3 Områdespesifikke tiltakspakker for å betre tilstanden for villreinen i Hardangervidda villreinområde

3.1 Tiltak for å betre reinen sin tilgang til gode sumarbeiter og kalvings- og oppvekstområde i nordvest

3.1.1 Innleiing

Det å få reinen tilbake til nordvestvidda i kalvings- og oppvekst- og sumarbeitperioden, frå slutten av april og fram mot jaktstart, er avgjerande for å betre kondisjon og auke kalvetilvekst. Det vil òg betre parametrane for funksjonell arealutnytting og funksjonelle trekkpassasjar. Etter siste årtusenskifte flytta villreinen kalvingsområda sine frå dei tradisjonelle områda i nordvest, til sør for Kvenna i Telemark. Dette området har mindre forstyrringar frå menneskeleg aktivitet enn nordvestvidda, men er ikkje like godt eigna som kalvings- og oppvekstområde. Nordvestvidda har dei best eigna areala for villreinen i kalvings- og oppvekstperioden, med kalkrik berggrunn og snøleier som gjev friskt beite gjennom heile sumarsesongen. Snøfonner og vindfulle høgder gjev friområde frå insekt på varme dagar. Ved å auke villreinen sin arealbruk vil belastning frå parasittar og smittsame sjukdommar som fotråte bli mindre. Samstundes styrkjer dette mogelegheitene for at dyra kan betre kondisjonen og leggje opp feittreservar før vinteren og tida med utvikling av kalv. Sjølv om ein ynskjer å betre reinen sin tilgang til gode sumarbeiter og kalvings- og oppvekstområde i nordvest, er det viktig å òg beskytte dagens kalvingstrekk mot sør.

Lengda på dei ulike sesongane kan variere noko mellom dei ulike villreinområda, men kalvings- og oppvekstperioden blir gjerne rekna frå starten av mai til siste del av juni. Sumar- og haustperioden varer frå siste del av juni til ut oktober. Vintersesongen er frå starten av november til slutten av april.

Utfordringane i denne tiltakspakka er truleg samansette. Omfattande friluftslivsferdsel på nordvestvidda er sannsynlegvis ein viktig faktor, jf. NINA si forsking på villrein og ferdsel.7 Arealbruken kan òg vere påverka av omfattande motorferdsel under trekket til nordvestvidda før kalving, og for mykje motorferdsel i sumarsesongen i kombinasjon med friluftslivsferdsla. Omfanget av forstyrringar på nordvestvidda må reduserast til eit nivå som gjer at villreinen vel å bli i området ut over beitesesongen.

Dersom villreinen framleis vel å kalve sør for Kvenna, må det leggjast til rette for trekk herifrå til dei beste beiteområda i nordvest etter kalving.

Landbruksnæringa skal takast omsyn til.

Tiltakspakke 6: Tiltak for å betre reinen sin tilgang til gode sumarbeiter og kalvings- og oppvekstområde i nordvest

  • Tiltak 35: Periodisering av skiløyper og opningstider på turisthytter for å bevare ro i vinterbeiteområda og leggje til rette for kalvingstrekk mot nordvest
  • Tiltak 36: Regulere motorferdsel for å sikre kalvingstrekk til nordvestvidda og for å unngå at motorferdsel fører til at reinen held seg unna viktige funksjonsområde i nordvest
  • Tiltak 37: Litlos blir gjort om til sjølvbetent hytte med reduksjon i tilhøyrande stigsystem
  • Tiltak 38: Gå i dialog med beitenæring for å vurdere flytting av saltsteinplassar vekk frå viktige trekkpassasjar for villrein, mellom anna i vestre del av Kvenna
  • Tiltak 39: Stengje Torehytten og leggje ned tilhøyrande stigsystem
  • Tiltak 40: Regulere tilkomst på og bruk av Tinnhølvegen for allmenta
  • Tiltak 41: Vurdere å regulere tilkomst på og bruk av vegen til Hjølmoberget for allmenta
  • Tiltak 42: Stengje Hadlaskard turisthytte og leggje ned tilhøyrande stigsystem

Figur 3.1 Oversiktskart over tiltakspakke 6

3.1.2 Nærare om tiltaka

Tiltak 35:

Periodisering av skiløyper og opningstider på turisthytter for å bevare ro i vinterbeiteområda og leggje til rette for kalvingstrekk mot nordvest

Hovudansvar: Vernemyndigheitene

Delansvar: Kommunane, Hardangerviddarådet, Den Norske Turistforening (DNT) og grunneigarar/rettshavarar

Aktuelle tilskotsordningar: Kap. 1420, post 80 og kap. 1420, post 81

Innanfor nasjonalt villreinområde skal det som hovudregel ikkje preparerast med løypemaskin (preparerte skiløyper), men berre brukast skuter og kvisting (kvisteløyper). Periodisering av løypenettet vil seie å avklare i kva for periodar ein skal leggje til rette for løyper. Dette tiltaket gjeld tidsavgrensing for kvisting av løyper og opningstider for turisthytter i tida rundt påske. Formålet er å bevare ro i vinterbeiteområdet for å redusere unødvendig energitap for villreinen i ein sårbar periode, å leggje til rette for at det gamle kalvingstrekket til nordvestvidda kan takast opp att, og at simlene skal ha tilgang til det beste kalvings- og oppvekstområdet. Tiltaket er viktig for å styrkje kondisjonen til villreinen og betre overleving og kalveproduksjon.

Verneforskriftene for nasjonalparken og landskapsvernområda på Hardangervidda seier at nødvendig kvisting av gjeldande turistløyper kan gå føre seg utan at det er behov for eiga løyve. Vernemyndigheitene kan likevel leggje ned eller leggje om ruter dersom omsynet til mellom anna villreinen tilseier det. Det betyr at rutenettet truleg òg kan avgrensast i tid. Utanfor verneområda kan motorkøyretøy brukast på vinterføre til opparbeiding av skiløyper etter motorferdselforskrifta, når det blir gjort av mellom anna turlag eller turistbedrifter. Kommunane kan gje nærare føresegner om trasé, sesonglengd, tidspunkt for køyring, utstyr mv. I ny motorferdsellov, vedteken av Stortinget i juni 2026, men som enno ikkje er sett i kraft, trengst det heller ikkje løyve til preparering av skiløyper for allmenta og for konkurransar. Den nye regelen er ikkje lenger avgrensa til bestemte aktørar, men kommunane kan i forskrift avgrense eller forby preparering.

Påske er den avgjerande sesongen for dei betente turisthyttene når det gjeld omsetnad. Samstundes er påske ein særleg sårbar periode for villreinen. Rutenettet av kvista skiløyper legg beslag på store område på Hardangervidda, og i dei viktigaste vinterbeiteområda på nordaustre del av vidda er nettet av løyper og turisthytter tett. I det opne landskapet blir verknaden av ferdsel ekstra stor. Det er derfor vanskeleg for villreinen å finne store lommer med tilstrekkeleg ro til å unngå forstyrringar i perioden når rutenettet er ope. Tiltaket går ut på å regulere lengda på sesongen med kvista løyper.

Dette temaet er grundig i behandla ny stig- og løypeplan for Hardangervidda. Klima- og miljødepartementet støttar overordna tiltak knytt til periodisering av skiløyper, slik dei er skisserte i stig- og løypeplanen. Dette inneber mellom anna at skiløyper i randsona, framstilt som grøne i kartframstillinga i stig- og løypeplanen, kan leggjast til rette heile sesongen, og at blå løyper, utanfor villreinen sine kjerneområde, kan leggjast til rette frå og med vinterferien (veke 8).

Kvisting av det som i stig- og løypeplanen er omtalt som lilla og stipla lilla skiløyper, gjeld skiløyper i særleg viktige område for villreinen. Når det gjeld kvisting av desse løypene og opningstider for turisthytter i påskeperioden, oppfordrar departementet til at verneområdemyndigheitene, i samarbeid med kommunane gjennom Hardangerviddarådet, grunneigarar/rettshavarar og DNT, samarbeider om å finne ei ordning som både varetek friluftslivet og villreinen sine behov. Departementet meiner at tidsrommet for kvisting og opningstider for turisthytter i påskeperioden bør vere på om lag tre veker. Tidsperioden bør fastsetjast for kvart enkelt år og forankrast i forvaltningsplanen for Hardangervidda.

Påske varierer mykje, med opptil 35 dagar, noko som gjer det krevjande å finne ei ordning for kvisting av løyper og opningsdatoar for turisthytter som tek omsyn til villreinen sine behov gjennom våren. Dette gjer at det kan vere mest formålstenleg at opningstida for turisthytter i år med sein påske startar noko før påskedagane, medan opningstida etter påskedagane i år med tidleg påske blir lagd til etter desse. At dette blir planlagt i forvaltningsplanen, gjev både føreseielegheit for turisthytter og friluftsliv, samstundes som ein kan ta omsyn til at det er stor variasjon i når påska fell. Det bør òg takast omsyn til vêr- og føreforhold, som er viktige faktorar i det praktiske arbeidet med å leggje til rette i fjellet.

Det formelle ansvaret for å fylgje opp tiltaket ligg hjå verneområdemyndigheitene innanfor verneområda og kommunane utanfor verneområda, gjennom stig- og løypeplanar. Tett samarbeid og dialog med grunneigarar/rettshavarar og DNT må liggje til grunn i detaljplanlegging og gjennomføring av tiltaket. Tiltaket må supplerast med gjennomgang av kvista løyper og informasjon til alle brukarar om å halde seg til nettet av slike løyper i sesongen når desse er oppe.

Figur 3.2 Oversiktskart stig- og løypeplan vinter

Tiltak 36:

Regulere motorferdsel for å sikre kalvingstrekk til nordvestvidda og for å unngå at motorferdsel fører til at reinen held seg unna viktige funksjonsområde i nordvest

Hovudansvar: Tilsynsutvala, statsforvaltarane, kommunane og Miljødirektoratet

Det er tilsynsutvala som er myndigheit for motorferdsel i nasjonalparken, men statsforvaltarane er ansvarlege for å lage forvaltningsplan i samarbeid med tilsynsutvala. Miljødirektoratet godkjenner forvaltningsplan og dermed nye retningslinjer for motorferdsel i Hardangervidda nasjonalpark. Kommunane har ansvar for løyvepraksis etter motorferdsellova, som gjeld i utmark og vassdrag (òg innanfor verneområde).

Formålet er todelt; for det fyrste å leggje til rette for kalvingstrekk til dei tidlegare kalvings- og oppvekstområda på nordvestvidda, og i tillegg å unngå at omfanget av motorferdsel i sumarperioden er så omfattande at fostringsflokkane held seg unna dei best eigna oppvekst- og sumarbeiteområda i nordvest. Motorferdsel i dette tilfellet gjeld i all hovudsak helikoptertrafikk og snøskuter. Tiltaket er viktig for å styrkje kondisjon, betre overleving og kalveproduksjon, samt betre utnytting av areal. Dette må sjåast i samanheng med tiltak knytt til motorferdsel i tiltakspakke 2.

