Den norske arbeidsmarknaden
Artikkel | Sist oppdatert: 05.04.2017 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Arbeidskraft er den viktigaste ressursen vår, og derfor må han utnyttast effektivt. På mange måtar har vi lukkast godt i Noreg. Sysselsetjinga er høg, og inntektene er høge. Men vi er òg på topp i bruk av helserelaterte trygdeytingar.
Mål: Høg sysselsetjing
Høg sysselsetjing er eit av dei høgast prioriterte måla for regjeringa. Høg sysselsetjing er viktig av fleire grunnar:
- Deltaking i arbeidslivet er viktig for inntekta og velferda til kvar og ein. Inntekta frå arbeid vil for dei fleste vere langt høgare enn ei alternativ trygdeyting. Arbeid motverkar fattigdom og utjamnar økonomiske og sosiale forskjellar. Dei fleste opplever arbeidsplassen som ein stad der ein kan få brukt kvalifikasjonane og ressursane sine. For dei fleste er arbeid ein meiningsfull og nyttig aktivitet. Arbeidsplassen er òg ein viktig sosial arena.
- Arbeidskraft er den viktigaste innsatsfaktoren i samfunnsøkonomien. For at vi skal oppnå høgast mogeleg verdiskaping og velferd, må sysselsetjinga vere høg og arbeidskrafta må finne vegen til dei delane av arbeidsmarknaden der ho gjer mest nytte.
- Høg sysselsetjing er ein føresetnad for at vi skal kunne oppretthalde og vidareutvikle velferdsstaten. Verdiskapinga i samfunnet må vere høg for å sikre ressursar til velferdsstaten.
Kor mange jobbar i Noreg?
Noreg er blant dei landa i verda med høgast sysselsetjing: 77 prosent av befolkninga (20–64 år) er sysselsett. I EU er til samanlikning 71 prosent i arbeid. Samanlikna med gjennomsnittet i EU er sysselsetjinga høgare i alle grupper. Og særleg er ho høg blant ungdom og eldre. For dei midt i arbeidskarrieren, er sysselsetjinga i Noreg nærmare gjennomsnittet i EU. Særleg gjeld dette for menn.
Korleis har utviklinga vore?
Talet på sysselsette i Noreg har vakse med 50 prosent sidan 1970: Frå 1,6 millionar til vel 2,7 millionar i 2015. Gjennom siste halvdel av 1970-åra og fram til slutten av 1980-åra bidrog særleg inntoget til kvinnene i arbeidsmarknaden til vekst i sysselsetjinga. Etter EU-utvidinga i 2004 har den høge arbeidsinnvandringa bidrege mest til vekst i sysselsetjinga. 2/3 av veksten i sysselsetjinga etter 2004 har kome blant innvandrarane.
Etterspurnaden etter arbeidskraft har etter den internasjonalen finanskrisa i 2008 og den seinare nedgangen i aktiviteten knytt til oljesektoren vakse mindre enn tidlegare. Samstundes har veksten i befolkninga vore høg, først og fremst som følge av høg innvandring. Sysselsetjingsdelen har dermed falle etter 2008.
Høg innvandring
Noreg har hatt høg innvandring sidan EØS vart utvida i 2004 med nye medlemsland. Mange kjem for å jobbe. Det er også mange innvandrarar som kjem på grunn av familiesameining eller vernebehov. Eit mindretal kjem for å studere. Parallelt med at etterspurnaden etter arbeidskraft har gått ned dei siste åra, har òg arbeidsinnvandringa gått ned. Høg tilstrømming av asylsøkjarar, særleg i 2015, inneber at fleire innvandrarar skal finna sin plass i arbeidsmarknaden.
