Prop. 57 L (2022–2023)

Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innhaldsliste

17 Bokmål og nynorsk i opplæringa

17.1 Innleiing

Dette punktet handlar om val og bruk av norsk skriftspråk (målform) i grunnskolen og den vidaregåande opplæringa. Med norsk skriftspråk er det meint bokmål og nynorsk.

Dette punktet omtaler også vedtak nr. 67, 22. november 2016: Hovudmål og målformgrupper på ungdomsskolen:

Stortinget ber regjeringen utrede en endring av opplæringslova § 2-5 og andre mulige tiltak som kan sikre elever på ungdomsskolen rett til opplæring på hovedmålet og rett til å tilhøre en egen målformgruppe, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.

17.2 Dagens reglar

17.2.1 Opplæringslova og forskrift til opplæringslova

Skriftspråk i opplæringa

Etter opplæringslova § 2-5 første ledd skal kommunen fastsetje i forskrift kva skriftspråk som skal vere hovudmål i dei enkelte skolane. Hovudmålet skal brukast både i skriftleg opplæring og i skriftleg arbeid. Det skriftspråket som ikkje er hovudmålet, er sidemålet.

I skriftleg arbeid må elevane på 1. til 7. trinn bruke det same hovudmålet som skolen. Elevane frå og med 8. trinn vel om dei vil bruke bokmål eller nynorsk som hovudmålet sitt, jf. opplæringslova § 2-5 første ledd tredje punktum. Det betyr at elevane på ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring vel individuelt kva skriftspråk dei vil bruke i det skriftlege arbeidet. Opplæringslova § 2-5 første ledd regulerer berre skriftspråk i grunnskolen, men det er lagt til grunn at elevar i den vidaregåande skolen har den same valmoglegheita.

Skriftspråk i lærebøkene

Opplæringslova § 2-5 tredje ledd handlar om skriftspråk i lærebøkene. Foreldra til elevar på 1. til 7. trinn vel kva skriftspråk lærebøkene til eleven skal ha, medan eleven vel sjølv frå 8. trinn. Vidare skal elevane ha lærebøker på hovudmålet i norskopplæringa.

Det følgjer av forskrift til opplæringslova § 17-1, jf. opplæringslova § 9-4, at elevane har rett til læremiddel på det skriftspråket dei ønskjer. Retten gjeld både grunnskoleelevar og elevar i vidaregåande opplæring.

Rådgivande røysting om skifte av hovudmål i grunnskolen

Dersom kommunen vil skifte hovudmål ved ein eller fleire grunnskolar, eller eit fleirtal i kommunestyret eller minst ein firedel av dei røysteføre krev det, skal det haldast rådgivande røysting om kva som skal vere hovudmålet. Dette følgjer av opplæringslova § 2-5 siste ledd.

Med heimel i opplæringslova § 2-5 siste ledd er det i forskrift til opplæringslova kapittel 9 fastsett detaljerte reglar om rådgivande røysting om skriftspråk i grunnskolen. Etter forskrifta § 9-2 har alle som bur i skolekrinsen, og som den 30. dagen før røystinga står innførte i folkeregisteret som busett i kommunen, og som seinast det året røystinga blir halden, har fylt 18 år, røysterett. Foreldre til barn på barnetrinnet ved skolen og foreldre som har barn som skal byrje på første trinn ved skolen, har også røysterett, uavhengig av bustad eller statsborgarskap. Etter forskrifta § 9-5 kan det ikkje gjerast nytt vedtak om hovudmål før det har gått minst fem år.

Retten til å tilhøyre ei eiga skriftspråkgruppe

Nokre elevar har rett til å tilhøyre ei særskild skriftspråkgruppe, jf. opplæringslova § 2-5 fjerde ledd. Det betyr at desse elevane får opplæring i ei eiga elevgruppe som har eit anna hovudmål enn dei andre elevane på skolen. Retten gjeld når minst ti elevar på eitt av trinna 1 til 7 i ein kommune ønskjer skriftleg opplæring på eit anna hovudmål enn det kommunen har vedteke. Retten gjeld så lenge det er minst seks elevar att i gruppa. Dersom det er fleire skolar i kommunen som har minst ti elevar som ønskjer eit anna hovudmål, har kvar av desse gruppene rett til ei eiga skriftspråkgruppe på nærskolen sin. Dersom elevane er spreidde på fleire skolar i kommunen, vedtek foreldra med vanleg fleirtal kva skole tilbodet skal givast ved.

Formålet med retten er å gi elevar med andre hovudmål enn fleirtalet opplæring i sitt eige hovudmål, jf. Ot.prp. nr. 67 (2002–2003) side 34. Regelen er ikkje til hinder for at elevar med ulike hovudmål kan få opplæring saman i delar av opplæringa. Føresetnaden er at det ikkje bryt med formålet med regelen. Til dømes kan elevar med ulike hovudmål få opplæring saman i praktisk-estetiske fag.

