Miljø og helse
Artikkel | Sist oppdatert: 25.03.2026 | Helse- og omsorgsdepartementet
Eit helsefremjande miljø er ein viktig føresetnad for god helse. Gode stader, nærmiljø og lokalsamfunn har stor betydning for folks liv i kvardag og fritid, for sosialt samvær, livskvalitet og helse. Negative miljøpåverknader som luftforureining, støy, miljøgifter og stråling kan forårsake og forsterke utviklinga av sjukdomar som kreft, luftvegssjukdomar, hjarte- og karsjukdomar og allergiar.
Helsefremjande og trygge miljø gir god helse og livskvalitet, og vil samtidig bidra til å førebygge sjukdom og skadar.
Gjennom å legge til rette for fysisk og sosial aktivitet, trygg tilkomst til skule og fritidsaktivitetar og daglege gjeremål, gjere sunne val lettare tilgjengeleg for alle og å skape gode sosiale møteplassar, legg ein grunnlaget for eit sosialt berekraftig lokalsamfunn.
Ein sentral plass
Folkehelsa har ein sentral plass i kommunal og regional planlegging og utvikling, så vel som i næringspolitikken, i samferdselspolitikken og i arbeid for ei meir aktivitets- og aldersvennleg nærmiljøutvikling.
Ein viktig del av folkehelsepolitikken er å fremje folkehelsa og livskvaliteten og samtidig verne folket mot miljøfarar som støy, luftforureining, miljøgifter, stråling, mot dårleg inneklima og risiko for ulykker og skadar og for dårleg inneklima.
Ansvarsområde
Ansvar og myndigheit for fagområdet miljø og helse (tidlegare miljøretta helsevern) ligg både til stat, fylkeskommune og kommune med heimel i folkehelselova (lovdata.no).
Kommunane har eit spesielt ansvar for tenesteområdet miljø og helse gjennom å ha oversikt over faktorar som påverkar helsa til innbyggarane, rettleiing og tilsyn med verksemder og eigedomar.
Miljø og helse bør vere integrert med det breie folkehelsearbeidet i kommunane og er eit viktig bidrag for eit trygt og helsefremjande miljø.
To ulike linjer
Tradisjonelt har det vore to hovudlinjer å jobbe langs innan miljø og helse. Langs den eine linja finn vi kontroll- og tilsynsoppgåvene som ligg i folkehelselova. Folkehelselova stiller overordna krav til verksemder og eigedomar, mens forskriftene gir detaljerte regler for krav og gir kommunen verktøy til å føre tilsyn og behandle søknader om godkjenning.
Langs den andre linja finn vi oppgåver som planlegging og utvikling, noko som inkluderer folkehelsearbeid i vid forstand. Dette omfattar oversikt over helsetilstanden og faktorar for påverknad i kommunen, medverknad til å ta helsemessige omsyn i avgjerdsprosessar, gi råd og uttaler, og delta i plan- og samarbeidsorgan.
Relevante forskrifter
Teneste for miljø og helse i kommunane er ei viktig oppgåve og ressurs i det breie folkehelsearbeidet. Tenesta har si merksemd retta mot heile befolkninga, og ho er både sektorovergripande og gir kommunen verkemiddel overfor verksemd og eigedom, både privat og offentleg.
Kommunane sitt ansvar etter kapittel 2 i folkehelselova, samt verkemidla i kapittel 3, er sentrale i kommunane sitt heilskaplege folkehelseansvar.
Det er med heimel i folkehelselova kapittel 3 gitt ei rekke forskrifter:
- Forskrift om miljøretta helsevern (lovdata.no)
- Forskrift om helse og miljø i barnehagar, skular og skulefritidsordningar (lovdata.no)
- Forskrift for badeanlegg, bassengbad og badstu (lovdata.no)
- Forskrift om hygienekrav for frisørverksemd m.v. (lovdata.no)
- Forskrift om kamp mot skadedyr (lovdata.no)
- Drikkevassforskrifta (lovdata.no)
- Forskrift om smittefarleg helseavfall (lovdata.no)
- Forskrift om tvangsmulkt etter folkehelselova (lovdata.no)