Meld. St. 33 (2019–2020)

Langskip – fangst og lagring av CO2

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Regjeringa vil bidra til å utvikle teknologi for fangst, transport og lagring av CO2 og legge til rette for ei kostnadseffektiv løysing for fullskala CO2-handtering i Noreg som gir teknologiutvikling i eit internasjonalt perspektiv.

Regjeringa foreslår for Stortinget å gi støtte til gjennomføring av eit norsk demonstrasjonsprosjekt for fullskala CO2-handtering som omfattar fangst, transport og lagring av CO2. Prosjektet har fått namnet Langskip. Regjeringa foreslår å realisere Norcem som første CO2-fangstprosjekt og deretter Fortum Oslo Varmes CO2-fangstprosjekt, under føresetnad av at Fortum Oslo Varme får tilstrekkeleg eigenfinansiering og finansiering frå EU eller andre kjelder. Fortum Oslo Varme må avklare korvidt dei ønskjer å realisere prosjektet på desse vilkåra innan tre månader etter avgjerd om tildeling i andre utlysingsrunde av EUs Innovasjonsfond, men ikkje seinare enn 31. desember 2024. Northern Lights skal realisere CO2-transport og -lagring.

Regjeringa foreslår at Norcem og Northern Lights får statsstøtte i tråd med framforhandla avtalar. Statsstøtte til Fortum Oslo Varme er også basert på framforhandla avtalar, men støtta er avgrensa til to mrd. kroner i investeringar og ein milliard kroner i driftsutgifter. Totale kostnader for prosjektet er anslått til 25,1 mrd. kroner. Regjeringa si tilråding vil ha ei samla styringsramme for staten på 16,8 mrd. kroner. Dette inneber at staten forventar å dekke om lag to tredelar av kostnadene i prosjektet.

Langskip skal demonstrere at CO2-handtering er trygt og mogleg samt legge til rette for læring og kostnadsreduksjonar for etterfølgjande prosjekt. Det vert etablert infrastruktur med ekstra kapasitet, som andre prosjekt kan nytte. Terskelen for å etablere nye CO2-fangstprosjekt blir dermed lågare. Langskip kan også legge til rette for næringsutvikling gjennom å bevare, omstille og skape ny industri og næringsverksemd i Noreg.

Med dagens kunnskap vil det vere naudsynt med fangst og lagring av CO2 for å redusere globale klimagassutslepp i tråd med klimamåla til lågast mogleg kostnader. Utan å ta i bruk CO2-handtering på utsleppskjelder eller ved å bidra til negative utslepp kan det vere krevjande å redusere utsleppa raskt nok. For enkelte sektorar, som sementproduksjon, er det med dagens kunnskap og teknologi ikkje mogleg å unngå utslepp utan å ta i bruk CO2-handtering. For nokre sektorar og nokre utsleppskjelder kan fangst og lagring av CO2 vere den billigaste og beste måten å redusere utslepp. CO2-handtering er eitt av fleire verkemiddel som må takast i bruk for å redusere klimagassutslepp og må verke saman med andre tiltak. Regjeringa planlegg å komme tilbake til dette i ei eiga melding til Stortinget seint i 2020.

Noreg har gode føresetnader for å bidra til utviklinga av CO2-handtering. Vi har sterke fagmiljø for CO2-handtering bygd opp gjennom over 25 år med forsking og erfaring frå planlegging og gjennomføring av prosjekt i Noreg, mellom anna frå planlegginga av fullskalaprosjektet på Mongstad. Vi har òg ein stor kontinentalsokkel med moglegheiter for lagring av CO2 i geologiske formasjonar under havbotnen.

Marknaden har ikkje i dag tilstrekkelege insentiv til sjølv å implementere og utvikle CO2-handtering. Dette kjem mellom anna av at det er høge investeringskostnader, lågt inntektspotensial på kort sikt og høg risiko. Vidare er prisen på utslepp av CO2 lågare enn kostnaden ved CO2-handtering, og utvikling av teknologi kan ha karaktertrekk som eit offentleg gode. Slik teknologien og marknaden er i dag, er det naudsynt at statar bidreg til å utvikle CO2-handtering dersom ein ønskjer ei raskare utvikling. Eit norsk prosjekt vil vidareutvikle teknologi innan fangst og lagring av CO2 og gjennom det redusere kostnader for anlegg som kjem seinare. Det vil vere eit viktig bidrag til å skape ein marknad for fangst og lagring av CO2.

