St.prp. nr. 30 (1997-98)

Om samtykke til ratifikasjon av ein frihandelsavtale av 19. juni 1997 med tilhøyrande vedlegg og protokollar mellom EFTA-statane og Marokko, og erklæring i samsvar med protokoll E

Til innholdsfortegnelse

4 Nærare om form og innhald i frihandelsavtalen

4.1 Generelt

Frihandelsavtalen med Marokko inneheld ei innleiing, 42 artiklar, åtte vedlegg og fem protokollar. Vedlegga og protokollane utgjer integrerte delar av frihandelsavtalen. I tilknyting til avtalen er det underteikna ein tilleggsprotokoll («Record of Understanding»), og ein bilateral landbruksprotokoll mellom Noreg og Marokko.

4.2 Innleiinga til avtalen

Innleiinga til avtalen stadfester formåla med avtalen.

Partane slår mellom anna fast at dei ønskjer å skape gode vilkår for utvikling av handelen og å fremje kommersielt og økonomisk samarbeid på område av felles interesse.

Det vert vist til at EFTA-statane og Marokko er medlemer av WTO. Partane går inn for å styrkje det multilaterale handelssystemet og å utvikle handelen seg imellom i retning av frihandel, i samsvar med WTO-reglane.

4.3 Mål (artikkel 1)

Artikkelen slår fast at partane gradvis skal skape eit frihandelsområde i samsvar med føresegnene i avtalen. Det vert streka under at avtalen byggjer på handelssamkvem mellom statar med marknadsøkonomi og på respekt for demokratiske verdiar og menneskerettar. Siktemålet er å fremje det økonomiske samkvemmet mellom landa gjennom utvida samhandel basert på rettferdige handelsvilkår og nedbygging av handelshindringar. På denne måten vil avtalen kunne medverke til å fremje større økonomisk aktivitet, betre leve- og arbeidsvilkår og auka produktivitet og finansiell stabilitet.

4.4 Verkeområde (artikkel 2)

Artikkel 2 slår fast at føresegnene i avtalen skal gjelde handel med industrivarer under kapittel 25-97 i Harmonisert system for beskrivelse og koding av varer (HS), med unntak av visse vareslag som går fram av vedlegg I til avtalen. Føresegnene i avtalen omfattar òg handel med foredla landbruksvarer slik dei er oppførte i protokoll A til avtalen, og med fisk og fiskeprodukt som fastsett i vedlegg II.

Når det gjeld foredla landbruksvarer (protokoll A), gjev EFTA-statane og Marokko tollkonsesjonar i tråd med dei nasjonale varelistene i protokollen. Protokollen opnar framleis for å praktisere ordninga med råvarepriskompensasjon, dvs kompensasjon for ulike prisar i avtalestatane for dei råvarene som vert nytta i framstillinga av dei aktuelle foredla landbruksvarene. Avtalepartane har under visse føresetnader forplikta seg til ikkje å gje kvarandre dårlegare behandling når det gjeld handel med foredla landbruksvarer enn den behandlinga som til kvar tid vert praktisert i høve til EU.

Handel med fisk og fiskeprodukt er omhandla i vedlegg II til avtalen. Vedlegg II inneber at partane tillet frihandel for fisk og fiskeprodukt seg imellom, med visse unntak. Avtalen vil på sikt gje frihandel for fisk og fiskeprodukt med unntak for ferskvassfisk, der det førebels vil bli ein viss tollreduksjon. Sveits og Liechtenstein kan halde fast ved importtoll for somme produktslag med opphav i Marokko. Vedlegg II inneheld òg føresegner om regelverket for statsstøtte i fiskerisektoren som er i samsvar med føresegnene i EFTA-konvensjonen.

4.5 Opphavsreglar og tolladministrativt samarbeid (artikkel 3)

Opphavsreglane er ein nødvendig reiskap for å utnytte og avgrense dei tollpreferansar som ein frihandelsavtale gjev for økonomiske aktørar innanfor eit frihandelsområde i høve til aktørar som står utanfor frihandelsområdet. Reglane bestemmer kva produksjonskrav som må vere oppfylte for å oppnå status som frihandelsvarer («opphavsstatus») i området når det gjeld bruk av innsatsmateriale frå tredjeland, nødvendig foredling, frakt og opphavsdokumentasjon m m.

