Prop. 57 L (2022–2023)

Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innhaldsliste

66 Privatskolelova

66.1 Innleiing

Dette punktet handlar om skolar godkjende etter lov 4. juli 2003 nr. 84 om private skolar med rett til statstilskot (privatskolelova). Retten og plikta til grunnskoleopplæring kan oppfyllast i skolar godkjende etter privatskolelova, sjå omtale av dette i punkt 9. Det same gjeld retten til vidaregåande opplæring, sjå omtale i punkt 40. Fleire av reglane i opplæringslova gjeld også for skolar godkjende etter privatskolelova, anten ved at privatskolelova viser til reglar i opplæringslova eller ved at privatskolelova har reglar med tilsvarande ordlyd som i opplæringslova.

I høyringa vart det derfor foreslått endringar i privatskolelova som skal sikre nødvendig samsvar mellom ny opplæringslov og privatskolelova.

I punktet her har departementet vurdert og foreslått nye reglar i privatskolelova som i hovudsak er ein følgje av forslaget til ny opplæringslov. Punktet omhandlar alle dei forslaga i privatskolelova høyringsinstansane har særlege merknader til. Punkt 66.4 omhandlar høyringsinstansanes syn på forslaga til endringar i privatskolelova. Det framgår også kva for forslag i privatskolelova høyringsinstansane ikkje har hatt merknader til. Dei forslaga i privatskolelova høyringsinstansane har kommentert, er omtalt i punkt 66.5 og 66.6. Alle endringsforslaga framgår av forslaget til lovtekst og merknadane til dei enkelte reglane.

I tillegg handlar dette punktet om nokre få andre forslag til endringar i privatskolelova, til dømes når det gjeld kva reglar som skal gjelde for skolar godkjende etter privatskolelova § 6A-1 Diverse skolar som gir yrkesretta opplæring, og om nokre mindre oppryddingsforslag. Dette er omtalt i merknadene til dei enkelte reglane.

66.2 Dagens reglar

66.2.1 Opplæringstilbodet

Skolar godkjende etter privatskolelova skal gi opplæring etter læreplanar som er godkjende av departementet (delegert til Utdanningsdirektoratet), jf. privatskolelova § 2-3. Det må komme fram av læreplanane kva vurderingsformer og dokumentasjon skolen skal bruke. Privatskolane skal anten bruke læreplanen som gjeld for offentlege skolar, eller læreplanar som på annan måte sikrar elevane ei jamgod opplæring. I forskrift til privatskolelova § 2 A-1 er det gitt generelle krav til læreplanen. Det er fastsett særlege krav til læreplanar for godkjenningsgrunnlaga livssyn, anerkjent pedagogisk grunnlag, internasjonale skolar, profilskolar (dette godkjenningsgrunnlaget er oppheva med verknad frå 15. juni 2022), norske skolar i utlandet og toppidrettsgymnas, sjå forskrifta §§ 2 A-2 til 2 A-4 b. Vaksne som blir tekne inn i private vidaregåande skolar, får opplæring etter dei same læreplanane som ungdom.

Fag- og timefordelinga skal komme fram av læreplanane, jf. forskrift til privatskolelova § 2 A-1. Private grunnskolar kan, på same måten som offentlege grunnskolar, omdisponere inntil fem prosent av timane som er fastsette i det enkelte faget for heile klassar eller årstrinn. Styret fastset fag- og timefordelinga for det enkelte skoleåret der omdisponeringa av faga kjem fram.

Privatskolar som er godkjende på grunnlag av livssyn eller ei anerkjend pedagogisk retning, og profilskolar (dette godkjenningsgrunnlaget er oppheva med verknad frå 15. juni 2022) kan få godkjent flytting av timar mellom fag som er særleg viktige for å styrkje grunnlaget til skolen, sjå forskrift til privatskolelova §§ 2A-2, 2A-3 og 2A-4 a.

I privatskolelova § 2-3 har departementet heimel til å gi forskrift om vurdering av elevar, klage på vurdering, eksamen og dokumentasjon. Heimelen svarer til heimelen i opplæringslova §§ 2-3 tredje ledd og 3-4.

Elevar i privatskolar har den same retten som elevar i offentlege skolar til undervegsvurdering, sluttvurdering og dokumentasjon av opplæringa, sjå forskrift til privatskolelova § 3-2, jf. forskrift til opplæringslova §§ 3-2 og 4-2.

I forskrift til privatskolelova § 3-3 siste ledd er det gitt tilsvarande regel som i forskrift til opplæringslova § 3-3 siste ledd om at stort fråvær kan føre til at læraren ikkje har tilstrekkeleg grunnlag til å gi halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i fag. Reglane om fråværsgrense for elevar i vidaregåande skole, forskrift til privatskolelova § 3-9, svarer til forskrift til opplæringslova § 3-9.

Etter forskrift til privatskolelova § 3-5 skal det ikkje givast vurdering med karakterar til og med 7. årstrinn.

66.2.2 Det beste for eleven

Privatskolelova har, til liks med opplæringslova, inga generell regulering av prinsippet om det beste for barnet. Privatskolelova har desse reglane som uttrykkjeleg gir opp det beste for eleven som eit vurderingstema:

  • Intensiv opplæring på 1. til 4. trinn kan i ein kort periode givast som eineundervisning dersom «omsynet til eleven sitt beste talar for det», sjå privatskolelova § 3-4 b andre punktum. Regelen svarer til opplæringslova § 1-4 andre punktum.

