St.prp. nr. 36 (2006-2007)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av avgjerd nr. 1720/2006/EF av 15. november 2006 om fast­setjing av eit handlingsprogram for livslang læring

Til innhaldsliste

2 Europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 1720/2006/EF av 15. november 2006 om fastsetjing av eit handlingsprogram på området livslang læring

EUROPAPARLAMENTET OG RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN HAR —

med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet, særleg artikkel 149 nr. 4 og artikkel 150 nr. 4,

med tilvising til framlegget frå Kommisjonen,

med tilvising til fråsegna frå Det europeiske økonomi- og sosialutvalet 1 ,

med tilvising til fråsegna frå Regionutvalet 2 ,

etter den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 251 i traktaten 3 , og

ut frå desse synsmåtane:

  1. Ved rådsavgjerd 1999/382/EF 4 vart andre fasen av fellesskapshandlingsprogrammet for yrkesretta opplæring «Leonardo da Vinci» sett i verk.

  2. Ved europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 253/2000/EF 5 vart andre fasen av fellesskapshandlingsprogrammet for allmennutdanning «Sokrates» sett i verk.

  3. Ved europaparlaments- og rådsavgjerd 2318/2003/EF 6 vart det sett i verk eit fleirårig program for ei effektiv integrering av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) i utdannings- og opplæringssystema i Europa (programmet for e-læring).

  4. Ved europaparlaments- og rådsavgjerd 791/2004/EF 7 vart det sett i verk eit fellesskapshandlingsprogram for å fremje organ som er aktive på europeisk plan innanfor området utdanning og opplæring, og for å støtte særlege tiltak på det same området.

  5. Ved europaparlaments- og rådsvedtak 2241/2004/EF 8 vart det fastsett ei einskapleg ramme for å skape klarleik når det gjeld kvalifikasjonar og kompetanse (Europass).

  6. Ved europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 2317/2003/EF 9 vart det sett i verk eit program for å betre kvaliteten innanfor høgare utdanning og å fremje tverrkulturell forståing gjennom samarbeid med tredjestatar (Erasmus Mundus) (2004–2008).

  7. Gjennom Bologna-fråsegna, som vart underskriven av utdanningsministrane frå 29 europeiske statar 19. juni 1999, vart det sett i verk ein mellomstatleg prosess som tek sikte på å innføre eit «europeisk område for høgare utdanning» innan 2010, noko som krev støtte på fellesskapsplan.

  8. Under møtet til Det europeiske rådet i Lisboa 23-24. mars 2000 vart det fastsett som strategisk mål at Den europeiske unionen skal verte den mest konkurransedyktige og dynamiske kunnskapsbaserte økonomien i verda, og verte i stand til å skape berekraftig økonomisk vekst med fleire og betre arbeidsplassar og større sosial utjamning, og Utdanningsrådet vart oppmoda om å drøfte på allment grunnlag dei konkrete måla for utdanningssystema med hovudvekt på felles interesser og prioriteringar, samstundes som det vert teke omsyn til det nasjonale mangfaldet.

  9. Eit høgt utvikla kunnskapssamfunn er nøkkelen til betre vekst og auka sysselsetjing. Utdanning og opplæring har svært høg prioritet i Den europeiske unionen, slik at måla frå Lisboa kan nåast.

  10. Rådet vedtok 12. februar 2001 ein rapport om konkrete framtidsmål for utdannings- og opplæringssystema. Rådet vedtok 14. juni 2002 eit detaljert arbeidsprogram for oppfølging av desse måla, noko som krev støtte på fellesskapsplan.

  11. Under møtet sitt i Gøteborg 15.–16. juni 2001 vart Det europeiske rådet samd om ein strategi for berekraftig utvikling, og det vart lagt ein miljødimensjon til Lisboa-prosessen for sysselsetjing, økonomisk reform og sosial utjamning.

  12. Under møtet til Det europeiske rådet i Barcelona 15.-16. mars 2002 vart det sett som mål at innan 2010 skal utdannings- og opplæringssystema i Den europeiske unionen verte ein referanse for kvalitet på verdsplan, og det vart oppfordra til å gjere tiltak for å fremje grunnleggjande dugleik, særleg ved at det skal undervisast i minst to framandspråk alt frå svært tidleg alder.

  13. Kommisjonsmeldinga og rådsresolusjonen av 27. juni 2002 10 om livslang læring stadfestar at livslang læring bør fremjast gjennom tiltak og politikk som vert utvikla innanfor ramma av fellesskapsprogram på dette området.

  14. I rådsresolusjon av 19. desember 2002 om fremjing av auka europeisk samarbeid innanfor yrkesretta utdanning og opplæring 11 vart det sett i verk ein prosess for betre europeisk samarbeid innanfor yrkesretta utdanning og opplæring, noko som krev støtte på fellesskapsplan. Gjennom København-fråsegna, som utdanningsministrane frå 31 europeiske statar vart samde om 30. november 2002, vart partane i arbeidslivet og kandidatstatane tekne med i denne prosessen.

  15. I kommisjonsmeldinga om handlingsplanen for dugleik og mobilitet vart det peikt på at det framleis trengst tiltak på europeisk plan for å betre godkjenninga av kvalifikasjonar innanfor utdanning og opplæring.

  16. I kommisjonsmeldinga om handlingsplanen for fremjing av språklæring og språkleg mangfald er det fastsett kva tiltak som bør gjerast på europeisk plan i tidsrommet 2004–2006, og som krev oppfølgingstiltak.

  17. Fremjing av språkundervisning, språklæring og språkleg mangfald bør prioriterast innanfor fellesskapstiltaka på området utdanning og opplæring. Språkundervisning og språklæring er særleg relevant mellom nabomedlemsstatar.

  18. Dei førebels rapportane om vurdering av dei eksisterande programma Sokrates og Leonardo da Vinci og det offentlege samrådet om framtidig fellesskapsverksemd innanfor utdanning og opplæring har synt at det er ein sterk og på visse måtar veksande trong for at samarbeidet og mobiliteten på desse områda skal halde fram på europeisk plan. I rapportane vart det lagt vekt på kor viktig det er å knyte tettare band mellom fellesskapsprogramma og den politiske utviklinga innanfor utdanning og opplæring, og uttrykt ønske om at fellesskapstiltaka bør ha ei form som gjer at dei svarar betre til omgrepet livslang læring, og det vart uttrykt ønske om ein enklare og meir brukarvennleg og fleksibel metode for å gjennomføre slike tiltak.

  19. I samsvar med prinsippet om god økonomistyring kan gjennomføringa av programmet gjerast enklare ved at det vert nytta finansiering i form av faste summar, anten i form av støtte til deltakarane i programmet eller i form av fellesskapsstøtte til dei ordningane som vert skipa for å forvalte programmet på nasjonalt plan.

  20. Integrering av fellesskapsstøtta til tverrnasjonalt samarbeid og tverrnasjonal mobilitet på utdannings- og opplæringsområdet i eit felles program vil kunne gje store føremoner og betre samverknad mellom dei ulike tiltaksområda, betre kapasitet når det gjeld støtte til utviklinga innanfor livslang læring og meir samanhengande, einskapleg og effektiv administrasjon. Eit felles program vil dessutan oppmuntre til betre samarbeid mellom dei ulike nivåa innanfor utdanning og opplæring.

  21. Det bør difor skipast eit program for livslang læring som gjennom livslang læring kan medverke til å utvikle Den europeiske unionen til eit høgt utvikla kunnskapssamfunn med ei berekraftig økonomisk utvikling, fleire og betre arbeidsplassar og større sosial utjamning.

  22. På grunn av særtrekka ved sektorane for skular, høgare utdanning, yrkesretta opplæring og vaksenopplæring må fellesskapstiltaka byggje på mål, tiltaksformer og organisasjonsstrukturar som er særleg tilpassa desse sektorane, og det er difor føremålstenleg å halde ved lag einskilde program innanfor ramma av programmet for livslang læring som er retta mot desse fire sektorane, samstundes som samanhengen mellom dei og fellestrekka deira vert best mogleg.

  23. I meldinga si «Byggje ei felles framtid: politiske utfordringar og budsjettmidlar i den utvida unionen 2007-2013» har Kommisjonen fastlagt ei rekkje talfesta mål som skal nåast av den nye generasjonen av fellesskapsprogram for utdanning og opplæring, noko som vil krevje ein vesentleg auke i tiltaka som gjeld mobilitet og partnarskap.

  24. I lys av den positive innverknaden som tverrnasjonal mobilitet har synt seg å ha både på einskildpersonar og utdannings- og opplæringssystema, den omfattande udekte etterspurnaden etter mobilitet innanfor alle sektorar og den vekta som vert lagd på slik verksemd i samband med Lisboa-målet, er det naudsynt med ein monaleg auke i støtta til tverrnasjonal mobilitet innanfor dei fire delprogramma for dei ulike sektorane.

  25. For betre å kunne dekkje dei faktiske tilleggsutgiftene til studentar som studerer i utlandet, bør det gjennomsnittlege studiestipendet på 200 euro per månad haldast ved lag til slike studentar i faste prisar for det tidsrommet som programmet varer.

  26. Det bør gjerast ein større innsats for å fremje mobilitet blant dei einskilde elevane i vidaregåande skular og blant einskilde vaksne elevar som ikkje har vore omfatta av fellesskapsprogramma, ved å innføre ei ny form for mobilitetstiltak i Comenius- og Grundtvig-programma. Høvet til mobilitet blant einskilde lærarar i form av utvikling av langsiktig samarbeid mellom skular i grenseregionar bør òg utnyttast betre.

  27. Små og mellomstore føretak spelar ei viktig rolle i den europeiske økonomien. Til no har likevel slike føretak hatt ei avgrensa deltaking i Leonardo da Vinci-programmet. Det bør gjerast tiltak for at fellesskapstiltaka skal verte meir attraktive for slike føretak, særleg ved å sikre betre høve til mobilitet for lærlingar. Det bør innførast høvelege ordningar som liknar dei som finst innanfor Erasmus-programmet, for godkjenning av resultata frå slik mobilitet.

  28. I lys av dei særlege utfordringane som gjeld utdanning for barn av omreisande og mobile arbeidstakarar i Europa bør dei høva som finst tilgjengelege under Comenius-programmet, utnyttast fullt ut for å støtte tverrnasjonal verksemd som er retta mot det som dei treng.

  29. Auka mobilitet i Europa bør følgjast av stadig høgare standardar.

  30. For å kunne møte den stadig aukande trongen for å støtte verksemd på europeisk plan som er utforma for å nå desse politiske måla, for å syte for støtte til verksemd på tvers av sektorane innanfor språk og IKT og for å styrkje spreiinga og utnyttinga av resultata frå programmet, må dei fire delprogramma for dei ulike sektorane utfyllast med eit tverrgåande program.

  31. For å kunne møte den stadig aukande trongen for kunnskap og dialog i samband med utviklinga av den europeiske integrasjonsprosessen, er det viktig å stimulere til framifrå undervisning, forsking og analysar på dette området ved å gje støtte til institusjonar innanfor høgare utdanning som spesialiserer seg på studiar av den europeiske integrasjonsprosessen, til europeiske samanslutningar på utdannings- og opplæringsområdet og til Jean Monnet-tiltaket.

  32. Utforminga av denne avgjerda må gjerast tilstrekkeleg fleksibel til at det kan gjerast høvelege tilpassingar i tiltaka innanfor programmet for livslang læring dersom dette skulle verte naudsynt og ønskeleg i tidsrommet 2007–2013, og til at dei altfor detaljerte føresegnene i dei tidlegare fasane av Sokrates- og Leonardo da Vinci-programma kan unngåast.

  33. Fellesskapet tek i all verksemda si sikte på å fjerne ulikskapar og fremje likestilling mellom menn og kvinner, slik det er fastsett i artikkel 3 i traktaten.

  34. Etter artikkel 151 i traktaten må Fellesskapet ta omsyn til kulturelle aspekt ved innsats som vert gjord i medhald av andre føresegner i traktaten, særleg for å respektere og fremje det kulturelle mangfaldet. Det bør leggjast særleg vekt på samverknaden mellom kultur, utdanning og opplæring. Det bør òg oppmuntrast til tverrkulturell dialog.

  35. Det er naudsynt å fremje aktivt borgarskap og respekt for menneskerettar og demokrati, og å trappe opp kampen mot alle former for utstøyting, medrekna rasisme og framandhat.

  36. Ved gjennomføringa av alle delar av programmet er det er naudsynt å gje personar frå vanskelegstilte grupper betre tilgang og å gjere ein aktiv innsats for å betre opplæringstilbodet for personar med funksjonshemming, medrekna bruk av høgare tilskot for å spegle av dei tilleggsutgiftene som funksjonshemma deltakarar har, og støtte til læring og bruk av teiknspråk og blindeskrift.

  37. Det bør leggjast vekt på resultata frå Det europeiske året for utdanning gjennom idrett (2004) og dei moglege utdanningsføremonene frå samarbeidet mellom utdanningsinstitusjonar og idrettsorganisasjonar som det vart lagt vekt på i dette året.

  38. Statar som er kandidatar for tilmelding til Den europeiske unionen, og EFTA-statar som er medlem av EØS, kan ta del i fellesskapsprogram i samsvar med dei avtalene som vert underskrivne mellom Fellesskapet og desse statane.

