St.prp. nr. 36 (2006-2007)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av avgjerd nr. 1720/2006/EF av 15. november 2006 om fast­setjing av eit handlingsprogram for livslang læring

Til innhaldsliste

4 Avgjerd i EØS-komiteen

Med sikte på deltakinga til EØS-EFTA-statane i EU-programmet for livslang læring vil avgjerda i EØS-komiteen innehalde ei innleiing og tre artiklar. I innleiinga vert det vist til artikkel 86 og 98 i EØS-avtala, som gjer det mogleg for EØS-komiteen å endre vedlegga til avtala gjennom avgjerd i EØS-komiteen.

Artikkel 1 slår fast at protokoll 31 får ei tilføying om at samarbeidet vert utvida til òg å omfatte europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 1720/2006/EF av 15. november 2006.

Artikkel 2 føreset at avgjerda tek til å gjelde dagen etter at EØS-komiteen har motteke alle meldingar i medhald av artikkel 103 nr. 1 i EØS-avtala.

Artikkel 3 slår fast at avgjerda i EØS-komiteen skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.