Artikkel 3 i avtalen gjev generelle retningsliner for samarbeidet på tollområdet og viser til protokoll B til avtalen, som gjev detaljerte føresegner om kva opphavsreglar som skal gjelde og om metodane for tolladministrativt samarbeid.

Protokoll B er utforma etter mønster av EU sin assosieringsavtale med Marokko. Opphavsregelverket er såleis ikkje oppgradert og modernisert til tilsvarande nivå som dei nye opphavsreglane i Europa som vert brukte for «europeisk kumulasjon».

Regelverket inneheld føresegner som tillet kumulasjon med opphavsprodukt frå Tunisia. Denne føresegna kan berre nyttast av Marokko og EFTA-statane så sant handelen mellom dei aktuelle partane er styrt av opphavsreglar som er identiske med dei som er nedfelte i frihandelsavtalen mellom EFTA og Marokko. For EFTA-statane sin del vil slik kumulasjon såleis ikkje vere mogeleg før frihandelsavtalen mellom EFTA og Tunisia er ferdigforhandla og implementert.

Protokoll B inneheld m a detaljerte føresegner om kor store mengder innsatsmateriale frå land utanfor frihandelsområdet (tredjeland) eit produkt kan innehalde for å oppnå «opphavsstatus» for preferansehandel innanfor frihandelsområdet. Det mest grunnleggjande er regelen om posisjonsskifte, dvs. at innsatsvarer frå land utanfor avtaleområdet må ha ein annan posisjon i Det harmoniserte tollsystemet (HS) enn ferdigvara. For produkt som er nemnde i den tilhøyrande prosesslista (vedlegg II), gjeld i staden krav om at materiala må vere i samsvar med dei produksjonsprosessane eller den verdiauken som er fastsett for kvart produkt.

I sluttfasen av forhandlingane vart det for lita tid til å oppdatere prosesslistene i samsvar med den nyaste revisjon av HS. Vedlegg II er difor i avtalen basert på 1992-versjonen av HS. Men partane er samde om at før avtalen trer i kraft, skal dette vedlegget oppjusterast til å vere i samsvar med den HS-revisjonen som skjedde pr 1.1.1996. Det gamle vedlegget vil på ikraftsetjingstidspunktet bli erstatta med ein oppdatert versjon gjennom eit vedtak i Den blanda komitéen.

Protokoll B inneheld vidare føresegner om oppretting av eit administrativt samarbeid mellom tollstyresmaktene hos partane, m a når det gjeld utferding og kontroll av opphavsdokumentasjon. Det er vedteke at det skal opprettast ein eigen underkomité for toll- og opphavsspørsmål under Den blanda komitéen, som skal drøfte aktuelle spørsmål på tollområdet.

4.6 Importtoll og avgifter med tilsvarande verknad (artikkel 4)

Denne artikkelen inneber at EFTA-statane og Marokko har forplikta seg til å avvikle all importtoll på industrivarer og avgifter med tilsvarande verknad frå avtalen trer i kraft, med visse unntak for Marokko som går fram av tabell A, B, C, D og E i vedlegg III til avtalen. Unntaka inneber at Marokko gradvis skal avvikle toll på visse industrivarer med opphav i ein EFTA-stat. All importtoll skal vere avvikla innan 12 år frå avtalen trer i kraft. Marokko forpliktar seg i tillegg til å avvikle alle referanseprisar på produkt som er oppførte i tabell F i vedlegg III i samsvar med dei plikter landet har teke på seg innanfor WTO seinest 3 år etter at avtalen tek til å gjelde.

4.7 Basistoll (artikkel 5)

Artikkel 5 fastset at basistollsatsen som skal danne utgangspunktet for tollreduksjon i samsvar med frihandelsavtalen, skal vere gjeldande bestevilkårssats pr 1. januar 1996. Avtalepartane forpliktar seg til å justere basistollsatsen dersom bestevilkårssatsen vert redusert, t d i samsvar med plikter som er resultat av Uruguay-runden.

4.8 Toll av fiskal karakter (artikkel 6)

Artikkel 6 presiserer at føresegnene i artikkel 4 (importtoll og avgifter med tilsvarande verknad) òg skal gjelde for fiskaltoll.

