Meld. St. 33 (2019–2020)

Langskip – fangst og lagring av CO2

Til innhaldsliste

2 Bakteppet for satsinga på CO2-handtering

2.1 Parisavtalen ligg til grunn for satsinga på CO2-handtering

Parisavtalen frå 2015 vart til i ei erkjenning av at klimaendringar gir irreversible tap og skadar og utgjer ein alvorleg trussel for natur og samfunn. Saman med aukande press på naturressursar og areal med påfølgjande tap av artar og økosystem, er klimaendringane ein stor trussel for verda si evne til å levere grunnleggande tenester som reint vatn, nok mat og trygge bustader.

Parisavtalen har sett som mål å halde auken i den globale gjennomsnittstemperaturen godt under 2 grader celsius samanlikna med førindustrielt nivå og arbeide for å avgrense temperaturauken til 1,5 grader celsius over førindustrielt nivå. For å nå det langsiktige temperaturmålet blei partane samde om å ta sikte på å nå toppunktet for dei globale klimagassutsleppa så snart som mogleg, ta på seg raske reduksjonar i samsvar med beste tilgjengelege vitskaplege grunnlag, og til slutt oppnå balanse mellom menneskeskapte utslepp og opptak av klimagassar i andre halvdelen av dette hundreåret.

Fleire land, inkludert EU, har vedteke såkalla nettonullmål, eller mål om utsleppsnøytralitet, innan 2050. Slike mål inneber at utslepp vert motsvara av fjerning av klimagassar. Det kan ein gjere ved å auke det naturlege opptaket av CO2 i m.a. skog, jordbruk, landbruksareal og våtmarksområde eller ved at CO2 vert fanga og lagra permanent i geologiske reservoar.

Noreg har under Parisavtalen eit nasjonalt bestemt bidrag på å kutte utslepp av klimagassar med minst 50 pst. og opp mot 55 pst. i 2030 samanlikna med 1990-nivå [1]. Målet i klimalova er at Noreg skal bli eit lågutsleppsamfunn i 2050. Regjeringa la hausten 2019 fram ein lågutsleppstrategi kor ho varsla, i tråd med Granavolden-plattforma, at regjeringa vil forsterke klimamålet for 2050 og endre utsleppsintervallet i det lovfesta klimamålet for 2050 til å redusere klimagassutsleppa med 90–95 pst. samanlikna med 1990-nivå. Ved vurdering av om målet er oppnådd skal ein ta omsyn til effekten av at Noreg tek del i det europeiske klimakvotesystemet. I ei samfunnsutvikling der verda går mot å nå temperaturmåla i Parisavtalen vil det vere viktig å produsere varer og tenester som kan konkurrere under stigande pris på utslepp, strengare reguleringar eller endra brukarpreferansar. Teknologiutvikling, ressurseffektivisering, betre utnytting av energi, auka bruk av fornybare innsatsfaktorar, sirkulære løysingar og avfallshandtering med låge utslepp er viktige delar av omstillinga til eit lågutsleppsamfunn. Innanfor mange næringar vil det krevje satsing på langsiktige teknologiutviklingsløp.

Noreg har ei sterk tilknyting til Europa. EU er den viktigaste handelspartnaren og næraste klimapartnaren vår. Regjeringa har difor inngått ein klimaavtale med EU om å oppfylle målet om minst 40 pst. utsleppsreduksjon i 2030 saman med Island og EU. I klimaavtalen med EU vil Noreg ta del i EU sitt klimaregelverk for perioden 2021–2030. Gjennom avtalen er alle sektorar i Noreg inkludert i same system som i EU. Dette er ei særs viktig ramme for norsk klimapolitikk og medverkar til ei lågutsleppsutvikling i takt med verda rundt oss. Noreg ønsker å samarbeide med EU om å oppfylle det forsterka klimamålet om å redusere utsleppa med minst 50 og opp mot 55 pst. Regjeringa arbeider difor for at EU skal auke sitt mål for 2030 til 55 pst. Europakommisjonen har foreslått å auke EU sitt mål for 2030 til 55 pst. Dersom EU ikkje forsterkar sitt mål like mykje som Noreg, vil den delen av målet som går lenger vere avhengig av tilgang til samarbeid om utsleppsreduksjonar i andre land i tråd med reglane i Parisavtalen.

Parisavtalen og klimaavtalen med EU sett rammene om, og ligg til grunn for, den norske satsinga på CO2-handtering. Det norske demonstrasjonsprosjektet for fullskala CO2-handtering understrekar behovet for, og verdien av, internasjonalt samarbeid om teknologiutvikling og utsleppsreduksjonar. Etterfølgjande prosjekt i Europa og verda er ein føresetnad for at CO2-handtering skal kunne bli eit effektivt og konkurransedyktig klimaverkemiddel.