  39. Under møtet sitt i Thessaloniki 19.-20. juni 2003 godkjende Det europeiske rådet konklusjonane til Rådet av 16. juni 2003 om Vest-Balkan, medrekna vedlegget «Thessaloniki-dagsordenen for Vest-Balkan: på veg mot europeisk integrasjon», der det er fastsett at fellesskapsprogramma skal opnast for dei statane som tek del i stabiliserings- og assosieringsprosessen på grunnlag av rammeavtaler som skal inngåast mellom Fellesskapet og desse statane.

  40. Fellesskapet og Det sveitsiske eidssambandet har gjeve fråsegn om at dei vil innleie tingingar for å inngå avtaler på område av felles interesse, t.d. fellesskapsprogram på området utdanning, opplæring og ungdom.

  41. Programmet for livslang læring bør overvakast jamleg og vurderast i samarbeid med Kommisjonen og medlemsstatane, slik at det kan tilpassast, særleg når det gjeld prioriteringane for gjennomføring av tiltaka. Vurderinga bør omfatte ei ekstern vurdering som skal gjennomførast av uavhengige, upartiske organ.

  42. I resolusjonen sin av 28. februar 2002 om gjennomføring av Sokrates-programmet 12 peikte Europaparlamentet på dei urimeleg tunge administrative framgangsmåtane for tildeling av støtte under den andre fasen av programmet.

  43. Rådsforordning (EF, Euratom) nr. 1605/2002 av 25. juni 2002 om finansreglementet som får anvendelse på De europeiske fellesskaps alminnelige budsjett 13 og kommisjonsforordning (EF, Euratom) nr. 2342/2002 av 23. desember 2002 om fastsettelse av nærmere regler for gjennomføring av rådsforordning (EF) nr. 1605/2002 14 , som sikrar dei økonomiske interessene til Fellesskapet, må nyttast, samstundes som det vert teke omsyn til prinsippa for forenkling og samanheng i valet av budsjettordningar, ei avgrensing av talet på tilfelle der Kommisjonen framleis skal ha direkte ansvar for gjennomføringa og forvaltinga, og kravet om rimeleg samhøve mellom mengda av ressursar og dei administrative byrdene i samband med ressursbruken.

  44. Ei radikal administrativ forenkling av framgangsmåtane for søknader er avgjerande for ei vellukka gjennomføring av programmet. Krava til administrasjon og rekneskapsføring bør stå i høve til omfanget av støtta.

  45. Det bør òg gjerast føremålstenlege tiltak for å hindre avvik og svik, og dei tiltaka som er naudsynte, bør setjast i verk for å krevje tilbake midlar som er tapte, utbetalte på urettkome vis eller nytta på feil måte.

  46. Det bør sikrast ei korrekt avslutting av programmet for livslang læring, særleg når det gjeld framhaldet av fleirårige ordningar i samband med programforvaltinga, t.d. finansieringa av teknisk og administrativ støtte. Frå og med 1. januar 2014 bør den tekniske og administrative støtta om naudsynt sikre forvaltinga av tiltak som ikkje er vortne avslutta innan utgangen av 2013, medrekna overvaking og revisjon.

  47. Ettersom målet for det framlagde tiltaket om medverknad til europeisk samarbeid om utdanning og opplæring av høg kvalitet, ikkje kan nåast i tilstrekkeleg grad av medlemsstatane fordi det krevst fleirsidige partnarskap, tverrnasjonal mobilitet og utveksling av opplysningar på fellesskapsplan, og difor på grunn av dimensjonen til verksemda og tiltaka betre kan nåast på fellesskapsplan, kan Fellesskapet vedta tiltak i samsvar med nærleiksprinsippet slik det er fastsett i artikkel 5 i traktaten. I samsvar med prinsippet om rimeleg samhøve, slik det er fastsett i den nemnde artikkelen, går ikkje denne avgjerda lenger enn det som er naudsynt for å nå dette målet.

  48. I denne avgjerda er det for heile det tidsrommet som programmet varer, fastsett ei finansiell ramme som utgjer det viktigaste referansegrunnlaget for budsjettstyresmakta ved den årlege budsjetthandsaminga, slik det er definert i nr. 37 i den tverrinstitusjonelle avtala av 17. mai 2006 mellom Europaparlamentet, Rådet og Kommisjonen om budsjettdisiplin og god økonomistyring 15 .

  49. Dei tiltaka som er naudsynte for å gjennomføre denne avgjerda, bør vedtakast i samsvar med rådsbeslutning 1999/468/EF av 28. juni 1999 om fastsettelse av nærmere regler for utøvelsen av den gjennomføringsmyndighet som er tillagt Kommisjonen 16

TEKE DENNE AVGJERDA:

Avdeling I

Allmenne føresegner

Kapittel I

Programmet for livslang læring

Artikkel 1

Skiping av programmet for livslang læring

  1. Ved denne avgjerda vert det skipa eit program for fellesskapstiltak på området livslang læring, heretter kalla «programmet for livslang læring».

  2. Det overordna målet for programmet for livslang læring er å medverke gjennom livslang læring til at Fellesskapet skal verte eit høgt utvikla kunnskapssamfunn med berekraftig økonomisk vekst, fleire og betre arbeidsplassar og større sosial utjamning, samstundes som det vert sikra eit godt miljøvern for komande generasjonar. Det tek særleg sikte på å fremje utveksling, samarbeid og mobilitet mellom utdannings- og opplæringssystema innanfor Fellesskapet, slik at dei kan verte ein referanse for kvalitet på verdsplan.

  3. Programmet for livslang læring har følgjande særskilde mål:

    1. å medverke til utvikling av livslang læring av høg kvalitet, og å fremje god kvalitet, nyskaping og ein europeisk dimensjon i system og praksis på området,

    2. å støtte verkeleggjeringa av eit europeisk område for livslang læring,

    3. å medverke til å betre kvaliteten, tiltrekkingskrafta og tilgangen til dei formene for livslang læring som finst tilgjengelege i medlemsstatane,

    4. å styrkje den medverknaden som livslang læring kan ha når det gjeld sosial utjamning, aktivt borgarskap, tverrkulturell dialog, likestilling mellom kjønna og personleg utvikling,

    5. å medverke til å fremje skaparevne, konkurranseevne, sysselsetjingsevne og framvekst av entreprenørskap,

    6. å medverke til at personar i alle aldrar tek større del i livslang læring, medrekna personar som treng særlege tilbod og vanskelegstilte grupper, utan omsyn til kva sosioøkonomisk bakgrunn dei har,

    7. å fremje språklæring og språkleg mangfald,

    8. støtte utviklinga av innhald, tenester, pedagogikk og praksis for livslang læring som er nyskapande og IKT-basert,

    9. å styrkje den rolla som livslang læring spelar når det gjeld å skape ei kjensle av europeisk borgarskap på grunnlag av forståing og respekt for menneskerettar og demokrati, og når det gjeld å oppmuntre til toleranse og respekt for andre folkeslag og kulturar,

    10. å fremje samarbeid når det gjeld kvalitetstrygging innanfor alle utdannings- og opplæringssektorar i Europa,

    11. å oppmuntre til best mogleg bruk av resultat og nyskapande produkt og prosessar, og å utveksle god praksis på dei områda som programmet for livslang læring omfattar, slik at kvaliteten på utdanning og opplæring kan betrast.

  4. I samsvar med dei administrative føresegnene som er fastsette i vedlegget, skal programmet for livslang læring støtte og utfylle tiltak medlemsstatane har gjort, samstundes som ansvaret deira for innhaldet i utdannings- og opplæringssystema og det kulturelle og språklege mangfaldet vert respektert fullt ut.

  5. Slik det er fastsett i artikkel 3 skal måla for programmet for livslang læring nåast ved gjennomføring av fire sektorprogram, eitt tverrgåande program og Jean Monnet-programmet, som alle heretter er kalla «delprogramma».

  6. Denne avgjerda skal gjennomførast i tidsrommet 1. januar 2007–31. desember 2013. Dei førebuande tiltaka, medrekna avgjerder som Kommisjonen tek i samsvar med artikkel 9, kan gjennomførast frå dagen då denne avgjerda tek til å gjelde.

Artikkel 2

Definisjonar

I denne avgjerda tyder

  1. «førskule» organisert utdanningsverksemd som finn stad før den obligatoriske skulegangen tek til,

  2. «elev» ein person som er innskriven for opplæring ved ein skule,

  3. «skule» alle typar institusjonar som gjev allmenn (på førskulenivå, grunnskulenivå eller vidaregåande nivå), yrkesretta og teknisk utdanning, og unntaksvis — i samband med tiltak for å fremje språklæringa — institusjonar som ikkje er skular, men som gjev opplæring av lærlingar,

  4. «lærarar/undervisningspersonale» personar som gjennom arbeidet sitt medverkar direkte i utdanningsprosessen i medlemsstatane,

  5. «instruktørar» personar som på grunn av arbeidet sitt medverkar direkte i yrkesretta utdanning og opplæring i medlemsstatane,

  6. «student» ein person som er registrert ved ein institusjon for høgare utdanning, utan omsyn til studieområde, for å følgje studium som fører til ein godkjend grad eller andre godkjende kvalifikasjonar på høgare nivå, opp til og medrekna doktorgradsnivå,

  7. «praktikant» ein person som får yrkesretta opplæring, anten innanfor ein opplæringsinstitusjon eller -organisasjon eller på arbeidsplassen,

  8. «vaksen elev» ein elev som tek del i vaksenopplæring,

  9. «personar på arbeidsmarknaden» arbeidstakarar, sjølvstendig næringsdrivande eller personar som er tilgjengelege for sysselsetjing,

  10. «institusjon for høgare utdanning»

    1. alle typar institusjonar for høgare utdanning som i samsvar med nasjonal lovgjeving eller praksis tilbyr godkjende grader eller andre godkjende kvalifikasjonar på høgare nivå, utan omsyn til kva slike institusjonar vert kalla i medlemsstatane,

    2. alle institusjonar som i samsvar med nasjonal lovgjeving eller praksis tilbyr yrkesretta utdanning eller opplæring på høgare nivå,

  11. «felles masterkurs» masterkurs innanfor høgare utdanning som

    1. omfattar minst tre institusjonar for høgare utdanning frå tre ulike medlemsstatar,

    2. har eit studieprogram som omfattar ein studieperiode ved minst to av dei tre nemnde institusjonane,

    3. har innebygde ordningar for godkjenning av dei studieperiodane som er gjennomførde i partnarinstitusjonar, og som byggjer på eller kan jamførast med Det europeiske systemet for overføring av studiekvalifikasjonar,

    4. fører fram til tildeling av felles, doble eller fleirdoble grader frå dei institusjonane som tek del i programmet, og som skal vere godkjende av eller gje kompetanse i medlemsstatane,

  12. «yrkesretta opplæring» alle former for grunnleggjande yrkesretta utdanning eller opplæring, medrekna teknisk og yrkesretta undervisning og læretid, som fører fram til ein yrkeskvalifikasjon som er godkjend av den rette styresmakta i medlemsstaten der opplæringa har gått føre seg, og dessutan all yrkesretta etter- og vidareutdanning eller -opplæring som ein person følgjer gjennom yrkeslivet sitt,

  13. «vaksenopplæring» alle former for opplæring av vaksne som ikkje er yrkesretta, anten det dreier seg om formell, ikkje-formell eller uformell opplæring,

  14. «studievitjing» ei kortvarig vitjing for å studere eit visst aspekt ved livslang læring i ein annan medlemsstat,

  15. «mobilitet» det å opphalde seg ei tid i ein annan medlemsstat for å studere, få arbeidsrøynsle, drive med anna lære- eller undervisningsverksemd eller drive med administrasjon i samband med dette, om naudsynt med støtte i førebuande eller vidaregåande kurs i språket til vertsstaten eller i arbeidsspråket,

  16. «utplassering» det å opphalde seg ei tid ved eit føretak eller i ein organisasjon i ein annan medlemsstat, om naudsynt med støtte i førebuande eller vidaregåande kurs i språket til vertsstaten eller i arbeidsspråket, med sikte på å hjelpe einskildpersonar med å tilpasse seg krava på arbeidsmarknaden i heile Fellesskapet, å tileigne seg dugleik innanfor eit særskilt område og å få ei betre forståing av den økonomiske og sosiale kulturen i den aktuelle staten gjennom å skaffe seg arbeidsrøynsle,

  17. «einsidig» noko som omfattar éin institusjon,

  18. «tosidig» noko som omfattar partnarar frå to medlemsstatar,

  19. «fleirsidig» noko som omfattar partnarar frå minst tre medlemsstatar. Kommisjonen kan rekne samanslutningar eller andre organ med medlemmer frå minst tre medlemsstatar som fleirsidige,

  20. «partnarskap» ei tosidig eller fleirsidig avtale mellom ei gruppe institusjonar eller organisasjonar i ulike medlemsstatar med sikte på gjennomføring av felles europeisk verksemd innanfor livslang læring,

  21. «nett» ei formell eller uformell gruppe av organ som driv verksemd innanfor eit særskilt område, eit særskilt fag eller ein særskild sektor i samband med livslang læring,

  22. «prosjekt» samarbeidsverksemd som har eit definert resultat og er utvikla i fellesskap av ei formell eller uformell gruppe av organisasjonar eller institusjonar,

  23. «prosjektkoordinator» den organisasjonen eller institusjonen som har ansvaret for gjennomføringa av prosjektet til den fleirsidige gruppa,

  24. «prosjektdeltakarar» dei organisasjonane eller institusjonane som ikkje er prosjektkoordinator, og som utgjer den fleirsidige gruppa,

  25. «føretak» alle føretak som driv økonomisk verksemd i offentleg eller privat sektor, utan omsyn til storleik, rettsleg status eller kva for ein økonomisk sektor dei driv verksemd innanfor, medrekna næringslivet,

  26. «partane i arbeidslivet», på nasjonalt plan, arbeidsgjevarane og arbeidstakarane sine organisasjonar i samsvar med nasjonal lov og/eller praksis, og på fellesskapsplan, arbeidsgjevarane og arbeidstakarane sine organisasjonar som tek del i dialogen mellom partane i arbeidslivet på fellesskapsplan,

  27. «rettleiing og rådgjeving» ei rekkje former for verksemd, t.d. informasjon, vurdering, orientering og rådføring med sikte på å hjelpe elevar, lærarar, instruktørar og anna personale med å gjere val som gjeld utdannings- og opplæringsprogram eller utsikter til sysselsetjing,

  28. «spreiing og utnytting av resultat» verksemd som er utarbeidd for å sikre at resultata frå programmet for livslang læring og dei føregåande programma vert sannkjende, synlege og gjennomførde på ein høveleg måte og i ein større samanheng,

  29. «livslang læring» all allmennutdanning, yrkesretta utdanning og opplæring og ikkje-formell og uformell opplæring som ein person tek del i gjennom livet, og som fører til betre kunnskap, dugleik og kompetanse både i eit personleg, samfunnsmessig, sosialt og/eller yrkesmessig perspektiv. Det omfattar òg rettleiings- og rådgjevingstenester.