4.9 Eksportoll og avgifter med tilsvarande verknad (artikkel 7)

Artikkel 7 slår fast at det ikkje skal innførast ny eksporttoll eller tiltak med tilsvarande verknad i handelen mellom partane, og at all eksisterande eksporttoll og tiltak med tilsvarande verknad skal avviklast frå ikraftsetjingsdatoen.

4.10 Kvantitative import- og eksportrestriksjonar og tiltak med tilsvarande verknad (artikkel 8)

Artikkel 8 fastset at det ikkje skal innførast nye kvantitative import- og eksportrestriksjonar eller tiltak med tilsvarande verknad i handelen mellom partane. Eksisterande restriksjonar og tiltak med tilsvarande verknad skal avviklast frå ikraftsetjingsdatoen, med dei unntak som er fastsette for Marokko i vedlegg IV til avtalen.

4.11 Generelle unntak (artikkel 9)

Artikkel 9 fastset at avtalen ikkje skal vere til hinder for forbod mot eller restriksjonar på import, eksport eller varer i transitt ut frå omsynet til td offentleg moral, politikk og tryggleik, vern av miljøet, m m. Det vert presisert at slike tiltak ikkje skal kunne brukast som eit middel til vilkårleg forskjellsbehandling eller skjulte handelsrestriksjonar i handelen mellom partane.

4.12 Statsmonopol (artikkel 10)

Artikkel 10 skal sikre at det ikkje vert gjort skilnad på borgarar av EFTA-statar og Marokko med omsyn til innkjøps- og marknadsføringsvilkår for varer, ved at partane forpliktar seg til å gjennomføre ei tilpassing av statsmonopol som driv forretningsverksemd.

EFTA-statane forpliktar seg til å gjennomføre ei slik tilpassing før avtalen trer i kraft, med atterhald for føresegnene i protokoll C til avtalen. Marokko forpliktar seg til å gjennomføre ei gradvis tilpassing med omsyn til plikter etter WTO, som seinast skal vere ferdig fem år etter at avtalen har tredd i kraft.

Artikkelen gjev ein definisjon av kva organ som vert omfatta, og presiserer m a at monopol som staten gjev til ikkje-offentlege organ, skal omfattast av føresegnene.

4.13 Tekniske forskrifter (artikkel 11)

Artikkel 11 pålegg partane å samarbeide om tekniske forskrifter, standardar og samsvarsvurderingar, og å arbeide mot alleuropeiske løysingar. Partane forpliktar seg vidare til straks å halde konsultasjonar i Den blanda komitéen dersom ein avtalestat meiner at ein annan avtalestat har sett i verk tiltak som truleg vil skape eller har skapt ei handelshindring, for på den måten å finne ei tenleg løysing. Partane forpliktar seg vidare til å kunngjere utkast til tekniske forskrifter i samsvar med føresegnene om tekniske handelshindringar i WTO-avtalen.

4.14 Handel med landbruksvarer (artikkel 12)

Artikkel 12 inneber at avtalepartane seier seg reie til å fremje ei harmonisk utvikling i handelen med landbruksvarer. Det vert vidare vist til at kvar einskild EFTA-stat og Marokko har inngått ein bilateral protokoll om handel med uforedla landbruksvarer. Partane forpliktar seg i artikkelen til å handheve sine forskrifter om veterinære og plantesanitære tilhøve på ein måte som ikkje inneber forskjellsbehandling, og skal ikkje innføre nye tiltak som har som verknad at handelen vert hindra unødig.

Landbruksprotokollen (vedlegg 3) mellom Noreg og Marokko inneheld ei liste over einsidige tollkonsesjonar frå norsk side og opphavsreglar for handelen med landbruksvarer. Vidare inneheld protokollen ein klausul som forpliktar partane til å prøve å få i stand ei utvikling i handelen med landbruksvarer.

4.15 Innanlands skattlegging og reguleringar (artikkel 13)

Artikkel 13 forpliktar partane til å praktisere innanlands skattlegging og andre avgifter og reguleringar i samsvar med artikkel III i GATT 1994 og andre relevante WTO-avtalar. Eksportørar kan ikkje få refundert interne skattar som er større enn dei skattane som direkte eller indirekte er pålagde produkt som vert eksporterte til ein av avtalepartane.