Skolen må sørgje for at elevane får skriftleg materiell på eige skriftspråk. Retten elevane har til særskild skriftspråkgruppe, gjeld ikkje frå 8. trinn.

Dersom eleven blir overført til ein ny skole

Elevar som blir overførte til ein ny skole med eit anna hovudmål enn det dei har hatt på 1. til 4. trinn, har rett til skriftleg opplæring på det opphavlege hovudmålet på den nye skolen. Dei har også rett til norskundervisning i eiga gruppe, uavhengig av kor mange dei er. Dette følgjer av opplæringslova § 2-5 femte ledd. Det følgjer av forarbeida til lova i Ot.prp. nr. 36 (1996–97), side 168, at det skriftlege arbeidet til både eleven og skolen skal vere på det ønskte hovudmålet. Vidare blir det presisert i forarbeida at regelen ikkje gjeld når skolebytet kjem av at eleven skiftar bustad.

Opplæring i begge skriftspråka

Elevane skal ha opplæring i begge skriftspråka dei to siste åra i grunnskolen, jf. § 2-5 sjette ledd første punktum. For elevane på 9. og 10. trinn er det dermed obligatorisk sidemålsundervisning. Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020 (LK20) går lenger enn lovregelen ettersom læreplanen i norsk har kompetansemål i både nynorsk og bokmål også på barnetrinnet.

Det følgjer av opplæringslova § 2-5 sjette ledd andre punktum at departementet kan gi forskrift om fritak frå opplæring i sidemål for elevar som får særleg språkopplæring. I forskrift til opplæringslova § 1-11 er det fastsett fritak frå opplæring i skriftleg sidemål for nokre elevgrupper. Kravet til opplæring i skriftleg sidemål gjeld ikkje for elevar som har opplæring i samisk som første- eller andrespråk, finsk eller kvensk som andrespråk eller teiknspråk, og heller ikkje for elevar som har særskild språkopplæring. Moglegheita til å få fritak frå opplæring gjeld også for elevar i vidaregåande opplæring.

Med heimel i opplæringslova §§ 2-3 tredje ledd andre punktum og 3-4 første ledd er det i forskrift fastsett fritak frå vurdering med karakter i sidemål for enkelte elevgrupper. Etter forskrift til opplæringslova § 3-17 har elevar med individuell opplæringsplan fritak frå vurdering med karakter i sidemål. Etter forskrift til opplæringslova § 3-19 kan elevar som er omfatta av eitt av vilkåra i bokstav a til d, søkje om å få fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål. Elevar som er fritekne vurdering med karakter, skal likevel ha opplæring i skriftleg sidemål.

17.2.2 Andre lover

Kommunelova

Kapittel 12 i kommunelova handlar om innbyggjardeltaking i form av innbyggjarforslag og folkerøystingar. Kommunestyret eller fylkestinget pliktar sjølv å ta stilling til forslag dersom minst to prosent av innbyggjarane står bak det, sjå kommunelova § 12-1 første ledd. Likevel er 300 underskrifter i kommunen eller 500 i fylket alltid tilstrekkeleg. I tillegg kan kommunestyret eller fylkestinget sjølv bestemme at det skal haldast rådgivande folkerøystingar om forslag som gjeld verksemda til kommunen eller fylkeskommunen, jf. § 12-2.

Språklova

Språklova tok til å gjelde 1. januar 2022 og erstatta mållova. Formålet med lova er å gi norsk språk lovfesta status og sterkare vern. Det følgjer av språklova § 4 at norsk er det nasjonale hovudspråket i Noreg, og at bokmål og nynorsk er «likeverdige språk» og «jamstilte skriftspråk». Lova definerer også status for samiske språk, nasjonale minoritetsspråk (kvensk, romani og romanes) og norsk teiknspråk.

17.3 Høyringsforslaget

Departementet foreslo

  • å vidareføre at kommunen skal gi forskrift om det er bokmål eller nynorsk som skal vere hovudmålet ved kvar skole, og lovfeste det same for fylkeskommunen

  • å vidareføre kravet om rådgivande røysting ved skifte av skriftspråk i grunnskolen

  • å vidareføre retten elevane har til å velje bokmål eller nynorsk i skriftlege arbeid og i læremiddel

  • å vidareføre retten til opplæring i ei eiga gruppe på barnetrinnet på det skriftspråket kommunen ikkje har vedteke, men slik at det er kommunen som avgjer kva skole som skal gi tilbodet når elevane er spreidde på fleire skolar

  • å utvide retten til opplæring i ei eiga gruppe på det skriftspråket kommunen ikkje har vedteke, til å gjelde også for elevar på 8. til 10. trinn

