Prop. 57 L (2022–2023)

Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

1.1 Innleiing

Kunnskapsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag til ny opplæringslov. Den nye lova vil erstatte lov 17. juli 1998 nr. 61 Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova). Departementet følgjer med denne proposisjonen opp NOU 2019: 23 Ny opplæringslov.

Opplæringslova er det sentrale rettslege rammeverket for at skolen skal lykkast med det viktige samfunnsoppdraget sitt. Fellesskolen er ein del av grunnmuren i den norske velferdsstaten og legg til rette for at alle barn skal få like moglegheiter til utdanning uavhengig av kvar ein bur, sosial bakgrunn, kulturell og etnisk bakgrunn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønn.

Opplæringslova skal vere eit solid rammeverk som sikrar alle ei opplæring av høg kvalitet, eit trygt læringsmiljø, og medverknad i forhold som gjeld ein sjølv. Kunnskap til alle gir også moglegheiter til alle. Dette er viktig for kvart enkelt menneske, men også for eit stabilt og godt velferdssamfunn. Det at alle møtest i dei same klasseromma og går gjennom den same opplæringa, bidreg til eit samfunn med høg tillit, sosial mobilitet og små forskjellar.

Opplæringslova er ei av dei viktigaste lovene i landet. Ho regulerer skolekvardagen til over 820 000 barn og unge og arbeidsdagen til over 95 000 lærarar i skolane. Det same gjeld kvardagen til alle som har læretid i bedrift, og alle vaksne som får grunnskoleopplæring eller vidaregåande opplæring. I tillegg påverkar opplæringslova kvardagen til tusenvis av tilsette i kommunar, fylkeskommunar, staten og det private og har også mykje å seie for foreldre og andre familiemedlemmer og privatpersonar.

Formålet med den nye lova er å få ei oppdatert opplæringslov som er meir tilgjengeleg, tydeleg og forståeleg, og som er betre tilpassa det noverande og framtidige samfunnet og kvardagen i opplæringssektoren i Noreg.

1.2 Samandrag

1.2.1 Lesarrettleiing for proposisjonen

I denne proposisjonen blir innleiande tema omhandla i punkt 1 til 6.

Punkta 7 til 64 omtaler dei enkelte temaa og forslaga til lovreglar i opplæringslova. Kvart punkt inneheld ei innleiing som gir oversikt over kva tema som blir behandla i punktet. Innleiinga gir også informasjon om oppmodingsvedtak frå Stortinget, der dette er relevant. I kvart punkt er det vidare tatt inn eit underpunkt om dagens reglar, eit underpunkt som gir oversikt over høyringsforslaget og forholdet til forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, og eit underpunkt som gir oversikt over kva høyringsinstansane har meint. I underpunktet som inneheld vurderingane til departementet, blir høyringsinnspela drøfta opp mot høyringsforslaget, og forslaget frå opplæringslovutvalet, og departementets forslag kjem fram undervegs i drøftingane. Til slutt er det sett inn eit underpunkt som samanfattar departementets forslag, noko som gjer det enkelt å jamføre forslaga i proposisjonen her med forslaget som vart sendt på høyring.

Punkt 65 omtaler tema og forslag som gjeld private grunnskolar som ikkje får statsstøtte. Punkt 66 omtaler tema og forslag til endringar i privatskolelova. Punkt 67 omtalar endringar i andre lovar, iverksetting og overgangsreglar.

Punkt 68 og 69 omhandlar økonomiske og administrative konsekvensar og merknader til dei enkelte reglane. Lovforslaget og lovspeil følgjer til slutt i proposisjonen.

1.2.2 Innhaldet i proposisjonen

Den nye opplæringslova inneheld, som opplæringslova frå 1998, reglane om elevane sine rettar og kommunane og fylkeskommunane sine plikter på opplæringsfeltet.

Proposisjonen inneheld forslag til reglar om rettigheter og plikter i grunnskoleopplæringa for barn og unge, vidaregåande opplæring i skole og bedrift samt førebuande og vidaregåande opplæring for vaksne.

Det er også forslag til reglar om innhaldet i og organiseringen av opplæringa, og om tilpassa opplæring, individuell tilrettelegging av opplæringa, særskilt språkopplæring, samisk, finsk og kvensk, tegnspråk og punktskrift.

Blant andre sentrale element i lova kan reglane om elevdeltaking, medvirkning, informasjonsplikt og skoledemokrati trekkast fram, saman med reglar om krav til leiinga og personalet i skolen og om kvalitetsutvikling. Lovforslaget inneheld vidare reglar om skolemiljø, skolereglar og ordenstiltak. I tillegg er det foreslått reglar om rådgiving, oppfølgingsteneste og samarbeid med andre instansar.

