St.prp. nr. 87 (2006-2007)

Om utbygging og finansiering av E6 på strekningane Gardermoen (Hovinmoen) – Dal og Skaberud – Kolomoen i Akershus og Hedmark

Til innhaldsliste

6 Utbyggings- og finansieringsopplegg for E6 på strekningane Hovinmoen – Dal og Skaberud – Kolomoen (første utbyggingsetappe)

Det er lagt opp til anleggsstart på strekningane Hovinmoen – Dal og Skaberud – Kolomoen ved årsskiftet 2007/2008, og begge strekningane er planlagt opna for trafikk i løpet av 2009. For å sikre rasjonell utbygging kan det bli aktuelt å ta ut masse på dei mellomliggjande strekningane.

Forslaget til finansieringsopplegg for dei to strekningane byggjer på det førebelse finansieringsopplegget for utbygging av E6 på heile strekninga Gardermoen – Kolomoen. Bomstasjonen på strekninga Hovinmoen – Dal er føresett plassert ved Hauerseter, medan bomstasjonen på strekninga Skaberud – Kolomoen er føresett plassert nord for Tangen.

Dersom det blir lagt til grunn eit kostnadsoverslag på 4 700 mill. kr for den samla utbygginga, vil styringsramma for strekningane Hovinmoen – Dal og Skaberud – Kolomoen utgjere om lag 26 pst. av overslaget. Dette tilsvarar om lag 400 mill. kr av føresette statlege midlar til den samla utbygginga. Samferdselsdepartementet legg etter dette til grunn 400 mill. kr i statlege midlar til første utbyggingsetappe. I tråd med St.meld. nr. 24 (2003 – 2004) er det føresett 150 mill. kr i perioden 2006 – 2009.

Det er lagt til grunn at bompengeselskapet forskotterer delar av utbyggingskostnadene. Dersom det ikkje blir tilslutning til vidare utbygging av E6 vil desse midlane bli refundert i perioden 2010 – 2013. Dette vil leggje til rette for ein mest mogleg kontinuerleg og effektiv utbygging. Dersom det blir tilslutning til utbygging av dei attståande strekningane, vil dei statlege midlane i staden gå til finansiering av denne utbygginga.

Finansieringsplanen for første utbyggingsetappe er vist i tabell 6.1. I tillegg er det rekna med at bompengeselskapet vil stille til disposisjon om lag 90 mill. kr. til prosjektering og byggjeplanlegging av dei attståande strekningane mellom Dal og Skaberud.

Bompengeselskapet har tidlegare forskottert 20 mill. kr til prosjektering og byggjeplanlegging av dei strekningane som inngår i første utbyggingsetappe. I 2007 er det venta eit forbruk på om lag 40 mill. kr til vidare prosjektering og byggjeplanlegging samt førebuande arbeid. I tillegg er det venta eit forbruk på om lag 30 mill. kr til prosjektering og byggjeplanlegging av dei attståande strekningane. Midlane er føresette stilt til disposisjon av bompengeselskapet.

Eventuelle kostnadsoverskridingar skal dekkast slik at kostnadsauke opp til kostnadsramma finansierast med statlege midlar og bompengar etter same prosentvise fordeling som innafor styringsramma. Overskridingar ut over kostnadsramma er staten sitt ansvar og må følgjeleg finansierast med statlege midlar.

Tabell 6.1 Finansieringsplan for første utbyggingsetappe.

    Mill. 2007-kr
  2006 – 2009 2010 – 2013 Sum
Statlege midlar 150 250 400
Bompengar 1 000 - 170 830
Sum 1 150 80 1 230

Trafikkføresetnadene går fram av kap. 4, og føresett takst- og rabattsystem går fram av kap. 5. Følgjande basisføresetnader er elles lagt til grunn for finansieringsanalysen:

  • Lånerente: 6,5 pst.

  • Årleg prisstigning: 2 pst.

  • Årlege innkrevjingskostnader: 10 mill. kr

  • Bruk av brikke: 60 pst.

Med desse føresetnadene er innkrevjingsperioden rekna til om lag 10 år dersom utbygginga blir avgrensa til strekningane Hovinmoen – Dal og Skaberud – Kolomoen. Bompengar vil òg dekkje renteutgiftar på til saman om lag 300 mill. kr og kostnader til drift av bomstasjonar på til saman om lag 100 mill. kr. Lånerente på 6,5 pst. føreset at det før anleggsstart ligg føre dokumentasjon frå ein låneinstitusjon om lån innafor denne renta i ein periode på 10 – 15 år.

Det er også rekna på eit alternativ med pessimistiske føresetnader som i kap. 5. Med desse føresetnadene er innkrevjingsperioden rekna til vel 13 år utan at takstane blir auka ut over vanleg prisstigning. Dette viser at første utbyggingsetappe er robust i høve til endringar i føresetnadene.