  • å vidareføre retten for elevar som må overførast til ein skole med eit anna skriftspråk enn det dei har hatt på 1. til 4. trinn, til å bruke og få opplæring på det skriftspråket dei hadde, og til å få opplæring i faget norsk i ei særskild gruppe

  • å vidareføre at departementet kan gi forskrift om fritak frå opplæring i eitt av dei norske skriftspråka for enkelte elevgrupper

  • å erstatte kravet om obligatorisk sidemålsundervisning på 9. og 10. trinn med eit generelt krav om opplæring i begge skriftspråka

Med dette høyringsforslaget følgde departementet delvis opp forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 32. Departementet følgde ikkje opp utvalets forslag om å ikkje vidareføre kravet om rådgivande røysting ved skifte av skriftspråk i grunnskolen. Utvalet tok ikkje stilling til om retten til opplæring i eiga gruppe på det skriftspråket kommunen ikkje har vedteke bør bli utvida, og departementets forslag var derfor nytt sammenlikna med forslaget frå utvalet.

17.4 Høyringsinstansanes syn

17.4.1 Kommunen og fylkeskommunen skal gi forskrift om det er bokmål eller nynorsk som skal vere hovudmålet ved kvar skole

Om lag 35 høyringsinstansar har uttalt seg om forslaget om å vidareføre regelen om at kommunen skal gi forskrift om kva hovudmål det skal vere ved kvar skole, og lovfeste det same for fylkeskommunen. Fleirtalet av desse støttar forslaget utan å gi nokre konkrete innspel eller kommentarar. Ein del høyringsinstansar støttar forslaget delvis. Mellom anna Bergen kommune er usamd i at skolen skal bruke hovudmålet i kommunikasjonen med elevane og foreldra. Troms og Finnmark mållag ønskjer ikkje at fylkeskommunen skal inkluderast i forslaget til § 15-2 første ledd første punktum.

Bokmålsforbundet støttar ikkje forslaget og viser til at foreldra bør bestemme skriftspråket til eleven, og at fleirtalet av foreldra bør bestemme hovudmålet ved skolen.

17.4.2 Rådgivande røysting ved skifte av skriftspråk i grunnskolen

Om lag 40 høyringsinstansar har uttalt seg om forslaget om å vidareføre kravet om at det skal haldast rådgivande røysting ved skifte av skriftspråk i grunnskolen. Eit stort fleirtal av desse støttar forslaget heilt eller delvis. Mellom anna Språkrådet viser til at det er ein viktig lokaldemokratisk rett. Nynorsk forum støttar forslaget og meiner det er bra at det er allmenn røysterett i røystingane. Eit par høyringsinstansar støttar forslaget delvis og meiner at det berre bør vere foreldre til elevar i skolen som har røysterett.

To høyringsinstansar støttar ikkje forslaget. Utdanningsdirektoratet spør om det kan vere tilstrekkeleg å følgje ordinær framgangsmåte for tilsvarande avgjerder i kommunen. Dersom regelen blir vidareført, ber Utdanningsdirektoratet departementet vurdere om det er behov for ein tilsvarande regel for vidaregåande skolar. Bergen kommune støttar ikkje forslaget og meiner særregulering bør unngåast.

17.4.3 Rett til å velje bokmål eller nynorsk i skriftlege arbeid frå og med 8. trinn og rett til å velje bokmål eller nynorsk i læremiddel

Om lag 50 høyringsinstansar har uttalt seg om forslaget om å vidareføre retten elevane har til å velje bokmål eller nynorsk i skriftlege arbeid og i læremiddel frå 8. trinn, og retten foreldra har til å velje bokmål eller nynorsk i læremiddel for elevar på 1. til 7. trinn.

Eit stort fleirtal av desse støttar forslaget heilt eller delvis. Ein del av desse er likevel kritiske til at foreldre på 1. til 7. trinn kan velje at eleven skal ha lærebøker på bokmål dersom hovudmålet deira er nynorsk, særleg i norskfaget, og det blir vist til at dette kan ha uheldige konsekvensar for opplæringa.

Ei handfull høyringsinstansar er imot forslaget. Vennesla dialekt- og mållag og Troms og Finnmark mållag meiner at elevane må få bruke og få opplæring i det skriftspråket som kommunen har vedteke som hovudmål for skolane, ut grunnskolen. Dette blir grunngitt i at mange elevar i språkblanda område kjenner eit press om å gå over til bokmål på ungdomstrinnet. Stiftinga Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur, meiner også retten til å velje sjølv ikkje bør gjelde før etter ungdomsskolen.

17.4.4 Rett til opplæring i eiga gruppe på det skriftspråket kommunen ikkje har vedteke

Om lag 25 høyringsinstansar har uttalt seg om forslaget om å vidareføre retten til opplæring i eiga gruppe på barnetrinnet på det skriftspråket kommunen ikkje har vedteke, når minst ti elevar ønskjer det, men slik at det er kommunen som avgjer kva skole som skal gi tilbodet når elevane er spreidde på fleire skolar. Desse støttar forslaget heilt eller delvis.

