Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.prp. nr. 15 (2007-2008)

Om endringar i statsbudsjettet for 2007 under Nærings- og handelsdepartementet

Til innhaldsliste

2 Endringsforslag

Kap. 900 Nærings- og handelsdepartementet

Post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar

Posten dekker bidrag og utgifter ved deltaking i fleire internasjonale organisasjoner og komitéar. Løyvinga på 23,05 mill. kroner vart fastsett på grunnlag av innbetalte kontingentar i 2006 og tilgjengeleg informasjon om forventa bidrag for 2007. Det viser seg at kontingentane for deltaking i fleire av organisasjonane, mellom anna IMO (Den internasjonale sjøfartsorganisasjonen), EMSA (Det europeiske sjøsikkerheitsorganet) og Paris MoU (Internasjonal avtale om hamnestats­kontroll) blir om lag 2,5 mill. kroner lågare enn berekna i St.prp. nr. 1 (2006-2007).

Nærings- og handelsdepartementet legg på dette grunnlaget fram forslag om å redusere løyvinga med 2,5 mill. kroner, frå 23,05 til 20,55 mill. kroner.

Kap. 909 Tiltak for sysselsetting av sjøfolk

Post 73 Tilskot til sysselsetting av sjøfolk, overslagsløyving

Ordninga omfattar:

  • tilskot til refusjon for farty i NOR og NIS (9,3 eller 12 pst.)

  • nettolønstilskot til bemanninga omfatta av alarminstruksen på passasjerferjer i utanriksfart i NOR

  • nettolønstilskot til offshorefarty i NOR og andre farty i NOR, og

  • nettolønstilskot til tryggleiksbemanninga på hurtigruteskipa som betener strekninga Bergen- Kirkenes.

Ordinær løyving gjennom St.prp. nr. 1 (2006-2007) var 1 330 mill. kroner. På grunnlag av berekningar og prognose etter utbetalingane for 6. temin 2006 (for november og desember) og 1. termin 2007 (for januar og februar) vart løyvinga auka med 150 mill. kroner, til 1 480 mill. kroner, i revidert statsbudsjett 2007 i vår, jf. St.prp. nr. 69 og Innst. S. nr. 230 (2006-2007).

I St.prp. nr. 1 (2006-2007) er det budsjettert med 30 mill. kroner til nettoløn for tryggleiksbemanninga på hurtigruteskipa som betener strekninga Bergen-Kirkenes for perioden juli-oktober 2007. Det er sannsynleg at utbetalinga til hurtigrutene må utsettast og forskyvast til 2008. Årsaka til dette er at forhandlingane mellom Samferdsels­departementet og Hurtigruten ASA om ei avtale knytt til kjøp av transporttenester ikkje kan sluttførast tidsnok til at ESA-godkjenning av tilskotsordninga for hurigrutene kan bli gitt innan utgangen av 2007.

Hittil i år er det utbetalt om lag 1 056 mill. kroner for fire terminar: 6.termin 2006 for november-desember medrekna etterslep og etterbetalingar frå 2006, 1. termin 2007 for januar-februar, 2. termin 2007 for mars-april og 3.termin 2007 for mai-juni. Vi legg til grunn at utbetalinga for 4. og 5. termin 2007 (for juli-oktober) vil bli om lag 265 mill. kroner pr. termin. Dette gir grunnlag for å justere opp anslaget for dei samla utbetalingane i 2007 med ytterlegare om lag 100 mill. kroner, til 1 580 mill. kroner.

Tilskotsordninga er regelstyrt og særleg talet på sjøfolk som er omfatta av ordningane, er avgjerande for storleiken på refusjonsutbetalingane. Auken i tilskotsutbetalingane i høve til berekningane i saldert budsjett skuldast i hovudsak at fleire sjøfolk blir omfatta av nettolønsordninga til offshorefarty i NOR, og auka lønsutbetalingar.

På dette grunnlaget legg Nærings- og handelsdepartementet fram forslag om å auke løyvinga med 100 mill. kroner, frå 1 480 til 1 580 mill. kroner.

Kap. 922 Romverksemd

Post 70 Kontingent i European Space Agency (ESA)

Det er lagt til grunn at løyvingane til kontingent i den europeiske romorganisasjonen ESA skal justerast dersom valutakursen på euro har endra seg i budsjettåret i høve til kursen som vart lagt til grunn for saldert budsjett. Norsk Romsenter har hatt utbetalingar i euro til ESA til andre kursar enn den budsjetterte. Samla utgjer valutakursjusteringane ei innsparing på om lag 0,1 mill. kroner.

