St.prp. nr. 2 (2005-2006)

Om utbygging og finansiering av rv 7/rv 13 Hardangerbrua i Hordaland

Til innhaldsliste

6 Trafikkgrunnlaget

Statens vegvesen sin transportmodell for Hordaland er nytta som grunnlag for å rekne ut trafikkgrunnlaget for Hardangerbrua. Modellen er utvikla av Sintef på grunnlag av m.a. Nasjonal Transportmodell. Grunnlagsdata for modellen er utarbeidde av Statistisk sentralbyrå og Norconsult AS (prognosar for busatte og arbeidsplassar). Den nasjonale reisevaneundersøkinga frå 1992 ligg som grunnlag for utviklinga av modellen. Modellen reknar fullt ut både korte reiser i fylket og lange reiser i heile Noreg. Turane blir fordelte mellom soner. Modellen gjer det mogleg å kalkulere endra reisemål og endra transportmiddelfordeling ved store endringar i transporttilbodet.

Fleire konsulentar har vore engasjerte for å kvalitetssikre trafikkgrunnlaget. Som ledd i kvalitetssikringa blei det gjort intervju på fjellovergangane aust - vest sommaren og hausten 2004.

I sluttfasen av arbeidet engasjerte Statens vegvesen Region vest Norconsult AS til å oppdatere transportmodellen som blei nytta i samband med tidlegare vurderingar av trafikkgrunnlaget for Hardangerbrua. Norconsult sin modell er ein enklare modell basert på trafikkteljingar.

Det er gjennomført utrekningar for Hardangerbrua med og utan bompengar og av korleis effektane vil vere av ein framtidig Jondalstunnel. Det er også rekna på korleis opphevinga av bompengeinnkrevjinga på Folgefonntunnelen vil innverke på trafikken på Hardangerbua. Det er lagt til grunn at bompengeinnkrevjinga i Folgefonntunnelen blir oppheva i 2016.

Begge transportmodellane viser at det blir ein liten auke i trafikken i Jondalstunnelen når bompengeinnkrevjinga i Folgefonntunnelen blir oppheva. Det totale trafikknivået for Jondalstunnelen er derimot svært ulikt i dei to modellane der Statens vegvesen sine tal er dei høgaste. Vidare gir Norconsult sin modell ein markant trafikkauke i Folgefonntunnelen når bompengeinnkrevjinga der blir oppheva, slik at Norconsult opererer med høgare tal enn Statens vegvesen etter 2016 og ein markant nedgang på Hardangerbrua. Statens vegvesen sin transportmodell gir ein auke av trafikken i Folgefonntunnelen og ingen endringar i trafikken på Hardangerbrua. Fram til 2016 er det rimeleg godt samsvar mellom dei to modellane når det gjelder Hardangerbrua sjølv om Norconsult sine tal ligg litt høgare.

Hovudårsaka til dei ulike resultata er at to ulike typar av modellar er nytta. Norconsult sin modell er bygd opp med basis i registrerte trafikktal. Dermed er det berre trafikk som kryssar desse teljesnitta som er rekna med i modellen. Norconsult-modellen manglar også den dynamikken som Staten vegvesen sin transportmodell har når det gjeld fordeling av trafikk på heilt nye reiserelasjonar (endra val av reisemål) eller på reiserelasjonar og endra transportmiddelval med grunnlag i ei kraftig forbetring i transporttilbodet. Vidare har Norconsult-modellen ikkje med fordeling mellom korte og lange reiser.

Statens vegvesen sin transportmodell har nytta 2020 som prognoseår. Tala er skrivne tilbake til 2010, som var planlagt opningsår, med NTP-prognosene for årleg vekst i Hordaland. Trafikkgrunnlaget i opningsåret er også rekna ut ved å framskrive faktiske trafikktal til 2010. Statens vegvesen har tatt utgangspunkt i tala som er skrivne tilbake frå 2020 som er dei lågaste.

Finansieringsanalysen for Hardangerbrua bør ta utgangspunkt i eit realistisk og nøkternt nivå for trafikkgrunnlaget. Fleire kvalitetssikringsarbeid har støtta opp under at Statens vegvesen sin transportmodell reknar trafikken på eit realistisk nivå. Ut frå intervjuundersøkingane frå 2004 er trafikkgrunnlaget redusert noko fordi intervjua tyder på at trafikken som blir overført til Hardangerbrua frå andre ruter aust - vest bør justerast noko ned. Det er dessutan lagt inn ein liten reduksjon i trafikken når bompengeinnkrevjinga i Folgefonntunnelen blir oppheva.

Trafikktala som Statens vegvesen har komme fram til for 2010 er vist i tabell 6.1. Statens vegvesen har tilrådd at det blir lagt til grunn ein årsdøgntrafikk for Hardangerbrua i 2010 på 1 950 kjøretøy.

Tabell 6.1 Trafiktal (ÅDT)

Alternativ Rv 7/rv 13 Hardangerfjorden Rv 7 Hardangervidda E16 Gudvangen E134 Haukeli
0-alternativet (referansealternativet) 1 100 900 1 350 1 100
Hardangerbrua (med bompengar) 1 950 1 300 1 000 1 000

0-alternativet (referansealternativet) forutset ingen endring, altså at Hardangerbrua ikkje blir bygd.

Ved den eksterne kvalitetssikringa er konsulenten sin konklusjon at ein årsdøgntrafikk på 1 950 kjøretøy i 2010 representerer eit nokså nøkternt overslag sjølv om storleiken på dei einskilde delkomponentane i trafikkauken kan diskuterast.

Ut frå justert framdrift for prosjektet med trafikkopning i løpet av 2011, har Statens vegvesen justert trafikkgrunnlaget med NTP-prognosane for årleg vekst i Hordaland. Statens vegvesen har etter dette tilrådd at det blir lagt til grunn ein årsdøgntrafikk for Hardangerbrua ved årsskiftet 2011/2012 på 2 000 kjøretøy.