Artikkel 3

Delprogram

  1. Delprogramma for dei ulike sektorane skal vere følgjande:

    1. Comenius-programmet, som skal rette seg mot undervisning og opplæring av alle elevar i førskulen og skulen til og med den vidaregåande skulen, og mot dei institusjonane og organisasjonane som tilbyr slik utdanning,

    2. Erasmus-programmet, som skal rette seg mot undervisning og opplæring av alle elevar innanfor formell høgare utdanning og yrkesretta opplæring på høgare nivå til og med doktorgradsnivå, utan omsyn til kor lang utdanninga er og kva kvalifikasjonar ho gjev, og mot dei institusjonane og organisasjonane som tilbyr slik utdanning og opplæring,

    3. Leonardo da Vinci-programmet, som skal rette seg mot undervisning og opplæring av alle elevar innanfor yrkesretta opplæring som ikkje er på høgare nivå, og mot dei institusjonane og organisasjonane som tilbyr eller legg til rette for slik utdanning og opplæring,

    4. Grundtvig-programmet, som skal rette seg mot all undervisning og opplæring innanfor vaksenopplæring , og mot dei institusjonane og organisasjonane som tilbyr eller legg til rette for slik utdanning.

  2. Det tverrgåande programmet skal omfatte dei følgjande fire typane hovudverksemd:

    1. samarbeid om politikk og nyskaping som er knytt til livslang læring,

    2. fremjing av språklæring,

    3. utvikling av innhald, tenester, pedagogikk og praksis for livslang læring som er nyskapande og IKT-basert,

    4. spreiing og utnytting av resultata frå tiltak som får støtte gjennom dette programmet og føregåande programma, og utveksling av god praksis.

  3. Jean Monnet-programmet skal støtte institusjonar og verksemd på området europeisk integrasjon. Det skal omfatte dei følgjande tre typane hovudverksemd:

    1. Jean Monnet-tiltaket,

    2. driftstilskot som støtte til særskilde institusjonar som arbeider med spørsmål som er knytte til europeisk integrasjon,

    3. driftstilskot som støtte til andre europeiske institusjonar og samanslutningar på området utdanning og opplæring.

Artikkel 4

Tilgang til programmet for livslang læring

Programmet for livslang læring skal vere retta mot:

  1. elevar, studentar, praktikantar og vaksne elevar,

  2. lærarar, instruktørar og anna personale som på ein eller annan måte driv verksemd innanfor livslang læring,

  3. personar på arbeidsmarknaden,

  4. institusjonar eller organisasjonar som driv opplæringsverksemd innanfor ramma av programmet for livslang læring eller innanfor rammene av delprogramma,

  5. personar og organ som på ein eller annan måte har ansvar for system og politikk innanfor livslang læring på lokalt, regionalt og nasjonalt plan,

  6. føretak, partane i arbeidslivet og organisasjonane deira på alle nivå, medrekna handelsorganisasjonar, handelskammer og næringsliv,

  7. organ som yter rettleiings-, rådgjevings- og informasjonstenester som på ein eller annan måte er knytte til livslang læring,

  8. samanslutningar som driv verksemd på området livslang læring, medrekna samanslutningar for studentar, praktikantar, elevar, lærarar, foreldre og vaksne elevar,

  9. forskingssenter og –organ som er opptekne av spørsmål i samband med livslang læring,

  10. ideelle, frivillige og ikkje-statlege organisasjonar.

Artikkel 5

Fellesskapstiltak

  1. Programmet for livslang læring skal omfatte støtte til følgjande tiltak:

    1. mobilitet for einskildpersonar som tek del i livslang læring,

    2. tosidige og fleirsidige partnarskap,

    3. fleirsidige prosjekt som er særskilt utforma for å fremje kvalitet i utdannings- og opplæringssystema gjennom tverrnasjonal overføring av nyskapande tiltak,

    4. einsidige og nasjonale prosjekt,

    5. fleirsidige prosjekt og nett,

    6. observasjon og analyse av politikk og system på området livslang læring, innføring og jamleg betring av referansemateriale, medrekna rundspørjingar, statistikk, analysar og indikatorar, tiltak som tek sikte på å få betre klarleik i og godkjenning av kvalifikasjonar og tidlegare utdanning, og tiltak som skal støtte samarbeid når det gjeld kvalitetstrygging,

    7. driftstilskot som støtte til drifts- og administrasjonsutgifter i institusjonar og samanslutningar som driv verksemd på område som er omfatta av programmet for livslang læring,

    8. andre initiativ som tek sikte på å fremje måla for programmet for livslang læring (oppfølgingstiltak).

  2. Det kan gjevast fellesskapsstøtte til førebuande vitjingar innanfor alle dei tiltaka som er fastsette i denne artikkelen.

  3. Kommisjonen kan skipe til seminar, symposium eller møte som kan lette gjennomføringa av programmet for livslang læring, og setje i verk høvelege opplysnings-, publiserings- og spreiingstiltak og tiltak for å auke medvitet om programmet, i tillegg til overvaking og vurdering av programmet.

  4. Dei tiltaka som er nemnde i denne artikkelen, kan gjennomførast ved innbyding til framlegg, tilbodsinnbyding eller direkte av Kommisjonen.

Artikkel 6

Oppgåvene til Kommisjonen og medlemsstatane

  1. Kommisjonen skal syte for at dei fellesskapstiltaka som er fastsette ved programmet for livslang læring, vert gjennomførde på ein verknadsfull og effektiv måte.

  2. Medlemsstatane skal

    1. gjere dei tiltaka som er naudsynte for å sikre ei effektiv gjennomføring av programmet for livslang læring på nasjonalt plan, og trekkje inn alle dei partane som driv verksemd i samband med livslang læring, i samsvar med nasjonal praksis eller lovgjeving,

    2. skipe eller peike ut og overvake ein føremålstenleg struktur for ei samordna forvalting av gjennomføringa av tiltaka innanfor programmet for livslang læring på nasjonalt plan (nasjonale kontor), medrekna budsjettforvalting, i samsvar med artikkel 54 nr. 2 bokstav c) i rådsforordning (EF, Euratom) nr. 1605/2002 og artikkel 38 i kommisjonsforordning (EF, Euratom) nr. 2342/2002, i samsvar med dei følgjande kriteria:

      1. ein organisasjon som er skipa eller utpeikt som nasjonalt kontor, skal ha status som juridisk person eller vere del av eit føretak som har status som juridisk person, og vere underlagd lovene i den medlemsstaten som det gjeld. Eit departement kan ikkje peikast ut som nasjonalt kontor,

      2. kvart nasjonalt kontor må ha eit personale som er stort nok til at kontoret kan utføre oppgåvene sine, og må ha dei faglege og språklege kunnskapane som krevst for å arbeide i eit miljø for internasjonalt samarbeid innanfor utdanning og opplæring,

      3. kontoret må ha ein føremålstenleg infrastruktur, særleg med omsyn til informasjonsteknologi og kommunikasjon,

      4. kontoret må drive verksemd innanfor ein administrativ samanheng som set det i stand til å utføre oppgåvene sine på ein tilfredsstillande måte og på ein måte som ikkje fører til interessekonfliktar,

      5. kontoret må kunne nytte dei reglane for økonomistyring og kontraktsvilkår som er fastsette på fellesskapsplan,

      6. kontoret må kunne stille tilstrekkelege økonomiske garantiar som helst er utferda av ei offentleg styremakt, og ha ein styringsrett som står i høve til det nivået av fellesskapsmidlar som det vil få ansvaret for å forvalte,

    3. ta ansvar for at dei nasjonale kontora som er nemnde i bokstav b) ovanfor, på korrekt måte vil forvalte dei midlane som dei får overført som støtte til prosjekt, og særleg ta ansvar for at dei nasjonale kontora etterlever prinsippa om klarleik og lik handsaming og unngår dobbeltfinansiering frå andre kjelder for fellesskapsmidlar, og stettar plikta til å overvake prosjekt og krevje tilbakeføring av eventuelle midlar som støttemottakarar skal betale tilbake,

    4. gjere dei tiltaka som er naudsynte for å sikre eigna revisjon og økonomisk tilsyn med dei nasjonale kontora som er nemnde i bokstav b), og særleg:

      1. før det nasjonale kontoret tek til å arbeide, syte for at Kommisjonen får dei garantiane som er naudsynte om at kontoret i samsvar med reglane for god økonomistyring har eigna og velfungerande framgangsmåtar for bruk av kontrollsystem, rekneskapssystem, tildeling av kontraktar og tildeling av støtte,

      2. kvart år gje Kommisjonen ei fråsegn som garanterer at dei finansielle systema og framgangsmåtane til dei nasjonale kontora er pålitelege, og at rekneskapane deira stemmer,

    5. vere ansvarlege for midlar som ikkje vert betalte tilbake i tilfelle avvik, aktløyse eller svik som skuldast eit nasjonalt kontor som er skipa eller utpeikt i medhald av bokstav b), og dette medfører at Kommisjonen stiller krav overfor det nasjonale kontoret om skadebot som ikkje kan betalast tilbake fullt ut,

    6. på oppmoding frå Kommisjonen peike ut dei institusjonane eller organisasjonane som tilbyr læring, eller dei typane institusjonar eller organisasjonar som skal kunne ta del i programmet for livslang læring på dei høvesvise territoria deira,

    7. leggje vinn på å gjere alle dei tiltaka som er føremålstenlege for å fjerne rettslege og administrative hindringar for at programmet for livslang læring skal verke på ein tilfredsstillande måte,

    8. gjere tiltak for å sikre at det finst ein mogleg samverknad på medlemsstatsplan med andre program og finansieringsordningar frå Fellesskapet og på nasjonalt plan med andre relevante program som vert gjennomførde i den aktuelle medlemsstaten.

  3. I samarbeid med medlemsstatane skal Kommisjonen syte for:

    1. overgangen mellom dei tiltaka som vert gjennomførte innanfor ramma av dei føregåande programma på området utdanning, opplæring og livslang læring, og dei tiltaka som vert gjennomførde gjennom programmet for livslang læring,

    2. eigna vern av dei økonomiske interessene til Fellesskapet, særleg ved innføring av tiltak, administrativ kontroll og sanksjonar som er verknadsfulle, svarar til brotet og hindrar nye brot,

    3. omfattande spreiing av opplysningar, reklame og oppfølging med omsyn til dei tiltaka som får støtte gjennom programmet for livslang læring,

    4. innsamling, analyse og handsaming av tilgjengelege data som krevst for å måle resultata og verknadene av programmet og for å overvake og vurdere den verksemda som er nemnd i artikkel 15,

    5. spreiing av resultata frå dei føregåande programma for utdanning og opplæring og frå programmet for livslang læring.

Artikkel 7

Deltaking for tredjestatar

  1. Programmet for livslang læring er ope for deltaking for

    1. EFTA-statar som er medlemmer av EØS, i samsvar med dei vilkåra som er fastsette i EØS-avtala,

    2. kandidatstatar som er omfatta av ein strategi for tidsrommet før tilmeldinga, i samsvar med dei overordna prinsippa og vilkåra som er fastsette i dei rammeavtalene som er gjorde med desse statane for deltakinga deira i fellesskapsprogram,

    3. statane på Vest-Balkan, i samsvar med føresegner som skal avtalast med desse statane i medhald av rammeavtalene om dei allmenne prinsippa for deltakinga deira i fellesskapsprogram,

    4. det sveitsiske eidssambandet, på grunnlag av ei tosidig avtale som skal inngåast med denne staten.

  2. Hovudverksemd 1 i Jean Monnet-programmet, som er nemnt i artikkel 3 nr. 3 bokstav a), skal òg vere open for institusjonar innanfor høgare utdanning i alle andre tredjestatar.

  3. Tredjestatar som tek del i programmet for livslang læring, skal vere underlagde dei same pliktene og utføre alle dei oppgåvene som er fastsette i denne avgjerda, på same måte som medlemsstatane.

