St.prp. nr. 87 (2006-2007)

Om utbygging og finansiering av E6 på strekningane Gardermoen (Hovinmoen) – Dal og Skaberud – Kolomoen i Akershus og Hedmark

Til innhaldsliste

5 Førebels finansieringsopplegg for utbygging av E6 på heile strekninga Gardermoen – Kolomoen

Det er teke utgangspunkt i eit kostnadsoverslag på 4 700 mill. 2007-kr for utbygging av E6 til firefelts veg på heile strekninga Gardermoen – Kolomoen. Som omtalt i kap. 2.1, er overslaget basert på godkjente reguleringsplanar for strekningane Hovinmoen – Dal og Skaberud – Kolomoen, forslag til reguleringsplanar for strekninga Dal – Boksrud – Minnesund og Statens vegvesen sitt forslag til val av trasé på strekninga Minnesund – Hedmark/Akershus grense – Skaberud. Dette er ein auke på om lag 100 mill. kr i høve til det som låg til grunn i forslaget til bompengeopplegg som var på lokal høyring hausten 2006, jf. kap. 3.2.

Statlege midlar

I tråd med St.meld. nr. 24 (2003 – 2004) er det lagt til grunn 1 500 mill. 2007-kr i statlege midlar til utbygginga, fordelt med 150 mill. kr i perioden 2006 – 2009 og 1 350 mill. kr i perioden 2010 – 2013. Den statlege ramma til prosjektet er føresett å stå fast. Dette medfører at eventuell kostnadsauke, dersom det blir valt dyrare løysingar på delar av strekninga, må finansierast med bompengar.

Med eit samla kostnadsoverslag på 4 700 mill. kr vil dei statlege midlane utgjere om lag 32 pst. Dersom løysinga som Eidsvoll og Stange kommunar ønskjer langs Mjøsa blir lagt til grunn, vil dei statlege midlane utgjere om lag 24 pst.

Bompengeopplegg

I finansieringsopplegget for E6 Gardermoen – Kolomoen er det føresett etablering av automatiske bomstasjonar på kvar av dei seks delstrekningane, jf. vedlagte kartskisse. Dette vil føre til at trafikantar som berre nyttar delar av strekninga, vil betale lågare takst enn trafikantar som nyttar heile strekninga. Eit slik opplegg vil gi betre samanheng mellom nytte og betaling enn det som fram til i dag har vore vanleg ved bompengefinansiering av lengre utbyggingsstrekningar. Det er ikkje føresett bompengeinnkrevjing på parallelle vegar.

Utstyret (antenner, kamera m.m.) blir plassert på portalar over og stolpar langs vegen. Det er derfor ikkje føresett vesentlege arealinngrep ut over det som er nødvendig til sjølve veganlegget. Bomstasjonane er baserte på AutoPASS-systemet og vil ha tilsvarande teknologiske løysingar som eksisterande bomstasjonar i Bergen og Tønsberg. Betaling av bompengar vil skje ved bruk av elektronisk brikke eller ved etterskotsvis fakturering basert på videofotografering av bilen sitt registreringsnummer.

Det er lagt til grunn etterskotsinnkrevjing av bompengar, og innkrevjinga er føresett å starte etter kvart som delstrekningane blir opna for trafikk. Det er lagt opp til 15 års innkrevjing i kvar bomstasjon. I finansieringsanalysen er det førebels lagt til grunn følgjande innkrevjingsperiodar:

  • Hovinmoen – Dal: 2010 – 2024

  • Dal – Boksrud: 2012 – 2026

  • Boksrud – Minnesund: 2012 – 2026

  • Minnesund – Hedmark grense: 2013 – 2027

  • Akershus grense – Skaberud: 2012 – 2026

  • Skaberud – Kolomoen: 2010 – 2024

Dette inneber bompengeinnkrevjing i ein eller fleire bomstasjonar i perioden 2010 – 2027, til saman 18 år.

Det er føresett lik takst pr. km på alle delstrekningane. Vidare er det lagt til grunn at tunge køyretøy (totalvekt over 3 500 kg) skal betale dobbel takst. For å stimulere til bruk av elektronisk brikke, er det lagt til grunn ei rabattordning som inneber 10 pst. takstreduksjon ved bruk av brikke. Det er ikkje føresett rabattar ut over dette.

