St.prp. nr. 15 (2004-2005)

Om endringar på statsbudsjettet for 2004 under kapittel administrerte av Utanriksdepartementet

Til innhaldsliste

1 Samandrag

I denne proposisjonen blir det foreslått enkelte endringar i løyvingane under Utanriksdepartementet sitt budsjett for 2004.

Innanfor programområde 02 Utanriksforvaltning blir det foreslått endringar på kap. 116 Deltaking i internasjonale organisasjonar, jf. omtale nedanfor.

På budsjettet for ODA-godkjend utviklingshjelp under programområde 03 blir det gjort framlegg om omfordeling av 148,622 mill. kroner.

Det blir òg gjort framlegg om å redusere bistandsramma med 45 mill. kroner grunna lågere utgifter til flyktningar i Noreg, godkjend som utviklingshjelp.

Kap. 116 Deltaking i internasjonale organisasjonar

Post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar

Når det gjeld pliktige tilskot til internasjonale organisasjonar, ser det ut til å bli eit meirforbruk på 82 mill. kroner i 2004. Dette har i hovudsak samanheng med auka bidrag til FN sine fredsbevarande operasjonar. Utgiftene til dei fredsbevarande operasjonane er generelt vanskelege å fastsetje, mellom anna fordi Tryggingsrådet i eit budsjettår kan fatte vedtak både om reduksjon og auke i pågåande operasjonar og om oppretting av nye. Auken i 2004 skuldast oppretting av tre nye operasjonar i Burundi, Haiti og Elfenbeinskysten og vedtak om å utvide operasjonen i Den demokratiske republikken Kongo.

Det blir gjort framlegg om ein auke på 82 mill. kroner.

Post 71 Finansieringsordninga under EØS-avtala, kan overførast

Budsjettet under kap. 116, post 71 er på 68 mill. kroner etter at løyvinga på posten blei redusert med 210 mill. kroner i samband med handsaminga av revidert nasjonalbudsjett, jf. Innst. S. nr. 250 (2003-2004). På grunn av at det ikkje var utbetalingar over denne posten i 2003, blei det overført 330 mill. kroner til 2004. Utbetalingsbehovet i 2004 er venta å vere om lag 180 mill. kroner.

Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 68 mill. kroner.

ODA-godkjend utviklingshjelp

Kap. 143 Utanriksstasjonane

Post 01 Driftsutgifter

Den planlagte styrkinga av ambassadar og delegasjonar som arbeider med bistandsspørsmål har tatt lenger tid enn venta. Bevilgningbehovet er derfor lågare enn tidlegare lagt til grunn.

Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 20 mill. kroner.

Kap. 150 Utviklingshjelp til Afrika

Post 78 Regionbevilgning for Afrika, kan overførast

Den sterkare rolla til Den afrikanske unionen i fredsarbeidet knytta til krisa i Darfur-provinsen i Sudan aukar behovet for internasjonal støtte til organisasjonen. Samarbeidet om forvaltninga av Nil-vassdraget går framover og treng auka støtte. Det er òg behov for auka støtte til nokre av landa som får støtte over posten.

Det blir gjort framlegg om ein auke på 31,38 mill. kroner.

Kap. 160 Sivilt samfunn og demokratiutvikling

Post 72 Demokratistøtte/parti og media, kan overførast

Færre tiltak enn venta har ført til lågare aktivitet ved Norsk Senter for Demokratistøtte enn planlagt.

Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 2,5 mill. kroner.

Post 75 Internasjonale ikkje-statlege organisasjonar og nettverk, kan overførast

Women's World Banking er ei global mikrofinansordning for kvinner som Noreg har støtta sidan 1997. Det er ikkje sett av midlar for i år. Det er likevel behov for støtte i 2004, slik som i tidlegare år. I tillegg er det behov for å styrke arbeidet til International Press Service.

Det blir gjort framlegg om ein auke på 6,5 mill. kroner.

Kap. 162 Overgangsbistand (gap)

Post 70 Overgangsbistand (gap), kan overførast

Fredsprosessen i Somalia har kome eit steg framover med valet av ny president, og landet treng auka støtte. Behova for støtte til gjenoppbygging i Storsjø-området i Afrika er enorme. Også i Sudan er det behov for auka støtte.

