St.prp. nr. 73 (1996-97)

Om samtykke til å la seg binde av den reviderte landmineprotokollen av 3. mai 1996 og protokollen om blindande laservåpen av 13. oktober 1995, begge til FN-konvensjonen av 10. oktober 1980 om forbod mot eller restriksjonar på bruk av visse konvensjonelle våpen som kan skade i utrengsmål eller som kan ramme vilkårleg

Til innholdsfortegnelse

5 Dei ulike artiklane i den reviderte Protokoll II om miner og minefeller

Artikkel 1 definerer bruksområdet til den endra protokollen, og slår fast at han omfattar interne konfliktar som nemnt i felles artikkel 3 i Genève-konvensjonane av 12. august 1949. Samstundes etablerer artikkelen eit unntak for indre uro og spenning, så som opptøyar, isolerte og sporadiske valdshandlingar og andre liknande handlingar.

Artikkel 2 inneheld ei rekkje definisjonar av dei tilhøva som den endra protokollen omtalar. Viktig å merkje seg er definisjonen av ei anti-personellmine som ei mine som er spesielt konstruert for å bli sprengd som følgje av at ein person er til stades, kjem nær eller rører ved mina, og som vil skade eller drepe ein eller fleire personar eller setje dei ut av spel. Denne definisjonen vil m.a. omfatte sektorverkande miner som vert utløyste med snubletråd. Sektorverkande miner som vert utløyste manuelt eller med fjernkontroll, fell utanfor definisjonen og kjem inn under andre innretningar.

Artikkel 3 inneheld eit allment forbod mot å bruke miner, minefeller og andre innretningar mot sivilpersonar eller på ein vilkårleg måte. Samtidig etablerer artikkelen eit forbod mot bruk av dei miner, minefeller og andre innretningar som inneheld ein spesialkonstruert mekanisme som gjer at ammunisjonen vert detonert når ein vanleg minedetektor er i nærleiken.

Artikkel 4 etablerer forbod mot bruk av anti-personellminer som ikkje kan oppdagast av vanleg elektromagnetisk deteksjonstutstyr.

Artikkel 5 inneheld restriksjonar på bruken av anti-personellminer som ikkje er fjernleverte med t.d. fly eller artilleri. Etter denne føresegna er det forbode å bruke anti-personellminer som ikkje har mekanisme som sikrar at mina vert øydelagd etter maksimalt 120 dagar, dersom ho ikkje er plassert innanfor innhegna og merkte minefelt under militær overvaking og kontroll.

Artikkel 6 inneheld restriksjonar på bruken av fjernleverte miner og etablerer eit forbod mot bruk av slike dersom dei ikkje har mekanismar som sikrar at mina vert øydelagd etter maksimalt 120 dagar.

Artikkel 7 etablerer eit forbod mot bruk av visse typar minefeller som på ein eller annan måte er festa eller knytte til visse typar gjenstandar, t.d. gravstader, medisinsk utstyr og sjukehus, barneleiker, mat og drikkevarer, sjuke, såra eller døde personar, internasjonalt godtekne teikn og emblem, eller religiøse gjenstandar.

Artikkel 8 inneheld forbod mot og restriksjonar på overføringar (m.a. eksport/import) av landminer, og inneber eit forbod mot overføringar av dei minene som den endra protokollen forbyr bruken av, og dessutan forbod mot overføringar av alle typar anti-personellminer til ikkje-statlege aktørar eller statar som ikkje er partar i protokollen, og som ikkje seier seg bundne av føresegnene i denne. Samstundes legg artikkelen restriksjonar på overføringar av alle landminer som den reviderte protokollen avgrensar bruken av.

Artikkel 9 inneheld spesielle føresegner om registrering og bruk av opplysningar om minefelt, minelagde område, minefeller og andre innretningar, slik at alle nødvendige tiltak kan iverksetjast etter at kamphandlingane er innstilte for å verne sivilbefolkninga best mogeleg. Artikkelen strekar òg under eit særskilt informasjonsansvar som dei stridande partane har overfor generalsekretæren i FN i situasjonar der Dei sameinte nasjonane har vedteke å sende fredstryggjande styrkar inn i eit område.

