Prop. 57 L (2022–2023)

Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innhaldsliste

9 Rett og plikt til grunnskoleopplæring

9.1 Innleiing

Dette punktet handlar om retten og plikta barn har til grunnskoleopplæring i Noreg. Alle barn i grunnskolealder har både ein rett og ei plikt til grunnskoleopplæring og ein rett til offentleg grunnskoleopplæring. Plikta til å delta i grunnskoleopplæring kan varetakast gjennom (1) offentleg grunnskoleopplæring, (2) opplæring i privat skole godkjend etter § 2-12 eller etter privatskolelova eller ved (3) privat grunnskoleopplæring i heimen. Dette punktet omtaler offentleg grunnskoleopplæring.

Dette punktet handlar også om fritak frå opplæringsplikta, permisjon frå pliktig grunnskoleopplæring, utsett og tidleg skolestart, straffansvaret til foreldra dersom barn ikkje får opplæring, og det såkalla gratisprinsippet i grunnskolen.

Punktet omtaler også vedtak frå Stortinget nr. 197, 12. desember 2018: Fritak frå skolefag.

Stortinget ber regjeringen sørge for at fritak for skolefag ikke blir gitt dersom dette ikke er i overensstemmelse med elev og foresattes ønsker, at fritaket må være faglig begrunnet, og at konsekvensene av et fritak er gjort godt kjent for eleven og foresatte.

9.2 Dagens reglar

9.2.1 Grunnlova og Noregs folkerettslege forpliktingar

Barn har rett til å få grunnleggjande utdanning, jf. Grunnlova § 109. I FNs barnekonvensjon artikkel 28 nr. 1 står det følgjande:

Partene anerkjenner barnets rett til utdanning, og med sikte på å oppnå denne rett gradvis og på grunnlag av like muligheter skal de særlig:
  • a) gjøre grunnutdanningen obligatorisk og gratis tilgjengelig for alle […]

9.2.2 Opplæringslova

Rett og plikt til grunnskoleopplæring

Alle barn i Noreg har rett og plikt til grunnskoleopplæring frå det kalenderåret dei fyller seks år, og til dei har fullført det tiande skoleåret. Plikta kan oppfyllast i ein offentleg skole eller gjennom anna, tilsvarande opplæring. Dette følgjer av opplæringslova § 2-1 første ledd.

Retten til grunnskoleopplæring gjeld når det er sannsynleg at barnet skal vere i Noreg i meir enn tre månader, jf. § 2-1 andre ledd. Retten til grunnskoleopplæring skal oppfyllast så raskt som mogleg og seinast innan éin månad. Kravet gjeld frå det tidspunktet det er sannsynleg at barnet skal vere i landet i meir enn tre månader.

Plikta til grunnskoleopplæring startar når opphaldet har vart i tre månader. Departementet kan gi fritak å denne plikta i særlege tilfelle, til dømes der opphaldet i Noreg berre vil vare kort tid utover tre månader.

Plikta til grunnskoleopplæring i Noreg fell bort dersom eleven oppheld seg utanfor landet i meir enn tre månader. I forarbeida til paragrafen, Prop. 72 L (2015–2016), kap. 7.5, er det presisert at «opplæringsplikta gjeld innanfor tremånadersperioden, og at utanlandsopphald der det ikkje er innvilga permisjon, dermed vil vere ulovlege», og at «tremånadersregelen gjeld […] uavhengig av den fastsette skoleruta (skoledagar, feriar og fridagar)», jf. Prop. 72 L (2015– 2016), kapittel 7.5.

Norske borgarar som buset seg i utlandet, har ikkje rett og plikt til grunnskoleopplæring etter norsk lov.

Utsett og tidleg skolestart

I Noreg startar barn i grunnskolen det kalenderåret dei fyller seks år. Opplæringslova opnar for at barn unntaksvis kan starte på skolen eitt år seinare eller eitt år tidlegare.

