2 Tematiske tiltakspakker for å betre tilstanden for villreinen i Hardangervidda villreinområde

2.1 Ei meir heilskapleg og restriktiv arealplanlegging og arealforvaltning

2.1.1 Innleiing

Den største trusselen mot villreinen i dag er nedbygging av leveområde. Samla effektar av infrastruktur, forstyrrande menneskeleg aktivitet og klimaendringar fører til fragmentering og tap av habitat. Dette har stor innverknad på villreinen si utbreiing og arealbruk.

Målet i villreinmeldinga om ei meir heilskapleg og restriktiv arealforvaltning i villreinfjellet, gjeld både for arealforvaltning etter plan- og bygningslova og arealinngrep etter sektorregelverk. Med villreinfjellet meiner ein villreinområdet samt dei områda utanfor villreinområdet som på ulike måtar påverkar areal som blir brukt av villreinen. Kommunar og andre myndigheiter har ansvar for å beskytte villreinen sine leveområde gjennom arealplanlegginga. Vektlegging av villreinomsyn i arealforvaltninga er derfor sentralt for å oppnå målsettingane frå villreinmeldinga, mellom anna for å førebyggje tap og forringing av villreinen sine leveområde. Ei berekraftig arealplanlegging kan spare samfunnet for store framtidige utgifter til naturrestaurering. Det er viktig å ta omsyn til samla effektar når ein vurderer nye arealinngrep.

Tiltakspakke 1: Ei meir heilskapleg og restriktiv arealplanlegging og arealforvaltning

  • Tiltak 1: Statlege planretningslinjer for arealbruk og mobilitet
  • Tiltak 2: Endringar i rundskriv T-2/16 for å bidra til ei meir heilskapleg og restriktiv arealforvaltning i villreinfjellet
  • Tiltak 3: Revidere kommunale planar (planvask) og basere framtidig utbygging på oppdatert kunnskap og ei sterkare vektlegging av omsyn til villrein
  • Tiltak 4: Oppdatering eller revisjon av regional plan i villreinområdet
  • Tiltak 5: Høg terskel etter sektorregelverket for nye arealinngrep i villreinområdet
  • Tiltak 6: Involvering av villreinnemndene i dispensasjonssaker etter plan- og bygningslova som påverkar villrein
  • Tiltak 7: Styrking av Norsk villreinsenter som kompetansesenter for villrein
  • Tiltak 8: Kompetanseheving om villrein for kommunestyre og fylkesting
  • Tiltak 9: Villreinomsyn bør vektleggast i større grad ved søknad om nye landbruksvegar i villreinområdet

2.1.2 Nærare om tiltaka

Tiltak 1:

Statlege planretningslinjer for arealbruk og mobilitet

Hovudansvar : Kommunal- og distriktsdepartementet

Delansvar: Klima- og miljødepartementet

Kommunal- og distriktsdepartementet har i samråd med aktuelle departement fastsett statlege planretningslinjer for arealbruk og mobilitet (SPRAM), ved kgl. res. av 24. januar 2025 jf. plan- og bygningslova § 6-2 fyrste ledd. Desse skal leggjast til grunn ved planlegging etter plan- og bygningslova og enkeltvedtak etter plan- og bygningslova og annan lovgjeving. Kommunal- og distriktsdepartementet har eit hovudansvar for retningslinjene. Klima- og miljødepartementet har eit delansvar for miljø, inkludert å rettleie om korleis omsynet til villrein skal inngå i planlegginga og enkeltsaksbehandlinga. Statsforvaltarane har òg ei viktig rolle i å sørgje for at dei statlege planretningslinjene blir fylgt opp i kommunane, både gjennom rettleiing og kompetanseheving for kommunale planleggarar, og gjennom å fylgje opp at retningslinjene blir etterlevd i plansaker.

Dei statlege planretningslinjene har fleire retningslinjer som har betydning for forvaltninga av villreinen sine leveområde. For villrein står det i retningslinjene punkt 3.8 fylgjande: «Arealplanleggingen skal bidra til å nå målet om en helhetlig og restriktiv arealforvaltning i villreinfjellet. Dette innebærer at det skal være en høy terskel for inngrep i villreinens leveområder». Òg generelle retningslinjer har betydning for villrein. Dette gjeld mellom anna prinsippet om at fortetting og transformasjon skal vurderast og bør nyttast før nye utbyggingsområde, blir sett av og tatt i bruk. Vidare at det i fjell og utmark er viktig at fritidsbustadområde skal avgrensast mot samanhengande natur-, villrein- og friluftsområde, kulturmiljø og viktige område for landbruk, reindrift og andre næringar. Verknaden av utbygging på landskap skal vurderast og minimerast.

Tiltak 2:

Endringar i rundskriv T-2/16 for å bidra til ei meir heilskapleg og restriktiv arealforvaltning i villreinfjellet

Hovudansvar: Klima- og miljødepartementet

Rundskriv T-2/16 – Nasjonale og vesentlige regionale interesser på miljøområdet – klargjøring av miljøforvaltningens innsigelsespraksis – handlar om nasjonale og vesentlege regionale interesser på miljøområdet, og klargjer korleis miljøforvaltninga skal bruke verkemiddelet motsegn i kommunal planlegging.

Klima- og miljødepartementet har ansvaret for rundskrivet og for at praksisen på miljøområdet er i samsvar med rundskrivet. For å bidra til ein meir einsarta forvaltningspraksis og gje meir føreseieleg kommunal arealplanlegging, klargjer dette rundskrivet kva som er spørsmål av nasjonal eller vesentleg regional betydning på klima- og miljøområdet. Målet med rundskrivet er å sikre ein einskapleg forvaltningspraksis og at nasjonale og vesentlege regionale klima- og miljøinteresser blir godt tatt vare på i arealplanlegginga. Rundskrivet skal leggast til grunn for praksisen kring motsegn i miljøforvaltninga og bidra til auka medvit om kva for nasjonale og vesentlege regionale klima- og miljøomsyn staten meiner ein skal ta i den kommunale arealplanlegginga. Dersom eit planforslag rammar nasjonale eller vesentlege regionale miljøverdiar, kan motsegn vurderast, jf. plan- og bygningslova § 5-4. Det vil likevel vere ei konkret vurdering i den enkelte saka om ein skal fremje motsegn. Det skal vere høg terskel for inngrep i leveområda til villreinen. Statsforvaltaren skal derfor vurdere om det skal bli fremja motsegn dersom eit planforslag inneheld ein ny arealbruk som vil kome i konflikt med slike område.

Klima- og miljødepartementet vektlegg, i tråd med Stortinget si behandling av villreinmeldinga, at statsforvalterane gjennom villreinmeldinga, utarbeiding av tiltaksplanar og nye statlege planretningslinjer for arealbruk og mobilitet, får eit tydelegare mandat enn i dag til å gripe inn mot tiltak i villreinområde for slik å sikre at måla i stortingsmeldinga om høg terskel for nye inngrep i villreinområda blir fylgd opp i praksis, jf. Innst. 374 S (2023–2024) s. 4. For å fylgje opp Stortinget sine føringar, har departementet 26. mai 2025 (presisert 19. desember 2025) vedtatt endringar som formaliserer dette i rundskrivet. Det fylgjer no av rundskrivet sitt punkt 3.8 at motsegn skal vurderast når planforslaget kan kome i konflikt med: «målet om en helhetlig og restriktiv arealforvaltning i villreinfjellet, som innebærer at det skal være en høy terskel for inngrep i villreinens leveområder, jamfør Innst. 374 S (2023–2024), Meld. St. 18 (2023–2024), og Kvalitetsnormen for villrein, jamfør forskrift 23. juni 2020 nr. 1298.»

Tiltak 3:

Revidere kommunale planar (planvask) og basere framtidig utbygging på oppdatert kunnskap og ei sterkare vektlegging av omsyn til villrein

Hovudansvar: Kommunane

Delansvar: Klima- og miljødepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet

Aktuell tilskotsordning: Kap. 1420, post 60

Kommunen er den primære arealmyndigheita i forvaltninga av villreinområda etter plan- og bygningslova. Dette er òg understreka av Stortinget under behandlinga av villreinmeldinga. Kommunale arealplanar styrer arealbruken i villreinområda utanfor verneområda. Ved å gjennomgå eldre planar og endre arealformål for areal som er sett av til utbygging, men endå ikkje bygd ut, kan ein førebyggje ei vidare nedbygging og forringing av villreinområda og randsona. Vidare bør framtidig planlegging og utbygging baserast på oppdatert kunnskap og ei sterkare vektlegging av omsyn til villrein. Det er òg sentralt at kommunal arealplanlegging tek omsyn til føringar frå regional plan.

Formålet med tiltaket er at kommunane, før eller undervegs i revisjonsprosessen, tek ein heilskapleg gjennomgang av alle kommunale arealplanar i villreinområdet, og at planverket blir oppdatert og revidert på bakgrunn av ny kunnskap om konsekvensar for villreinen. Tiltaket inneber at alle kommunane blir oppmoda til å gjennomføre ein såkalla «planvask» av alle juridiske bindande arealplanar i villreinområdet. Planvaskinga må fylgje ordinære prosessar for revisjon av kommuneplanen sin arealdel.

Kommunane blir oppmoda, av omsyn til villrein, til at minimum fylgjande punkt skal ligge til grunn for revisjonsprosessen:

  • Gjennomgang og oppdatering av gamle kommuneplanar og reguleringsplanar med bakgrunn i ny kunnskap om konsekvensar for villreinen, jf. Innst. 374 S (2023–2024) s. 9.
  • Vedtekne, ikkje-realiserte reguleringsplanar som er negative for villreinen, bør endrast eller opphevast i samsvar med ny kunnskap om villrein. Dette gjeld byggeområde både innanfor villreinen sine leveområde, i randsonene til desse og i trekkrutene mellom villreinområda. Stortinget har understreka at kommunane har ansvar for å ta omsyn til villreinen òg ved planlegging av fritidsbustader i randsonene, jf. Innst. 374 S (2023–2024) s. 7.

Bakgrunnen for tiltaket er mellom anna potensialet for å forverre situasjonen for villrein som kan ligge i dei ikkje-realiserte utbyggingsområda i gjeldande arealplanar, og behovet for å attendeføre slike område til landbruks-, natur-, frilufts- og reindriftsformål (LNFR-område), dersom ein skal nå målsetningane om å ta vare på villreinen. Planvask er vidare framheva i naturmeldinga (Meld. St. 35 (2023–2024)), og tiltaket er òg i tråd med dei nye statlege planretningslinjene for arealbruk og mobilitet, og Nasjonale forventninger til regional og kommunal planlegging 2023–2027, der det mellom anna er forventa at kommunen, ved revisjon av kommuneplanen sin arealdel, vurderer om tidlegare godkjend arealbruk skal førast attende til LNFR-formål av omsyn til naturmangfald.

Tiltak 4:

Oppdatering eller revisjon av regional plan i villreinområdet

Hovudansvar: Fylkeskommunane

Delansvar: Klima- og miljødepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet

Aktuell tilskotsordning: Kap. 1420, post 60

Regionale planar for villrein skal sikre ei heilskapleg forvaltning av fjellområde som er særleg viktige for framtida til villreinen i Noreg. Planane fastset ei langsiktig arealforvaltning som balanserer bruk og vern for dei aktuelle fjellområda med randområde, og gjeld inntil dei er revidert. Det er utarbeida planar for alle de ti nasjonale villreinområda. Fylkeskommunen har det overordna ansvaret for å utarbeide dei regionale planane for heilskapleg forvaltning av areala i villreinfjella og oppfylginga av desse planane, inkludert å utarbeide og fylgje opp handlingsprogram og vurdere behov for revisjon av den regionale planen. Regional plan har òg ein viktig funksjon for å gjennomføre og innarbeide nasjonale forventningar etter plan- og bygningslova § 6-1 i den regionale og kommunale arealplanlegginga.

Regionale planar skal fylgjast opp av andre sektorar og leggast til grunn som føringar for den kommunale planlegginga. Avvik frå dei regionale planane gjev grunnlag for motsegn frå mellom anna statsforvaltar. Det kan òg bli gjeve regionale planføresegn som gjer heile eller delar av den regionale planen bindande for inntil ti år, men ingen av dei regionale planane for villrein har so langt tatt i bruk dette verkemiddelet.

Det fylgjer av villreinmeldinga at eksisterande regionale og kommunale planar i villreinfjella vil bli evaluert. Ny kunnskap frå mellom anna klassifiseringa av villreinområda tilseier vidare at dei regionale planane bør oppdaterast. Det fylgjer derfor av meldinga at fylkeskommunane blir oppmoda til å revidere eksisterande regionale planar på grunnlag av klassifiseringa etter kvalitetsnorma og tiltaksplanar for villreinen med sikte på å ta betre vare på leveområda til villreinen. Dette er òg i tråd med nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging 2023–2027, der det mellom anna står at «vedtatte regionale planar for villreinfjella oppdateres i samsvar med ny kunnskap».

Klima- og miljødepartementet oppmodar fylkeskommunane til å oppdatere eller revidere regional plan i tråd med oppdatert kunnskapsgrunnlag om villrein. Den 10. mars 2026 fekk Klima- og miljødepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet overlevert ein rapport om dei regionale planane si betydning for villreinen sine leveområde. Rapporten er utarbeidd i eit samarbeid mellom Østlandsforskning, Norsk institutt for naturforskning (NINA), Telemarksforsking og Norsk villreinsenter.

Rapporten viser at regionale planar er eit nødvendig verkemiddel for å ta vare på villreinen sine leveområde, men at effekten i stor grad er avhengig av aktiv oppfylging, jamleg rullering og tydelege og – der det er formålstenelig – bindande grep.

