Sykkylven kommune - motsegn til reguleringsplan for Blakstad (kulturminner/strandsone - bolighus/naust)

Avgjørelse i innsigelsessak, 17. desember 2003

SYKKYLVEN KOMMUNE - MOTSEGN TIL REGULERINGSPLAN FOR BLAKSTAD

Vi viser til brev frå fylkesmannen i Møre og Romsdal datert 4. april 2003.

Saka er i medhald av plan- og bygningsloven § 27-2, nr. 2 sendt Miljøverndepartementet til endeleg avgjerd fordi fylkesmannen i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune har motsegn til reguleringsplanen for Blakstad i Sykkylven kommune .

Miljøverndepartementet stadfester reguleringsplanen for Blakstad som vart vedteken ikommunestyret21. oktober 2002. Departementet tek dermed ikkje motsegna frå Møre og Romsdal fylkeskommune og fylkesmannen i Møre og Romsdal til følgje. Departementet meiner at gravrøysene på Blakstadneset, med dei presiseringar som går fram av brevet her, vert tilstrekkeleg sikra i planen. Likeeins meiner departementet at dei allmenne strandsoneinteressene vert tekne i vare ved at det mest brukte området vert sikra for allment friluftsliv og fiske.

Bakgrunn for saka

Konflikten i saka gjeld reguleringsplanen for Blakstad. Reguleringsplanen omfattar eit område på ca. 24 daa og legg opp til bygging av bustadhus, naust og utviding av eksisterande industri på Blakstadneset, samtidig som to gravhaugar i planområdet vert sikra. Kommunen har med stort fleirtal vedteke planen. Området er i arealdelen til gjeldande kommuneplan avsett til landbruks-, natur- og friluftsområde. Med unntak av strandområdet på innsida og ut til sjølve neset er det aktuelle området i dag for ein stor del utbygd og står fram som privat. Dei to gravhaugane er kraftig attgrodd og lite tilgjengelege.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har i brev av 4. september 2002 reist motsegn mot regulerings-planen for Blakstad på grunn av at bustadtomt B3 er i vesentleg konflikt med strandsonevernet når det gjeld omsynet til landskap og ferdsel. Fylkesmannen legg og vekt på dei arkeologiske og kulturlandskapsmessige omsyn i saken. Den aktuelle bustadtomta ligg 10 meter frå strandkanten.

Møre og Romsdal fylkeskommune har i brev av 6. september 2002 fremma motsegn mot bustadtomt B3 for bustadhus i strandsona på Blakstadneset, samt til avgrensing av naustområda N1 og N2 i same område. Grunngjeving for motsegna er at foreslått utbygging vil øydelegge naturmiljøet og landskapet sett i høve til to gravrøyser på Blakstadneset. Fylkeskommunen foreslår at heile området der gravrøysene ligg må regulerast til spesialområde bevaring.

Sykkylven kommune vedtok reguleringsplanen for Blakstad 21. oktober 2002. Kommunen viser til at det aktuelle reguleringsområdet ligg på eit nes der det over lang tid har vore busetnad og ei mindre industriverksemd, samt naust. Kommunen skriv at området ikkje vert nytta mykje av allmenta som friluftsområde. Føremålet med planforslaget er å legge til rette for utbetring av tilkomstveg, sikre eksisterande industriverksemd naudsynt tilleggsareal. Planen legg til rette for ei ordna utnytting/utbygging med naust og bustader som tek omsyn til området sin spesielle landskapsmessige verdi og særeigne miljøkvalitetar, med mellom anna fornminne. Den aktuelle bustadtomta ligg utanfor den automatiske sikringssona for fornminne. Kommunen har og eit sterkt ønske om å legge til rette for at dottera til grunneigaren og hennar familie kan flytte attende til familieeigedomen.

Direktoratet for naturforvaltning (DN) har i brev av 13. juni 2003 til Miljøverndepartementet tilrådd at motsegna frå fylkesmannen i Møre og Romsdal vert teken til følgje. Direktoratet grunngjev si tilråding ut frå omsynet til strandsoneverdiar, landskap, og friluftsliv. Direktoratet meiner planen er uheldig fordi utbygging av bustadtomta B3 vil redusere tilgjengeleg areal for allmenta på ein uheldig måte. DN meiner at kommunen kan innpasse den eine bustaden (B3) ein anna stad i planområdet og oppretthalde vegen som grense mellom friområdet og byggeområda.