Det følgjer av opplæringslova § 2-1 tredje ledd at eit barn har rett til å utsetje skolestarten eitt år dersom det etter sakkunnig vurdering er tvil om barnet har komme tilstrekkeleg langt i utviklinga si til å starte på skolen, og foreldra krev det. Kommunen kan i særlege tilfelle vedta å utsetje skolestarten eitt år etter ei sakkunnig vurdering og med samtykke frå foreldra.

I tredje ledd er det også opna for tidlegare skolestart. Her er det fastsett at dersom foreldra søkjer om eller samtykkjer til det, kan kommunane etter sakkunnig vurdering la eit barn byrje på skolen eitt år før når barnet har vorte fem år innan 1. april.

Fritak frå opplæringsplikta

Etter sakkunnig vurdering og med skriftleg samtykke frå foreldra kan kommunane heilt eller delvis vedta å frita ein elev for opplæringsplikta dersom omsynet til eleven tilseier det. Dette følgjer av opplæringslova § 2-1 fjerde ledd andre punktum. Regelen gjeld ikkje berre elevar med alvorleg nedsett funksjonsevne eller alvorlege sjukdommar, men kan også brukast til å la elevar med stort læringspotensial hoppe over eitt eller fleire trinn. Regelen opnar også for fritak frå delar av opplæringa. Elevar som er fritekne frå opplæringsplikta, har rett til å fullføre den opplæringa dei er fritekne frå, på eit seinare tidspunkt, jf. Ot.prp. nr. 46 (1997–98), s. 153.

I heilt spesielle unntakstilfelle kan også kommunane med samtykke frå foreldra vedta å la ein elev gå eit trinn om igjen eller tilby eit ellevte skoleår til elevar som ikkje har fullført grunnskolen.

Permisjon

Kommunane kan gi elevar fri frå grunnskoleopplæringa i inntil to veker per permisjon, når det er forsvarleg, jf. opplæringslova § 2-11 første ledd. Kommunane må vurdere om eleven totalt sett får ei forsvarleg grunnskoleopplæring. I denne vurderinga er det relevant å leggje vekt på om eleven får opplæring i permisjonstida. Kva krav som skal stillast til nødvendig opplæring i permisjonstida, må vurderast ut frå kva som er nødvendig i kvart enkelt tilfelle.

Elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, har etter søknad rett til å vere borte frå skolen dei dagane trussamfunnet deira har heilagdag, jf. opplæringslova § 2-11 andre ledd. Det er eit vilkår for retten at foreldra sørgjer for nødvendig undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den alminnelege undervisninga etter at permisjonstida er over.

Permisjon etter opplæringslova § 2-11 forkortar retten elevane har til grunnskoleopplæring, tilsvarande.

Straffansvaret til foreldra

Dersom ein elev er borte frå pliktig opplæring og foreldra er skuld i fråværet, kan foreldra straffast med bøter, jf. opplæringslova § 2-1 femte ledd. Regelen omfattar både dei tilfella der foreldra aktivt held barna sine borte frå opplæringa, og der fråværet kjem av at foreldra er passive. Foreldra kan ikkje straffast dersom årsaka til fråværet ikkje er manglande aktivitet frå foreldra, men kjem av andre utanforliggjande forhold, til dømes sjukdom. Det same gjeld dersom foreldra har vore uvitande om fråværet og ikkje kan klandrast for å ha vore aktlause.

Gratisprinsippet

Elevane har rett til gratis offentleg grunnskoleopplæring, jf. opplæringslova § 2-15. Kommunane kan ikkje krevje at elevane eller foreldra dekkjer utgifter i samband med grunnskoleopplæringa, til dømes utgifter til undervisningsmateriell, transport i skoletida, leirskoleopphald, ekskursjonar eller andre turar som er ein del av grunnskoleopplæringa.

Regelen står ikkje i vegen for at skolen kan ta imot gåver. Gåver og andre bidrag må likevel vere reelt frivillige. Verken elevar eller foreldre må kjenne seg pressa til å bidra økonomisk, og gåvene kan ikkje øyremerkjast bestemte elevar.