2.2 Kva er CO2-handtering?

Figur 2.1 Illustrasjon av CO2-fangst frå ulike industrianlegg og kraftproduksjon, transport i røyr og med skip samt geologisk lagring av CO2

Figur 2.1 Illustrasjon av CO2-fangst frå ulike industrianlegg og kraftproduksjon, transport i røyr og med skip samt geologisk lagring av CO2

Kjelde: Gassnova

Ulike industriprosessar, kraft- og varmeproduksjon fører med seg store utslepp av CO2 til atmosfæren. CO2-en er eit produkt av foredling av ulike råvarer samt forbrenning av ulike brensler. Desse CO2-utsleppa kan bli redusert gjennom å fange CO2 og deretter transportere og lagre CO2 permanent slik at CO2 ikkje slepp ut i atmosfæren. Vi kan òg fange CO2 direkte frå lufta. Dei ulike utsleppskjeldene det er mogleg å fange CO2 frå kan ha svært ulike eigenskapar. Store forskjellar i temperatur, trykk, CO2-innhald og anna innhald gjer at det er mange ulike måtar å fange CO2 på. Det gjer òg at kostnadane ved å fange CO2 varierer mykje. Det er ulike teknologiar på marknaden som eignar seg for ulike utsleppskjelder. For reinsing av røykgass frå eksisterande industri- eller kraftproduksjon er dei fleste tilgjengelege teknologiane på marknaden ulike aminteknologiar.

Boks 2.1 Kjært barn har mange namn – ulike omgrep

Fangst og lagring av CO2,CO2-handtering og karbonfangst og -lagring er alle overlappande omgrep og dei vert alle brukt til å omtale om lag det same. CO2-handtering kan og omfatte bruk av CO2 til dømes til auka oljeutvinning. Vi kan difor skilje mellom CO2-handtering til klimaformål kor CO2 blir permanent lagra og CO2-handtering kor CO2 ikkje blir permanent lagra. I denne meldinga vert CO2-handtering brukt i betydninga av CO2-handtering for klimaformål om ikkje anna er spesifisert.

På engelsk skriv ein ofte Carbon Capture and Storage eller berre kortforma CCS. Det er også vanleg å vise til Carbon Capture, Utilization and Storage eller CCUS for å også omfatte bruk av CO2. Skal slik bruk av CO2 gi klimavinst må CO2 takast permanent ut av atmosfæren. Bioenergy with Carbon Capture and Storage eller BECCS/bio-CCS vert nytta for å omtale fangst og lagring av CO2 frå produksjon av energi med biogent material (biologisk danna material).

CO2 kan transporterast i røyr eller i tankar på til dømes skip eller tankbilar. I USA har CO2 vore transportert i røyr i snart 50 år, og i Noreg har vi sendt CO2 i røyr sidan 1996. Til dømes vert CO2 sendt frå LNG-anlegget på Melkøya gjennom eit 145 kilometer langt røyr for lagring i eit reservoar ved Snøhvitfeltet. Transport av CO2 med skip og på veg er allereie ein del av den daglege verksemda i mellom anna næringsmiddelindustrien, men då i mindre volum.

Lagring av CO2 kan skje i eigna geologiske formasjonar både under bakken på land og under havbotnen. Det kan vere i geologiske formasjonar med saltvatn (saline akviferar), uttømde oljefelt eller i samband med auka utvinning i oljefelt. Kartleggingar gjort av Norges geologiske undersøkelse har vist at Noreg ikkje har eigna geologiske formasjonar under bakken på land. I Noreg er det difor berre mogleg å lagre CO2 under havbotnen på norsk kontinentalsokkel. I Noreg har vi lagra CO2 frå Sleipnerfeltet i nærare 25 år og frå Snøhvitfeltet sidan 2008. Oljedirektoratet har laga eit CO2-lagringsatlas for heile norsk kontinentalsokkel [2]. Atlaset viser at det er teoretisk mogleg å lagre meir enn 80 milliardar tonn CO2 på sokkelen. Det svarar til dei norske CO2-utsleppa i meir enn tusen år. Eit slikt teoretisk potensial er usikkert og tek ikkje omsyn til kostnader. Av dette har Oljedirektoratet kategorisert ein kapasitet på om lag 1,25 milliardar tonn CO2 som forventa effektiv og trygg lagring.1 Det er tids- og kostnadskrevjande å identifisere og verifisere CO2-lagringslokasjonar. Det er vidare viktig at lokasjonane der CO2 skal lagrast er sikre og at ein kan overvake på ein god måte.

Figur 2.2 CO2-lagringsatlas for norsk kontinentalsokkel

Figur 2.2 CO2-lagringsatlas for norsk kontinentalsokkel

Kjelde: Oljedirektoratet

2.3 CO2-handtering si rolle for å nå klima- og berekraftsmåla

2.3.1 Klimamåla og rolla til CO2-handtering

Rapportane til FN sitt klimapanel og Det internasjonale energibyrået (IEA) viser at det vil vere naudsynt med fangst og lagring av CO2 for å redusere globale klimagassutslepp i tråd med klimamåla til lågast mogleg kostnader. Den femte hovudrapporten til FN sitt klimapanel viser til at dei globale kostnadene for å halde den globale auken i gjennomsnittstemperaturen under 2 grader celsius kan verte meir enn dobbelt så høge utan fangst og lagring av CO2 [3]. Seinare rapportar frå FN sitt klimapanel og IEA har òg vist at det er svært krevjande å nå dei globale temperaturmåla i Parisavtalen, og spesielt å halde den globale auken i gjennomsnittstemperaturen under 1,5 grader celsius, utan CO2-handtering. Alternativet er ein endå raskare reduksjon av utslepp som inneber ei større omlegging av industri, energisystem og forbruksmønster [4]. Klimapanelet sine modellar baserer seg i stor grad på negative utslepp. Det kan ein mellom anna oppnå ved å fange og lagre CO2 frå biodrivstoffproduksjon eller forbrenning av biogent materiale (BECCS/bio-CCS). Biogent material inkluderer m.a. tre, biogassar og biologisk nedbrytbart avfall. Fjerning av biogen CO2 inneber negative utslepp fordi biomassen har tatt opp CO2 gjennom levetida si. Klimaeffekten av fangst og lagring av biogen CO2 blir derfor rekna som null i utsleppsregnskapet. Ein kan òg få negative utslepp ved å fange CO2 direkte frå lufta, eller ved å auke opptaket av CO2 i naturen gjennom til dømes skogplanting. I dei fleste av lågutsleppsscenarioa som FN sitt klimapanel har vurdert, er det behov for negative utslepp for å kompensere for utslepp som er krevjande eller svært kostbare å fjerne.