Artikkel 8

Internasjonalt samarbeid

Gjennom programmet for livslang læring og i samsvar med artikkel 9 kan Kommisjonen samarbeide med tredjestatar og med andre ansvarlege internasjonale organisasjonar, særleg Europarådet, Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) og Organisasjonen til Dei sameinte nasjonane for utdanning, vitskap og kultur (UNESCO).

Kapittel II

Gjennomføring av programmet for livslang læring

Artikkel 9

Gjennomføringstiltak

  1. Dei tiltaka som er naudsynte for gjennomføringa av programmet for livslang læring med omsyn til sakene nedanfor, skal vedtakast av Kommisjonen etter den framgangsmåten som er nemnd i artikkel 10 nr. 2:

    1. den årlege arbeidsplanen, medrekna prioriterte område,

    2. dei årlege løyvingane og fordelinga av midlar mellom og innanfor delprogramma,

    3. dei overordna retningslinjene for gjennomføringa av delprogramma (medrekna avgjerder om kva type tiltak det gjeld, kor lenge dei skal vare og korleis dei skal finansierast), og kriterium og framgangsmåtar for utveljing,

    4. framlegga frå Kommisjonen om utveljing av søknader til dei fleirsidige prosjekta og netta som er nemnde i artikkel 33 nr. 1 bokstav b) og c),

    5. framlegga frå Kommisjonen om utveljing av søknader til tiltak som er fastsette i artikkel 5 nr. 1 bokstav e), og som ikkje er omfatta av bokstav d) i dette nummeret, og til tiltak som er fastsette i artikkel 5 nr. 1 bokstav f), g) og h), og der fellesskapsstøtta som det er gjort framlegg om, overstig éin million euro,

    6. definisjonen av dei høvesvise rollene og ansvarsområda til Kommisjonen, medlemsstatane og dei nasjonale kontora med omsyn til framgangsmåten med nasjonale kontor som er fastsett i vedlegget,

    7. fordelinga mellom medlemsstatane av midlar til tiltak som skal forvaltast gjennom framgangsmåten med nasjonale kontor som er fastsett i vedlegget,

    8. ordningane som skal sikre at det er innbyrdes samanheng innanfor programmet for livslang læring,

    9. ordningane for overvaking og vurdering av programmet for livslang læring og delprogramma, og for spreiing og overføring av resultat.

  2. Dei tiltaka som er naudsynte for å gjennomføre alle andre saker enn dei som er førde opp i nr. 1 i denne artikkelen, skal vedtakast etter den framgangsmåten som er nemnd i artikkel 10 nr. 3.

Artikkel 10

Utvalsframgangsmåte

  1. Kommisjonen skal få hjelp av eit utval, heretter kalla «utvalet».

  2. Når det vert vist til dette nummeret, skal artikkel 4 og 7 i avgjerd 1999/468/EF nyttast, samstundes som det vert teke omsyn til føresegnene i artikkel 8 i den nemnde avgjerda.

    Tidsrommet som er fastsett i artikkel 4 nr. 3 i avgjerd 1999/468/EF, skal vere to månader.

  3. Når det vert vist til dette nummeret, skal artikkel 3 og 7 i avgjerd 1999/468/EF nyttast, samstundes som det vert teke omsyn til føresegnene i artikkel 8 i den nemnde avgjerda.

  4. Utvalet fastset møteføresegnene sine.

  5. Medlemsstatane kan ikkje vere representerte av personar som er sysselsette i eller har driftsansvar for dei nasjonale kontora som er nemnde i artikkel 6 nr. 2 bokstav b).

Artikkel 11

Partane i arbeidslivet

  1. Når utvalet vert konsultert om saker som gjeld bruken av denne avgjerda i høve til yrkesretta utdanning og opplæring, kan representantar for partane i arbeidslivet, som er oppnemnde av Kommisjonen på grunnlag av framlegg frå dei europeiske partane i arbeidslivet, ta del i arbeidet til utvalet som observatørar.

    Talet på slike observatørar skal vere det same som talet på representantar frå medlemsstatane.

  2. Desse observatørane skal ha rett til å be om at synspunkta deira vert førde inn i referata frå møte i utvalet.

Artikkel 12

Tverrgåande politikk

Ved gjennomføringa av programmet for livslang læring skal det takast tilbørleg omsyn til å sikre at programmet i full mon medverkar til å fremje den tverrgåande politikken til Fellesskapet, særleg ved å:

  1. fremje medvitet om kor viktig det kulturelle og språklege mangfaldet er i Europa, og at rasisme, fordommar og framandhat må motkjempast,

  2. leggje tilhøva til rette for elevar som treng særlege tilbod, særleg ved å hjelpe dei slik at dei kan verte integrerte i det allmenne utdannings- og opplæringssystemet,

  3. fremje likestilling mellom menn og kvinner og medverke til å motkjempe alle former for skilnadshandsaming på grunnlag av kjønn, rase eller etnisk opphav, religion eller tru, funksjonshemming, alder eller seksuell legning.

Artikkel 13

Samanheng og komplementaritet med annan politikk

  1. Kommisjonen skal i samarbeid med medlemsstatane sikre at det er overordna samanheng og komplementaritet med arbeidsprogrammet for utdanning og opplæring 2010 og annan aktuell fellesskapspolitikk og andre fellesskapsordningar og -tiltak, særleg dei som finst på området kultur, media, ungdom, forsking og utvikling, sysselsetjing, godkjenning av kvalifikasjonar, entreprenørskap, miljø og IKT, og med statistikkprogrammet til Fellesskapet.

    Kommisjonen skal i samarbeid med medlemsstatane syte for at det finst ei verksam kopling mellom programmet for livslang læring og dei programma og tiltaka på området utdanning og opplæring som er sette i verk innanfor ramma av ordningane for nye tilmeldingsstatar og andre former for samarbeid med tredjestar og ansvarlege internasjonale organisasjonar.

  2. Kommisjonen skal jamleg melde frå til utvalet om andre aktuelle fellesskapsinitiativ på området livslang læring, medrekna samarbeid med tredjestatar og internasjonale organisasjonar.

  3. Ved gjennomføringa av tiltak innanfor programmet for livslang læring skal Kommisjonen og medlemsstatane ta omsyn til dei prioriteringane som er fastsette i dei integrerte retningslinjene for sysselsetjing som er vedtekne av Rådet som del av Lisboa-partnarskapet for vekst og sysselsetjing.

  4. I samarbeid med dei europeiske partane i arbeidslivet skal Kommisjonen leggje vinn på å utvikle ei føremålstenleg samordning mellom programmet for livslang læring og dialogen mellom partane i arbeidslivet på fellesskapsplan, òg innanfor dei ulike sektorane i økonomien.

  5. Ved gjennomføringa av programmet for livslang læring skal Kommisjonen sikre at det finst høveleg støtte frå Det europeiske senteret for utvikling av yrkesretta opplæring (Cedefop) på område som er knytte til kompetanseområdet til dette senteret, og i samsvar med dei ordningane som er fastsette i rådsforordning (EØF) nr. 337/75 17 . Der det høver kan Kommisjonen òg syte for at det finst støtte frå Den europeiske opplæringsstiftinga innanfor det mandatet ho har og i samsvar med dei ordningane som er fastsette i rådsforordning (EØF) nr. 1360/90 18 .

  6. Kommisjonen skal jamleg melde frå til Det rådgjevande utvalet for yrkesretta opplæring om den framgangen som er gjord på området yrkesretta utdanning og opplæring.

Kapittel III

Finansielle sluttføresegner - vurdering

Artikkel 14

Finansiering

  1. Den rettleiande finansielle ramma for gjennomføring av denne avgjerda i eit tidsrom på sju år rekna frå 1. januar 2007, er fastsett til 6 970 000 000 millionar euro. Innanfor denne ramma skal dei summane som vert løyvde til programma Comenius, Erasmus, Leonardo da Vinci og Grundtvig ikkje vere lågare enn det som er fastsett i del B nr. 11 i vedlegget. Desse løyvingane kan endrast av Kommisjonen i samsvar med den framgangsmåten som er nemnd i artikkel 10 nr. 2.

  2. Opptil 1 % av løyvingane til programmet for livslang læring kan nyttast til å støtte deltaking i partnarskap, prosjekt og nett som vert skipa innanfor programmet for livslang læring av partnarar frå tredjestatar som ikkje tek del i programmet i medhald av føresegnene i artikkel 7.

  3. Dei årlege løyvingane skal godkjennast av budsjettstyresmakta innanfor ramma av dei finansielle overslaga.

Artikkel 15

Overvaking og vurdering

  1. Kommisjonen skal i samarbeid med medlemsstatane jamleg overvake og vurdere programmet for livslang læring i høve til måla for programmet.

  2. Kommisjonen skal syte for at det vert gjennomført uavhengige eksterne vurderingar av programmet for livslang læring, og skal jamleg offentleggjere statistikk som gjer det mogleg å overvake framdrifta.

  3. Ved gjennomføringa av programmet skal det takast omsyn til resultata frå overvakinga og vurderinga av programmet for livslang læring og dei føregåande programma for utdanning og opplæring .

  4. Medlemsstatane skal innan høvesvis 30. juni 2010 og 30. juni 2015 sende over til Kommisjonen rapportar om gjennomføringa og verknadene av programmet for livslang læring.

  5. Kommisjonen skal leggje fram for Europaparlamentet, Rådet, Det europeiske økonomi- og sosialutvalet og Regionutvalet:

    1. ein førebels vurderingsrapport om dei kvalitative og kvantitative sidene ved gjennomføringa av programmet for livslang læring, medrekna ein analyse av dei resultata som er oppnådde innan 31. mars 2011,

    2. ei melding om vidareføringa av programmet for livslang læring innan 31. desember 2011,

    3. ein etterfølgjande vurderingsrapport innan 31. mars 2016.

Avdeling II

Delprogramma

Kapittel I

Comenius-programmet

Artikkel 16

Tilgang til Comenius-programmet

Innanfor ramma av programmet for livslang læring er Comenius-programmet retta mot:

  1. skuleelevar til og med vidaregåande skule,

  2. skular slik det er fastsett av medlemsstatane,

  3. lærarar og anna personale ved desse skulane,

  4. samanslutningar, ideelle organisasjonar, ikkje-statlege organisasjonar og representantar for dei som arbeider med skuleutdanning,

  5. personar og organ som har ansvar for å leggje til rette og drive undervisning på lokalt, regionalt og nasjonalt plan,

  6. forskingssenter og –organ som er opptekne av spørsmål i samband med livslang læring,

  7. institusjonar for høgare utdanning,

  8. organ som yter rettleiings-, rådgjevings- og informasjonstenester som på ein eller annan måte er knytte til livslang læring.

Artikkel 17

Måla for Comenius-programmet

  1. I tillegg til dei måla for programmet for livslang læring som er fastsette i artikkel 1, skal Comenius-programmet ha følgjande særskilde mål:

    1. å utvikle kunnskap og forståing blant ungdom og undervisningspersonale om mangfaldet til og verdien av europeiske kulturar og språk,

    2. å hjelpe ungdom med å tileigne seg grunnleggjande livskunnskap og –kompetanse som er naudsynt for den personlege utviklinga deira, den framtidige sysselsetjinga deira og for ei aktiv deltaking som europeiske borgarar.

  2. Comenius-programmet skal ha følgjande praktiske mål:

    1. å betre kvaliteten på og auke omfanget av mobilitet for elevar og undervisningspersonale i ulike medlemsstatar,

    2. å betre kvaliteten på og auke omfanget av partnarskap mellom skular i ulike medlemsstatar, for såleis å trekkje inn minst tre millionar elevar i felles utdanningsverksemd i det tidsrommet programmet varer,

    3. å oppmuntre til læring av moderne framandspråk,

    4. støtte utviklinga av innhald, tenester, pedagogikk og praksis for livslang læring som er nyskapande og IKT-basert,

    5. å betre kvaliteten på og den europeiske dimensjonen til lærarutdanninga,

    6. å støtte betringar når det gjeld pedagogiske metodar og skuleleiing.

Artikkel 18

Tiltak innanfor Comenius-programmet

  1. Følgjande tiltak kan få støtte gjennom Comenius-programmet:

    1. Mobilitet for einskildpersonar slik det er nemnt i artikkel 5 nr. 1 bokstav a). Ved tilrettelegginga eller finansieringa av slik mobilitet skal det gjerast naudsynte førebuande tiltak og leggjast vekt på å sikre at det finst høveleg overvaking, rådgjeving og støtte tilgjengeleg for personar som tek del i slik mobilitet.

      Slik mobilitet kan omfatte:

      1. utveksling av elevar og personale,

      2. mobilitet til skular for elevar og utplassering i skular eller føretak for undervisningspersonale,

      3. førebuande opplæring for lærarar og anna undervisningspersonale,

      4. studievitjingar og førebuande vitjingar i samband med verksemd innanfor mobilitet, partnarskap, prosjekt eller nett,

      5. assistentopphald for lærarar og lærarkandidatar.

    2. Utvikling av partnarskap slik det er nemnt i artikkel 5 nr. 1 bokstav b) mellom:

      1. skular, med sikte på å utvikle felles læreprosjekt for elevar og for lærarane deira («Comenius-partnarskap mellom skular»),

      2. organisasjonar som på nokon måte har ansvar for skuleutdanning, med sikte på å få i stand samarbeid mellom regionar, medrekna samarbeid mellom grenseregionar («Comenius-Regio-partnarskap»).