Fylkeskommunane blir oppmoda til å ta utgangspunkt i fylgjande punkt ved oppdatering eller revisjon av regionale planar:

  • Ta omsyn til oppdatert kunnskap om villrein, og vektleggje omsynet til villrein tungt både når det gjeld retningslinjer og eventuelle føresegn, og utstrekning av arealsonene
  • For å sikre god samordning på tvers av arealforvaltninga i villreinområdet, blir fylkeskommunane bedne om vurdere å definere soner i plankart med ulike grader av restriksjonsnivå
  • Vurdere behovet for eventuelle bindande regionale planføresegn etter plan- og bygningslova § 8-5
  • Leggje til rette for samordna interkommunale kommunedelplanar der dette kan vere viktig av omsyn til villreinen sin arealbruk

Vidare oppmodar departementet til at resultata frå rapporten blir nytta både ved oppdatering og revisjon av regionale planar, og i organiseringa og oppfylginga av dette arbeidet.

Grensene for nasjonalt villreinområde blir definert gjennom regional plan. Dette er avklart gjennom brev i 2005 frå dåverande miljøvernminister til fylkeskommunane. Her vart dei nasjonale villreinområda definert, og det vart presisert at avgrensingar og retningslinjer for arealbruk i det enkelte område skal avklarast gjennom regionale planprosessar. Vidare vart det sagt at det skal kartfestast ei klar grense for dei nasjonale villreinområda der ein bør unngå ny utbygging. På denne måten vil dei nasjonale villreinområda stå som eit eige tema eller sone på plankartet. Regionale planar blir vedtatt av regional planmyndigheit. Tiltaket inneber derfor òg at fylkeskommunane blir oppmoda til å vurdere om det er behov for utviding av dei nasjonale villreinområda basert på oppdatert kunnskap om villrein.

I tillegg er ei rekkje av dei andre tiltaka i denne tiltaksplanen aktuelle å fylgje opp i ein vidare prosess knytt til revisjon av regional plan, til dømes oppfylging gjennom gjensidig forpliktande avtaler mellom kommunar og fylkeskommunar ved ein framtidig revisjon av handlingsprogrammet til regional plan. Dette gjeld mellom anna tiltak om kanalisering av ferdsel gjennom stig- og løypeplanar, samordning av motorferdselspraksisen mellom kommunar, og oppretting av dialogforum for villrein.

Tiltak 5:

Høg terskel etter sektorregelverket for nye arealinngrep i villreinområdet

Hovudansvar: Klima- og miljødepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet, Energidepartementet, Samferdselsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet

Overordna er arealinngrep den største utfordringa for villreinen i villreinområda i Norge. Som hovudregel vil alle typar arealinngrep i villreinfjellet, på tvers av ulike sektorar og interesser, påverke villreinen negativt. Derfor er det ut frå omsyn til villreinen, ynskjeleg å i størst mogeleg grad avgrense arealinngrep i villreinfjellet, og omsynet til villreinen må vektast tungt opp mot andre samfunnsomsyn. Dette er òg i tråd med dei nye statlege planretningslinjene for arealbruk og mobilitet. Staten si rolle som sektormyndigheit og utbyggjar påverkar arealbruken gjennom ulike sektorregelverk, og sektordepartementa skal på sine ansvarsområde sørgje for ei berekraftig forvaltning av villreinfjellet på tvers av kommune- og fylkesgrenser. Tiltaket er ei synleggjering av enkelte punkt frå villreinmeldinga.

Nye energiproduksjonsanlegg som vasskraft-, vindkraft- og solcelleanlegg, samt kraftlinjer, kan ha negative konsekvensar for villreinen både i anleggsfasen og driftsfasen. Det same gjeld opprusting av eksisterande anlegg. Vassmagasin knytt til vasskraftproduksjon kan til dømes medføre overflødde trekkruter og beiteområde og usikker is på vatn. Anleggsarbeid og driftsaktivitet knytt til energianlegg kan føre til at reinen blir forstyrra og trengt bort frå området. Dette vil òg kunne påverke kondisjonen og produktiviteten til dyra. Kraftutbygging har i verste fall ført til at villreinen blir avskoren frå å bruke delar av leveområdet. Anleggsvegar knytt til energiproduksjonsanlegg kan òg ha ein negativ effekt som fører til at villrein nyttar arealet i mindre grad, og derfor utgjer ei barriere for reinen. Anleggsvegar kan i tillegg gjere fjellområde meir tilgjengelege for friluftsliv, som òg kan virke forstyrrande for villreinen.

Mineralutvinning påverkar òg villreinens arealbruk, spesielt i periodar med høg aktivitet. Rein reagerer med frykt på høglytt aktivitet som boring, sprenging og dumping av massar og dei negative konsekvensane kan eksistere langt utanfor sjølve gruva. Gruvedrift kan òg påverke bruk av trekkruter og føre til at reinen endrar sin bruk av landskapet. Gruvedrift vil kunne medføre barriereeffektar i samband med aktivitet, vegar og anleggstrafikk, og vil auke belastninga for villreinen og kunne påverke arealbruken og beitemogelegheitene deira.

Samferdselssektoren påverkar villreinen hovudsakleg gjennom offentleg veg og jernbane, som i hovudsak påverkar villrein på to måtar. For det fyrste utgjer sjølve vegen/banen og trafikken der ei barriere for villreinen si vandring. For det andre skapar menneskeleg aktivitet i nærområda til veg og jernbanestasjonar auka ferdsel inn i villreinområda, noko som gjer at villreinen trekk seg vekk frå desse områda. Parkeringsplassar langs vegar, jernbanestasjonar og liknande, fungerer òg som innfallsportar for ferdsel inn i villreinområda.

Stortinget har ved behandlinga av villreinmeldinga understreka at det er viktig at nasjonale myndigheiter sørgjer for ei berekraftig forvaltning av villreinfjellet på tvers av kommune- og fylkesgrenser. Dette gjeld på tvers av ulike sektorar som er ansvarleg for arealinngrep i villreinområda. Tiltaket inneber, i tråd med føringane frå Stortinget si behandling av villreinmeldinga, å sikre at måla i meldinga om høg terskel for nye inngrep i villreinområda blir fylgd opp i praksis, og at det skal vere høg terskel for mellom anna nye vasskraft-, energi-, samferdsel- og mineraltiltak i villreinområda. Det å, so langt som mogeleg, unngå slike arealinngrep i villreinområdet, vil vere eit viktig førebyggjande tiltak for å unngå negativ påverknad på villrein. Dersom nye utbyggingar likevel blir tillatne, skal det, so langt det let seg gjere, setjast vilkår som tek omsyn til villreinen gjennom bygge- og driftsfasen.

I tråd med villreinmeldinga skal det mellom anna takast omsyn til villrein i behandlinga av arealplanar for mineralutvinning og i vurderinga av om søknadar om driftskonsesjon etter minerallova skal innvilgast. I saker der det blir tildelt driftskonsesjon etter minerallova i villreinområda, skal det bli tatt nødvendige omsyn til villrein gjennom til dømes avbøtande tiltak, tilpassingar i drifta og liknande. Det skal i tillegg leggjast til rette for at det blir tatt omsyn til villrein ved revisjon av eksisterande driftskonsesjonar etter minerallova i villreinområde. Energi- og vassdragsmyndigheitene vil mellom anna vidareføre ein restriktiv praksis med å gje konsesjonar til nye energiproduksjonsanlegg i villreinområde dersom anlegga har vesentleg negativ påverknad for villreinen, med mindre anlegget er viktig for andre vesentlege samfunnsomsyn, slik som forsyningssikkerheita og kraftbalansen. Vidare skal energi- og vassdragsmyndigheitene, i dei tilfella det likevel blir gjeve konsesjon til nye energi- og vassdragsanlegg, setje vilkår som tek omsyn til villreinen gjennom bygge- og driftsfasen, so langt det let seg gjere. For samferdselsprosjekt skal det mellom anna utgreiast tekniske løysingar som betrar tilstanden til villreinen, ved utarbeiding av planar for alle nye samferdselsanlegg i definerte villreinområde. Utgreiing av tunnelløysingar som betrar tilstanden for villrein skal vidare inngå i all planlegging, der det er relevant. Statens vegvesen og andre vegforvaltarar som er ansvarlege for å drifte statlege vegar, skal i tillegg gå gjennom alle driftskontrakter som er knytt til vegar som går gjennom villreinområde, og vurdere behovet for å innføre overnattingsforbod for bubil, stenging av gjeldande parkeringsplassar, forbod mot parkering langs vegen og liknande av omsyn til villrein. Ved vurderingane bør omsynet til landbruket sitt behov vektleggast.

Tiltak 6:

Involvering av villreinnemndene i dispensasjonssaker etter plan- og bygningslova som påverkar villrein

Hovudansvar: Klima- og miljødepartementet

Delansvar: Kommunal- og distriktsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet

Tiltaket inneber at Klima- og miljødepartementet i samråd med Kommunal- og distriktsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet skal vurdere om, og i so fall korleis, villreinnemnda kan involverast på ein hensiktsmessig måte i dispensasjonssaker etter plan- og bygningslova som påverkar villrein.

Vurdering av negative konsekvensar av planlagde utbyggingar er avgjerande for å ta velovervegde val i arealforvaltninga, og for å unngå potensielt negative konsekvensar for villreinen. Av omsyn til å sikre eit best mogeleg avgjerdsgrunnlag i arealsaker bør det greiast ut om villreinnemnda sine synspunkt skal innhentast i konkrete søknader om dispensasjonar frå gjeldande planar etter plan- og bygningslova i villreinområdet, eller i område utanfor villreinområdet som påverkar areal som blir brukt av villrein. Konkret inneber tiltaket at det skal vurderast korleis villreinnemnda kan uttale seg til dispensasjonssaker som rører villreinen og villreinen sitt leveområde.

Tiltak 7:

Styrking av Norsk villreinsenter som kompetansesenter for villrein

Hovudansvar: Klima- og miljødepartementet

Klima- og miljødepartementet er hovudansvarleg for å styrkje Norsk villreinsenter. Villreinforvaltninga består av ei rekkje ulike aktørar frå privat, kommunal og statleg sektor. Villreinsenteret er i dag mellom anna eit viktig bindeledd mellom forsking, forvaltning og allmenta gjennom si rolle som kunnskapsformidlar. Villreinsenteret vart derfor styrka med 3 millionar kroner på Klima- og miljødepartementet sitt budsjett for 2025, jf. Prop.1 S (2024–2025). Denne styrkinga vart vidareført i budsjettet for 2026, jf. Prop.1 S (2025–2026). Tiltaket inneber ei styrking av Norsk villreinsenter si rolle som kompetansesenter for fagsaker og rådgiving til mellom anna myndigheiter, og er eit ledd i oppfylginga av villreinmeldinga.

Tiltak 8:

Kompetanseheving om villrein for kommunestyre og fylkesting

Hovudansvar: Statsforvaltarane

Delansvar: Fylkeskommunane

Statsforvaltarane er hovudansvarlege for kompetanseheving om villrein i kommunestyre og fylkesting.

Det er ofte eit ynskje om å ta omsyn til villrein i arealforvaltninga, men det manglar nokre gonger konkret kunnskap om korleis ein best kan vareta villreinomsyn når saker blir forberedt og behandla. Tiltaket inneber at statsforvaltaren, i samarbeid med fylkeskommunen, skal sørgje for styrking av villreinkompetansen for nye folkevalde etter kommunestyre- og fylkestingsval, med søkjelys på villrein og korleis ta omsyn til villrein i arealforvaltninga. Det bør vere eit mål å gjennomføre ei slik opplæring regelmessig. Det kan òg vere aktuelt å invitere fjellstyre, relevante grunneigarar og liknande. Norsk villreinsenter, som har stor kompetanse på villrein og som kan bidra med rettleiing, er òg ein aktuell bidragsytar.

Tiltak 9:

Villreinomsyn bør vektleggast i større grad ved søknad om nye landbruksvegar i villreinområdet

Hovudansvar: Kommunane

Tiltaket inneber at kommunane blir oppmoda til å vektleggje villreinomsyn i større grad ved søknad om nye landbruksvegar etter forskrift om planlegging og godkjenning av landbruksvega (landbruksvegforskrifta). Formålet med tiltaket er å bidra til å unngå auka tilgjengelegheit inn i sårbare område for villreinen ved etablering av nye landbruksvegar. Tiltaket skal ikkje vere til hinder for at planlegging og bygging av landbruksvegar framleis skjer på ein måte som skal gje landbruksfaglege heilskapsløysingar.

Behandlinga av søknader om nybygging og ombygging av landbruksvegar skjer etter landbruksvegforskrifta. Formålet med forskrifta er å sikre at planlegging og bygging av landbruksvegar skjer på ein måte som skal gje landbruksfaglege heilskapsløysingar, og samstundes at det skal leggast vekt på omsynet til miljøverdiar som mellom anna naturmangfald. Det fylgjer vidare av forskrifta § 3-2 at saker etter forskrifta skal gjevast landbruksfaglege og miljøfaglege vurderingar, der det mellom anna skal leggast vekt på konsekvensar som bygging, ombygging og bruk av vegen vil ha for miljøverdiar. Det skal gå fram av vedtaket at det er gjort vurderingar i samsvar med naturmangfaldlova § 7. Frå dette fylgjer det at villreinomsyn skal vurderast ved søknader om nye landbruksvegar i og nær villreinområda. Ved godkjenning av søknader kan kommunen i tillegg etter forskrifta si § 3-3 sette vilkår om mellom anna miljømessig tilpassing av vegen, vilkår som avgrensar motorisert ferdsel på vegen eller vilkår som er påkravd av omsyn til dei formål denne forskrifta skal tene, jf. § 1-1.