  • Fritak frå opplæringsplikta kan innvilgast etter sakkunnig vurdering dersom foreldra samtykkjer og omsynet til eleven tilseier det, privatskolelova § 3-3 andre ledd, jf. opplæringslova § 2-1 fjerde ledd.

  • I arbeidet til skolen for eit trygt og godt psykososialt skolemiljø skal «kva som er best for elevane, […] vere eit grunnleggjande omsyn», sjå opplæringslova § 9 A-4 femte ledd. Tilsvarande skal kva som er best for elevane, vere eit grunnleggjande omsyn i saksbehandlinga til statsforvaltaren, sjå opplæringslova § 9 A-6 tredje ledd. Desse reglane gjeld også for privatskolar, sjå privatskolelova § 2-4 andre ledd.

  • Særskild språkopplæring for nykomne elevar kan organiserast i eigne grupper, men berre dersom «dette er rekna å vere til beste for eleven», sjå privatskolelova § 3-5 femte ledd. Regelen svarer til opplæringslova §§ 2-8 femte ledd og 3-12 femte ledd.

66.2.3 Plikt til å vere aktivt med i opplæringa, oppfølgingsplikt ved fråvær og lekser

Privatskolelova har, i motsetning til opplæringslova §§ 2-3 fjerde ledd første punktum og 3-4 andre ledd første punktum, ingen reglar om plikta elevane har til å delta aktivt i opplæringa.

Den enkelte privatskolen har plikt til å oppfylle retten elevane har til opplæring. Styret for privatskolen har ansvaret for at skoledrifta skjer i samsvar med gjeldande regelverk. I privatskolelova § 5-2 andre ledd er det presisert at styret skal sørgje for at elevane ved skolen får oppfylt retten til grunnskoleopplæring, og styret skal melde frå til foreldra og heimkommunen til elevar som over lengre tid ikkje møter fram til opplæringa utan lovleg grunn. Skolar som er godkjende etter privatskolelova skal ha eit system for føring av fråvær, jf. forskrift til privatskolelova § 3-36, som svarer til forskrift til opplæringslova § 3-36. Etter forskrifta skal umyndige elevar varslast om fråveret til eleven, jf. §§ 4-2 og 4-3. Desse reglane svarer til forskrift til opplæringslova §§ 20-3 og 20-4.

Lekser er ikkje regulerte i privatskolelova. Det er likevel lagt til grunn at skolen kan gi elevane leksar fordi dette er ein del av den ordinære aktiviteten i skolen. Privatskolane har den same plikta som kommunane til å tilby leksehjelp i grunnskolen, jf. privatskolelova § 7-1e og opplæringslova § 13-7 a.

66.2.4 Samarbeid mellom skolen og foreldra

Etter privatskolelova § 1-1 fjerde ledd første punktum skal det leggjast vekt på å skape godt arbeidsmiljø og gode samarbeidsformer mellom lærarar og elevar og mellom skole og heim. Privatskolelova har i § 7-1 d ei plikt for skolen til å sørgje for samarbeid med foreldre, som svarer til plikta kommunar og fylkeskommunar har etter opplæringslova § 13-3 d. Det er gitt nærare reglar om foreldresamarbeid i forskrift til privatskolelova kapittel 4. Desse reglane svarer til reglane i forskrift til opplæringslova kapittel 20. Skolen skal halde kontakten med foreldra, halde foreldremøte, invitere til samtale med kontaktlærar og elles sørgje for informasjon og varsling om forhold som gjeld eleven, jf. forskrifta §§ 4-2 og 4-3. Det er også reglar om varsling av foreldra dersom eleven står i fare for å ikkje få vurdering med karakter, jf. forskrifta § 3-8, som svarer til regelen i forskrift til opplæringslova § 3-8.

Samarbeidet mellom heimen og skolen er omhandla i den overordna delen av læreplanverket kapittel 3.3. Her står det mellom anna at god kommunikasjon mellom heim og skole bidreg positivt til arbeidet til skolen med læringsmiljøet og til oppvekstmiljøet til elevane. Læreplanane til privatskolane må omfatte overordna del eller ein annan tilsvarande plan, jf. forskrift til privatskolelova § 2 A-1.

66.2.5 Medverknaden til elevane

Privatskolelova § 1-1 tredje ledd første punktum har denne regelen:

Det skal leggjast vekt på å skape godt arbeidsmiljø og gode samarbeidsformer mellom lærarar og elevar og mellom skole og heim.

Det er regulert særskilt at elevane skal høyrast før det blir gjort vedtak om spesialundervisning, sjå opplæringslova § 5-4, som gjeld for elevar i privatskolar, jf. privatskolelova § 3-6.

I saker som gjeld skolemiljøet, slår opplæringslova § 9 A-4 fast at alle elevar som er involverte i ei sak, skal bli høyrde. Regelen gjeld også for privatskolar, jf. privatskolelova § 2-4 andre ledd.

Forskrift til privatskolelova § 3-7 har ei tilsvarande regel som forskrift til opplæringslova § 3-7 om at elevane har rett til samtale om utvikling i faga. I undervegsvurdering i fag skal elevane få delta i vurderinga av eige arbeid og reflektere over eiga læring og faglege utvikling. Sjå forskrift til privatskolelova § 3-10 andre ledd bokstav a som svarer til regelen i forskrift til opplæringslova § 3-10 andre ledd bokstav a.

66.2.6 Skoledemokratiet

Det skal vere elevråd ved alle grunnskolar frå 5. til 10. trinn, jf. privatskolelova § 5-3. Vidaregåande skolar skal ha eit elevråd på minst fem medlemmer med varamedlemmer. Ein representant frå elevrådet har møte- og uttalerett i styret til skolen, jf. privatskolelova § 5-1 andre ledd.