9.3 Høyringsforslaget

I høyringa foreslo departementet

  • å vidareføre retten til grunnskoleopplæring

  • å vidareføre plikta til grunnskoleopplæring og å presisere korleis plikta kan oppfyllast

  • å i all hovudsak vidareføre høvet til fritak frå opplæringsplikta. Det skal framleis krevjast sakkunnig vurdering. Det blir presisert kva fritak frå opplæringsplikta kan gå ut på, og at elevar som har fått fritak, ikkje mistar retten til den opplæringa dei har fått fritak frå

  • å vidareføre at kommunen kan gi ein elev permisjon frå opplæringa dersom eleven samla sett får ei opplæring som er forsvarleg. Dagens grense på to veker blir ikkje vidareført. Det blir innført ei plikt for kommunen til å gi forskrift om permisjon

  • å vidareføre retten til permisjon når andre trussamfunn har heilagdag

  • å opne for tidleg skolestart når det ligg føre særlege grunnar, og for utsett skolestart dersom gode grunnar taler for det. Kravet om sakkunnig vurdering blir ikkje vidareført. I vurderingane skal kommunen særleg leggje vekt på føresetnadene barnet har for å oppnå sosial tilhøyrsel og læring

  • å vidareføre retten til gratis grunnskoleopplæring

  • å vidareføre straffansvaret til foreldra

Departementet følgde med dette høyringsforslaget i all hovudsak opp forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 23. Forslaget i høyringa om å innføre ei plikt for kommunen til å gi forskrift om permisjon var nytt samanlikna med forslaget frå utvalet som berre foreslo å opne for at kommunen kunne gi slik forskrift. Departementet følgde heller ikkje opp forslaget frå utvalet om å ta bort kravet til sakkunnig vurdering ved vedtak om fritak frå opplæringsplikta.

9.4 Høyringsinstansanes syn

Det er om lag 20 høyringsinstansar som har uttalt seg om forslaga knytte til rett og plikt til grunnskoleopplæring.

Det er 13 høyringsinstansar som uttaler at dei støttar ei vidareføring og presisering av retten og plikta til grunnskoleopplæring. Blant desse er Statsforvaltaren i Agder, Statsforvaltaren i Vestland, Rogaland fylkeskommune, fleire kommunar og FUG. Ingen instansar gir uttrykk for at dei ikkje støttar ei vidareføring og presisering av reglane.

Mange høyringsinstansar støttar at fritak frå opplæringsplikta blir vidareført. Det er 21 instansar som har uttalt seg om dette forslaget, og 19 av desse støttar eller delvis støttar forslaget, irekna Statsforvaltaren i Vestland, fleire kommunar, Dysleksi Norge, FUG og Redd barna. Fleire høyringsinstansar viser til at det er viktig at det framleis er krav om sakkunnig vurdering i saker om fritak frå opplæringsplikta, og at terskelen for fritak bør vere høg. Vestfold og Telemark fylkeskommune og Nordland fylkeskommune støttar ikkje forslaget og viser til at elevar ikkje bør kunne fritakast frå grunnskoleopplæring.

Når det gjeld forslaget om å ikkje lenger ha ei grense for permisjon på to veker, er det elleve høyringsinstansar som støttar forslaget, og tre som ikkje støttar. Blant dei som støttar forslaget, er Statsforvaltaren i Agder, Statsforvaltaren i Trøndelag, Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, fleire kommunar og FUG.

Statsforvaltaren i Vestland, Evje og Hornes kommune og Oslo kommune støttar ikkje forslaget. Evje og Hornes kommune meiner det framleis bør stå i lova kor lenge ein elev kan få permisjon. Oslo kommune skriv i høyringsinnspelet sitt:

Ved å fjerne den øvre grensen for sammenhengende permisjon, står man i fare for å sette andre elevers rett til plass på nærskolen til side, ved at elever opptar en plass på skolen uten at de faktisk mottar opplæring. Videre vil en åpning for at kommunene kan ha et regelverk som innvilger mer enn 10 sammenhengende skoledager permisjon, gjøre det vanskeligere å sette en grense for hva som er forsvarlig. Vi mener den øvre grensen for permisjon på 10 sammenhengende skoledager bør beholdes. Foresatte må gjøres ansvarlig for vurderingen av at noe annet er viktigere enn å være på skolen.

