6 Økonomiske og administrative konsekvensar

Tiltaksplanen vil få konsekvensar for ei rekkje ulike aktørar, både allmenta, lokalsamfunn, forvaltninga samt privat og frivillig sektor.

Tiltaksplanen pålegg ikkje kommunen eller fylkeskommunen nye oppgåver, men inneheld fleire tiltak der kommunane eller fylkeskommunane blir oppfordra til å vere ansvarleg for gjennomføringa av tiltaka, anten åleine eller saman med andre myndigheiter eller aktørar. Konsekvensane for kommunane og fylkeskommunane er stort sett både på kort og lang sikt at gjennomføringa av tiltaka kan føre med seg behov for nokre administrative ressursar for gjennomføring av til dømes planprosessar etter plan- og bygningslova eller prosessar for å fastsette lokale forskrifter etter friluftslova. For mange av disse tiltaka kan det òg søkjast om tilskot.

Tiltaksplanen kan få ulike konsekvensar for dei som eig eller brukar vegane. Til dømes kan avgrensingar på bruk av vegar føre til lågare inntekter for vegeigarar, hytteeigarar kan oppleve at det blir vanskelegare å bruke hyttene sine, og reiselivsaktørar som DNT kan få færre besøkande og dermed lågare inntekter. I nokre tilfelle kan tiltaka òg avgrense allmenta si tilgang til delar av villreinområdet, og påverke korleis folk driv med friluftsliv. Ettersom ferdsel knytt til landbruket og enkelte andre formål generelt er unntatt, blir konsekvensane for desse vurdert som små.

For reiselivsnæringa og DNT kan tiltak som fjerning av stigar, avgrensingar i bruk av turisthytter, regulering av organiserte turar og stopp i utbyggingsplanar føre til både inntektstap og færre mogelegheiter for vidare utvikling. Konsekvensane av tiltak knytt til å redusere risiko for overføring av sjukdom og parasittar ved smittepunkt, til dømes endra plassering, inngjerding og fjerning av saltsteinplassar vil utgreiast nærare før tiltak eventuelt blir gjennomført. Tiltak knytt til jaktorganisering kan føre til noko lågare inntekter for desse og kortare jakttid for jegerane. Forvaltninga vil òg kunne få auka kostnader knytt til innhenting av kunnskap, samt til sjølve gjennomføringa, oppfylginga og evalueringa av tiltaka.

Kostnader knytt til gjennomføring av tiltaka vil dekkjast innanfor dei til ei kvar tid gjeldande budsjettrammer.

Tiltak andre aktørar er ansvarleg for å gjennomføre kan ha konsekvensar for Klima- og miljødepartementet ved at det kan søkjast om støtte til gjennomføring av tiltaka frå tilskotsordningar eller investeringspostar på departementet sitt budsjett. Eksisterande ordningar som kan vere aktuelle å søkje om tilskot frå til gjennomføring er synleggjort i dei enkelte tiltaka. Dei mest aktuelle eksisterande ordningane på Klima- og miljødepartementet sitt budsjett for statlege investeringar eller tilskotsordningar som det kan vere aktuelt å søkje om kompensasjon eller støtte til gjennomføring av enkelte tiltak på, er:

  • Kap. 1420, post 31 – Tiltak for villrein: for statlege utgifter for gjennomføring av tiltak i tiltaksplanane. Midlane skal dekkje kjøp av hytter med tilhøyrande tomt, og utgifter til flytting eller sanering av slike, samt kostnader til kjøp og sanering av vegar og parkeringsplassar. Midlane kan òg dekkje utgifter til å restaurere natur i tilfelle der hytter, turstigar eller liknande blir fjerna.
  • Kap. 1420, post 60 – Natursats: for tilskot til mellom anna revisjon av vedtekne naturmangfaldplanar og regionale planar for villreinfjella, gjennomgang av eldre arealplanar (planvask), og til planlegging og gjennomføring av lokale tiltak for å vareta naturmangfald.
  • Kap. 1420, post 80 – Tiltak for villreinvennleg ferdsel av menneske: for tilskot til tiltak som fremjar villreinvennleg ferdsel av menneske for å redusere forstyrringar i leveområda til villreinen. Det kan givast tilskot til å dekkje kostnader mellom anna ved nedlegging og sanering av turisthytter, stigar, vegar, parkeringsplassar og tilbakeføring til natur, flytting av turisthytte eller økonomisk tap ved reduksjon av opningstider.
  • Kap. 1420, post 81 – Villreinfjellet som verdiskapar: for tiltak som fremjar fleire formål samstundes (brei verdiskaping). Ordninga er spesielt innretta mot reiselivet og skal ha god samhandling med handlingsprogramma til regionale planar.
  • Kap. 1420, post 87 – Tilskot til natur og friluftsliv i område som er påverka av landbaserte vindkraftverk.
  • Kap. 1424, post 30 – Statens villreinfond, statlege tiltak for villrein i område påverka av vasskraftregulering: for å dekkje utgifter staten sjølv har til tiltak for å betre levevilkåra for villrein, enten desse blir utførte av Miljødirektoratet, statsforvaltarar eller andre statlege etatar.
  • Kap 1424, post 70 – Statens villreinfond, tilskot til tiltak for villrein i område som er påverka av vasskraftregulering: for tilskot til undersøkingar og tiltak som betrar levevilkåra for villrein, hovudsakleg i det området som er påverka av vasskraftreguleringa, inkludert tiltak som ikkje har direkte tilknyting til kraftutbygginga. Midlane skal bidra til å dekkje utgifter til villreintiltak som blir utførte av andre enn staten. Det blir ikkje gitt tilskot til undersøkingar og tiltak som blir dekka av vilkårsrevisjon eller på anna måte pålagd i medhald av vassdrags- og energilovgjevinga.

Storleiken på tilskotsordningane avheng av budsjettprosessar.