Det er no modna fram ei løysing for fullskala CO2-handtering som legg til rette for at CO2-handtering kan utviklast vidare både i Noreg og Europa. Prosjektet har omfatta fangst av CO2 frå Norcems sementfabrikk i Brevik og fangst av CO2 frå Fortum Oslo Varmes avfallsforbrenningsanlegg på Klemetsrud i Oslo. Northern Lights, eit samarbeid mellom Equinor, Shell og Total, har hatt ansvaret for transport- og lagringsdelen av prosjektet. Denne delen omfattar skip for transport av flytande CO2, ein mottaksterminal i Øygarden kommune og røyr til ein brønn der CO2 skal bli injisert i ein lagringsformasjon under havbotnen.

Selskapa skal eige og utvikle prosjekta. Det er forhandla fram avtalar om statsstøtte som regulerer kostnads- og risikodeling mellom staten og selskapa. Støtteavtalane er utforma slik at dei gir gode insentiv til å halde kostnadene nede og til å halde tidsplanen.

Støtteavtalen til transport- og lagerdelen av prosjektet er vidare utforma slik at Northern Lights vert stimulert til å knyte til seg nye prosjekt. Northern Lights får alle sine inntekter frå lagring av CO2-volum frå nye prosjekt. Northern Lights har difor sterke insentiv til å utvikle marknaden for CO2-lagring.

Gassnova og ekstern kvalitetssikrar, Atkins og Oslo economics, har vurdert prosjektet. Vurderingane syner at prosjektet er modna fram til det nivået det skal vere ved investeringsavgjerd, og resultata frå forprosjekta viser at alle delane av prosjektet er gjennomførbare. Etter kriteria som er sett for prosjektet vurderer Olje- og energidepartementet at Norcem kjem klart best ut av ei rangering av CO2-fangstprosjekta.

Det er relativt få CO2-handteringsanlegg i drift i verda dag, og det er ingen som fangar CO2 frå røykgass frå industriproduksjon. Ved å bygge fleire prosjekt vil verda få læring, teknologisk utvikling og stordriftsfordelar. Dette vil gi naudsynte kostnadsreduksjonar og effektivisering.

Langskip er det første prosjektet i sitt slag. Sjølv om teknologien i dei einskilde delane er velprøvd, vil det vere risiko ved ei rekke forhold. Staten tar ein vesentleg del av denne risikoen. Det vil vere risiko ved grensesnitta mellom dei ulike delane av prosjektet. Det vil også knyte seg risiko til mellom anna kostnadsutvikling, framdriftsplan og om alle delar av prosjektet verkar som dei skal. Det er ei avveging mellom å redusere risiko og å halde kostnadene nede. Viss prosjektet skal ha god demonstrasjonseffekt må kostnadene vere så låge som mogleg. Vi må difor rekne med at det vil vere til dømes innkøyringsproblem og periodar med låg fangstgrad. Det å løyse slike problem vil vere viktige delar av læringa frå prosjektet.

Langskip syner at det er naudsynt med internasjonalt samarbeid om teknologiutvikling og utslippsreduksjonar. Skal CO2-handtering vere eit effektivt og konkurransedyktig klimaverkemiddel må det kome etterfølgjande anlegg i Europa og verda.

Ved å realisere Langskip går Noreg føre, demonstrerer ei heil kjede og investerer i ein CO2-lagerinfrastruktur som kan nyttast av industriselskap i andre land. Regjeringa forventar at Europa no følgjer etter og at restkapasiteten i lageret vert nytta av tredjepartar som ikkje den norske staten finansierer direkte. Ytterlegare norske CO2-fangstanlegg må konkurrere om investerings- og driftstilskot frå generelle støtteordningar, herunder Enova og EUs Innovasjonsfond. Staten vil ikkje gå inn i direkte forhandlingar om statsstøtte med enkeltaktørar.

Til forsida