Mange jobbar i tenesteyrke
Noreg har ein utvikla økonomi, og inntektsnivået er høgt. Etterspurnaden etter tenester veks raskare enn etterspørselen etter mat og industriprodukt. Derfor jobbar få med å produsere varer, mens mange jobbar med å yte tenester, som butikkarbeidarar og helse- og omsorgsarbeidarar. Dette er ei utvikling vi har sett sidan midt i 1970-åra. Det er grunn til å tru at denne utviklinga vil halde fram også i åra som kjem. Ikkje minst fordi behova for arbeidskraft vil auke mykje i helse- og omsorgssektoren dei komande tiåra.
Arbeidsløysa i Noreg
Er det meir arbeidsløyse i enkelte grupper?
Ja, somme grupper er overrepresenterte blant dei arbeidslause:
- ungdom
- personar med kort eller inga utdanning
- personar med utanlandsk bakgrunn
Om lag halvparten av dei unge arbeidssøkjarar, er under utdanning. Blant personar med lang utdanning og eldre har vi svært få arbeidslause i Noreg.
Korleis måler vi arbeidsløyse?
Det er to offisielle mål på arbeidsløyse i Noreg: Arbeids- og velferdsetatens (Navs) mål og Statistisk sentralbyrås mål (AKU).
Navs måte å måle på
Nav-kontora registrerer kvar månad talet på arbeidssøkjarar. Talet på registrerte arbeidssøkjarar hos Nav dannar grunnlaget for arbeidsløyseprosenten som Nav omtaler. Denne måten å måle på blir ofte kalla den registrerte arbeidsløysa. Sjå hovudtal om arbeidsmarknaden på nav.no
SSBs måte å måle på
Statistisk sentralbyrå (SSB) publiserer kvar månad ei spørjeundersøking av arbeidsmarknadstilknytinga til befolkninga. Arbeidskraftundersøkinga (AKU) er tilpassa ein standard frå ILO og statistikkontoret i EU og kan difor samanliknast med situasjonen i andre land. Talet på arbeidslause i AKU er overlappande med Navs tal, men ikkje samanfallande.
Kva med dei som ikkje er i jobb?
Ikkje berre er Noreg nær europatoppen når det gjeld å ha høg sysselsetjing – vi er òg på toppen når det gjeld å ha ein stor del av befolkninga på trygd. Nær 1/5 av alle vaksne i Noreg mottek ei såkalla helserelatert yting. Fyrst og fremst mottek mange
- uføretrygd
- arbeidsavklaringspengar
- sjukepengar
Forklaringa på at både sysselsetjinga er høg og omfanget av trygdeytingar er høgt, er enkelt og likefram: Dei aller fleste i Noreg som ikkje kan jobbe, mottek ei helserelaterte trygdeyting. Dermed er det få som opplever reell fattigdom, og som er nøydde til å ty til sosialhjelp, privat forsørging og tigging. Noregs nokså sjenerøse trygdeytingar sikrar kjøpekraft og velferd også for dei som ikkje kan jobbe, og det fører til mindre økonomiske forskjellar.
Eit høgt inntektsnivå
Noreg har gjennom fleire tiår opplevt høg økonomisk vekst, og inntektsnivået per innbyggjar er no blant det høgaste i verda. Veksten i oljesektoren har bidrege til dette. I tillegg til at inntektene i gjennomsnitt er høge, er verdiskapinga jamnare fordelt enn i dei fleste andre land.
Meir lønn eller meir fritid?
For somme betyr auka inntekt at dei ønskjer å jobbe meir, sidan det er lønnsamt. For andre betyr auka inntekt at dei ønskjer å jobbe mindre og ha meir fritid, sidan dei no har fått betre råd. Erfaringar frå dei siste tiåra tyder på at befolkninga samla sett ønskjer å ta ut mykje av den auka inntekta i meir fritid. Mens mange europeiske land har opplevt svak og til dels negativ lønnsutvikling etter finanskrisa i 2008, har lønnsveksten i Noreg halde seg stabil.
Les meir om inntektspolitikk og lønnsoppgjer.