Styret til skolen skal sørgje for at skolen jamleg vurderer i kva grad organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa medverkar til å nå måla som er fastsette i dei godkjende læreplanane i skolen. Det er eit krav at elevane blir involverte i denne vurderinga. Sjå privatskolelova § 5-2 b som svarer til regelen i opplæringslova § 13-3 e andre ledd.

I forskrift til privatskolelova § 2A-5 a er det regulert at alle elevar skal ha moglegheit og tid til å arbeide med saker knytte til elevdemokrati og medverknad i opplæringa. Arbeidet må vere godkjent av skolen. Denne regelen samsvarer med forskrift til opplæringslova § 1-4 a.

Privatskolelova § 5-4 har reglar om foreldreråd. Alle private grunnskolar skal ha eit foreldreråd, der alle foreldre som har barn i skolen, er medlemmer. Foreldrerådet skal fremje fellesinteressene til foreldra og medverke til at elevar og foreldre tek aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skolemiljø. Foreldrerådet skal arbeide for å skape godt samhald mellom heim og skole, leggje til rette for trivsel og positiv utvikling hos elevane og skape kontakt mellom skolen og lokalsamfunnet. Regelen svarer til opplæringslova § 11-4 første og andre ledd.

66.2.7 Fjernundervisning

Etter privatskolelova § 1-2 tredje ledd første punktum har privatskolane høve til å tilby fjernundervisning i same utstrekning som offentlege skolar. Det generelle forbodet i § 1-2 tredje ledd mot kjøp av opplæringstenester gjeld ikkje dersom opplæringa blir gjennomført som fjernundervisning. Dei same reglane om fjernundervisning gjeld også for skolar som er godkjende etter privatskolelova kapittel 6A Diverse skolar som gir yrkesretta opplæring.

Departementet har heimel i privatskolelova til å gi forskrift om rapportering og dokumentasjon ved bruk av fjernundervisning. Heimelen er førebels ikkje brukt.

Dagens reglar i om fjernundervisning i privatskolelova kom inn i lova med verknad frå 1. august 2021.

66.2.8 Tilpassa opplæring

Det følgjer av privatskolelova § 3-4 a at opplæringa skal tilpassast evnene og føresetnadene til den enkelte eleven. Tilpassa opplæring er dermed eit prinsipp som ligg til grunn for all grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring. I forarbeida til regelen er det understreka at både organiseringa av opplæringa, dei pedagogiske metodane og progresjonen i opplæringa skal tilpassast evnene og føresetnadene til den enkelte eleven. Reglane om tilpassa opplæring gjeld for alle elevar. Det betyr at skolen har plikt til å tilpasse opplæringa også for dei elevane som lærer raskare enn andre, som har spesielle talent, eller som har potensial til å nå dei høgaste faglege nivåa.

Reglane svarer til opplæringslova § 1-3.

Privatskolelova § 3-4 b inneheld ein særregel om intensiv opplæring (tidleg innsats) for elevar på 1. til 4. trinn:

På 1. til 4. årstrinn skal skolen sørgje for at elevar som står i fare for å bli hengande etter i lesing, skriving eller rekning, raskt får eigna intensiv opplæring slik at forventa progresjon blir nådd. Om omsynet til eleven sitt beste talar for det, kan den intensive opplæring i ein kort periode givast som eineundervisning.

Reglane svarer til opplæringslova § 1-4. Reglane om intensiv opplæring er ein del av den ordinære tilpassa opplæringa og skal vere ein kortvarig og målretta innsats frå skolen i lesing, skriving eller rekning for elevane som har behov for det. Målet er at elevar som treng det, raskt skal få eigna støtte og oppfølging. Tiltak krev ikkje sakkunnig vurdering eller enkeltvedtak.

Reglane om tilpassa opplæring, inkludert reglane om intensiv opplæring, gir privatskolane plikt til å tilpasse opplæringa, men elevane har ikkje ein korresponderande rett. At elevane ikkje har individuell rett til tilpassa opplæring, betyr mellom anna at elevane ikkje har rett til å klage etter reglane i forvaltningslova på at dei ikkje har fått tilpassa opplæring. At skolane rettar seg etter regelverket, kan følgjast opp gjennom tilsyn.

Elevane har rett til undervegsvurdering i fag slik ho er beskriven i forskrift til privatskolelova § 3-10, og undervegsvurderinga skal nyttast til å vurdere om eleven har tilfredsstillande utbytte av opplæringa. Reglane svarer til forskrift til opplæringslova § 3-10. Det følgjer av opplæringslova § 5-4 første ledd at lærarane skal vurdere om ein elev treng spesialundervisning, og melde frå til rektor når ein elev har slike behov. Skolen har plikt til å vurdere og eventuelt prøve ut tiltak innanfor det ordinære opplæringstilbodet med sikte på å gi eleven tilfredsstillande utbytte før det blir utarbeidd ei sakkunnig vurdering, jf. opplæringslova § 5-4 første ledd tredje punktum. Reglane om spesialundervisning i opplæringslova gjeld også for elevar i privatskolar, jf. privatskolelova § 3-6.

66.2.9 Individuell tilrettelegging av opplæringa

Retten til spesialundervisning gjeld uavhengig om eleven går i ein offentleg skole eller i ein privatskole. Reglane i opplæringslova om spesialundervisning, sjå omtale i punkt 25, gjeld også for private skolar. I § 3-6 står det at opplæringslova § 5-1 om rett til spesialundervisning, § 5-3 om sakkunnig vurdering, § 5-4 om saksbehandlinga for vedtak om spesialundervisning og § 5-5 om unntak frå reglane om innhaldet i opplæringa og om kompetansekrav gjeld tilsvarande for private skolar.