Til forslaget om å endre vilkåra for tidleg og utsett skolestart har det komme om lag 20 høyringsinnspel. Høyringa av desse forslaga må sjåast i samanheng med innspela som kom til forslaget om å ta bort kravet til sakkunnig vurdering for desse vedtaka. Dette er omtalt i punkt 24 om PP-tenesta. Eit fleirtal av høyringsinstansane er imot å ta bort krava til sakkunnig vurdering for desse vedtaka.

Til forslaget om at kommunen kan innvilge utsett skolestart dersom gode grunnar taler for det, er det fire instansar som støttar, og seks som ikkje støttar. Blant dei som støttar eller delvis støttar forslaget, er Oslo kommune, Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Statsforvaltaren i Agder og Prematurforeningen. Prematurforeningen skriv i høyringsinnspelet sitt at det er positivt at terskelen blir senka, og at det bør takast omsyn til at nokre premature barn er fødde i «feil årskull». Statsforvaltaren i Agder viser til at det bør vere meir konkrete vurderingskriterium.

Blant dei som ikkje støttar forslaget, er Redd Barna, Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking, FUG, Statsforvaltaren i Vestland, Statsforvaltaren i Rogaland og Lunner kommune. Det blir peika på at den foreslåtte ordlyden for utsett skolestart er lite konkret, og at vilkåra for utsett skolestart bør vere som i dag. Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking meiner at ein risikerer at mange fleire får utsett skolestart, og at det er tvilsamt om det er bra for kvart enkelt barn og samfunnsøkonomisk lønnsamt.

Det er fem høyringsinstansar som heilt eller delvis støttar forslaget om at kommunen kan innvilge tidleg skolestart når det ligg føre særlege grunnar, og å ta bort kravet om at barnet må vere fylt fem år innan 1. april. Det er seks høyringsinstansar som ikkje støttar dette forslaget.

Blant dei som heilt eller delvis støttar forslaget, er Utdanningsdirektoratet, Statsforvaltaren i Agder, Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Oslo kommune og Lykkelige barn.

Utdanningsdirektoratet skriv i høyringsinnspelet sitt at det må komme klart fram kva som inngår i vurderinga for tidleg skolestart. Det kan ikkje berre vere vurderinga som foreldra gjer av barnet, og det må komme tydeleg fram at vurderinga må byggje på fagleg-pedagogisk erfaring og kunnskap. Statsforvaltaren i Agder viser til at det bør vere meir konkrete vurderingskriterium. Dei som ikkje støttar dette forslaget, er Statped, Redd Barna, FUG, Moss kommune og Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking.

Det har ikkje komme konkrete høyringsinnspel til forslaga om å vidareføre retten til gratis grunnskoleopplæring og å vidareføre straffansvaret til foreldra.

9.5 Departementets vurdering

9.5.1 Inndeling av reglane

Departementet foreslår å ha éin paragraf om rett til grunnskoleopplæring, éin om plikt til grunnskoleopplæring og éin om tidleg og utsett skolestart. Denne inndelinga får godt fram kven som har rett og plikt til grunnskoleopplæring, og når retten og plikta tek til å gjelde.

Departementet foreslår at reglane om fritak frå opplæringa og permisjon frå grunnskoleopplæringa blir lovfesta i same paragrafen som plikta til grunnskoleopplæring. På den måten kjem det tydeleg fram av lova at høvet til både fritak og permisjon er unntak frå plikta til grunnskoleopplæring. Dette vil gjere at alle unntaka frå plikta til grunnskoleopplæring blir samla i éin paragraf.

Vidare foreslår departementet å regulere retten til gratis offentleg grunnskoleopplæring og straffansvaret til foreldra i kvar sine paragrafar.

