Innleiing

Statsrådar, statssekretærar og politiske rådgjevarar kan bli pålagde karantene og saksforbod ved overgang til stilling eller verv utanfor statsforvaltninga, eller ved etablering av eiga næringsverksemd. Dette er fastsett i lov 19. juni 2015 nr. 70 om informasjonsplikt, karantene og saksforbud for politikere, embetsmenn og statsansatte av 19. juni 2015 (karantenelova). 

Det er oppnemnt ei uavhengig nemnd, Karantenenemnda, som avgjer om ein politikar skal påleggjast karantene og/eller saksforbod.

Melding om overgang til Karantenenemnda

Politikaren har informasjonsplikt om overgangar som er omfatta av karantenelova.

For spørsmål om utfylling av meldingsskjemaet, kontakt sekretariatet for Karantenenemnda.

Utfylt meldingsskjema skal sendast til:  karantenenemnda@dfd.dep.no

Om karantenelova

Karantene

Karantene inneber eit tidsavgrensa forbod mot å tiltre ny stilling eller verv utanfor statsforvaltninga eller etablere næringsverksemd, sjå karantenelova § 2 andre ledd.

Vilkåra for å påleggje karantene går fram av karantenelova § 6. Karantene kan berre påleggjast i særlege høve når eit eller fleire av desse vilkåra er oppfylt:

  1. Der det er eit konkret samband mellom dei tidlegare ansvarsområda og arbeidsoppgåvene politikaren hadde i den politiske stillinga eller til bestemte saker som var til behandling i departementet i funksjonstida til politikaren, og interessene til den verksemda politikaren vert knytt til eller etablerer, sjå karantenelova § 6 bokstav a.
  1. Der politikaren sitt tidlegare ansvar og arbeidsoppgåver  kan gi verksemda politikaren vert knytt til eller etablerer særlege fordelar, sjå karantenelova § 6 bokstav b.
  1. Der overgangen på annan måte kan være eigna til å svekke tilliten til forvaltninga generelt, sjå karantenelova § 6 bokstav c.

Saksforbod

Eit saksforbod inneber eit tidsavgrensa forbod mot å involvere seg i bestemte saker eller saksområde. Det omfattar mellom anna å drive påverknadsarbeid, gi råd til eller opptre på vegne av andre og delta i saksbehandling, møte eller forhandlingar, sjå karantenelova § 2 tredje ledd. Dei same vilkåra gjeld for å påleggje saksforbod som for karantene, sjå karantenelova § 7. Saksforbod kan nyttast som alternativ til karantene dersom det er hensiktsmessig og nødvendig.

Lengda på karantene og saksforbod

Karantene kan påleggjast for maksimalt seks månader frå fråtredingstidspunktet, sjå karantenelova § 6. Lengda på saksforbod kan vere opp til 12 månader frå fråtredingstidspunktet, sjå karantenelova § 7.

Saksforbod kan påleggjast i inntil 18 månader frå fråtredingstidspunktet når særleg tungtvegande omsyn tilseier det, sjå karantenelova § 7 andre ledd. Dette kan vere aktuelt dersom departementet har vore involvert i anbod eller forhandlingar om store innkjøp eller har til behandling store konsesjonssaker aller andre omfattande avtalar, løyve og prosessen går føre langt fram i tid etter at politikaren fråtredde.

Informasjonsplikta

Politikarar har ikkje informasjonsplikt ved overgang til stillingar i statlege verksemder som er ein del av statsforvaltinga. Karantenelova gjeld ikkje for overgang til partipolitisk arbeid eller politiske verv i Stortinget, kommunar og fylkeskommunar, sjå karantenelova § 1 tredje ledd. Det er derfor ikkje informasjonsplikt for disse overgangane.

Informasjonsplikta gjeld for overgangar til stilling eller verv utanfor statsforvaltinga og all etablering av næringsverksemd. Informasjonsplikta gjeld i 18 månader etter at han eller ho gjekk frå den politiske stillinga, sjå karantenelova § 5 andre ledd.