Det er heimkommunen eller heimfylket til eleven som sørgjer for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering, og som gjer vedtak om spesialundervisning. Heimkommunen eller heimfylket skal dekkje utgiftene til spesialundervisning i private skolar på lik linje med offentlege skolar.

Departementet har heimel til å forskrift om gjennomføring av reglane om spesialundervisning. Departementet er klageinstans for klage over kommunale og fylkeskommunale enkeltvedtak om spesialundervisning. Det er presisert i § 3-6 at reglane ikkje gjeld opplæringstilbod spesielt organisert for vaksne.

Sjå nærare omtale av retten til spesialundervisning i punkt 25.

66.2.10 Alternativ og supplerande kommunikasjon

Elevar som heilt eller delvis manglar tale, og som derfor har behov for alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK), har rett til å bruke eigna kommunikasjonsformer og kommunikasjonsmiddel i opplæringa. Dette følgjer av privatskolelova § 3-14. Regelen presiserer retten elevar har til å bruke ASK som erstatning for eller støtte til tale i opplæringa.

I privatskolelova § 3-14 andre ledd er det presisert at elevar som har rett til spesialundervisning, også har rett til å få nødvendig opplæring i å bruke ASK. Kva som er nødvendig opplæring, må vurderast konkret ut frå kva som vil gi eleven eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa. Enkelte barn og unge som har behov for ASK, vil ikkje nødvendigvis ha behov for spesialundervisning. Elevar som bruker ASK, er ei svært ueinsarta gruppe med ulike føresetnader og behov. Retten til spesialundervisning er berre aktuell når skolen ikkje greier å tilpasse den ordinære opplæringa slik at eleven kan få eit tilfredsstillande utbytte av henne.

Reglane i privatskolelova § 3-14 tilsvarar reglane i opplæringslova §§ 2-16 og 3-13.

Paragrafen om ASK presiserer og synleggjer det som følgjer av reglane om tilpassa opplæring i privatskolelova § 3-4 a og spesialundervisning etter § 3-6. Det skal ikkje gjerast enkeltvedtak etter reglane om ASK. Enkeltvedtak om bruk av og opplæring i ASK kan gjerast etter opplæringslova § 5-1 om spesialundervisning eller etter opplæringslova § 9 A-7 tredje ledd om tilrettelegging av arbeidsplassen. Dette kan omfatte fysisk tilrettelegging for elevar som har behov for å bruke ASK. Begge desse paragrafane gjeld for privatskolar gjennom tilvisingar til reglane om spesialundervisning i privatskolelova § 3-6 og reglane om skolemiljøet til elevane i privatskolelova § 2-4 andre ledd.

66.2.11 Særskild språkopplæring for elevar som har eit anna morsmål enn norsk og samisk

Privatskolelova § 3-5 har reglar om særskild språkopplæring, morsmålsopplæring og tospråkleg opplæring i fag. Elevar i private grunnskolar og private vidaregåande skolar som har eit anna morsmål enn norsk eller samisk, og som ikkje kan godt nok norsk til å følgje den vanlege opplæringa ved skolen, har rett til språkopplæring. Reglane svarer til opplæringslova §§ 2-8 og 3-12. I privatskolelova § 3-5 er det presisert at elevar ved norske skolar i utlandet ikkje har rett til særskild språkopplæring.

Det er heimkommunen eller heimfylket til eleven som gjer vedtak og dekkjer utgiftene til opplæring etter § 3-5. Vedtaket er eit enkeltvedtak, og departementet er klageinstans.

Særskild språkopplæring skal alltid omfatta særskild norskopplæring, det vil seie forsterka opplæring i norsk. Om nødvendig skal særskild språkopplæring også omfatte morsmålsopplæring, tospråkleg opplæring i fag eller begge delar. Tospråkleg opplæring i fag inneber at eleven får opplæring på morsmålet sitt og norsk i eitt eller fleire fag.

Heimkommunen eller heimfylket kan vedta å leggje morsmålsopplæringa til ein annan skole enn den eleven går på til vanleg.

Når det ikkje finst eigna undervisningspersonale som kan gjennomføre morsmålsopplæring eller tospråkleg opplæring i fag, skal heimkommunen eller heimfylket så langt mogleg leggje til rette for «anna opplæring» tilpassa føresetnadene til elevane, jf. privatskolelova § 3-5 tredje ledd. Anna opplæring kan til dømes vere morsmålsopplæring i form av fjernundervisning eller intensivundervisning i korte periodar.

Retten til særskild språkopplæring varer til eleven har tilstrekkelege ferdigheiter i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen. Det er inga avgrensing på kor mange år eleven kan få særskild språkopplæring. Elevar har ikkje plikt til å få særskild språkopplæring sjølv om dei ikkje kan norsk godt nok til å følgje den vanlege opplæringa i skolen.

Heimkommunen eller heimfylket skal kartleggje ferdigheitene til elevane i norsk før det blir gjort vedtak om særskild språkopplæring, og undervegs i opplæringa som grunnlag for å vurdere om eleven har tilstrekkelege ferdigheiter til den vanlege opplæringa.

Private skolar kan organisere særskilt opplæringstilbod for nykomne elevar i eigne grupper eller klassar når heimkommunen eller heimfylket har gjort vedtak om slik organisering og om at privatskolen kan gi slikt opplæringstilbod. Private skolar som gir enkeltelevar eit slikt opplæringstilbod, må gi kommunen eller fylkeskommunen den informasjonen som er nødvendig for å opplyse saka før det blir gjort vedtak.