Sikring av kalvingstrekket

I god tid før kalving i midten av mai må dei kalvetunge simlene få høve til å trekkje mest mogeleg uforstyrra til dei best eigna kalvings- og oppvekstområda på nordvestvidda. Det betyr at all aktivitet som kan forstyrre trekket frå midten av april må reduserast. Det kan vere ein kombinasjon av friluftslivsferdsel og motorferdsel på seinvinteren i nordvest som førte til at kalving vart flytta til sør på vidda etter årtusenskiftet. Friluftslivsferdsel blir regulert etter andre tiltak. Av motorferdsel er det særleg dagens transport med snøskuterar frå rv. 7 og sørover til hytter og buer på vestre del av vidda som framstår som ei barriere. Svært mykje av transporten har gått frå rv. 7 fordi ein då er oppe på viddeplatået, og ein slepp dei store høgdeskilnadene. April er den mest attraktive perioden for transport fordi vêr og føre normalt er bra, og dagane er lange. Mange kombinerer transport av varer og utstyr med opphald på hytta. I sum utgjer dette transportmønsteret ei stor belastning for villreinen før kalving. På grunn av for mykje forstyrring, mellom anna frå motorferdsel, ser ein at simlene no i stor grad kalvar i det rolege området sør for Kvenna i Telemark, som har mindre eigna beite. Løyvepraksis for motortransport må i langt større grad ta omsyn til kalvingstrekket. Tilsynsutvalet har dei seinare åra innført ei dynamisk regulering av motortransport etter faste trasear, med opning og stenging i høve til GPS-posisjonar til flokkar med merka dyr. Dette er ein type regulering ein ynskjer å gå bort frå. Løysinga er å framskunde transporten til mars, før kalvingstrekket startar, eventuelt i kombinasjon med alternative transportruter frå vest som ikkje forstyrrar kalvingstrekket på same måten. Det er ikkje ynskjeleg å nytte GPS-posisjonar frå merka villrein til dynamisk styring av ferdsel, inkludert motorferdsel.

Sikre ro under kalving, samt i oppvekst- og sumarbeiteperioden

Når villreinen fyrst har kome til kalvings- og oppvekstområdet i nordvest, må dyra finne ro i området slik at dei kan bli der. Kalvingsmånaden mai og delar av juni månad er normalt stille på grunn av dårleg skiføre og flaumstore bekkar og elver. Utfordringa startar frå siste del av juni og utover sumaren, når friluftslivsferdsel og transport med helikopter startar. Helikopter er brukt til GPS-merking av villrein sidan 2001, og villreinflokkane har blitt meir sky for helikopter etter at merkinga starta. Dyra blir urolege på lang avstand ved lyden av helikopteret. Ved omfattande bruk av helikopter på vestre del av vidda, og særleg ut frå helikopterbasen i Kinsarvik, er det fare for at det kan oppstå ein regional effekt ved at villreinen vik unna desse områda. Derfor bør helikopterbruken reduserast betydeleg, jf. tiltak 16, og særleg i vest der omfanget av bruk er størst.

Konsekvensar for brukarar er at skutertransport på nordvestvidda frå rv7 må skje tidlegare på vinteren, før kalvingstrekket, dvs. før ca. 1.–10. april. Tiltaket inneber etablering av nye retningslinjer for motorferdsel i ny forvaltningsplan for Hardangervidda nasjonalpark, og felles retningslinjer for kommunal løyvepraksis for motorferdsel etter motorferdsellova.

Tiltaket må sjåast i samanheng med tiltak som omhandlar motorferdsel i tematisk tiltakspakke 2.

Tiltak 37:

Litlos blir gjort om til sjølvbetent hytte med reduksjon i tilhøyrande stigsystem

Hovudansvar: Den Norske Turistforening (DNT)

Delansvar: Vernemyndigheitene og Klima- og miljødepartementet

Aktuelle tilskotsordningar: Kap. 1420, post 31, kap. 1420, post 80 og kap. 1420, post 81

Litlos er ei stor, betent turisthytte med drygt 50 senger sentralt inne på vestvidda. Hytta er eit viktig knutepunkt for mykje brukte merka stigar som går nord–sør på vidda. Betente turisthytter føreset stor og jamn tilstrøyming av besøkande for å ha grunnlag for lønsam drift. Det er utfordrande å oppretthalde eit grunnlag for berekraftig økonomisk drift samstundes som ferdsel til Litlos ikkje skal bli ei barriere for villreinen sine trekk. Ved å gjere Litlos om til ei sjølvbetent hytte, kan hytta drivast med eit lågare besøkstal, og barriereverknaden av tilførselsstiane overfor villreinen kan bli betydeleg redusert. Dette tiltaket må òg fylgjast opp med avgrensa marknadsføring av tilbodet i område der villrein blir prioritert.

Ei sjølvbetent hytte vil sannsynlegvis òg redusere helikoptertransport til Litlos i barmarkssesongen.

Tiltaket inneber òg å leggje ned fotruter frå Litlos til Torehytten (om Hårteigen), Hadlaskard og Hellevassbu, i tråd med ny stig- og løypeplan for Hardangervidda. Dette inneber å fjerne T-merking langs heile stigen, fjerne turruta på UT.no og andre marknadsføringskanalar, fjerne turruta i turrutebasen til Kartverket og setje opp skilt om at stigen ikkje er merka. Det skal vidare vurderast særskilt om det berre er T-merkinga som skal fjernast eller om vardar og bruer òg skal takast bort. Vardar med kulturhistorisk betydning, inkludert grensevardar, skal ikkje fjernast. Dersom det er behov for å ta bort bruer eller naturrestaurere stigar, skal det vurderast opp mot lokal bruk.

Bruken av stigen mellom Litlos og Besso skal overvakast. Vernemyndigheitene har ansvaret for å gjennomføre dette.

Tiltaket vil bidra til redusert ferdsel på nettet av stigar inn til Litlos. Vi forventar at tiltaket, i kombinasjon med redusert marknadsføring av tilbodet, vil ha sterk positiv effekt på villreinen ved at ferdsla på stignettet blir redusert slik at villreinen kan auke arealbruken sin i nordvest. Behovet for motortransport til Litlos vil òg bli betydeleg redusert ved at hytta blir gjort om til sjølvbetent hytte.

Det er avgjerande at vidare planlegging og iverksetjing skjer i tett samarbeid med DNT. Det er òg viktig å leggje til rette for at omkringliggjande tilbod som ikkje er omfatta av tiltak, får handlingsrom til å tilpasse/vidareutvikle eit meir villreinvennleg friluftslivstilbod og justere drifta i tråd med dette. Råka aktør/tiltakshavar/ansvarleg for tiltaket kan søkje om tilskot frå tilskotsordningar. Det kan òg vere aktuelt å nytte middel frå den statlege investeringsposten til tiltak for villrein. Storleiken på tilskotsordningar og investeringspostar er avhengig av budsjettprosessar. Finansiering knytt til kompensasjon for endring og nedlegging av DNT sine hytter og stigsystem vil bli avklart nærare i oppfylginga av tiltaksplanen.

Tiltak 38:

Gå i dialog med beitenæringa for å vurdere flytting av saltsteinplassar vekk frå viktige trekkpassasjar for villrein, mellom anna i vestre del av Kvenna

Hovudansvar: Landbruks- og matdepartementet, Mattilsynet og Landbruksdirektoratet

Delansvar: Beitenæringa, kommunane og statsforvaltar

Tiltaket vil vere ein del av dialogen vist til i tiltak 25.

Formålet med tiltaket er å unngå unødig oppsamling av beitedyr og ferdsel i viktige trekkområde for villreinen, for å unngå smittsame sjukdommar frå sau til villrein. Dersom tiltaket blir gjennomført, vil beitenæringa i samarbeid med Mattilsynet vere hovudansvarlege.

Tiltaket inneber å flytte saltsteinplassar vekk frå viktige trekkpassasjar for villrein. Det bør i den samanhengen sjåast på mogelegheiter for å plassere saltsteinsplassane i randsona av villreinområdet eller nær gjetarhytter, og eventuelt redusere saltsteinplassar i villreinområdet. Det finst oversikt over trekkrutene og alle saltsteinplassar, men det er ikkje gjort ei vurdering av om saltsteinplassane ligg uheldig plasserte i høve til trekk-korridorar.

Tiltaket må sjåast i samanheng med soneforskrifta som gjeld i område der det er funne skrantesjuke. Dei gamle saltsteinplassane frå før 2016 er førebels inngjerda og kan ikkje fjernast på noverande tidspunkt. Nye saltsteinplassar er oppretta i nærleiken av dei gamle plassane, og flyttinga av desse må skje i samsvar med vilkåra som blir gjevne i forskrift om soner ved påvising av CWD.

Tiltak 39:

Stengje Torehytten og leggje ned tilhøyrande stigsystem

Hovudansvar: Den Norske Turistforening (DNT)

Delansvar: Vernemyndigheitene og Klima- og miljødepartementet

Aktuelle tilskotsordningar: Kap. 1420, post 31, kap. 1420, post 80 og kap. 1420, post 81

Ferdsel mellom fleire turisthytter på nordvestvidda er omfattande, og stigane ligg tett. Dette har bidrege til at det har oppstått ein regional effekt ved at villreinen vik unna tradisjonelle kalvings- og oppvekstområde.

Ved å gjennomføre tiltaket vil villreinen få eit større område utan tilrettelagd ferdsel. Torehytten var inntil 2025 ei sjølvbetent hytte med 24 sengeplassar, eigd av DNT Oslo og Omegn og låst med sjølvbetentnøkkel. DNT har valt å stenge hytta før tiltaksplanen er vedteken.

I tillegg til at Torehytten blir stengd skal tilhøyrande stigsystem leggjast ned, for å leggje til rette for kalvings-, oppvekst- og sumarbeite i områda i nordvest, i tråd med ny stig- og løypeplan for Hardangervidda. Stigane som blir lagd ned, er stigane frå Torehytten til Hanastein, Bykset, Viersdalen og Hårteigen, samt stigane Hadlaskard–Hårteigen–Litlos og Hadlaskard–Ambjørgfljånå (Litlos).

Ei nedlegging av ein stig inneber å fjerne T-merking langs heile stigen, fjerne turruta på UT.no og andre marknadsføringskanalar, fjerne turruta i turrutebasen til Kartverket og setje opp skilt som informerer om at stigen ikkje er merkt. DNT har allereie starta dette arbeidet, og turrutene knytta til Torehytten er ikkje lenger merkte på UT.no.

Det skal vidare vurderast særskilt om det berre er T-merkinga som skal fjernast, eller om vardar og bruer òg skal takast bort. Vardar med kulturhistorisk verdi, inkludert grensevardar, skal ikkje fjernast. Dersom det er behov for å ta bort bruer eller gjennomføre naturrestaurering av stigar, skal dette vurderast opp mot lokal bruk.