9.5.2 Retten til grunnskoleopplæring

Departementet foreslår å vidareføre at retten til offentleg grunnskoleopplæring skal gjelde frå det året barn fyller seks år, til dei har avslutta det 10. trinnet.

Departementet foreslår også å vidareføre at retten til grunnskoleopplæring skal gjelde når det er sannsynleg at barnet skal vere i Noreg i meir enn tre månader i samanheng, og at retten skal oppfyllast så raskt som mogleg og seinast innan éin månad. Det vidareførast også at barn som kjem til Noreg, skal plasserast på det trinnet som passar med alderen. Kommunen kan gjere unntak der ei konkret vurdering viser at barnet bør plasserast på eit lågare trinn. I slike tilfelle bør kommunane rettleie om og gi eleven denne moglegheita. For plassering på eit høgare trinn vil reglane i forslaget til § 2-2 tredje ledd gjelde.

Departementet foreslår å ikkje vidareføre dagens opplæringslov § 2-1 første ledd første punktum, der det er presisert at grunnskoleopplæringa skal vere «i samsvar med denne lova og tilhøyrande forskrifter». Departementet meiner, som også påpeika av opplæringslovutvalet, at dette er ei unødvendig presisering.

9.5.3 Plikta til grunnskoleopplæring

Departementet foreslår å vidareføre dagens reglar om at barn har plikt til grunnskoleopplæring frå det året dei fyller seks år, til dei har avslutta det 10. trinnet. Vidare foreslår departementet å vidareføre regelen om at eit barn skal ha plikt til grunnskoleopplæring når barnet har vore i Noreg i tre månader, og at plikta fell bort når barnet oppheld seg utanfor Noreg i tre månader.

Departementet foreslår at det står eksplisitt i lova på kva måtar plikta til grunnskoleopplæring kan oppfyllast. Plikta kan anten gjennomførast i offentleg skole, privat skole som er godkjend etter forslag til § 22-1 eller privatskolelova, eller i form av privat grunnskoleopplæring i heimen, sjå forslag til § 22-5.

9.5.4 Fritak frå opplæringsplikta

Departementet foreslår at opplæringslova framleis skal opne for fritak frå opplæringsplikta, og å vidareføre terskelen og vilkåra for når kommunen kan gi fritak. Kommunen kan frita ein elev heilt eller delvis frå opplæringsplikta dersom omsynet til eleven tilseier det, foreldra samtykkjer og det ligg føre ei sakkunnig vurdering.

Fritak frå opplæringsplikta kan til dømes vere at eleven får «fritak frå delar av skoleveka» og «eitt eller fleire av skoleåra». Det første dømet kan vere aktuelt der eleven er sjuk, eller der eleven av andre grunnar ikkje er i stand til å ha opplæring kvar dag eller heile skoledagar. Det siste dømet viser til at elevar kan hoppe over trinn, det vil seie at eleven kan gjennomføre grunnskolen på kortare tid enn ti år.

Departementet foreslår at dagens § 2-1 andre ledd siste punktum, om at departementet kan innvilge fritak frå opplæringsplikta i særlege tilfelle, ikkje blir vidareført. I forarbeida til regelen er det lagt til grunn at fritak til dømes kan vere aktuelt «når det er klart at opphaldet [i Noreg] berre varer ei kort tid ut over tre månader, slik at opplæringsperioden berre kan bli kortvarig», jf. Ot.prp. nr. 46 (1997–98) merknad til § 2-1 andre ledd. Departementet meiner, som også opplæringslovutvalet påpeika, at det i slike tilfelle vil vere lite tenleg for barnet å starte skolegangen i Noreg. Departementet er ikkje kjent med at det har vore gitt fritak etter denne regelen. Dersom det skulle vere aktuelt, bør avgjerda takast av den kommunen der barnet oppheld seg. Departementet foreslår derfor å ikkje vidareføre § 2-1 andre ledd siste punktum i den nye opplæringslova.