Riksantikvaren (RA) har i brev av 25. juni 2003 til Miljøverndepartementet tilrådd at motsegna frå Møre og Romsdal fylkeskommune vert teken til følgje. RA grunngjev si tilråding ut i frå omsynet til gravrøysane og landskapet på Blakstadneset. RA meiner at opplevinga og forståinga av samanhengen mellom gravrøysene og det kulturhistoriske landskapet ved Storfjorden vil bli vesentleg redusert ved oppføring av bustad på tomt B3. RA meiner og at deler av naustområdet N1 og N2 sør for gravrøysene må reduserast, slik at sikringssona rundt gravrøysene vert større. Eit vesentleg element ved gravrøysenes verneverdi er relatert til landskapet rundt og det visuelle forholdet mellom røysene og fjorden. RA meiner difor det er viktig å halde strandlinja og området mellom røysene og fjorden ope og fritt for moderne inngrep.

RA viser og til undersøkingar som viser at kulturminne i områder med offentleg ferdsel greier seg betre enn kulturminne i meir privatiserte områder, og at storleik på området som blir regulert til bevaring betyr mykje for kor bra kulturminna blir tatt vare på. RA meiner difor at det er viktig å ikkje privatisere Blakstadneset ytterligare gjennom vidare utbygging av området.

Synfaring vart halde 27. mai 2003 med representantar frå Sykkylven kommune, fylkesmannen i Møre og Romsdal, Møre og Romsdal fylkeskommune, Direktoratet for naturforvaltning, Riksantikvaren og Miljøverndepartementet.

Miljøverndepartementet sine vurderingar

Det sentrale spørsmålet i saka er om nasjonale og viktige regionale kulturminnevern-, landskaps- og friluftslivsinteresser vert så negativt påverka av det planlagde bustadhuset og nausta på Blakstadneset, at det er grunnlag for å overprøve vedtaket i kommunestyret.

Dei to gravrøysene på Blakstadneset er sårbare for aktivitet i nærområdet. Det er allereie gjort fleire inngrep i området rundt dei automatisk freda kulturminna. Kjøreveg og planting innafor sikringssona til gravrøysa som ligg lengst aust er døme på inngrep i og ved slike kulturminne som kan være konfliktfylte. Det er difor viktig at eventuelt auka aktivitet i nærområdet til gravrøysene skjer slik at verneverdiane ikkje blir utsett for uheldig påverknad. Ettersom det allereie er etablert bustader og industri i området vil den auka ulempa ved bygging av ein bustad til vere marginal når det gjeld aktivitet frå nærområdet. Dette vil isolert sett ikkje vere tilstrekkeleg grunn for å gå i mot planen. Eit sentralt punkt i saka er kor mykje den nye bygnaden på bustadtomt B3 vil redusere den landskapsmessige opplevingsverdien av gravrøysene. Kontakten mot sjøen mot aust er allereie delvis brote med eksisterande bustad og industribygning. Eit nytt bygg på bustadtomt B3 vil ytterlegare sperre for kontakten med sjøen. Dersom huset vert avgrensa i omfang, plassert lågt i terrenget og det vert nytta materialar og farger som dempar landskapseffekten av bygningen, meiner departementet at dei negative verknadene vil ligge innafor det akseptable.

Departementet meiner at det i reguleringsføresegnene for byggeområde B3 er stilt krav og gitt retningslinjer for mellom anna bygningens plassering, høgde, form og storleik, som vil ivareta omsynet til landskapet på Blakstadneset. Når det gjeld verneomsynet knytt til dei to gravrøysene og forholdet til kulturminneloven er det naudsynt å gjere tillegg i reguleringsføresegnene sitt punkt 5.2 Spesialområder – verna gravrøyser. Tillegget er som følgjer:

§ 5.2: Endeleg plassering og utforming av bygningen på bustadtomt B3 skal godkjennast av vernemyndigheitene.