2.1.3 Forventa effekt og konsekvensar

Den forventa effekten av tiltaka blir vurdert å vere liten på eksisterande tilstandsutfordringar. Det er fordi tiltaka i liten grad har attendeverkande effekt på ulike påverknadsfaktorar. Tiltaka kan samstundes dempe framtidige negative påverknadsfaktorar. Usikkerheit knytt til gjennomføringa av tiltaka gjer det utfordrande å gje ei presis vurdering av forventa effekt på villreinen. Dersom villreinomsyn blir vektlagt mindre i utforming og oppfylging av tiltaka, vil tiltakspakka ha liten effekt på framtidige negative påverknadsfaktorar. Dersom villreinomsyn blir vektlagt i særleg grad i både utforming og oppfylging av tiltaka, vil tiltakspakka ha god effekt på framtidige negative påverknadsfaktorar.

Tiltaka knytt til arealforvaltning blir samla sett vurdert å ha låge negative konsekvensar for råka partar og låge økonomiske kostnadar. Tiltaka om kommunal, regional og statleg arealforvaltning i tiltaksplanen, vil bidra til å gjennomføre målsettinga frå villreinmeldinga om ein høg terskel for nye inngrep og ei meir heilskapleg arealforvalting i villreinområda. Dette vil ha konsekvensar for annan offentleg og privat verksemd, men vil samla sett verken på kort eller lang sikt medføre særlege endringar økonomisk eller administrativt for fylkeskommunar, kommunar eller privat verksemd. Gjennomføring av tiltaka vil krevje administrative ressursar i alle delar av forvaltninga.

2.2 Redusere negativ påverknad på villrein frå motorferdsel og annan ferdsel

2.2.1 Innleiing

Menneskeleg ferdsel, både motorisert og ikkje-motorisert, er ein sentral påverknadsfaktor for villreinen, og gjer det utfordrande for reinen å flytte seg fritt innanfor villreinområdet. Den negative effekten av klimaendringar, vêr og andre naturgjevne utfordringar for villreinen, kan reduserast ved å setje i verk tiltak for å redusere den samla belastninga av menneskelege forstyrringar.

Tiltakspakka inneheld mellom anna tiltak for å kanalisere ferdsel ut i område som ikkje er i konflikt med villrein, samt tiltak for å betre informasjon til brukarar av villreinområda for å redusere forstyrringar på reinen. Det går føre seg ein del motorisert ferdsel i villreinområda, mellom anna i samband med transport til private hytter, turisthytter, oppsyns- og forvaltningsverksemd, forskingsaktivitet, drift av offentlege anlegg, og aktivitet i regi av forsvaret, politiet og redningsselskap. Motorferdsel er ein faktor som kan forstyrre villreinen og utgjer i sum ei betydeleg belastning på villreinen sin arealbruk og trekk-åtferd. Den samla belastninga av motorferdsel omfattar både lovleg og ulovleg motorferdsel. Lovleg motorferdsel i villreinområda skjer anten på grunnlag av direkte løyve gjeve i lov eller forskrift, eller gjennom dispensasjon som blir gjeve gjennom søknad. Tiltakspakka inneheld derfor tiltak for å redusere det samla omfanget av motorferdsel i villreinområda, og for betre å tilpasse motorferdselen til villreinen sitt behov. Dette inneber at det totale omfanget av motorferdsel må justerast ned og kanaliserast, og at sårbare område må skjermast.

Foto: Anders Mossing, Norsk villreinsenter

Tiltakspakke 2: Redusere negativ påverknad på villrein frå motorferdsel og annan ferdsel

  • Tiltak 10: Ferdselsrelaterte informasjons- og rettleiingstiltak i villreinområdet
  • Tiltak 11: Kanalisering av ferdselen gjennom stig- og løypeplanar i villreinområdet
  • Tiltak 12: Regulering av ferdsel innanfor og utanfor verneområda i villreinområdet
  • Tiltak 13: Vurdere styrking av villreinoppsyn og rettleiing
  • Tiltak 14: Tilrettelegging for auka sikkerheit, kvalitet og profesjonalitet i guida reiselivsopplevingar, ved å støtte opp under arbeidet med ein Norsk Standard for guidar
  • Tiltak 15: Målretta informasjon om villreinvennleg ferdsel til tilreisande frå utlandet
  • Tiltak 16: Reduksjon og tilpassing av motorferdsel i utmark i villreinområde ved vurdering av søknader om motorferdsel etter motorferdsellova og verneforskrift
  • Tiltak 17: Reduksjon og tilpassing av motorferdsel i utmark i villreinområde ved motorferdsel som er direkte tillatte etter motorferdsellova eller verneforskrift
  • Tiltak 18: Auka kunnskap og betre samordning av motorferdsel i utmark i villreinområde
  • Tiltak 19: Digital saksbehandling og rapportering for motorferdsel i utmark
  • Tiltak 20: Vurdere behovet for nasjonale føringar for motorferdsel i utmark i villreinområde
  • Tiltak 21: Vurdere behovet for regulering av allmenn motorferdsel på vegar i villreinområde
  • Tiltak 22: Oppmode hyttetilsyn og brukarar av DNT sitt løypenett til å informere når dei har observert villrein
  • Tiltak 23: Betydeleg redusert helikopterbruk
  • Tiltak 24: Revisjon av verneforskrifter

2.2.2 Nærare om tiltaka

Tiltak 10:

Ferdselsrelaterte informasjons- og rettleiingstiltak i villreinområdet

Hovudansvar: Klima- og miljødepartementet, Miljødirektoratet og verneområdeforvaltninga

Delansvar: Den Norske Turistforening (DNT), Statskog og Norsk villreinsenter

Aktuell tilskotsordning: Kap. 1420, post 81

Dagens bruk og brukarar av villreinområda er mange og ulike, og det er behov for lett tilgjengeleg og kvalitetssikra kunnskap om villreinområda og korleis ein skal ta omsyn til villreinen. Dette inneber òg å unngå marknadsføring av område og turar i område som bør skjermast. Informasjons- og rettleiingstiltak er både åleine, og i kombinasjon med andre ferdselsrelaterte tiltak, eit viktig premiss for å oppnå ein meir villreinvenleg ferdsel i villreinområdet. Auka satsing på informasjon retta mot besøkande bør ha fokus på både å kanalisere folk bort frå dei mest sårbare områda for villreinen, men òg å informere folk om korleis ein bør oppføre seg i møte med villreinen. Det er behov for ei auka satsing på både fysisk og digital informasjon retta mot brukarar av villreinfjellet, både lokale og tilreisande, og for å vurdere behov for endringar i den rettleiinga og informasjonen som er tilgjengeleg i dag. Fylgjande informasjonstiltak er nødvendige: fleirspråkleg, fysisk informasjon (plakatar og infoskilt ved parkeringsplassar og innfallsportar), informasjon på digitale plattformer (Ut.no, Inatur.no, sosiale medium osb.) og det kan òg vere behov for å utvikle rettleiings- og kursmateriell knytt til villrein som kan gjerast tilgjengeleg for brukarar av områda gjennom ulike plattformer. Det kan òg vere aktuelt å vurdere bruk av teknologiske verkemiddel som områdebaserte mobilvarsel til turgåarar som er på veg inn i sårbare område for villrein, samt betre tilrettelegging og tilgjengeleggjering av digital informasjon om ferdselsrestriksjonar og ferdselsreguleringar.

Departementet støttar tilrådingane om formidling og informasjon i ny stig- og løypeplan for Hardangervidda. Dette tiltaket samsvarar godt med denne planen, ved at det legg vekt på samordna og brukarorientert informasjon som gjer det enklare å ta omsyn til villreinen. Departementet syns det er positivt at stig- og løypeplanen peikar på at soner og periodisering gjev eit betre grunnlag for samordna kommunikasjon, og at bodskapen må vere tydeleg på kva som er tilrådd og kva som ikkje er tilrådd. Miljødirektoratet og Norsk villreinsenter bør ha ei sentral rolle i å sikre einskapleg og fagleg forankra informasjon, i tett samarbeid med verneområdemyndigheitene, kommunane, Den Norske Turistforening (DNT) og andre aktørar som møter brukarane der ferdselen skjer.

Tiltak 11:

Kanalisering av ferdselen gjennom stig- og løypeplanar i villreinområdet

Hovudansvar: Kommunane og fylkeskommunane

Aktuelle tilskotsordningar: Kap. 1420, post 81 og kap. 1420, post 60

Eitt av de fem strategiske områda i villreinmeldinga er auka tilrettelegging av villreinvennleg ferdsel. Det er viktig at tiltaksplanane etter kvalitetsnorma bidreg til å leggje til rette for ferdsel knytt til rekreasjon som tek betre omsyn til villrein. Dette er òg i tråd med handlingsplanen for friluftsliv frå 2018, der kommunane og fylkeskommunane vart oppmoda til å revidere sine stig- og løypeplanar. Dette kan til dømes innebere å kanalisere ferdselen i eit villreinområde vekk frå område som er viktige for villreinen, og ut mot område der ferdsel ikkje forstyrrar villreinen.

Hardangerviddarådet vedtok Felles stig- og løypeplan for Hardangervidda 14. april 2026.4 Planen gjev samla tilrådingar for korleis ferdsel kan styrast i tid og rom, med utgangspunkt i villreinen sin bruk av området gjennom året. Målet er å redusere forstyrringar i sårbare periodar og område, og å samle ferdselen til færre og meir robuste ruter.

Planen er forankra i regional plan for Hardangervidda og byggjer på eit omfattande kunnskapsgrunnlag, mellom anna forsking på ferdsel og villrein, samt klassifisering etter kvalitetsnorm for villrein. Planen er resultatet av ein langvarig og breitt forankra prosess med kommunar, fylkeskommunar, statlege myndigheiter, villreinnemnda, rettshavarar, frivillige organisasjonar og næringsaktørar. Planen skal òg vere eit viktig grunnlag for kommunale planprosessar og for det vidare arbeidet med revisjon av forvaltningsplanen for verneområda på Hardangervidda. Hardangerviddarådet har vore styringsgruppe for arbeidet.

Klima- og miljødepartementet meiner planen inneheld gode tiltak som vil bidra til å redusere ferdselen sin negative påverknad på villreinen på Hardangervidda. Planen har vore eit viktig innspel i arbeidet med tiltaksplanen for Hardangervidda villreinområde, og viser at lokalt samarbeid er ei positiv drivkraft i det regionale og nasjonale arbeidet for å ta vare på villreinen. Klima- og miljødepartementet stiller seg bak tiltaka som er foreslått i stig- og løypeplanen for Hardangervidda.

Departementet støttar overordna tiltaka i stig- og løypeplanen som omhandlar periodisering av skiløyper. Påske varierer mykje, med opptil 35 dagar, noko som gjer det krevjande å finne ei ordning for kvisting av løyper og opningsdatoar for turisthytter som tek omsyn til villreinen sine behov gjennom våren. Kvisting av det som i stig- og løypeplanen er omtalt som lilla og stipla lilla skiløyper, gjeld skiløyper i særleg viktige område for villreinen. Når det gjeld kvisting av desse løypene og opningstider for turisthytter i påskeperioden, oppmodar departementet til at verneområdemyndigheitene, i samarbeid med kommunane gjennom Hardangerviddarådet, grunneigarar/rettshavarar og Den Norske Turistforening (DNT), samarbeider om å finne ei ordning som både varetek friluftslivet og villreinen sine behov. Departementet meiner at tidsrommet for kvisting og opningstider for turisthytter i påskeperioden bør vere på ca. 3 veker, at dette skal fastsetjast for kvart enkelt år, og at dette blir forankra i forvaltningsplanane for Hardangervidda. Les meir om dette tiltaket i tiltakspakke 6, tiltak 35.

Figur 2.1 Oversiktskart stig- og løypeplan sumar

Tiltak 12:

Regulering av ferdsel innanfor og utanfor verneområda i villreinområdet

Hovudansvar: Klima- og miljødepartementet og Miljødirektoratet

Menneskeleg ferdsel er ein sentral påverknadsfaktor for villreinen, og gjer det utfordrande for reinen å flytte seg fritt innanfor villreinområdet. Det er vidare omfattande overlapp i areal mellom verneområde og villreinområde, og fleire verneområde har formål som omfattar omsynet til villreinen. Verneforskriftene er ikkje systematisk gjennomgått med tanke på regulering av ulike typar ikkje-motorisert ferdsel som forstyrrar villrein. Døme er villreinsafari, hundekøyring, fatbike-sykling på snøføre, el-sykling, kiting og pack-rafting. Naturmangfaldlova opnar ikkje opp for å regulere ferdsel til fots i landskapsvernområde. Det kan derfor mellom anna vere grunn til å vurdere behovet for at enkelte landskapsvernområde òg heilt eller delvis blir verna som biotopvernområde i dei tilfella det er særlege ferdselsutfordringar. Biotopvernområde er ein underkategori av verneområde etter naturmangfaldlova kapittel V om områdevern. Biotopvernområde kan verne eit område som har eller kan få særskild betydning som økologisk funksjonsområde for ein eller fleire nærare bestemte artar, til dømes for villrein. I biotopvernområde kan det mellom anna fastsetjast forbod mot ferdsel som kan påverke eller forstyrre arten eller livsvilkåra til arten.