Språkrådet støttar vidareføringa, men meiner at det framleis bør vere foreldra, ikkje kommunen, som avgjer kva skole elevgruppa skal gå på, ettersom kommunen kan komme til å vektleggje lokale økonomiske omsyn tyngre enn språklege interesser. Det same framhevar fleire nynorskorganisasjonar.

Ingen høyringsinstansar er imot forslaget.

Om lag 40 høyringsinstansar har uttalt seg om forslaget om å utvide retten til opplæring i eiga skriftspråkgruppe til også å gjelde for elevar på 8. til 10. trinn. Eit stort fleirtal av desse støttar forslaget heilt eller delvis. Fleire viser til at forslaget er viktig for nynorskelevar som kjem i mindretal på ungdomstrinnet, og at det er uheldig at dei ikkje har denne retten i dag. Mellom anna Noregs Mållag støttar forslaget og uttaler:

Det er historisk at departementet med dette føreslår ein heilt ny språkrett til norske elevar. Noregs mållag meiner dette framlegget vil betra situasjonen for nynorskelevane i randsona av nynorskområdet. På ungdomsskolar med både nynorskelevar og bokmålsselevar i dag fører denna manglande retten til at nynorskelevane hamnar i mindretal i store klassar og vert underviste på bokmål.

Jæren mållag uttaler:

Jæren Mållag er glad for at ny opplæringslov legg opp til at retten til særskild språkgruppe skal gjelda for heile grunnskolen. I gjeldande lov er det berre elevar på 1. til 7. trinn som har rett til å få gå i eiga språkdelt gruppe. At retten ikkje gjeld for ungdomstrinnet har vore til stor ulempe for desse alderstrinna.

Nokre høyringsinstansar støttar forslaget delvis og viser mellom anna til at ei utviding av retten kan vere utfordrande. Fleire peikar på at kommunane må kompenserast tilstrekkeleg. Nokre høyringsinstansar, mellom anna KS og Klepp kommune, peikar på at tiltaket kan gi auka skysskostnader. Fleire kommunar som vil bli ramma av tiltaket, peikar på utfordringar og auka kostnader knytte til behov for fleire lærarar og behov for å utvida arealet på skolen.

Éin høyringsinstans, Statsforvaltaren i Rogaland, er imot forslaget. Det blir vist til at dei økonomiske og administrative konsekvensane av forslaget bør greiast ut betre, mellom anna når det gjeld tilgangen på undervisningsrom og lærarar, og at det bør klargjerast i kva fag på ungdomstrinnet retten skal gjelde.

17.4.5 Rett til å velje skriftspråk for elevar som blir overførte til ein ny skole

Om lag 15 høyringsinstansar har uttalt seg om forslaget om at elevar som må overførast til ein ny skole med eit anna skriftspråk enn eleven har hatt på 1. til 4. trinn, framleis skal ha rett til å bruke og få opplæring på det skriftspråket dei hadde, og til å få opplæring i faget norsk i ei særskild gruppe. Alle desse støttar forslaget heilt eller delvis. Språkrådet støttar vidareføringa av retten for elevar som må overførast til ein skole med eit anna skriftspråk enn det dei har hatt på 1. til 4. trinn, men meiner at retten bør utvidast til å gjelde opp til 7. trinn. Dette er som ei følgje av at retten til opplæring i eiga elevgruppe er foreslått utvida til ungdomstrinnet.

17.4.6 Heimel til å gi forskrift om fritak frå opplæring i eitt av dei norske skriftspråka for enkelte elevgrupper

Om lag 30 høyringsinstansar har uttalt seg om forslaget om å vidareføre heimelen til at departementet kan gi forskrift om fritak frå opplæring i eitt av dei norske skriftspråka for enkelte elevgrupper. Alle desse støttar forslaget heilt eller delvis.

Bergen kommune meiner det må gå tydelegare fram av lova eller forskrift at eit eventuelt fritak frå vurdering ikkje er det same som fritak frå undervisninga, og dessutan kva grunnlaget for fritak er. Også Troms og Finnmark mållag meiner nemninga «fritak frå opplæring» er upresis, og at lova må regulere kva fritaket gjeld for. Norges Blindeforbund støttar forslaget, men meiner at elevane som får opplæring i punktskrift, også må omfattast. Forbundet viser til at mange av desse elevane får fritak frå sidemål i dag, og at lovverket bør vere i tråd med praksis. Det kjem ikkje fram av høyringsfråsegna om desse elevane faktisk blir fritekne frå opplæringa, eller om det er ei følgje av at dei er fritekne frå vurdering i sidemål, og dermed i praksis ikkje får opplæring.