    3. Fleirsidige prosjekt slik det er nemnt i artikkel 5 nr. 1 bokstav e). Desse kan omfatte prosjekt som tek sikte på å:

      1. iutvikle, fremje og spreie best mogleg praksis innanfor utdanning, medrekna nye læremetodar eller læremiddel,

      2. utvikle eller utveksle røynsler om system som skal gje informasjon eller rettleiing som er særleg tilpassa elevar, lærarar og anna personale som er knytte til Comenius-programmet,

      3. utvikle, fremje og spreie nye lærarutdanningskurs eller nytt kursinnhald,

    4. Fleirsidige nett slik det er nemnt i artikkel 5 nr. 1 bokstav e). Desse kan vere nett som tek sikte på å:

      1. utvikle utdanninga innanfor det faget eller på det fagområdet som nettet driv verksemd innanfor, anten til gagn for nettet eller for utdanninga meir generelt,

      2. tileigne seg og spreie relevant god praksis og nyskaping,

      3. gje støtte til innhaldet i prosjekt og partnarskap som andre har skipa,

      4. fremje utvikling og praktisk bruk av behovsanalyse innanfor skuleutdanning.

    5. Andre initiativ som tek sikte på å fremje måla for Comenius-programmet slik det er nemnt i artikkel 5 nr. 1 bokstav h) («oppfølgingstiltak»).

  2. Dei driftsmessige retningslinjene for dei tiltaka som er nemnde i nr. 1, skal fastsetjast i samsvar med den framgangsmåten som er nemnd i artikkel 10 nr. 2.

Artikkel 19

Løyvingar til Comenius-programmet

Minst 80 % av løyvingane til Comenius-programmet skal setjast av til støtte for mobilitet slik det er nemnt i artikkel 18 nr. 1 bokstav a) og til Comenius-partnarskap slik det er fastsett i artikkel 18 nr. 1 bokstav b).

Kapittel II

Erasmus-programmet

Artikkel 20

Tilgang til Erasmus-programmet

Innanfor ramma av programmet for livslang læring er Comenius-programmet retta mot:

  1. studentar og praktikantar som tek del i alle former for utdanning og opplæring på høgare nivå,

  2. institusjonar for høgare utdanning slik det er fastsett av medlemsstatane,

  3. lærarar, instruktørar og anna personale ved desse institusjonane,

  4. samanslutningar og representantar for personar som driv verksemd innanfor høgare utdanning, medrekna samanslutningar for studentar, universitet og lærarar/instruktørar,

  5. føretak, partane i arbeidslivet og andre representantar for yrkeslivet,

  6. offentlege og private organ, medrekna ideelle og ikkje-statlege organisasjonar, som har ansvar for å leggje til rette og drive utdanning og opplæring på lokalt, regionalt og nasjonalt plan,

  7. forskingssenter og –organ som er opptekne av spørsmål i samband med livslang læring,

  8. organ som yter rettleiings-, rådgjevings- og informasjonstenester som på ein eller annan måte er knytte til livslang læring.

Artikkel 21

Måla for Erasmus-programmet

  1. I tillegg til dei måla for programmet for livslang læring som er fastsette i artikkel 1, skal Erasmus-programmet ha følgjande særskilde mål:

    1. å støtte verkeleggjeringa av eit europeisk område for høgare utdanning,

    2. å styrkje medverknaden av høgare utdanning og yrkesretta etter- og vidareutdanning i nyskapingsprosessen.

  2. Erasmus-programmet skal ha følgjande praktiske mål:

    1. å betre kvaliteten på og auke omfanget av mobilitet i heile Europa for studentar og undervisningspersonale, for såleis å medverke til at minst tre millionar einskildpersonar vil ha teke del i mobilitet for studentar innanfor ramma av Erasmus-programmet og dei føregåande programma,

    2. å betre kvaliteten på og auke omfanget av fleirkulturelt samarbeid mellom institusjonar for høgare utdanning i Europa,

    3. å gjere kvalifikasjonar frå høgare utdanning og yrkesretta etter- og vidareutdanning i Europa klarare og lettare å jamføre,

    4. å betre kvaliteten på og auke omfanget av samarbeid mellom institusjonar for høgare utdanning og føretak,

    5. å leggje til rette for utvikling av nyskapande praksis innanfor utdanning og opplæring på høgare nivå og for overføring av slik praksis, medrekna overføring mellom deltakarstatane,

    6. å støtte utviklinga av innhald, tenester, pedagogikk og praksis for livslang læring som er nyskapande og IKT-basert.

Artikkel 22

Tiltak innanfor Erasmus-programmet

  1. Følgjande tiltak kan få støtte gjennom Erasmus-programmet:

    1. Mobilitet for einskildpersonar slik det er nemnt i artikkel 5 nr. 1 bokstav a). Slik mobilitet kan omfatte:

      1. mobilitet for studentar med sikte på studiar eller opplæring ved institusjonar for høgare utdanning i medlemsstatane, og utplassering i føretak, opplæringssenter, forskingssenter eller andre organisasjonar,

      2. mobilitet for utdanningspersonale innanfor høgare utdanning, anten for å undervise eller få opplæring ved ein partnarinstitusjon i utlandet,

      3. mobilitet for anna personale ved institusjonar for høgare utdanning og personale i føretak med sikte på utdanning eller undervisning,

      4. leirsidige intensivprogram innanfor Erasmus.

      Det kan òg gjevast støtte til institusjonar eller føretak innanfor høgare utdanning i heim- eller vertsstaten til tiltak som skal syte for kvalitetstrygging på alle nivå innanfor mobilitetsordningane, medrekna førebuande språkkurs og oppfriskingskurs i språk.

    2. Fleirsidige prosjekt slik det er nemnt i artikkel 5 nr. 1 bokstav e), som m.a. legg vekt på nyskaping, eksperiment og utveksling av god praksis på dei områda som er nemnde under dei særskilde og praktiske måla.

    3. Fleirsidige nett slik det er nemnt i artikkel 5 nr. 1 bokstav e), som vert drivne av grupper av institusjonar innanfor høgare utdanning og representerer eit fag eller eit tverrfagleg område («tematiske Erasmus-nett»), som tek sikte på å utvikle nye metodar og ny kompetanse innanfor læring. Slike nett kan òg omfatte representantar frå andre offentlege organ eller frå føretak eller samanslutningar.

    4. Andre initiativ som tek sikte på å fremje måla for Erasmus-programmet slik det er nemnt i artikkel 5 nr. 1 bokstav h) («oppfølgingstiltak»).

  2. Einskildpersonar som tek del i mobilitet for studentar i medhald av nr. 1 bokstav a) i) («Erasmus-studentar») skal vere:

    1. Studentar ved institusjonar for høgare utdanning som minst er innskrivne i det andre studieåret sitt, som i ein studieperiode oppheld seg i ein annan medlemsstat innanfor ramma av mobilitetstiltaket under Erasmus-programmet, utan omsyn til om dei har fått tildelt finansiell støtte i medhald av dette programmet, eller ikkje. Slike periodar skal vere fullt ut godkjende i medhald av dei fleirinstitusjonelle avtalene mellom avsendar- og vertsinstitusjonane. Vertsinstitusjonane skal ikkje krevje studieavgift av slike studentar.

    2. Studentar som er innskrivne ved felles masterkurs-program, og som tek del i mobilitet for studentar.

    3. Studentar ved institusjonar for høgare utdanning som tek del i utplassering.

  3. Dei driftsmessige retningslinjene for dei tiltaka som er fastsette i nr. 1, skal fastsetjast i samsvar med den framgangsmåten som er nemnd i artikkel 10 nr. 2.

Artikkel 23

Løyvingar til Comenius-programmet

Minst 80 % av løyvingane til Erasmus-programmet skal setjast av til støtte for mobilitet slik det er nemnt i artikkel 22 nr. 1 bokstav a).

Kapittel III

Leonardo da Vinci-programmet

Artikkel 24

Tilgang til Leonardo da Vinci-programmet

Innanfor ramma av programmet for livslang læring er Leonardo da Vinci-programmet retta mot:

  1. personar som tek del i alle former for yrkesfagleg utdanning og opplæring, bortsett frå på høgare nivå,

  2. personar på arbeidsmarknaden,

  3. institusjonar eller organisasjonar som driv opplæring på dei områda som er omfatta av Leonardo da Vinci-programmet,

  4. lærarar, instruktørar og anna personale ved desse institusjonane eller organisasjonane,

  5. samanslutningar og representantar for personar som driv verksemd innanfor yrkesretta undervisning og opplæring, medrekna samanslutningar for praktikantar, foreldre og lærarar,

  6. føretak, partane i arbeidslivet og andre representantar for yrkeslivet, medrekna handelskammer og andre handelsorganisasjonar,

  7. organ som yter rettleiings-, rådgjevings- og informasjonstenester som på ein eller annan måte er knytte til livslang læring,

  8. personar og organ som på ein eller annan måte har ansvar for system og politikk innanfor yrkesretta utdanning og opplæring på lokalt, regionalt og nasjonalt plan,

  9. forskingssenter og –organ som er opptekne av spørsmål i samband med livslang læring,

  10. institusjonar for høgare utdanning,

  11. ideelle, frivillige og ikkje-statlege organisasjonar.

Artikkel 25

Måla for Leonardo da Vinci-programmet

  1. I tillegg til dei måla for programmet for livslang læring som er fastsette i artikkel 1, skal Leonardo da Vinci-programmet ha følgjande særskilde mål:

    1. å støtte personar som tek del i verksemd innanfor opplæring og tilleggsutdanning når det gjeld å tileigne seg og nytte kunnskap, dugleik og kvalifikasjonar med sikte på å fremje personleg utvikling, sysselsetjingsevne og deltaking i den europeiske arbeidsmarknaden,

    2. å støtte betringar når det gjeld kvalitet og nyskaping innanfor systema og institusjonane for yrkesretta utdanning og opplæring og praksis på dette området,

    3. å gjere yrkesretta utdanning og opplæring og mobilitet meir attraktivt for arbeidsgjevarar og einskildpersonar, og å leggje til rette for mobilitet for praktikantar i arbeidslivet.

  2. Leonardo da Vinci-programmet skal ha følgjande praktiske mål:

    1. å betre kvaliteten på og auke omfanget av mobilitet i heile Europa for personar som arbeider med yrkesretta grunnopplæring og etter- og vidareutdanning, slik at talet på utplasseringar i føretak kan auke til minst 80 000 per år innan programmet for livslang læring vert avslutta,

    2. å betre kvaliteten på og auke omfanget av samarbeid mellom institusjonar eller organisasjonar som driv opplæringsverksemd, føretak, partane i arbeidslivet og andre relevante organ i heile Europa,

    3. å leggje til rette for utvikling av nyskapande praksis innanfor yrkesretta utdanning og opplæring på lågare nivå og for overføring av slik praksis, medrekna overføring mellom deltakarstatane,

    4. å skape betre klarleik i og godkjenning av kvalifikasjonar og kompetanse, òg når det gjeld ikkje-formell og uformell læring,

    5. å oppmuntre til læring av moderne framandspråk,

    6. støtte utviklinga av innhald, tenester, pedagogikk og praksis for livslang læring som er nyskapande og IKT-basert.

Artikkel 26

Tiltak innanfor Leonardo da Vinci-programmet

  1. Følgjande tiltak kan få støtte gjennom Leonardo da Vinci-programmet:

    1. Mobilitet for einskildpersonar slik det er nemnt i artikkel 5 nr. 1 bokstav a). Ved tilrettelegginga eller finansieringa av slik mobilitet skal det gjerast naudsynte førebuande tiltak, medrekna språkleg førebuing, og leggjast vekt på å sikre at det finst høveleg overvaking og støtte tilgjengeleg for personar som tek del i slik mobilitet. Slik mobilitet kan omfatte:

      1. tverrnasjonal utplassering i føretak eller opplæringsinstitusjonar,

      2. utplassering og utveksling som tek sikte på vidaregåande yrkesfagleg utvikling for instruktørar og rettleiarar og for dei som er ansvarlege for opplæringsinstitusjonar og planlegging av opplæringstiltak og karriererettleiing i føretak.

    2. Partnarskap slik det er nemnt i artikkel 5 nr. 1 bokstav b), med vekt på emne som er av felles interesse for dei organisasjonane som tek del.

    3. Fleirsidige prosjekt slik det er nemnt i artikkel 5 nr. 1 bokstav c), særleg dei som tek sikte på å betre opplæringssystema ved å leggje vekt på overføring av nyskapande tiltak som omfattar språkleg, kulturell og rettsleg tilpassing til nasjonale tilhøve av nyskapande produkt og prosessar som er utvikla i ulike samanhengar.

    4. Fleirsidige prosjekt slik det er nemnt i artikkel 5 nr. 1 bokstav e), som tek sikte på å betre opplæringssystema ved å leggje vekt på å utvikle nyskapande tiltak og god praksis.

    5. Tematiske nett som er samansette av sakkunnige og organisasjonar, slik det er nemnt i artikkel 5 nr. 1 bokstav e), som arbeider med særlege spørsmål som er knytte til yrkesretta utdanning og opplæring.

    6. Andre initiativ som tek sikte på å fremje måla for Leonardo da Vinci-programmet slik det er nemnt i artikkel 5 nr. 1 bokstav h) («oppfølgingstiltak»).

  2. Dei driftsmessige retningslinjene for slike tiltak skal fastsetjast i samsvar med den framgangsmåten som er nemnd i artikkel 10 nr. 2.