Figur 2.3 Fordeling av bidrag til globale netto utslepp av CO2 i fire illustrasjonar av modellerte utsleppsbanar

Figur 2.3 Fordeling av bidrag til globale netto utslepp av CO2 i fire illustrasjonar av modellerte utsleppsbanar

Kjelde: Miljødirektoratet, norsk omsetjing av IPCC [4]

CICERO peikar på at CO2-handtering er ein av fleire kritiske teknologiar i dei fleste utsleppsbanane for å kunne nå temperaturmåla i Parisavtalen og at det vil vere svært krevjande å redusere utsleppa raskt nok utan bruk av CO2-handtering [5]. Det er tre årsaker til at CO2-handtering kan være naudsynt: For det første kan det vere krevjande å redusere utsleppa til netto null raskt nok utan å ta i bruk CO2-handtering på utsleppskjelder eller ved å bidra til negative utslepp. For det andre finst det for enkelte sektorar, som sement, stål, langdistanse skipstransport og lufttransport ikkje konkurransedyktige alternativ til CO2-handtering i dag, og det er ikkje sikkert det vil det i framtida heller. Og for det tredje, CO2-handtering kan for nokre sektorar og nokre utsleppskjelder vere den billigaste og beste måten å redusere utslepp. CICERO presiserer at støtte til innovasjon frå styresmaktene sannsynlegvis vil vere naudsynt for å sikre at CO2-handtering vert teke i bruk i tilstrekkeleg stor grad. I Energy Technology Perspectives 2020 [6] peikar IEA på CO2-handtering som ein av fire teknologiar som er kritiske for å nå klimamåla. IEA framhevar at å bygge infrastruktur og demonstrere teknologi er viktig for å auke innovasjon av rein energi. I modelleringar mot 2030 viser IEA at omfanget av CO2-handtering må auke kraftig frå både industri og kraftproduksjon. Rapporten peikar vidare på at utvikling av klynger av fangstanlegg som koplar seg på felleslager vil vere viktig for å auke bruk av CO2-handtering og skape forretningsmodellar [3]. IEA sitt Sustainable Development Scenario skisserer ei transformering av det globale energisystemet som viser korleis verda kan endre kurs for å nå dei tre berekraftsmåla som er nærast knytt til energi samstundes [7]. Berekraftsmåla IEA baserer scenarioet på er rein energi til alle (berekraftsmål 7), redusere dei alvorlege helseeffektane av luftforureining (del av berekraftsmål 3) og stoppe klimaendringane (berekraftsmål 13). Scenarioet tilsvarar 66 pst. sannsyn for å halde den globale temperaturauken til 1,8 grader celsius utan å vere avhengig av globale negative CO2-utslepp. Som vist i figur 2.4, står fangst, bruk og lagring av CO2 for 9 pst. av den kumulative utsleppsreduksjonen mellom 2018 og 2050 i IEA sitt Sustainable Development Scenario [6, 8].

Figur 2.4 Energirelaterte utsleppsreduksjonar i IEA sitt Sustainable Development Scenario 2019 [8]

Figur 2.4 Energirelaterte utsleppsreduksjonar i IEA sitt Sustainable Development Scenario 2019 [8]

Kjelde: IEA World Energy Outlook 2019 [8]

CO2-handtering kan òg verte ei aktuell og naudsynt løysing for å nå Noreg sine mål om utsleppsreduksjonar. I tillegg til det overordna utsleppsmålet for 2030 som Noreg har forplikta seg til under Parisavtalen og målet om å vere eit lågutsleppssamfunn i 2050, står det i Granavolden-plattforma at regjeringa vil at Noreg sine ikkje-kvotepliktige utslepp skal verte redusert med minst 45 pst. samanlikna med 2005 innan 2030. Regjeringa har som mål at reduksjonen skjer gjennom innanlandske tiltak og planlegg for dette. Om det er strengt naudsynt kan fleksibiliteten i EU sitt rammeverk nyttast. Skjerpa klimamål vil over tid stille krav til omstilling av eksisterande industri [9-11].