Det er avgjerande at vidare planlegging og iverksetjing skjer i tett samarbeid med DNT. Det er òg viktig å leggje til rette for at omliggjande tilbod som ikkje er omfatta av tiltak, får handlingsrom til å tilpasse/vidareutvikle eit meir villreinvennleg friluftslivstilbod og justere drift i tråd med dette. Råka aktør/tiltakshavar/ansvarleg for tiltaket kan søkje om tilskot frå tilskotsordningar. Det kan òg vere aktuelt å nytte middel frå den statlege investeringsposten til tiltak for villrein. Storleiken på tilskotsordningar og investeringspostar er avhengig av budsjettprosessar. Finansiering knytt til kompensasjon for endring og nedlegging av DNT sine hytter og stigsystem vil bli avklart nærare i oppfylginga av tiltaksplanen.

Tiltak 40:

Regulere tilkomst på og bruk av Tinnhølvegen for allmenta

Hovudansvar: Eidfjord kommune i samråd med grunneigarar

Delansvar: Statsforvaltaren

Aktuelle tilskotsordningar: Kap. 1420, post 60 og kap. 1420, post 80

Tinnhølvegen bidreg til å flytte dagstursona langt inn mot kjerneområda, samt til sterk arealunnviking for villreinen på nordvestre del/sentrale delar av vidda. Det er eit stort volum av ferdsel med bil og vidare innover med sykkel og til fots. Det er utstrekt telting i området Tinnhølen/Langavatnet. Eidfjord kommune har lagt til rette med utvida parkering, fiskebryggje og har planar om opprusting av sanitær- og søppelbygg.

Eidfjord kommune har og innført lokal parkeringsforskrift for Tinnhølvegen. Målet med forskrifta er å få eit betre system for parkering langs vegen, og å hindre overnatting langs denne (i bubil osv.). Klima- og miljødepartementet vurderer at forskrifta ikkje er tilstrekkeleg for å redusere dei negative påverknadene som bruken av vegen har på villreinen.

Tiltaket inneber at Eidfjord kommune, i samråd med aktuelle grunneigarar, vurderer ei forskriftsendring og tilhøyrande bomregulering som hindrar allmenta si bruk av vegen. Gjennomføringa av tiltaket vil krevje ein alminneleg prosess for å utarbeide ei forskrift som gjev høve til regulering av trafikk med bomsystem. Det kan peikast på alternative løysingar, til dømes minibuss eller liknande, for å avbøte ei stenging for allmenta. Slike løysingar må likevel vareta intensjonen om sterkt redusert bruk av vegen. Dersom kommunen og grunneigarar har behov for bistand til juridiske eller andre vurderingar knytte til regulering av vegen, skal statsforvaltaren bidra med slik bistand. Ei stenging av vegen for allmenta vil ikkje få betydning for grunneigarar, bruksrettshavarar og rettshavarar, inkludert tilsette på turisthytter.

I oppfylginga og evalueringa av tiltaksplanen skal det vurderast om reguleringar på Tinnhølvegen og vegen til Hjølmoberget medverkar til ei forskyving av ferdsel til andre vegar i villreinområdet. Dersom dette skjer, skal det vurderast og eventuelt setjast i verk tiltak for å handtere og avgrense slike effektar.

Tiltaket er forventa å ha høg til svært høg effekt for villrein.

Tiltak 41:

Vurdere å regulere tilkomst på og bruk av vegen til Hjølmoberget for allmenta

Hovudansvar : Eidfjord kommune i samråd med grunneigarar

Aktuelle tilskotsordningar: Kap. 1420, post 60 og kap. 1420, post 80

Vegen til Hjølmoberget flyttar dagstursona lengre inn i villreinområdet. Det er stor turisttrafikk i sumarperioden, på ein smal og bratt veg som fører til praktiske utfordringar for besøkande og driftsansvarlege. Trafikk med bubilar o.l. bør uansett avgrensast sett i lys av vegstandarden. For å redusere ferdsla inn i villreinområdet er det behov for å regulere bruken av vegen for allmenta.

Tiltaket inneber at Eidfjord kommune, i samråd med aktuelle grunneigarar, vurderer ei forskriftsendring med sikte på å redusere forstyrringane som bruken av vegen skaper. Aktuelle tiltak kan til dømes vere betaling for bruk av vegen, parkeringsreglar, campingforbod eller liknande. Trafikk med bubilar o.l. bør uansett avgrensast, sett i lys av vegstandarden. Gjennomføringa av tiltaket vil krevje ein alminneleg prosess for å utarbeide ei forskrift som gjev høve til å regulere trafikken. Dersom kommunen og grunneigarar har behov for bistand til juridiske eller andre vurderingar knytte til regulering av vegen, skal statsforvaltaren bidra med slik bistand.

I oppfylginga og evalueringa av tiltaksplanen skal det vurderast om reguleringar på Tinnhølvegen og vegen til Hjølmoberget medverkar til ei forskyving av ferdsel til andre vegar i villreinområdet. Dersom dette skjer, skal det vurderast og eventuelt setjast i verk tiltak for å handtere og avgrense slike effektar.

Tiltaket er vurdert å ha ein middels positiv effekt for villreinen, men stor effekt dersom villreinen igjen nyttar nordvestvidda som kalvings- og oppvekstområde samt sumar- og haustbeite. Tiltaket kan medføre redusert tilkomst for tilreisande i området.

Tiltak 42:

Stengje Hadlaskard turisthytte og leggje ned tilhøyrande stigsystem

Hovudansvar: Den Norske Turistforening (DNT)

Delansvar: Vernemyndigheitene og Klima- og miljødepartementet

Aktuelle tilskotsordningar: Kap. 1420, post 31, kap. 1420, post 80 og kap. 1420, post 81

Hadlaskard er ei privat hytte som blir leigd av Bergen og Hordaland Turlag. Hadlaskard er i dag open heile året, men held stengd 1. mai til 10. juni på grunn av villreinkalving. Tiltaket inneber i fyrste omgang at Hadlaskard turisthytte blir halden stengd vinterstid, slik at hytta blir halden open mellom 1. juli og 1. oktober. Vidare inneber tiltaket at Hadlaskard blir lagt ned innan 2030, samstundes som det blir undersøkt om det er andre løysingar for turlaget enn å drive Hadlaskard vidare. Tiltaket inneber òg å leggje ned tilhøyrande stigsystem, i tråd med ny stig- og løypeplan for Hardangervidda. Stigane som blir lagt ned er Granafeta-Låghellerskaret-Rjoto, Hadlaskard-Nybu, Hadlaskard-Vierslanutane/Heisantjørn, Hellegrø-Fagradal, Finnabu-Rakadalen (inkludert dei to parallelle fotrutene sør for Helnaberg), Hadlaskard-Finnarbu og Hadlaskard-Hedlo. Departementet oppmodar vernemyndigheitene, i tett samarbeid og dialog med grunneigarar/rettshavarar og DNT, til i detaljplanlegginga og gjennomføringa av tiltaket å vurdere moglegheitene for ei alternativ rute mellom Hedlo og Sandhaug, som går lenger nordaust enn dagens trase. Dette bør gjerast med sikte på å oppretthalde ei samanhengande aust–vestgåande rute, samstundes som villreinen må kunne nytte området til beite og trekkje gjennom det.

Ei nedlegging av ein stig inneber å fjerne T-merking langs heile stigen, fjerne turruta på UT.no og andre marknadsføringskanalar, fjerne turruta i turrutebasen til Kartverket og setje opp skilt som informerer om at stigen ikkje er merkt. DNT har allereie starta dette arbeidet, og turrutene knytte til Torehytten er ikkje lenger merkte på UT.no.

Det skal vidare vurderast særskilt om det berre er T-merkinga som skal fjernast, eller om vardar og bruer òg skal takast bort. Vardar med kulturhistorisk verdi, inkludert grensevardar, skal ikkje fjernast. Dersom det er behov for å ta bort bruer eller gjennomføre naturrestaurering av stigar, skal dette vurderast opp mot lokal bruk.

Tiltaket må sjåast i samanheng med andre tiltak i tiltakspakken. Målet er å få mindre ferdsel i området i ein periode av året der ein ynskjer at villreinen trekkjer mot kalvingsområda i nordvest. Dette gjeld særleg på seinvinteren.

Nedlegginga av Hadlaskard og tilhøyrande stigsystem vil bidra til å minske forstyrringane i området. Tiltaket gjeld DNT og brukarane av hytta, og er forventa å ha rask effekt på villreinen ved å betre villreinen sine mogelegheiter til å bruke området og trekkje gjennom det for å kome til andre delar av leveområdet sitt.

Det er avgjerande at vidare planlegging og iverksetjing skjer i tett samarbeid med DNT. Råka aktør/tiltakshavar/ansvarleg for tiltaket kan søkje om tilskot frå tilskotsordningar. Det kan òg vere aktuelt å nytte middel frå den statlege investeringsposten til tiltak for villrein. Storleiken på tilskotsordningar og investeringspostar er avhengig av budsjettprosessar. Finansiering knytt til kompensasjon for endring og nedlegging av DNT sine hytter og stigsystem vil bli avklart nærare i oppfylginga av tiltaksplanen.

3.1.3 Forventa effekt og konsekvensar

Klima- og miljødepartementet har, etter innspel frå Miljødirektoratet, vurdert kva for forventa effektar tiltakspakka har for villrein. Overordna blir tiltaka vurderte å ha stor effekt. Dette føreset særleg reduksjon i bruken av enkelte turisthytter, som følgje av omlegging og nedlegging av fleire hytter, samt at forventa redusert bruk av tilhøyrande stigar og at kanalisering av ferdsel til ynskte område blir oppnådd som planlagt. Det føreset òg at vegane inn til Tinnhølen og Hjølmoberget blir regulerte strengt nok. Dersom ein òg ser til relevante tiltak frå tematisk tiltakspakke 1 og 2, som verkar inn på målet med denne tiltakspakka, kan den samla effekten bli stor.

Klima- og miljødepartementet har vurdert dei administrative og økonomiske konsekvensane av tiltakspakka på bakgrunn av det som går fram av faggrunnlaget, samt det som har kome fram i løpet av involveringa i forkant av høyringa. Tiltaka vil bli gjennomførte innanfor dei til ei kvar tid gjeldande budsjettrammene.

Tiltaka i denne tiltakspakka vil få konsekvensar for tilbodet til DNT, samt for friluftslivet i form av redusert tilbod. Tiltaka knytt til DNT sitt hytte-, stig- og løypenett vil innebere dels betydelege kostnader. Det er òg viktig å leggje til rette for at omliggjande tilbod som ikkje er omfatta av tiltak, får handlingsrom til å tilpasse/vidareutvikle eit meir villreinvennleg friluftslivstilbod og justere drift i tråd med dette. Tiltaksplanen har som mål å vareta både omsynet til villreinen og omsynet til friluftsinteressene og å finne heilskaplege løysingar for tiltak knytt til hytte-, stig- og løypenettet som frigjer areal for villreinen, men samstundes held oppe eit tilstrekkeleg friluftslivstilbod for besøkande på Hardangervidda. Dei vesentlegaste kostnadene gjeld tiltak knytt til endringar i DNT sitt hytte-, stig- og løypenett. Finansiering knytt til kompensasjon for endring og nedlegging av DNT sine hytter og stigsystem vil bli avklart nærare i oppfylginga av tiltaksplanen.