66.2.12 Fritak frå aktivitetar i opplæringa

I opplæringslova § 2-3 a er det presisert at skolen skal vise respekt for dei religiøse og filosofiske overtydingane til elevane og foreldra og sikre retten til likeverdig opplæring. Lovteksten gjer tydeleg krav som menneskerettane stiller til staten for alle fag.

Elevane har rett til fritak frå delar av opplæringa på grunnlag av eige livssyn eller eigen religion, jf. § 2-3 a andre ledd. Retten til fritak gjeld dei delane av opplæringa som elevane ut frå eigen religion eller livssyn opplever som utøving av ein annan religion eller tilslutning til eit anna livssyn, eller som dei på same grunnlag opplever som støytande eller krenkjande.

Opplæringslova § 2-3 a gjeld også for elevar i private grunnskolar, jf. privatskolelova § 3-12. Retten til fritak gjeld likevel ikkje elevar i private grunnskolar som er «oppretta av religiøse grunnar». Unntaket frå retten til fritak gjeld aktivitetar som er knytte til godkjenningsgrunnlaget til skolen, jf. privatskolelova § 2-1 andre ledd bokstav a.

66.2.13 Informasjonsplikta skolen har overfor elevar og foreldra

Det er fleire reglar i privatskolelova som inneheld ei plikt for skolen til å gi informasjon til elevar og foreldre.

Skolen skal til dømes årleg informere elevar og foreldre om reglane for fritak og om innhaldet i opplæringa, jf. opplæringslova § 2-3 a femte ledd som gjeld tilsvarande for privatskolar, jf. privatskolelova § 3-12.

Skolen skal informere elevane og foreldra om rettane deira etter opplæringslova kapittel 9 A, jf. opplæringslova § 9 A-9 og privatskolelova § 2-4 andre ledd.

Ordensreglementet skal også gjerast kjent for elevar og foreldre, jf. privatskolelova § 3-9 tredje ledd. Regelen svarer til opplæringslova § 9 A-10 fjerde ledd.

Forskrift til privatskolelova inneheld fleire reglar om plikta privatskolane har til å gi informasjon til elevar og foreldre. Desse reglane er i samsvar med tilsvarande reglar i forskrift til opplæringslova. Dette gjeld til dømes informasjon om tilbod om leksehjelp, retten til sosialpedagogisk rådgiving og utdannings- og yrkesrådgiving. Etter forskrifta §§ 4-2 og 4-3 skal det på starten av kvart skoleår vere eit foreldremøte der foreldra får informasjon om skolen, innhaldet i opplæringa, foreldremedverknad, rutinar og anna som er relevant informasjon for foreldra. Foreldra skal også få informasjon om rettane til elevane og foreldra etter privatskolelova og forskrift til privatskolelova.

66.2.14 Inntak til private vidaregåande skolar godkjende etter privatskolelova

66.2.14.1 Kven kan bli elevar i private vidaregåande skolar

Alle som fyller vilkåra for inntak til offentlege vidaregåande skolar, kan takast inn som elevar i private vidaregåande skolar. Det betyr at søkjaren som hovudregel må ha rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 (ungdom) eller opplæringslova § 4 A-3 (vaksne).

Privatskolar blir ikkje godkjende for å tilby opplæring særleg organisert for vaksne. Alle som går i privatskolar, er elevar. Reglane i opplæringslova kapittel 4 A om individuell tilpassing osv. gjeld dermed ikkje vaksne elevar i private vidaregåande skolar. Vaksne elevar i private vidaregåande skolar følgjer opplæringa i heile fag, på same måte som ungdom.

66.2.14.2 Prioritering av søkjarar

Ungdom med rett til vidaregåande opplæring har førsteprioritet ved inntak til ein privat vidaregåande skole, jf. privatskolelova § 3-1 andre ledd. Dersom det er ledige plassar, kan vaksne med rett til vidaregåande opplæring få tilbod om plass.

Hovudregelen er at private vidaregåande skolar ikkje kan ta inn søkjarar som ikkje har rett til vidaregåande opplæring. Det er to unntak frå denne hovudregelen:

  • Skolar som er godkjende for særskilt tilrettelagd opplæring for funksjonshemma. Dette er skolar godkjende etter privatskolelova § 2-1 andre ledd bokstav f

  • Skolar nemnde ved namn i forskrift til privatskolelova § 11-3 andre ledd

Desse skolane kan ta inn vaksne søkjarar utan rett til vidaregåande opplæring. Vaksne søkjarar utan rett til vidaregåande opplæring skal prioriterast etter ungdom med slik rett og vaksne med slik rett. For inntak til skolar som tilbyr opplæring særskilt tilrettelagd for funksjonshemma, er kravet for inntak at søkjaren har ei funksjonshemming. Elles gjeld den same prioriteringsrekkjefølgja.

Forskrift til privatskolelova opnar for at private vidaregåande skolar kan søkje om godkjenning for ein eigen inntakskvote for vaksne søkjarar. Skolar som får godkjent ein slik kvote, kan ved inntak prioritere vaksne søkjarar med rett til vidaregåande opplæring innanfor den fastsette kvoten framfor ungdom. Skolar som etter forskrift til privatskolelova kan ta inn vaksne søkjarar utan rett til vidaregåande opplæring, kan tilby plassar til desse på «vaksenkvoten», i prioritet etter vaksne med rett til vidaregåande opplæring.