Artikkel 27

Løyvingar til Leonardo da Vinci-programmet

Minst 60 % av løyvingane til Leonardo da Vinci-programmet skal setjast av til støtte for mobilitet og partnarskap slik det er nemnt i artikkel 26 nr. 1 bokstav a) og b).

Kapittel IV

Grundtvig-programmet

Artikkel 28

Tilgang til Grundtvig-programmet

Innanfor ramma av programmet for livslang læring er Grundtvig-programmet retta mot:

  1. elevar som tek del i vaksenopplæring,

  2. institusjonar eller organisasjonar som driv verksemd innanfor vaksenopplæring,

  3. lærarar og anna personale ved desse institusjonane eller organisasjonane,

  4. institusjonar som driv med grunn– eller tilleggsutdanning av personale innanfor vaksenopplæring,

  5. samanslutningar og representantar for dei som driv verksemd innanfor vaksenopplæring, medrekna samanslutningar for elevar og lærarar,

  6. organ som yter rettleiings-, rådgjevings- og informasjonstenester som på ein eller annan måte er knytte til livslang læring,

  7. personar og organ som på ein eller annan måte har ansvar for system og politikk innanfor vaksenopplæring på lokalt, regionalt og nasjonalt plan,

  8. forskingssenter og –organ som er opptekne av spørsmål i samband med livslang læring,

  9. føretak,

  10. ideelle, frivillige og ikkje-statlege organisasjonar,

  11. institusjonar for høgare utdanning.

Artikkel 29

Måla for Grundtvig-programmet

  1. I tillegg til dei måla for programmet for livslang læring som er fastsette i artikkel 1, skal Grundtvig-programmet ha følgjande særskilde mål:

    1. å møte den utdanningsmessige utfordringa ved ein stadig eldre folkesetnad i Europa,

    2. å hjelpe vaksne slik at dei på ulike måtar kan få betre kunnskap og kompetanse.

  2. Grundtvig-programmet skal ha følgjande praktiske mål:

    1. å betre kvaliteten på, tilgangen til og omfanget av mobilitet i heile Europa for personar som tek del i vaksenopplæring, slik at minst 7 000 personar kan ta del i slik mobilitet per år innan 2013,

    2. å betre kvaliteten på og auke omfanget av samarbeid mellom organisasjonar som driv verksemd innanfor vaksenopplæring i heile Europa,

    3. å støtte personar frå sosialt utsette og vanskelegstilte grupper, særleg eldre og personar som har avbrote utdanninga si utan å få grunnleggjande kvalifikasjonar, slik at desse kan få høve til alternativ utdanning og tilgang til vaksenopplæring,

    4. å leggje til rette for utvikling av nyskapande praksis innanfor vaksenopplæring og for overføring av slik praksis, medrekna overføring mellom deltakarstatane,

    5. å støtte utviklinga av innhald, tenester, pedagogikk og praksis for livslang læring som er nyskapande og IKT-basert,

    6. å betre dei pedagogiske metodane og leiinga av organisasjonar som driv vaksenopplæring.

Artikkel 30

Tiltak innanfor Grundtvig-programmet

  1. Følgjande tiltak kan få støtte gjennom Grundtvig-programmet:

    1. Mobilitet for einskildpersonar slik det er nemnt i artikkel 5 nr. 1 bokstav a). Ved tilrettelegginga eller finansieringa av slik mobilitet skal det gjerast naudsynte førebuande tiltak og leggjast vekt på å sikre at det finst høveleg overvaking og støtte tilgjengeleg for personar som tek del i slik mobilitet. Slik mobilitet kan omfatte vitjingar, assistentopphald og utveksling av deltakarar innanfor formell og ikkje-formell utdanning, medrekna opplæring og etterutdanning av personale som driv vaksenopplæring, særleg i samverknad med partnarskap og prosjekt.

    2. Partnarskap slik det er nemnt i artikkel 5 nr. 1 bokstav b), såkalla «Grundtvig-partnarskap for læring», med vekt på emne som er av felles interesse for dei organisasjonane som tek del.

    3. Fleirsidige prosjekt slik det er nemnt i artikkel 5 nr. 1 bokstav e), som tek sikte på å betre systema for vaksenopplæring ved å leggje vekt på utvikling og overføring av nyskapande tiltak og god praksis.

    4. Tematiske nett, såkalla «Grundtvig-nett», som er samansette av sakkunnige og organisasjonar, slik det er nemnt i artikkel 5 nr. 1 bokstav e), og som særleg arbeider med å

      1. utvikle vaksenopplæring innanfor det faget, fagområdet eller forvaltingsområdet som dei er knytte til,

      2. identifisere, betre og spreie relevant god praksis og nyskaping,

      3. gje støtte på innhaldssida til prosjekt og partnarskap som er skipa av andre, og leggje til rette for betre vekselverknad mellom slike prosjekt og partnarskap,

      4. fremje utviklinga av behovsanalyse og kvalitetstrygging innanfor vaksenopplæring,

    5. Andre initiativ som tek sikte på å fremje måla for Grundtvig-programmet slik det er nemnt i artikkel 5 nr. 1 bokstav h) («oppfølgingstiltak»).

  2. Dei driftsmessige retningslinjene for slike tiltak skal fastsetjast i samsvar med den framgangsmåten som er nemnd i artikkel 10 nr. 2.

Artikkel 31

Løyvingar til Grundtvig-programmet

Minst 55 % av løyvingane til Grundtvig-programmet skal setjast av til støtte for mobilitet og partnarskap slik det er nemnt i artikkel 30 nr. 1 bokstav a) og b).

Kapittel V

Det tverrgåande programmet

Artikkel 32

Måla for det tverrgåande programmet

  1. I tillegg til dei måla for programmet for livslang læring som er fastsette i artikkel 1, skal det tverrgåande programmet ha følgjande særskilde mål:

    1. å fremje europeisk samarbeid på område som dekkjer to eller fleire sektorvise delprogram,

    2. å fremje kvalitet og klarleik innanfor utdannings- og opplæringssystema i medlemsstatane.

  2. Det tverrgåande programmet skal ha følgjande praktiske mål:

    1. å støtte utvikling og samarbeid på europeisk plan når det gjeld politikken for livslang læring, særleg innanfor ramma av Lisboa-prosessen og arbeidsprogrammet for utdanning og opplæring 2010, og dessutan Bologna- og København-prosessane og etterfølgjande prosessar,

    2. å syte for at det finst tilstrekkeleg med data, statistikk og analysar som kan jamførast og som utviklinga av politikken for livslang læring kan byggje på, og å overvake framgangen innanfor livslang læring sett i høve til dei måla som er fastsette, og identifisere område som krev særleg merksemd,

    3. å fremje språklæring og støtte det språklege mangfaldet i medlemsstatane,

    4. å støtte utviklinga av innhald, tenester, pedagogikk og praksis for livslang læring som er nyskapande og IKT-basert,

    5. å syte for at resultata frå programmet for livslang læring vert sannkjende, synlege og gjennomførde på ein høveleg måte og i ein større samanheng.

Artikkel 33

Tiltak innanfor det tverrgåande programmet

  1. Følgjande tiltak kan få støtte innanfor hovudverksemda samarbeid om politikk og nyskaping innanfor livslang læring som er nemnd i artikkel 3 nr. 2 bokstav a):

    1. Mobilitet for einskildpersonar slik det er nemnt i artikkel 5 nr. bokstav a), medrekna studievitjingar for sakkunnige og tenestemenn som er utpeikte av nasjonale, regionale og lokale styresmakter, for rektorar ved utdannings- og opplæringsinstitusjonar og leiarar for rådgjevings- og kompetansegodkjenningstenester, og for partane i arbeidslivet.

    2. Fleirsidige prosjekt slik det er nemnt i artikkel 5 nr. 1 bokstav e), som skal førebu og prøve ut framlegg til politikk som er utvikla på fellesskapsplan, og nyskaping innanfor livslang læring.

    3. Fleirsidige nett slik det er nemnt i artikkel 5 nr. 1 bokstav e), for sakkunnige og/eller institusjonar som samarbeider om politikkspørsmål. Slike nett kan vere:

      1. tematiske nett som arbeider med spørsmål som gjeld innhaldet i livslang læring eller i metodar og politikk for livslang læring. Desse netta kan observere, utveksle, identifisere og analysere god praksis og nyskapande tiltak, og kome med framlegg til betre og breiare bruk av dette i alle medlemsstatane,

      2. forum for strategiske spørsmål innanfor livslang læring,

    4. Observasjon og analyse av politikk og system på området livslang læring, slik det er nemnt i artikkel 5 nr. 1 bokstav f), som kan omfatte

      1. studiar og samanliknande forsking,

      2. utvikling av indikatorar og statistiske granskingar, medrekna støtte til arbeid som er gjort på området livslang læring i samarbeid med Eurostat,

      3. støtte til drift av Eurydice-nettet og finansiering av den europeiske Eurydice-eininga som er skipa av Kommisjonen.

    5. Tiltak som tek sikte på å få betre klarleik i og godkjenning av kvalifikasjonar og kompetanse, òg frå ikkje-formell og uformell læring, opplysningar og rettleiing om mobilitet med sikte på læring, og samarbeid om kvalitetstrygging slik det er nemnt i artikkel 5 nr. 1 bokstav f), som kan omfatte

      1. nett av organisasjonar som arbeider for å fremje mobilitet og godkjenning, t.d. Euroguidance og nasjonale informasjonssenter for akademisk godkjenning (NARIC),

      2. støtte til tverrnasjonale Internett-baserte tenester som t.d. Ploteus,

      3. verksemd innanfor Europass-initiativet i samsvar med vedtak nr. 2241/2004/EF,

    6. Andre initiativ som er nemnde i artikkel 5 nr. 1 bokstav h) («oppfølgingstiltak»), medrekna ymsesidig læringsverksemd som tek sikte på å fremje måla for den hovudverksemda som er nemnd i artikkel 3 nr. 2 bokstav a).

  2. Følgjande tiltak, som er retta mot dei krava til undervisning og læring som finst på fleire enn eitt delprogramområde, kan få støtte innanfor hovudverksemda språklæring, slik det er nemnt i artikkel 3 nr. 2 bokstav b):

    1. Fleirsidige prosjekt slik det er nemnt i artikkel 5 nr. 1 bokstav e), som m.a. tek sikte på å

      1. utvikle nye læremiddel for språklæring, medrekna Internett-baserte kurs, og verktøy for vurdering av språkkunnskapar,

      2. utvikle verktøy og kurs for opplæring av språklærarar, instruktørar og anna personale.

    2. Fleirsidige nett slik det er nemnt i artikkel 5 nr. 1 bokstav e), på området språklæring og språkleg mangfald.

    3. Andre initiativ som er i samsvar med måla for programmet for livslang læring slik det er nemnt i artikkel 5 nr. 1 bokstav h), medrekna verksemd som skal gjere språklæring meir attraktivt for elevane gjennom massemedia og/eller marknadsførings–, reklame– og opplysningskampanjar og gjennom konferansar, studiar og utarbeiding av statistiske indikatorar på området språklæring og språkleg mangfald.

  3. Følgjande tiltak, som er utforma med sikte på å stette dei krava til undervisning og læring som finst på fleire enn eitt delprogramområde, kan få støtte innanfor hovudverksemda IKT, slik det er nemnt i artikkel 3 nr. 2 bokstav c):

    1. Fleirsidige prosjekt slik det er nemnt i artikkel 5 nr. 1 bokstav e), som tek sikte på å utvikle og spreie nyskapande metodar, innhald, tenester og miljø.

    2. Fleirsidige nett slik det er nemnt i artikkel 5 nr. 1 bokstav e), som tek sikte på å dele og utveksle kunnskap, røynsler og god praksis.

    3. Andre tiltak som tek sikte på å få ein betre politikk og praksis på området livslang læring slik det er nemnt i artikkel 5 nr. 1 bokstav f), som kan omfatte ordningar for vurdering, observasjon, referansemåling, kvalitetsbetring og analysar av utviklingstrekk med omsyn til teknologi og pedagogikk.

  4. Følgjande tiltak kan få støtte innanfor hovudverksemda spreiing, slik det er nemnt i artikkel 3 nr. 2 bokstav d):

    1. Einsidige og nasjonale prosjekt slik det er nemnt i artikkel 5 nr. 1 bokstav d).

    2. Fleirsidige prosjekt slik det er nemnt i artikkel 5 nr. 1 bokstav e), som m.a. tek sikte på å

      1. støtte utnyttinga og gjennomføringa av nyskapande produkt og prosessar,

      2. stimulere samarbeidet mellom prosjekt som driv verksemd på same område,

      3. utvikle god praksis med omsyn til spreiingsmetodar.

    3. Skiping av referansemateriale slik det er nemnt i artikkel 5 nr. 1 bokstav f), som kan omfatte innsamling av relevante statistiske opplysningar og granskingar på området spreiing, utnytting av resultata og utveksling av god praksis.

Kapittel VI

Jean Monnet-programmet

Artikkel 34

Tilgang til Jean Monnet-programmet

Innanfor ramma av programmet for livslang læring er Jean Monnet-programmet retta mot:

  1. studentar og forskarar som arbeider med europeisk integrasjon innanfor alle former for høgare utdanning, både i og utanfor Fellesskapet,

  2. institusjonar for høgare utdanning både i og utanfor Fellesskapet som er godkjende i heimstaten,

  3. lærarar og anna personale ved desse institusjonane,

  4. samanslutningar og representantar for personar som driv verksemd innanfor utdanning og opplæring, både i og utanfor Fellesskapet,

  5. offentlege og private organ som har ansvar for å leggje til rette og drive utdanning og opplæring på lokalt, regionalt og nasjonalt plan,

  6. forskingssenter og –organ som arbeider med spørsmål i samband med europeisk integrasjon i og utanfor Fellesskapet.