For tiltak knytt til å regulere motorferdsel, vil den vidare oppfylginga av tiltaket krevje avgrensa administrative og økonomiske ressursar frå aktuelle myndigheiter. Snøskuterbruken må skje nokre veker tidlegare enn det som har vore vanleg hittil, dersom det blir gjeve løyve.

Redusert ferdsel inn til Tinnhølen og Hjølmoberget vil gje reduksjon i allmenta si mogelegheit for tilkomst inn i området og kan medføre reduserte besøkstal på turisthyttene i området. Tiltaka vil vidare kunne krevje enkelte administrative ressursar i kommunane til forskriftsprosessar.

For enkelte tiltak i tiltakspakka der aktørar blir oppfordra til frivillig å vere ansvarlege for å gjennomføre tiltak, kan tiltaket få konsekvensar for Klima- og miljødepartementet, til dømes ved at det kan søkjast om støtte til gjennomføring gjennom tilskotsordningar på departementet sitt budsjett. Eventuelle kostnader for gjennomføring av slike tiltak blir dekte innanfor dei til ei kvar tid gjeldande budsjettrammene.

3.2 Tiltak for å sikre vinterbeiter på nord- og austvidda

3.2.1 Innleiing

Tiltakspakke 7 inneheld tiltak med stor betydning særleg for tiltakspakke 9, men òg for tiltakspakke 6 og tiltakspakke 8.

Målet er å betre villreinen sin tilgang til dei naturgjevne vinterbeita på nord- og austvidda. Villreinen er sårbar for menneskelege forstyrringar i vintersesongen. For å betre tilstanden må omfanget av forstyrringar avgrensast og kanaliserast. Riksveg 7 (rv. 7) er ei nær fullstendig barriere for villreintrekk mot tidlegare beiteområde nord for vegen. Desse områda gjekk ut av bruk då rv. 7 vart vinterbrøyta på 1990-talet. Trafikk på og ut frå rv. 7 fører til at villreinen vik unna areala opp til 10 km frå vegen. Regjeringa vil ta opp att prosjektet med mellombels vinterstengd rv. 7 over Hardangervidda når det er kontroll med skrantesjuke i Nordfjella og på Hardangervidda.

Rutenettet med kvista skiløyper mellom turisthytter kanaliserer skigåarar, men rutenettet har ei stor utstrekning på Hardangervidda. I utkanten av vidda fører dagsutfart til at reinen blir pressa inn i meir sentrale delar av vinterbeiteområdet. Omfanget av motortransport til private hytter og turisthytter, som ligg spreidde over det meste av vidda, kan føre til forstyrringar i område der flokkane burde funne ro. Nyare ferdselsformer som kiting og hundekøyring kan ha stor rekkjevidde, og fylgjer ofte ikkje kvista ruter. Den overordna løysinga er å skilje villrein og menneskeleg bruk i tid og rom, slik at villreinen har tilgang til heile vinterbeiteområdet frå november til siste del av februar, og så gradvis tillate menneskeleg aktivitet i randområda, men på ein styrt måte.

Tiltakspakke 7: Tiltak for å sikre vinterbeiter på nord- og austvidda

  • Tiltak 43: Framleis vinterstengd veg over Imingfjell, samt regulere ferdsel i området i arealdelen i kommuneplanen, til dømes kiting
  • Tiltak 44: Redusere og regulere innfallsportar vinterstid
  • Tiltak 45: Periodisering av skiløyper i randområda (stig- og løypeplan)
  • Tiltak 46: Vidareføre vinterstenging av Seterdalsvegen (Ossjøen)

Figur 3.3 Oversiktskart over tiltakspakke 7

3.2.2 Nærare om tiltaka

Tiltak 43:

Framleis vinterstengd veg over Imingfjell, samt regulere ferdsel i området i arealdelen i kommuneplanen, til dømes kiting

Hovudansvar : Hardangerviddarådet, Buskerud og Telemark fylkeskommune

Delansvar: Tinn og Nore og Uvdal kommunar

Aktuell tilskotsordning: Kap. 1420, post 60

Vegen over Imingfjell er i dag i hovudsak vinterstengd, men vegen er delvis open på strekninga Steinset – Småroi Fjellstove delar av vinteren, jf. regional plan.

Både Dagalitangen og Lufsjåtangen er område som historisk har vore viktige vinterbeite, men som no er avskorne av veg og utbygging. Dagalitangen blir i dag rekna som tapt som villreinareal. Lufsjåtangen er òg sterkt utbygd ved Imingfjell, fyrst gjennom reguleringa av Sønstevatn og bygginga av veg over fjellet, og med omfattande hyttebygging på begge sider av fjellet. Desse faktorane gjer det svært vanskeleg for villreinen å trekkje ut og bruke områda på Lufsjåtangen. Fylkesveg 2814 over Imingfjell er derfor stengd av omsyn til villrein i perioden mellom 30. november og 1. april (eller til påske når påska fell i mars). Vegen har likevel òg blitt stengd tidlegare på hausten, mellom anna 30. oktober i 2023. Villreinstamma på Hardangervidda har vore overvaka med GPS-sendarar sidan 2001. Resultata viser at villreinen kan krysse fylkesveg 2814 i periodar når vegen er stengd, og at villreinen i slike tilfelle har vinterbeite av god kvalitet på austsida av vegen.

Tiltaket inneber at fylkeskommunane blir oppmoda til å halde vegen vinterstengd slik som i dag, av omsyn til villreinen sine trekkmogelegheiter og bruk av Lufsjåtangen. Dette bør sjåast i samanheng med å vurdere etablering av tunnel (Austbygde–Veggli under Killingskaret) som alternativ vegløysing for å vareta samfunnsmessige interesser.

Vidare inneber tiltaket at statsforvaltaren, i samarbeid med kommunane og fylkeskommunane, skal oppdatere og skaffe fram kunnskap om i kva grad ein kan betre tilstanden for villrein i området. Det vil vere behov for å sjå på villreinen sin noverande bruk av området og dei utfordringane villreinen står overfor i denne delen av Hardangervidda. Som ledd i dette skal ein òg sjå på den verknaden ei vinteropning av vegen, kombinert med eit regime for mellombels stenging, kan ha for å ta vare på villreinen sine mogelegheiter til å nytte området. Kunnskapsprosjektet bør òg innhente erfaringar frå tilsvarande stengeregime av vegar for villrein. Departementet legg til grunn at konsekvensane for villreinen må vere tilstrekkeleg utgreidde. Resultata frå kunnskapsprosjektet skal leggjast til grunn for og vurderast før fylkeskommunane tek ei eventuell felles vurdering av eit prosjekt med vinteropning av vegen. 

Vidare viser departementet til tiltak i ny stig- og løypeplan for Hardangervidda som omhandlar kiteforbod i særleg viktige trekkpassasjar ved Imingfjell frå 1. desember til fredagen før palmesøndag (seinast 1. april). Denne delen av tiltaket er ei oppfordring til Tinn og Nore og Uvdal kommunar om å vurdere, og eventuelt fastsetje, kiteforbod i dette området som ein juridisk bindande del av den lokale arealforvaltninga. Tinn kommune og Nore og Uvdal kommune har sjølve vore med på å vedta ny felles stig- og løypeplan for Hardangervidda.

Tiltaket er forventa å ha høg effekt. Det er òg forventa å ha ein stor kostnad for lokalsamfunn ved at det ikkje er heilårsveg mellom Øvre Telemark og Uvdal/Øvre Numedal. Forhold knytt til Imingfjellvegen, inkludert villreinspørsmål, er greidde ut i fleire rapportar.

Tiltak 44:

Redusere og regulere innfallsportar vinterstid

Hovudansvar: Kommunane og tilsynsutvala, samt relevante aktørar som nemnde i tiltaket

Delansvar: Statens vegvesen

Aktuelle tilskotsordningar: Kap. 1420, post 60 og kap. 1420, post 81

Mange ulike traséar for motorferdsel gjev meir forstyrring enn nødvendig.

Tiltaket inneber at kommunane og tilsynsutvala går gjennom innfallsportar og traséar for vintertransport (i ein del løyve), med sikte på å redusere desse slik at ein i større grad skjermar areal for forstyrringar. Dette er relevant òg for kvisteløyper og godkjende område for hundekøyring. Det er behov for å regulere kva traséar som skal brukast gjennom sesongen, jf. òg andre tiltak knytt til reduksjon, tilpassing og samordning av motorisert ferdsel. Reduserte forstyrringar frå motorferdsel kan samla gje høg effekt for villrein.

Som del av tiltaket bør ein vurdere korleis bruken av riksveg 7 som innfallsport til Hardangervidda kan reduserast vinterstid. Dette inneber ei nærare vurdering av kva for andre vegar som er betre eigna til formålet. Det bør òg vurderast tiltak som kan avgrense bruken av parkeringslommer langs riksveg 7 som innfallsportar, til dømes gjennom stopp- og parkeringsforbod og/eller endringar i brøyteregimet.

Departementet viser òg til ny stig- og løypeplan for Hardangervidda, der det blir foreslått at ein skal samarbeide vidare om formidling og informasjon om mellom anna kva innfallsportar som bør prioriterast for best mogeleg å sikre villreinvennleg ferdsel. Samarbeidet skal omfatte mellom anna Miljødirektoratet, statsforvaltarane, Norsk Villreinsenter, verneområdemyndigheitene (besøksstrategi), kommunane, fylkeskommunane, villreinnemnda, villreinutvalet og fjellstyra. I tillegg skal det vere samarbeid med andre aktørar, mellom anna grunneigarar og rettshavarar, DNT og Innovasjon Noreg, besøkssentera, destinasjonsselskap og turisthyttenæringa, samt natur- og friluftslivsorganisasjonar.

Tiltak 45:

Periodisering av skiløyper i randområda (stig- og løypeplan)

Hovudansvar: Hardangerviddarådet

Delansvar: Kommunane og løypelag i dei respektive kommunane

Aktuell tilskotsordning: Kap. 1420, post 60

Det blir køyrt opp skiløyper fleire stader frå hytte- og turistområde som ligg i randområda til Hardangervidda villreinområde, og innover i villreinområdet. Det varierer frå område til område når det blir køyrt løyper, og kor langt innover i villreinområdet det blir køyrt løyper. Det meste av skigåing fylgjer oppkøyrde skiløyper. Lokalt næringsliv i mange bygder rundt Hardangervidda er avhengig av inntekter frå hyttefolk og turisme.

