Arbeidsmarknadspolitikken skal bidra til ein velfungerande arbeidsmarknad med god utnytting av arbeidskrafta. Det inneber at arbeidsgivarar får tak i den arbeidskrafta dei treng og at arbeidsgivarar og arbeidstakarar raskt kan finne kvarandre. Offentleg tilgjengeleg informasjon om ledige stillingar skal bidra til det. Arbeidsplassen.no er Arbeids- og velferdsforvaltningen (NAV) si nettside for ledige stillingar.  

Dei fleste i Noreg kjem i jobb på eiga hand. Likevel er det mange som har utfordringar med å få innpass i arbeidsmarknaden. Lite arbeidserfaring, svake norskferdigheiter , helseproblem og låg formell kompetanse kan gjere det vanskeleg å få jobb. Eit viktig mål i arbeidsmarkandspolitikken er derfor å inkludere utsette grupper i arbeidsmarknaden og styrke moglegheitene deira til å få eller behalde arbeid. Arbeidsmarknadspolitikken skal også motverke utstøyting og diskriminering, og sikre eit tilrettelagt arbeidstilbod for personar som treng det.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har det overordna ansvaret for arbeidsmarknadspolitikken, og arbeids- og velferdsforvaltninga (Nav) gjennomfører han.

Korleis kan myndigheitene få fleire i jobb?

Det er Nav-kontora som tilbyr arbeidsretta tenester og tiltak for å få folk i jobb. Nav-kontoret kan også tilby arbeidsgivarar bistand til å rekruttere nye tilsette.

Alle som vender seg til eit Nav-kontor, og som ønsker eller treng bistand for å behalde eller få en jobb, har rett til å få vurdert sitt bistandsbehov. Nav-kontoret kan tilby arbeidsretta tenester som rettleiing og hjelp til å søke jobb. Dersom det er behov for meir bistand, kan Nav-kontoret tilby ulike arbeidsmarknadstiltak.

Hovudmålet med arbeidsmarknadstiltaka er å styrke moglegheita til den enkelte til å få eller behalde arbeid. Tiltaka kan også avklare arbeidsevna til den enkelte. Les meir om arbeidsmarknadstiltaka og bistand frå Nav for å komme i jobb på Nav sine sider.