St.prp. nr. 73 (1996-97)

Om samtykke til å la seg binde av den reviderte landmineprotokollen av 3. mai 1996 og protokollen om blindande laservåpen av 13. oktober 1995, begge til FN-konvensjonen av 10. oktober 1980 om forbod mot eller restriksjonar på bruk av visse konvensjonelle våpen som kan skade i utrengsmål eller som kan ramme vilkårleg

Til innholdsfortegnelse

1 Tilleggsprotokoll til Konvensjonen om forbod mot eller restriksjonar på bruk av visse konvensjonelle våpen som kan skade i utrengsmål eller som kan ramme vilkårleg

ARTIKKEL 1: TILLEGGSPROTOKOLL

Følgjande protokoll skal følgje som vedlegg til Konvensjonen om forbod mot eller restriksjonar på bruk av visse konvensjonelle våpen som kan skade i utrengsmål eller som kan ramme vilkårleg («konvensjonen»), som protokoll IV:

«Protokoll om blindande laservåpen (Protokoll IV)

Artikkel 1

Det er forbode å nytte laservåpen som er spesielt konstruerte for og har som sin einaste stridsfunksjon eller som ein av sine viktigaste stridsfunksjonar å valde varig blinding på auge utan forsterking, dvs. på det berre auget eller på auge med synskorrigerande innretningar. Dei høge konvensjonspartane skal ikkje overføre slike våpen til noka statleg eller ikkje-statleg eining.

Artikkel 2

Ved bruk av lasersystem skal dei høge konvensjonspartane ta alle praktisk gjennomførlege åtgjerder for å unngå at det oppstår varig blinding på auge utan forsterking. Slike åtgjerder skal omfatte opplæring av dei væpna styrkane deira og andre praktiske tiltak.

Artikkel 3

Blinding som ein utilsikta effekt eller ein bieffekt av lovleg militær bruk av lasersystem, også lasersystem brukte mot optisk utstyr, kjem ikkje inn under forbodet i denne protokollen.

Artikkel 4

I denne protokollen er med «varig blinding» meint eit irreversibelt og uoppretteleg synstap som gjev alvorleg funksjonshemming som det ikkje er von om å lækje. Alvorleg funksjonshemming vil seie ein synsstyrke under 20/200 Snellen når begge auga vert nytta.»

ARTIKKEL 2: IVERKSETJING

Denne protokollen skal tre i kraft som fastsett i artikkel 5 nr. 3 og 4 i konvensjonen.

Til forsiden