Artikkel 35

Måla for Jean Monnet-programmet

  1. I tillegg til dei måla for programmet for livslang læring som er fastsette i artikkel 1, skal Jean Monnet-programmet ha følgjande særskilde mål:

    1. å stimulere undervisning, forsking og refleksjon innanfor europeiske integrasjonsstudiar,

    2. å støtte eksisterande institusjonar og samanslutningar som arbeider med spørsmål som gjeld europeisk integrasjon og utdanning og opplæring i eit europeisk perspektiv.

  2. Jean Monnet-programmet skal ha følgjande praktiske mål:

    1. å stimulere til undervisning, forsking og refleksjon på høgt nivå innanfor europeiske integrasjonsstudiar ved institusjonar for høgare utdanning i og utanfor Fellesskapet,

    2. å betre kunnskapen og medvitet blant akademikarar og blant europeiske borgarar generelt om spørsmål som gjeld europeisk integrasjon,

    3. å støtte dei viktigaste europeiske institusjonane som arbeider med spørsmål som gjeld europeisk integrasjon,

    4. å støtte eksisterande europeiske institusjonar og samanslutningar på høgt nivå som arbeider med utdanning og opplæring.

Artikkel 36

Tiltak innanfor Jean Monnet-programmet

  1. Følgjande tiltak kan få støtte innanfor den hovudverksemda som er nemnd i artikkel 3 nr. 3 bokstav a):

    1. Einsidige og nasjonale prosjekt slik det er nemnt i artikkel 5 nr. 1 bokstav d), som kan omfatte:

      1. undervisningsstillingar, framståande senter og undervisningsmodular innanfor Jean Monnet-programmet,

      2. samanslutningar av professorar og andre lærarar innanfor høgare utdanning, og av forskarar som spesialiserer seg på europeisk integrasjon,

      3. støtte til unge forskarar som spesialiserer seg på studiar på området europeisk integrasjon,

      4. opplysnings- og forskingsverksemd som er knytt til Fellesskapet og tek sikte på å fremje ordskifte, refleksjon og kunnskap om den europeiske integrasjonsprosessen.

    2. Fleirsidige prosjekt og nett slik det er nemnt i artikkel 5 nr. 1 bokstav e), som kan omfatte støtte til skiping av fleirsidige forskingsgrupper på området europeisk integrasjon.

  2. Driftstilskot slik det er nemnt i artikkel 5 nr. 1 bokstav g), som støtte til visse drifts- og administrasjonsutgifter i dei følgjande institusjonane som driv verksemd av europeisk interesse, kan tildelast innanfor den hovudverksemda som er nemnd i artikkel 3 nr. 3 bokstav b):

    1. College of Europe (avdelingane i Brugge og Natolin),

    2. Det europeiske universitetsinstituttet, Firenze,

    3. Det europeiske instituttet for offentleg administrasjon, Maastricht,

    4. Akademiet for europarett, Trier,

    5. Det europeiske kontoret for utvikling innanfor spesialpedagogikk, Middelfart,

    6. Det internasjonale senteret for europeisk opplæring (CIFE), Nice.

  3. Innanfor den hovudverksemda som er nemnd i artikkel 3 nr. 3 bokstav c), kan det gjevast driftstilskot slik det er nemnt i artikkel 5 nr. 1 bokstav g) som støtte til visse drifts- og administrasjonsutgifter hjå europeiske institusjonar og samanslutningar som driv verksemd på området utdanning og opplæring.

  4. Tilskota kan gjevast kvart år eller fornyast innanfor ei rammeavtale om partnarskap med Kommisjonen.

Artikkel 37

Løyvingar til Jean Monnet-programmet

Minst 16 % av løyvingane til Jean Monnet-programmet skal setjast av til støtte for den hovudverksemda som er nemnd i artikkel 3 nr. 3 bokstav a), minst 65 % skal setjast av til den hovudverksemda som er nemnd i artikkel 3 nr. 3 bokstav b), og minst 19 % skal setjast av til den hovudverksemda som er nemnd i artikkel 3 nr. 3 bokstav c).

Avdeling III

Overgangs- og sluttføresegner

Artikkel 38

Overgangsføresegner

  1. Tiltak som vert sette i verk til og med 31. desember 2006 på grunnlag av avgjerd 1999/382/EF, avgjerd 253/2000/EF, avgjerd 2318/2003/EF, avgjerd 791/2004/EF eller vedtak 2241/2004/EF, skal forvaltast i samsvar med føresegnene i dei nemnde rettsaktene, bortsett frå at dei utvala som er nemnde i desse rettsaktene, skal bytast ut med det utvalet som er skipa ved artikkel 10 i denne avgjerda.

  2. I samsvar med artikkel 18 i forordning (EF, Euratom) nr. 1605/2002 kan dei løyvingane som svarar til driftsinntekter frå tilbakebetaling av summar som er utbetalte på urettkome vis i medhald av avgjerd nr. 1999/382/EF, avgjerd nr. 253/2000/EF, avgjerd nr. 2318/2003/EF, avgjerd nr. 791/2004/EF eller vedtak nr. 2241/2004/EF, gjerast tilgjengelege for programmet for livslang læring.

Artikkel 39

Iverksetjing

Denne avgjerda tek til å gjelde 20. dagen etter at ho er kunngjord i Tidend for Den europeiske unionen .

Utferda i Strasbourg, 15. november 2006.

For Europaparlamentet

President

J. BORRELL FONTELLES

For Rådet

Formann

P. LEHTOMÄKI

Vedlegg

Lover, forskrifter og finansielle føresegner

A. Lover og forskrifter

Følgjande framgangsmåtar skal nyttast ved framlegging og utveljing av tiltak innanfor programmet for livslang læring:

1. Framgangsmåte med nasjonalt kontor

1.1. Framgangsmåte nr. 1

Følgjande tiltak, som skal veljast ut av dei nasjonale kontora som det gjeld, skal forvaltast gjennom «framgangsmåte nr. 1 med nasjonalt kontor»:

  1. Mobilitet for einskildpersonar som tek del i livslang læring, slik det er nemnt i artikkel 5 nr. 1 bokstav a).

  2. Tosidige og fleirsidige partnarskap slik det er nemnt i artikkel 5 nr. 1 bokstav d).

  3. Einsidige og nasjonale prosjekt slik det er nemnt i artikkel 5 nr. 1 bokstav d), i tilfelle der prosjekta er finansierte i medhald av artikkel 33 nr. 4 bokstav a).

Søknader om finansiell støtte i medhald av desse tiltaka skal rettast til dei rette nasjonale kontora som er utpeikte av medlemsstatane i samsvar med artikkel 6 nr. 2 bokstav b). Dei nasjonale kontora skal stå for utveljinga og tildele finansiell støtte til dei søkjarane som er valde ut i samsvar med dei overordna retningslinjene som skal utarbeidst i medhald av artikkel 9 nr. 1 bokstav c). Dei nasjonale kontora skal tildele støtte til støttemottakarar i sine eigne medlemsstatar. Kvar partnar i to- eller fleirsidige partnarskap skal få finansiering direkte frå sitt eige nasjonale kontor.

1.2. Framgangsmåte nr. 2

Følgjande tiltak, som skal veljast ut av Kommisjonen, men der dei nasjonale kontora skal ha ansvaret for framgangsmåtane for vurdering og tildeling av kontraktar, skal forvaltast gjennom «framgangsmåte nr. 2 med nasjonalt kontor»:

  • fleirsidige prosjekt slik det er nemnt i artikkel 5 nr. 1 bokstav c).

Søknader om finansiell støtte i medhald av dette tiltaket skal rettast til det nasjonale kontoret som er utpeikt av medlemsstaten til prosjektkoordinatoren i samsvar med artikkel 6 nr. 2 bokstav b). Det nasjonale kontoret i medlemsstaten til prosjektkoordinatoren skal vurdere søknadene og sende over til Kommisjonen ei liste med dei søknadene som er best eigna til å få støtte. På grunnlag av den framlagde lista skal Kommisjonen ta endeleg avgjerd, og deretter skal det nasjonale kontoret tildele høveleg finansiell støtte til dei utvalde søkjarane i samsvar med dei overordna retningslinjene som skal fastsetjast i medhald av artikkel 9 nr. 1 bokstav c).

Før lista med utvalde støttemottakarar vert send over til Kommisjonen, skal det nasjonale kontoret i staten til prosjektkoordinatoren kontakte dei nasjonale kontora i statane til dei andre prosjektdeltakarane. Dei nasjonale kontora skal fordele tilskot til utvalde prosjektkoordinatorar i dei høvesvise medlemsstatane, som skal ha ansvaret for å fordele midlane til prosjektdeltakarane.

2. Framgangsmåte med Kommisjonen

Følgjande tiltak, der framlegga til prosjekt vert sende over til Kommisjonen, som òg skal ha ansvaret for å velje ut prosjekt, skal forvaltast gjennom «framgangsmåten med Kommisjonen»:

  1. Einsidige og nasjonale prosjekt slik det er nemnt i artikkel 5 nr. 1 bokstav d), bortsett frå prosjekt som er finansierte i medhald av artikkel 33 nr. 4 bokstav a).

  2. Fleirsidige prosjekt og nett slik det er nemnt i artikkel 5 nr. 1 bokstav e).

  3. Observasjon og analyse av politikk og system på området livslang læring, innføring av referansemateriale, medrekna rundspørjingar, statistikk, analysar og indikatorar, og tiltak for å få betre klarleik i og godkjenning av kvalifikasjonar og tidlegare utdanning, slik det er nemnt i artikkel 5 nr. 1 bokstav f).

  4. Driftstilskot slik det er nemnt i artikkel 5 nr. 1 bokstav g).

  5. Andre initiativ som tek sikte på å fremje måla for programmet for livslang læring, slik det er nemnt i artikkel 5 nr. 1 bokstav h) («oppfølgingstiltak»).

Søknader om finansiell støtte til desse tiltaka skal rettast til Kommisjonen, som skal stå for utveljinga og tildele finansiell støtte til dei søkjarane som vert valde ut i samsvar med dei overordna retningslinjene som skal utarbeidst i medhald av artikkel 9 nr. 1 bokstav c).

B. Finansielle føresegner

Kommisjonen skal syte for at dei finansielle og administrative krava til dei som mottek støtte innanfor ramma av programmet for livslang læring, står i høve til omfanget av den tildelte støtta. Kommisjonen skal særleg syte for at dei finansielle reglane for og krava til bruk og rapportering når det gjeld mobilitet for einskildpersonar og partnarskap, er tilstrekkeleg brukarvennlege og enkle til at dei ikkje hindrar tilgangen for vanskelegstilte personar og for institusjonar eller organisasjonar som arbeider med slike personar.

Kommisjonen skal særleg melde frå til dei nasjonale kontora om kva kriterium dei skal nytte når det gjeld framgangsmåtane for utveljing og tildeling, og kva kontrakts-, betalings- og revisjonsordningar som skal følgjast for dei midlane som dei forvaltar. Desse kriteria skal ta omsyn til omfanget av tilskota, og dersom tilskota er mindre enn 25 000 euro, skal det finnast forenkla ordningar på alle dei nivåa som omfattar søkjarar eller støttemottakarar. Kriteria skal gjere det mogleg for dei nasjonale kontora å fastsetje og avgrense dei detaljerte opplysningane som krevst av søkjarane, og å utferde kontraktar etter støttetildelinga på eit enklare grunnlag som berre omfattar følgjande element:

  • partane i kontrakten,

  • tidsrommet som kontrakten varer, som skal vere lik tidsrommet då det kan gjevast støtte til å dekkje utgiftene,

  • den høgste summen som kan tildelast,

  • eit samandrag med opplysningar om kva tiltak det gjeld,

  • krav til rapportering og revisjon.

Slike kriterium skal òg gjere det mogleg for dei nasjonale kontora å fastsetje at samfinansiering frå støttemottakarane kan ha form av naturalytingar. Det skal kunne verifiserast at slike ytingar er gjevne, men dei treng ikkje vurderast finansielt.

1. Tiltak som vert forvalta gjennom framgangsmåten med nasjonalt kontor

1.1. Fellesskapsmidlar som er meinte som finansiell støtte til tiltak som skal forvaltast gjennom framgangsmåten med nasjonalt kontor i samsvar med del A nr. 1.1 i dette vedlegget, skal fordelast mellom medlemsstatane i samsvar med reglar som Kommisjonen skal fastsetje i samsvar med artikkel 10 nr. 2, og kan m.a. omfatte følgjande element:

  1. Ein minstesum som skal tildelast kvar medlemsstat, og som skal fastsetjast i samsvar med dei budsjettmidlane som finst tilgjengelege for det aktuelle tiltaket.

