karmøy kommunegår inn for Kalstø-alternativet og tilrår ikkje Vestre Bokn-alternativet av omsyn til fiskeriinteressene.

Nærings- og energidepartementet vil til høyringsmerknaden frå Karmøy kommune merke at med dei tiltaka som er skissert i konsekvensutgreiinga og dei kommentarane som er gitt til Fiskeridepartementet sin merknad, meiner ein at omsynet til fiskeriinteressene bør vere tilstrekkeleg tatt vare på.

Bokn kommune går inn for at Europipe II blir lagt over Bokn og framhevar den positive samfunnsmessige verknaden for kommunen. Samtidig framhevar kommunen at det må takast nødvendige omsyn til miljø, naturressursar og fiskeri.

Nærings- og energidepartementet vil til høyringsmerknaden frå Bokn kommune vise til det samarbeid som er etablert mellom operatøren og kommunen, mellom anna i tilknyting til reguleringssaka. Dei omsyn kommunen framhevar synest å vere godt tatt vare på. Jf. elles kommentarane ovanfor.

Tysvær kommunekan akseptere alle trasé-alternativa som er vurdert i konsekvensutgreiinga, men framhevar at det må takast nødvendig omsyn til miljø, naturressursar og fiskeri.

Nærings- og energidepartementet vil til høyringsmerknaden frå Tysvær kommune merke at i den grad område i Tysvær kommune blir berørt under utbygginga vil operatøren halde kontakt med kommunen i prosjektgjennomføringa. Jf. elles kommentarane ovanfor.

Kvitsøy kommunegår inn for at Vestre Bokn alternativet blir valt, og viser til at dette vil kunne gi skatteinntekter til kommunen. Ein framhevar elles at det må takast omsyn til fiskeriinteressene.

Nærings- og energidepartementet vil til høyringsmerknaden frå Kvitsøy kommune vise til kommentarane ovanfor.

Konklusjon

Det er ikkje identifisert spesifikke konsekvensar eller sum av konsekvensar som tilseier at nokon av dei vurderte traséalternativa for Europipe II ikkje skulle vere realiserbare. Ut frå ein teknisk, økonomisk og sikringsmessig vurdering er alternativet via Vestre Bokn med landfall ved Trosnavågen det beste alternativet. Samstundes er det klart at dette alternativet gir behov for å klargjere forhold knytt til fiskeri, landskap og kulturminne. Ved at operatøren sitt hovudalternativ for trasé nå går utanom Ognøy, og med dei avbøtande tiltak som er planlagt gjennomført, vurderast konsekvensane å ligge på eit akseptabelt nivå. Eit alternativt landfall lengst sørvest på Vestre Bokn synest å ha større negative konsekvensar for mellom anna landskap, naturmiljø og kulturminner enn landfall ved Trosnavågen.

I konsekvensutgreiinga er det fleire stader peikt på avbøtande tiltak som enten er vedtatt eller er under vurdering. Desse tiltaka vil bli løpande følgt opp av prosjektet i utbyggings- og driftsfasen. I tillegg vil det i det vidare planarbeidet bli prøvd identifisert nye avbøtande tiltak. Dette vil gå inn som ein del av miljøstyringssystemet til prosjektet.

Ulike oppfølgjande undersøkingar vil bli gjennomført. Desse vil mellom anna omfatte inspeksjon av røyrleidningstraséen etter legging for å avdekkje eventuelle hindringar for fisket som følgje av røyrlegging, og registreringar og eventuelt nærare undersøkingar av fornminne langs traséen. Det vil også bli vurdert å gjennomføre undersøkingar når det gjeld igjenvekster i traséen på land.

3.11 Konklusjonar, vilkår og budsjettmessige konsekvenser

Departementet gir si tilslutning til at ein ny røyrleidning for naturgass til Tyskland blir bygd i tråd med dei planar for anlegg og drift som rettshavarane har lagt fram, og med dei merknader som er kome fram i denne proposisjonen, jf. forslag til vedtak IV.

Kommunal- og arbeidsdepartementet vurderer at dei sikringsmessige forholda er tatt vare på i den framlagde planen for anlegg og drift.

Konsesjonstida vert sett til 31. desember 2020. Det vil mellom anna bli stilt følgjande vilkår for løyvet:

  • SDØE sin eigarpart vert sett til 60 pst. Departementet atterheld seg retten til å kunne justere SDØE sin eigarpart innan oppstart. Dette vil kunne vere aktuelt ved ein eventuell fusjon med andre røyrleidningar på kontinentalsokkelen.

  • Departementet vil på eit seinare tidspunkt ta stilling til operatørskap for røyrleidningen i driftsfasen.

  • Eventuelle endringar og presiseringar i plan for anlegg og drift skal leggast fram for departementet for godkjenning. Ein plan for framtidige tilknytingspunkt må leggast fram for godkjenning i god tid før design vert låst.

  • Avtalar om transport- og terminaltenester av einkvar art og tilknyting av nye felt til røyrleidningen skal godkjennast av departementet. Dersom forslag til tariffar eller anna vederlag for transport ikkje føreligg eller ikkje godkjennast, kan departementet fastsette tariffar eller anna vederlag og anna vilkår. Tillegg til, endring i, eller unntak frå slike avtalar skal godkjennast av departementet.

  • Dersom viktige ressursomsyn krev det kan departementet krevje at avtalane om transport- og terminaltenester blir reforhandla og lagt fram for ny handsaming av styresmaktane. Departementet kan fastsette tariffar eller anna vederlag og anna vilkår.

  • Tillegg til, endring i, eller unntak frå eigaravtalen skal leggast fram for departementet for godkjenning.

  • Ein søknad om val av leveringspunkt leggast fram for styresmaktene for godkjenning før design vert låst dersom leveringspunkt ikkje vert Dornum.

  • Røyrleidningen skal følgje traséalternativet i samsvar med plan for anlegg og drift med tilhøyrande konsekvensutgreiing og eventuelt seinare presiseringar i trasésøknaden frå operatøren. Departementet atterheld seg retten til å kunne gjere justeringar av traséen dersom dette er nødvendig ut frå ressursmessige, sikringsmessige eller andre forhold. Røyrleidningstraséen på dei aktuelle kyststatar sine kontinentalsoklar og territorium skal òg godkjennast av kompetente styresmakter.

Konsekvensane for løyvinga for SDØE i 1996 som følgje av anlegg og drift av ein ny røyrleidning for naturgass til Tyskland knyter seg til kapittel 2440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda.

Kapittel 2440, post 24 Driftsresultat, blir isolert sett foreslått redusert med 35 mill. kroner som følgje av at driftsutgiftene aukar med 35 millionar kroner. Kapittel 2440, post 30 Investeringar, vert isolert sett foreslått auka med 65 mill. kroner som følgje av investeringar i røyrleidningen.

Ovannemnde endringar gir ein reduksjon av staten sin samla kontantstraum frå petroleumsverksemda på 100 mill. kroner.

Det er tatt omsyn til konsekvensane av vedtaket om løyve for anlegg og drift av Europipe II i framlegget til endringar i løyvinga for SDØE i denne proposisjonen.