Boks 2.2 Skilnaden mellom kvotepliktig og ikkje-kvotepliktig sektor

Noreg har teke del i det europeiske klimakvotesystemet sidan 2008 og samarbeider med EU og Island om å redusere dei kvotepliktige utsleppa. Målet er å redusere utslepp innanfor EU sitt klimakvotesystem med 43 pst. samanlikna med 2005. EU sitt klimakvotesystem omfattar i dag utslepp frå verksemder innan industri, kraftproduksjon og luftfart innanfor EØS-området. Om lag halvparten av norske utslepp er omfatta av klimakvotesystemet. Utsleppa innanfor klimakvotesystemet er hovudsakeleg frå gass- og kolkraftverk, bedriftsinterne energianlegg, utvinning av petroleum inkludert offshoreanlegg, raffineri, treforedling, samt produksjon av stål, aluminium, mineralgjødsel, sement og kalk. Kvotepliktige verksemder i Noreg bidreg på lik linje med kvotepliktige verksemder i dei andre europeiske landa til at målet vert nådd. Noreg si deltaking i det europeiske klimakvotesystemet er ein viktig del av norsk klimapolitikk og strategien for å oppfylle 2030-forpliktinga. Ved sams oppfylling i klimaavtalen med EU og Island vil utsleppsreduksjonane innanfor klimakvotesystemet bli vurdert samla for EU, Island og Noreg.

Ikkje-kvotepliktige utslepp er i hovudsak utslepp frå transport, jordbruk, bygg og avfall, men også ikkje-kvotepliktige utslepp frå industrien og petroleumsverksemda. Som ein del av avtalen med EU og Island om felles oppfylling, vil Noreg òg samarbeide med EU om å redusere dei ikkje-kvotepliktige utsleppa. I ikkje-kvotepliktig sektor skal ein kutte dei samla utsleppa i EU med 30 pst. frå 2005 til 2030. Innsatsen som er naudsynt for å få til dette skal ein fordele mellom landa gjennom bindande utsleppsmål. Gjennom avtalen med EU har Noreg fått eit nasjonalt utsleppsmål om å kutte dei ikkje-kvotepliktige utsleppa med 40 pst.

2.3.2 CO2-handtering i ulike sektorar

Industrien står i dag for rundt ein femdel av dei globale klimagassutsleppa [12], og det meste kjem frå produksjon av råvarer som metall, sement og kjemikaliar. I Noreg står industrien for 23 pst. og olje- og gassutvinning for 28 pst. av utsleppa, rekna i CO2-ekvivalentar (CO2e)2. Global vekst, både i folketal og velstand, fører til at bruken av råvarer aukar. Utsleppa kjem i stor grad frå produksjonsprosessane, og utsleppsreduksjonar vil krevje både teknologiutvikling og at ny teknologi vert teken i bruk [11]. CO2-handtering er spesielt viktig for industriar som ikkje kan redusere sine CO2-utslepp i stor nok grad gjennom å endre energikjelde, som til dømes stål- og sementindustri [12, 13]. I 2050 vil det med dagens kunnskap vere svært krevjande å nå klimamåla og oppretthalde dagens industri utan at CO2-handtering vert brukt [10]. Fangst og lagring av CO2 ser ut til å vere den mest lovande løysinga for å kraftig redusere utsleppa for prosessindustrien [14].

Energiforsyning er den sektoren som står for den største delen av dei globale klimagassutsleppa [15]. Fangst og lagring av CO2 kan redusere utsleppa frå energiproduksjon basert på kol, naturgass og biomasse [11]. Kraftsektoren kan òg kutte utsleppa ved å gå over til å nytte fornybare energikjelder. Ei løysing på lengre sikt kan vere å produsere kraft frå hydrogen, produsert anten frå elektrolyse (med bruk av fornybare energikjelder) eller frå naturgass med CO2-handtering [6, 11].

På lang sikt vil det vere naudsynt å auke mengda negative utslepp, til dømes ved å fange og lagre meir biogen CO2 [8, 16]. I tillegg viser modellane til FN sitt klimapanel og IEA at ein på sikt må bruke teknologi for CO2-fangst direkte frå lufta. Teknologiar som fangar CO2 direkte frå lufta krev i dag mykje fornybar energi og kostar meir enn å fange utslepp frå industri og kraftproduksjon [6]. Utvikling og bruk av teknologiar som gir negative utslepp og CO2-fangst direkte frå lufta er avhengig av at teknologien for CO2-fangst vert kommersialisert i industrien og på denne måten vert lettare tilgjengeleg til ein lågare kostnad.

Brenning av avfall til energiproduksjon gir CO2-utslepp. Ein del av avfallet kjem frå fossile råvarer og gir klimagassutslepp, men avfall inneheld òg ofte ei mengd biobasert materiale. CO2-handtering på avfallsbrenning vil difor kunne gi negative CO2-utslepp. Alle land har forbrenningsanlegg for avfall og dette har difor potensial for betydelege reduksjonar av utslepp i Europa [17, 18]. Det er òg identifisert moglegheit for rask reduksjon av utslepp med bruk av BECCS i einskilde land, som til dømes Sverige [19].

I 2018 tilsvara norske utslepp frå forbrenning av avfall i underkant av 1 mill. tonn CO2e [20].