4.16 Betalingar og overføringar (artikkel 14)

Artikkel 14 slår fast at det ikkje skal leggjast restriksjonar på betalingar og betalingsoverføringar i samband med handelen mellom ein EFTA-stat og Marokko. Partane skal ikkje innføre valutarestriksjonar eller administrative restriksjonar for tildeling, tilbakebetaling eller godkjenning av kortsiktige eller mellomlangsiktige kredittar til dekning av handelstransaksjonar der ein valutainnlending deltek. Artikkelen slår vidare fast at ingen restriktive tiltak skal gjelde for overføringar i tilknyting til investeringar.

4.17 Offentlege innkjøp (artikkel 15)

Partane erklærer i denne artikkelen at dei ser det som eit vesentleg mål å gjennomføre ei effektiv liberalisering av sine respektive marknader for offentlege innkjøp på gjensidig og likt grunnlag. For å oppnå dette skal partane innanfor Den blanda komitéen utarbeide reglar med sikte på å sikre ei slik liberalisering. Det skal takast rimeleg omsyn til utviklinga under oppsyn av WTO.

4.18 Immaterielt rettsvern (artikkel 16)

Artikkel 16 forpliktar partane til å syte for eit tilstrekkeleg, effektivt og ikkje-diskriminerande vern av immaterielle rettar, mellom anna tiltak for å sikre slike rettar mot krenking, forfalsking og kopiering, i samsvar med internasjonale avtalar.

Artikkelen forpliktar vidare begge partane til å gje borgarar av den andre parten minst like god behandling som dei gjev sine eigne borgarar og borgarar av andre statar. Fritak frå denne plikta må vere i samsvar med artikkel 3, 4 og 5 i WTOs TRIPS-avtale (Trade Related Aspects of Intellecual Proporty Rights).

Partane er samde om å gjennomgå føresegnene om vern av immaterielt rettsvern dersom ein avtalepart ber om det, med sikte på å styrkje vernet ytterlegare og for å unngå eller rette opp handelsvridingar som skuldast den gjeldande vernegraden av immaterielt rettsvern.

4.19 Konkurransereglar for føretak (artikkel 17)

Artikkel 17 gjev eit oversyn over avtalar og åtferd mellom bedrifter som er i strid med avtalen dersom dei har negativ verknad på handelen mellom partane. Dette gjeld alle avtalar mellom føretak, alle vedtak som vert gjorde av føretak og alle former for samordna praksis mellom føretak viss formålet eller verknaden er å hindre, innskrenke eller vri konkurransen. Vidare gjeld artikkelen dersom eitt eller fleire føretak på utilbørleg vis utnyttar ei dominerande stilling på territoria til avtalestatane eller på ein vesentleg del av desse territoria.

Det vert presisert at desse føresegnene òg skal gjelde for verksemda til offentlege føretak og føretak som er tildelte særlege rettar eller einerettar, så sant føresegnene ikkje hindrar dei i å utføre dei oppgåvene dei er pålagde.

Dersom ein av avtalepartane meiner at ein bestemt praksis er i strid med konkurranseføresegnene, kan han treffe eigna tiltak på dei vilkår og etter dei framgangsmåtar som er fastsette i artikkel 25 (Framgangsmåte ved bruk av vernetiltak).

4.20 Statsstøtte (artikkel 18)

Artikkel 18 slår fast at bruk av statsstøtte er i strid med avtalen dersom det vrir eller trugar med å vri konkurransen ved at somme føretak eller produksjonen av somme varer får fordelar, og dette verkar inn på handelen mellom partane. All praksis som er i strid med føresegna, skal vurderast ut frå dei kriteria som er fastsette i vedlegg VI til avtalen. Vedlegg VI fastset nærare retningsliner for gjennomføring av artikkelen og gjer greie for tiltak som ikkje vert omfatta av føresegnene. Vedlegget gjev vidare eit oversyn over støttetiltak som ikkje er tillatne og tiltak som på nærare vilkår kan godkjennast, m a distriktsstøtte, støtte til å skape arbeidsplassar, miljøtiltak m m Partane forpliktar seg til å sikre innsyn i statlege støttetiltak ved å utveksle informasjon slik det er føreskrive i vedlegg VII.

Dersom ein avtalepart meiner at reglane om statsstøtte er brotne, kan han setje i verk eigne tiltak på dei vilkår og etter dei framgangsmåtar som er fastsette i artikkel 25 (Framgangsmåte ved bruk av vernetiltak).