17.4.7 Krav om opplæring i begge skriftspråka

Om lag 30 høyringsinstansar har uttalt seg om forslaget om å lovfeste eit generelt krav om opplæring i begge skriftspråka til erstatning for kravet om obligatorisk sidemålsundervisning på 9. og 10. trinn. Fleirtalet av desse støttar forslaget. Mellom anna Språkrådet og Noregs Mållag støttar det, men peikar på at det ikkje må opnast for at sidemålsundervisninga byrjar seinare enn ho gjer i dag.

Fire høyringsinstansar er imot forslaget. Bergen kommune er imot ein regel med eit generelt krav og ønskjer heller regulert at opplæringa i sidemål skal starte tidlegare. Troms og Finnmark mållag meiner endringa kan medføre at sidemålsopplæringa startar for seint. Det Norske Akademi for Språk og Litteratur støttar ikkje forslaget og meiner sidemålsundervisninga bør vere pålagd dei to siste åra av grunnskolen. Organisasjonen er kritisk til at læreplanane seier at ein skal byrje med sidemålsopplæringa tidlegare. Bokmålsforbundet ønskjer at det blir presisert at opplæringa hovudsakleg skal skje på hovudmålet til eleven, og meiner at sidemålsopplæringa må avgrensast til eit minimum.

17.5 Departementets vurdering

17.5.1 Kommunen og fylkeskommunen skal gi forskrift om det er bokmål eller nynorsk som skal vere hovudmålet ved kvar skole

Departementet meiner at den nye opplæringslova bør regulere valet mellom og bruken av dei to norske skriftspråka bokmål og nynorsk. Departementet understrekar at det er viktig at opplæringslova varetek dei språkpolitiske måla som ligg til grunn i den nye språklova, jf. Prop. 108 L (2019–2020) Lov om språk (språklova). Språkpolitikken skal fremje reell likestilling mellom bokmål og nynorsk, og det offentlege har eit særleg ansvar for å fremje nynorsk fordi det er det minst brukte språket. Det inneber at eventuelle endringar i opplæringslova ikkje må redusere posisjonen til nynorsken eller bidra til å redusere eller fjerne eksisterande mindretalsrettar eller rettar som minoritetar har knytt til språk.

Departementet meiner at kommunen framleis skal fastsetje kva skriftspråk som skal vere hovudmålet ved kvar grunnskole. Valet av hovudmål har betydning for den skriftlege opplæringa ved skolen og den skriftlege kommunikasjonen som lærarane og dei andre tilsette har med elevane.

Departementet meiner at dette også bør gjelde i den vidaregåande opplæringa, slik at fylkeskommunen vedtek kva skriftspråk som skal vere hovudmålet ved dei ulike skolane. Dette gir betre samanheng i regelverket for grunnskolen og den vidaregåande opplæringa.

Avgjerda har betydning for rettane til elevane, og kommunen og fylkeskommunen må derfor fastsetje kva skriftspråk som skal vere hovudmålet for skolane i form av forskrift, jf. forvaltningslova § 2. Dagens kunngjeringsplikt for kommunen etter forvaltningslova § 38 bidreg til å sikra at det er kjent og tilgjengeleg for allmenta kva hovudmål skolane har, og departementet meiner at det same kravet må gjelde for fylkeskommunen. Det inneber at kommunen og fylkeskommunen må sørgje for å kunngjere dette slik at det ikkje er tvil om kva skriftspråk som er hovudmål ved den enkelte skolen.

Departementet understrekar at regelen regulerer valet mellom dei to norske skriftspråka bokmål og nynorsk. Regelen er ikkje til hinder for at skolen kan velje at han i den munnlege og skriftlege opplæringa bruker samisk eller norsk teiknspråk. Reglar om opplæringsspråk er omtalt i punkt 16.

17.5.2 Rådgivande røysting ved skifte av skriftspråk i grunnskolen

Departementet foreslår å vidareføre kravet om rådgivande røysting ved skifte av skriftspråk i grunnskolen.

Departementet har lagt vekt på at dette er ei velfungerande demokratisk ordning som har lange tradisjonar. Eit krav om rådgivande røysting før eit skifte av hovudmål kan bidra til ei forsterka bevisstgjering og ein viktig språkdebatt lokalt.

Departementet har også lagt vekt på at fleirtalet av høyringsinstansane som har uttalt seg om forslaget, ønskjer å vidareføre kravet.

Utdanningsdirektoratet har gitt innspel om at det bør vurderast å innføre ein tilsvarande regel for skifte av skriftspråk i vidaregåande opplæring. Ein tilsvarande regel for skifte av skriftspråk i vidaregåande opplæring har ikkje vore høyrt, og departementet meiner derfor at ein slik regel ikkje bør innførast no.