Elevar som blir fritekne for opplæringsplikta, mistar ikkje opplæringsretten. Dei har altså rett til å komme tilbake for å fullføre grunnskolen seinare, jf. Ot.prp. nr. 46 (1997–98) merknad til § 2-1. Departementet foreslår at dette blir presisert i lova.

I 2019 gjorde Stortinget følgjande vedtak:

Vedtak nr. 197, 12. desember 2018: Fritak frå skolefag
Stortinget ber regjeringen sørge for at fritak for skolefag ikke blir gitt dersom dette ikke er i overenstemmelse med elev og foresattes ønsker, at fritaket må være faglig begrunnet, og at konsekvensene av et fritak er gjort godt kjent for eleven og foresatte.

Departementet foreslår ein eigen paragraf i opplæringslova om at det beste for eleven skal vere eit grunnleggjande omsyn ved handlingar og avgjerder som vedkjem elevar, sjå forslag til § 10-1. Omsynet til eleven sjølv vil vere ein avgjerande føresetnad når eit fritak skal vurderast. Departementet foreslår også å lovfeste retten eleven har til å bli høyrd, sjå forslag til § 10-2, og å vidareføre dagens regel om at skolen skal samarbeide med foreldra, sjå forslag til § 10-3. Slik departementet vurderer det, er det ikkje behov for ytterlegare justeringar av reglane for fritak for å oppfylle Stortingets vedtak.

I dag er det krav om sakkunnig vurdering frå den pedagogisk-psykologiske tenesta (PP-tenesta) for vedtak om fritak frå opplæringsplikta, og departementet foreslår å vidareføre dette. Sjå meir om vurderinga til departementet av dette i punkt 27 om PP-tenesta.

9.5.5 Permisjon frå pliktig grunnskoleopplæring

Vilkår om «samla sett forsvarleg opplæring»

Departementet foreslår at lova framleis skal opne for at elevar kan givast permisjon frå grunnskoleopplæringa der kommunen meiner det er forsvarleg. For å vurdere kva som er forsvarleg, må det leggjast vekt på læringsutbyttet til eleven, kva som skal skje på skolen i permisjonstida, til dømes om det er nasjonale prøvar eller andre prøvar, og om foreldra vil sørgje for eigna opplæring i permisjonstida. I tillegg må ein vurdere kva som er det beste for eleven, og kva eleven sjølv meiner.

Departementet foreslår at det blir presisert i lova at permisjon berre kan givast dersom eleven får ei opplæring som samla sett er forsvarleg. Dette er ei presisering av dagens reglar.

Kommunane avgjer kor lenge ein elev kan få permisjon

Departementet foreslår å ikkje vidareføre regelen om at ein elev berre kan få permisjon i inntil to veker om gongen. Departementet meiner at det bør vere opp til kvar enkelt kommune å vurdere kor lang permisjon ein elev kan få.

Kravet i lova om ei samla sett forsvarleg opplæring vil i seg sjølv setje ei grense for kor mange og kor lange permisjonar kvar enkelt elev kan få. Forslaget inneber at kommunane elles vil stå fritt til sjølve å fastsetje ei øvre grense for lengda og talet på permisjonane. Kommunen avgjer om det skal givast permisjon til dømes dersom familien ønskjer å ta ferie, eller dersom eleven ønskjer å delta på treningssamlingar utanom helgar og feriedagane til skolen. Ein kommune kan framleis avslå ein søknad om permisjon sjølv om det er forsvarleg å gi permisjon dei skoledagane det blir søkt om. Kommunar som ønskjer det, kan framleis ha ei øvre grense for permisjon på to veker i dei lokale forskriftene sine.

Krav om at kommunen fastset lokale forskrifter om permisjon

I dag er det fleire kommunar som har fastsett retningslinjer for å behandle permisjonssøknader i kommunale eller lokale permisjonsreglement. Når det foreslås å ta ut dei nasjonale reglane som fastset kor lang permisjon kvar enkelt elev kan få, vil det vere opp til kvar kommune å bestemme kva permisjonspraksis kommunen skal ha. Departementet meiner det er uheldig dersom det er ulik praksis for permisjon mellom skolane i same kommune. Reglane for permisjon i kvar enkelt kommune bør derfor fastsetjast i forskrift.

