St.prp. nr. 2 (2005-2006)

Om utbygging og finansiering av rv 7/rv 13 Hardangerbrua i Hordaland

Til innhaldsliste

7 Finansieringsopplegg

Finansieringsmodellen bygger på følgjande element:

  • Bompengar

  • Lokale tilskot

  • Innsparte ferjetilskot

  • Ordinære statlege midlar

7.1 Bompengar

Det er lagt til grunn forskotsinnkrevjing på kjøretøy i ferjesambandet Brimnes - Bruravik i om lag 5½ år frå prosjektet er godkjend av Stortinget og fram til trafikkopning Det er føresett eit gjennomsnittleg bompengepåslag på 28,50 kr pr. kjøretøy. I utgangspunktet tilsvarar dette eit tillegg på 5 takstsoner. Det er føresett rabattar etter rabattordningane i riksregulativet for ferjetakstar. Det er stipulert at forskotsinnkrevjinga vil gi eit finansieringsbidrag på om lag 10 mill. kr pr. år, til saman 55 mill. kr.

Bomstasjonen vil bli etablert på sørsida av Hardangerfjorden, i overgangen mellom brua og tunnelen. I utgangspunktet er det lagt opp til at etterskotsinnkrevjinga skal skje ved ein automatisk, ubemanna bomstasjon med to takstgrupper: lette kjøretøy (kjøretøy med tillatt totalvekt til og med 3 500 kg) og tunge kjøretøy (kjøretøy med tillatt totalvekt over 3 500 kg). Det kan bli aktuelt med eit innkrevjingsopplegg som i tillegg omfattar manuell innkrevjing. Dette er lagt inn i kostnadsoverslaget og finansieringsplanen.

Det er føresett ein gjennomsnittstakst på 126,70 kr pr. kjøretøy, rekna om til 2005-prisnivå frå 120 kr i 2003-prisnivå som låg til grunn ved den lokale behandlinga. Det er førebels rekna ut at taksten vil bli om lag 110 kr for liten bil og om lag 440 kr for stor bil. Det er lagt til grunn etterskotsinnkrevjing i om lag 15 år.

Ved endeleg fastsetting av takstnivået er det ein føresetnad at netto bompengeinntekt ikkje blir redusert i forhold til det som er lagt til grunn i denne proposisjonen. Det er vidare ein føresetnad at takstane blir justerte i samsvar med prisutviklinga. Takstane kan likevel bli lågare dersom nærare analysar viser at bompengeinntektene blir større ved lågare takstar, jf. kapitel 7.6. Det er rekna med at bompengeinntektene vil gi eit samla finansieringsbidrag på 1 458 mill. kr, fordelt med 55 mill. kr frå forskotsinnkrevjinga og 1 403 mill. kr frå etterskotsinnkrevjinga. I tillegg kjem bompengar til dekning av innkrevjingskostnader og drift av bompengeselskapet.

7.2 Lokale tilskot

7.2.1 Kommunale tilskot

Fleire kommunar i Hordaland har vedtatt å gå inn med tilskot til Hardangerbrua på til saman 150 mill. 2006-kr. Rekna om til 2005-prisnivå utgjer dette 147 mill. kr. Fordelinga mellom kommunane er som følgjer:

Tabell 7.1 Kommunale tilskot

KommuneTilskot (mill. 2005-kr)
Bergen32,8
Eidfjord65,5
Ulvik24,5
Kvam6,5
Ullensvang6,5
Voss6,5
Granvin4,9
Sum147,2

Det er føresett at tilskota frå alle kommunane blir overførte til bompengeselskapet i 2006. Eventuelle finansieringskostnader i samband med dei kommunale tilskota skal dekkjast av kommunane.

7.2.2 Fylkeskommunale konsesjonskraftmidlar

Fylkeskommunen har vedtatt at det samla skal setjast av 355 mill. 2004-kr av fylkeskommunale konsesjonskraftinntekter til Hardangerbrua.

Bakgrunnen for konsesjonskraftmidlane er at eigarane av vasskraftverk gjennom konsesjonar er pålagde å levere konsesjonskraft til dei kommunane som blir råka av kraftutbygginga. Etter gjeldande lovverk (industrikonsesjonslova § 2, 4. ledd nr. 2, og vassdragsreguleringslova § 12, nr. 15) skal inntil 10 pst. av kraftmengda gå til kommunar og fylkeskommunar der kraftverket ligg. Kommunane kan ta ut konsesjonskraft tilsvarande forbruket til allmenn forsyning i kommunen. Fylkeskommunen kan ta ut differansen mellom totalt konsesjonskraftkvantum og den kraftmengda som kvar kommune melder som sitt årlege uttak. Fylkeskommunen sel konsesjonskrafta vidare i marknaden. Fylkeskommunen kjøper konsesjonskrafta etter ein særskild fastsett pris som ligg lågare enn prisen i marknaden der krafta blir seld.