66.2.14.3 Kven er vaksne utan rett til vidaregåande opplæring?

Vaksne utan rett til vidaregåande opplæring er personar som har brukt opp retten til vidaregåande opplæring som ungdom, jf. opplæringslova § 3-1, og heller ikkje har rett til vidaregåande opplæring som vaksen, jf. opplæringslova § 4 A-3.

66.2.14.4 Bakgrunnen for at skolar nemnde ved namn i forskrift til privatskolelova § 11-3 andre ledd kan ta inn vaksne utan rett til vidaregåande opplæring

Regelen i privatskolelova § 11-3 andre ledd har politiske og historiske årsaker. Bakgrunnen er Stortingets behandling av forslaget i Ot.prp. nr. 64 (2003–2004) om at private vidaregåande skolar (tidlegare «friskolar «) ikkje kunne ta inn vaksne utan rett til vidaregåande opplæring, sjå Innst.O. nr. 1 (2004–2005):

Stortinget ber Regjeringen legge til grunn at eksisterende frittstående videregående skoler som etter sin godkjenning pr. 2004 kan ta inn voksne søkere uten rett til videregående opplæring, fortsatt kan gjøre dette. Det faktiske antallet voksne elever uten rett skoleåret 2004/2005 legges til grunn for inntak og tilskudd.

66.2.14.5 Vaksne – krav om vurdering av realkompetansen

Søkjarar til private vidaregåande skolar kan berre takast inn som elevar i fag dei ikkje har gjennomført tidlegare. Derfor er hovudregelen at realkompetansen til vaksne søkjarar skal danne grunnlaget for kva fag søkjaren kan takast inn til. Dette gjeld uavhengig av om den vaksne har rett til vidaregåande opplæring eller ikkje. Det er heimfylket til den vaksne søkjaren som skal vurdere realkompetansen før inntak til ein privat vidaregåande skole.

Ved ei lovendring som tok til å gjelde 26. mai 2020, fekk departementet heimel til å gjera unntak frå kravet om realkompetansevurdering, sjå Prop. 96 L (2019–2020). Med verknad frå 9. juni 2020 er det i forskrift til privatskolelova gjort unntak frå kravet om realkompetansevurdering for desse to gruppene:

  • vaksne søkjarar mellom 19 og 24 år utan rett til vidaregåande opplæring

  • vaksne søkjarar over 25 år som har budd kort tid i Noreg

For desse søkjarane kan formalkompetansen leggjast til grunn for inntak, det vil seie den tidlegare gjennomførte vidaregåande opplæringa søkjaren har. Det er dagleg leiar ved skolen den vaksne søkjer seg til, som vurderer formalkompetansen.

66.2.14.6 Kva er realkompetanse

Realkompetanse består av all formell, uformell og ikkje-formell kompetanse som ein person har, uavhengig av korleis personen har skaffa seg kompetansen. Formell kompetanse er den kompetansen ein person har fått gjennom dokumentert formell utdanning, typisk vurdering med karakter i fag frå tidlegare gjennomført vidaregåande skole.

Vaksne med rett til vidaregåande opplæring har ein lovfesta rett til å få ei realkompetansevurdering, sjå opplæringslova § 4 A-3 femte ledd. Vaksne utan rett til vidaregåande opplæring, har ingen slik rett med mindre dei er viste til dette frå kommunen eller NAV. Utdanningsdirektoratet har fastsett retningslinjer for realkompetansevurdering av vaksne i vidaregåande opplæring.

66.2.15 Overgangen frå grunnskolen til den vidaregåande opplæringa

Etter privatskolelova § 5-5 skal skolen samarbeide med barnehagen om overgangen frå barnehage til skole. Samarbeidet skal bidra til at barna får ein trygg og god overgang, og det er skolen som har ansvaret for samarbeidet. Regelen er i samsvar med dagens opplæringslov § 13-5.

Til liks med opplæringslova har ikkje privatskolelova reglar om plikt til å samarbeide om at elevane skal få ein trygg og god overgang frå grunnskolen til den vidaregåande opplæringa.

66.2.16 Personalet i skolen

Privatskolar skal ha ei forsvarleg fagleg, pedagogisk og administrativ leiing, jf. privatskolelova § 4-1. Kompetansekrava for undervisningspersonale i opplæringslova §§ 10-1 og 10-2 med tilhøyrande forskrifter, § 10-6 om mellombels tilsetjing og § 10-6 a om tilsetjing på vilkår gjeld også for privatskolane, jf. privatskolelova § 4-2.

Departementet kan godkjenne alternative kompetansekrav for skolar som er godkjende med alternative læreplanar enn dei krava som følgjer av opplæringslova §§ 10-1 og 10-2, sjå privatskolelova § 4-2 tredje ledd.

Etter privatskolelova § 5-2 andre ledd bokstav i skal styret sørgje for å ha rett og nødvendig kompetanse i verksemda. Styret skal ha eit system som gir undervisningspersonale, skoleleiarar og personale med særoppgåver ved skolen høve til nødvendig kompetanseutvikling, med sikte på å fornye og utvide den faglege og pedagogiske kunnskapen og halde seg orienterte om og vere på høgd med utviklinga i skolen og samfunnet.

Personale som ikkje er tilsette i ei undervisningsstilling, skal ikkje ha ansvar for opplæringa. Dette følgjer av privatskolelova § 4-5. Regelen svarer til regelen i opplæringslova § 10-11.