Departementet foreslår at dei nærare reglane om røystinga blir gitt i forskrift frå departementet. I dag er det regulert i både opplæringslova og forskrift til opplæringslova når rådgivande røysting om skifte av hovudmål skal haldast, og kven som har røysterett. Departementet vil unngå denne dobbeltreguleringa og meiner det er mest tenleg at dei nærare reglane om røysterett og organiseringa av røystinga går fram av forskrift.

17.5.3 Rett til å velje bokmål eller nynorsk i skriftlege arbeid frå og med 8. trinn og rett til å velje bokmål eller nynorsk i læremiddel

Departementet meiner det er viktig at elevane blir sikra ei moglegheit til å velje sitt eige skriftspråk i skriftlege arbeid. Departementet meiner at val av læremiddel bør regulerast saman med val av skriftspråk.

Departementet foreslår å vidareføre moglegheita elevane har til å velje bokmål eller nynorsk i skriftlege arbeid og i læremiddel frå og med 8. trinn, og retten foreldra har til å velje skriftspråk i læremidla for barna sine på 1. til 7. trinn. Departementet meiner presiseringa i dagens lov om at elevane i norskopplæringa skal ha lærebøker på hovudmålet, er overflødig. Det er ikkje grunn til å tru at elevane eller foreldra vil velje læremiddel i norskfaget som er på eit anna skriftspråk enn det eleven skal få mesteparten av opplæringa i.

Til innspela om at nynorskelevar kan kjenne press til å byte hovudmål i overgangen til ungdomstrinnet, vil departementet påpeike at retten skal sikre at elevar har ei reell moglegheit til å velje nynorsk i dei skriftlege arbeida sine og læremiddel dersom dei startar på ein ungdomsskole som har bokmål som hovudmål. Vidare viser departementet til at det i punkt 17.5.4 blir foreslått ein rett til opplæring i eiga skriftspråkgruppe på ungdomstrinnet, og at dette kan bidra til at fleire elevar beheld nynorsk som hovudmål på ungdomstrinnet.

Til innspela om at det er uheldig at ein kan velje læremiddel på eit anna skriftspråk enn hovudmålet som skolen har valt, viser departementet til at det er naturleg at elevane har ein slik rett fordi læremidla skal støtte opp om hovudmålet til elevane. Dette heng dermed saman med retten til å velje kva skriftspråk dei vil bruke i skriftlege arbeid.

Etter departementets forslag vil det følgje direkte av lova at elevane frå 1. til 7. trinn må bruke det skriftspråket som kommunen har vedteke som hovudmål. I dag seier regelen berre at elevane vel hovudmål sjølve frå 8. trinn. Departementet foreslår vidare at den nye lova presiserer at valfridommen når det gjeld skriftspråk, også omfattar elevar i vidaregåande opplæring. Det er i dag lagt til grunn at elevar i vidaregåande opplæring har same valfridom som grunnskoleelevar. Departementet meiner det er viktig at rettane til elevane klart kjem fram av lova, og presiseringa vil også gi ein betre samanheng i regelverket.

17.5.4 Rett til opplæring i eiga gruppe på det skriftspråket kommunen ikkje har vedteke

Departementet foreslår å vidareføre retten til opplæring i særskilde grupper for elevar på barnetrinnet som vil bruke eit anna skriftspråk enn det kommunen har fastsett som hovudmål. Retten gjeld når minst ti elevar på eitt av trinna ønskjer slik opplæring. Retten er spesielt viktig for elevar med nynorsk som hovudmål. Denne elevgruppa har liten tilgang til hovudmålet sitt i kvardagen, og skolen speler derfor ei endå viktigare rolle for språket deira.

Departementet foreslår at retten til opplæring på eige skriftspråk i eigne grupper også skal gjelde elevar på ungdomstrinnet. I dag har elevar på 1. til 7. trinn rett til å få opplæring i ei eiga gruppe på det skriftspråket kommunen ikkje har vedteke, når minst ti elevar på eitt av trinna ønskjer slik opplæring. Med dette forslaget vil retten gjelde likt for elevar på 8. til 10. trinn, når minst ti elevar på eitt av trinna ønskjer slik opplæring.

Nynorsk står generelt svakare enn bokmål som skriftspråk. Mange elevar med nynorsk som hovudmål hamnar i mindretal i språkblanda klassar på ungdomstrinnet. Ei utviding av retten til særskild skriftspråkgruppe kan bidra til å styrkje posisjonen til nynorsk i område der han er under press, og kan redusere tendensen til at elevar byter hovudmål når dei byrjar på ungdomstrinnet.

Departementet har lagt vekt på at eit stort fleirtal av høyringsinstansane støttar forslaget, og fleire trekkjer fram at forslaget vil vere eit historisk og viktig tiltak for nynorskelevane.

Forslaget er også i tråd med den nye språklova, som har som formål å styrkje norsk språk, og som gir det offentlege eit særleg ansvar for å fremje nynorsk som det minst brukte skriftspråket.