Politikaren har i 18 månader etter fråtredingstidspunktet også informasjonsplikt til Karantenenemnda om endringar i stilling, verv eller eiga næringsverksemd. Dette gjeld:

  1. endringar i kva for sektorar eller bransjar politikaren skal arbeide med
  2. endringar i politikarens kontakt med styresmaktene
  3. endringar i politikarens organisatoriske plassering i ei stilling, eit verv eller eiga næringsverksemd

Politikaren må gi Karantenenemnda informasjon om overgangen eller endringane som er omfatta av informasjonsplikta seinast tre veker før overgangen. Politikaren skal gi dei opplysingane Karantenenemnda treng for å fatte vedtak. Dette inkluderer opplysingar om embetet eller stillinga som politikar og den nye stillinga, vervet eller verksemda.

Meldingsskjemaet vil innehalde dei opplysingane som i dei fleste tilfelle er nødvendige for å behandle saka. Det kan likevel vere behov for å innhente meir informasjon. Informasjonsplikta vil òg gjelde slike tilleggsopplysingar.

Karantenenemnda si frist for å fatte vedtak

Karantenenemnda har frist på to veker til å treffe vedtak.

Fristen på to veker blir rekna frå det tidspunkt Karantenenemnda har fått dei opplysningane som nemnda treng for å behandle saka, sjå karantenelova § 9 første ledd første punktum, og forskrifta til karantenelova § 1 første ledd.

Fristen blir forlenga dersom

  • Karantenenemnda får melding på laurdagar, søndagar eller lovbestemte heilagdagar eller høgtidsdagar. Fristen blir da rekna frå førstkomande yrkedag, sjå forskrifta til karantenelova § 1 andre ledd.
  • det er lovbestemte heilagdagar eller høgtidsdagar i den perioden der to-vekersfristen gjeld. Då blir fristen forlenga med like mange yrkedagar, sjå forskrifta til karantenelova § 1 tredje ledd.

Sekretariatet informerer politikaren om når fristen blir rekna frå, og kva slags frist som gjeld for saksbehandlinga.

Forbod mot å tiltre i stilling, verv eller etablere næringsverksemd før saka er behandla

Politikaren kan ikkje tiltre stilling eller verv, eller etablere næringsverksemd, før karantenenemnda har gjort vedtak i saka, sjå karantenelova § 9 første ledd andre punktum. Endringar som er omfatta av informasjonsplikta etter § 5 tredje ledd kan ikkje settast i verk før Karantenenemnda har gjort vedtak i saka, jf. § 9 første ledd tredje punktum.

Når saka gjeld etablering av eller overgang til eiga næringsverksemd, kan administrative oppgåver som er nødvendige for å etablere selskapet bli utførte.

Brot på informasjonsplikta og forbodet mot å tiltre før saka er behandla

Ved brot på dei plikter som er gitt i eller i medhald av karantenelova eller vedtak fatta etter lova, gir karanteneloven § § 18-21 heimel til å gi pålegg om å avslutte det som er ulovleg, å påleggje tvangsmulkt, fremje krav om inndraging av inntekt oppnådd som følgje av lovbrotet, påleggje eit gebyr som følgje av lovbrotet eller treffe vedtak om stans og tilbakekrevjing av godtgjering..

Karantenenemnda si rettleiingsplikt

Karantenenemnda har rettleiingsplikt. Rettleiingsplikta er fastsett i forvaltningslova § 11, og har denne ordlyden:

Etter forespørsel fra en part og ellers når sakens art eller partens forhold gir grunn til det, skal forvaltningsorganet gi veiledning om:

  1. gjeldende lover og forskrifter og vanlig praksis på vedkommende saksområde, og
  2. regler for saksbehandlingen, særlig om parters rettigheter og plikter etter forvaltningsloven. Om mulig bør forvaltningsorganet også peke på omstendigheter som i det konkrete tilfellet særlig kan få betydning for resultatet.

Sekretariatet for Karantenenemnda har ansvaret for å rettleie på vegne av Karantenenemnda

Teieplikt og offentlegheit

Teieplikta etter forvaltningslova § 13 gjeld:

  1. noens personlige forhold, eller
  2. tekniske innretninger og fremgangsmåter samt drifts- eller forretningsforhold som det vil være av konkurransemessig betydning å hemmeligholde av hensyn til den som opplysningen angår

Offentleglova gjeld for Karantenenemnda si verksemd. Spørsmål om innsyn blir behandla etter reglane i lova.