St.prp. nr. 87 (2006-2007)

Om utbygging og finansiering av E6 på strekningane Gardermoen (Hovinmoen) – Dal og Skaberud – Kolomoen i Akershus og Hedmark

Til innhaldsliste

4 Trafikkgrunnlag

Det er venta at bompengeordninga vil føre til overføring av trafikk frå E6 til alternative ruter. I tillegg er det rekna med at ein del trafikantar vil gå over til andre transportformer, i hovudsak buss og tog. Som grunnlag for å vurdere sannsynleg reduksjon av trafikkgrunnlaget gjennom bomstasjonane, er det gjennomført ein trafikkanalyse for det vegnettet som er rekna med å bli påverka av bompengeordninga. I tillegg til E6 og parallellvegnettet omfattar derfor analysen rv 4 og rv 33 vest for Mjøsa og rv 2 og rv 24 aust for Mjøsa.

I følgje trafikkanalysen vil ein firefelts E6 i liten grad påverke reisemiddelvala i transportkorridoren. Ei vurdering som vart utført for Statens vegvesen og Jernbaneverket i 2001, konkluderte også med at overføringspotensialet frå bil til tog er lite. Dette skuldast at toget berre dekkjer ein liten del av reiserelasjonane og at ein stor del av bilistane derfor ikkje har reelle alternativ til bil.

Med eit takstnivå på 9 kr for lette køyretøy og 18 kr for tunge køyretøy i kvar bomstasjon er det rekna med at trafikkreduksjonen som følgje av overføring av trafikk til alternative ruter og andre transportformer, vil variere mellom 4 og 12 pst. Av dette utgjer overføringa til kollektive transportmiddel 1,2 – 1,6 pst. Med eit takstnivå på 13 kr for lette køyretøy og 26 kr for tunge køyretøy i kvar bomstasjon er det rekna med at reduksjonen vil variere mellom 7 og 19 pst. Av dette utgjer overføringa til kollektive transportmiddel 1,7 – 2,3 pst. Trafikkreduksjonen er vesentleg større i sør enn i nord, både på grunn av meir omfattande sidevegnett og betre kollektivtrafikktilbod. Når det gjeld forventa betalande ÅDT, er det i tillegg lagt til grunn 5 pst. reduksjon som ein ekstra tryggleik på grunn av endra reisevanar, mellombels driftsstans i innkrevjingssystemet, manglande registrering, tap av inntekter frå utanlandske køyretøy m.m.

For den generelle trafikkutviklinga er prognosane som vart utvikla for Akershus og Hedmark i samband med Nasjonal transportplan 2006 – 2015, lagt til grunn. Dette inneber at det er lagt til grunn ein gjennomsnittleg årleg trafikkvekst på i underkant av 1 pst.

Konsulenten for den utvida eksterne kvalitetssikringa har vurdert trafikkprognosane som nøkterne. På grunn av høgare takstar som følgje av auka kostnadsoverslag etter at trafikkanalysen vart gjennomført, har Statens vegvesen lagt inn 1 – 2 pst. større reduksjon i nokre av bomstasjonssnitta enn i trafikkanalysen. Tabell 4.1 viser forventa betalande ÅDT gjennom bomstasjonane i samanlikningsåret 2010 ved ulike takstnivå, jf. kap. 5, samanlikna med ein situasjon utan bompengeinnkrevjing.

Tabell 4.1 Forventa betalande ÅDT gjennom bomstasjonssnitta ved ulike takstnivå for lette og tunge kjøretøy i samanlikningsåret 2010.

DelstrekningÅDT 2010
Utan bompengeinnkrevjingTakstnivå 60/120 krTakstnivå 90/180 kr
Hovinmoen – Dal23 40019 20017 300
Dal – Boksrud15 70013 20012 400
Boksrud – Minnesund14 50013 10012 500
Minnesund – Hedmark grense12 70011 60010 900
Akershus grense – Skaberud12 40011 30010 900
Skaberud – Kolomoen12 60011 50011 000

Eit bompengeopplegg med fleire automatiske bomstasjonar over ei lengre strekning og utan bomstasjonar på parallellvegnettet er ikkje utprøvd tidlegare. Mellom anna er det knytt ein del tekniske utfordringar til opplegget for registrering av køyretøy. Dette inneber ein viss risiko for manglande registrering og inntektssvinn. Statens vegvesen går derfor inn for at opplegget blir vurdert undervegs med sikte på å innføre justeringar/tiltak dersom dette skulle vise seg nødvendig.