Samstundes har det vore justering i kontingentoppkallinga frå ESA i budsjettåret. Dei samla kontingentforpliktingane i perioden er uendra, men den årlege utbetalingstakta er justert. Totalt auka innbetaling i høve til budsjett for 2007 utgjer 2,7 mill. kroner.

Nærings- og handelsdepartementet legg på dette grunnlaget fram forslag om å auke løyvinga med 2,6 mill. kroner, frå 105,4 til 108 mill. kroner.

Post 71 Internasjonal romverksemd

Det er lagt til grunn at løyvingane til internasjonal romverksemd skal justerast dersom valutakursane på euro og amerikanske dollar har endra seg i budsjettåret i høve til kursane som vart lagt til grunn for saldert budsjett. Norsk Romsenter har hatt utbetalingar i euro til den europeiske romorganisasjonen ESA og to utbetalingar i amerikanske dollar til Radarsat Inter­national Inc til andre kursar enn dei budsjetterte. Samla utgjer valutakursjusteringane ei innsparing på om lag 0,1 mill. kroner.

Samstundes har det vore endring i oppkallinga av programmidlar frå ESA i 2007 på grunn av endra framdrift i gjennomføringa av programma. Dei samla forpliktingane for deltaking i programma i perioden er uendra, men det blir justering i dei årlege utbetalingane av tilskot til ESA. Totalt gjer endra framdrift i gjennomføring av programma at utbetalingane til ESA i 2007 blir 32,5 mill. kroner lågare enn berekna i St.prp. nr. 1 (2006-2007).

Nærings- og handelsdepartementet legg på dette grunnlaget fram forslag om å redusere løyvinga med 32,6 mill. kroner, frå 294 til 261,4 mill. kroner.

Kap. 950 Forvalting av statleg eigarskap

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

På statsbudsjettet for 2007 er det løyvd 11,5 mill. kroner til å dekke transaksjons­kostnader og fagleg bistand i samband med aksjesal i selskap under Nærings- og handelsdepartementet si forvalting. Posten skal òg dekke konsulentbistand ved eigar- og strukturmessige vurderingar og VPS-avgifter. Det er overført 0,69 mill. kroner frå 2006, og det er vidare knytt ei overskridingsfullmakt til posten.

Dei samla utgiftene for 2007 ventast å bli om lag 23 mill. kroner. Mellom anna er det utbetalt om lag 9 mill. kroner i honorar til juridiske og finansielle rådgjevarar i samband med samanslåing av petroleumsverksemda til Norsk Hydro ASA med Statoil ASA. Løyvinga er elles nytta til å dekke avgift på 2,8 mill. kroner for deponering av aksjar i børsnoterte selskap i Verdipapirsentralen, og til fagleg bistand i samband med eigarmessige vurderingar.

Når ein tek omsyn til overførte midlar frå 2006, trengst det ei løyving på 22,3 mill. kroner for 2007.

Nærings- og handelsdepartementet legg på dette grunnlaget fram forslag om å auke løyvinga under posten med 10,8 mill. kroner, frå 11,5 til 22,3 mill. kroner.

Kap. 960 (nytt) Raufoss ASA

Post 71 Refusjon for miljøtiltak

Ved handsaminga av St.prp. nr. 69 (2006-2007) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2007, samtykte Stortinget i at ramma for å utgiftsføre betalingar knytt til pålagte miljøtiltak etter verksemda til Raufoss ASA utan løyving på førehand, vart auka frå 50 til 90 mill. kroner.

Saneringsarbeidet med fjerning av oljeforureining i service- og avtrekkskanalar i Fjellanlegget er sluttført. Vidare arbeid inkluderer verifikasjonsmålingar og sluttrapportering. I brev av 20. desember 2006 frå Statens forureiningstilsyn (SFT) er Raufoss Næringspark ANS pålagt å utarbeide tiltaksplanar for lokalitetar som ikkje alt er omfatta av tidlegare tiltaksplanar. I tråd med dette pålegget er det i 2007 gjennomført ei rekkje grunnundersøkingar og utarbeidd tiltaksplanar for det vidare arbeidet. Det er òg utarbeidd nye miljømål og akseptkriteriar for oppryddingsarbeidet. Oppryddingsprosjektet er no i gang med å gjennomføre tiltaksplanane. Oppryddingsarbeidet på Raufoss Industriområde er venta sluttført rundt årsskiftet 2008/2009.

Ved utgangen av 2007 vil om lag 61 mill. kroner av garantiramma på 90 mill. kroner vere disponert til konkrete oppryddingsprosjekt. Det er utbetalt tilsaman om lag 25,5 mill. kroner i refusjon for utførte miljøtiltak i 2005 og 2006. I 2007 har departementet ved utgangen av oktober utbetalt om lag 14,5 mill. kroner for kostnader knytt til pålagte, utførte miljøtiltak. Etter planen vil det bli aktuelt med ytterlegare utbetalingar i 2007.