I dei tilfella der ein gjennom mildare verkemiddel ikkje lukkast med å nå ein meir villreinvennleg ferdsel, er det behov for regulere ferdselen i større grad enn i dag, både innanfor og utanfor verneområda. Som ein del av oppfylginga av villreinmeldinga har Klima- og miljødepartementet innhenta utgreiingar frå Miljødirektoratet av forslag til endringar i naturmangfaldlova, samt om behov for endringar i eksisterande verneforskrifter, begge knytt til verkemiddel for ferdselsregulering. Departementet vurderer no korleis desse utgreiingane skal fylgjast opp framover. Eventuelle forslag til endringar i naturmangfaldlova eller verneforskrifter vil gjennomførast som ein alminneleg regelverksprosess, med mellom anna eigen høyring. Tiltaket har ikkje til mål å avgrense eksisterande rettigheiter, som landbruksnæring.

Figur 2.2 Verneområde i Hardangervidda villreinområde

Tiltak 13:

Vurdere styrking av villreinoppsyn og rettleiing

Hovudansvar: Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet

For at ferdselsrelaterte informasjons- og kanaliseringstiltak skal fungere etter hensikta, er det viktig at det er personar ute i villreinområda som kan informere og rettleie dei som ferdast i desse områda. Det er derfor behov for å vurdere om det på sikt er nødvendig med styrking av oppsyn og rettleiing for å leggje til rette for ein meir villreinvennleg ferdsel.

Tiltak 14:

Tilrettelegging for auka sikkerheit, kvalitet og profesjonalitet i guida reiselivsopplevingar, ved å støtte opp under arbeidet med ein Norsk Standard for guidar

Hovudansvar: Nærings- og fiskeridepartementet

Regjeringa arbeider med å utvikle ein Norsk Standard for guidar. I motsetning til i mange andre land er det ikkje nokon krav om slik kunnskap til dei som ynskjer å arrangere organiserte turar i naturen i Norge. Dette har vore etterlyst i fleire samanhengar, òg av reiselivsnæringa sjølv, jf. den siste nasjonale reiselivsstrategien som peiker ut kursen for norsk reiseliv i 2030, og i tilrådinga frå reisemålsutvalet (NOU 2023:10). Ein norsk standard kan, dersom næringa sjølv ynskjer det, vere eit fyrste steg på vegen til ei sertifiseringsordning. Tiltaket kan på sikt bli eit positivt verkemiddel òg for villrein.

Tiltak 15:

Målretta informasjon om villreinvennleg ferdsel til tilreisande frå utlandet

Hovudansvar: Miljødirektoratet i samarbeid med verneområdemyndigheitene

Delansvar: Autoriserte besøkssenter, Norsk villreinsenter, Visit Norway og relevante reiselivsaktørar

Aktuelle tilskotsordningar: Kap. 1420, post 81 og kap. 1420, post 60

Villreinfjellet trekk til seg turistar frå heile verda, og reiseliv påverkar villrein gjennom aktivitetar og ferdsel i leveområda til villreinen. Dei nasjonale turistvegane er og ein viktig faktor som aukar reiselivsaktiviteten i villreinområda. Med aktiv tilrettelegging kan ferdsel frå reiseliv styrast utanom viktige funksjonsområde for villrein. Det er eit stort behov for informasjon og marknadsføring om villreinvennleg ferdsel til utanlandske turistar, både i forkant av og undervegs i opphaldet i villreinområda.

Tiltaket inneber at det blir arbeidd vidare med å utvikle målretta informasjon om villreinvennleg ferdsel til tilreisande frå utlandet, for å bidra til auka kunnskap og medvit om villreinomsyn både i planlegginga og gjennomføringa av besøk til område i Norge med villrein. I tillegg bør det arbeidast med betre tilrettelegging og tilgjengeleggjering av digital informasjon om ferdselsrestriksjonar og ferdselsreguleringar. Tiltaket må òg sjåast i samanheng med anna relevant arbeid, som Norsk villreinsenter sitt informasjonsarbeid, arbeidet for å lage besøksstrategiar i nasjonalparkane, og informasjonsarbeidet til besøkssenter knytt til villreinområda.

Tiltak 16:

Reduksjon og tilpassing av motorferdsel i utmark i villreinområde ved vurdering av søknader om motorferdsel etter motorferdsellova og verneforskrift

Hovudansvar: Kommunane og verneområdemyndigheitene

Dette tiltaket omfattar motorferdsel i utmark som fylgje av løyver frå kommunane og verneområdestyra heimla i motorferdsellova, i verneforskrift etter naturmangfaldlova eller i den gamle naturvernlova.

Det går føre seg ein del motorisert ferdsel i villreinområde, mellom anna motorferdsel til private hytter, turisthytter, oppsyns- og forvaltningsverksemd, forskingsaktivitet, samt motorferdsel i samband med drift av offentlege og større anlegg, og aktivitet i regi av forsvaret. Motorferdselen skjer typisk med snøskuter, helikopter, sjøfly, ATV, bilar og andre køyretøy på vegar og «sleper». Motorferdsel er ein av mange faktorar som kan forstyrre villreinen og utgjer i sum ei betydeleg belastning på villreinen sin arealbruk og trekkåtferd. Med det faggrunnlaget vi har i dag, har departementet grunn til å anta at det totale omfanget av motorferdsel er for høgt i ein del villreinområde.

For å leggje til rette for ein betre tilstand for villreinen, må det samla omfanget av motorferdselen reduserast og i større grad enn i dag tilpassast villreinen sine behov. Dette inneber at det totale omfanget av motorferdsel må justerast ned, kanaliserast og at sårbare område må skjermast.

Den samla belastninga av motorferdsel omfattar både lovleg motorferdsel og eventuell ulovleg motorferdsel. Lovleg motorferdsel i villreinområda skjer på grunnlag av regelverk som tillèt ferdsel direkte, utan søknad, og ferdsel som blir tillate gjennom søknad. Aktørar som har direkteheimel til motorferdsel i utmark (treng ikkje søkje om løyve) blir omfatta av tiltak 17 om «Reduksjon og tilpassing av motorferdsel i utmark i villreinområde ved motorferdsel som er direkte tillate etter motorferdsellova og verneforskrift».

Fordi tilstanden for villreinen i mange område er kritisk eller dårleg, meiner departementet at det allereie no er grunn til å oppmode forvaltningsmyndigheitene i villreinområda om frivillig å vurdere den motorferdselen dei tillèt og å bidra til at omfanget av motorferdsel blir redusert. Det er vår oppfatning at det enkelte plassar er ein svært liberal praksis som bidreg til negativ påverknad på villreinen. Særleg er det viktig å redusere omfanget i sårbare periodar og/eller område for villreinen. Dette tiltaket er ikkje eit pålegg eller ein instruks, men ei oppmoding til at kommunane og verneområdestyra bidreg til redusert og tilpassa motorferdsel. Samstundes blir det understreka at det framleis skal gjerast konkrete vurderingar av alle søknadar om motorferdsel, òg i villreinområde. I desse vurderingane skal fordelar og ulemper ved motorferdselen det er søkt om vurderast. Verknadane som berre kan knytast til ei eventuell framtidig mineralverksemd er ikkje relevant i vurderinga.

Forvaltningsmyndigheitene som vurderer søknadar om motorferdsel, bør innanfor gjeldande regelverk mellom anna vektleggje fylgjande:

  • Utgangspunktet for vurderinga er ei avveging av nytteverdien av motorferdselen mot ulemper- og skadeverknader
  • Talet på turar som blir innvilga blir vurdert kritisk ut frå behov og kva som blir vurdert som nødvendig
  • Motorferdsel blir kanalisert utanom område og tidsperiodar som er viktige for villrein
  • Motorisert ferdsel i utmark på snødekt mark opphøyrer seinast 10. april eller fyrste verkedag etter påske om den er seinare
  • Auka samordning ved utforming av løyver og rapportering (sjå tiltak 18, om auka kunnskap og betre samordning av motorferdsel i utmark).

For å vurdere om motorferdselen i villreinområda faktisk blir redusert og betre samordna, er det nødvendig å utvikle betre oversikt over den motorferdsel som blir gjennomført i dag og å fylgje med på utviklinga over tid. Departementet foreslår derfor fleire tiltak knytt til motorferdsel i villreinområde som bør sjåast i samanheng med kvarandre, som tiltak 18, 19, 23 og 24. I tråd med planen som blir presentert i tiltak 18, om auka kunnskap og betre samordning av motorferdsel i utmark, vil det vidare bli avdekka om motorferdselen ikkje blir redusert eller betre tilpassa villreinen. I so fall vil departementet vurdere om det er behov for å ta i bruk statlege verkemiddel. Dette kan til dømes vere å regulere motorferdsel etter motorferdselsregelverket, eller å nytte seg av instruksjonsmyndigheit i verneområde i større grad. Det vil særleg vere aktuelt å bruke slike verkemiddel i område der omfanget av motorisert ferdsel er over det som er forsvarleg for villreinen og der ein i utgangspunktet forventar ein betydeleg reduksjon i motorisert ferdsel.

Departementet nemner elles at «motorferdsel i utmark» skal forståast i medhald av motorferdsellova § 2. I utgangspunktet omfattar lova bruk av motoriserte transport- og framkomstmiddel (medrekna landing og start med motordrevet luftfartøy) i utmark og vassdrag. Utmarksomgrepet er i hovudsak likt som etter friluftslova, med unntak av at veg i utmark som ikkje er opparbeida for køyring med bil, eller ikkje brøyta for køyring med bil, og blir sett på som utmark etter motorferdsellova. Ny motorferdsellov, vedteken av Stortinget i juni 2026, men som enno ikkje er sett i kraft, fører vidare desse utgangspunkta.

Tiltak 17:

Reduksjon og tilpassing av motorferdsel i utmark i villreinområde ved motorferdsel som er direkte tillate etter motorferdsellova eller verneforskrift

Hovudansvar: Staten og andre aktørar som har direkteheimel til motorferdsel

Dette tiltaket omhandlar dei aktørar som driv med motorferdsel i tråd med ein direkteheimel, det vil seie aktørar som ikkje treng å søkje om løyve til motorferdsel etter motorferdsellova eller eventuelt ei verneforskrift. Tiltaket oppmodar desse aktørane til å gjennomgå sin eigen motoriserte ferdsel i villreinområda, og so langt mogeleg redusere motorferdselen til det som er nødvendig.

Tiltaket må sjåast i samband med at departementet vurderer at den samla belastninga av motorferdsel i villreinområda må reduserast og i større grad enn i dag blir tilpassa behova til villreinen. Departementet viser til den generelle bakgrunnen for tiltaka knytt til motorferdsel, samt samanhengen mellom desse, slik dei er beskrivne i tiltak 16 om «Reduksjon og tilpassing av motorferdsel i utmark i villreinområde ved vurdering av søknader om motorferdsel etter motorferdsellova og verneforskrift».

Motorferdsel som blir gjennomført i tråd med ein direkteheimel i regelverket oppfyller føresetnadsvis eit samfunnsnyttig behov, og det er derfor i utgangspunktet større grunn til å tillate meir ulemper ved slik ferdsel enn ved annan ferdsel. Det er likevel grunn til at aktørar med slik heimel kritisk gjennomgår sin eigen motoriserte ferdsel i villreinområdet, og so langt som mogeleg reduserer motorferdselen til det som er nødvendig. Omsynet til å vareta samfunnsnyttig verksemd kan i fleire tilfelle bli nådd gjennom mindre justeringar eller tilpassing av aktivitet. Det vil sjeldan vere mogeleg å tilpasse akutte behov, men aktivitet det er mogeleg å planleggje på førehand skal i størst mogeleg grad leggast til tider og stader som er tilpassa villreinen sitt behov. Siktemålet om å redusere og justere motorferdsel omfattar òg statlege myndigheiter sin motorferdsel. Miljødirektoratet får ansvar for å kartleggje, og i samråd med aktuelle sektorar, koordinere ein mogeleg reduksjon i den statlege motorferdselen i villreinområda vurdert opp mot samfunnsnytten av aktivitetane.

Tiltak 18:

Auka kunnskap og betre samordning av motorferdsel i utmark i villreinområde

Hovudansvar: Miljødirektoratet

Delansvar: Statsforvaltarar, kommunane, verneområdemyndigheitene og andre aktørar

Tiltaket omfattar både myndigheiter som gjev løyve til motorferdsel i utmark og aktørar som har direkteheimel til motorferdsel i utmark og ikkje treng søkje om løyve. Miljødirektoratet har eit hovudansvar for at det kjem på plass auka kunnskap og for å koordinere arbeidet med betre samordning av motorferdsel. Kommunar, statsforvaltarar, verneområdemyndigheiter og andre aktørar har eit delansvar for tiltaket ved å bidra til auka kunnskap og sikre at det blir ei betre samordning av motorferdselen.