Vidare seier paragrafen at personar som ikkje er tilsette i undervisningsstilling, kan hjelpe til i opplæringa dersom dei får nødvendig rettleiing. Hjelpa må skje på ein slik måte og i eit slikt omfang at elevane får forsvarleg utbytte av opplæringa. Kva som er nødvendig rettleiing, vil variere ut frå kva oppgåver den tilsette skal utføre, og hens utdanningsbakgrunn og arbeidserfaring. Kva som er forsvarleg utbytte av opplæringa, må avgjerast etter ei konkret vurdering, jf. Prop. 129 L (2012–2013) Endringar i opplæringslova og privatskolelova (spesialundervisning m.m.), merknad til § 4-5.

Dagens lov regulerer ikkje vikarbruk i skolen.

66.2.17 Politiattest og vandelskontroll

I privatskolelova er det gitt tilsvarande reglar om politiattest og forbod mot tilsetjing som opplæringslova § 10-9. Departementet viser til omtale av dagens reglar i punkt 52.

66.2.18 Definisjonen på omgrepa «vertskommune» og «vertsfylke»

I privatskolelova § 1-3 er «heimkommune» og «heimfylke» definerte som den kommunen eller fylkeskommunen som har ansvaret for opplæringa til eleven. Lova har ingen definisjon på omgrepa «vertskommune» og «vertsfylke».

66.2.19 Presiseringar om reglar som ikkje gjeld vaksne

Privatskolelova § 3-6 har reglar om spesialundervisning og pedagogisk-psykologisk teneste. I § 3-7 er det reglar om skyss. I § 3-6 femte ledd og § 3-7 fjerde ledd er det presisert at regelen ikkje gjeld opplæringstilbod spesielt organisert for vaksne.

66.2.20 Reglar i privatskolelova som gjeld skolar godkjende etter kapittel 6A

Privatskolelova kapittel 6 A har reglar som gjeld skolar som gir yrkesretta opplæring som ikkje blir gitt ved vidaregåande offentlege skolar. Det er godkjent og i drift rundt 30 slik skolar. Fleirtalet, rundt 20 skolar, er bibelskolar. I tillegg finst det enkelte kunstskolar, enkelte skolar innan musikk og dans, ein yrkesdykkarskole m.m. I § 6 A-7 er det vist til kva for nokre andre reglar i privatskolelova utover reglane i kapittel 6 A som også gjeld for desse skolane så langt reglane passar.

66.3 Høyringsforslaget

I arbeidet til departementet med forslag til ny opplæringslov er det arbeidd parallelt med å gå gjennom privatskolelova. Formålet er å sikre nødvendig samsvar mellom opplæringslova og privatskolelova og unngå utilsikta forskjellar. Høyringa omhandla derfor forslag til endringar i privatskolelova som følgje av forslag i ny opplæringslov. Fleire av forslaga i ny opplæringslov fører i hovudsak vidare det rettslege innhaldet i dagens opplæringslov, men har endringar i lovteksten og også nokre innhaldsmessige endringar. Departementet foreslo tilsvarande endringar i dei aktuelle reglane i privatskolelova, slik at innhald og lovtekst framleis skal vere i samsvar med opplæringslova.

66.3.1 Opplæringstilbodet

I høyringa foreslo departementet mellom anna

  • å lovfeste ein rett til vurdering og dokumentasjon og reglar om tap av retten til vurdering

  • å lovfeste at barnetrinnet skal vere karakterfritt

  • å lovfeste at inntil fem eller ti prosent av timane i kvart fag i grunnskolen kan flyttast til andre fag eller brukast til opplæring som er tverrfagleg

Departementet foreslo tilsvarande endringar i privatskolelova.

66.3.2 Det beste for eleven

I høyringa foreslo departementet

  • å lovfeste prinsippet om det beste for barnet i ei eiga og generell regel om det beste for eleven

  • at prinsippet skal få utvida bruk samanlikna med Grunnlova og barnekonvensjonen ved at det skal gjelde for alle elevar, også elevar som har fylt 18 år

Departementet foreslo ein tilsvarande regel om det beste for eleven i privatskolelova.

66.3.3 Plikt til å vere aktivt med i opplæringa, oppfølgingsplikt ved fråvær og lekser

I høyringa foreslo departementet

  • å vidareføre at elevar skal vere aktivt med i opplæringa

  • å lovfeste ei plikt for kommunane og fylkeskommunane til å følgje opp elevar som har fråvær frå opplæringa

  • å presisere at den enkelte skolen kan påleggje elevane å gjere oppgåver utanfor skoletida (lekser), men slik at det må takast omsyn til at elevane har rett til både kvile og fritid

Departementet foreslo endringar i privatskolelova i samsvar med desse forslaga, mellom anna å innføre ei regel i privatskolelova om at eleven skal vere aktivt med i opplæringa.

66.3.4 Samarbeid mellom skolen og foreldra

I høyringa foreslo departementet

  • å vidareføre at skolen skal samarbeide med foreldra om opplæringa til eleven

  • å vidareføre heimel for departementet til å gi forskrift om samarbeidet mellom skolen og foreldra, men slik at det ikkje er ei plikt til å gi forskrift

Forslaget omfatta tilsvarande endringar i privatskolelova.