Lokale forskrifter gjer det meir føreseieleg for dei som skal søkje om permisjon, og gjer reglane meir tilgjengelege. Forskrifter skal kunngjerast i Norsk Lovtidend, jf. forvaltningslova § 38 første ledd bokstav c. Rett nok er det ikkje gunstig å påleggje kommunane å lage fleire forskrifter enn nødvendig for å utfylle nasjonalt regelverk, men utan nasjonale reglar om dette kan det utvikle seg ulik praksis for å innvilge permisjon mellom skolane i same kommune. Det vil vere lite føreseieleg for elevar og foreldre. Departementet foreslår derfor å lovfeste at kommunane skal vedta lokale forskrifter om permisjon.

Rett til permisjon ved religiøse heilagdagar

Departementet foreslår å vidareføre retten til permisjon for å feire religiøse heilagdagar hos andre trussamfunn enn Den norske kyrkja. Etter forslaget vil eleven, som i dag, ha rett til permisjon på heilagdagar når vilkåret om nødvendig opplæring i permisjonstida er oppfylt. Elevane har rett til permisjon på alle heilagdagane innanfor det trussamfunnet dei tilhøyrer. Det er ikkje eit krav at eleven er medlem av eit anna trussamfunn. Det er nok at det ligg føre ei viss tilknyting til eit anna trussamfunn, til dømes at eleven ønskjer å feire heilagdagen saman med nær familie som er medlem av dette trussamfunnet. Denne retten gjeld ikkje feiring av nasjonale høgtidsdagar og liknande.

9.5.6 Utsett og tidleg skolestart

Departementet meiner at dei aller fleste barn skal byrje på skolen det kalenderåret dei fyller seks år, og at det i utgangspunktet vil vere til det beste for barnet. Departementet meiner likevel at lova framleis bør opne for at barn unntaksvis kan starte på skolen eitt år seinare eller eitt år tidlegare.

Departementet foreslår å vidareføre kravet til sakkunnig vurdering frå PP-tenesta for vedtak om tidleg og utsett skolestart, sjå omtale og vurderinga til departementet i punkt 27.5.2.

Departementet foreslår å vidareføre dagens regel om at kommunen skal la eit barn få utsetje skolestarten med eitt år dersom det etter sakkunnig vurdering er tvil om barnet har komme tilstrekkeleg langt i utviklinga si til å starte på skolen, og foreldra krev det eller samtykkjer.

Kommunen må, basert på vurderinga til PP-tenesta, avgjere om det er tvil om barnet bør byrje på skolen. Foreldra kan i tillegg innhente eiga sakkunnig vurdering, og i så fall må kommunen også ta omsyn til vurderinga. Ettersom departementet foreslår å vidareføre kravet til sakkunnig vurdering, er det ikkje nødvendig med nye vilkår slik som foreslått i høyringa.

Departementet foreslår at kommunen kan innvilge tidleg skolestart dersom foreldra søkjer om det eller samtykkjer og ei sakkunnig vurdering viser at det er forsvarleg at barnet startar på skolen eitt år tidlegare. Som ved utsett skolestart er det PP-tenesta som skal utarbeide vurderinga, og foreldra har moglegheit til å innhente ein eigen sakkunnig uttale. Det skal vere høgare terskel for å få innvilga tidleg skolestart enn å få innvilga utsett skolestart. Ettersom departementet foreslår å vidareføre kravet til sakkunnig vurdering, er det ikkje nødvendig med nye vilkår slik som foreslått i høyringa.

Departementet foreslår å ta bort det eksplisitte kravet om at barnet må vere fylt fem år innan 1. april. Det er ikkje gitt ei grunngiving for datoen i forarbeida til paragrafen. Departementet påpeikar at fødselsdatoen til barnet uansett vil ha noko å seie i den vurderinga kommunen må gjere. Jo seinare barnet er fødd på året, desto mindre sannsynleg er det at det vil vere forsvarleg eller til det beste for barnet å byrje på skolen eit år tidlegare.

