Meld. St. 33 (2019–2020)

Langskip – fangst og lagring av CO2

Til innhaldsliste

Langskip

Som namn på det norske prosjektet for fangst, transport og lagring av CO2 har regjeringa valt Langskip. Vikingane sine langskip var med si karakteristiske form, fleksible og smidige konstruksjon noko av det ypparste av innovasjon og skipsbyggarteknologi i si tid. Langskipa var slanke, sjødyktige og raske fartøy og difor svært godt eigna til krig- og plyndringstokt. Viktigare enn plyndring var likevel handel. Langskipa gjorde vikingane til langveisfarande handelsfolk som bytta verdifulle varer frå nord med til dømes silke og krydder frå fjerne land. Og sjølv om våre forfedre nok ofte skapte frykt der dei ferdast, så har langskipa vorte eit kjent symbol internasjonalt på vikingtida og vert assosiert med Noreg.

Lik dei som bygde langskipa har vi òg eit mål om å ta teknologien ut i verda, men berre på fredeleg vis. Regjeringa legg stor vekt på at Langskip må bli ei kostnadseffektiv løysing for å handtere CO2, og ein teknologi som fleire kan ta i bruk.

På same måte som det kravde mykje hardt arbeid og slit å bygge eit langskip med klinkbyggemetoden, så krev det stor innsats frå selskapa og eit betydeleg statleg økonomisk bidrag for å realisere ei kostnadseffektiv løysing for fangst og lagring av CO2. Langskip er resultatet av mykje hardt arbeid over fleire år og på tvers av regjeringar. Myndigheiter og kommersielle selskap har saman jobba mot eit felles mål og det er eit omfattande, solid og kvalitetssikra avgjerdsgrunnlag regjeringa no legg fram for Stortinget. Vikingane sine langskip kunne nytte seil, men ofte måtte ein og ro skipa. I begge høve måtte mannskapet jobbe saman. På same måte må vi òg arbeide saman i det vidare for å gjennomføre prosjektet på ein best mogleg måte.

Dei som gjekk om bord i eit langskip og sette ut på havet i mellomalderen segla nok ofte inn i det ukjende. Med skipinga av vårt eige langskip så går vi også inn i mykje som er ukjend. Vi veit ikkje sikkert kva for pris det vil vere på utslepp av CO2 dei neste tiåra. Det vil vere usikkerheit om korleis marknaden for lagring av CO2 vil utvikle seg i Europa. Derimot kan vi vere ganske sikre på at Langskip vil vere eit viktig bidrag til å skape verdikjeder for CO2-handtering i Europa. Vi kan òg feste stor lit til at prosjektet vil bidra til så mykje teknologiutvikling og læring at det neste fangstanlegget som vert bygd vil ha lågare kostnader enn det første.

Med Langskip går Noreg heilt i front i utviklinga av ein teknologi som kan bli avgjerande for å nå klimamåla.

Til forsida