Fylkestinget fatta 10. desember 2003 følgjande vedtak:

«For perioden til og med 2012 skal 70 pst. av konsesjonskraftmidlane gå til Hardangerbrua. For åra 2004, 2005 og 2006 vert det gjort eit fråtrekk på 20 mill. kr årleg. Dermed blir avsetningane til Hardangerbrua utsette i 3 år. Det er ein klar føresetnad at avsetningane held fram til 2012 for å dekke opp utsetjinga i 2004-2006.»

Fylkeskommunen har forplikta seg til å stille summen på 355 mill. 2004-kr til rådvelde for prosjektet i byggeperioden. Til fråtrekk kjem om lag 5 mill. kr som er nytta til kjøp av renteopsjon, jf. kapitel 7.6. Rekna om til 2005-prisnivå gir dette eit tilskot på 356 mill. kr til bygginga av prosjektet. Fylkeskommunen vil måtte betale ut delar av summen før konsesjonskraftinntektene kjem inn. I vedtakspunkt 5 frå behandlinga 14. desember 2004 har fylkestinget godkjent nødvendige forskotteringar dersom det ikkje er tilstrekkeleg inntekter frå sal av konsesjonskraft til å dekke summen som fylkeskommunen har forplikta seg til.

7.2.3 Kompensasjon for auka arbeidsgjevaravgift

Ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift blei lagt om frå 1. januar 2004. Stortinget fatta i samband med behandlinga av St.prp. nr. 1 (2003-2004), vedtak om å innføre kompenserande tiltak. Ifølgje Kommunal- og regionaldepartementet sine reglar for bruken av midlane kan desse nyttast til ulike sektorar og område for å fremje næringsutvikling, m.a. samferdsel. Midlane som er stilt til rådvelde for Hordaland, er fordelte gjennom lokale prosessar. Fylkestinget har gått inn for at 4,3 mill. kr i 2004 og tilsvarande i 2005 skal gå til bygging av Hardangerbrua. Fylkestinget har vidare lagt til grunn at dersom ordninga med kompensasjon for auka arbeidsgjevaravgift blir vidareført, vil det også bli lagt inn ein årleg sum på 4,3 mill. kr til Hardangerbrua i 2006 og 2007. Førebels er berre midlane for 2004 og 2005 lagt inn i finansieringsplanen, dvs. dei midlane som alt er løyvde. Eventuelle ytterlegare midlar kan bli lagt inn i finansieringsplanen seinare.

7.3 Innsparte ferjetilskot

Ferjesambandet Bruravik - Brimnes blir trafikkert med ei ferje heile året. I sommarsesongen og ved enkelte høve elles i året blir denne ferja supplert med ytterlegare ei ferje.

Gjennom behandlinga av St.prp. nr. 67 (2002-2003) slutta samferdselskomiteen seg til prinsippet om å ta utgangspunkt i gjennomsnittleg kostnadsnivå for der to siste rekneskapsåra når innsparte kostnader til drift av eit samband skal fastsetjast, jf. Innst. S. nr. 272 (2002-2003). Ved den lokale behandlinga var tilskotsrekneskapa for 2002 og 2003 lagt til grunn. I finansieringsplanen er tilskotsrekneskapa for 2003 og 2004 lagt til grunn. Driftskostnadene for ferja i sambandet Bruravik - Brimnes i dagens situasjon er etter dette rekna til 31,1 mill. kr. Inntektene er rekna til 28,5 mill. kr. Nedlegging av sambandet vil følgjeleg gi ei årleg innsparing i driftstilskotet på 2,6 mill. kr. Drifts- og vedlikehaldskostnadene i det nye vegsambandet er rekna til om lag 3,3 mill. kr, og desse skal trekkast frå det innsparte ferjetilskotet. Dette gir ein årleg netto auke i driftskostnadene på 0,7 mill. kr. Bygginga av Hardangerbrua vil følgjeleg medføre ein samla auke i dei statlege driftskostnadene på om lag 11 mill. kr over ein 15-årsperiode.

Gjennom behandlinga av St.prp. nr. 67 (2002-2003) slutta samferdselskomiteen seg til at gjennomsnittlege kapitalkostnader for heile ferjeflåten skal leggjast til grunn ved fastsetting av den årlege innsparinga i kapitalkostnader. For å halde kroneverdien tilnærma konstant gjekk samferdselskomiteen inn for at i tillegg til basisverdien på 3,5 mill. 2003-kr pr. ferje skal det leggjast til grunn ein årleg auke på 2,5 pst. i 15 årsperioden, jf. Innst. S. nr. 272 (2002-2003). Dette vil gi eit samla finansieringsbidrag til prosjektet frå innsparte kapitalkostnader på 74 mill. kr. Storleiken på bidraget er basert på at forskoteringa frå bompengeselskapet skjer i perioden 2008-2011 og at tilbakebetalinga frå staten startar i 2012.