Innanfor det som er definert som villreinen sine vinterbeiteområde på Hardangervidda, er det ynskjeleg å gje villreinen tilgang til heile vinterbeiteområdet i perioden frå tidleg november og til siste del av februar. Beiteforholda kan variere mykje i villreinområdet etter tilstand på lavmatter og snø- og isforhold. Klimaendringar vil auke betydninga av å ha tilgang til store vinterbeiteområde.

Klima- og miljødepartementet viser til ny stig- og løypeplan for Hardangervidda, vedteken 14. april 2026 av Hardangerviddarådet. Fleire tiltak i planen omhandlar periodisering av skiløyper. Klima- og miljødepartementet støttar desse tiltaka. Som det òg går fram av stig- og løypeplanen, ligg ansvaret for oppfylginga hjå verneområdemyndigheitene og kommunane. Kommunane kan avklare detaljar om periodisering og plassering, og sikre ei heilskapleg forvaltning av turruter som kryssar vernegrensene, gjennom utarbeiding av stig- og løypeplanar. Tett samarbeid og dialog med grunneigarar/rettshavarar og DNT må liggje til grunn for detaljplanlegging og gjennomføring.

Tiltak 46:

Vidareføre vinterstenging av Seterdalen (Ossjøen)

Hovudansvar: Hol kommune og Buskerud fylkeskommune

Vegen bidreg til ferdsel til nordaustre del av Hardangervidda i barmarkssesongen, der det i dag svært sjeldan er villrein i barmarksesongen.

Tiltaket inneber å halde vegen framleis vinterstengd. Dersom vegen blir brøyta om vinteren vil det auke vinterbruk av hytter i Seterdalen og bidra til auka skigåing frå Seterdalen og inn i vinterbeiteområde.

3.2.3 Forventa effekt og konsekvensar

Klima- og miljødepartementet har, etter innspel frå Miljødirektoratet, vurdert kva for forventa effektar tiltakspakka har for villrein. Tiltakspakka inneheld fleire tiltak som kan ha noko effekt på villreinen på Hardangervidda, ved å betre tilgangen til dei naturgjevne vinterbeita på nord- og austvidda. Den samla effekten av tiltakspakka blir vurdert å vere middels til stor. Tiltaket om å oppretthalde vinterstenging av veg over Imingfjell m.m., redusere og regulere talet på innfallsportar om vinteren og periodisering av skiløyper i randområda (stig- og løypeplan) blir vurderte som dei viktigaste tiltaka i tiltakspakka for å oppnå målet. Tiltak om å redusere motorferdsel på Hardangervidda, omtala i tiltakspakke 2, vil òg kunne bidra til målsettinga i denne tiltakspakka.

Klima- og miljødepartementet har vurdert administrative og økonomiske konsekvensar av tiltakspakka på bakgrunn av det som går fram i faggrunnlaget, samt det som har kome fram i løpet av involveringa i forkant av høyringa.

Det er fleire aktørar som blir råka av fleire av tiltaka i denne tiltakspakka. Framleis vinterstengd veg over Imingfjell har konsekvensar for lokalsamfunn ved at det ikkje er heilårsveg mellom Øvre Telemark og Uvdal/Øvre Numedal. Imingfjellvegen er greidd ut i fleire rapportar i høve til villrein og vegspørsmål. Kunnskapsprosjektet vil bidra til å få oppdatert kunnskap om dette.

Å redusere og regulere innfallsportar vinterstid vil krevje administrative ressursar for å gjennomføre, og vil truleg òg innebere kostnader til skilting og informasjon.

Tiltakspakka gjeld vidare både turgåarar, DNT, lokalbefolkning og lokale aktørar ved reduksjon og regulering av innfallsportar på vidda om vinteren, sonering av motorferdsel, færre kvista løyper og sonering av oppkøyring av skiløyper i randområda. Det vil redusere tilbodet av skiløyper, og kan medføre tap av inntekter for DNT og lokale aktørar ved at dei kan få noko endra verksemd.

3.3 Tiltak for å ta vare på dei mest urørte områda som reinen har brukt mest dei siste åra

3.3.1 Innleiing

Målet med tiltakspakka er å unngå nye barriere- og unnvikingseffektar i viktige område som blir brukte jamleg av reinen i dag. Området er samansett av funksjonsområde for kalvings- og oppvekstperioden, og sumar-, haust- og vinterbeiteområde som alle er vurderte til å vere «ofte brukte» i kartgrunnlaget for kvalitetsnorma.

Området overlappar med kart for andre tiltakspakkar. Innanfor området er det fleire fokusområde med konfliktar mellom villreinen sin arealbruk og trekk og menneskeleg verksemd, som har prioriterte tiltak i dei andre tiltakspakkane. Tiltaket om å endre dagsturismen frå Mogen for å redusere ferdsel til Gjuvsjåen har òg betydning for måloppnåinga i tiltakspakke 9.

Tiltakspakke 8: Tiltak for å ta vare på dei mest urørte områda som reinen har brukt mest dei siste åra

  • Tiltak 47: Sonering av ferdsel i kalvingsområde i Vinje gjennom arealdelen i kommuneplanen
  • Tiltak 48: Unngå nye stigar og utvikling av friluftsliv i områda mellom Kvenna og Songa
  • Tiltak 49: Vurdere å utvide perioden for stenging av Kromvikvegen, Bitdalsvegen og Songavegen. Vurdere regulering av veg til Farastadtippen og Våtippen
  • Tiltak 50: Overvake ferdsel på og bruk av Songamagasinet som innfallsport til fjellet
  • Tiltak 51: Stengje delar av vegen inn til Hjerdalen
  • Tiltak 52: Endre dagsturismen frå Mogen til «baseturisme» for å redusere ferdsel til Gjuvsjåen og til Stordalsbu
  • Tiltak 53: Stengje Lågaros og leggje ned tilhøyrande stigsystem

Figur 3.4 Oversiktskart over tiltakspakke 8

3.3.2 Nærare om tiltaka

Tiltak 47:

Sonering av ferdsel i kalvingsområde i Vinje gjennom arealdelen i kommuneplanen

Hovudansvar : Vinje kommune og Telemark fylkeskommune

Aktuell tilskotsordning : Kap. 1420, post 60

Villreinen er svært sårbar i kalvingsperioden. Dagens mykje brukte kalvingsområde strekkjer seg heilt ned mot bustad- og hytteområde ved Rauland, og er lett tilgjengelege for dagsturar på bra skiføre eller ved tidleg barmark.

Kalvings- og oppvekstområda som har vore brukte dei siste 20 åra, ligg i hovudsak utanfor verneområde, og innanfor i LNF-område i Vinje kommune. Dette er fjellområda mellom Kromvikvegen, Totak, Møsvatn og Songa.

Vinje kommune har sett i gang arbeidet med å rullere kommuneplanen sin arealdel, og det er drøfta mogelegheit for å leggje inn ei eiga omsynssone på dei aktuelle areala for å kunne innføre tidsavgrensa ferdselsrestriksjonar om nødvendig. Dette er òg omtalt i den nye stig- og løypeplanen for Hardangervidda. Denne planen peikar ut ei sone der det blir lagt opp til ferdselsreguleringar i særleg sårbare kalvings- og oppvekstområde i Vinje kommune fram til om lag 20. juni. Sona er førebels og må tilpassast formålet gjennom lokal vurdering, og forankrast i kommuneplanen sin arealdel. Tiltaket er forventa å ha stor effekt, med relativt sett låg kostnad. Tiltaket må fylgjast opp med auka tilsyn i felt. Tiltaket vil avgrense tilgangen til friluftsliv i områda det er snakk om, til dømes skiturar på våren osb.

Tiltak 48:

Unngå nye stigar og utvikling av friluftsliv i områda mellom Kvenna og Songa

Hovudansvar: Vernemyndigheit, Hardangerviddarådet gjennom Felles stig- og løypeplan og Vinje kommune

Auka ferdsel i området vil innebere meir forstyrringar i det mest urørte området på Hardangervidda, der villreinen i dag finn ro.

Tiltaket er i tråd med ny stig- og løypeplan vedteken 14. april 2026 av Hardangerviddarådet. Tiltaket inneber å unngå nye stigar og utvikling av friluftsliv i områda mellom Møsvatn, Kvenna og Songa i Vinje kommune, både innanfor og utanfor nasjonalparken. Utanfor nasjonalparken kan området setjast av som LNFR-område i kommuneplanen, med omsynssone for nasjonalt villreinområde.

Tiltaket er ikkje meint å påverke etablert bruk av området.

Tiltak 49:

Vurdere å utvide perioden for stenging av Kromvikvegen, Bitdalsvegen og Songavegen. Vurdere regulering av veg til Farastadtippen og Våtippen

Hovudansvar: Vinje kommune, Statkraft, aktuelle veglag, Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Aktuell tilskotsordning: Kap. 1420, post 80

Alle vegane som inngår i tiltaket er tilkomstvegar inn i villreinen sine viktigaste kalvings- og oppvekstområde i Vinje kommune. Tiltaket inneber at det blir vurdert å innføre regulering som gjer det mogeleg å halde vegane stengde med bom for allmenn ferdsel i sårbare periodar når omsynet til villreinen tilseier det.

Alle vegane, unntatt Kromvikvegen, er anleggsvegar bygde i samband med vasskraftutbygging. Desse vegane er omfatta av konsesjonsvilkår for Tokke–Vinje-reguleringa, som inneheld vilkår om at vegane skal kunne brukast av allmenta med mindre energi- og vassdragsmyndigheitene vedtek noko anna. Gjennomføring av tiltak på desse vegane føreset derfor at NVE eventuelt treff vedtak om restriksjonar for motorisert ferdsel heimla i vassdragslovgjevinga. Dette vil i så fall skje etter ein alminneleg prosess med mellom anna eigen høyring.

Om dei ulike vegane:

Kromvikvegen er ein kommunal veg som blir stengd når snøen kjem, og som ikkje skal opnast før 1. juni ifølgje regional plan for Hardangervidda. Vegen ligg heilt på grensa til kalvings- og oppvekstområdet, og gjer området lett tilgjengeleg i oppvekstperioden i fyrste del av juni.

Bitdalsvegen er ein sideveg til Kromvikvegen og gjer kalvings- og oppvekstområdet lett tilgjengeleg.

Songavegen er ein bomveg som er bygd i samband med reguleringa av Songa-magasinet og er ein mykje brukt innfallsport til villreinområdet med viktige kalvings- og oppvekstområde.

Vegen til Farastadtippen er bygd i samband med reguleringa av Songa. Vegen er open slik at allmenta kan køyre med bil opp til 910 moh. Grense for villreinområde er på ca. 1050 moh.

Bomveg til Våtippen i Vådalen er bygd i samband med reguleringa av Bitdalsvatn. Vegen er open slik at allmenta kan køyre med bil opp til 920 moh. Grense for villreinområde er på ca. 970 moh.

