St.prp. nr. 30 (1997-98)

Om samtykke til ratifikasjon av ein frihandelsavtale av 19. juni 1997 med tilhøyrande vedlegg og protokollar mellom EFTA-statane og Marokko, og erklæring i samsvar med protokoll E

Til innholdsfortegnelse

3 Dei viktigaste forhandlingsresultata

3.1 Generelt

Frihandelsavtalen mellom EFTA og Marokko er forhandla fram i samsvar med artikkel XXIV i GATT, som slår fast at vareomfanget i regionale frihandelsavtalar skal dekkje hovuddelen av samhandelen og at avvikling av eventuelle handelshindringar som toll- og kvantitative restriksjonar må iverksetjast etter ein tidsplan som er fastsett på førehand.

Avtalen inneheld såleis føresegner som byggjer på utviklinga den seinare tida i det internasjonale handelsregimet.

Marokko er mottakarland for det norske tollpreferanseordninga (GSP). Denne sluttar å gjelde frå avtalen trer i kraft. Dette inneber at utvida tollfridom ved import til Noreg frå Marokko berre vil omfatte visse industrivarer og landbruksvarer, sidan dei fleste varer (med unntak for tekstilvarer) alt kan importerast tollfritt eller mot redusert toll til Noreg gjennom GSP-ordninga. Overgangen frå GSP til frihandel inneber såleis ikkje store reduksjonen i tollinntektene for Noreg, sidan Marokko får monalege tollreduksjonar på import etter GSP-ordninga, og sidan importen til Noreg frå Marokko er relativt låg.

3.2 Industrivarer

Artikkel 4 inneber at EFTA-statane og Marokko har forplikta seg til å avvikle all importtoll på industrivarer og avgifter med tilsvarande verknad frå avtalen trer i kraft, med visse unntak for Marokko som går fram av tabell A, B, C, D og E i vedlegg III til avtalen. Unntaka inneber at Marokko gradvis skal avvikle toll på visse industrivarer med opphav i EFTA. All importtoll skal vere avvikla innan 12 år frå avtalen trer i kraft. Marokko forpliktar seg i tillegg til å avvikle alle referanseprisar på produkt oppførte i tabell F i vedlegg III i samsvar med sine plikter innanfor WTO seinast 3 år etter at avtalen har tredd i kraft. Artikkel 7 i avtalen inneber at EFTA-statane og Marokko har forplikta seg til å avvikle all eksporttoll på industrivarer og avgifter med tilsvarande verknad frå avtalen trer i kraft.

Når frihandelsavtalen avløyser GSP-ordninga, inneber dette at Marokko vil få utvida sin tollfridom til også å gjelde tekstilar, sengeklede og fottøy, sidan tollfritak ved import av industriprodukt etter GSP-ordninga ikkje omfattar desse produkta for ordinære utviklingsland.

3.3 Fisk og fiskeprodukt

I vedlegg II til avtalen har EFTA-statane og Marokko forplikta seg til å avskaffe all toll på fisk og fiskeprodukt frå avtalen trer i kraft, med visse unntak for Marokko som går fram av tabell 2-8 i vedlegg II. Unntaka inneber at Marokko kan halde ved lag importtoll for visse fiskeprodukt med opphav i ein EFTA-stat i ein overgangsperiode. Avtalen vil på sikt gje frihandel for fisk og fiskeprodukt med unntak for ferskvassfisk, der det førebels vil bli ein viss tollreduksjon. Sveits og Liechtenstein kan halde ved lag importtoll for somme produktslag med opphav i Marokko. Vedlegg II inneheld òg føresegner om regelverket for statsstøtte i fiskerisektoren som er i samsvar med føresegnene i EFTA-konvensjonen.

3.4 Foredla landbruksvarer

Frihandelsavtalen omfattar foredla landbruksvarer slik det går fram av protokoll A til avtalen. Protokoll A inneber at EFTA-statane og Marokko gjev tollkonsesjonar for foredla landbruksvarer i samsvar med dei nasjonale varelistene i protokollen. Protokollen opnar framleis for å praktisere ordninga med råvarepriskompensasjon, dvs kompensasjon for ulike prisar i avtalestatane for dei råvarer som vert nytta i framstillinga av dei aktuelle foredla landbruksvarene. Avtalepartane har under visse føresetnader forplikta seg til ikkje å gje kvarandre dårlegare behandling når det gjeld handel med foredla landbruksvarer enn den behandling som til kvar tid vert praktisert i høve til EU.

