St.prp. nr. 36 (2006-2007)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av avgjerd nr. 1720/2006/EF av 15. november 2006 om fast­setjing av eit handlingsprogram for livslang læring

Til innhaldsliste

1 Avgjerd i EØS-komiteen nr. [...] av [...]om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridommane

EØS-KOMITEEN HAR –

med tilvising til avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, endra ved protokollen om justering av avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, heretter kalla «avtala», særleg artikkel 86 og 98, og

på følgjande bakgrunn:

  1. Protokoll 31 til avtala vart endra ved avgjerd i EØS-komiteen nr. .../... av ... 1 .

  2. Samarbeidet mellom avtalepartane bør utvidast til å omfatte europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 1719/2006/EF av 15. november 2006 om skiping av programmet «Aktiv ungdom» for tidsrommet 2007-2013 2 .

  3. Samarbeidet mellom avtalepartane bør utvidast til å omfatte europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 1720/2006/EF av 15. november 2006 om skiping av eit handlings­program på området livslang læring 3 .

  4. Protokoll 31 til avtala bør difor endrast for å gjere eit slikt utvida samarbeid mogleg frå 1. januar 2007 –

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

I protokoll 31 artikkel 4 vert det gjort følgjande endringar:

  1. Etter nr. 2k skal nytt nr. 2l lyde:

    «2l. EFTA-statene skal fra 1. januar 2007 delta i følgende programmer:

    • 32006 D 1719: Europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 1719/2006/EF av 15. november 2006 om skiping av programmet «Aktiv ungdom» for tidsrommet 2007-2013 (EUT L 327 av 24.11.2006, s. 30),

    • 32006 D 1720: Europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 1720/2006/EF av 15. november 2006 om skiping av eit handlingsprogram på området livslang læring (EUT L 327 av 24.11.2006, s. 45).»

  2. Teksten i nr. 3 skal lyde:

    «EFTA-statene skal bidra finansielt til programmene og tiltakene omhandlet i nr. 1, 2, 2a, 2b, 2c, 2d, 2e, 2f, 2g, 2h, 2i, 2j, 2k og 2l, i samsvar med avtalens artikkel 82 nr. 1 bokstav a).»

Artikkel 2

Denne avgjerda tek til å gjelde dagen etter at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala 4 .

Avgjerda skal nyttast frå 1. januar 2007.

Artikkel 3

Denne avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.

Utferda i Brussel, [...]

For EØS-komiteen

Formann

[...]

Sekretærar for EØS-komiteen

[...]

Fotnotar

1.

TEU ...

2.

TEU L 327 av 24.11.2006, s. 30.

3.

TEU L 327 av 24.11.2006, s. 45.

4.

[Forfatningsrettslege krav oppgjevne.] [Ingen forfatningsrettslege krav oppgjevne.]