Kva er kulturminne og kulturmiljø?

Kulturminne er alle spor etter menneske, både frå fortida og frå vår eiga samtid. Omgrepet omfattar òg stader det knyter seg historiske hendingar, tru eller tradisjon til.

Kulturminne kan til dømes vere hus, hagar, kyrkjer, båtar, bruer eller vegfar. Det kan òg vere arkeologiske kulturminne, slik som gravhaugar, tufter, helleristingar eller gjenstandar som smykke, reiskap og myntar.

Eit kulturmiljø et eit område der fleire kulturminne inngår i ein større heilskap eller samanheng. Til dømes eit byområde, ei setergrend, eit fiskevær eller eit industriområde.

Omgrepet kulturmiljø vert òg nytta som et samleomgrep for kulturminne, kulturmiljø og landskap. Omgrepet understrekar verdien av heilskap og samanheng, og tilknytinga til klima- og miljøpolitikken.

Omgrepet kulturarv vert nytta for både den materielle og immaterielle kulturarven. Den materielle kulturarven er dei fysiske spora (kulturminne og kulturmiljø), medan den immaterielle kulturarven er levande tradisjonar, ferdigheiter og kunnskap som vert overført mellom menneske. Dei er gjensidig avhengige av kvarandre. Til dømes er kunnskap og ferdigheiter om tradisjonshandverk ein føresetnad for å kunne istandsette eldre, verneverdige hus.

1 / 3
Bergstaden på Røros med kirken i bakgrunnen.
False
2 / 3
Fargerike bygg langs Nidelva i Trondheim
False
3 / 3
Fiskebåter i Henningsvær.
False

Verneverdig og vernestatus

Eit verneverdig eller bevaringsverdig kulturminne er eit kulturminne som har gjennomgått ei kulturhistorisk vurdering, og er identifisert som verneverdig.

Kulturminne og kulturmiljø kan bli verna ved lov. Kulturminne og kulturmiljø av nasjonal verdi er freda etter kulturminnelova eller svalbardmiljølova, medan kulturminne og kulturmiljø av lokal eller regional verdi kan ha vern etter plan- og bygningslova.