Tiltaket er forventa å ha svært høg effekt. Kostnader er knytte til prosesskostnader for å endre konsesjonsvilkår og redusert tilkomst for hytteeigarar, turbrukarar og allmenta elles.

Det skal takast relevante omsyn, inkludert omsyn til landbruksnæringa.

Tiltak 50:

Overvake ferdsel på og bruk av Songamagasinet som innfallsport til fjellet

Hovudansvar : Statkraft

Delansvar: Vinje kommune og statsforvaltaren

Tiltaket inneber at Statkraft og Vinje kommune blir oppmoda til å overvake ferdsel på og bruk av Songamagasinet, som innfallsport til fjellet.

Songamagasinet er ein viktig innfallsport for jakt, fiske og friluftsliv som går rett inn i dei mest brukte sumarbeiteområda til villrein på Hardangervidda per i dag. Allmenta har tilgang til å setje ut og bruke båt, og infrastrukturen tek folk langt inn mot sentrale villreinområde. Magasinet er eit enkelt utgangspunkt for turar innover i sårbare område.

Derfor er det behov for å få meir kunnskap om i kva grad Songamagasinet fungerer som innfallsport til fjellet.

Statkraft har hatt dialog med Norsk villreinsenter om mogelegheitene for å overvake ferdselen på Songamagasinet, mellom anna gjennom teljingar av bruken av båtutsetjingar. Det er knytte nokre kostnader til slike teljingar. Statkraft vil ha vidare dialog med Norsk villreinsenter og Vinje kommune om gjennomføringa av tiltaka.

Tiltak 51:

Stengje delar av vegen inn til Hjerdalen

Hovudansvar: Tinn kommune i samråd med Hjerdalen veglag

Delansvar: Klima- og miljødepartementet

Aktuell tilskotsordning: Kap. 1420, post 60 og kap. 1420, post 80

Vegen inn til Hjerdalen gjev lett tilgjengeleg tilkomst i barmarkssesongen. Tiltaket inneber å stengje vegen dei siste 4–5 km i kalvings- og oppvekstperioden med unntak for grunneigarar. Det skal takast omsyn til landbruksnæringa.

Tiltaket inneber at Tinn kommune, i samråd med aktuelle grunneigarar, vurderer ei forskriftsendring og tilhøyrande bomregulering som hindrar allmenta si bruk av vegen. Gjennomføringa av tiltaket vil krevje ein alminneleg prosess for å utarbeide ei forskrift som gjev høve til regulering av trafikk med bomsystem. Nøyaktig kvar vegen skal stengjast, må vurderast nærare i denne prosessen.

Tiltaket er forventa å ha høg effekt for villrein.

Tiltak 52:

Endre dagsturismen frå Mogen til «baseturisme» for å redusere ferdsel til Gjuvsjåen og til Stordalsbu

Hovudansvar : Den Norske Turistforening (DNT)

Delansvar: Vernemyndigheitene og Klima- og miljødepartementet

Aktuelle tilskotsordningar: Kap. 1420, post 31, kap. 1420, post 80 og kap. 1420, post 81

Ferdsel nord og aust for Mogen hindrar villreintrekk og villreinen sin bruk av områda aust for Møsvatn.

Tiltaket inneber å leggje om driftskonseptet for Mogen turisthytte, frå tradisjonell turisthytte for dei som er på fleirdagsturar mellom turisthytter på Hardangervidda, til «baseturisme» med gjester som bur fleire dagar på hytta med aktivitetar og dagsturmål i nærområdet. Andre dagsturmål i nærleiken av Mogen som ikkje forstyrrar villreinen må vurderast, og det blir allereie arbeidd med eit prosjekt for å etablere eit godt dagsturtilbod ved Mogen slik at fleire oppheld seg i nærområdet. Det trengst samarbeid med grunneigarar og ein reiselivsstrategi for Møsvatn-området.

DNT er allereie i gang med å leggje om driftskonseptet ved Mogen til «basehytte». Vidare støttar departementet tiltak om soner utan tilrettelegging for friluftsliv i ny stig- og løypeplan for Hardangervidda, samt tiltak om nedlegging av stigar og løyper mellom Mogen og Lågaros. Fotruta Mogen-Stordalsbu-Kalhovd skal overvakast. Departementet viser til omtale av Mogen i ny stig- og løypeplan for Hardangervidda.

I den nye planen får Mogen turisthytte eit redusert rutenett. Det gjer det særleg viktig å sjå nærare på kva for aktivitetar og opplevingar ein kan leggje til rette for i nærleik til hytta, i tett dialog med naboar og grunneigarar. Dette skal bidra til at hytta framleis er attraktiv, samstundes som omsynet til villreinen blir teke vare på. Målet er at Mogen i større grad blir ei hytte ein er på i nokre dagar, heller enn å vere ein viktig brikke i eit gjennomgåande rutenett. For Mogen kan det i tillegg vere aktuelt å sjå nærare på korleis ein kan leggje til rette for aktivitetar langs vatnet, i staden for oppe på fjellet.

Tiltaket er forventa å ha høg effekt for villreinen. Kostnader er knytte til omstilling av driftskonsept for turisthytta, og til utvikling av nye «villreinvennlege» tilbod. Tiltaket kan innebere eit betre natur- og friluftstilbod for nye grupper. Omstilling kan innebere usikkerheit ved om ein klarer å skape eit nytt besøks- og driftsgrunnlag for drift av turisthytta, og tiltaket kan òg ha stor betydning for å halde oppe grunnlag for rutebåt på Møsvatn.

Det er òg viktig å leggje til rette for at omkringliggjande tilbod som ikkje er omfatta av tiltak, får handlingsrom til å tilpasse/vidareutvikle eit meir villreinvennleg friluftslivstilbod og justere drift i tråd med dette. Råka aktør/tiltakshavar/ansvarleg for tiltaket kan søkje om tilskot frå tilskotsordningar. Det kan òg vere aktuelt å nytte middel frå den statlege investeringsposten til tiltak for villrein. Storleiken på tilskotsordningar og investeringspostar er avhengig av budsjettprosessar. Finansiering knytt til kompensasjon for endring og nedlegging av DNT sine hytter og stigsystem vil bli avklart nærare i oppfylginga av tiltaksplanen.

Tiltak 53:

Stengje Lågaros og leggje ned tilhøyrande stigsystem

Hovudansvar: Den Norske Turistforening (DNT)

Delansvar: Vernemyndigheitene og Klima- og miljødepartementet

Aktuelle tilskotsordningar: Kap. 1420, post 31, kap. 1420, post 80 og kap. 1420, post 81

Lågaros turisthytte og tilhøyrande stigsystem kan bidra til ei deling av Hardangervidda i aust–vest-retning. Ein forsterka barriereeffekt langs desse stigane kan påverke svært store delar av villreinområdet og dei heilt sentrale trekka mellom sommar- og vinterbeiter, som kjenneteiknar Hardangervidda som villreinområde. Hardangervidda er eitt av dei siste villreinområda der slike funksjonar framleis er intakte. Ved ei endring av stignettet i vest, som omtala tidlegare i tiltaksplanen, må ein òg rekne med at ferdselen langs stignettet lenger aust kan auke, og at det kan oppstå barriereeffekt òg der.

Tiltaket inneber å stengje Lågaros, og å leggje ned stigane frå Lågaros til Mogen, Sandhaug, Mårbu og Rauhelleren (fram til bru over Lågen), samt stigen Gjuvsjåen-Elsjåen (vest for Gjuvsjåen), i tråd med vedteken stig- og løypeplan for Hardangervidda.

Ei nedlegging av ein stig inneber å fjerne T-merking langs heile stigen, fjerne turruta på UT.no og andre marknadsføringskanalar, fjerne turruta i turrutebasen til Kartverket og setje opp skilt som informerer om at stigen ikkje er merkt.

Det skal vidare vurderast særskilt om det berre er T-merkinga som skal fjernast, eller om vardar og bruer òg skal takast bort. Vardar med kulturhistorisk verdi, inkludert grensevardar, skal ikkje fjernast. Dersom det er behov for å ta bort bruer eller gjennomføre naturrestaurering av stigar, skal dette vurderast opp mot lokal bruk.

Effekten av tiltaket skal vurderast i samband med evalueringa av tiltaksplanen.

Det er avgjerande at vidare planlegging og iverksetjing skjer i tett samarbeid med DNT. Det er òg viktig å leggje til rette for at omkringliggjande tilbod som ikkje er omfatta av tiltak, får handlingsrom til å tilpasse/vidareutvikle eit meir villreinvennleg friluftslivstilbod og justere drift i tråd med dette. Råka aktør/tiltakshavar/ansvarleg for tiltaket kan søkje om tilskot frå tilskotsordningar. Det kan òg vere aktuelt å nytte middel frå den statlege investeringsposten til tiltak for villrein. Storleiken på tilskotsordningar og investeringspostar er avhengig av budsjettprosessar. Finansiering knytt til kompensasjon for endring og nedlegging av DNT sine hytter og stigsystem vil bli avklart nærare i oppfylginga av tiltaksplanen.

3.3.3 Forventa effekt og konsekvensar

Klima- og miljødepartementet har, etter innspel frå Miljødirektoratet, vurdert kva for forventa effektar tiltakspakka har for villrein. Det blir vurdert at tiltakspakka har fleire effektfulle og nødvendige tiltak, som samla vil kunne bidra til å oppretthalde reinen sin bruk av urørte område, med særleg fokus på kalvings- og oppvekstområde. Tiltaka i pakka rettar seg mot sentrale utfordringar for villreinen på Hardangervidda. Departementet si samla vurdering er at tiltakspakka vil ha stor effekt.

Klima- og miljødepartementet har vurdert administrative og økonomiske konsekvensar av tiltakspakka på bakgrunn av det som går fram i faggrunnlaget, samt det som har kome fram i løpet av involveringa i forkant av høyringa.

Negative samfunnsmessige kostnader er knytte til redusert tilkomst på vegar for allmenta til visse tider, redusert/avkorta sesong for skuter-/skitrafikk på seinvinter, samt mogeleg redusert mogelegheit for fiske på forsumaren. Tiltaka i denne tiltakspakka vil få konsekvensar for tilbodet til DNT, samt for friluftslivet i form av redusert tilbod. Det er òg viktig å leggje til rette for at omkringliggjande tilbod som ikkje er omfatta av tiltak, får handlingsrom til å tilpasse/vidareutvikle eit meir villreinvennleg friluftslivstilbod og justere drift i tråd med dette. Råka aktør/tiltakshavar/ansvarleg for tiltaket kan søkje om tilskot frå tilskotsordningar. Det kan òg vere aktuelt å nytte middel frå den statlege investeringsposten til tiltak for villrein. Storleiken på tilskotsordningar og investeringspostar er avhengig av budsjettprosessar. Finansiering knytt til kompensasjon for endring og nedlegging av DNT sine hytter og stigsystem vil bli avklart nærare i oppfylginga av tiltaksplanen.

