1 Innleiing

1.1 Bakgrunn

Tilstanden og utviklinga for villreinen (Rangifertarandus) i Noreg er dårleg. Som heim for over 90 % av den ville fjellreinen i Europa har Noreg eit særskilt ansvar for å bevare arten og leveområda til arten. Trass i mange tiltak over fleire tiår, som verneområde og regionale villreinplanar, er utviklinga framleis negativ. For å snu utviklinga må påverknadsfaktorane avgrensast og nye tiltak setjast i verk, sjølv om dette kan råke andre samfunnsinteresser.

Villreinmeldinga1 legg dei overordna føringane for korleis tilstanden for villreinen i Noreg skal betrast. Det fylgjer av meldinga at tiltaksplanar etter kvalitetsnorma for villrein vil vere regjeringa sitt viktigaste enkelttiltak for å snu den negative utviklinga og betre tilstanden i villreinområda.

Bakgrunnen for tiltaksplanen er Kvalitetsnorm for villrein (Rangifertarandus) frå 20202, og klassifiseringa av dei nasjonale villreinområda frå 2022.3 Klassifiseringa frå 2022 viser at villreinen har betydelege utfordringar i dei fleste av villreinområda. Av dei nasjonale villreinområda har ingen område god kvalitet, fire område har middels kvalitet (Forollhogna, Reinheimen-Breheimen, Setesdal Austhei og Sølnkletten) og seks område har dårleg kvalitet (Hardangervidda, Knutshø, Nordfjella, Rondane, Setesdal Ryfylke og Snøhetta).

Dersom ein kvalitet som er fastsett i ei kvalitetsnorm etter naturmangfaldlova ikkje blir oppnådd, eller det er risiko for at han ikkje blir det, fylgjer det av naturmangfaldlova § 13 tredje ledd at myndigheitene bør lage ein plan for korleis målet likevel kan bli nådd. Denne tiltaksplanen er resultatet av ein langvarig og brei prosess med bakgrunn i faggrunnlag utarbeidd av lokale prosjekt leia av statsforvaltaren. Klima- og miljødepartementet har deretter, både i forkant av og gjennom allmenn høyring, gjennomført ei brei involvering av lokalsamfunn, kommunar og organisasjonar, og fått verdifulle innspel til arbeidet med tiltaksplanen. Tiltaksplanen for Hardangervidda villreinområdet har som mål å bidra til å styrkje levekåra til villreinen ved å balansere den samla aktiviteten i villreinområda opp mot målet om ein robust villreinbestand. Det er samstundes nødvendig å ta omsyn til og leggje til rette for fortsatt landbruksverksemd.

1.2 Om Hardangervidda villreinområde

Hardangervidda er Noregs største villreinområde, med eit samla teljande areal på 8 130 km². Området er avgrensa av europaveg E 134 over Haukelifjell i sør. I nord går grensa langs vassdraget ved Bergensbanen, frå Ustaoset til Reinungavatnet. Numedal avgrensar i aust, og Vestlandsfjordane i vest. Villreinområdet ligg i kommunane Tinn, Eidfjord, Ullensvang, Hol, Nore og Uvdal, Ulvik, Aurland, Vinje og Rollag, og i Telemark, Buskerud og Vestland fylker.

Området ligg på eit høgfjellsplatå med store, opne vidder, slake terrengformer og vide utsyn, der fjell, vatn, myrar og steinmark dannar eit særmerkt heilskapleg landskap. På austvidda er det eit ope og bølgjande landskap, medan vestvidda er meir prega av høge toppar og bratte dalar. Hardangervidda er eit klassisk fjellviddeområde, der årstidsvariasjonane er store. Snøen ligg lenge mange stader, og sommarhalvåret er kort, men intensivt, med grønkledde beiteområde i lågare parti og svalare område høgare oppe. Det store samanhengande arealet, dei vide landskapsromma og den tydelege vekslinga mellom ulike naturtypar gjer Hardangervidda til eit særleg karakteristisk villreinlandskap i norsk fjellnatur.

