St.prp. nr. 73 (1996-97)

Om samtykke til å la seg binde av den reviderte landmineprotokollen av 3. mai 1996 og protokollen om blindande laservåpen av 13. oktober 1995, begge til FN-konvensjonen av 10. oktober 1980 om forbod mot eller restriksjonar på bruk av visse konvensjonelle våpen som kan skade i utrengsmål eller som kan ramme vilkårleg

Til innholdsfortegnelse

6 Dei ulike artiklane i protokoll IV om blindande laservåpen

Artikkel 1 etablerer eit forbod mot bruk og overføringar (m.a. eksport og import) av laservåpen som er spesielt konstruerte for eller har som ein av sine viktigaste stridsfunksjonar å påføre varig blinding.

Artikkel 2 inneheld ei føresegn om at partane i protokollen skal ta alle praktiske åtgjerder for at bruk av lasersystem ikkje skal påføre varig blinding. Føresegna strekar særleg under det viktige i personalopplæring av væpna styrkar.

Artikkel 3 presiserer at forbodet i protokollen ikkje omfattar situasjonar der blinding er ei utilsikta følgje av legitim bruk av lovlege militære lasersystem.

Artikkel 4 definerer omgrepet «varig blinding» som eit uoppretteleg synstap som gjev alvorleg funksjonshemming som ikkje kan lækjast.

Til forsiden