4.21 Dumping (artikkel 19)

Artikkel 19 inneber at dersom det førekjem dumping i samsvar med definisjonen i artikkel VI i Generalavtalen om tolltariffar og handel, kan den avtalestaten det går ut over, setje i verk eigna tiltak mot denne praksisen i samsvar med GATT-regelverket og dei framgangsmåtane som er fastsette i artikkel 25 (Framgangsmåte ved bruk av vernetiltak).

4.22 Krisetiltak mot import av visse produkt (artikkel 20)

Artikkel 20 opnar for bruk av krisetiltak dersom det oppstår ein auke i importen av eit produkt i eit omfang og under tilhøve som er eller trugar med å bli til alvorleg skade for innanlandske produsentar av tilsvarande produkt eller direkte konkurrerande produkt i den importerande avtalestaten. Slike tiltak kan òg nyttast ved alvorlege avvik i tilknytte sektorar av økonomien eller vanskar som kan føre til ei alvorleg forverring av den økonomiske situasjonen i ein region. Ved bruk av krisetiltak skal dei framgangsmåtane som er fastsette i artikkel 25 (Framgangsmåte ved bruk av vernetiltak) nyttast.

4.23 Strukturtilpassing (artikkel 21)

Artikkel 21 gjev Marokko rett til, i visse tilfelle og for ei avgrensa tid, å innføre høgre importtoll eller avgifter med tilsvarande verknad for å lette strukturtilpassing. Slike tiltak kan berre gjelde nye næringsgreiner, eller bestemte sektorar som er under omstrukturering eller står overfor alvorlege vanskar, særleg når desse vanskane medfører store sosiale problem.

Den samla tollen i Marokko for produkt med opphav i EFTA-statar som er ein følgje av slike tiltak, skal ikkje overstige 25 % av verdien av produkta og skal innehalde ein viss preferanse for produkt frå EFTA-statar. Denne tollen må ikkje vere høgre enn tollen som vert lagde på import til Marokko av liknande varer frå noko anna land. Den samla verdien for import av produkt som desse tiltaka får følgjer for, skal ikkje overstige 15 % av samla import av desse industrivarene frå EFTA-statane.

Desse tiltaka skal gjelde for eit tidsrom som ikkje overstig tre år, med mindre Den blanda komitéen gjev løyve til eit lengre tidsrom. Alle ekstraordinære tiltak i samband med omstrukturering skal opphøyre seinast åtte år etter at avtalen tek til å gjelde.

Marokko skal informere Den blanda komitéen om alle ekstraordinære tiltak staten aktar å setje i verk, og på oppmoding frå EFTA-statane skal det haldast konsultasjonar i Den blanda komitéen om slike tiltak og sektorane dei skal gjelde for, før dei vert sette i verk. Når slike tiltak vert sette i verk, skal Marokko leggje fram for Den blanda komitéen ein timeplan for denne artikkelen. Timeplanen skal innebere ei nedtrapping av tollen med like årlege satsar, som skal starte seinest to år etter at tollen vart innført. Den blanda komitéen kan fastsetje ein annan timeplan.

4.24 Vidareeksport og alvorleg varemangel (artikkel 22)

Artikkel 22 slår fast at avtalepartane kan setje i verk vernetiltak etter framgangsmåten i artikkel 25 (Framgangsmåte ved bruk av vernetiltak) dersom ein avtalepart eksporterer til ein annan avtalepart og denne vidareeksporterer til eit land utanfor avtaleområdet som den førstnemnde avtaleparten brukar kvantitative eksportrestriksjonar, eksporttoll eller tiltak med tilsvarande verknad mot med omsyn til vedkommande produkt. Vernetiltak kan òg setjast i verk ved alvorleg skort på eit produkt som er vesentleg for den eksporterande avtalestaten, eller når det er fare for at det kan oppstå slik skort. Tiltaka skal ikkje vere diskriminerande og skal fjernast når tilhøva ikkje lenger gjev grunn til å halde dei ved lag.

4.25 Vanskar med betalingsbalansen (artikkel 23)

Artikkel 23 slår fast at partane skal streve etter å unngå å innføre restriktive tiltak av omsyn til betalingsbalansen. Dersom ein EFTA-stat eller Marokko har alvorlege vanskar med betalingsbalansen eller det er direkte fare for det, kan avtalepartane innføre ikkje-diskriminerande handelsavgrensande tiltak for ei avgrensa tid, i samsvar med vilkåra i GATT/WTO.