Boks 2.3 Klimakur 2030

Klimakur 2030 har greia ut tiltak som kan kutte ikkje-kvotepliktige utslepp i Noreg med 50 pst. innan 2030 samanlikna med 2005. Klimakur er utarbeida av Miljødirektoratet, Statens vegvesen, Kystverket, Landbruksdirektoratet, Noregs vassdrags- og energidirektorat og Enova. Regjeringa har ikkje teke stilling til korleis tiltaka som er utgreia i Klimakur 2030 skal følgjast opp og utgreiinga er difor ikkje eit utrykk for regjeringa si politikk. Regjeringa tek sikte på å legge fram ei melding i løpet av året som skal vise korleis Noreg kan oppfylle si internasjonale forplikting om å redusere utsleppa med minst 50 pst. og opp mot 55 pst. Meldinga skal beskrive samarbeidet med EU og korleis vi kan oppfylle ambisjonen om 45 pst. reduksjon i ikkje-kvotepliktig sektor. Klimakur 2030 er ein viktig del av underlaget for denne planen. Klimakur har sett på moglegheiter for fangst og lagring av CO2 for ikkje-kvotepliktige utslepp og greia ut tiltak ved tre avfallsforbrenningsanlegg. Tiltakskostnadene er vurdert til å vere i den midtre av tre kostnadskategoriar av tiltak, frå 500–1500 kroner per tonn CO2e.

Kjelde: Klimakur 2030 [21]

2.3.3 Berekraftsmåla

I 2015 vedtok medlemslanda i FN 2030-agendaen for berekraftig utvikling. Den er samansett av 17 berekraftsmål og 169 delmål for dei økonomiske, sosiale og miljømessige aspekta ved berekraft.

Berekraftsmåla gjeld for alle land og alle delar av samfunnet. Dei vektlegg samarbeid, partnarskap og samanhengen mellom måla. Noreg har på lik line med alle andre land eit ansvar for å bidra til å oppnå måla før 2030. Regjeringa har bestemt at berekraftsmåla skal vere det politiske hovudsporet for å ta tak i dei største utfordringane i vår tid, også i Noreg.

Berekraftsmål 13 dreier seg om å stoppe klimaendringar. Det vil vere svært krevjande å redusere globale klimagassutslepp i tråd med klimamåla til lågast mogleg kostnad utan å fange og lagre CO2. Ei satsing på CO2-handtering bidreg dermed til å oppnå berekraftsmål 13.

Fangst og lagring av CO2 kan òg bidra til å oppnå berekraftsmål 7 om rein energi til alle, ved at CO2 blir fanga opp og lagra i samband med produksjon av kol- eller gasskraft med CO2-handtering eller ved produksjon av hydrogen frå naturgass – såkalla blå hydrogen. Storskala CO2-handtering vil krevje nye løysingar, betydeleg utbygging av infrastruktur og skape nye arbeidsplassar. Det vil bidra til å oppnå berekraftsmål 9 (industri, innovasjon og infrastruktur). For at utviklinga av CO2-handtering skal kunne bidra til økonomisk vekst i eit langsiktig perspektiv, må vellykka storskala CO2-handtering globalt utvikle seg til å bli lønsamt sett opp mot eksisterande og alternative energiløysingar. Dette er ein viktig føresetnad for at fangst og lagring av CO2 òg skal kunne bidra til å oppnå fleire berekraftsmål, inkludert berekraftsmål 8 (anstendig arbeid og økonomisk vekst).

2.4 Status for utvikling av CO2-handtering globalt

I følgje Global CCS Institute3 (GCCSI) er det i dag beslutta 58 prosjekt for storskala CO2-handtering i verda. Prosjekta er i ulike utviklingsfasar. Samla har alle prosjekta ein estimert CO2-fangstkapasitet på om lag 127 mill. tonn CO2 per år. 20 av prosjekta er i drift, med ein samla CO2-fangstkapasitet på i underkant av 40 mill. tonn CO2 per år. 13 av desse prosjekta er i Nord-Amerika, medan fem av dei er fordelt i Asia, Australia og Sør-Amerika. Noreg sine to prosjekt med CO2-lagring på Sleipner og Snøhvit er dei einaste prosjekta i drift i Europa. Globalt vert CO2 lagra både på land, under havbotnen, nytta til auka oljeutvinning eller som innsatsfaktor i industrielle prosessar. For global oversikt over CO2-handteringsfasilitetar sjå figur 2.5.

Boks 2.4 Kva nyvinningar kjem Langskip med?

Langskip skil seg frå dei fleste andre CO2-handteringsprosjekt i drift nasjonalt og internasjonalt. Prosjektet skal bidra til læring og effektivisering slik at etterfølgjande prosjekt kan redusere sine kostnader. Følgjande moment er nyvinningar:

  • Demonstrasjon av ei heil, men fleksibel, kjede med CO2-fangst frå sementproduksjon og eventuelt avfallshandtering, skipstransport, og lagring av CO2 under havbotnen

  • Bruk av europeiske og norske reguleringar på prosjekt i ei heil kjede med ulike aktørar. Prosjektet demonstrerer mellom anna bruk av det europeiske klimakvotesystemet og lagringsdirektivet.

  • Ei fleksibel transport- og lagringsløysing som vil ha kapasitet til å ta i mot CO2 frå fleire kjelder.

  • Eit kommersielt rammeverk som gir insentiv for vidare utvikling av CO2-handtering i Europa.

