5 Forventa effekt av tiltaksplanen for villreinen

Den forventa effekten av tiltaksplanen er vurdert ut frå mogelegheita for å stoppe den negative utviklinga i villreinområdet innan 2030 og å oppnå middels kvalitet i villreinområdet innan 2050. Generelt inneheld tiltaksplanane mange tiltak med potensial for å bidra til å forbetre tilstanden for villrein, men samstundes er det for ein del av tiltaka knytt usikkerheit til effekten av gjennomføringa. Når utfallet av tiltaksgjennomføringa er usikker eller ligg langt fram i tid, er det utfordrande å vurdere kor sterk effekten på å dempe negative påverknadsfaktorar for villrein vil bli. Fleire tiltak handlar òg om kunnskapsinnhenting og har ingen effekt på utfordringane for villreinen i seg sjølv.

Hardangervidda villreinområdet er klassifisert som dårleg kvalitet på grunn av store utfordringar med dårleg slaktevekt på kalv, kjønnsbalanse, funksjonell arealutnytting førekomst av skrantesjuke. Villreinområdet har vorte sterkt påverka av ei rekkje tyngre naturinngrep arealinngrep som har bidrege til å endre villreinen sin arealbruk vesentleg. Vidare har endringar i den menneskelege bruken av Hardangervidda, med auka ferdsel, fleire ferdselsformer og gjennom ulike former for motorisert ferdsel, òg bidrege til vesentlege endringar i villreinen sin arealbruk.

Det er avgjerande at forvaltninga av villreinen og villreinområdet ikkje fører til ei negativ utvikling for dei andre parameterane etter kvalitetsnorma i åra framover.

Overordna vurderer departementet at tiltaksplanen vil ha liten mogelegheit til å stoppe den negative utviklinga for villreinen i Hardangervidda villreinområdet innan 2030. Dette skuldast at det er for kort tid til 2030 til å kunne oppnå målbare resultat på parametrane som ligg til grunn i kvalitetsnorma. Prosessane med å fylgje opp stortingsmeldinga og å gjennomføre tiltaksplanen er tidkrevjande, slik at det vil gå tid før tiltaka blir gjennomført, og at det deretter truleg vil ta fleire år før tiltaka får ein målbar effekt på reinen.

Det er samstundes viktig å understreke at det er viktige tiltak i tiltaksplanen som, dersom dei blir innførte raskt, kan redusere forstyrringar på ein viktig måte ved å gje villreinen meir ro. Sjølv om desse tiltaka åleine truleg ikkje er tilstrekkelege til å stoppe den negative utviklinga i villreinområdet innan 2030, kan dei ha stor betydning med tanke på å redusere den totale belastninga villreinen er utsett for, òg innan 2030.

Vidare vurderer departementet mogelegheita for å oppnå middels kvalitet i Hardangervidda villreinområdet innan 2050 som stor til middels moglegheit, gitt at ein lykkast med å nedkjempe skrantesjuke. For å nå middels kvalitet innan 2050, må alle ansvarlege aktørar gjennomføre tiltaka i tiltakspakkene. Manglande oppfølging kan føre til at målet ikkje blir nådd.