Forsking og innovasjon i dei kommunale helse- og omsorgstenestene og tannhelsetenesta
Artikkel | Sist oppdatert: 28.04.2026 | Helse- og omsorgsdepartementet
Regjeringa vil styrke kunnskapsgrunnlaget i og om dei kommunale helse- og omsorgstenestene. Fleire av oss blir eldre, og det blir samtidig knappare tilgang på personell. Den medisinske utviklinga fører til at fleire overlever alvorleg sjukdom, og at fleire lever lenge med kroniske sjukdomar og funksjonsnedsettingar.
Desse endringane i befolkninga, og det aukande behovet for kommunale helse- og omsorgstenester krev meir forsking i og om denne delen av tenestene.
Auka behov for helse- og omsorgstenester
Når fleire overlever alvorleg sjukdom og lever med langvarige og samansette hjelpebehov, aukar etterspurnaden etter helse- og omsorgstenester. Samtidig har det vore ein betydeleg auke i talet på yngre tenestebrukarar under 50 år.
Pasientar og brukarar i alle aldersgrupper kan ha behov for samansette tenester, ofte frå fleire tenesteytarar på ulike tenestenivå.
Utviklinga av nye og effektive behandlingsformer, diagnostikk og tenester går raskt. Dette gir både tenesteytarar og tenestebrukarar nye moglegheiter, samtidig gir det utfordringar fordi mange av tiltaka kan vere kostbare og ha usikker effekt.
Korleis arbeide kunnskapsbasert?
Avgjerdstakarar i dei kommunale helse- og omsorgstenestene må i aukande grad ta vanskelege avgjerder som handlar om å prioritere mellom ulike tenesteområde, brukarar og pasientar. Derfor er det avgjerande å bruke tilgjengelege ressursar på dei tiltaka som verkar best. Dette er berre mogleg dersom dei som tar avgjerder har kjennskap til kunnskapsgrunnlaget for tiltaka.
Kunnskapsbasert tenesteutøving og tenesteutvikling føreset forsking og fagutvikling. Forsking skal bidra med kunnskap om:
- helsetilstanden i befolkninga, og kva som påverkar helse og funksjon
- kva helsefremjande og sjukdomsførebyggande tiltak som har effekt
- korleis helsetenesta best kan organiserast
- korleis innovasjon, mellom anna gjennom digitalisering og teknologi, kan bidra til berekraftige tenester
- korleis helsepersonell best kan diagnostisere, behandle og følge opp sjukdom og funksjonssvekking i befolkninga
Kunnskapsbasert praksis er også ein føresetnad for kvalitetsforbetring og pasientsikkerheit.
Forsking og fagutvikling i kommunane
Kunnskapsbasert tenesteutøving og tenesteutvikling føreset forsking og fagutvikling. Kunnskapen må vere tilgjengeleg, delast og takast i bruk. Slik kan kommunane utvikle nye og betre måtar å yte tenester og organisere oppgåver på, i tråd med behov og rammer.
Ein rapport frå NIFU (nifu.no, PDF) viser ein markant auke i forsking og vitskaplege artiklar om kommunale helse- og omsorgstenester. Det same viser prosjektbanken i Forskningsrådet (forskningsradet.no). I dette arbeidet står kunnskaps- og kompetansesentra utanfor spesialisthelsetenesta sentralt.
Regjeringa finansierer etableringa av eit tenestenært kunnskapsstøttesystem for dei kommunale helse- og omsorgstenestene gjennom ei satsing i Forskingsrådet på forsking i, med og om kommunale helse- og omsorgstenester.
Regjeringa tar også sikte på at kompetansesenter der dei kommunale helse- og omsorgstenestene er dei primære brukarane, og som i dag er organiserte i helseføretaka, skal forankrast organisatorisk i ei nasjonal eining under Helsedirektoratet. Endringa skal gjelde frå 1. januar 2027.
HelseOmsorg21-rådet (helseomsorg21.no) sitt arbeid har bidratt til ei tydelegere prioritering av forsking i kommunane.
Samarbeidsarena for forsking
Kommunane sin samarbeidsarena for forsking KSF (ks.no), bygger samarbeid mellom små og store kommunar, forskingsmiljø og andre aktørar som støttar kunnskapsutvikling i kommunane.
Folkehelseinstituttet (FHI) har fått ansvaret for å utvikle eit kunnskapsstøttesystem for dei kommunale helse- og omsorgstenestene, og er ein del av samarbeidet om og med KSF.
FHI skal utarbeide kunnskapsoppsummeringar og mini-metodevurderingar, støtte regionale FoU-miljø i arbeidet med regionale leveransar, koordinere felles praksis og metodebruk på tvers av regionar, gi bistand til kommunane i bruken kunnskapen og sette i verk forsøk i enkeltkommunar.
Kliniske studiar i den kommunale tenesta
Dei fleste innbyggarane som treng helse- og omsorgstenester får hovuddelen av tenestene i kommunane. Dei kommunale helse- og omsorgstenestene omfattar helsefremjande, førebyggande og rehabiliterande tilbod retta mot alle aldrar, utgreiing, behandling og oppfølging, til omsorg og palliasjon.
Dette gjer dei kommunale tenestene til ein viktig arena for ulike typar kliniske studiar.
Behovet for forskingsbasert klinisk kunnskap og praksis er stort i dei kommunale tenestene. Det blir arbeidd på fleire område for å styrke forsking i og på kommunale tenester. Nasjonal handlingsplan for kliniske studier 2026–2036 er særleg relevant i denne samanhengen.
Resultat innan oral helse
Den pågåande forskingsstrategien for oral helse Sammen om kunnskapsløft for oral helse, forskings- og innovasjonsstrategi på tannhelsefeltet (2017–2027) begynner å gi resultat.
Det er etablert fleire nettverk, og det blir rapportert om auke i publikasjonspoeng, talet på doktorgrader og finansiering frå Forskningsrådet.
Omlegginga av forskingsfinansieringa for forskings- og kompetansesenter innanfor tannhelse, primærhelseteneste, psykisk helse, vald og rus har bidratt til auke i dei same forskingsindikatorane.