4.26 Skilsdomsbehandling (artikkel 24)

Artikkel 24 opnar for at tvistar mellom partane om tolkinga av rettar og plikter etter avtalen, som ikkje er løyste ved samråd eller i Den blanda komitéen innan seks månader, kan leggjast fram for skilsdom av ein stat som er part i tvisten. Korleis skilsdomstolen skal opprettast og arbeide, er regulert av føresegnene i vedlegg VIII. Skilsdomstolen skal avgjere tvisten i samsvar med føresegnene i avtalen og gjeldande reglar og prinsipp i folkeretten. Skilsdomstolen si avgjerd skal vere endeleg og bindande for statane som er part i tvisten.

4.27 Framgangsmåte ved bruk av vernetiltak (artikkel 25)

Artikkel 25 fastset framgangsmåten for bruk av vernetiltak. Det vert presisert at partane før slike tiltak vert sette i verk, skal freiste å løyse eventuell usemje seg imellom gjennom direkte konsultasjonar og informere dei andre partane om dette.

4.28 Unntak av tryggingsgrunnar (artikkel 26)

Artikkel 26 slår fast at avtalen ikkje skal vere til hinder for at partane kan setje i verk nødvendige tiltak for å hindre spreiing av opplysningar som er i strid med deira vesentlege tryggingsinteresser. Vidare kan partane på visse vilkår treffe tiltak for å verne sine vesentlege tryggingsinteresser eller for å gjennomføre internasjonale skyldnader eller nasjonal politikk som gjeld reguleringar av våpenhandel eller spreiing av masseøydeleggingsvåpen. Tilsvarande gjeld i krigstid eller i situasjonar med alvorleg internasjonal spenning.

4.29 Utviklingsklausul (artikkel 27)

I artikkel 27 forpliktar partane seg til å undersøkje om det er mogeleg å utvikle og utdjupe samarbeidet og utvide det til område som ikkje er omfatta av avtalen.

4.30 Tenester og investeringar (artikkel 28)

I artikkel 28 erklærer partane at dei ser på desse områda som spesielt viktige. Dei vil difor samarbeide for å fremje investeringar og for å oppnå ei gradvis liberalisering og gjensidig opning av marknadene for handel med tenester, på basis av integrasjonen i Euro-Middelhavsområdet og WTO.

4.31 Teknisk assistanse (artikkel 29)

Artikkel 29 seier at avtalepartane skal bli samde om ei passande ramme for teknisk assistanse og samarbeid, og samordne innsatsen med aktuelle internasjonale organisasjonar, særleg innanfor immaterielt rettsvern, tollsaker og tekniske reguleringar.

4.32 Den blanda komitéen (artikkel 30 og 31)

Artikkel 30 og 31 inneheld føresegner om Den blanda komiteéen, som i samsvar med samarbeidserklæringa som vart underteikna i Zermatt i desember 1995, skal administrere og overvake gjennomføringa av avtalen. Partane forpliktar seg til å utveksle informasjon, og skal på oppmoding frå ein av partane halde konsultasjonar i Den blanda komitéen. Den blanda komitéen skal stendig vurdere om det er mogeleg å fjerne ytterlegare handelshindringar mellom EFTA-statane og Marokko. Den blanda komitéen kan fatte vedtak i dei saker avtalen gjev heimel for. I andre saker kan Den blanda komitéen setje fram tilrådingar.

Den blanda komitéen skal komme saman etter behov, normalt ein gong i året. Kvar stat som er part i avtalen, kan be om møte. Den blanda komitéen skal handle i gjensidig forståing. Dersom representanten for ein avtalestat i Den blanda komitéen har godteke eit vedtak med atterhald om oppfylling av konstitusjonelle krav, skal vedtaket tre i kraft den dagen det er gjeve melding om at atterhaldet er oppheva, med mindre det er sett ein seinare dato. Den blanda komitéen skal vedta sin eigen forretningsorden, som mellom anna skal innehalde føresegner om møteinnkalling og om utpeiking av formann og kor lenge formannsvervet skal vare, og kan vedta å opprette dei underkomitéar og arbeidsgrupper han finn at han treng for å gjennomføre oppgåvene sine.