  2. Resten av summen skal tildelast medlemsstatane på grunnlag av:

    1. det samla talet i kvar medlemsstat på

      • elevar og lærarar innanfor skulesystemet når det gjeld partnarskap mellom skular og mobilitetstiltak innanfor Comenius-programmet, slik det er fastsett i artikkel 18 nr. 1 bokstav a) og b),

      • studentar og/eller kandidatar i høgare utdanning når det gjeld mobilitet for studentar og intensive programtiltak innanfor Erasmus-programmet, slik det er fastsett i artikkel 22 nr. 1 bokstav a) i) og iv),

      • lærarar i institusjonar for høgare utdanning når det gjeld mobilitetstiltak for lærarar og for anna personale innanfor Erasmus-programmet, slik det er fastsett i artikkel 22 nr. 1 bokstav a) ii) og iii),

      • den samla folkesetnaden og talet på personar i alderen 15-35 år sett i høve til samla folkesetnad når det gjeld mobilitet, partnarskap og fleirsidige prosjekt innanfor Leonardo da Vinci-programmet, slik det er fastsett i artikkel 26 nr. 1 bokstav a), b) og c),

      • vaksne når det gjeld mobilitets- og partnarskapstiltak innanfor Grundtvig-programmet, slik det er fastsett i artikkel 30 nr. 1 bokstav a) og b),

    2. ulikskapar mellom medlemsstatane når det gjeld levekostnader,

    3. avstanden mellom hovudstadene i kvar medlemsstat,

    4. omfanget av etterspurnad etter og/eller deltaking i det aktuelle tiltaket i kvar medlemsstat.

1.2. Desse reglane bør i størst mogleg grad vere nøytrale i høve til dei ulike utdannings– og opplæringssystema i medlemsstatane.

1.3. Fellesskapsmidlar som vert fordelte på denne måten, skal forvaltast av dei nasjonale kontora som er fastsette i artikkel 6 nr. 2 bokstav b).

1.4. Kommisjonen skal i samarbeid med medlemsstatane gjere dei tiltaka som er naudsynte for å oppmuntre til ei jamt fordelt deltaking på fellesskapsplan, nasjonalt plan og eventuelt regionalt plan, og mellom dei ulike studieområda der dette er aktuelt. Løyvingane til desse tiltaka skal ikkje overstige 5 % av dei årlege løyvingane til finansiering av kvart av dei aktuelle tiltaka.

2. Utveljing av støttemottakarar

Dei institusjonane som er førde opp i artikkel 36 nr. 2 i denne avgjerda, er peikte ut som støttemottakarar i medhald av programmet for livslang læring, i samsvar med artikkel 168 i forordning (EF, Euratom) nr. 2342/2002.

Dei nasjonale einingane til NARIC-nettet, Eurydice-nettet, Euroguidance-nettet, dei nasjonale støttetenestene for e-partnarskapa og dei nasjonale sentra innanfor Europass skal verke som organ for gjennomføring av programmet på nasjonalt plan, i samverknad med føresegnene i artikkel 54 nr. 2 bokstav c) i forordning (EF, Euratom) nr. 1605/2002 og artikkel 38 i forordning (EF, Euratom) nr. 2342/2002.

3. Kategoriar av støttemottakarar

I samsvar med artikkel 114 nr. 1 i forordning (EF, Euratom) nr. 1605/2002 kan det tildelast støtte til juridiske eller fysiske personar. Når det gjeld fysiske personar, kan støtta tildelast i form av stipend.

4. Faste støttesummar, utgifter per eining og prisar

Faste støttesummar og/eller utgifter per eining, slik det er fastsett i artikkel 181 nr. 1 i forordning (EF, Euratom) nr. 2342/2002, kan nyttast når det gjeld dei tiltaka som er nemnde i artikkel 5.

Faste støttesummar kan nyttast med opptil 25 000 euro per tilskot. Desse summane kan kombinerast slik at dei kjem opp i høgst 100 000 euro og/eller vert nytta saman med utgifter per eining.

Kommisjonen kan dele ut prisar som er knytte til verksemd innanfor ramma av programmet for livslang læring.

5. Tildeling av kontraktar

Dersom gjennomføringa av tiltak som får støtte gjennom programmet for livslang læring, krev at støttemottakaren må nytte ein framgangsmåte for tildeling av kontraktar, skal dei framgangsmåtane for tildeling av mindre kontraktssummar som er fastsette i artikkel 129 i forordning (EF, Euratom) nr. 2342/2002, nyttast.

6. Partnarskapsavtaler

Dersom tiltak innanfor programmet for livslang læring får støtte gjennom rammeavtaler om partnarskap i medhald av artikkel 163 i forordning (EF, Euratom) nr. 2342/2002, kan slike partnarskap veljast ut og finansierast i eit tidsrom på fire år etter ein forenkla framgangsmåte for fornying.

7. Offentlege institusjonar eller organisasjonar som tilbyr læring

Alle skular og institusjonar for høgare utdanning som er valde ut av medlemsstatane, og alle institusjonar eller organisasjonar som tilbyr læring og har fått minst 50 % av dei årlege driftsinntektene sine frå offentlege kjelder i dei siste to åra eller er underlagde kontroll av offentlege organ eller representantane deira, skal av Kommisjonen reknast for finansielt, fagleg og administrativt å vere i stand til, og for å ha den økonomiske stabiliteten som er naudsynt, for å gjennomføre prosjekt innanfor programmet for livslang læring, utan at dei treng leggje fram meir dokumentasjon for å prove dette. Slike institusjonar eller organisasjonar kan få unntak frå revisjonskrava i medhald av artikkel 173 nr. 4 i forordning (EF, Euratom) nr. 2342/2002.

8. Organ som arbeider for eit mål av allmenn europeisk interesse

Dersom det gjennom programmet for livslang læring vert tildelt driftstilskot til organ som arbeider for eit mål av allmenn europeisk interesse slik det er definert i artikkel 162 i forordning (EF, Euratom) nr. 2342/2002, skal prinsippet om gradvis nedtrapping i samsvar med artikkel 113 nr. 2 i forordning (EF, Euratom) nr. 1605/2002, ikkje nyttast ved fornying.

9. Fagleg kompetanse og faglege kvalifikasjonar hjå søkjarane

I samsvar med artikkel 176 nr. 2 i forordning (EF, Euratom) nr. 2342/2002 kan Kommisjonen avgjere at visse kategoriar av støttemottakarar har den yrkeskompetansen og dei faglege kvalifikasjonane som krevst for å fullføre det framlagde tiltaket eller arbeidsprogrammet.

10. Deltaking for partnarar frå tredjestatar

Partnarar frå tredjestatar kan ta del i fleirsidige prosjekt, nett eller partnarskap i medhald av vilkåra i artikkel 14 nr. 2 dersom Kommisjonen eller det nasjonale kontoret som det gjeld, ønskjer dette. Når det skal takast avgjerd om at slike partnarar skal få støtte eller ikkje, skal det leggjast vekt på graden av tilleggsverdi på europeisk plan som kan ventast tilført frå deltakinga deira i det aktuelle prosjektet, nettet eller partnarskapet.

11. Minstetildelingar

Med atterhald for artikkel 14 i denne avgjerda skal dei sektorvise delprogramma tildelast følgjande minstesummar, sett i høve til den finansielle ramma som er fastsett i den nemnde artikkelen:

Comenius 13 %

Erasmus 40 %

Leonardo da Vinci 25 %

Grundtvig 4 %

12. Nasjonale kontor

Det skal gjevast finansiell støtte frå Fellesskapet for å støtte verksemda til dei nasjonale kontora som vert skipa eller peikte ut av medlemsstatane i samsvar med artikkel 6 nr. 2 bokstav b).

I samsvar med artikkel 38 nr. 1 i forordning (EF, Euratom) nr. 2342/2002 kan oppgåvene til det nasjonale kontoret i tredjestatar som tek del i programmet for livslang læring i medhald av artikkel 7 nr. 1 i denne avgjerda, utførast av offentlege organ eller av privatrettslege organ som driv offentleg tenesteyting og er underlagde lovene i den staten som det gjeld.

I samsvar med prinsippet om rimeleg samhøve vil krava til sertifisering og rapportering verte avgrensa til eit høveleg minstenivå.

13. Teknisk hjelp

Den finansielle ramma for programmet for livslang læring kan òg omfatte utgifter som er knytte til førebuing, overvaking, kontroll, revisjon og vurdering som er direkte naudsynt for gjennomføringa av programmet og for at måla for programmet skal nåast. Desse kan omfatte studiar, møte, opplysningsverksemd, publikasjonar, utgifter til datanett for utveksling av opplysningar og eventuelle andre utgifter til teknisk og administrativ hjelp som Kommisjonen kan ha i samband med gjennomføringa av programmet.

14. Føresegner for motkjemping av svik

Avgjerder som Kommisjonen har teke i medhald av artikkel 9, og kontraktar og avtaler som følgjer av desse, saman med avtaler med tredjestatar som tek del i programmet, skal særleg innehalde føresegner om overvaking og finansiell kontroll som skal gjennomførast av Kommisjonen (eller ein representant som har fått fullmakt av Kommisjonen), medrekna Det europeiske kontoret for motkjemping av svik (OLAF), og om revisjon som Revisjonsretten skal utføre, om naudsynt på staden. Slike kontrollar kan utførast saman med dei nasjonale kontora, om naudsynt òg saman med støttemottakarane.

Mottakaren av driftstilskot skal i fem år rekna frå den siste utbetalinga stille til rådvelde for Kommisjonen alle underlagsdokument, medrekna den reviderte finansrekneskapen, som gjeld utgifter som har kome på gjennom det året då tilskotet vart gjeve. Støttemottakaren skal syte for at underlagsdokument som eventuelt er å finne hjå partnarar eller medlemmer, vert stilte til rådvelde for Kommisjonen.

Kommisjonen kan ved hjelp av sitt eige personale eller eit anna kvalifisert eksternt organ som han sjølv peikar ut, utføre revisjon av den måten tilskota er vortne nytta på. Slik revisjon kan utførast i heile det tidsrommet som avtala gjeld for, og i eit tidsrom på fem år etter dagen då den siste tilskotsdelen vart utbetalt. Resultata av revisjonen kan føre til at Kommisjonen tek avgjerd om å krevje tilbakebetaling.

Personalet til Kommisjonen og eksternt personale som har fått fullmakt frå Kommisjonen, skal i den grad det er naudsynt for å gjennomføre revisjon, få eigna tilgang til lokala til støttemottakaren og til alle opplysningar, medrekna opplysningar i elektronisk form.

Revisjonsretten og OLAF skal ha same rettar som Kommisjonen, særleg når det gjeld retten til tilgang.

Kommisjonen kan dessutan på staden utføre kontrollar og inspeksjonar som gjeld programmet, i samsvar med rådsforordning (EF, Euratom) nr. 2185/96 av 11. november 1996 om kontroll og inspeksjon på stedet som foretas av Kommisjonen for å beskytte De europeiske fellesskaps økonomiske interesser mot bedrageri og andre uregelmessigheter 19 .

Når det gjeld fellesskapstiltak som vert finansierte i medhald av denne avgjerda, tyder «avvik» slik det er nemnt i artikkel 1 nr. 2 i rådsforordning (EF, Euratom) nr. 2988/95 av 18. desember 1995 om beskyttelse av Det europeiske fellesskaps økonomiske interesser 20 alle brot på ei føresegn i fellesskapsretten eller alle brot på ei avtaleplikt som følgjer av ei handling eller forsømming frå eit rettssubjekt si side, som skadar eller kan skade det allmenne budsjettet til Dei europeiske fellesskapa eller andre budsjett som Fellesskapa forvaltar, ved at dei vert påførde ei utilbørleg utgift.

Fotnotar

1.

TEU C 221 av 8.9.2005, s. 134.

2.

TEU C 164 av 5.7.2005, s. 59.

3.

Europaparlamentsfråsegn av 25. oktober 2005 (enno ikkje offentleggjord i TEU), felles haldning frå Rådet av 24. juli 2006 (TEU C 251 E av 17.10.2006, s. 37) og haldning frå Europaparlamentet av 25. oktober 2006 (enno ikkje offentleggjord i TEU).

4.

TEF L 146 av 11.6.1999, s. 33. Avgjerda sist endra ved forordning (EF) nr. 885/2004 (TEU L 168 av 1.5.2004, s. 1).

5.

TEF L 28 av 3.2.2000, s. 1. Avgjerda sist endra ved avgjerd nr. 885/2004/EF.

6.

TEU L 345 av 31.12.2003, s. 9.

7.

TEU L 138 av 30.4.2004, s. 31.

8.

TEU L 390 av 31.12.2004, s. 6.

9.

TEU L 345 av 31.12.2003, s. 1.

10.

TEF C 163 av 9.7.2002, s. 1.

11.

TEF C 13 av 18.1.2003, s. 2.

12.

TEF C 293 E av 28.11.2002, s. 103.

13.

TEF L 248 av 16.9.2002, s. 1.

14.

TEF L 357 av 31.12.2002, s. 1. Forordninga sist endra ved forordning (EF) nr. 1248/2006 (TEU L 227 av 19.8.2006, s. 3).

15.

TEU C 139 av 14.6.2006, s. 1.

16.

TEF L 184 av 17.7.1999, s. 23. Avgjerda endra ved avgjerd nr. 2006/512/EF (TEU L 200 av 22.7.2006, s. 11).

17.

TEF L 39 av 13.2.1975, s. 1. Forordninga sist endra ved forordning (EF) nr. 2051/2004 (TEU L 355 av 1.12.2004, s. 1).

18.

TEF L 131 av 23.5.1990, s. 1. Forordninga sist endra ved forordning (EF) nr. 1648/2003 (TEU L 245 av 29.9.2003, s. 22).

19.

TEF L 292 av 15.11.1996, s. 2.

20.

TEF L 312 av 23.12.1995, s. 1.