På dette grunnlaget legg Nærings- og handelsdepartementet fram forslag om å løyve 20 mill. kroner på statsbudsjettet for 2007.

Kap. 2421 Innovasjon Norge

Post 90 Lån frå statskassa til utlånsverksemd, overslagsløyving

Innovasjon Norge kan ta opp innlån i statskassa til valfri løpetid og med ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. I tillegg betaler Innovasjon Norge ein låneprovisjon. Innova­sjon Norge refinansierer utlånsporteføljen ved å ta opp kort- og langsiktige lån i statskassa med tilbakebetalingstid på frå to månader til fleire år avhengig av rentebindingstid på utlåna. Innlån og avdrag bruttoførast ved at beløpa utgifts- og inntektsførast (akkumulerast) kvar gong Innovasjon Norge tar opp eller tilbakebetaler eit lån i statskassa. Avdrag på innlåna blir inn­tektsført under kap. 5325. Løyvingsendringane på statsbudsjettet 2007 er basert på realiserte innlån og avdrag, og prognosar frå Innovasjon Norge på innlån og avdrag, for resten av året.

Innlån og avdrag har auka i 2007 fordi Innova­sjon Norge nyttar meir kortsiktige lån (hyppigare refinansiering) enn det som låg til grunn ved salderinga av budsjettet. Dette inneber òg at avdraga aukar om lag tilsvarande, jf. omtale under kap. 5325, post 90.

På dette grunnlaget legg Nærings- og handelsdepartementet fram forslag om å auke løyvinga med 5,4 mrd. kroner, frå 33,2 til 38,6 mrd. kroner.

Kap. 2426 SIVA SF

Post 90 Lån, overslagsløyving

SIVA SF kan ta opp innlån i statskassa til valfri løpetid og med ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. Selskapet betaler i tillegg ein låne- og garanti­provisjon. Avdrag på innlåna blir inn­tektsført under kap. 5326. SIVA SF har ei innlånsramme på 700 mill. kroner, og har innanfor denne ramma tatt opp nytt lån og refinansiert fleire lån enn det som vart lagt til grunn i St.prp. 1 (2006-2007).

Nærings- og handels­departementet legg derfor fram forslag om å auke løyvinga med 60 mill. kroner, frå 300 til 360 mill. kroner.

Kap. 3950 Forvalting av statleg eigarskap

Post 96 Sal av aksjar

Ved Stortinget si handsaming av St.prp. nr. 69 (2006-2007) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2007, vart løyvinga auka med 3 251 mill. kroner, til 3 261 mill. kroner, som følgje av forventa innbetaling frå tilbakekjøp av eigne aksjar i DnB NOR ASA, Norsk Hydro ASA og Yara International ASA. Dei faktiske innbetalingane vart 18,1 mill. kroner høgara.

På denne bakgrunnen legg Nærings- og handelsdepartementet fram forslag om å auke inntektsløyvinga med 18,1 mill. kroner, frå 3 261 til 3 279,1 mill. kroner.

Kap. 5325 Innovasjon Norge

Post 90 Avdrag på uteståande fordringar

Posten omfattar avdrag på lån til Innovasjon Norge frå statskassa. Det visest til omtale av opplegget for innlån under kap. 2421, post 90 ovanfor. Som følgje av hyppigare refinansi­ering av lån enn forventa er det behov for å auke løyvinga. I tillegg har Innovasjon Norge redusert dei totale innlåna sine i statskassa i løpet av året slik at avdraga aukar meir enn innlåna under kap. 2421, post 90.

På dette grunnlaget legg Nærings- og handelsdepartementet fram forslag om å auke løyvinga med 5,6 mrd. kroner, frå 33,4 til 39 mrd. kroner.

Kap. 5326 SIVA SF

Post 70 Låne- og garantiprovisjonar

Posten må endrast som følgje av ny låneavtale av 19. april 2007 mellom Nærings- og handelsdepartementet og SIVA SF. Endringa inneber at både låneprovisjon og garantiprovisjon innbetalast etterskotsvis, dvs. at garantiprovisjon som før vart innbetalt i desember same år, no skal innbetalast i februar året etter.

På dette grunnlaget legg Nærings- og handelsdepar­tementet fram forslag om at løyvinga blir redusert med 4,2 mill. kroner, frå 7 til 2,8  mill. kroner.