4.34 Oppfylling av plikter (artikkel 32)

Artikkel 32 inneber at partane forpliktar seg til å treffe dei tiltak som trengst for å sikre at måla med avtalen vert nådde og at dei oppfyller sine plikter i samsvar med avtalen. Dersom ein EFFTA-stat meiner at Marokko ikkje har oppfylt sine plikter i samsvar med avtalen, kan den aktuelle avtalepart setje i verk eigna tiltak i samsvar med artikkel 25 (Framgangsmåte ved bruk av vernetiltak).

4.35 Tilhøvet mellom denne avtalen og WTO-avtalen (artikkel 33)

Artikkel 33 slår fast at partane forpliktar seg til å sikre at avtalen er i samsvar med dei rettar og plikter dei har etter WTO-avtalen, og at partane ikkje skal gje kvarandre dårlegare behandling enn den som følgjer av WTO-avtalen.

4.36 Vedlegg og protokollar (artikkel 34)

Artikkel 34 slår fast at vedlegga og protokollane til avtalen utgjer ein integrert del av avtalen. Vedlegga og protokollane kan endrast ved vedtak i Den blanda komitéen.

4.37 Handelssamkvem som vert regulert av denne avtalen (artikkel 35)

Artikkel 35 slår fast at avtalen gjeld for handelssamkvem mellom dei ulike EFTA-statane på den eine sida og Marokko på den andre, men ikkje for handelssamkvem mellom dei einskilde EFTA-statane, med mindre anna er fastsett i avtalen.

4.38 Territoriell rekkjevidd (artikkel 36)

Artikkel 36 slår fast at frihandelsavtalen gjeld på avtalepartane sine territorium, med dei unntaka som framgår av protokoll E. Protokoll E gjev Noreg rett til ved ratifikasjon å halde Svalbard utanom det geografiske verkeområdet for avtalen, med unntak av dei føresegnene som gjeld handelen med varer. Noreg vil gjere seg nytte av denne retten.

Likebehandlingsprinsippet i Svalbardtraktaten inneber at dersom frihandelsavtalen skulle gjelde på Svalbard, ville dette i prinsippet kunne få utilsikta følgjer for dei rettane som Noreg må tilkjenne partane i Svalbardtraktaten.

Ein ser det slik at frihandelsavtalen ikkje gjev partane meir omfattande rettar med omsyn til import og eksport av varer enn dei rettane Svalbardtraktaten gjev partane i denne. På bakgrunn av dette vart det under forhandlingane med Marokko ikkje rekna for nødvendig å be om unntak frå bruken av frihandelsavtalen på Svalbard når det gjeld handelen med varer. Unntaket får dermed berre verknad for rettar som følgjer av andre delar av frihandelsavtalen, i første rekkje regelverket for offentlege innkjøp og handel med tenester, som etter føresetnaden skal utviklast innanfor ramma av artikkel 15 (Offentlege innkjøp) og artikkel 28 (Tenester og investeringar) i frihandelsavtalen. Unntaka vil òg kunne få verknad dersom verkeområdet for avtalen vert utvida til andre område i samsvar med utviklingsklausulen (artikkel 27 i avtalen).

Dei same vurderingane som vart gjorde under forhandlingane om frihandelsavtalen når det gjeld tilhøvet til partane i Svalbardtraktaten, ligg òg til grunn for at EØS-avtalen, som mellom anna omfattar føresegner om offentlege innkjøp og handel med tenester, ikkje får verknad for Svalbard. I samsvar med dette er det EFTA-avtalen (Stockholmskonvensjonen) og frihandelsavtalen mellom Noreg og EU som gjeld for handelen mellom EØS-land og denne delen av norsk territorium.

4.39 Tollunionar, frihandelsområde, grensehandel og andre preferenseavtalar (artikkel 37)

Artikkel 37 fastslår at frihandelsavtalen ikkje skal vere til hinder for vidareføring og oppretting av tollunionar, frihandelsområde, grensehandelsordningar eller andre preferanseavtalar, i samsvar med artikkel XXIV og del IV i GATT 1994, så sant dei ikkje verkar negativt inn på handelssystemet som er fastsett i denne avtalen.