To nye CO2-handteringsprosjekt har starta drift det siste året: Gorgon i Australia i 2019 og Alberta Carbon Trunk Line i Canada i juni 2020. Gorgon har CO2-handtering på eit gassprosesseringsanlegg og skal fange og lagre fire mill. tonn CO2 per år. Dette prosjektet liknar på det norske Snøhvitprosjektet og er eit reint klimaprosjekt. Alberta Carbon Trunk Line vil i første fase frakte om lag 1,6 mill. tonn CO2 fanga frå ein mineralgjødselfabrikk og eit raffineri som produserer hydrogen. CO2-en vert nytta til auka oljeutvinning. Røyret har ein kapasitet på 14,6 mill. tonn CO2 per år, og kanadiarane legg til grunn at nye CO2-fangstprosjekt vil knyte seg til denne infrastrukturen over tid. I juli 2020 vart det offentleggjort at Petra Nova i USA har stoppa drifta av sitt CO2-fangstprosjekt på kolkraft som har vore i drift sidan 2017 fordi dei ikkje lengre finn det lønsamt. CO2 som vert fanga frå kolkraftverket vart selt til auka oljeutvinning og med låg oljepris var det ikkje lengre lønsemd i prosjektet.

I følgje GCCSI er tre nye prosjekt under bygging. To er i Kina, begge innan kjemisk industri, medan eitt er i USA knytt til kraftproduksjon. Ytterlegare ti prosjekt, inkludert det norske prosjektet, er i ein såkalla framskriden utviklingsfase. Tre av desse er i kraftsektoren. Dei resterande sju er i industrien. Berre det norske prosjektet vurderer CO2-handtering på avfallsforbrenning og sementproduksjon.

I tillegg er fleire demonstrasjonsanlegg for fangst og lagring av CO2 i drift, og CO2-fangstteknologi vert testa ved ulike testsenter. Teknologisenter Mongstad er eit av dei største testanlegga for CO2 i verda.

Figur 2.5 Global oversikt over CO2-handteringsfasilitetar i 2019 frå Global CCS Institute. Figuren visar storskalafasilitetar, mindre pilotar og testanlegg. Fasilitetar som fangar over 400 000 tonn CO2 per år, er definert som storskala. Figuren viser prosjekt ...

Figur 2.5 Global oversikt over CO2-handteringsfasilitetar i 2019 frå Global CCS Institute. Figuren visar storskalafasilitetar, mindre pilotar og testanlegg. Fasilitetar som fangar over 400 000 tonn CO2 per år, er definert som storskala. Figuren viser prosjekt under planlegging, bygging, i drift samt nedlagte prosjekt.

Kjelde: Global CCS Institute, The Global Status of CCS. 2019 [22]

I følgje Verdsbanken er om lag 22,3 pst. av utsleppa i verda i dag dekka av prising av utslepp [23]. I CO2-handteringsprosjekt er kostnader ved utslepp av CO2 den viktigaste økonomiske drivaren. Høgare CO2-prisar og større utbreiing vil legge til rette for utbygging av fleire CO2-handteringsprosjekt globalt. Sjølv om prising av CO2-utslepp er viktig for å sikre investeringar i CO2-handteringsanlegg vil politisk støtte òg vere naudsynt. For å auke tidlege investeringar og redusere kostnader vil ein krevje målretta tiltak [24].

2.5 CO2-handtering i Europa

2.5.1 Status

Fleire land, inkludert EU, har vedteke såkalla nettonullmål eller utsleppsnøytralitet innan 2050. EU sin grøne vekststrategi, «European Green Deal», gir ein meir ambisiøs europeisk klimapolitikk, både fram mot 2030 og 2050. Europakommisjonen har CO2-handtering som ein av sju byggesteinar for å nå måla deira. Følgjeleg vert fangst og lagring av CO2 ein del av verkemiddelapparatet deira i klimapolitikken. Sjølv om vi helst bør unngå klimagassutslepp ved kjelda, erkjenner EU at det vil vere naudsynt å fjerne klimagassar for mellom anna å kompensere for utslepp frå sektorar der det er krevjande å fjerne utsleppa heilt. Utslepp kan verte kompensert ved å auke det naturlege opptaket av CO2 i skog, jordbruk, landbruksareal og våtmarksområde, og ved at CO2 vert fanga og lagra i geologiske reservoar.

Noreg er saman med Nederland og Storbritannia leiande i arbeidet med fangst og lagring av CO2 i Europa. GCCSI si oversikt viser at det er elleve fullskala CO2-handteringsprosjekt av ulik mogningsgrad under utvikling i Europa, og alle desse er lokalisert i anten Noreg, Nederland eller på Dei britiske øyer. Av desse er Langskip og nederlandske Porthos i Rotterdam dei mest framskridne prosjekta under utvikling.

Ser ein litt lenger fram i tid, har ein analyse frå Thema og Carbon Limits [25] identifisert 41 moglege prosjekt i Europa. 35 av desse kjem i tillegg til prosjekta i GCCSI si oversikt, og fleire av dei har starta utviklinga av nye prosjekt basert på at dei kan nytte lageret til Northern Lights. CO2-handtering har dei siste åra også fått auka merksemd i fleire EU-land, som no peikar på fangst og lagring av CO2 som eit av tiltaka for å nå klimamåla i deira nasjonale klima- og energiplanar [26].