Proposisjonen inneheld også forslag om reglar om tenester som ikkje er ein del av opplæringa. Det gjeld mellom anna reglar om skolefritidsordninga, kulturskole og leksehjelp.

I tillegg inneheld lovforslaget reglar om klage, tilsyn og andre prosessuelle tema.

Mange av reglane som blir foreslått i proposisjonen, er i hovudsak vidareføringar frå dagens opplæringslov. Oversikt over sentrale forskjellar mellom gjeldande lov og forslaget til ny opplæringslov står i punkt 1.2.3. Dette er forslag som til dømes inneber nye plikter for kommunar eller fylkeskommunar. Omtale av korleis forslaget til ny opplæringslov vil bidra til å nå opplæringspolitiske mål er omtalt i punkt 2.2.

1.2.3 Oversikt over sentrale forslag til endringar i ny opplæringslov

Dette punktet gir ei oversikt over sentrale forskjellar mellom gjeldande lov og forslaget til ny opplæringslov. Dette er forslag som til dømes inneber nye plikter for kommunar eller fylkeskommunar. I proposisjonen blir det mellom anna foreslått:

  • å lovfeste prinsippet om barnets beste i ein eigen paragraf om det beste for eleven, sjå punkt 10

  • å lovfeste at kommunar, fylkeskommunar og privatskolar skal følgje opp elevar som har høgt fråvær i grunnskole og vidaregåande opplæring, sjå punkt 13

  • å presisere i lova at elevane kan bli pålagde å gjere lekser, sjå punkt 13

  • å opne for at delar av opplæringa kan givast som fjernundervisning dersom det er gode grunnar for det, og det er trygt og pedagogisk forsvarleg, sjå punkt 15

  • å lovfeste retten til opplæring i ei eiga gruppe på det skriftspråket kommunen ikkje har vedteke, til å gjelde også for elevar på 8. til 10. trinn, sjå punkt 17

  • å lovfeste at skolen skal bruke skriveprogram som støttar både bokmål og nynorsk, sjå punkt 18

  • å lovfeste at elevane har rett til medverknad i alt som gjeld dei sjølve etter opplæringslova, at elevane har rett til å ytra meiningane sine fritt og bli høyrde, og at meiningane til elevane skal vektleggjast i samsvar med alderen og modnaden til eleven, sjå punkt 21

  • å lovfeste retten til eit skoledemokrati, og vidareføre at skolane skal ha eit elevråd, men at elevane kan velje å organisere seg på annan måte, sjå punkt 22

  • å vidareføre og gjere tydeleg i lova at den pedagogisk-psykologiske tenesta skal hjelpe skolen i det førebyggjande arbeidet og i arbeidet med tidleg innsats

  • å lovfeste at elevar med høyrselshemming som går i ordinære vidaregåande skolar, og som bruker tolk, skal ha rett til å kunne velje å få opplæring i faget norsk teiknspråk med utvida timetal, sjå punkt 29

  • å lovfeste at alle elevar som har hatt opplæring i eller i og på samisk i grunnskolen, har rett til opplæring i samisk i den vidaregåande opplæringa, sjå punkt 30

  • å lovfeste at elevar med kvensk/norskfinsk bakgrunn som går på skole i Troms og Finnmark fylke, har rett til opplæring i kvensk eller finsk i grunnskolen uavhengig av talet på elevar per kommune/skole, sjå punkt 31

  • å justere og tydeliggjere reglane om skolemiljø, for å bidra til auka rettstryggleik og effektiv sakshandsaming, sjå punkt 33

  • at det blir innført ei meldeplikt til kommunen før oppstart av heimeundervisning, og å lovfeste at kommunane skal føre tilsyn innan tre månader etter at den private grunnskoleopplæringa i heimen har starta, sjå punkt 39

  • å endre tidspunktet for når dei som søkjer om opphaldsløyve, mistar rett til opplæring på grunn av alder, slik at dei får rett til førebuande opplæring (grunnskoleopplæring) for vaksne og vidaregåande opplæring ut det skoleåret som startar det kalenderåret dei fyller 18 år, sjå punkt 41

  • å lovfeste at kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at skolane har tilgang på vikarar ved vanleg og forventa fråvær, sjå punkt 50

  • å utvide personkrinsen slik at alle tilsette ved leirskolar blir inkluderte i kravet om å leggje fram politiattest og å utvide området for kva straffebod som skal noterast på ein politiattest, sjå punkt 52

