St.prp. nr. 73 (1996-97)

Om samtykke til å la seg binde av den reviderte landmineprotokollen av 3. mai 1996 og protokollen om blindande laservåpen av 13. oktober 1995, begge til FN-konvensjonen av 10. oktober 1980 om forbod mot eller restriksjonar på bruk av visse konvensjonelle våpen som kan skade i utrengsmål eller som kan ramme vilkårleg

Til innholdsfortegnelse

2 Bakgrunn

Det folkerettslege arbeidet med å avgrense eller hindre bruken av visse typar våpen i krig er av gammal dato. Haag-konvensjonen av 1907 er eit tidleg døme på eit regelverk om krigføring. I artikkel 22 vert det her slege fast at dei krigførande statane ikkje har uavgrensa fridom i valet av middel til å skade fienden.

I perioden 1974-77 vart det halde ein diplomatkonferanse i Genève der siktemålet var å styrkje og vidareutvikle den humanitære folkeretten i væpna konfliktar. Konferansen vedtok to tilleggsprotokollar (protokoll I og II) til Genève-konvensjonane av 12. august 1949 om vern av offera for krig. Protokollane har òg nokre generelle føresegner som gjeld sjølve krigføringa, og slår m.a. fast at militære fordelar av krigshandlingar skal vegast mot skadeverknader på sivile og sivil eigedom. Det lukkast likevel ikkje under denne konferansen å einast om forbod mot og restriksjonar på bruken av spesielle konvensjonelle våpen som kan gjere uturvande skade eller som kan ramme vilkårleg. Difor vart det under generalforsamlinga i FN hausten 1977 vedteke å kalle saman ein eigen FN-konferanse med sikte på å vedta slike reglar.

Denne konferansen heldt to sesjonar i Genève i perioden 1979-1980, og vedtok utkast til ein konvensjon med tre tilhøyrande protokollar som inneheld forbod mot eller restriksjonar på bruken av høvesvis fragmenteringsvåpen, landminer og minefeller, i tillegg til brannvåpen. Noreg deltok i begge desse sesjonane av konferansen, og underteikna konvensjonen 10. april 1981. Konvensjonen vart ratifisert 7. juni 1983, og fekk namnet «FN-konvensjonen av 1980 om forbod mot eller restriksjonar på bruk av visse konvensjonelle våpen som kan skade i utrengsmål eller som kan ramme vilkårleg» (heretter FN-konvensjonen av 1980 om inhumane våpen, eller berre konvensjonen).

Til forsiden