Forvaltninga av motorferdsel i utmark er prega av at han blir regulert av fleire regelverk og fleire aktørar. Regulering av motorferdsel i villreinområda skjer gjennom motorferdsellova og, der det er verneområde, i tillegg gjennom verneforskrifter. For at motorferdsel i verneområda skal vere lovleg, krevst det at motorferdselen òg er tillaten i samsvar med motorferdsellova. Utgangspunktet er at motorferdsel i utmark er forbode, men regelverka opnar i hovudsak for at motorferdsel som skal dekkje eit allment anerkjent nytteformål er direkte tillaten. Ut over dette kan motorferdsel tillatast etter søknad for visse formål som er angjeve i regelverket eller etter dispensasjon på visse vilkår. Kommunar kan etter motorferdsellova òg tillate motorferdsel til enkelte formål i forskrift. Regelverka avgrensar motorferdsel for reine rekreasjonsformål og det er ikkje lov å leggje til dømes snøskuterløyper i nasjonale villreinområde. Utover dette har forvaltningsmyndigheitene eit visst handlingsrom til å bestemme omfanget av motorferdselen. Restriksjonsnivå og heimlar for motorferdsel kan variere både mellom dei ulike verneforskriftene og mellom verneforskrifter og motorferdsellova. Ny motorferdsellov, vedteken av Stortinget i juni 2026, men som enno ikkje er sett i kraft, fører på mange måtar vidare utgangspunkta frå den gamle lova. I ny lov er nokre formål direkte tillatne utan søknad, og kommunane har og fått meir myndigheit til å tillate motorferdsel til visse formål. Samstundes har kommunane òg myndigheit til å avgrense motorferdsel. Etter ny lov kan kommunane i hovudsak ikkje fastsetje snøskuterløyper, og andre «motorferdselområde» (der motorferdsel er tillaten anten gjennom forskrift eller arealplan), innanfor villreinområde.

I tillegg til at det er fleire regelverk som regulerer motorferdselen i villreinområda, blir den løyvebaserte motorferdselen forvalta av ei rekkje ulike aktørar. Dei totalt 209 verneområda som ligg i villreinområda blir forvalta av 40 ulike forvaltningsmyndigheiter (nasjonalpark- og verneområdestyrer, tilsynsutval, statsforvaltarar og kommunar). Kommunen er ansvarleg myndigheit etter motorferdsellova. Det er ikkje ei heilskapleg samordning av praksis mellom aktørane som er ansvarleg for løyvebasert motorferdsel i villreinkommunar. Ulik praksis kan delvis vere eit naturleg og ynskt resultat av lokal forvaltning. Ein meir liberal praksis i eitt område kan bidra til å fordrive villreinen til område med mindre motorferdsel og dermed redusere villreinen sitt areal totalt sett. Ulik praksis kan og leggje press på myndigheiter som ynskjer å vere restriktive og utfordre regelverket sin legitimitet. Fleire aktørar har peika på ein liberal og/eller varierande dispensasjonspraksis og manglande oversikt over samla motorferdsel og vurderingar av effekt.

På denne bakgrunn er det behov for ei betre samordning av løyve- og dispensasjonspraksisen blant kommunar og verneområdemyndigheiter. Forvaltningsmyndigheitene blir oppmoda til å samordne seg meir med sikte på ei meir restriktiv og einsarta praktisering av løyver og krav til motorferdsel i villreinområda. Tiltaket må sjåast i samanheng med tiltak 16 om «Reduksjon og tilpassing av motorferdsel i utmark i villreinområde ved vurdering av søknader om motorferdsel etter motorferdsellova og verneforskrift», der forvaltningsmyndigheitene blir oppmoda til å vurdere kritisk den motorferdsel dei tillèt og å bidra til at omfanget av motorferdsel blir redusert.

Departementet ynskjer å leggje til rette for betre samordning og at løyve- og dispensasjonspraksisen blir betre tilpassa villreinen sitt behov. Miljødirektoratet har, på oppdrag frå departementet, utarbeidd ei anbefaling til samordningsplan i tråd med dette. Departementet vurderer fleire av anbefalingane som fornuftige, og foreslår å ta utgangspunkt i ein trinnvis samordningsprosess:

  1. Etablere eit kunnskapsgrunnlag om dagens forvaltningspraksis
  2. Gjennomgå vedtak om motorferdsel i utmark
  3. Utvikle og gjennomføre kursserie om regelverk og villreinen sitt behov
  4. Etablere dialogforum for dei enkelte villreinområda
  5. Vurdere effekten av auka samordning og auka rettleiing

Arbeidet skal leiast og koordinerast av Miljødirektoratet.

Tiltak 19:

Digital saksbehandling og rapportering for motorferdsel i utmark

Hovudansvar: Miljødirektoratet

Delansvar: Statsforvaltarar, verneområdestyre og kommunar

Tiltaket omfattar myndigheiter som gjev løyver til motorferdsel i utmark. Miljødirektoratet har eit hovudansvar for at systemet kjem på plass. Kommunar som frivillig vil bruke systemet, samt statsforvalterar og verneområdemyndigheiter har eit delansvar for tiltaket.

Eit enklare og meir samordna system for saksbehandling i motorferdselssaker er etterspurd både nasjonalt og i villreinområda spesielt. Miljødirektoratet skal derfor utarbeide eit digitalt system for saksbehandling og rapportering i samband med løyver og dispensasjonar til motorferdsel i utmark. Systemet skal utformast med sikte på at det kan brukast i heile landet, det vil seie både innanfor og utanfor villreinområda, og på saker både etter motorferdsellova og etter verneforskriftene. Eit slikt system kan ha fleire fordelar. Det vil gjere søknadsbehandlinga meir brukarvennleg, og samstundes vere ressurssparande for myndigheita som behandlar søknaden. Eit digitalt saksbehandlingssystem kan leggje til rette for betre kunnskap om den samla motorferdselen både i eitt område, og på eit nasjonalt nivå. Det er i dag ingen samla oversikt over omfanget av motorisert ferdsel i utmark innanfor villreinområda. Gjennom eit digitalt system kan ein til dømes leggje til rette for enklare og likare rapportering og ein kan hente ut data det er særleg interesse av å sjå på, til dømes omfanget av motorferdsel i eit sårbart villreinområde. Det er og mogeleg å tenkje seg at vedtaka automatisk blir overført til Miljøvedtaksregisteret. Digital saksbehandling kan og bidra til å gjere løyvebasert køyring meir kontrollerbart for kontrollmyndigheiter i felt.

For at etableringa av eit slikt system skal fungere etter hensikta, er det nødvendig at publikum og forvaltningsmyndigheiter nyttar systemet. Departementet kan i dag ikkje påleggje kommunar å bruke eit slikt system. Det er derfor frivillig. I ny motorferdsellov, vedteken av Stortinget i juni 2026, men som enno ikkje er sett i kraft, kan departementet gi forskrift om elektronisk kommunikasjon og digital saksbehandling. I ei slik forskrift kan det til dømes stillast krav om bruk av elektronisk skjema ved søknad om løyve til motorferdsel og om kommunane si plikt til å bruke digitale saksbehandlingssystemer. Departementet kan påleggje statlege forvaltningsmyndigheiter for verneområda, det vil seie statsforvalterane og verneområdestyra, å bruke eit nasjonalt saksbehandlingssystem for motorferdsel i verneområda i kraft av den generelle instruksjonsmyndigheita over underordna organ.

Tiltak 20:

Vurdere behovet for nasjonale føringar for motorferdsel i utmark i villreinområde

Hovudansvar: Klima- og miljødepartementet og Miljødirektoratet

Etter motorferdsellova § 7 kan departementet i forskrift «forby eller gi nærmere bestemmelser» for motorferdsel som ikkje er direkte tillaten etter lova i særleg verdifulle natur- og friluftsområde. Regelen opnar og for regulering av motorferdsel på privat veg i utmark.

I ny motorferdsellov, vedteken av Stortinget i juni 2026, men som enno ikkje er sett i kraft, kan motorferdsel som elles er tillaten begrensast på enkelte vilkår. Etter § 8 sjette ledd kan departementet, dersom det er nødvendig for å vareta natur- og friluftslivsområde av nasjonal eller viktig regional tyding, gi forskrift om avgrensa tidsrom, avgrensa tal turar eller endra trasear for den motorferdsel som kommunane kan tillata.

Tiltaket inneber at Miljødirektoratet blir gjeve i oppdrag å greie ut om det bør innførast nasjonale føringar for motorferdsel i utmark i villreinområda, og eventuelt kva for nærare reglar det skal vere. Dette bør skje i samråd med aktuelle direktorat. Dersom det blir vurdert som aktuelt å innføre nasjonale reglar i villreinområda, vil det gjennomførast normale regelverksprosessar i forkant, mellom anna alminneleg høyring.

Tiltak 21:

Vurdere behovet for regulering av allmenn motorferdsel på vegar i villreinområde

Hovudansvar: Klima- og miljødepartementet, Landbruks- og matdepartementet og Energidepartementet

Delansvar: Samferdselsdepartementet

Det er ofte eit omfattande vegnett i store delar av villreinområda, mellom anna i form av anleggsvegar for vasskraftutbygging og landbruksvegar. Fleire av desse vegane strekk seg relativt langt inn i villreinområda og er ofte tilgjengelege for motorisert ferdsel, noko som bidreg til auka ferdsel og gjer at villreinen unngår områda rundt desse vegane. Det fylgjer av villreinmeldinga at det totale omfanget av motorferdsel på slike vegar i villreinområda, unntatt for nyttekøyring, bør reduserast.

Fleire tiltak i tiltaksplanen er knytt til regulering av ferdsel på konkrete vegar i villreinområdet. I tillegg kan det, i løpet av tiltaksplanperioden, vere behov for å vurdere tiltak og på andre vegar i villreinområdet, til dømes der ny kunnskap viser behov for reduksjon av forstyrringar på andre anleggsvegar eller landbruksvegar i villreinområdet. Dersom det eventuelt blir vurdert som nødvendig med tiltak for å redusere motorferdsel som ikkje er knytt til nyttekøyring på landbruksvegar kan ein oppmode vegeigaren til å vurdere tiltak for å redusere allmenta sin motorferdsel. For anleggsvegar som er opne for allmenta sin motorferdsel i medhald av energi- og vassdragslovgjevinga, vil energi- og vassdragsmyndigheitene vurdere om det skal gjennomførast ein ordinær prosess etter dette regelverket for å vurdere eventuelle reguleringar av motorferdsel.

Samferdselsdepartementet har gitt Statens vegvesen i oppdrag å utarbeide konkrete forslag til skiltplanar med forslag til vedtak for rv. 9, E39, rv. 13 og rv. 7, med et estimat på kostnader, konsekvenser for trafikksikkerhet og framkommelighet samt en vurdering av skiltplananes bidrag til å gjere tilstanden for villreinen betre, sett i samanheng med tiltak som planleggast gjennomført av andre aktørar i same område. Rapporten skal leverast i september 2026.

Tiltak 22:

Oppmode hyttetilsyn og brukarar av DNT sitt løypenett til å informere når dei har observert villrein

Hovudansvar: Den Norske Turistforening (DNT), private eigarar av turisthytter og Statskog

Sjølv om ein del villrein er eller har vore merka med GPS, manglar det framleis mykje data på villreinen sin arealbruk. Direkte observasjonar kan i ulike tilfelle vere av stor interesse for forvaltninga. Tiltaket inneber at brukarar av Den Norske Turistforening (DNT) sitt løypenett blir oppmoda til å informere når dei har observert villrein. Rapportering kan anten skje via artsobservasjoner.no eller manuelt med etterfylgjande innsamling frå hyttene.

Tiltak 23:

Betydeleg redusert helikopterbruk

Hovudansvar: Vernemyndigheitene (del A), kommunane (del A), Miljødirektoratet (del B), Landbruksdirektoratet (del B) og Klima- og miljødepartmentet (del C)

Omfanget av helikoptertrafikk innanfor Hardangervidda villreinområde har auka betydeleg gjennom dei siste tiåra. Dei siste 20 åra har helikopter i stadig større grad erstatta sjøfly.

Verneforskrifta for Hardangervidda opnar for bruk av helikopter eller fly til ei rekkje formål, anten direkte eller etter løyve. Helikopter kan brukast direkte i samband med ei rekkje forvaltningsoppgåver. Offentlege myndigheiter nyttar til dømes helikopter i villreinforvaltninga, som teljing og merking av villrein med GPS-sendarar. Merking inneber fleire flygingar, og GPS-sendarar må bytast og kontrollerast, noko som inneber ytterlegare motorferdsel.

Erfaringar viser at det har utvikla seg ein svært liberal praksis på fleire område, til dømes ved at det er enkel tilgang til å nytte helikopter for å hente ut jegerar og eventuelt slakt frå jakta. Dei som har fått slikt landingsløyve, har ofte og løyve til å transportere inn jegerar og utstyr området med helikopter. Praksisen er noko ulik mellom fylka. I tillegg blir helikopter i aukande grad brukt til andre formål. I retningslinjene til tilsynsutvalet for Vestland for vestvidda er ei rekkje aktivitetar lista opp som kan gje grunnlag for helikopterbruk. I villreinområdet blir helikopter òg brukt utanfor grensa til nasjonalparken.

Det blir generelt lagt til grunn at helikopterflyging forstyrrar villrein. Den samla verknaden i samband med merking av villrein, og omfanget av anna helikoptertrafikk, kan ha bidrege til ein regional unnvikingseffekt for villrein på store delar av vestvidda i kombinasjon med mykje ferdsel på bakken (jf. Norsk institutt for naturforskning (NINA) si forsking på ferdsel og villrein, samanfatta i NINA Rapport 19035).

Av omsyn til villreinen bør helikopterbruken i Hardangervidda villreinområde reduserast mest mogeleg og til eit absolutt minimum. Sjølv om vi i dag ikkje veit med stor sikkerheit kor store konsekvensar dette har hatt for villreinen i området, er det i dette tilfellet nødvendig å leggje føre-var-prinsippet til grunn.

Redusert helikopterbruk, i form av mindre støy og visuell forstyrring, vil òg kunne ha positiv verknad for friluftsopplevinga i nasjonalparken. Reduksjonen må skje i både privat og offentleg sektor.

Del A Redusere helikopterbruk: stramme inn praksis/revidere forvaltningsplan. Tiltaket må sjåast i samanheng med andre tiltak om motorferdsel for Hardangervidda villreinområde.