Trass i dette gode utgangspunktet har området likevel fått klassifiseringa dårleg kvalitet. Dei utslagsgjevande måleparametrane for klassifiseringa var slaktevekt, del eldre bukk per vaksen simle og helsestatus under delnorm 1, og funksjonell arealutnytting under delnorm 3. Vidare peikar påverknadsanalysen på at årsakene til at Hardangervidda ikkje oppnår god vurdering på fleire av delnormene truleg er samansette, og at fleire faktorar verkar saman. I likskap med dei andre villreinområda er det derfor nødvendig å sjå Hardangervidda i eit tilstrekkeleg stort perspektiv, både i geografisk utstrekning og over tid.

Det er fleire forhold dei siste 60 åra som kan vere med på å forklare den dårlege kvaliteten i villreinområdet. Tyngre arealinngrep har bidrege til vesentlege endringar i villreinen sin arealbruk, og den menneskelege bruken av Hardangervidda har endra seg markant, med auka ferdsel både til fots og gjennom ulike former for motorisert ferdsel. I tillegg har det vore periodar med overbeiting med påfølgande reduksjonsavskyting, ein på midten av 1960-tallet og ein på slutten av 1980-tallet. I 2020 og 2022 vart den alvorlege meldepliktige sjukdommen skrantesjuke (chronicwastingdisease (CWD)) påvist på Hardangervidda, på høvesvis ein bukk og ei simle. Desse faktorane har særleg påverka bestandsforholda og leveområda for villreinen på Hardangervidda, og er sentrale sett i lys av måleparametrane i kvalitetsnorma.

Når det gjeld arealinngrep, står utvidingar og auka trafikkgrunnlag på dei store hovudvegane som omkransar villreinområdet heilt sentralt, mellom anna riksveg 7 over Hardangervidda, E 134 over Haukelifjell, fylkesveg 37 mellom Rauland og Rjukan og fylkesveg 2814 over Imingfjell. Bruken av mindre vegar innover i villreinområdet til reguleringsmagasin og områda rundt desse har òg auka, til dømes ved Tinnhølen, Sønstevatn, Mår–Gøyst, Songa, Valldalen, Middyr og Ringedalsvatnet m.fl. I ytterkantane av villreinområdet har det dei siste 20 åra vore ein betydeleg auke i hyttebygging og utvikling av reiselivsdestinasjonar.

Bruken av Hardangervidda til friluftsliv og rekreasjon har endra seg over tid, med framvekst av nye aktivitetsformer. Samstundes har omfanget av motorferdsel auka dramatisk. Klimaendringar og endringar i bestandsstorleik verkar òg inn.

Figur 1.1 Oversiktskart over villreinområdet

1.3 Målsetjingar

Kvalitetsmålet etter kvalitetsnorma er at minimum middels kvalitet blir oppretthalden eller nådd snarast mogeleg, og på lengre sikt er det òg eit mål at dei nasjonale villreinområda skal ha god kvalitet. Målsetjingane i villreinmeldinga, som eit samla Storting har slutta seg til, er:

  • å stoppe den negative utviklinga i alle villreinområda innan 2030
  • å oppnå minimum middels kvalitet for alle villreinområda innan 2050
  • å oppnå god kvalitet for alle nasjonale villreinområde innan 2100

Det overordna målet med tiltaksplanen for Hardangervidda er å heve alle måleparametrane til ein god tilstand, så raskt som mogeleg. I Hardangervidda villreinområde er det, i lys av dei måleparameterane som vart klassifisert til dårleg kvalitet gjennom kvalitetsnorma, utfordringar med slaktevekt på kalv, kjønnsbalansen, førekomst av skrantesjuke og funksjonell arealutnytting. Vidare er det viktig å hindre at andre parameterar som vart klassifiserte til middels tilstand, går ned til dårleg tilstand, samstundes som det blir sett i verk tiltak for å heve desse til ein god tilstand.

Målet med tiltakspakkene er at Hardangervidda skal ha ein villreinbestand som er livskraftig, og som har nok tilgjengelege areal til å tole ytre påverknader som sjukdom, predasjon og komande klimaendringar. Dette vil krevje tiltak for å hindre ytterlegare fragmentering av leveområdet og for å betre trekkpassasjane. Lokale kulturtradisjonar skal takast vare på gjennom å ha ein sunn villreinbestand av ein slik storleik at han toler årleg jaktuttak. Intensjonen er å leggje til rette for at villreinen kan ha ei framtid på Hardangervidda ved å balansere den samla aktiviteten og belastninga.