Northern Lights er eitt av få prosjekt som kan skape større infrastruktur for CO2-lagring i Europa. Figur 2.6 viser ei oversikt over prosjekt for CO2-handtering av felleseuropeisk interesse (Project of Common Interest). To andre tilsvarande prosjekt er nederlandske Porthos og britiske CO2 Sapling – begge òg i Nordsjøen. CO2-kjelder frå heile Europa kan knytte seg til lagerinfrastrukturen desse utviklar. Mange av prosjekta i Europa er reine fangstprosjekt som ser på lageret til Northern Lights som ei mogleg lagerløysing for deira CO2.

Figur 2.6 Aktørar tilknytt Northern Lights sitt Projects of Common Interest (PCI) for CO2-handtering.

Figur 2.6 Aktørar tilknytt Northern Lights sitt Projects of Common Interest (PCI) for CO2-handtering.

Kjelde: Northern Lights

Boks 2.5 Porthos-prosjektet

Porthos (Port of Rotterdam CO2 Transport Hub and Offshore Storage) er eit prosjekt i Nederland som blir utvikla av styresmakta for Rotterdam hamn, EBN (Energie Beheer Nederland) og Gasunie, som vil transportere og lagre CO2 frå industri i Rotterdam. Ulike verksemder vil fange CO2 og levere det til eit felles røyr som går gjennom hamneområdet i Rotterdam. CO2 vil bli transportert til ei plattform i Nordsjøen, om lag 20 km utanfor kysten. Frå denne plattforma vil CO2 bli pumpa ned i tomme gassfelt, meir enn tre km under havbotnen. Dersom ei avgjerd om investering i prosjektet vert teken innan utgangen av 2021 kan systemet verte sett i drift i 2024. Det er forventa at prosjektet i dei første åra vil kunne lagre om lag 2,5 mill. tonn CO2 i året. Porthos-prosjektet fekk 1,2 mill. euro i støtte frå styresmaktene i Nederland i 2018 og eit tilskot på 6,5 mill. euro frå Europakommisjonen i 2019.

Porthos og det norske prosjektet vert rekna som dei mest modne prosjekta under utvikling i Europa og er inkludert i EU si liste over energiprosjekt av felleseuropeisk interesse.

Kjelde: porthosco2.nl

2.5.2 Støtteordningar i EU

EU har fleire ordningar som kan støtte fangst og lagring av CO2. I juli 2020 vart første runde av Innovasjonsfondet utlyst. Innovasjonsfondet er EU si store støtteordning for innovativ klimateknologi. EU har òg ei støtteordning for grensekryssande infrastrukturprosjekt, Connecting Europe Facility (CEF). Infrastrukturprosjekt av felles europeisk interesse4 kan søke om støtte frå CEF. Tre CO2-handteringsprosjekt har fått støtte under denne ordninga: To i Storbritannia (to delprosjekt under Net Zero Teesside og The Acorn Project) og eitt i Nederland (Porthos). EU si liste over energiprosjekt av felleseuropeisk interesse har fem prosjekt for grensekryssande CO2-transport og desse kan søke om støtte under CEF. Desse prosjekta ligg kring Nordsjøen og inkluderer mellom anna Belgia, Nederland, Noreg og Storbritannia. Eitt av prosjekta er Northern Lights med mottak av CO2 frå industriaktørar i fleire europeiske land. Equinor har, saman med fleire moglege europeiske CO2-kjelder, søkt CEF om støtte for studiar for fase II av Northern Lights. EU støttar òg forskingsprosjekt gjennom rammeprogrammet for forsking og innovasjon, Horisont 2020, og frå 2021 etterfølgjaren Horisont Europa.

Europakommisjonen har i juni 20205 starta ein prosess for å vurdere potensielle insentiv for såkalla naturbaserte løysingar for fjerning av CO2. Naturbaserte løysingar inneber opptak i skog og landareal og CO2-handtering på utslepp frå biogent material, såkalla negative utslepp.

Boks 2.6 EUs Innovasjonsfond

Innovasjonsfondet er ei europeisk ordning som kan gi støtte til demonstrasjon av innovativ teknologi for lågutsleppsløysingar i perioden 2021–2030. Målet for fondet er å bidra til å nå Europa sitt fastsette bidrag under Parisavtalen og målet om eit utsleppsnøytralt Europa i 2050. Fondet vil gi støtte til teknologiprosjekt innan fornybar energi, energiintensiv industri, energilagring og CO2-handtering.

Fondet vert finansiert gjennom sal av 450 millionar kvoter i det europeiske kvotesystemet. Prisen på kvotene vil vere avgjerande for storleiken på fondet. Anslag frå Europakommisjonen seier at fondet vil vere på om lag 10 milliardar euro over perioden 2021–2030 dersom kvoteprisen er 20 euro per tonn CO2, medan 15 milliardar euro vil bli tilgjengeleg med ein kvotepris på 30 euro per tonn CO2.

Støtte frå fondet kan dekke inntil 60 pst. av meirkostnadene forbunde med bruk av innovativ teknologi for å unngå klimagassutslepp. Fondet kan både støtte meirkostnader knytt til investeringar og ekstra driftskostnader over ein periode på ti år. Støtta vert utbetalt når prosjektet når avtalte milepælar. Opptil 40 pst. av støtta kan verte utbetalt når den totale finansieringa for prosjektet er sikra. Støtte frå Innovasjonsfondet vert ikkje rekna som statsstøtte. Det vil sei at prosjekt som mottek støtte frå Innovasjonsfondet framleis kan få innvilga statleg støtte for ytterlegare kostnader i samsvar med gjeldande statsstøtteregelverk.