For dei aller fleste produkt som er omfatta av protokoll A til frihandelsavtalen, vil frihandelsavtalen medføre større tollpreferansar enn Marokko har hatt innanfor GSP-systemet.

3.5 Uforedla landbruksvarer

Handelen med uforedla landbruksvarer er ikkje regulert gjennom EFTA-samarbeidet, og det er difor forhandla fram ein bilateral landbruksprotokoll mellom Noreg og Marokko. Protokoll 12 til frihandelsavtalen inneheld ei erklæring om at avtalen skal medverke til å fremje harmonisk utvikling i handelen med landbruksvarer innanfor rammene av partane sin landbrukspolitikk. Artikkel 12 viser deretter direkte til dei bilaterale landbruksprotokollane. Landbruksprotokollane er nært knytte til frihandelsavtalen, og er difor behandla og vedlagde i denne proposisjonen. Frihandelsavtalen og den bilaterale landbruksprotokollen vil bli notifiserte samtidig til WTO for å tilfredsstille kravet i artikkel XXIV i GATT/WTO om at eit frihandelsområde skal omfatte hovuddelen av handelen. Tilsvarande protokollar er forhandla fram med dei andre landa EFTA-statane har inngått frihandelsavtalar med.

Landbruksprotokollen mellom Noreg og Marokko (vedlegg 3) inneheld ei liste over einsidige tollkonsesjonar frå norsk side og opphavsregler for handelen med landbruksvarer. Han inneheld elles ein klausul som forpliktar partane til å søkje å oppnå ei utvikling i handelen med landbruksvarer. For dei fleste landbruksvarer som tradisjonelt har vore importerte frå Marokko, vert GSP-preferansen ført vidare gjennom den bilaterale landbruksprotokollen.

3.6 Opphavsreglar og tolladministrativt samarbeid

Føresegnene i frihandelsavtalen om opphavsreglar og tolladministrativt samarbeid er nedfelte i artikkel 3 og protokoll B til avtalen. Når det gjeld artikkel 3 i avtalen, er føresegna utforma i tråd med EFTA-statane sine avtalar med statane i Sentral- og Aust-Europa.

3.7 Kvantitative restriksjonar på import og eksport

Frå frihandelsavtalen trer i kraft, skal kvantitative restriksjonar og tiltak med tilsvarande verknad på import og eksport avviklast både i EFTA-statane og i Marokko. Marokko har fått nokre unntak for visse typar gummi.

3.8 Strukturtilpassingar

For å støtte opp om den marokkanske økonomien kan Marokko på visse vilkår innføre importtoll på varer frå EFTA for å verne om tilsvarande produksjon i eigne industriar som er under oppbygging, eller i sektorar som er under omlegging eller står overfor alvorlege strukturproblem.

3.9 Utviklingsklausul

Til liks med andre EFTA-frihandelsavtalar inneheld avtalen ein utviklingsklausul som opnar for at samarbeidet kan utdjupast på eksisterande område, eller utvidast til å gjelde område som ikkje er dekte av avtalen.

3.10 Tenester og investeringar

På området tenester og investeringar slår partane fast at dei på sikt ønskjer å utvikle og utvide samarbeidet, i lys av den aukande rolla desse områda spelar i internasjonal handel. Partane vil samarbeide for å fremje investeringar og for å oppnå gradvis liberalisering og gjensidig marknadstilgang for handel med tenester. Desse spørsmåla vil bli tekne opp i Den blanda komitéen.

3.11 Vernetiltak

I frihandelsavtalen er det teke inn føresegner som opnar for at partane kan innføre vernetiltak av ulikt slag dersom marknaden vert alvorleg forstyrra eller i andre unntakstilfelle. Avtalepartane pliktar å melde frå til kvarandre i Den blanda komitéen om ikraftsetjing av slike tiltak.

3.12 Tvisteløysing

Avtalen inneheld ein detaljert prosedyre for tvisteløysing vedrørande tolkinga av dei rettar og plikter partane har etter avtalen. Dette vert først aktuelt i tilfelle der spørsmålet ikkje er løyst gjennom konsultasjonar i Den blanda komitéen.

3.13 Tilleggsprotokollen («Record of Understanding»)

Tilleggsprotokollen er ikkje formelt ein del av avtalen, men avspeglar ei politisk forståing mellom partane når det gjeld gjennomføringa av delar av avtalen og vilje hos partane til å vidareutvikle avtalen på visse område. Tilleggsprotokollen utgjer såleis ei viktig ramme for forståinga og gjennomføringa av avtalen.

Til forsiden