Kulturminnelova seier at alle kulturminne frå før 1537 er automatisk freda. Det er forbod mot å sette i gang tiltak som er egna til å skade, øydelegge, grave ut, flytte, forandre, tildekke, skjule eller på anna måta skjemme eit slikt kulturminne. Dette inneber at tiltakshavar må planlegge nybygget med tilhøyrande anlegg slik at det ikkje kommer i berøring med gravhaugane.

Miljøverndepartementet vurderer det slik at oppføring av bustad på tomt B3 ikkje vil medføre direkte inngrep i gravhaugane. Kjeldeverdien vil difor bli liggande intakt.

Området som reguleringsplanen omfattar ligg i 100-metersbeltet langs sjøen og er i gjeldande kommuneplan frå 1990 avsett til landbruks-, natur- og friluftsføremål. Departementet legg vekt på at forslaget til reguleringsplan for Blakstad ikkje må føre til endringar i allmentas moglegheiter til å drive friluftsliv, særleg stongfiske, i området. I områda for naust er det allereie gjort skjemmande utfyllingar. Reint estetisk vil opprusting av området, med mellom anna bygging av naust, vere positivt. Departementet meiner det er særleg viktig at allmenta sin tilkomst over naustområda til friluftsområda vert sikra.

Den delen av strandsona der den omstridde bustadtomta ligg er bratt og utilgjengeleg. Utbygginga vil difor ikkje utgjere nokon reell trussel for friluftslivet. Dei nasjonale og regionale interessene i strandsona er og knytt til landskapet. Ettersom det er ei avgrensa utbygging, med ei god landskapstilpassing, vil heller ikkje dette vere tilstrekkeleg grunn til å gå i mot planforslaget. Ved detaljutforminga av området vil det likevel vere viktig at tilkomst til det yste neset vert oppretthaldt. På synfaringa vart det av kommunen understreka at Blakstadneset framleis skal vere tilgjengeleg for allmenta med tilkomst frå søraust. Det vart og opplyst at naustområde N2 skal verte allment tilgjengeleg. Departementet legg difor til grunn for stadfestinga at dagens tilkomstkorridor til friluftsområde F1 over naustområda ikkje vert blokkert eller vanskeleggjort.

Miljøverndepartementet meiner at konfliktane i saka i all hovudsak er av slikt omfang og slik karakter at det ikkje er grunnlag for å overprøve dei lokale styresmaktene. Departementet har difor kome til at det er grunnlag for å stadfeste reguleringsplanen for Blakstad med eit tillegg i reguleringsføresegnene § 5.2 Verna gravrøyser, som sikrar at plassering og utforming av bygningen på bustadtomt B3 ikkje kan skje utan godkjenning av vernemyndigheitene. Av omsyn til moglege arkeologiske funn må vernemyndigheitene varslast allereie før arbeidet vert starta opp.

Vedtak

I medhald av § 27-2 i plan- og bygningslova av 14. juni 1985 finn departementet å kunne stadfeste kommunestyret i Sykkylven sitt vedtak i møte den 21. oktober 2002 om reguleringsplan for Blakstad. Det er gjort ei endring i reguleringsføresegnene § 5.2.

Det stadfesta reguleringsplankartet med reguleringsføresegnene følgjer vedlagt med påteikning om stadfestinga.

Om kunngjøring av stadfesta reguleringsplan viser vi til plan- og bygningsloven § 27-2 nr. 3.

Departementets vedtak inneber at det vert gjort ei endring i planen. Etter plan- og bygningslovens § 27-2 nr. 2 kan departementet etter at kommunen er gitt høve til å uttale seg gjere naudsynte endringar i planen, men planen kan ikkje endrast i hovudtrekka. Miljøverndepartementet har difor informert kommunen om den endringa som er gjort.

Kommunen er orientert om departementet sitt vedtak ved kopi av dette brevet.

Med helsing
Børge Brende

Kopi:
Sykkylven kommune
Møre og Romsdal fylkeskommune
Riksantikvaren
Direktoratet for naturforvaltning

Vedlegg:
Plankart og reguleringsføresegnene med påteikning om departementets stadfesting
Saksdokumenta