Fleire av føresegnene om motorferdsel i verneforskrifta fastset at ferdsla må vere «naudsynt» (nødvendig). Dette gjeld både direkteheimla og løyvebasert motorferdsel. Innleiingsvis i punkt 4.6 i verneforskrifta står det at ved avgjerda av om noko er «naudsynt», «må ulempene med motorferdsla haldast opp mot dei einskilde transportbehova». Med utgangspunkt i det verneforskrifta opnar for, og den liberale praksisen som er observert i området, framstår det som om mykje av motorferdsla ikkje kan reknast som nødvendig. Til dømes framstår dagens praksis med helikoptertransport av personar, bagasje m.m. inn til hytter, stølar og tilsvarande, som å liggje utanfor ramma for kva som kan tillatast. Uavhengig av om verneforskrifta blir endra eller ikkje, er det behov for tydelegare og strammare rammer for kva som skal reknast som nødvendig.

Dagens praksis er uheldig for verneføremålet i verneforskrifta for Hardangervidda nasjonalpark, og samsvarer heller ikkje med det som går fram av verneforskrifta: «Det er ei målsetting å halde motorferdsla i nasjonalparken på eit lågast mogleg nivå. Motorframkomstmiddel kan derfor berre nyttast når transporten er naudsynt». Forvaltningsplanen, som no er under revisjon, må innehalde klare og tydelege rammer for kva nødvendig helikoptertransport som kan tillatast innanfor nasjonalparken. Forvaltningsplanen med retningslinjer blir godkjend på vanleg måte av Miljødirektoratet.

Tiltaket oppmodar kommunane til frivillig å slutte seg til gjennomføringa, og inneber ikkje statlege pålegg eller statleg myndigheitsutøving dersom kommunane ikkje ønskjer å gjennomføre tiltaket. Dersom kommunane og tilsynsutvala frivillig sluttar seg til tiltaket, vil dei vere hovudansvarlege for å gjennomføre det.

Del B Betre metodar for villreinforvaltning/redusere forskinga og forvaltninga si helikopterbruk Helikopter blir nytta både ved merking og ved ulike teljingar av villreinbestanden. Villreinmerking på Hardangervidda er forskingsmerking for å kartleggje dyra sin områdebruk i tid og rom. Villreinteljingar er eit viktig reiskap for villreinforvaltninga for å få oversikt over bestandane, både i overvakinga og i bestandsforvaltninga. Samstundes er bestandsteljingar kostbare, og dei medfører miljøbelastning ved helikopterbruk og forstyrring av dyra. På bakgrunn av den teknologiske utviklinga, mellom anna knytt til satellittdata og droneteknologi, bør det vurderast om dagens villreinteljingar innan få år kan gjennomførast på ein meir skånsam måte for villreinen. Tiltaket inneber at Miljødirektoratet i samråd med Landbruksdirektoratet, får i oppdrag å samanstille eksisterande kunnskap om bruk av dronar og andre teknologiske verkemiddel til teljing og merking av vilt, og å vurdere i kva grad det kan vere mogeleg å redusere bruk av helikopter i forskings- og forvaltningsoppgåver knytta til villrein, som nemnt over.

Del C Redusere helikoptertransport av villreinslakt og jegerar under villreinjakt i Hardangervidda nasjonalpark Erfaringar viser at det har utvikla seg ein svært liberal praksis i samband med villreinjakt. Dei som har fått landingsløyve, har ofte og transport inn i terrenget med helikopter. Praksisen er noko ulik mellom fylka.

Tiltaket inneber at det blir greidd ut endringar i verneforskrifta for å betydeleg redusere bruk av helikopter i samband med villreinjakt, inkludert bruk av langline under helikopter. Bruken er ikkje nødvendig for å kunne utøve villreinjakt, og konsekvensane av å halde fram med utstrekt bruk av dette er for store.

Ei redusering av helikopterbruk i nasjonalparken i samband med villreinjakt kan medføre noko redusert jaktuttak. Det er likevel for tidleg å seie omfanget av ein slik reduksjon, ein del helikopterbruk vil truleg bli erstatta av auka bruk av sjøfly, som er mindre belastande for villrein. Tiltaket vil òg medføre at færre jegerar får tilgang til dei mest avsidesliggjande områda, og dermed gje villreinen meir ro i desse delane av nasjonalparken.

Ei redusering av helikopterbruk under villreinjakt må gjennomførast gjennom alminnelege regelverksprosessar, det vil seie ved endring av verneforskrifta. Tiltaket skal fylgjast opp med endring av verneforskrifta. Fram til ny forskrift er vedteken, må helikopterbruken i samband med villreinjakt reduserast. Skrantesjukesituasjonen inneber behov for ein viss bruk av helikopter under villreinjakta.

Tiltak 24:

Revisjon av verneforskrifter

Hovudansvar: Klima- og miljødepartementet

Fleire heimlar i verneforskrifta for Hardangervidda nasjonalpark opnar for fleire formål og for ein meir liberal bruk av framkomstmiddel enn det motorferdselsregelverket i dag opnar for. Verneforskrifta for Hardangervidda skil seg òg ut samanlikna med andre verneområde. Det blir til dømes vist til at forvaltningsmyndigheitene kan tillate «nødvendig» transport med fly eller helikopter i samband med storviltjakt, garnfiske og andre formål, til dømes «transport av eldre og uføre» som er «særleg knytte til nasjonalparkområdet». Det finst ikkje tilsvarande reglar i gjeldande motorferdselsregelverk. I ny motorferdsellov, som er vedteken av Stortinget i juni 2026, men som enno ikkje er sett i kraft, er noko meir motorferdsel direkte tillaten utan søknad, og kommunane har og fått meir myndigheit til å tillate motorferdsel til visse formål. Noko motorferdsel, til dømes i forbindelse med jakt, kan òg bli tillaten om departementet opnar for det i forskrift etter ny motorferdsellov.

Av omsyn til å vareta verneområdet er det uheldig at reglar i verneområde er meir liberale enn reglar utanfor verneområda. I tillegg oppstår det praktiske utfordringar ved handheving av reglane fordi regelverka gjeld parallelt. Motorferdsel som skjer i strid med motorferdselsregelverket, vil vere ulovleg, sjølv om motorferdselen er i tråd med verneforskrifta. Kommunane har ansvar for motorferdselsregelverket og kan ikkje delegere myndigheita si til tilsynsmyndigheitene. Verneforskrifta vart sist endra i 2002, og bør derfor òg vurderast endra for å oppdatere forskrifta i tråd med føresegnene i naturmangfaldlova.

Ved endring av verneforskrifter må det som eit minimum ikkje opnast for motorferdsel som er ulovleg etter motorferdsellova. For å avgrense bruken av helikopter i verneområdet, bør til dømes løyve til helikopterbruk avgrensast berre til nødvendige gjeremål med stor samfunnsmessig nytte, slik som militær operativ verksemd, politi-, rednings- og brannvernoppgåver, og nødvendige oppsyns- og forvaltningsoppgåver. Slike oppgåver må spesifiserast nærare i forvaltningsplanen. Ei generell innstramming i mogelegheitene for motorferdsel generelt og helikopter særleg innanfor verneområdet, vil ha positiv effekt på villreinen. Tiltaket må sjåast i samanheng med tiltak 18, 19, 23 og 24.

2.2.3 Forventa effekt og konsekvensar

Tiltakspakka inneheld ulike tiltak for å redusere forstyrringar og negativ påverknad knytt til ferdsel og motorferdsel. Tiltaka knytt til å redusere og tilpasse motorferdsel i villreinområdet, kanalisering av ferdsel gjennom stig- og løypeplan og regulering av organisert ferdsel blir vurdert å ha størst effekt, og det blir vurdert at tiltakspakka samla kan ha ein del effekt på noverande negative påverknadsfaktorar. Den samla effekten av tiltakspakka blir vurdert som svært stor.

Hardangerviddarådet vedtok Felles sti- og løypeplan for Hardangervidda 14. april 2026. Planen er eit viktig felles grep for å leggje til rette for meir villreinvennleg ferdsel, samstundes som det på lang sikt blir lagt til rette for friluftsliv og lokal verdiskaping. Planen byggjer på omfattande lokale og regionale prosessar. Planen inneheld eit stort tal tiltak som tek sikte på å redusere forstyrringar for villrein knytte til løyper og stigar, mellom anna gjennom nedlegging av kvista løyper, fjerning av merking og tiltak knytte til informasjon om barmarksløyper. Den omfattande lokale prosessen som ligg til grunn for planen, styrkjer føresetnadene for god gjennomføring

Tiltak som vil føre til endringar i praksisen for å tillate ulike formar for bruk og aktivitet, mellom anna knytt til ferdsel eller motorferdsel, vil ha konsekvensar for brukarar av fjellet på ulike måtar. Som ein konsekvens av tiltaket kan det og bli meir krevjande å få gjennomført enkelte former for aktivitetar. Til dømes kan konsekvensen av ein meir villreinvennleg ferdsel vere negative for personar som brukar villreinområda til oppleving og rekreasjon, dersom tur- og bruksmogelegheitene blir endra. Generelt vil tiltak som fører til at løyver til menneskeleg aktivitet blir unngått eller redusert, føre til positiv endring for villreinen eller unngått negativ endring.

Informasjons- og rettleiingstiltak er ei langsiktig investering som det er vanskeleg å måle konkrete effektar av, men som vil kunne verke haldningsskapande og dermed bidra i det langsiktige arbeidet med bevaring av villrein. Informasjonsarbeid vil krevje betydelege ressursar, både knytt til oppfylging og forsterking av andre ferdselsrelaterte tiltak i tiltaksplanen, fysisk informasjon (plakatar og infoskilt ved parkeringsplassar og innfallsportar), og informasjon på digitale plattformer (Ut.no, sosiale medium etc.).

Arbeidet med stig- og løypeplanlegging er allereie gjennomført og vil derfor ikkje krevje administrative og økonomiske ressursar i kommunane og fylkeskommunane. Eventuelle endringar i regelverk for å mogeleggjere regulering av ferdsel innanfor og utanfor verneområde i villreinområdet vil krevje alminnelege regelverksutgreiingar og prosessar før dei blir vedtatt. Vidare vil administrative og økonomiske konsekvensar av utviklinga av ei nasjonal godkjenningsordning vurderast gjennom det pågåande arbeidet med dette. Regulering av organisert ferdsel gjennom eksisterande heimelsgrunnlag i verneområda, er ikkje venta å medføre administrative eller økonomiske konsekvensar av betydning, og vil primært påverke bedrifter som tilbyr gruppeturar av ulike slag i form av potensielt inntektstap.

For tiltak knytt til reduksjon, tilpassing og samordning av motorferdsel vil den vidare oppfylginga av tiltaket krevje administrative og avgrensa økonomiske ressursar frå kommunane, verneområdemyndigheitene og eventuelt òg fylkeskommunane og statsforvaltarane. Dersom tiltaket resulterer i ein samla reduksjon av motorferdselen i villreinområdet, vil tiltaket innebere at enkelte brukarar vil få tildelt færre motorferdsel-løyver enn tidlegare, som kan gje noko mindre fleksibilitet for transport av mat, utstyr og personar til og frå private hytter. Økonomiske og administrative konsekvensar knytt til tiltaket om digital saksbehandling og rapportering for motorferdsel vil vurderast nærare i den pågåande utgreiinga om tiltaket. På sikt kan tiltaket potensielt gje gevinstar i form av meir effektiv saksbehandling, betre kvalitet på vedtaka og betre kunnskap. Tiltak knytt til vurdering av behovet for regulering av allmenn motorferdsel på vegar i villreinområdet vil krevje administrative ressursar hjå myndigheitene. Eventuelle vedtak knytt til regulering av ferdsel på anleggsvegar etter energi- og vassdragslovgjevinga vil gje administrative konsekvensar for energi- og vassdragsmyndigheitene. Landbrukets behov for nyttekjøring skal ivaretas.

Foto: Anders Mossing, Norsk villreinsenter

2.3 Villreinhelse: Redusere risiko for overføring av sjukdom og parasittar i villreinområdet

2.3.1 Innleiing

Utmarksbeite, både i fjellet og i lågareliggande skogsområde, er ei driftsform med lang tradisjon i Noreg, og er ein svært viktig del av næringsgrunnlaget i mange kommunar. Tamreindrift, seterdrift, skogsdrift, beitebruk og andre utmarksnæringar skapar og held i hevd spesielle natur-, kulturmiljø og landskapsverdiar. Mellom anna vart norsk seterdrift oppført på UNESCOs liste over immateriell kulturarv 4. desember 2024. Gjennom å utnytte fôreiningar som ikkje kan haustast på nokon annan måte enn gjennom beitebruk, utgjer utmarksbeite ein viktig ressurs. Utmarksbeiting legg og grunnlag for mogeleg auka sjølvforsyning. Det er fleire planter som er direkte knytt til beitebruk, og beitebruk fører soleis til auka biologisk mangfald. Mange naturtypar og planteartar er avhengig av beiting. Beitedyr ryddar terreng, og bidreg til å forsinke eller forhindre attgroinga i fjellet. Dette gjer landskapet meir tilgjengeleg. I fleire av dei nasjonale villreinområda har villreinen i lang tid levd i sameksistens med beitedyr delar av året. Det er behov for meir kunnskap om effekten av beitetrykk, villreinen si arealutnytting, samt storleik og kondisjon på villreinen.