Post 90 Avdrag på uteståande fordringar

Posten omfattar avdrag på lån til SIVA SF frå statskassa. Det visest til omtale under kap. 2426, post 90 ovanfor. I høve til vedtatt budsjett for 2007 har SIVA SF tatt opp ytterlegare lån på 180 mill. kroner, med forfall hausten 2007.

Nærings- og handels­departementet legg på dette grunnlaget fram forslag om å auke løyvinga med 180 mill. kroner, frå 300 til 480 mill. kroner.

Kap. 5612 (nytt) Renter frå Store Norske Spitsbergen Kulkompani A/S

Post 80 Renter

Ved Stortinget si handsaming av St.prp. nr. 69 (2006-2007) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringar i statsbudsjettet 2007, vart Store Norske Spitsbergen Kulkompani A/S gitt eit ansvarleg lån på 250 mill. kroner til ei rente på 9 pst. p.a. Lånet skal tilbakebetalast når forsikringssaka etter brannen i Svea Nord-gruva i 2005 er endeleg avgjort. I desember 2007 skal selskapet betale 11,46 mill. kroner i renter på lånet.

På dette grunnlaget gjer departementet forslag om å inntektsløyve 11,46 mill. kroner under nytt kap. 5612, post 80 på statsbudsjettet for 2007.

Kap. 5613 Renter frå SIVA SF

Post 80 Renter

SIVA SF kan ta opp innlån til låne­ordninga til valfri løpetid og ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. Det visest til omtale av opplegget for innlån under kap. 2426, post 90 ovanfor. Som følgje av faktiske renteinnbetalingar er det grunnlag for å justere renteinntekts­løyvinga. Dei faktiske rentene blir høgare enn det som låg til grunn for løyvinga.

På dette grunnlaget legg Nærings- og handelsdepar­tementet fram forslag om at renteinntektene blir auka med 14,7 mill. kroner, frå 39,7 til 54,4 mill. kroner.

Kap. 5625 Renter og utbyte frå Innovasjon Norge

Post 80 Renter på lån frå statskassa

Innovasjon Norge kan ta opp innlån til sine låne­ordningar til valfri løpetid og ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. Det visest til omtale av opplegget for innlån under kap. 2421, post 90 ovanfor. Som følgje av faktiske renteinnbetalingar og prognosar for resten av året, er det grunnlag for å justere renteinntekts­løyvinga noko ned på grunn av lågare innlånsvolum.

På dette grunnlaget legg Nærings- og handelsdepar­tementet fram forslag om at løyvinga for renteinntektene blir redusert med 41 mill. kroner, frå 417 til 376 mill. kroner.

Kap. 5656 Aksjar i selskap under NHD si forvalting

Post 85 Utbyte

Utbytet vil auke med vel 7 mill. kroner, hovudsakeleg på grunn av at det vart innbetalt utbyte frå Store Norske Spitsbergen Kulkompani A/S.

På denne bakgrunnen legg Nærings- og handelsdepartementet fram forslag om å auke utbyteløyvinga med 7,4 mill. kroner, frå 13 619,6 til 13 627 mill. kroner.

Orienteringssak

Galileo – Dekking av kostnader til utviklingsfasen

Målsettinga for satelittnavigasjonssystemet Galileo er at det, saman med det amerikanske Global Positioning System (GPS), skal bli Europas og Noregs primære system for posisjonsbestemming, tidfesting og navigasjon.

Departementet viser til St.prp. nr. 65 (2004-2005) der det vart gjort forslag om å halde tilbake 6 mill. kroner under kap. 922 Romverksemd, post 72 Nasjonale følgjemiddel, kan overførast og 20 mill. kroner under kap. 2421 Innovasjon Norge, post 72 Forsknings- og utviklingskontrakter, kan overførast , til seinare dekking av kostnader knytt til norsk deltaking på EU-sida i satelittnavigasjonssystemet Galileo. I tillegg vart det sett av 25 mill. kroner pr. år i statsbudsjettet for 2006 og 2007 til prosjektet på dei same postane. For perioden 2005-2007 er det etter dette sett av til saman 76 mill. kroner til utviklingsfasen av Galileo. Forhandlingane med EU om ei samarbeidsavtale om Galileo er ikkje sluttført. Dei avsette midlane er derfor ikkje utbetalt. Inntil ei avtale med EU ligg føre blir dei avsette midlane under kap. 922, post 72 (16 mill. kroner) og kap. 2421, post 72 (60 mill. kroner) halde tilbake. Norsk industri har allereie fått indu­striretur tilsvarande dei norske forpliktingane. Framdrifta i Galileo-programmet er også omtala i statsbudsjettet for 2008 under kap. 922, post 72.

Til toppen
Til forsida av dokumentet