  • å påleggje fylkeskommunen ansvar for å oppfylle retten til opplæring for barn og søsken til innlagde på helseinstitusjon når institusjonsopphaldet truleg vil føre til meir enn 14 dagar fråvær per skoleår for barnet eller søskenet, sjå punkt 53

  • å lovfeste et generelt krav om kvalitetsutvikling, og innføre krav om at også fylkeskommunen skal ha skolefagleg kompetanse i administrasjonen, sjå punkt 56

Sentrale forslag som er knytte til fullføringsreforma i vidaregåande opplæring og sysselsetjings- og kvalifiseringspolitikken:

  • å utvide retten til vidaregåande opplæring for både ungdom og vaksne fram til oppnådd studie- eller yrkeskompetanse, sjå punkt 40.2

  • å innføre ein yrkesfagleg rekvalifiseringsrett for dei som har studie- eller yrkeskompetanse frå før (både ungdom og vaksne), sjå punkt 40.3

  • å lovfeste ein uavgrensa rett til omval fram til søknadsfristen for inntak det året ungdommane fyller 19 år. Dei som ikkje har gjort omval før dette, har rett til eitt omval, sjå punkt 40.4.

  • å føre vidare retten til påbygging til generell studiekompetanse for ungdom med bestått fag- og yrkesopplæring, men oppheve dagens tidsavgrensing på eitt år, sjå punkt 40.5

  • å innføre plikt for fylkeskommunen til å ha eit opplæringstilbod i overgangen til vidaregåande opplæring for elevar som manglar faglege eller språklege føresetnader for å kunne delta i og bestå vidaregåande opplæring, sjå punkt 40.11

  • å innføre ei plikt for fylkeskommunen til å sørgje for at elevane får ein trygg og god overgang frå grunnskolen til den vidaregåande opplæringa, og å innføre ei plikt for kommunen til å samarbeide med fylkeskommunen om overgangen, sjå punkt 40.11

  • å innføre ei ny plikt for fylkeskommunen til å sørgje for at dei som har læretid i bedrift skal ha tilgang til rådgiving om utdannings- og yrkesval og rådgiving om sosiale og personlege forhold, sjå punkt 44

  • å utvide målgruppa for oppfølgingstenesta frå 16–21 år til 16–24 år, sjå punkt 45

Sentrale forslag som er knytte til førebuande (grunnskoleopplæring) og vidaregåande opplæring for vaksne der fleire kan sjåast som del av sysselsetjings- og kvalifiseringspolitikken:

  • å utvide retten til påbygging og anna opplæring fram til generell studiekompetanse for vaksne slik at det blir ei lik rett til opplæring fram mot generell studiekompetanse som til yrkesfagleg rekvalifisering, sjå punkt 43.7

  • å lovfeste rett til opplæring i samisk for samar i førebuande og vidaregåande opplæring for vaksne og rett til opplæring på samisk i førebuande opplæring for vaksne i forvaltningsområdet for samiske språk når det er nødvendig for å sikre den vaksne forsvarleg opplæring, sjå punkt 43.19

  • å innføre rett til opplæring i teiknspråk og punktskrift for vaksne med høyrsels- og synshemming, sjå punkt 43.21

  • å innføre ein rett til individuell tilrettelegging av opplæringa for vaksne i vidaregåande opplæring som er meir avgrensa enn for barn og unge, sjå punkt 43.16

  • å lovfeste rett til særskild språkopplæring i førebuande opplæring for vaksne, sjå punkt 43.20

  • å innføre rett til forsterka opplæring i norsk for vaksne i vidaregåande opplæring fram til dei kan norsk godt nok til å følgje den vanlege opplæringa, sjå punkt 43.20

  • å innføre rett til å velje målform på eige skriftleg arbeid i førebuande og vidaregåande opplæring for vaksne, sjå punkt 43.18

  • å innføre plikt for kommunen og fylkeskommunen til å ha tilbod om rådgiving om utdannings- og yrkesval i førebuande og vidaregåande opplæring for vaksne, sjå punkt 43.27

  • å innføre rett til skyss for dei mellom 19 og 25 år som vel vidaregåande opplæring for vaksne, sjå punkt 43.28

  • å innføre ei plikt for kommunane og fylkeskommunane til å arbeide kontinuerleg for at vaksne deltakarar har eit trygt og godt læringsmiljø, og ei plikt til å gripe inn dersom ein deltakar blir utsett for krenkingar, sjå punkt 43.24

  • å utvide plikta til å sørgje for ulykkesforsikring til også å omfatte personar som deltar i førebuande opplæring for vaksne og vidaregåande opplæring for vaksne, sjå punkt 55

Til forsida