Særlege utfordringar i Hardangervidda villreinområde er:

  • Få kalver per simle/ungdyr
  • Låge slaktevekter på kalv
  • Dårleg funksjonell arealutnytting: Infrastruktur og menneskeleg aktivitet fører til at reinen vik unna område han elles ville ha nytta
  • Helsestatus – førekomst av meldepliktig sjukdom: Skrantesjuke vart påvist på ein villreinbukk i 2020 og ei villreinsimle i 2022

Desse problema må løysast for at villreinområdet skal oppnå middels kvalitet. Det er òg viktig å forvalte villreinen og villreinområdet på ein slik måte at dei andre parameterane i kvalitetsnorma ikkje blir dårlegare i framtida.

1.4 Format og status

Tiltaka i tiltaksplanen er ikkje juridisk bindande. Ingen av tiltaka som oppmodar kommunar, fylkeskommunar, private aktørar eller andre organisasjonar til å gjennomføre tiltak, er pålegg frå staten si side. Kommunar, fylkeskommunar, private aktørar og andre organisasjonar kan søkje om tilskot for statleg medfinansiering. Utover tiltak statlege myndigheiter sjølve er ansvarlege for å gjennomføre, er tiltaka hovudsakleg oppmodingar til aktørane om bruk av verkemiddel som dei sjølve rår over.

Tiltaksplanen er ikkje verkemiddel for handteringa av skrantesjuke, men er utforma slik at han er foreinleg med den nasjonale oppfylginga av sjukdommen og understøttar målet om levedyktige villreinbestandar.

Tiltaksplanen gjev ein oversikt over tiltak som ein skal søkje å få gjennomført innanfor villreinområdet. Oppfylginga av ei rekkje enkelttiltak i tiltaksplanen vil skje gjennom andre prosessar, til dømes gjennom at tiltak blir vedtatt, avtala eller på andre måtar gjennomført i samsvar med eit sjølvstendig rettsgrunnlag eller gjennom frivillig tilslutning. Formålet med tiltaksplanen er å samle dei konkrete tiltaka som er, kan eller skal bli vedtatt eller gjennomført i ein felles plan, som alle aktuelle aktørar kan bruke som eit referansepunkt for arbeidet med å betre tilstanden for villreinen i villreinområdet. Sektormyndigheitene som er råka skal involverast i prosessar knytt til oppfylginga av tiltaka i planen.

Gjennom høyringa har kommunane, fylkeskommunane og private aktørar som frivillige organisasjonar, grunneigarar og vegeigarar gjeve si tilslutning til ei rekkje av dei konkrete tiltaka. Andre tiltak oppmodar kommunane til å gjennomføre tiltak på sine ansvarsområde, til dømes gjennom planvask eller tilpassing og reduksjon av motorferdsel.

Ein del tiltak må i tillegg fylgjast opp gjennom ordinære prosessar etter sektorregelverk, til dømes gjennom prosessar etter energi- og vassdragslovgjevinga, plan- og bygningslova eller ved å fastsetje lokale forskrifter etter friluftslova.

Enkelte av tiltaka er allereie sett i gang eller i prosess, nokre tiltak kan gjennomførast innanfor dagens lovverk og med avgrensa økonomiske kostnadar, mens andre tiltak krev regelverksendring, enkeltvedtak, ytterlegare prosess, utgreiing, detaljering og/eller planlegging før dei kan gjennomførast.

Fotnotar

3  Christer Moe Rolandsen, Torkild Tveraa, Vegard Gundersen, Knut H. Røed, Hans Tømmervik, Kjersti Kvie, Jørn Våge, Anna Skarin, & Olav Strand (2022). Klassifisering av de ti nasjonale villreinområdene etter kvalitetsnorm for villrein. Første klassifisering – 2022 (Report No. 2126). Norsk institutt for naturforskning (NINA). https://hdl.handle.net/11250/2991315.