Det blir gjort framlegg om ein auke på 30 mill. kroner.

Kap. 163 Nødhjelp, humanitær hjelp og menneskerettar

Post 71 Humanitær hjelp og menneskerettar, kan overførast

Den humanitære situasjonen i Sudan, særleg i Darfur-provinsen, er framleis svært vanskeleg. I tillegg er det store udekte humanitære behov i Vest- og Sentral-Afrika og i enkelte land i Aust-Afrika.

Det blir gjort framlegg om ein auke på 50 mill. kroner.

Kap. 166 Tilskot til ymse tiltak

Post 70 Ymse tilskot, kan overførast

Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 19,384 mill. kroner.

Kap. 167 Flyktningtiltak i Noreg, godkjend som utviklingshjelp (ODA)

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Nokre utgifter knytta til flyktningar sine opphald i Noreg det første året er godkjend som offisiell utviklingshjelp (ODA) og kan bli dekka under kap. 167 Flyktningtiltak i Noreg, post 21 Spesielle driftsutgifter. Dette gjeld mellom anna opphaldsutgifter for flyktningar som bur i mottak mindre enn eitt år, utgifter til opplæring av barn i mottak og andre opplæringsformål.

Sjølv om overslaget for utgifter til statlege mottak aukar, er talet på flyktningar som bur på mottak mindre enn eitt år lågare enn venta. Overslaget for utgifter til flyktningar i Noreg som er godkjend som offisiell utviklingshjelp må derfor justerast ned med 150,996 mill. kroner. På bakgrunn av at bistandsramma blei auka med 45 mill. kroner i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett 2004 for å dekke delar av auka utgifter til flyktningar i Noreg, blir det gjort framlegg om å omdisponere 105,996 mill. kroner til andre føremål innanfor bistandsbudsjettet. Det blir dermed gjort framlegg om å redusere bistandsramma med 45 mill. kroner, det vil seie til same nivå som saldert budsjett 2004.

Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 150,996 mill. kroner.

Kap. 171 Multilaterale finansinstitusjonar

Post 70 Verdsbanken, kan overførast

Etter at Noreg sitt pliktige bidrag for perioden 2002-2004 under IDA-13 er betalt, står det att 742 000 kroner.

Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 742 000 kroner.

Post 71 Regionale bankar og fond, kan overførast

Det er løyva 565 085 000 kroner til ei rad organisasjonar på posten. Hovudsakleg som ei følgje av valutakursendringar blir behovet noko større.

Det blir gjort framlegg om ein auke på 742 000 kroner.

Post 72 Samfinansiering via finansinstitusjoner, kan overførast

Ein stor del av posten går til ulike tematiske fond i Verdsbanken, mellom anna eit for miljø og bærekraftig utvikling og eit for privat sektor og infrastruktur. Det er ønskjeleg å kanalisere ytterlegare midlar gjennom disse fonda, først og fremst til viktige satsingar knytta til antikorrupsjon og formalisering av eigedomsrettar.

Det blir gjort framlegg om ein auke på 30 mill. kroner.

Romertallsvedtak XIII Bruk av opptente rentemidlar

I St.prp.nr. 1 (2003-2004) var det foreslått at Utanriksdepartementet skulle få fullmakt til å nytte opptente rentemidlar frå tilskot som er betalt til multi-bi-prosjekt, samarbeidsprosjekt, stat-til-stat-bistand, støtte til internasjonale og lokale ikkje-statlege aktørar etter avtale med mottakar, jf. forslag til romertallsvedtak XIII.

I Stortinget sitt vedtak av statsbudsjettet for 2004 er Utanriksdepartementet berre gjeve fullmakt til å nytte opptente rentemidlar frå tilskot som er betalt til multi-bi- og samfinansieringsprosjekt etter avtale med den enkelte multilaterale organisasjon. Vedtaket er tatt inn i den samla oppstillinga av Stortinget sitt spesifiserte bevilgningsvedtak for 2004 under romertall IV, Andre vedtak, Utanriksdepartementet, pkt. 12 Bruk av opptente rentemidlar, jf. Blå bok.

Det blir gjort framlegg om at Stortinget sitt vedtak blir oppheva og at Utanriksdepartementet sitt opprinnelege forslag blir vedteke.

Til forsida av dokumentet