Folkehelselova

Folkehelselova (lovdata.no) trådde første gang i kraft 1. januar 2012 og blei revidert i 2025. Folkehelselova skal bidra til ei samfunnsutvikling som fremjar folkehelse, livskvalitet og gode sosiale og miljømessige forhold. Eit sentralt formål for lova er å jamne ut sosiale helseforskjellar.

Dei mest sentrale forskriftene som er heimla i folkehelselova:

Forskrifta skal legge til rette for systematisk og kunnskapsbasert folkehelsearbeid. Forskrifta skal bidra til samordning og standardisering av kommunane og fylkeskommunane sitt arbeid med oversikt over helsetilstanden i befolkninga og dei positive og negative faktorane som kan verke inn på denne.

Gjennom lova har både private og offentlege verksemder og eigedomar fått eit særleg ansvar for å planlegge, tilrettelegge og drive på ein helsemessig tilfredsstillande måte. Vidare stiller lova krav til kommunane si planlegging innan beredskap, slik at dei kan handtere hendingar med miljøfaktorar. 

Forskrifta har til formål å fremje folkehelse og bidra til gode miljømessige forhold, og sikre befolkninga mot miljøfaktorar som kan ha negativ innverknad på helsa. Kommunen skal arbeide for å fremje folkehelse og bidra til å sikre befolkninga mot miljøfaktorar som kan ha negativ innverknad på helsa.

Forskrifta presiserer krav til kommunen sin beredskapsplanlegging, slik at kommunen kan handtere hendingar med miljøfaktorar. Forskrifta stiller også krav til verksemder, mellom anna når det gjeld støy, utslepp til luft, grunn eller vatn, ulykker og skadar, og krav til innretningar (til dømes kjøle- og dusjanlegg, VVS-anlegg, anlegg som blir brukt til fukting mm.) som kan spreie legionella. Forskrifta er planlagd revidert etter innføring av revidert folkehelselov i januar 2026.

Forskrifta har som overordna formål å bidra til at miljøet i barnehagar, skular, skulefritidsordningar og leksehjelpsordningar fremjar barn og elevar si helse, trivsel, leik og læring, samt at sjukdom, skade og alvorlege hendingar blir førebygde. Det er kommunen som fører tilsyn med regelverket.

Forskrifta skal sikre tilfredsstillande hygieniske forhold og førebygge overføring av smittsame sjukdommar ved frisør-, hudpleie-, tatoverings-, holtaking- og liknande verksemder. Regelverket gjeld også for nyare aktivitetar og verksemder som tilbyr kosmetiske behandlingar som medfører penetrering og destruering av hud, men er avgrensa mot verksemder med medisinsk formål.

Forskrifta skal sikre brukarane av badeanlegg, bassengbad og badstuer tilfredsstillande helsemessige og hygieniske forhold, samt bidra til å hindre ulykker. Forskrifta er for tida under revisjon.

Forskrifta skal førebygge at skadedyr blir årsak til overføring av sjukdom til eller andre helseproblem hos menneske, og sikre korrekt bruk av middel og metodar i ein eventuell kamp mot skadedyr, slik at det ikkje oppstår helse- eller miljøskade.