Tabell 5.1 viser forventa takstnivå for lette køyretøy. Alternativet basert på Statens vegvesen sitt forslag til val av trasé langs Mjøsa er venta å føre til ein samla takst på om lag 60 kr for lette køyretøy (0,9 kr/km) og om lag 120 kr for tunge køyretøy (1,8 kr/km) som køyrer heile strekninga Gardermoen – Kolomoen i den perioden det er innkrevjing i alle bomstasjonane. Med den løysinga som Eidsvoll og Stange kommunar ønskjer langs Mjøsa, er samla takst rekna til om lag 90 kr for lette køyretøy (1,4 kr/km) og om lag 180 kr for tunge køyretøy (2,7 kr/km) som køyrer heile strekninga.

Tabell 5.1 Takstnivå for lette køyretøy ved ulike investeringskostnader.

Delstrekning Takstar – lette køyretøy        2007-kr
Anleggskostnad 4 700 mill. kr Anleggskostnad 6 200 mill. kr
Hovinmoen – Dal 9,2 14,3
Dal – Boksrud 10,2 14,3
Boksrud – Minnesund 9,2 13,3
Minnesund – Hedmark grense 9,2 13,3
Akershus grense – Skaberud 10,2 16,4
Skaberud – Kolomoen 11,2 17,4
Sum 59,2 89,0

Det er føresett at takstane blir regulerte i samsvar med prisutviklinga. Dersom økonomien i prosjektet blir svakare enn føresett, er det lagt til grunn at bompengeselskapet etter avtale med Vegdirektoratet kan auke takstane med inntil 20 pst. og forlenge innkrevjingsperioden med inntil 5 år.

Førebels forslag til finansieringsplan

Ein førebels finansieringsplan for utbygging av E6 på heile strekninga Gardermoen – Kolomoen, basert på samla investeringskostnader på 4 700 mill. kr, er vist i tabell 5.2.

Trafikkføresetnadene går fram av kap. 4. Følgjande basisføresetnader er elles lagt til grunn for finansieringsanalysen:

  • Lånerente: 6,5 pst.

  • Årleg prisstigning: 2 pst.

  • Årlege innkrevjingskostnader: 22 mill. kr

  • Bruk av brikke: 60 pst.

Med desse basisføresetnadene er innkrevjingsperioden rekna til om lag 15 år i kvar av bomstasjonane. Bompengar vil òg dekkje renteutgiftar på til saman om lag 1 580 mill. kr og kostnader til drift av bomstasjonar på til saman om lag 280 mill. kr. Det er også rekna på eit alternativ med følgjande pessimistiske føresetnader:

  • Kostnadsauke på 10 pst.

  • Årleg trafikkvekst blir redusert til 0,5 pst.

  • ÅDT i opningsåret blir redusert med ytterlegare 5 pst.

  • Bruken av brikke aukar til 80 pst.

  • Taktsauke på 20 pst. etter to år.

Med desse føresetnadene er innkrevjingsperioden i kvar bomstasjon rekna til mellom 17 og 18 år. Dette viser at prosjektet i utgangspunktet er robust i høve til endringar i føresetnadene.

Tabell 5.2 Førebels finansieringsplan for den samla utbygginga.

    Mill. 2007-kr
  2006 – 2009 2010 – 2013 Sum
Statlege midlar 150 1 350 1 500
Bompengar 1 000 2 200 3 200
Sum 1 150 3 550 4 700

Dersom det alternativet som Eidsvoll og Stange kommunar ønskjer på strekninga Minnesund – Skaberud blir lagt til grunn, er det som omtalt i kap. 2.1 førebels rekna med at kostnadene vil auke med om lag 1 500 mill. kr. Med trafikkføresetnader som vist i tabell 4.1 og bompengetakstar som vist i tabell 5.1, er innkrevjingsperioden rekna til om lag 15 år i kvar av bomstasjonane også for dette alternativet. Som omtalt i kap. 4 blir trafikkoverføringa til andre ruter stor med så høge takstar som dette alternativet vil krevje. Følgjeleg er det knytt større uvisse til føresetnadene som er lagt til grunn i reknestykket for det trasévalet som Eidsvoll og Stange kommunar ønskjer. Det er derfor ikkje rekna på eit alternativ med pessimistiske føresetnader for dette trasévalet.