St.prp. nr. 15 (1996-97)

Om endringar av løyvingar på statsbudsjettet for 1996 og andre saker under Nærings- og energidepartementet

Til innholdsfortegnelse

4 Disponering av innretningane på Mimefeltet

4.1 Samandrag

Departementet legg med dette fram forslag om endeleg disponering av innretningane på Mimefeltet.

Mime er eit oljefelt med ei havbotninnretning på om lag 78 meter djupt vatn. Innretningen var opphavleg samansett av vernestruktur (botnramme), ventiltre med styreboks, tilkoplingsramme og brønnhovud, men alt sett bort frå vernestrukturen er nå fjerna. Oljen frå brønnen vart transportert gjennom røyrleidning til Cod-plattforma.

Dersom ein vedtek å fjerne nokre av innretningane, må staten dekkje ein del av kostnadene knytta til denne disponeringa i følgje fjerningsfordelingslova. Dei nødvendige midlane må i så fall løyvast for å dekkje staten sin del av desse kostnadene.

Departementet tilrår at vernestrukturen blir fjerna frå Mimefeltet og ført til land. Avgjerd om disponering av Mime-utstyr montert på Cod-plattforma skal fattast i samband med avgjerd om disponering av Cod-plattforma. Departementet har utsett avgjerda om endeleg disponering av røyrleidningane inntil år 2000, i samsvar med avgjerda for røyrleidningen frå Odin. Disponeringskostnadene for Mime-installasjonen vil etter departementet si tilråding utgjere 23,5 mill. kroner.

4.2 Regelverk

Både det internrettslege og det internasjonale regelverket opnar for fleire alternative måtar å disponere utrangerte petroleumsinnretningar på. I følgje petroleumslova § 30 kan styresmaktene avgjere at innretningane heilt eller delvis skal fjernast eller etterlatast. Dersom det vert vedtatt å fjerne innretningane, skal staten dekkje ein del av fjerningskostnadene til rettshavarane i følgje lova om fordeling av utgifter til fjerning av innretningar på kontinentalsokkelen (fjerningsfordelingslova).

Departementet meiner det er avgjerande at vedtak om disponering av innretningar blir gjort på grunnlag av alle relevante opplysingar, og etter ei samfunnsøkonomisk vurdering der kostnadene for dei enkelte disponeringsalternativa vert vurdert mot konsekvensane for mellom anna miljø, fiskeri og skipsfart.

Gjennomføring av framlegget kan innebere bruk av norsk indre farvatn. Dette vil i så fall kreve løyve etter lov av 8. juni 1984 nr. 51 om havner og farvatn. Dette reiser spørsmål om lokalisering, tryggleik og omsyn til andre brukarar m.v. som vil bli regulert gjennom vilkår for løyve.

For ein meir grundig gjennomgang av regelverket og internasjonale retningsliner viser ein til St.prp. nr. 36 for 1994-1995.

4.3 Mimefeltet

Oljefeltet Mime er lokalisert i blokk 7/11 og er omfatta av utvinningsløyve nr. 070. Rettshavarane er operatøren Norsk Hydro Produksjon a.s. (24,5 pst.), Den norske stats oljeselskap a.s (51,0 pst., inklusiv 31,4 pst. for staten sitt direkte økonomiske engasjement), Saga Petroleum a.s (9,8 pst.) og Amoco Norway a.s (14,7 pst.). Feltet er knytta til Cod-plattforma i Ekofiskområdet. Testproduksjonen starta i oktober 1990. Ordinær produksjon starta i januar 1993 og stansa i november 1993 då produksjonsrøyret i brønnen vart tilstoppa av asfaltener. Akkumulert oljeproduksjon frå Mime er 0,36 mill Sm3.

Havbotninnretninga var opphavleg sett saman av vernestruktur, ventiltre med styreboks, tilkoplingsramme og brønnhovud. Vernestrukturen inneheld ei aluminiumsforskaling som vart fylt opp med betong då ho kom ut på feltet.

Det er installert tre røyrleidningar mellom Mime og Cod-plattforma; to fleksible røyrleidningar og ein hydraulisk kontrolleidning. Alle røyrleidningane er nedgravde/overdekt over heile distansen mellom Mime og Cod-plattforma. Oljen frå brønnen vart transportert gjennom ein fleksibel leidning til Cod-plattforma.

4.4 Statleg overtaking av innretningane

Retten til statleg overtaking av innretningane på Mime-feltet, jf. petroleumslova § 30, er ikkje nytta i denne saka. Til grunn for dette låg mellom anna at dei økonomisk utvinnbare reservane alt er utvunne. Dersom staten skulle overta innretningane, ville dette dessutan føre til at staten må dekkje alle framtidige vedlikehalds- og fjerningskostnader.