9.5.7 Gratisprinsippet

Departementet foreslår å vidareføre reglane om retten til gratis offentleg grunnskoleopplæring med nokre språklege endringar. Gratisprinsippet inneber at verken elevane sjølve eller foreldra deira skal betale noko for å gå i grunnskolen. Det er ingen avgrensingar i kravet om at grunnskoletilbodet skal vere gratis. Alle delar av grunnskoleopplæringa skal vere gratis. Gratisprinsippet skal sikre alle barn like høve til å delta i alle aktivitetar i grunnskoleopplæringa, uavhengig av økonomien til foreldra.

Turar som er ein del av opplæringa, skal vere gratis for elevar. Skolane har lov til å ta imot gåver frå foreldre eller andre, til dømes pengegåver, utstyr eller dugnadsinnsats. Slike gåver må vere reelt frivillige. Dersom det blir brukt klassekasser, bør det sørgjast for anonymitet ved innsamlinga, slik at bidraget frå den enkelte ikkje blir kjent. Alle elevar må dessutan få tilbod om å vere med på dei same aktivitetane, uavhengig av om foreldra deira har medverka med gåver eller ikkje.

9.5.8 Straffansvaret til foreldra

Departementet foreslår å vidareføre reglane om straffansvar for brot på opplæringsplikta. Reglane inneber at dersom eleven er borte frå pliktig opplæring og foreldra er skuld i fråværet, kan foreldra straffast med bøter. Dette gjeld både når fråværet kjem av manglande aktivitet frå foreldra, og når foreldra aktivt har halde barna heime, jf. Ot.prp. nr. 46 (1997–98), s. 31 og 35, og NOU 1995: 18, s. 93. Likestilt med foreldra er andre som har dagleg omsorg for barnet.

Foreldra kan ikkje bøteleggjast når fråværet er lovleg, til dømes ved sjukdom eller permisjon.

9.6 Departementets forslag

Departementet foreslår

  • å vidareføre retten til grunnskoleopplæring, sjå forslaget til § 2-1 første ledd

  • å vidareføre at retten til grunnskoleopplæring skal gjelde når det er sannsynleg at barnet skal vere i Noreg i meir enn tre månader i samanheng, og at retten skal oppfyllast så raskt som mogleg og seinast innan éin månad, sjå forslaget til § 2-1 andre ledd første og andre punktum

  • å vidareføre at barn som kjem til Noreg, skal plasserast på det trinnet som passar med alderen, men at kommunen kan gjere unntak der ei konkret vurdering viser at barnet bør plasserast på eit lågare trinn, sjå forslaget til § 2-1 andre ledd, tredje og punktum

  • å vidareføre plikta til grunnskoleopplæring og å presisere korleis plikta kan oppfyllast, sjå forslaget til § 2-2 første og andre ledd

  • å i all hovudsak vidareføre høvet til fritak frå opplæringsplikta. Det skal framleis krevjast sakkunnig vurdering. Det blir presisert i lova at elevar som har fått fritak, ikkje mistar retten til den opplæringa dei har fått fritak frå, sjå forslaget til § 2-2 tredje ledd

  • å vidareføre at kommunen kan gi ein elev permisjon frå opplæringa dersom eleven samla sett får ei opplæring som er forsvarleg. Kommunen skal gi forskrift om permisjon, sjå forslaget til § 2-2 fjerde ledd

  • å vidareføre retten til permisjon når andre trussamfunn har heilagdag, sjå forslaget til § 2-2 femte ledd

  • å vidareføre at lova opnar for utsett og tidleg skolestart, og at det skal vere krav om sakkunnig vurdering for slike vedtak, sjå forslaget til § 2-4

  • å vidareføre retten til gratis grunnskoleopplæring, sjå forslaget til § 2-5

  • å vidareføre straffansvar for brot på opplæringsplikta, sjå forslaget til § 2-7

Til forsida