Forslaget er også i tråd med Stortingets vedtak nr. 67, 22. november 2016:

Stortinget ber regjeringen utrede en endring av opplæringslova § 2-5 og andre mulige tiltak som kan sikre elever på ungdomsskolen rett til opplæring på hovedmålet og rett til å tilhøre en egen målformgruppe, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.

Departementet meiner at der elevar med rett til opplæring i særskilde grupper er spreidde på fleire skolar, bør det vere kommunen som avgjer kva skole tilbodet skal givast på. Kommunen har ansvaret for å gi opplæringa, og han bør sjølv ta avgjerda. Nokre høyringsinstansar har stilt spørsmålet om ikkje kommunen i for stor grad vil vektleggje lokale økonomiske omsyn i vurderinga. Departementet viser til at kommunen må ta avgjerda på ein demokratisk og fagleg forsvarleg måte som varetek rettane elevane har elles. Departementet viser dessutan til at kommunen allereie i dag avgjer opplæringsstad for opplæring i teiknspråk, samisk og for innføringsklassar, og at denne løysinga vil sikre ei lik ordning på tvers av dei ulike tilboda. Departementet understrekar at dersom det er minst ti elevar på eit trinn på same skole som krev denne retten, har dei etter departementets forslag framleis rett til å få opplæringa på den skolen dei går på.

17.5.5 Rett til å velje skriftspråk for elevar som blir overførte til ein ny skole

Departementet foreslår å vidareføre at elevar som må overførast til ein skole med eit anna skriftspråk enn det dei hadde på 1. til 4. trinn, har rett til skriftleg opplæring på det skriftspråket dei hadde som hovudmål, og til å få opplæring i faget norsk i ei særskild språkgruppe, uavhengig av kor mange dei er. Retten til å få skriftleg opplæring på det skriftspråket dei hadde som hovudmål, inneber at det skriftlege arbeidet til eleven og skolen skal vere på det ønskte skriftspråket. Retten skal sikre mot ufrivillig byte av hovudmål. Når elevane har fullført fire trinn med opplæring, vil det vere uheldig for opplæringa dersom dei blir tvinga til å byte skriftspråk.

Regelen skal, som etter dagens reglar, forståast slik at retten blir reservert for elevar som må overførast på grunn av endringar i skolestrukturen. Han gjeld dermed ikkje for elevar som endrar bustad.

Til innspelet frå Språkrådet vil departementet presisere at retten til å få bruke og få opplæring i det skriftspråket dei hadde, og til å få opplæring i faget norsk i ei særskild gruppe, ikkje er avgrensa til 1. til 4. trinn. Tilvisinga til 1. til 4. trinn i lovteksten viser til at det er eit vilkår for retten at eleven har hatt eit anna skriftspråk dei fire første åra i grunnskolen. Det inneber at dersom ein elev har hatt nynorsk som hovudmål på 1. til 4. trinn og må starte på ein ny skole i 5. trinn der hovudmålet er bokmål, har eleven rett til å bruke og få opplæring i nynorsk ved den nye skolen. Eleven har også rett til å få opplæring i faget norsk i ei særskild gruppe.

17.5.6 Heimel til å gi forskrift om fritak frå opplæring i eitt av dei norske skriftspråka for enkelte elevgrupper

Departementet meiner at det framleis er behov for å kunne gjere unntak for visse elevgrupper frå sidemålsopplæring, og foreslår å vidareføre heimel for departementet til å gi forskrift om fritak frå opplæring i eitt av dei norske skriftspråka. Dei som i dag kan få fritak i grunnskolen, er elevar som får opplæring i og på samisk, i kvensk eller finsk, i norsk teiknspråk, eller som får særskild språkopplæring. I vidaregåande opplæring gjeld det elevar som får opplæring i samisk eller i og på norsk teiknspråk, eller som får særskild språkopplæring. Elevgruppene som kan få fritak frå sidemålsopplæringa, er avgrensa og sakleg grunngitt ut frå språksituasjonen for elevane. Departementet meiner dagens avgrensing er fornuftig, og foreslår å vidareføre denne.

Departementet meiner vidare at forskriftsheimelen for fritak også bør gjelde i den vidaregåande opplæringa. Dette inneber ei presisering av forskriftsheimelen i forslaget til § 6-1 første ledd.

Departementet har merka seg at Norges Blindeforbund ønskjer at elevar som får opplæring i punktskrift, også skal få fritak frå opplæring i sidemål. Forbundet viser til at mange av elevane som får opplæring i punktskrift, får fritak frå sidemål i dag, og at denne praksisen bør harmoniserast med lovverket. Det kjem ikkje fram av høyringsinnspelet om desse elevane faktisk får fritak frå opplæringa etter dagens forskrift til opplæringslova § 1-11, eller om dette er ei følgje av at dei er fritekne frå vurdering i sidemål, og dermed i praksis heller ikkje får opplæring i sidemål.