4.5 Framlegg til disponering av innretningane på Mimefeltet - Merknader frå høyringorgana og departementet si vurdering

Rettshavarane oversendte den 25. april 1996 plan for disponering av innretningane på Mime. Rettshavarane har i planen vurdert ulike disponeringsalternativ. Ventiltreet med styreboks, tilkoplingsramma og brønnhovudet har rettshavarane allereie fjerna. Det er berre vernestrukturen, Mime-utstyr montert på Cod-plattforma og røyrleidningane som står att.

Vernestrukturen - Framlegg til disponering

Rettshavarane har vurdert 3 alternativ for disponering av vernestrukturen:

  1. A)

    Strukturen kan fjernast og bringast til land for kondemnering/opphogging. Strukturen i aluminium vog 72 tonn da han vart sett ned. Etter at strukturen var sett ned, vart han fylt opp med betong. Strukturen veg i dag om lag 480 tonn.

  2. B)

    Strukturen kan etterlatast. Strukturen står på om lag 78 meter djupt vatn. Vernestrukturen er i følgje rettshavarane overtrålbar. Inspeksjon av strukturen utført i mai 1994 viser ingen teikn til skade på strukturen årsaka av fiskereiskapar eller liknande.

  3. C)

    Strukturen kan fyllast opp/dekkast med stein/grus og etterlatast. Dette vil i følgje rettshavarane truleg redusere faren for at fiskereiskapar kan bli øydelagt dersom dei treff strukturen under fiske.

For vernestrukturen tilrår rettshavarane alternativ A); fjerne og bringe til land for opphogging/kondemnering.

Merknader frå høyringsorgana

Rettshavarane sitt framlegg er sendt på høyring til Kommunal- og arbeidsdepartementet, Miljøverndepartementet, Fiskeridepartementet, Noregs Fiskarlag, Norges miljøvernforbund, Norges naturvernforbund, Natur og ungdom, Bellona og Greenpeace Norge.

Noregs Fiskarlagkrev at det etter fjerning eller eventuell tildekking blir foretatt ein inspeksjon for å stadfeste at området er tilstrekkeleg rydda for framtidig bruk som fiskefelt.

Fiskeridepartementetsluttar seg til at vernestrukturen må fjernast, og ber om at det innan 6 månader etter at strukturen er fjerna blir foretatt ei havbotnundersøking for å få stadfesta at området er rydda for gjenstander som kan hindre fisket. Fiskeridepartementet ber også om at departementet vurderer å framskunde planen for å fjerne vernestrukturen, som etter planen skal fjernast i 1999. Vidare må operatøren kontakte Fiskeridepartementet i god tid før fjerninga tek til og klargjere om disponeringa krev løyve etter hamne- og farvatnslova.

Planen er i følgje Kommunal- og arbeidsdepartementetlite egna til å handsame dei arbeidsmiljømessige og tryggleiksmessige sidene ved fjerningsoperasjonane. KAD føreset derfor at operatøren på eit seinare tidspunkt gir ei detaljert framstilling av hovudaktivitetar med tilhøyrande analyse av dei arbeidsmiljø- og tryggleiksmessige tilhøve i samband med disponeringa. Det vil vere naturleg at ei slik framstilling blir gitt når kontraktør er valt og operasjonane planlagt i større detalj.

Miljøverndepartementethar ingen innvendingar mot at vernestrukturen blir fjerna og tatt på land.

Kostnader

Rettshavarane sitt framlegg til disponering av vernestrukturen, alternativ A), vil koste om lag 18 mill kroner. Ein føresetnad for kostnadsanslaget er at det let seg gjere å nytte eksisterande løfteøyrer på strukturen for å gjennomføre fjerningsoperasjonen. Dersom ein ikkje kan nytte eksisterande løfteøyrer, blir hevinga dyrare. I tillegg vil det kome på om lag 3 mill. kroner til demontering og skraping av strukturen etter at han er ført til land og 2,5 mill. kroner for ingeniørtenester. Totale disponeringskostnader er såleis 23,5 mill. kroner. Alternativ B) kostar ikkje noko, medan alternativ C) kostar 2,5 mill. kroner.

Departementet si vurdering

Oljedirektoratet går inn for at disponeringsplanen for Mime vert godkjent. Ut fra ei samla vurdering av samfunnsøkonomiske omsyn, mellom anna omsynet til miljø, fiske, skipsfart, tryggleik for involvert personell og kostnader, sluttar departementet seg til rettshavarene sitt framlegg om å bringe vernestrukturen på land. Vidare bruk av strukturen i petroleumsverksemda er lite aktuelt fordi han vart konstruert spesielt for Mime.

