Helse er eitt av seks særleg prioriterte områder som er løfta i Langtidsplan for forsking og høgare utdanning. Forsking- og innovasjonssamarbeidet gjennom EUs forskings- og innovasjonsprogram Horisont Europa (forskningsradet.no) står heilt sentralt i dette arbeidet. Her er helse ein av hovudprioriteringane.

Nødvendig med internasjonalt samarbeid

Fleire norske forskings- og innovasjonsmiljø innanfor medisin og helse ligg på eit høgt internasjonalt nivå. Dette gjer seg gjeldande ved betre norsk retur frå Horisont Europa innan helse og Cancer Mission (cancermission.no)

Den vitskaplege og teknologiske utviklinga i samfunnet generelt og behovet for heilskapstenking har auka kompleksiteten i dei problemstillingane som fagmiljøa fokuserer på.

Dette, i tillegg til auka vitskapleg spesialiseringsgrad, gjer det nødvendig å samarbeide over landegrensene.

Deltaking i studiar

Store kliniske studiar krev også stort tilfang av pasientar som vil delta i prosjekta.

Deltaking i internasjonale prosjekt er kompetansebyggande og gir både fagleg og økonomisk draghjelp til å løysa sentrale forskings- og innovasjonsoppgåver.

Samtidig er internasjonalt samarbeid eit utstillingsvindauge for norske fagmiljø.

Horisont Europa

Forskarar i Noreg deltar gjennom EØS-avtalen som fullverdig medlem av Horisont Europa.

Internasjonalt FoU-samarbeid innan helse skjer hovudsakleg gjennom deltaking i dette programmet, dei ni partnarskapa knytte til programmet og eit samfunnsoppdrag (mission) om kreft i regi av EU.

I tillegg er det tettare kopling mellom dei ulike programma i regi av EU, som mellom anna EU4Health, for å få til betre synergiar mellom desse enn tidlegare.

Aktiv partnar

Noreg må vere aktiv for å sikra deltaking i utviklinga av det europeiske innovasjonssystemet. Regjeringa arbeider for å ivareta norske interesser, mellom anna innan helsesektoren, i Horisont Europa.

Helse er eit viktig tematisk forskings- og innovasjonsområde under hovudpilaren Globale utfordringar og konkurransedyktig næringsliv. Her er helse eitt av seks særskilde prioriterte område.

Helse- og omsorgsdepartementet bidrar også til forsking på global helse, både gjennom bidrag til satsing på global helse i Noregs forskingsråd, partnerskapet for europeiske- og utviklingsland om klinisk utprøving (edctp.org) og deltaking i WHO sitt arbeid på helseforsking.

Lenker