Det samla finansieringsbidraget til prosjektet frå innsparte ferjetilskot blir etter dette på 63 mill. kr.

Ved den lokale behandlinga var det lagt til grunn innsparte kapitalkostnader for den ekstra ferja i m.a. sommarsesongen. Vegdirektoratet har peika på at innsparinga av kapitalkostnader for den ekstra ferja ikkje vil vere reell, og dei høvesvise kapitalkostnadene for den ekstra ferja er ikkje lagt inn i den endelege finansieringsplanen.

7.4 Ordinære statlege midlar

Ved behandlinga av handlingsprogrammet for øvrige riksvegar i Hordaland for perioden 2006-2015, gjekk fylkestinget i møte 4. mai 2005 inn for å setje av inntil 180 mill. 2006-kr til finansiering av Hardangerbrua i siste seksårsperiode. Vestlandsrådet behandla handlingsprogrammet for perioden 2006-2015 i møte 22. april 2005. For prioriteringar innafor dei fylkesfordelte rammene viste Vestlandsrådet til behandlinga i fylkeskommunane.

For å oppnå at perioden med etterskotsinnkrevjing blir om lag 15 år er det i finansieringsplanen lagt til grunn 180 mill. 2006-kr i statlege midlar til prosjektet i perioden 2010-2015.

7.5 Forslag til finansieringsplan

Styringsramma for prosjektet er 1 810 mill. 2005-kr. Med dei føresetnadene som er lagt til grunn, er finansieringskostnadene, dvs. renter på bompengelån, inkl. renter ved forskotteringa, rekna til om lag 400 mill. kr. Samla gir dette eit finansieringsbehov på 2 210 mill. kr. Finansieringsplanen som er lagt til grunn er vist i tabell 7.1.

Tabell 7.2 Finansieringsplan

Mill. 2005-kr
Bompengar - forskotsbompengar55
Bompengar - etterskotsbompengar på prosjektet11 403
Lokale tilskot - kommunale tilskot147
Lokale tilskot - fylkeskommunale konsesjonskraftmidlar356
Lokale tilskot - kompensasjon for auka arbeidsgjevaravgift9
Forskottering - innsparte ferjetilskot63
Ordinære statlege midlar177
Sum2 210

1 I tillegg kjem bompengar til dekking av innkrevjingskostnader og drift av bompengeselskapet.

7.5.1 Eventuell kostnadsauke og/eller redusert inntening

Eventuelle kostnadsoverskridingar skal dekkjast i samsvar med gjeldande retningsliner for bompengeprosjekt. I dette prosjektet, der det er føresett 177 mill. 2005-kr av ordinære statlege midlar, skal lokale styresmakter og/eller bompengeselskapet dekke 90 pst. av overskridingar opp til kostnadsramma, jf. St.prp. nr. 67 (2002-2003), og staten 10 pst. Overskridingar ut over kostndsramma er staten sitt ansvar og må følgjeleg dekkjast innafor den fylkesfordelte investeringsramma til øvrige riksvegar i Hordaland.

Dersom økonomien i prosjektet blir dårlegare enn rekna med, vil bompengeselskapet etter avtale med Vegdirektoratet kunne auke takstane med inntil 20 pst. ut over prisstigninga og forlengje innkrevjingsperioden med inntil 5 år. I tillegg vil ordninga med betinga refusjon bli nytta.

7.5.2 Eventuell kostnadsreduksjon og/eller auka inntening

Ved tidlegare vedtekne ferjeavløysingsprosjekt der alternativ bruk av ferjetilskot inngår i finansieringsplanen, er det lagt til grunn at eventuell reduksjon i prosjektkostnadane skal godskrivast post 72, slik at dei årlege utbetalingane kan stanse før det er gått 15 år.

Vegdirektoratet tilrår at dersom perioden med etterskotsinnkrevjing ligg an til å bli lengre enn 15 år, skal eventuelle innsparingar bidra til å redusere innkrevjingsperioden. Dersom innkrevjingsperioden ser ut til å bli kortare enn 15 år, går Vegdirektoratet inn for at eventuelle innsparingar skal godskrivast post 72, som for tidlegare vedtekne prosjekt.

Auka inntening er føresett å bidra til å redusere bompengeperioden, uavhengig av om perioden med etterskotsinnkrevjing vil bli over eller under 15 år.