Det er ingen generell regulering for bruk av saltstein til husdyr i Noreg, med unntak av i Nordfjella og på Hardangervidda. I desse to villreinområda er bruken av saltstein strengt regulert. Kunnskap viser at saltsteinplassar for husdyr tiltrekk seg villrein og andre hjortedyr. Funn av saueparasittar hjå villrein og utbrot av skrantesjuke i Nordfjella og på Hardangervidda, gjer det aktuelt å sjå nærare på i kor stor grad saltsteinplassar kan bidra til overføring av sjukdom og parasittar mellom sau og villrein. Det finns mykje kunnskap om korleis sjukdom og parasittar påverkar villrein. Om det er behov for ytterlegare kunnskapsinnhenting om effekten av saueparasittar på villrein, og korleis parasittbelastning kan verke inn på villreinhelse og kalvevekter, må utgreiast nærare. Handtering av risiko for overføring av parasittar og andre smittestoff er ei felles utfordring for beitenæringa og for villreinen i Hardangervidda. Alle aktørar er tent med å redusere mengda parasittar og redusere risiko for smitteoverføring mellom dyr. Departementet foreslår derfor at det blir inngått eit samarbeid med beitenæringa om felles kunnskapsutfordringar knytt til beite, for å finne frem til lokale tiltak som kan redusere eventuelle negative påverkingar av beitedyr i Hardangervidda. Eit slikt samarbeid vil leggje til rette for å finne frem til gode løysningar lokalt som er tilpassa utfordringane i området, og som varetek både villreinomsynet og omsynet til bruk og utnytting av utmarksbeitet.

Tiltakspakke 3: Villreinhelse: Redusere risiko for overføring av sjukdom og parasittar i villreinområdet

  • Tiltak 25: Inngå samarbeid med beitenæringa for å vurdere tiltak som til dømes plassering, utsetting og reduksjon av talet på saltsteinplassar, parasittbehandling før beiteslepp, områdebruk osb.

2.3.2 Nærare om tiltaka

Tiltak 25:

Inngå samarbeid med beitenæringa for å vurdere tiltak som til dømes plassering, utsetting og reduksjon av talet på saltsteinplassar, parasittbehandling før beiteslepp, områdebruk osb.

Hovudansvar: Landbruks- og matdepartementet, Mattilsynet og Landbruksdirektoratet

Delansvar: Beitenæringa, kommunane og statsforvaltarane

Tiltaket oppmodar beitenæringa til frivillig å samarbeide med landbruksmyndigheitene om gjennomføringa av tiltaket, og inneber ikkje statlege pålegg eller statleg myndigheitsutøving dersom beitenæringa ikkje ynskjer å gjennomføre tiltaket.

Handtering av risiko for overføring av parasittar og andre smittestoff er ei felles utfordring for beitenæringa og for villreinforvaltninga. Alle aktørar er tent med å redusere mengda parasittar og redusere risiko for smitteoverføring mellom dyr.

Undersøkingar i Knutshø, Forollhogna og Nordfjella6 har vist at reinsdyrkalvar er mottakelege for fleire parasittar frå sau, og infeksjon av rundormen Nematodirus battus har vorte peika på som ei mogeleg årsak, saman med fleire andre faktorar, til redusert kalveproduksjon og slaktevekter i desse områda. Desse resultata kan bety at det er tilsvarande problem i andre villreinområde.

Det er viktig å leggje til rette for eit samarbeid med beitenæringa om felles kunnskapsutfordringar knytt til beite, for å redusere eventuelle negative påverkingar frå beitedyr i enkelte villreinområde. Til dømes kan det vere behov for å vurdere om ein bør redusere talet på saltsteinplassar eller leggje dei til nye stader, og om husdyra bør få parasittbehandling før beiteslepp.

2.3.3 Forventa effekt og konsekvensar

Tiltak for å redusere risiko for parasittar og andre smittestoff blir vurdert å kunne ha ein positiv effekt for villreinen. Dersom tiltak knytt til saltsteinplassar fører til mindre smitteoverføring mellom villrein og frå sau til villrein, vil det vere bra for tilstanden til villreinen, og det kan vere viktig for å førebyggje nye sjukdommar. Òg tamreinnæringa kan ha interesse av at helsetilstanden til villreinen er god, fordi potensialet for smitteoverføring til tamrein blir mindre. Parasittbehandling før beiteslepp vil kunne ha positive effektar, fordi parasittbelastninga på beitet blir redusert, slik at smittepresset på sauene og blir mindre. Det vil mellom anna førebyggje nedsett matlyst, diaré og dehydrering, nedsett tilvekst og, i alvorlege tilfelle, dødelegheit hjå sau. I tillegg vil det gje positive effektar for villreinen på grunn av mindre smittepress.

Dersom ein reduserer talet på saltsteinplassar eller legg dei til nye stader, vil dette påverke beitenæringa i form av at tilsynet blir meir arbeidskrevjande, og at det blir kravd ressursar i form av tid og kostnader å flytte slike plasser. Gjennom slike tiltak må ein unngå at desse i praksis inneber beiterestriksjonar i form av at det blir for kostnadskrevjande å sende sau på beite. Parasittbehandling før beiteslepp vil og ha ein kostnad for beitebrukar. Tiltak som gjev redusert eller endra beite, vil og kunne føre til attgroing og potensielt gje dårlegare ernæringsgrunnlag for beitedyr. Det er behov for meir kunnskap om kva for konsekvensar dette vil ha både for beitenæringa, villreinen, kulturlandskapet og myndigheitene. Før konkrete tiltak blir sett i verk, må dei samfunnsøkonomiske kostnadane for tiltaka knytt til plassering, utsetting, reduksjon av talet på saltsteinplassar og ei eventuell parasittbehandling før beiteslepp bli greia ut.

Tiltak som plassering, utsetting og reduksjon av talet på saltsteinplassar og parasittbehandling før beiteslepp, vil samla sett gje vesentlege økonomiske og administrative konsekvensar. Det er derfor behov for å gjennomføre ei grundig samfunnsøkonomisk analyse, som tek vare på og balanserer omsynet til både villrein og beitenæringa.

Foto: Anders Mossing, Norsk villreinsenter

2.4 Bestandsforvaltning

2.4.1 Innleiing

Overordna blir det lagt til grunn at jegerar utøver villreinjakta omsynsfullt i samsvar med reglar for utøving som fylgjer av viltlova, utøvelsesforskrifta, dyrevelferdslova og naturmangfaldlova. Rettshavarane som organiserer jakta, kan setje direkte vilkår til den enkelte jeger gjennom jegerkontrakter som blir inngått ved kjøp av jaktkort. Tiltaka i tiltakspakka er derfor oppmodingar til rettshavarane om å vurdere tiltak som kan bidra til ei meir berekraftig bestandsforvaltning for villrein. Utprøving av ulike tiltak vil fylgjast opp med evaluering og justering av tiltaka dersom ynskt effekt ikkje blir oppnådd.

Tiltakspakke 4: Bestandsforvaltning

  • Tiltak 26: Betre mengda av og kvaliteten på jegerrapportering
  • Tiltak 27: Vurdere jaktfrie soner langs vegar eller i andre viktige trekkområde
  • Tiltak 28: Vurdere justeringar i jaktorganiseringa og jaktutøvinga for å redusere forstyrringar frå villreinjakta
  • Tiltak 29: Vurdere omfang, tidspunkt og alternative område for andre typar av jakt, jaktprøver og trening av hund i viktige funksjonsområde for villreinen
  • Tiltak 30: Bestandsdynamisk analyse
  • Tiltak 31: Prioritere ressursar til teljing av villrein

2.4.2 Nærare om tiltaka

Tiltak 26:

Betre mengda av og kvaliteten på jegerrapportering

Hovudansvar: Villreinutvalet, valdansvarlege representantar og jegerar

Delansvar: Landbruksdirektoratet og Villreinnemnda

Villreinjegerar bidreg med innsamling av prøver, som til dømes kjevar og skrantesjuke-prøver, og innrapportering av data som fellingsdato, kjønn, alderskategori og slaktevekter frå villrein som blir felt under jakt. Dette representerer eit svært viktig datagrunnlag for bruk i forvaltninga i samsvar med forskrift om forvaltning av hjortevilt, i bestands- og helseovervakinga og kvalitetsnorma. Det er potensial for å auke mengda og kvaliteten av data frå villrein som blir felt under jakt. Det er i hjorteviltforskrifta § 32 tredje ledd heimel til å påleggje jeger og/eller jaktrettshavar å rapportere data og innsamling av prøver frå felte villrein. Landbruksdirektoratet har frå 1. januar 2025 overtatt forvaltningsoppgåvene etter denne forskrifta frå Miljødirektoratet, inkludert oppgåvene knytt til villreinnemndene. Landbruksdirektoratet vil vidareføre arbeidet på dette området, mellom anna gjennom rettleiing, utvikling av digitale tenester og forvaltning av økonomiske verkemiddel. Det er likevel ei rekkje tiltak som kan gjennomførast lokalt, og utan pålegg, for å betre mengda og kvaliteten av jegerrapportering. Døme på slike tiltak kan vere utdeling av vekter til jegerar, og utplassering av vekter ved felles innfartsområde samt å betre informasjonsarbeidet. Vidare, at det kan rettleiast betre i einskapleg rapportering av slaktevekter, særleg for kalv, vegeplikt ved bemanna stasjonar for veging og digitale informasjonsmøte for alle jegerar. Vidare kan det vurderast om det er behov for å innarbeide ein informasjonsstrategi i den femårige bestandsplanen. Dette kan bidra til å imøtekomme behov for informasjon frå brukarar av villreinområda. Tiltaket oppmodar til at aktørane frivillig sluttar seg til gjennomføringa av tiltaket.

Tiltak 27:

Vurdere jaktfrie soner langs vegar eller i andre viktige trekkområde

Hovudansvar: Rettshavarane

I trekkpassasjar generelt kan det oppstå ei uynskt opphoping av jegerar, då sjansen for å felle dyr er stor når reinen passerer. For mange jegerar på eit lite område kan føre til at det oppstår ein uynskt barriereeffekt. Jaktforbod i ei sone vil kunne løyse slike utfordringar om nødvendig.

Tiltaket inneber at rettshavarar blir oppmoda til å vurdere jaktfrie soner langs vegar der kryssing av veg allereie kan vere ei utfordring, eller i andre viktige trekkområde.

Tiltak 28:

Vurdere justeringar i jaktorganiseringa og jaktutøvinga for å redusere forstyrringar frå villreinjakta

Hovudansvar: Rettshavarane

Ev. delansvar: Landbruksdirektoratet

Jakt er det primære verkemiddelet for å forvalte villreinen i samsvar med beitegrunnlaget og for å oppretthalde sunne og friske bestandar i alle norske villreinområde. Ferdsel i samband med villreinjakta, både sjølve jakta og uttransport av jaktutbytte, vil i ulik grad uroe villreinen. Korleis jegerar og sjølve jakta forstyrrar villreinen, heng saman med mange faktorar, mellom anna jaktorganiseringa, talet på jegerar, topografien, storleiken på villreinområdet og vegdekninga. Fordi villreinen er eit nomadisk flokkdyr, kan organiseringa av jaktområde og tilrettelegginga for jaktutøvinga vere ein del av utfordringane, men og ein del av løysingane for bestandsforvaltninga. Utover dei krava som går fram av hjorteviltforskrifta, kan grunneigaren/kortutskrivaren – gjennom privatrettslege avtaler med jegerar som kjøper fellingsløyve på villrein – stille vilkår som kan dempe forstyrringar og stress for villreinen under jaktperioden.

Tiltaket inneber at rettshavarane blir oppmoda til å vurdere justeringar i jaktorganiseringa og jaktutøvinga med formål å redusere forstyrringar frå villreinjakta gjennom privatrettslege avtaler med jegerar. Døme på tiltak som kan vere aktuelle å vurdere er mellom anna kveldsfreding, reduksjon i lagjakt med fleire jegerar som kan jakte på same jaktkort, kanalisering av overnatting av jegerar i jaktområdet og obligatoriske informasjonsmøte i forkant av jakta.

Tiltak 29:

Vurdere omfang, tidspunkt og alternative område for andre typar av jakt, jaktprøver og trening av hund i viktige funksjonsområde for villreinen

Hovudansvar: Rettshavarane

Det går og føre seg betydeleg aktivitet i villreinområda knytt til andre former for jakt enn villreinjakt, og ulike treningsaktivitetar i samband med jakt som kan forstyrre villreinen. Med forstyrringseffekten jakt, jaktprøver og trening av laus hund kan ha for villreinen, bør likevel omfanget og alternative område vurderast.

I gjeldande jakttidsforskrift er det opna for jakt på rype og hare ut februar. Òg trening av laus hund kan skape forstyrringar. Enkelte treningsfelt for fuglehundar er opne og i vinterperioden etter jul. Jakt, jaktprøver og trening av laus hund i vinterperioden kan vere uheldig, og særleg i viktige funksjonsområde for villreinen.

Tiltaket inneber at rettshavarar blir oppmoda til å vurdere justeringar av omfang, tidspunkt og alternative område for andre typar av jakt, treningsfelt og prøver der dette kan bidra til å redusere forstyrringar i viktige funksjonsområde for villreinen. Særleg viktig er det å vurdere tilpassingar av aktiviteten som går føre seg i perioden etter jul, som tradisjonelt er ei roleg periode i villreinfjellet og ei krevjande periode for villreinen.

Tiltak 30:

Bestandsdynamisk analyse

Hovudansvar: Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet

For å føreta eventuelle endringar i bestandsforvaltninga, er det behov for meir kunnskap om klassifiseringsresultat og trendar i bestandsutviklinga. Eit nytt verktøy for bestandsdynamiske analyser, som er under utvikling hjå Norsk institutt for naturforskning (NINA), vil kunne vere eit hjelpemiddel for å forstå i kva for grad parameter som vær-, klima- og miljøvariablar, jaktuttak, sauetettleik, endringar i arealbruk, rovviltpredasjon og bestandstettleik kan forklare utviklingar i villreinbestandar.