Nærings- og energidepartementet vil sette som krav til operatøren at det skal kunne stadfestast at området er tilstrekkeleg rydda for framtidig bruk som fiskefelt.

Regjeringa ber Stortinget om samtykke til disponering av Mime-innretningane som omtala i denne proposisjonen, jf. forslag til vedtak V.

4.6 Røyrleidningane

Rettshavarane tilrår at røyrleidningane vert etterlatt slik som dei ligg i dag. Grunngjevinga for dette er at røyrleidningane er overdekt med sand og grus (0,8 m overdeking) over heile lengda og derfor ikkje vil vere til noko hinder for fiskeri o.l.

I samband med handsaminga av endeleg disponering av Odin-innretningane vedtok departementet å sette i gang eit fleirårig utgreiingsprogram for å etablere eit betre grunnlag for avgjerd for endeleg disponering av røyrleidningar, jf. St.prp. nr. 50 for 1995-96. Samstundes vedtok styresmaktene å utsette avgjerda om endeleg disponering av røyrleidningane frå Odin inntil år 2000. Departementet tilrår å utsette avgjerda om endeleg disponering av røyrleidningane på Mime tilsvarande.

4.7 Utstyr på Cod

Rettshavarane tilrår at Mime-utstyr på Cod-plattforma blir fjerna når Cod-plattforma blir fjerna. Departementet går inn for at avgjerda om disponering av Mime-utstyr montert på Cod-plattforma skal fattast i samband med avgjerda om disponering av Cod-plattforma.

4.8 Avtale med rettshavarane om rettar og plikter

Departementet har inngått ein avtale med rettshavarane som sikrar at både rettshavarane og staten sine plikter og rettar blir oppretthaldne inntil endeleg avgjerd om disponering er fatta.

4.9 Staten sin del av kostnadene

Når det vert kravd at innretningar brukt til utvinning eller røyrleidningstransport av petroleum skal bli fjerna med heimel i petroleumslova § 30 femte ledd, vil rettshavarane sine kostnader ved fjerninga ikkje gi rett til frådrag ved skattelikninga, jf. petroleumsskattelova § 3 g. I staden skal staten yte direkte tilskot til dekking av ein andel av fjerningsutgiftene etter lov av 25. april 1986 nr. 11, om fordeling av utgifter til fjerning av innretningar på kontinentalsokkelen (fjerningsfordelingslova). Etter § 2 i lova skal staten sin prosentvise del av fjerningsutgiftene i høve til den einskilde rettshavar fastsettast lik summen av rettshavarane sine endelege utlikna skattar på inntekt av utvinning og røyrleidningstransport av petroleum for dei år innretninga har vore i bruk for rettshavaren (brukstida), dividert med summen av rettshavaren sin alminnelege inntekt (tidlegare skattegrunnlaget for «kommunedelen» av selskapsskatten) av slik verksemd over det same tidsrommet.

Oljeskattekontoret har rekna ut staten sin tilskotsandel for Mime. Tala for dei fire aktuelle selskapa gjer at staten sin gjennomsnittlege tilskotsandel vert 49,0039 pst. Dette inneber at staten gjennom fjerningsfordelingslova § 2 skal dekkje 7,9 mill. kroner. Ettersom tilskotssatsen skal baserast på «endeleg utlikna skattar«, kan denne måtte justerast som følgje av eventuelle seinare endringar av likninga. Staten må i tillegg dekkje sin prosentvise del av fjerningskostnadene som deltakar i feltet gjennom SDØE. Når SDØE utgjer 31,4 pst. inneber dette 7,4 mill. kroner. Den samla statlege delen av fjerningskostnadene utgjer etter dette 15,3 mill. kroner.

Etter fjerningsfordelingslova § 6 kan Kongen, dersom han finn at staten sin utgiftsandel fastsett i samsvar med § 2 utan tvil må sjåast som vesentleg for låg i høve til einskilde rettshavarar, gjere vedtak om ein annan utrekningsmåte. Det ligg ikkje føre nokon søknad om auka tilskot frå staten i denne saka.

Kostnadene vil tidlegast kome til utbetaling i 1997, truleg seinare. Departementet vil kome tilbake med dei løyvingsmessige sidene av disponering av innretningane på Mimefeltet på eit seinare tidspunkt når ein har betre kjennskap til fordelinga av fjerningsutgifter på ulike år.