For enkelte tiltak i tiltakspakka der aktørar blir oppfordra til frivillig å vere ansvarlege for å gjennomføre tiltak, kan tiltaket få konsekvensar for Klima- og miljødepartementet, til dømes ved at det kan søkjast om støtte til gjennomføring gjennom tilskotsordningar på departementet sitt budsjett. Eventuelle kostnader for gjennomføring av slike tiltak blir dekte innanfor dei til ei kvar tid gjeldande budsjettrammene.

3.4 Tiltak for å ta vare på villreintrekka mellom ulike sesongbeiter

3.4.1 Innleiing

Målet med tiltakspakka er å betre villreinen sine trekkmogelegheiter på sentrale knutepunkt/trekkområde som sikrar funksjonelle trekk mellom sesongbeiter gjennom året, og som tek høgde for variasjonar i samansetjing av bestand og klimatiske forhold i eit lengre tidsperspektiv. Denne tiltakspakka omfattar viktige trekkområde som ikkje er tekne med i dei andre tiltakspakkane. Nettet av merka turstigar på nordvestvidda og Tinnhølvegen inngår i tiltakspakke 6, riksveg 7 og Imingfjell i tiltakspakke 7 og Mogen–Gjuvsjå i tiltakspakke 8. Endringar i rutenettet for stigar og løyper, samt regulering og styring av motortransport vil òg betre fleire viktige trekkområde.

Trekket aust–vest over turiststigen mellom Tinnhølen og Sandhaug er sentralt i barmarkssesongen, men er sterkt redusert i denne perioden. Det same gjeld fokusområdet langs Lågen til Gamle Lågaros, stigen mellom Haukeliseter og Hellevassbu, stigen mellom Trolltunga og Tyssevassbu og ruta Lofthus/Nykkjesøy til Stavali og Hårteigen. Tiltakspakka rører ved fleire barrierar som har samanheng med og truleg påverkar dagens arealbruk.

Tiltakspakka omfattar både generelle tiltak som vil betre trekk i mange trekkområde, og spesifikke tiltak for enkeltområde. Tiltaket om å stengje Hellevassbu i sumarbeiteperioden har òg betydning for tiltakspakke 8. I den grad villreinen faktisk brukar areal aust for Mår og Kalhovd på barmark, vil tiltaka med landbruer i Mår-vassdraget og regulering av vegen Kalhovd–Synken ha betydning for tiltakspakke 8.

Tiltakspakke 9: Tiltak for å ta vare på villreintrekka mellom ulike sesongbeiter

  • Tiltak 54: Regulere telting i flaskehalsar
  • Tiltak 55: Forprosjekt for restaurering av trekkvegar over vasskraftmagasin i villreinområdet
  • Tiltak 56: Regulere bruk av Imingdalen (veg) vest for Flåtåe for allmenta
  • Tiltak 57: Vurdere å avgrense tilgang med sykkel på dei vegane der biltrafikken blir regulert
  • Tiltak 58: Stengje Hellevassbu turisthytte i sumarbeiteperioden samt nedlegging av stigar
  • Tiltak 59: Vurdere å regulere tilkomst på og bruk av vegen Kalhovd–Synken og Kalhovd–Gvepseborg

Figur 3.5 Oversiktskart over tiltakspakke 9

3.4.2 Nærare om tiltaka

Tiltak 54:

Regulere telting i flaskehalsar

Hovudansvar: Kommunane og fylkeskommunane gjennom Hardangerviddarådet,villreinutval, rettshavarar, villreinnemnd, Miljødirektoratet og Klima- og miljødepartementet

Aktuell tilskotsordning: Kap. 1420, post 60

Telting i viktige trekkpassasjar for villrein kan hindre at reinen nyttar trekket, og gje redusert arealbruk som fylgje.

Tiltaket inneber å bruke heimel i friluftslova § 9 fjerde ledd for å forby telting i avgrensa område for å sikre trekkmogelegheiter for villrein under jakta. Dette kan gjelde all slags telting, òg for fiske o.l. Det er departementet som har myndigheit etter friluftslova, men denne er delegert til Miljødirektoratet. Det kan vere behov for nytt heimelsgrunnlag, for å hindre telting på viktige trekkpassasjar langs til dømes Kvenna gjennom sumaren (før jakt). Kvenna er ei stor barriere for trekk i dag, på grunn av pack-rafting og annan aktivitet langs vassdraget. Eit slikt heimelsgrunnlag er omtala i tiltak 12, der Klima- og miljødepartementet har sett i gang ei utgreiing i Miljødirektoratet av verkemiddel for ferdselsregulering, der det mellom anna skal vurderast å innføre ei ny heimel i naturmangfaldlova for å kunne fastsetje tids- og arealavgrensa ferdselsrestriksjonar i villreinområde.

Vidare støttar departementet tiltaka i ny stig- og løypeplan for Hardangervidda, som handlar om regulering av telting/overnatting i særleg viktige trekkpassasjar. Teltforbodssonene blir lokaliserte innanfor ei buffersone på 500 meter ut frå trekkpassasjane som kryssar Kvenna, og i området ved Hellegjuvet–Gjuvsjåen. Figurar av desse er vist i ny stig- og løypeplan. Desse områda er førebelse, og dei skal fastsetjast meir detaljert og praktisk i oppfylgjande arbeid. Dette arbeidet skal fylgjast opp av verneområdemyndigheitene og Vinje og Ullensvang kommunar. Vidare vil departementet vurdere soner for regulering av telting/overnatting i perioden før og under reinsjakta. Dette arbeidet vil bli gjort i samband med revisjon av verneforskrifta for Hardangervidda.

Tiltaket er forventa å bidra til høg effekt for villreinen ved å betre trekk og auke arealbruken før og under jaktperioden. Teltforbod vil ha konsekvensar for friluftslivsinteresser i dette området, inkludert jegerar i samband med jakt. Konkrete kostnader er låge og knytt til prosess.

Tiltak 55:

Forprosjekt for restaurering av trekkvegar over vasskraftmagasin i villreinområdet

Hovudansvar : Øst-Telemark Brukseierforening

Delansvar: Miljødirektoratet og Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Aktuell tilskotsordning: Kap. 1424, post 70

Som fylgje av etableringa av vasskraftmagasin i villreinområdet har tidlegare trekkruter for villreinen vorte forringa. Tiltaket inneber gjennomføring av tre forprosjekt for å gje eit best mogeleg avgjerdsgrunnlag for eventuelle framtidige restaureringar av trekkvegar over vasskraftmagasin ved:

  • Fylling av kanal og etablering av trekk sør for dammen på Strengen
  • Landbru i trekkpassasje over Gravøy (mellom Kilsfjorden og Gøyst)
  • Landbru over Mår mellom Mårdammen og Synken (nord for dammen)

Kostnader og konsekvensar for eventuelle etableringar av landbruer må greiast ut nærare i forprosjekta.

Restaurering av tidlegare trekkpassasjar for villrein ved å etablere landbru over kraftmagasin i villreinområde der det tidlegare har gått viktige trekkpassasjar er tiltak som potensielt kan ha svært stor positiv effekt for å betre tilstanden for villreinen. Etablering av landbru med formål om å gjenopprette villreintrekk er hittil ikkje utprøvd, og effekten av tiltaket er dermed usikker. Både GPS-data, observasjonar og spor viser at dyra nyttar gamle trekkvegar over magasinet i dette området ved låg vasstand. Vidare kan observasjonar frå Kvevassmagasinet i Nordfjella villreinområde òg tyde på at villrein kan ta opp att gamle trekkruter når forholda legg til rette for det, til dømes fordi vasstanden i eit magasin blir tappa ned eller er lågare enn normalt.

Dersom forprosjekta på sikt blir fylgde opp med tiltak som gjer at trekkrutene blir gjenoppretta, vil det potensielt ha stor positiv effekt for villreinen.

Utforminga av Strengen er slik at det er vanskeleg for villreinen å trekkje gjennom området. Ei eventuell framtidig restaurering av trekk sør for dam på Strengen er forventa å ha avgrensa effekt fordi Strengen ikkje er det mest brukte området og heller ikkje det mest naturlege trekket, samstundes som trafikkert anleggsveg nordaust for Strengen er ei barriere for villrein i aktuell sesong. Eit slikt tiltak vil truleg ikkje vere i konflikt med andre bruksinteresser.

Mår–Gøyst-reguleringa med tilhøyrande menneskeleg aktivitet er ei svært stor barriere for villreintrekk frå området aust for Møsvatn og mot tangane aust for Mårfjorden. Det er uvisse knytt til effekten av ei eventuell framtidig restaurering av trekkvegen ved Graveide for villreinen.

Stegaros er eit kritisk trekkpunkt for villrein mellom sentralvidda og dei austlege tangane. Trekket over Stegaros er avgrensa av bilveg til Synken, turiststig mellom Kalhovd og Stordalsbu/Mogen samt sal av jakt og fiske i området sumar og haust. Effekten av ei eventuell framtidig restaurering av trekkvegen over Mår ved Synken er òg avhengig av avgrensing av aktivitet i området Kalhovd–Stegaros–Synken, mellom anna regulering av trafikk på bilveg, merka stigar m.m., for å oppnå effekt. Ei eventuell framtidig restaurering av trekkvegen mellom området vest for Mår–Gøyst og tangane lenger aust er forventa å ha høg effekt for villreinen. Dette trekket er òg viktig for vidare villreintrekk frå Mår til nordaustvidda og vidare mot vest.

Tiltaket er ei oppfordring til konsesjonær/regulant om å ta initiativ til setje i gang nemnde forprosjekt. Faggrunnlaget til tiltaksplanen peika ut desse tre forprosjekta som aktuelle stader for reetablering av trekk. Departementet meiner samstundes at ein i oppfylginga av tiltaket òg bør vurdere andre forprosjekt, der dette kan styrkje måloppnåinga. Slike vurderingar må sjåast i samanheng med relevante tiltak i denne tiltakspakka og med tiltaksplanen elles. Det vil vere behov for en dialog med Miljødirektoratet og NVE i denne prosessen. Det kan vere aktuelt å søkje om tilskot gjennom tilskotsordninga knytt til kap. 1424, post 70, som er finansiert av Statens villreinfond. Departementet tilrår at konsesjonær involverer beitenæringa i området i arbeidet med forprosjekta.

Eventuelle framtidige restaureringar av trekkvegar over magasina er i tillegg tiltak som direkte bøter på dei negative effektane av eksisterande arealinngrep utan at det går utover andre brukarar av området.

Tiltak 56:

Regulere bruk av Imingdalen (veg) vest for Flåtåe for allmenta

Hovudansvar: Nore og Uvdal kommune og Buskerud og Telemark fylkeskommunar i samråd med grunneigarar

Aktuelle tilskotsordningar: Kap. 1420, post 60 og kap. 1420, post 80

Vegen Imingdalen (tidlegare Brusetervegen) bidreg til ferdsel mellom Sønstevatn/Imingdalen og Mår om sommaren og hausten, og kan gjere tilkomsten frå nord til austsida av Mår vanskelegare for villreinen. Vegen flyttar òg dagstursona og utgangspunktet for turar langt inn på vidda.

