St.prp. nr. 30 (1997-98)

Om samtykke til ratifikasjon av ein frihandelsavtale av 19. juni 1997 med tilhøyrande vedlegg og protokollar mellom EFTA-statane og Marokko, og erklæring i samsvar med protokoll E

Til innholdsfortegnelse

2 Frihandelsforhandlingane med Marokko. Bakgrunn og gjennomføring

2.1 Samkvemmet mellom EFTA og Marokko

Som europeisk frihandelsorganisasjon har EFTA interesse i å vere med på å byggje opp nye samarbeidsmønster med Middelhavsregionen. Hovudformålet er å sikre parallellitet med EU for å oppnå same handelsvilkår i Middelhavsregionen som EU. Gjennom utviklinga av eit frihandelssystem som òg inkluderer middelhavsland kan EFTA-statane medverke til å sikre økonomisk framgang og politisk stabilitet i Middelhavsregionen.

Dette låg m a til grunn for EFTA-ministrane si erklæring frå Bergen i juni 1995, der samkvemmet mellom EFTA-statane og tredjeland vart utvida til òg å gjelde land og regionar utanfor Europa. Erklæringa vart følgd opp med forhandlingar om samarbeidserklæringar med fleire statar i Middelhavsregionen, mellom dei Marokko. Under ministermøtet i Zermatt i desember 1995 underteikna EFTA-statane ei samarbeidserklæring med Marokko. Samarbeidserklæringa la grunnlaget for eit økonomisk samarbeid mellom EFTA-statane og Marokko, først og fremst på tekniske og handelsrelaterte felt. Erklæringa forplikta partane til å drøfte ei gradvis etablering av frihandel mellom partane.

Sidan underteikninga av samarbeidserklæringa mellom EFTA-statane og Marokko har det vore eit ønske både frå EFTA-statane og Marokko si side å få i stand eit endå vidare samarbeid ved å inngå ein frihandelsavtale. 17. april 1996 vart det arrangert eit første møte i Den blanda komiteén under samarbeidserklæringa. På møtet vart det semje om å setje ned ein underkomité som skulle sjå nærare på om det let seg gjære å forhandle fram ein frihandelsavtale. Eit utkast til frihandelsavtale vart overlevert Marokko 4. juli 1996 i Genève. Etter forhandlingane hausten 1996 og første halvår 1997 vart frihandelsavtalen underteikna 19. juni 1997.

I tråd med parallellitetsprinsippet som ligg til grunn for EFTA sine relasjonar med tredjeland er hovudformålet med frihandelsavtalen mellom EFTA-statane og Marokko å sikre same handelsvilkår som i assosieringsavtalen mellom EU og Marokko. Dette inneber at frihandelsavtalen medverkar til å sikre EU og EFTA eit tilnærma likt handelsregime i høve til Marokko.

Samstundes ønskjer EFTA-statane gjennom frihandelsavtalen å støtte opp om det breiare samarbeidet mellom EU og middelhavslanda med det formål å sikre politisk stabilitet og økonomisk utvikling i regionen, den såkalla Barcelona-prosessen. Ut frå dette omsynet har Middelhavsregionen på norsk side hatt høgre prioritet enn handelsvolumet skulle tilseie.

Samhandelen mellom EFTA-statane og Marokko var i 1996 på NOK 1102,7 millionar. Av dette hadde EFTA-statane eit handelsoverskot på NOK 172,7 millionar. Blant EFTA-statane hadde Sveits størst samhandel med Marokko med NOK 816,2 millionar, etterfølgt av Noreg med NOK 286,4 millionar. Island sin samhandel med Marokko er svært liten. Den sveitsiske eksporten til Marokko var i 1996 over dobbelt så stor som den sveitsiske importen frå Marokko. Den norske importen derimot var i 1996 over tre gonger så stor som den norske eksporten til Marokko. Dette er vidare omtala i vedlegg 4 «Den økonomiske utviklinga i Marokko» og vedlegg 5 «Handelssamkvem mellom EFTA-statane og Marokko og Noreg og Marokko».

2.2 Samkvemmet mellom EU og Marokko

EU har inngått assosiasjonsavtalar med ei rekkje statar i Middelhavsregionen, mellom dei Marokko. Assosiasjonsavtalane er omfattande avtalar og dekkjer m a handelssamarbeid, i tillegg til politisk, økonomisk og kulturelt samarbeid. Frihandelsdelen i avtalen omfattar industrivarer og til ein viss grad landbruksvarer, fisk og fiskeprodukt. Avtalen inneheld føresegner om opphavsreglar, konkurransereglar, offentlege innkjøp, immaterielt rettsvern, tvisteløysingsmekanismar, verneklausular, tenester, investeringar og etableringar.

Assosiasjonsavtalen mellom EU og Marokko vart underteikna 26. februar 1996. Avtalen er inne i ein godkjenningsprosess i EU, som venteleg vil vere avslutta innan utgangen av 1998. Assosieringsavtalane er ein viktig del av euro-middelhavssamarbeidet, som omfattar 27 partnarar. Eit hovudmål med det økonomiske samarbeidet i Barcelona-prosessen er å skape eit frihandelsområde mellom EU og middelhavslanda innan år 2010.

2.3 Forhandlingsprosessen

Under møtet mellom EFTA-statane og Marokko i Den blanda komitéen 17. april 1996 vart det oppretta ei undergruppe til å ta seg av frihandelsforhandlingane med Marokko. Utkast til frihandelsavtale mellom EFTA-statane og Marokko vart overlevert Marokko 4. juli 1996 i Genève.

Forhandlingane med Marokko har gått føre seg på embetsnivå i Rabat, Genève og Oslo i perioden 3. oktober 1996 til 9. juni 1997. EFTA-statane har opptredd som ei samla gruppe i forhandlingane på grunnlag av felles forhandlingsposisjonar som er oppnådde på førehand gjennom interne EFTA-møte.

Første runden av forhandlingane med Marokko fann stad i Rabat 3-4. oktober 1996, andre forhandlingsrunden i Genève 21-22. november 1996, tredje forhandlingsrunden i Genève 29-30. januar 1997, fjerde forhandlingsrunden i Genève 29-30. mai 1997 og siste forhandlingsrunden, saman med parafering av frihandelsavtalen, fann stad i Oslo 9. juni 1997. Den bilaterale landbruksprotokollen mellom Noreg og Marokko vart òg parafert i Oslo 9. juni 1997.

Den norske forhandlingsdelegasjonen har vore leia av Utanriksdepartementet. Representantar for andre departement har delteke i forhandlingane etter behov. På norsk side har hovudspørsmåla under forhandlingane vore avklara etter kvart i ei eiga interdepartemental referansegruppe for EFTA- og tredjelandsspørsmål. I tillegg til representantar frå Utanriksdepartementet har referansegruppa vore samansett av deltakarar frå Finansdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet, Fiskeridepartementet, Landbruksdepartementet, Toll- og avgiftsdirektoratet, Konkurransetilsynet og Patentstyret.

Landbruksdepartementet har leia forhandlingane om den bilaterale landbruksprotokollen mellom Noreg og Marokko, og desse forhandlingane har gått parallelt med forhandlingane om ein frihandelsavtale.

Til forsiden