St.prp. nr. 30 (1997-98)

Om samtykke til ratifikasjon av ein frihandelsavtale av 19. juni 1997 med tilhøyrande vedlegg og protokollar mellom EFTA-statane og Marokko, og erklæring i samsvar med protokoll E

Til innholdsfortegnelse

5 Vurderingar og tilråding

Frihandelsavtalen mellom EFTA og Marokko og den bilaterale landbruksprotokollen mellom Noreg og Marokko medfører ikkje særlege budsjettmessige konsekvensar for Noreg.

Utover vanlege oppgåver i samband med Den blanda komitéen og toll- og opphavsrelaterte oppgåver, vil ikkje avtalen og landbruksprotokollen medføre administrative konsekvensar.

Frihandelsavtalen med tilhøyrande vedlegg og protokollar er lagde fram for Finansdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet, Landbruksdepartementet og Fiskeridepartementet, som alle tilrår ratifikasjon. Den bilaterale landbruksprotokollen mellom Noreg og Marokko er lagde fram for Landbruksdepartementet, som tilrår ratifikasjon. Utanriksdepartementet sluttar seg til standpunktet til dei nemnde departementa.

Avtalen ligg føre i engelsk og fransk språkversjon, som begge er like gyldige. Avtrykk av avtalen i engelsk språkversjon og uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til denne proposisjonen.

Til forsiden