7.6 Andre føresetnader for finansieringsplanen

Bompengeselskapet har inngått opsjonsavtale med ein bank, som gjer det mogleg for selskapet å binde renta over ein periode på 18 år, rekna frå januar 2007, med ei maksimal rente på 5,45 pst. Dette er lagt til grunn i finansieringsplanen. Etter januar 2025 er det lagt til grunn ei lånerente på 8 pst.

Etter opninga av vegsambandet er det rekna med ein eingongsauke i trafikken på 77 pst. Det er vidare lagt til grunn at den årlege trafikkveksten blir i tråd med prognosane for Hordaland som er utarbeidde for arbeidet med Nasjonal transportplan 2006-2015. Desse utgjer i perioden 2002-2005 2,3 pst., i perioden 2006-2011 1,7 pst., i perioden 2012-2020 0,9 pst. og i perioden 2021-2040 0,8 pst. Gjennomsnittleg årsdøgntrafikk i 2004 for ferjesambandet Bruravik - Brimnes var 970 kjøretøy (ÅDT).

Konsulenten ved den eksterne kvalitetssikringa meiner at dersom bompengesatsen rekna i faste prisar blir redusert over tid, er det mogleg at trafikkveksten blir noko større enn den generelle trafikkveksten som er lagt til grunn. Konsulenten har samstundes peika på at det er tilhøve som kan trekkje i motsett retning når det gjeld trafikkkvekst. I tråd med konsulenten si tilråding vil Statens vegvesen ta initiativ til at det blir gjort nærare analysar av samanhengen mellom bompengetakstar og trafikkmengde fram mot trafikkopning.

Følgjande basisføresetnader er lagt til grunn for finansieringsanalysen:

  • Lånerente 5,45 pst.

  • Årleg prisstigning 2 pst.

  • Utbetaling av lokale tilskot som føresett ved fylkestinget sin behandling av bompengesøknaden

  • Utbetaling av innsparte ferjetilskot over 15 år utan kompensasjon for renter og prisstigning

  • Gjennomsnittleg bompengetakst pr. kjøretøy ved forskotsinnkrevjinga:

    • 28,50 kr (2005-kr)

    • Gjennomsnittleg bompengetakst pr. kjøretøy ved etterskotsinnkrevjinga: 126,70 kr (2005-kr)

    • Årlege kostnader ved etterskotsinnkrevjinga: 4,6 mill. kr

    • Start på forskotsinnkrevjinga: vinteren/våren 2006.

    • Start på etterskotsinnkrevjinga: i løpet av 2011.

Med desse føresetnadene er perioden med etterskotsinnkrevjing rekna til om lag 15 år. Det er også rekna på eit alternativ med følgjande pessimistiske føresetnader:

  • Kostnadsauke opp til kostnadsramma, og delen til bompengeselskapet/lokale styresmakter (90 pst.) blir dekt med bompengar

  • Ingen årleg trafikkvekst etter opninga av prosjektet

  • Eingongsauken av trafikken etter opninga blir redusert til 50 pst.

  • Takstauke på 20 pst. etter 2 år

Med desse føresetnadene er perioden med etterskotsinnkrevjing rekna til om lag 22 år, dvs. ein auke på om lag 7 år. I eit slikt tilfelle vil ordninga med betinga refusjon bli nytta. Dersom det blir føresett at 100 mill. kr blir utbetalt i 2013, er perioden med etterskotsinnkrevjing rekna til vel 19 år.

Utan årleg trafikkvekst etter opninga av prosjektet og reduksjon av eingongsauken til 50 pst. vil innkrevjingsperioden auke med vel 6 år dersom det ikkje blir lagt til grunn takstauke og betinga refusjon. Dersom prosjektkostnadene aukar opp til kostnadsramma medan dei andre basisføresetnadene står fast, vil innkrevjingsperioden auke med vel 4 år.

7.7 Fylkeskommunale garantiar og betinga refusjon

Som det framgår av kapittel 4 har fylkestinget i møtet 15. desember 2004 fatta vedtak om fylkeskommunale garanti for eit bompengelån på inntil 1 300 mill. kr (2004-kr). Fylkeskommunen har vidare akseptert at ordninga med betinga refusjon kan nyttast for dette prosjektet med inntil 100 mill. kr (2004-kr).

Den fylkeskommunale garantien skal godkjennast av Kommunal- og regionaldepartementet. Garantien vil først komme til utbetaling dersom gjelda ikkje er mogleg å handtere innafor ein bompengeperiode på om lag 20 år etter at realtakstane er auka med inntil 20 pst., og bompengeselskapet si gjeld er redusert med midlane frå den betinga refusjonen over Hordaland si investeringsramme til øvrige riksvegar.