Tiltaket vil bidra med ny informasjon om korleis ulike kvoter påverkar bestandsstorleikar og -struktur, og kan potensielt bidra til å forklare trendar i slaktevekter og kalveproduksjon. Modellen vil og berekne berekapasiteten for området som gjer at ein kan evaluere dagens bestandsmål. Tiltaket vil på sikt kunne bidra til å setje inn meir målretta tiltak i bestandsforvaltninga for villreinområda. Det er behov for å sjå prosjekt-metodikk i samanheng mellom villreinområde og delområde.

Tiltak 31:

Prioritere ressursar til teljing av villrein

Hovudansvar: Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet

Kvart år blir det gjennomført teljingar av villreinbestandane for å få oversikt over talet på dyr, struktur og kalveproduksjon. Gjennom, so langt som mogeleg, å sikre at desse teljingane av villrein kan gjennomførast på ein god måte kvart år, får vi kunnskap om kva for tilstand villreinbestanden er  i, data og mogelegheiter til å overvake utviklinga på ein god måte. Tiltaket vil bidra til å betre kunnskapsgrunnlaget for bestandsforvaltninga og vil dermed kunne gje effekt i løpet av få år. Tiltaket er langsiktig, og det er avgjerande at det blir prioritert ressursar slik at overvakinga er stabilt god over år.

2.4.3 Forventa effekt og konsekvensar

Tiltakspakka inneheld fleire mindre tiltak som kan bidra til å redusere forstyrringa frå jakt samla sett, og at jakta gjev ei effektiv bestandsregulering. Dei fleste tiltaka krev innføring frå lokale rettshavarar, og det må vurderast lokalt når og kor dei kan ha effekt for villreinen. Saman med bestandsdynamisk analyse er tiltak knytt til vurdering av jaktfrie soner, justeringar i jaktorganiseringa og jaktutøvinga, samt tilpassing av omfang, tidspunkt og lokalisering av anna jakt og jaktaktivitetar, vurdert å kunne gje god effekt for bestandsforvaltninga, når situasjonen med skrantesjuke tillèt det. Samla sett blir tiltakspakka vurdert å ha middels til stor effekt for måloppnåinga.

Prioritering av villreinteljinga vil kunne innebere noko meir arbeid for dei ansvarlege for teljingane, men medfører òg fordelar for bestandsforvaltninga. I enkelte tilfelle vil tiltaket kunne bety auka forstyrring av villreinen, men dette må og sjåast i samanheng med tiltak om betre metodar for villreinteljing. Dei andre tiltaka gjeld primært jegerar som driv med villreinjakt, men og annan type jakt, gjennom at rettshavarar blir oppmoda til å gjennomføre ulike tiltak for å redusere forstyrringar knytt til korleis jakta blir utøvd eller liknande. Tiltakspakka vil og kunne gjelde grunneigarar og lokale næringsaktørar gjennom noko inntektsbortfall. I tillegg vil enkelte av tiltaka kunne krevje ressursar for forvaltninga ved gjennomføring, til dømes i form av betre villreinteljingar, informasjonsarbeid og å vidareutvikle digitale tenester på dette området. Tiltaket om å betre mengda av og kvaliteten på jegerrapportering kan krevje ressursar både i forvaltninga og for jegerar.

Foto: Anders Mossing, Norsk villreinsenter

2.5 Målretta restaurering av villreinen sine leveområde

2.5.1 Innleiing

Eitt av dei fem strategiske områda i villreinmeldinga er målretta restaurering av villreinen sine leveområde, og for å betre tilstanden til villreinen er det nødvendig med målretta naturrestaurering i villreinområda og i nærleiken av dei. Naturrestaurering er tiltak som bidreg til å betre eller gjenopprette tilstand i økosystem som er vorte forringa eller øydelagt. Det kan og vere verknadsfullt å la naturen vere i fred slik at han reparerer seg sjølv. Eventuelle framtidige restaureringar av trekkvegar over magasina er i tillegg tiltak som direkte bøter på dei negative effektane av eksisterande arealinngrep utan at det går utover andre brukarar av området. Restaurering av trekkvegar er òg i tråd med målsettinga i villreinmeldinga om målretta restaurering av leveområda til villreinen, og har og koplingar til FNs tiår for naturrestaurering som går fram mot 2030

Tiltakspakke 5: Målretta restaurering av villreinen sine leveområde

  • Tiltak 32: Samla vurdering av nasjonale infrastrukturprosjekt for å gjenopprette trekk mellom villreinområde og betre tilstanden til villreinen fram mot 2050
  • Tiltak 33: Overordna vurdering av behovet for restaurering av villreinen sine leveområde
  • Tiltak 34: Operasjonalisering av villreinfond

2.5.2 Nærare om tiltaka

Tiltak 32:

Samla vurdering av nasjonale infrastrukturprosjekt for å gjenopprette trekk mellom villreinområde og betre tilstanden til villreinen fram mot 2050

Hovudansvar: Miljødirektoratet

Delansvar: Statens vegvesen og Jernbanedirektoratet

Naturrestaurering kan definerast som tiltak som bidreg til å betre eller gjenopprette tilstand i økosystem som er vorte forringa eller øydelagt. Regjeringa har i Meld. St. 35 (2023–2024) mellom anna varsla at dei innan 2030 vil klargjere omfanget av landareal som er forringa eller øydelagt, og vurdere målretta og effektive naturrestaureringstiltak gjennom mellom anna arbeidet med menyar av tiltak.

Historisk har det vore utveksling av villrein både mellom Hardangervidda og fleire andre, no meir eller mindre avgrensa, villreinområde. Desse inkluderer Nordfjella, Setesdal Ryfylke og Brattefjell-Vindeggen villreinområde. Menneskelege inngrep i landskapet, som vegar, jernbane og kraftproduksjon, er ei av hovudårsakene til at denne bestanden no er delt inn i mindre villreinområde. For å gjenopprette sesongtrekk og utveksling mellom bestandane, er det behov for store, naturrestaurerande tiltak. Viss dagens infrastruktur og menneskeleg aktivitet i området held fram, vil dette fortsette å vere barrierar for villreinen sine trekk, noko som hindrar betring av beitefleksibilitet for villreinen. Betring av beitefleksibiliteten for villreinen er eit av dei viktigaste tiltaka mot komande klimaendringar. I samband med tiltaksplanarbeidet er det foreslått overordna nasjonale infrastrukturtiltak knytt til veg og jernbane, samt miljøtunnelar/viltovergangar.

Klima- og miljødepartementet meiner det er viktig å føreta ei samla vurdering av foreslegne tiltak knytt til veg og jernbane, for å prioritere eventuell vidare innsats med overordna infrastrukturprosjekt i villreinområda frem mot 2050. Veg og jernbaneprosjekt blir prioritert i Nasjonal transportplan som blir lagt frem ein gong kvar stortingsperiode. Departementet viser til at prosjekta som vart foreslått i faggrunnlaget ikkje er omtala i Meld. St. 14 Nasjonal transportplan 2025–2036. Det er naturleg å sjå til koplingar for FNs tiår for naturrestaurering, som går fram mot 2030, for å planleggje og komme i gang med utvalde ambisiøse restaureringsprosjekt.

Miljødirektoratet skal ut frå dette gjere ei samla vurdering av tiltak i dei respektive faggrunnlaga i samråd med Statens vegvesen og Jernbanedirektoratet. I vurderinga skal det leggast vekt på størst mogeleg nytte for villreinen med omsyn til kostnaden og til eventuelle naturinngrep. I mellomtida er det viktig at det ikkje blir lagt annan irreversibel infrastruktur i det aktuelle området, og at trekk-korridorar må skjermast mot utbygging som kan hindre mogelegheitene til å gjenopprette gamle trekkvegar. Dette er i tråd med villreinmeldinga der det vart lagt vekt på at det skal vere høg terskel for nye inngrep i villreinområda. Frå Stortinget si behandling av meldinga fylgjer det òg at statsforvalterane gjennom mellom anna tiltaksplanane får eit tydelegare mandat til å gripe inn mot tiltak i villreinområde for å sikre at måla i meldinga om ein høg terskel for nye inngrep blir fylgd opp i praksis.

Tiltak 33:

Overordna vurdering av behovet for restaurering av villreinen sine leveområde

Hovudansvar: Miljødirektoratet

Delansvar: Statsforvaltarane

Tiltaket inneber at det blir gjort ei overordna vurdering av behovet for naturrestaurering i villreinområda. Restaurering av villreinen sitt leveområde vil kunne vere eit viktig tiltak for å leggje til rette for meir utveksling av villrein mellom villreinområde, og for at villrein i større grad skal kunne bevege seg fritt innanfor villreinområda. Dette krev målretta restaurering av villreinen sine leveområde, og er særleg aktuelt i tidlegare trekkområde som har gått ut av bruk på grunn av menneskeleg aktivitet. I samband med tiltaksplanarbeidet er det foreslått både konkrete prosjekt for restaurering av leveområde og trekkpassasjar, og peika på behov for ei meir overordna planlegging av naturrestaureringsarbeidet i villreinområda for å restaurere og sikre viktige funksjonsområde for villreinen. Det bør òg vurderast om spesifikke område og tiltak for restaurering bør fylgjast opp gjennom regionale og kommunale planar, jf. tiltakspakke 1. Det kan òg vurderast om det skal etablerast meir heilskaplege restaureringsprosjekt for heile eller delar av villreinområdet med relevante aktørar som mellom anna grunneigarar og lokale og regionale myndigheiter.

Tiltak 34:

Operasjonalisering av villreinfond

Hovudansvar: Energidepartementet og Klima- og miljødepartementet

Delansvar: Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Miljødirektoratet

Stortinget har, etter framlegg frå regjeringa, oppretta Statens villreinfond til tiltak for å betre tilstanden for villreinen. Dette er ei oppfylging av villreinmeldinga, som seier at energi- og vassdragsmyndigheitene i framtidige revisjonssaker vil påleggje vasskraftkonsesjonærane å bidra til finansiering av villreinfond, i tråd med ny berekningsmetode, der det ikkje finns eigna avbøtande tiltak.

Det ligg per no pålegg om å innbetale 54 millionar kroner til villreinfond frå dei som har konsesjon for å drive med vasskraft. Det kan i tillegg kome nye innbetalingar i komande år som fylgje av nye pålegg.

Miljødirektoratet skal forvalte fondet, medan NVE har ansvaret for å krevje inn eingongsbeløpa. Miljødirektoratet vil lyse ut tilskotsmidlane så snart som mogeleg.

For samanhengens skuld, kan det nemnast at det òg fylgjer av villreinmeldinga at regjeringa vil greie ut om og korleis villreinfondet òg kan gjerast tverrsektorielt og i tråd med miljøpåverkar-betaler-prinsippet i naturmangfaldlova § 11, i samband med tyngre tekniske inngrep som vil påverke areal som blir brukt av villrein. Klima- og miljødepartementet vil fylgje opp dette gjennom oppfylginga av villreinmeldinga i samarbeid med involverte departement.

2.5.3 Forventa effekt og konsekvensar

Effekten for villrein av tiltaka om vurdering av overordna nasjonale infrastrukturprosjekt for å gjenopprette trekk mellom villreinområde og vurdering av restaurering av villreinen sine leveområde, avheng av om vurderingane resulterer i restaureringsprosjekt, og i so fall kva for prosjekt. Potensielt kan restaureringstiltak ha store positive effektar for villreinen på lengre sikt. Eventuelle framtidige tiltak for å gjenopprette trekk mellom villreinområde vil ha stor effekt på eksisterande tilstandsutfordringar, og kan dempe framtidige negative påverknadsfaktorar. Samstundes er det betydeleg usikkerheit knytt til om aktuelle infrastrukturprosjekt for veg og jernbane blir aktuelle å gjennomføre, og eventuelle tiltak ligg uansett mange år fram i tid. Dersom villreinomsyn blir vektlagt i oppfølging av tiltaka vurderer departementet at tiltakspakka har middels til stor effekt.

Tiltaka knytt til vurdering av restaurering av villreinen sine leveområde og vurdering av nasjonale infrastrukturprosjekt, blir i seg sjølv vurdert ikkje å få direkte konsekvensar for aktørane det gjeld. Tiltaka vil ha administrative konsekvensar for miljømyndigheitene og aktuelle sektormyndigheiter knytt til utgreiingsarbeid. Tiltaket om operasjonalisering av villreinfond vil innebere at middel som vasskraftkonsesjonærar i samband med revisjon av konsesjonsvilkår allereie har vorte eller vil bli pålagd å bidra med inn i fondet, kan nyttast til gjennomføring tiltak som betrar levevilkåra for villreinen. Dette gjeld hovudsakleg for villreinbestanden som er påverka av vasskraftutbygginga, inkludert tiltak som ikkje har direkte tilknyting til kraftutbygginga. Tiltaket vil ikkje krevje vesentleg auke i administrative ressursar for departementa.

Fotnotar

4  Hardangerviddarådet, Felles sti- og løypeplan for Hardangervidda, vedteken 14. april 2026.
6  Utaaker, K.S., Ytrehus, B., Davey, M.L., Fossøy, F., Davidson, R.K., Miller, A.L., Robertsen, P.-A., Strand, O. & Rauset, G.R. 2023. Parasite Spillover from Domestic Sheep to Wild Reindeer—The Role of Salt Licks. Pathogens 12, 186.