4.40 Endringar (artikkel 38)

Artikkel 38 slår fast at endringar i avtalen, utover endringar som er omtala i artikkel 34 (Vedlegg og protokollar), skal leggjast fram for avtalepartane til godkjenning og tre i kraft når dei er godkjende av alle partar. Både teksten til endringane og godkjenningsdokumenta skal deponerast hos depositaren, som er den norske regjeringa.

4.41 Tiltreding (artikkel 39)

I artikkel 39 går det fram at alle statar som er medlemer av EFTA kan tiltre frihandelsavtalen, etter godkjenning av Den blanda komitéen. Tiltredingsdokument skal deponerast hos depositaren. For ein stat som tiltrer frihandelsavtalen, skal han tre i kraft første dagen i tredje månaden etter at staten har deponert sitt tiltredingsdokument.

4.42 Oppseiing og opphøyr (artikkel 40)

Artikkel 40 slår fast at kvar part kan seie opp avtalen med seks månaders skriftleg varsel til depositaren. Dersom Marokko seier opp avtalen, skal han slutte å gjelde når oppseiingsperioden går ut, og dersom alle EFTA-statane seier opp avtalen, skal han slutte å gjelde når den siste oppseiingsperioden går ut. Dersom ein EFTA-stat trekkjer seg frå konvensjonen om oppretting av EFTA, opphøyrer staten å vere part i frihandelsavtalen frå den dagen oppseiinga trer i kraft.

4.43 Ikraftsetjing (artikkel 41)

Artikkel 41 slår fast at denne avtalen krev ratifikasjon, og at ratifikasjonsdokumenta skal deponerast hos depositaren. Avtalen trer i kraft første dagen i andre månaden etter at alle statane har deponert sine ratifikasjonsdokument.

4.44 Depositar (artikkel 42)

Artikkel 42 slår fast at regjeringa i Noreg er depositar for avtalen. Dette inneber at Noreg har ansvaret for å oppbevare avtalen og orientere alle avtalepartane om deponering av alle ratifikasjonsdokument, tiltredings- eller godkjenningsinstrument for endringar etter artikkel 38, og om ikraftsetjing av avtalen og om endringar i avtalen som vert gjorde etter framgangsmåten som er fastsett i artikkel 38, om opphøyr og om alle oppseiingar av avtalen.

Avtalen er utferdiga i ein engelsk og ein fransk original, som båe skal vere like gyldige.

4.45 Tilleggsprotokollen («Record of Understanding»)

Ein egen tilleggsprotokoll er avtala mellom avtalepartane, og er teken inn i vedlegg 2. Protokollen utgjer presiseringar frå ein eller fleire av avtalepartane si side når det gjeld gjennomføringa av avtalen, og ein erklært vilje til å utvide avtalen på visse område.

EFTA-statane og Marokko seier seg reie til å innlemme Tunisia i eit samarbeid innan handel på visse vilkår. Det same dersom det vert inngått ein frihandelsavtale mellom EFTA-statane og Algerie.

EFTA-statane og Marokko skal óg undersøkje om det let seg gjere å innlemme Dei europeiske fellesskapa i dei føresegnene i avtalen som gjeld kumulasjon av opphav.

Vidare skal EFTA-statane og Marokko undersøkje om det let seg gjere å utvide og forbetre opphavsreglane ytterlegare, her medrekna kumulasjon og forbod mot drawback eller fritak, med tanke på å utvide og fremje produksjon og handel mellom europeiske land og land i Middelhavsområdet.

EFTA-statane seier seg reie til å støtte Marokko sin innsats på bakgrunn av den langvarige sosiale og økonomiske utviklinga i landet, og til å fremje samarbeid mellom EFTA-statane og Marokko på basis av Zermatt-erklæringa. Samarbeidet vil bli etablert på område i tilknyting til liberaliseringsprosessen i den marokkanske økonomien, særleg liberaliseringa av handelen mellom Marokko og EFTA-statane.

4.46 Den bilaterale landbruksprotokollen (Vedlegg 3)

Landbruksprotokollen mellom Noreg og Marokko er teken inn i vedlegg 3. Protokollen inneheld ei liste over einsidige tollkonsesjonar frå norsk side og opphavsregler for handelen med landbruksvarer. Protokollen inneheld vidare ein klausul som forpliktar partane til å søkje å oppnå ei utvikling i handelen med landbruksvarer.

Til forsiden