Norske verksemder kan få støtte på lik linje som europeiske prosjekt. Første utlysing under fondet vart publisert 3. juli 2020 med frist for søknadar 29. oktober 2020. Enova har ansvaret for forvaltinga av norsk deltaking i Innovasjonsfondet.

2.6 Noregs føresetnader for å satse på CO2-handtering

Noreg har sterke fagmiljø for CO2-handtering. Gjennom over 25 år har Noreg bygd ein omfattande kompetanse på området. Ei viktig årsak er erfaring frå planlegging av CO2-handteringsprosjekt i Noreg. Vi har òg ein stor kontinentalsokkel med rike moglegheiter for lagring av CO2 i geologiske formasjonar under havbotnen. Over mange år har ulike regjeringar støtta opp under teknologiutvikling, test- og pilotprosjekt og framheva CO2-fangst- og lagring som eit viktig verkemiddel i internasjonale klimaforhandlingar.

Fagmiljøa for CO2-handtering i Noreg omfattar alle sider av verksemda. Vi har sterke forskingsmiljø. Desse miljøa er aktive i internasjonale forskingsmiljø og -nettverk. Eit eige forskingssenter for miljøvenleg energi, NCCS i Trondheim6, er via til CO2-handtering. Forskingsprogrammet CLIMIT er ei viktig finansieringskjelde for forsking og demonstrasjon. Utbygging og drift av Teknologisenter Mongstad (TCM) har òg gitt mykje læring, og TCM har etablert seg som eit internasjonalt leiande fagmiljø for demonstrasjon av fangstteknologi. Planlegging av fullskalaprosjekta på Kårstø og Mongstad har òg gitt verdifull læring både i industrien og forvaltinga, som prosjektet regjeringa no legg fram har hatt nytte av.

Gjennom fleire forskings- og utviklingsprosjekt og ikkje minst Teknologisenter Mongstad har vi utvikla verdsleiande kompetanse på forsvarleg måling, handtering og regulering av bruk av ulike amin i CO2-fangstanlegg. Noreg har i dag ein kompetent regulator og omfattande kompetanse på å sette utsleppsgrenser for slike anlegg. Dette sikrar at fangstanlegg som får utsleppsløyve ikkje vil utgjere uønska risiko for helse eller miljø.

Utbygginga og drifta av CO2-handteringsprosjekta på Sleipner og Snøhvit har i fleire tiår demonstrert sikker lagring av CO2 i geologiske formasjonar under havbotnen på norsk kontinentalsokkel. At lagringa er sikker vert understøtta av overvakingsprogram og reservoarsimuleringar som er utvikla, og som nye prosjekt kan dra nytte av. Kunnskap og erfaring frå petroleumsverksemda har vore heilt essensiell for utviklinga av fangst og lagring av CO2 i Noreg. Dei sterke fagmiljøa i oljeselskapa har vore ein føresetnad for å utvikle desse prosjekta, og gjennom desse prosjekta har oljeselskapa utvikla sin kompetanse vidare.

Det naturgitte fortrinnet vi har gjennom å ha ein stor og godt utforska kontinentalsokkel med gode moglegheiter for å lagre CO2 er òg heilt grunnleggjande. Oljedirektoratet har dokumentert at potensialet for lagring av CO2 under havbotnen på norsk sokkel er svært stort [2], slik at det gir moglegheit for lagring av store volum frå resten av Europa. EUs lagringsdirektiv er implementert i relevant norsk lovverk, slik at naudsynt rammeverk er etablert. Med heimel i dette rammeverket er Utnyttingsløyve 001 tildelt Equinor for Northern Lights-prosjektet.

Mengda av CO2-utslepp i Noreg som eignar seg for CO2-handtering er avgrensa. For at Noregs satsing på CO2-handtering skal gi utsleppsreduksjonar som monnar, er det naudsynt med internasjonalt samarbeid om handtering av CO2.

Erfaringane og kompetansen til petroleumsindustrien har vore viktig for å realisere eigna forretningsmodellar for CO2-handtering. Gjennom det norske prosjektet er det etablert ein modell som har gode føresetnader for å auke talet på prosjekt som ønskjer å knyte seg til eit lager i Noreg.

I tråd med Parisavtalen skal partane styrke samarbeid om utvikling og overføring av klimateknologi. CO2-handtering er eit døme på teknologi der Noreg har gode føresetnader for å bidra med teknologioverføring. Verdien av denne overføringa vil auke betydeleg dersom vi òg kan dele erfaring frå planlegging og gjennomføring av prosjektet som denne meldinga handlar om med andre land.

Fotnotar

1.

For kategorisering og metode, sjå https://www.npd.no/en/facts/publications/co2-atlases/co2-atlas-for-the-norwegian-continental-shelf/3-methodology/

2.

CO2-ekvivalentar omfattar i tillegg til karbondioksid (CO2) gassar som metan (CH4), lystgass (N2O) og fluorgassar (HFK-ar, PFK-ar og SF6) rekna om til CO2-ekvivalentar.

3.

https://www.globalccsinstitute.com/

4.

Projects of Common Interest (PCI).

5.

https://etendering.ted.europa.eu/cft/cft-display.html?cftId=6709

6.

https://www.sintef.no/projectweb/nccs/

Til forsida