Elevar som får opplæring i punktskrift, kan i dag søkje om fritak frå vurdering med karakter i sidemål, jf. dagens forskrift til opplæringslova § 3-19 bokstav a. Departementet ser at sterkt svaksynte og blinde elevar også kan ha behov for fritak frå opplæringa i sidemål. Ei utviding av høvet til å få fritak frå opplæring i sidemål har likevel ikkje vore høyrt, og må greiast ut nærare, då opplæring i punktskrift skil seg noko frå dei andre unntakshøva, som har med opplæring i andre språk enn norsk.

Departementet ser at nokre høyringsinstansar påpeikar at det er uklart kva fritaket gjeld for, og kva forskjellen på fritak frå opplæring og fritak frå vurdering er. Departementet vil for ordens skuld presisere at det er forskjell på fritak frå opplæring i sidemål og fritak frå vurdering i sidemål. Fritak frå opplæring i sidemål inneber at eleven ikkje deltek i sidemålsopplæringa. Fritak frå vurdering i sidemål inneber at eleven ikkje skal ha standpunktkarakter eller eksamenskarakter i sidemål. Dette gir likevel ikkje fritak frå sjølve opplæringa. I forslaget til ny § 2-3 er det foreslått å vidareføre at departementet skal gi forskrift om individuell vurdering. Dette omfattar også fritak frå vurdering i sidemål. Forslaget er behandla i punkt 11.5.3.

17.5.7 Krav om opplæring i begge skriftspråka

Departementet foreslår å erstatte kravet om obligatorisk sidemålsundervisning på 9. og 10. trinn med eit generelt krav om at elevane skal ha opplæring i begge dei norske skriftspråka. Departementet meiner at innhaldet i faga som utgangspunkt bør regulerast i læreplanane, ikkje i lova.

Ifølgje dagens læreplan i norsk skal elevane få opplæring i begge skriftspråka allereie på 1. og 2. trinn ved å lytte og samtale om tekstar på bokmål og nynorsk. Etter 4. trinn skal elevane lese og lytte til tekstar på bokmål og nynorsk og utforske forskjellar og likskapar mellom skriving på hovudmål og sidemål. Etter 7. trinn skal elevane prøve ut skriving av tekstar på sidemål. Kravet i lova om at sidemålsopplæringa skal starte på 9. trinn, er altså ikkje i tråd med læreplanen, og stiller dermed lågare krav enn det læreplanane krev. Lova gir dermed per i dag ikkje rett informasjon om forpliktingane til skolane og kommunane. Departementet meiner at kravet om at opplæringa skal skje på 9. og 10. trinn, bør fjernast.

Til innspela om at sidemålsopplæringa ikkje må starte seinare enn i dag, og at læreplanane kan endrast i framtida, vil departementet presisere at det ikkje er meininga at det generelle kravet skal leggje til rette for seinare start på sidemålsopplæringa enn etter dagens regel. Tvert imot skal eit generelt krav til sidemålsopplæring bidra til at opplæringa kan starte tidlegare, i tråd med gjeldande læreplan.

17.6 Departementets forslag

Departementet foreslår

  • å vidareføre at kommunen skal gi forskrift om det er bokmål eller nynorsk som skal vere hovudmålet ved kvar skole, og lovfeste det same for fylkeskommunen, sjå forslaget til § 15-2 første ledd

  • å vidareføre kravet om rådgivande røysting ved skifte av skriftspråk i grunnskolen, men slik at kven som har røysterett, blir regulert i forskrift, sjå forslaget til § 15-2 andre ledd

  • å vidareføre rettane til å velje bokmål eller nynorsk i skriftlege arbeid og i læremiddel, sjå forslaget til §§ 3-1 andre ledd og 6-1 andre ledd

  • å lovfeste rett til opplæring i ei eiga gruppe på barne- og ungdomstrinnet på det skriftspråket kommunen ikkje har vedteke, men slik at det er kommunen som avgjer kva skole som skal gi tilbodet når elevane er spreidde på fleire skolar, sjå forslaget til § 3-1 tredje ledd

  • å vidareføre retten for elevar som må overførast til ein skole med eit anna skriftspråk enn det dei hadde på 1. til 4. trinn, til å bruke og få opplæring på det skriftspråket dei hadde, og til å få opplæring i faget norsk i ei særskild gruppe, sjå forslaget til § 3-1 fjerde ledd

  • å vidareføre at departementet kan gi forskrift om fritak for opplæring i eitt av dei norske skriftspråka for enkelte elevgrupper, sjå forslaget til §§ 3-1 første ledd andre punktum og 6-1 første ledd andre punktum

  • å lovfeste eit generelt krav om opplæring i begge skriftspråka, sjå forslaget til §§ 3-1 første ledd første punktum og 6-1 første ledd første punktum

Til forsida