St.prp. nr. 36 (2006-2007)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av avgjerd nr. 1720/2006/EF av 15. november 2006 om fast­setjing av eit handlingsprogram for livslang læring

Til innhaldsliste

5 Administrative og økonomiske konsekvensar

Kunnskapsdepartementet vil ha eit overordna ansvar for den norske deltakinga i programmet for livslang læring. Senter for internasjonalisering av høgare utdanning (SIU) er peika ut som nasjonalt kontor med ansvar for å samordne gjennomføringa av tiltaka innanfor heile programmet på nasjonalt plan.

Avgjerda i EØS-komiteen vil innebere ei plikt for EØS-EFTA-statane til å ta del i finansieringa av programmet. Programmet har ei samla ramme på 6,97 mrd. euro for dei sju åra programmet varer. For Noregs del vil det seie om lag 151 mill. kroner i snitt per år. I praksis vil utgiftene til kontingent verte ulikt fordelte over åra, alt etter kva framdrift aktivitetane har. Det er venta ein gradvis auke i dei årlege utgiftene med ein topp på slutten av programperioden.

Fordelinga mellom medlemsstatane og EFTA-statane i EØS vert rekna ut årleg, mellom anna ut frå BNP. For 2007 er det pårekna at kontingenten frå Noreg vil vere 141,7 mill. kroner, medrekna utgifter til nasjonale ekspertar i Europakommisjonen.

Deltaking i det nye programmet for livslang læring føreset òg at det vert løyvt midlar til administrasjon av programmet på nasjonalt plan. For Senter for internasjonalisering av høgare utdanning vil desse nye samordningsoppgåvene føre til meirarbeid. Ekstra administrative utgifter til Senter for internasjonalisering av høgare utdanning er pårekna til 5 mill. kroner per år.

Utgiftene til deltaking i programmet for livslang læring vert dekte over budsjettet til Kunnskapsdepartementet, kap. 252 post 70 og kap. 281 post 51. I Regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2007 er det teke høgde for Noregs utgifter til deltaking i programmet, jf. St.prp. nr. 1 (2006–2007).

Deltakinga vil ikkje krevje endringar i lover eller forskrifter.