St.prp. nr. 73 (1996-97)

Om samtykke til å la seg binde av den reviderte landmineprotokollen av 3. mai 1996 og protokollen om blindande laservåpen av 13. oktober 1995, begge til FN-konvensjonen av 10. oktober 1980 om forbod mot eller restriksjonar på bruk av visse konvensjonelle våpen som kan skade i utrengsmål eller som kan ramme vilkårleg

Til innholdsfortegnelse

1 Samandrag

Eitt av dei alvorlegaste og mest akutte humanitære problema i vår tid er mengdene av udetonerte miner som i dag er spreidde over store område i den tredje verda. Desse rammar blindt, lemlestar eller drep, og er eit uføreseieleg og varig trugsmål mot sivile. FN-konvensjonen av 1980 om inhumane våpen er den viktigaste globale, folkerettslege reiskapen som kan avgrense bruken av desse minene, som i dag valdar svære lidingar i konfliktområde over heile verda. Men konvensjonen har til no vist seg utilstrekkeleg til å få bukt med mineproblemet. Som ei følgje av m.a. dette vedtok generalsekretæren i FN i 1993 å kalle inn til ein revisjonskonferanse for å styrkje føresegnene i landmineprotokollen til konvensjonen, og å vurdere tilleggsprotokollar.

Revisjonskonferansen, som vart opna 25. september 1995 og avslutta 3. mai 1996, gjorde to viktige vedtak. Det vart vedteke ein ny, revidert landmineprotokoll. Dernest vart det vedteke ein ny protokoll som forbyr bruk og eksport av blindande laservåpen.

Den nye, reviderte landmineprotokollen er styrkt på fleire viktige punkt. For det første er det etablert eit generelt forbod mot bruk av anti-personellminer som ikkje kan oppdagast, har lang levetid og er plasserte utanfor regulerte minefelt. Det er desse minene som valdar dei største lidingane. Dette forbodet tek til å gjelde ni år etter at protokollen har tredd i kraft. For det andre har partane forplikta seg til ikkje å eksportere eller overføre slike anti-personellminer. For det tredje er bruksområdet til protokollen utvida til å gjelde interne væpna konfliktar. Dette er eit framsteg fordi den gamle protokollen berre var gyldig i konfliktar mellom statar. For det fjerde er den nye protokollen utstyrt med ei konsultasjonsordning som forpliktar partane til å komme saman årleg for å drøfte korleis føresegnene vert etterlevde. Og for det femte skal det samankallast ein tilsynskonferanse i år 2001 med sikte på å styrkje føresegnene i protokollen ytterlegare.

Sjølv om den nye, reviderte protokollen etter norsk syn ikkje er fullt ut tilfredsstillande, er han betre enn den gamle, og representerer framfor alt eit viktig steg i rett lei. Protokollen må ikkje sjåast som avslutninga av ein prosess, men heller som innleiinga til ein ny fase der ein kan trappe opp arbeidet for å gje born, kvinner og menn i krigs- og konfliktutsette område betre vern mot landminer. For å vidareføre og intensivere arbeidet for eit totalforbod mot anti-personellminer, vil regjeringa saman med andre likesinna land arbeide for å skape ei ny internasjonal norm og auka press for avskaffing av bruk og produksjon av anti-personellminer gjennom etablering av ein mellomstatleg, juridisk bindande avtale som forbyr produksjon, eksport/import, lagring og bruk av desse våpna.

Norsk tilslutnad til protokollen er ikkje venta å medføre særlege økonomiske eller administrative konsekvensar.

Eit avtrykk av protokollen i engelsk originaltekst med omsetjing til norsk følgjer som trykt vedlegg til proposisjonen.

Til forsiden