St.prp. nr. 59 (2000-2001)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om deltaking for EFTA/EØS-statane i ei fellesskapsramme for samarbeid om akutt havureining

Til innhaldsliste

2 Nærmare om fellesskapsramma for samarbeid

Innsatsen til EU på området akutt havureining går tilbake til 1978, då det første handlingsprogrammet vart vedteke. Programmet var den gongen konsentrert om følgjande hovudområde: utveksling av informasjon, opplæring/øvingar, forsøksprosjekt og internasjonalt samarbeid. Dette engasjementet vart utvida endå meir ved at det i 1981 vart skipa eit informasjonssystem for Fellesskapet, «Community Information System», som i stor grad er ei oversikt over tilgjengeleg materiell i ein akutt ureiningssituasjon. Informasjonssystemet og dei resultata som er oppnådde under det tidlegare handlingsprogrammet, vil verte omfatta av den nye fellesskapsramma for samarbeid.

Føremålet med den nye fellesskapsramma for samarbeid er å støtte opp om, og dessutan å utfylle innsatsen til medlemsstatane for vern av helse og av havmiljøet, medrekna kystlinja. Vidare ønskjer ein å redusere risikoen for operasjonelle utslepp, ureining frå skadelege stoff (medrekna ammunisjon) og akutte uhell med ureining frå olje og oljehaldige stoff lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Målet er å medverke til å betre reaksjonsevna til medlemsstatane i tilfelle der det er fare for ureining, og å førebyggje hendingar. Fellesskapsramma er òg meint å skulle medverke til effektiv hjelp medlemsstatane imellom.

Europaparlaments- og rådsvedtak 2850/2000/EF slår vidare fast at det skal skipast eit informasjonssystem som skal sikre utveksling av data som gjeld den eksisterande vernebuinga, og moglege krisetiltak som kan setjast i verk dersom akutt havureining finn stad.

Fellesskapsramma skal evaluerast innan 36 månader etter at ho er sett i verk, og dessutan når ho sluttar å gjelde. Ei slik evaluering skal òg innehalde framlegg til korleis engasjementet på området skal førast vidare.