Artikkel 10 inneheld spesielle føresegner om fjerning og nøytralisering av minefelt, minelagde område, minefeller og andre innretningar etter at kamphandlingane er innstilte, slik at sivilbefolkninga kan vernast beste mogeleg. Det vert òg understreka at partane i ein eventuell konflikt der miner er utlagde, har eit ansvar for å fjerne miner frå territorium under eigen kontroll etter at konflikten er avslutta.

Artikkel 11 gjev føresegner om teknologisk og vitskapleg samarbeid og støtte i samband med minerydding og gjennomføring av føresegnene i den reviderte protokollen. Partane i den reviderte protokollen vert m.a. pålagde å levere relevante opplysningar til databasen om minerydding som er skipa innanfor FN-systemet, t.d. opplysningar om mineryddingsteknologi, ekspertar eller ekspertinstitusjonar. Etter denne føresegna har kvar konvensjonspart rett til å søkje og ta imot hjelp frå ein annan part i konvensjonen for å lette gjennomføringa av føresegnene i den reviderte protokollen.

Artikkel 12 etablerer føresegner om auka vern for personell som deltek i autoriserte fredstryggjande og/eller humanitære operasjonar i krigs- og konfliktområde der landminer er utlagde. Etter denne artikkelen skal kvar konvensjonspart eller part i ein konflikt forplikte seg til å setje i verk naudsynte tiltak, etter oppmoding frå leiinga for ei humanitær/fredsbevarande oppdragseining, for å verne eininga mot verknadene av landminer og minefeller. Denne plikta inneber m.a. sikring av passasje gjennom relevante område, og i denne samanhengen kan rydding eller nøytralisering av minene vere naudsynt.

Artikkel 13 inneheld føresegner om årlege, forpliktande konsultasjonar mellom partane i den reviderte protokollen, m.a. for å drøfte korleis partane gjennomfører og etterlever føresegnene i den reviderte protokollen, og å vurdere mogelege tiltak som kan styrkje protokollen ytterlegare. Dei årlege konsultasjonane som artikkelen fastset, skal etter føresegna òg kunne brukast til å utveksle tekniske opplysningar i samband med minerydding.

Artikkel 14 inneheld føresegner om at partane i den reviderte protokollen skal setje i verk alle tiltak som trengst, m.a. lovgjeving og andre tiltak, for å hindre brot på føresegnene i protokollen. Det vert understreka at partane har ei plikt til å setje i verk naudsynte tiltak for å sikre at personar som under ein væpna konflikt set seg ut over føresegnene i protokollen og såleis med overlegg drep sivile eller påfører dei alvorleg skade, vert straffa. Det vert òg understreka at partane i protokollen skal ha eit ansvar for relevant opplæring av eige militært personell for å sikre at føresegnene i protokollen vert etterlevde.

Det tekniske vedlegget inneheld m.a. føresegner om kriterium for plassering av minefelt, minelagde område og område for fjernlagde miner, i tillegg til tekniske spesifikasjonar for korleis miner skal kunne oppdagast og mekanismar som sikrar øydelegging av mina etter ei viss tid. I denne samanhengen bør særleg to tilhøve understrekast:

1. Anti-personellminer skal etter føresegnene ha innebygt eit materiale som gjer det mogeleg å oppdage mina ved hjelp av vanleg elektromagnetisk deteksjonsutstyr, og som gjev eit responssignal tilsvarande 8 gram jarn.

2. Krava til mekanismar som sikrar øydelegging av mina etter ei viss tid skal vere slik at ikkje meir enn ei av tusen aktiverte anti-personellminer vil fungere som mine 120 dagar etter utlegging.

I tillegg inneheld det tekniske vedlegget føresegner om ein tilpassingsperiode på ni år for dei landa som ikkje straks kan oppfylle dei nye tekniske krava til anti-personellminer. Perioden vert rekna frå tidspunktet då protokollen trer i kraft, dvs. seks månader etter datoen då det 20. dokumentet til ratifikasjon, godkjenning eller tiltreding er deponert.

Til forsiden