Tiltaket bidreg til å frigjere areal for villreinen på Hardangervidda og redusere den menneskelege aktiviteten i området.

Tiltaket inneber at til kommunane og fylkeskommunane, i samråd med aktuelle grunneigarar, blir oppmoda til å vurdere ei forskriftsendring og tilhøyrande bomregulering som hindrar allmenta si bruk av vegen vest for Flåtåe. Gjennomføringa av tiltaket vil krevje ein alminneleg prosess for å utarbeide ei forskrift som gjev høve til regulering av trafikk med bomsystem. Vidare skal brøyting av vegen inn til hyttefeltet ikkje skje før påske, men gjennomførast slik at vegen er klar til påskeutfarten.

Tiltaket er forventa å ha høg effekt på villreinen dersom barrierar ved Stegaros og Havfoss fyrst blir reduserte. Samfunnsmessige kostnader er knytte til noko vanskelegare tilkomst for allmenta til Imingdalen med bil. Det er usikkerheit knytt til dei faktiske kostnadene ved finansiering av tiltaket, men det er forventa å vere på eit relativt lågt nivå.

Tiltak 57:

Vurdere å avgrense tilgang med sykkel på dei vegane der biltrafikken blir regulert

Hovudansvar: Kommunane og Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Delansvar: Grunneigarar og rettshavarar

Fleire vegar som går innover villreinområdet utanfor verneområdet, blir foreslått stengde for biltrafikk, men vegane blir òg brukte av syklistar. For at tiltak knytt til å redusere motorferdsel på vegar skal ha den ynskte effekten, kan det vere nødvendig at òg annan ferdsel enn motorferdsel på dei same vegstrekningane blir redusert. Regulering av ferdsla med sykkel vil kunne auke effekten av tiltak for regulering av motorferdsel på vegane.

Tiltaket inneber å regulere tilgang til bruk av sykkel på dei vegane der tilkomst med bil blir regulert. Per i dag er det fri tilgang til å sykle på alle vegar som er tilgjengelege med køyretøy. Eventuelle reguleringar for køyretøy bør òg vurderast for sykkel. Dette vil krevje ei forskrift etter friluftslova for dei delane som ligg utanfor verneområdet. Regulering av sykling på privat veg krev forskriftsvedtak frå kommunen, etter samtykke frå grunneigar. Dersom ein veg er omfatta av konsesjonsvilkår knytt til vasskraftverk med vilkår om at vegen skal kunne brukast av allmenta med mindre vassdragsmyndigheita har bestemt noko anna, føreset tiltaket i staden at NVE eventuelt treff vedtak om restriksjonar for allmenta si ferdsel heimla i vassdragslovgjevinga. Dette vil i so fall skje etter ein alminneleg prosess med mellom anna eiga høyring.

Det er knytt usikkerheit til effekten av tiltaket for villreinen. Det er avhengig av kva vegar som blir regulerte. Det er forventa at tiltaket medfører ein mindre kostnad knytt til prosess og informasjon.

Tiltak 58:

Stengje Hellevassbu turisthytte i sumarbeiteperioden samt nedlegging av stigar

Hovudansvar: Den Norske Turistforening (DNT)

Delansvar: Vernemyndigheitene og Klima- og miljødepartementet

Aktuelle tilskotsordningar: Kap. 1420, post 31 og kap. 1420, post 80

Ferdsel på stigen mellom Haukeliseter–Hellevassbu–Litlos medfører ein delvis barriereeffekt for villreinen mellom dagens kalvingsområde sør for Kvenna og gode sumarbeiteområde vest og nordvest for stigen. Fjellområda, særleg vest for denne stigen, har høge toppar med snøbrear og rikt sumarbeite for villrein. Desse områda har vore viktige for villrein særleg om sumaren, og vil bli endå viktigare i framtidas klima. Vinterbruk til og frå Hellevassbu blir vurdert å vere ei lita utfordring for villrein.

Tiltaket inneber at Hellevassbu blir stengd i sumarsesongen, samt at tilhøyrande stigar blir lagde ned, i tråd med ny stig- og løypeplan for Hardangervidda. Stigane som blir lagde ned, er stigane frå Hellevassbu til Haukeliseter, Middalsbu og Prestkona.

Ei nedlegging av ein stig inneber å fjerne T-merking langs heile stigen, fjerne turruta på UT.no og andre marknadsføringskanalar, fjerne turruta i turrutebasen til Kartverket og setje opp skilt som informerer om at stigen ikkje er merkt.

Det skal vidare vurderast særskilt om det berre er T-merkinga som skal fjernast, eller om vardar og bruer òg skal takast bort. Vardar med kulturhistorisk verdi, inkludert grensevardar, skal ikkje fjernast. Dersom det er behov for å ta bort bruer eller gjennomføre naturrestaurering av stigar, skal dette vurderast opp mot lokal bruk.

Det er avgjerande at vidare planlegging og iverksetjing skjer i tett samarbeid med DNT. Det er òg viktig å leggje til rette for at omkringliggjande tilbod som ikkje er omfatta av tiltak, får handlingsrom til å tilpasse/vidareutvikle eit meir villreinvennleg friluftslivstilbod og justere drift i tråd med dette.

Effekten på villrein er forventa å vere høg.

Tiltak 59:

Vurdere å regulere tilkomst på og bruk av vegen Kalhovd–Synken og Kalhovd–Gvepseborg

Hovudansvar: Energidepartementet, Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Delansvar: Øst-Telemark Brukseierforening

Aktuell tilskotsordning: Kap. 1424, post 70

Energidepartementet og NVE er hovudansvarlege for gjennomføring av tiltaket, og regulant/konsesjonær er delansvarleg. Vegene er omfatta av konsesjonsvilkår for Mår/Gøyst-reguleringa. Ei eventuell stenging av vegen føreset derfor at NVE eventuelt treff vedtak om restriksjonar for allmenn motorisert ferdsel heimla i vassdragslovgjevinga. Dette vil i so fall skje etter ein alminneleg prosess med mellom anna eigen høyring.

Vegane gjev lett tilgjengeleg tilkomst i barmarkssesongen, og er ein viktig kanal for vidare ferdsel mot sentrale delar av vidda. Det går føre seg ein del camping (bubil o.l.) langs vegen, og det er mykje sykkeltrafikk på vegen.

Det bør vurderast endring av driftsregime og mogelegheit til å setje opp bom om nødvendig, for å redusere forstyrringa bruken av vegane har på villreinen i området. Det er særleg viktig å redusere ferdselen om hausten. Regulering av vegen må sikre tilkomst for grunneigar, regulant og tilsvarande brukarar. Det kan til dømes sjåast på løysingar som legg til rette for kollektive transportløysingar for allmenta, til dømes for gjester til rutebåten, turisthyttene m.m. Eit mogeleg alternativ er full nattestenging. Tiltak/regulering av volum av ferdsel på stigen Kalhovd–Mårbu er viktig for at tiltak på vegen skal fungere etter formålet. Tilpassingar i drift av rutebåt på Mår må òg sjåast i samband med andre tiltak. Som grunnlag for eventuelle tiltak på strekninga Kalhovd–Synken bør det vurderast om det er behov for å etablere ferdselsregistreringar av trafikken til Kongsbergseter (til dømes digital tellebom e.l.), samt oppretthalde løyvebunden køyring og gå gjennom praksis for dette, for å kontrollere mogelege endra bruksmønster som fylgje av tiltaket.

Tiltaket er forventa å ha høg effekt på villreinen. Dei negative samfunnsmessige kostnadene er knytte til redusert tilkomst for grunneigarar, redusert mogelegheit for næringsverksemd i form av utleige av jakt og fiske, redusert tilgang for turbrukarar og allmenta elles. Det vil òg kunne få konsekvensar for kommunen si reiselivssatsing på sykkel og driftsgrunnlaget for turisthytte ved Kalhovd. Det skal takast relevante omsyn, mellom anna omsyn til landbruksnæringa.

3.4.3 Forventa effekt og konsekvensar

Klima- og miljødepartementet har, etter innspel frå Miljødirektoratet, vurdert kva for forventa effektar tiltakspakka har for villrein. Tiltakspakka inneheld fleire tiltak for å betre måloppnåinga på måleparameter 1 i delnorm 3, funksjonell arealutnytting. Det er vanskeleg å anslå kva ringverknader ei eventuell restaurering av trekkvegar ved hjelp av landbru kan ha, og dermed òg kva effekt tiltakspakka på sikt kan få. Departementet vurderer at tiltakspakka er samla vurdert til å ha middels effekt.

Tiltakspakka gjeld både regulering av telting, bruk av vegar og turisthytte og regulering av ferdsel. Ei regulering av tilkomst på og bruk av vegen Kalhovd–Synken og Kalhovd–Gvepseborg vil føre til redusert tilgang for turbrukarar og allmenta elles.

Tiltaka i denne tiltakspakka vil få konsekvensar for tilbodet til DNT, samt for friluftslivet i form av redusert tilbod. Det er òg viktig å leggje til rette for at omkringliggjande tilbod som ikkje er omfatta av tiltak, får handlingsrom til å tilpasse/vidareutvikle eit meir villreinvennleg friluftslivstilbod og justere drift i tråd med dette. Råka aktør/tiltakshavar/ansvarleg for tiltaket kan søkje om tilskot frå tilskotsordningar. Det kan òg vere aktuelt å nytte middel frå den statlege investeringsposten til tiltak for villrein. Storleiken på tilskotsordningar og investeringspostar er avhengig av budsjettprosessar. Finansiering knytt til kompensasjon for endring og nedlegging av DNT sine hytter og stigsystem vil bli avklart nærare i oppfylginga av tiltaksplanen.

Forprosjekta for restaurering av trekkvegar over vasskraftmagasin vil ha økonomiske konsekvensar for konsesjonæren dersom tiltaket blir gjennomført. Ei eventuell gjennomføring av restaureringsprosjekt for trekkvegar over vasskraftmagasin er forventa å krevje betydelege økonomiske investeringar, og kostnader og konsekvensar vil bli greidde ut nærare gjennom forprosjekta.

Tiltak om regulering av ferdsel på vegar vil krevje administrative ressursar for å gjennomføre, og vil truleg òg innebere kostnader til skilting og informasjon.

For enkelte tiltak i tiltakspakka der aktørar blir oppmoda til frivillig å vere ansvarlege for å gjennomføre tiltak, kan tiltaket få konsekvensar for Klima- og miljødepartementet, til dømes ved at det kan søkjast om støtte til gjennomføring gjennom tilskotsordningar på departementet sitt budsjett. Eventuelle kostnader for gjennomføring av slike tiltak blir dekte innanfor dei til ei kvar tid gjeldande budsjettrammene.