66.3.5 Medverknaden til elevane og skoledemokratiet

I høyringa foreslo departementet mellom anna

  • å presisere i lova at elevane har rett til medverknad i alt som gjeld dei sjølve etter opplæringslova, at elevane skal få tilstrekkeleg og tilpassa informasjon og har rett til å ytre meiningane sine fritt og bli høyrde, og at meininga til elevane skal vektleggjast i samsvar med alderen og modnaden til eleven

  • å presisere i lova at kommunar og fylkeskommunar skal sørgje for at elevane og foreldra får vere med på å planleggje, gjennomføre og vurdere verksemda til skolen, mellom anna arbeidet med kvalitetsutvikling av opplæringa, skolemiljøet og å fastsetje skolereglar

  • å lovfeste at skolen skal leggje til rette for og oppmuntre til at alle elevane kan ytre seg og delta i skoledemokratiet

  • å vidareføre at grunnskolar og vidaregåande skolar skal ha eit elevråd, men å lovfeste at elevane kan velje å organisere seg på ein annan måte

Departementet foreslo endringar i privatskolelova i samsvar med forslaget til ny opplæringslov.

66.3.6 Fjernundervisning

I høyringa foreslo departementet mellom anna

  • at det skal vere tillate å gjennomføre delar av opplæringa som fjernundervisning dersom kommunen og fylkeskommunen kan godtgjere at det er gode grunnar for det, og at opplæringa vil vere trygg og pedagogisk forsvarleg

  • at fjernundervisning skal gjennomførast slik at elevane og læraren kan kommunisere effektivt med tekniske hjelpemiddel

  • at elevar som hovudregel skal få fjernundervisning på skolen med enkelte unntak

Departementet foreslo tilsvarande endringar i privatskolelova. I tillegg foreslo departementet ein heimel til å gi forskrift om rapportering og dokumentasjon ved bruk av fjernundervisning. Departementet foreslo vidare at reglane om fjernundervisning også skal gjelde for skolar som er godkjende etter privatskolelova kapittel 6A (diverse skolar som gir yrkesretta opplæring). Departementet foreslo også at avgrensingane i verkeområdet til privatskolelova ikkje skal vere til hinder for bruk av fjernundervisning når vilkåra for bruk av fjernundervisning er oppfylte.

66.3.7 Tilpassa opplæring

I høyringa foreslo departementet å vise til heile kapittel 11 i ny opplæringslov i privatskolelova § 3-6. Forslaget innebar mellom anna at regelen om tilpassa opplæring i § 3-4 a og regelen om intensiv opplæring på 1. til 4. trinn i § 3-4 b blir tekne ut av privatskolelova og blir erstatta med tilvising til dei tilsvarande reglane i opplæringslova kapittel 11.

66.3.8 Individuell tilrettelegging av opplæringa

I høyringa foreslo departementet å vise til heile kapittel 11 i ny opplæringslov i privatskolelova § 3-6. Forslaget innebar mellom anna tilvisingar til ny opplæringslov § 11-4 til § 11-11. Forslaget inneber at dagens regulering med tilvising til reglane i opplæringslova om spesialundervisning blir vidareført.

66.3.9 Alternativ og supplerande kommunikasjon

I høyringa foreslo departementet å vise til heile kapittel 11 i ny opplæringslov i privatskolelova § 3-6. Forslaget innebar mellom anna at regelen i § 3-14 om alternativ og supplerande kommunikasjon blir teken ut av privatskolelova og erstatta med tilvising til dei tilsvarande reglane i opplæringslova kapittel 11.

66.3.10 Intensiv opplæring for elevar i vidaregåande opplæring

I høyringa foreslo departementet mellom anna å innføre ei plikt for fylkeskommunane til å tilby intensiv opplæring til elevar i vidaregåande opplæring når eleven står i fare for ikkje å bestå fag. Departementet foreslo å lovfeste ei tilsvarande plikt for dei private vidaregåande skolane godkjende etter privatskolelova.

66.3.11 Særskild språkopplæring for elevar som har eit anna morsmål enn norsk og samisk

I høyringa foreslo departementet mellom anna

  • å endre nemningar frå «særskild norskopplæring» til «forsterka opplæring i norsk» og frå «tospråkleg fagopplæring» til «tospråkleg opplæring i fag»

  • å presisere i lova at elevar som har budd kort i Noreg, har rett til morsmålsopplæring med mindre dette er openbert unødvendig

  • å vidareføre retten kommunane og fylkeskommunane har til å organisere heile eller delar av opplæringa i eigne klassar, grupper eller på eigne skolar (innføringsopplæring), og at dette blir regulert i eigne reglar

Departementet foreslo tilsvarande endringar i privatskolelova. I tillegg foreslo departementet å presisere i lova at retten til særskild språkopplæring ikkje gjeld elevar ved internasjonale skolar i Noreg.

66.3.12 Fritak frå aktivitetar i opplæringa

I høyringa foreslo departementet mellom anna å utvide retten til fritak slik at han også omfattar elevar i vidaregåande skolar. Departementet foreslo tilsvarande endring for elevar i private vidaregåande skolar godkjende etter privatskolelova. Departementet foreslo vidare at unntaket frå retten til fritak for aktivitet for elevar i private grunnskolar godkjende på livssynsgrunnlag også skal gjelde elevar i private vidaregåande skolar som er godkjende på livssynsgrunnlag. I tillegg foreslo departementet å endre ordlyden i privatskolelova § 3-12 frå «oppretta av religiøse grunnar» til «godkjent etter § 2-1 andre ledd bokstav a livssyn».

66.3.13 Informasjonsplikta skolen har overfor elevar og foreldre

I høyringa foreslo departementet å samle dagens reglar om plikta kommunen og fylkeskommunen har til å gi informasjon til elevar og foreldre, i ein paragraf. Departementet foreslo også å vidareføre at kommunen og fylkeskommunen skal gi elevane og foreldra deira den informasjonen dei treng, mellom anna om opplæringa, skolemiljøet, skolereglane og dei rettane og pliktene elevane elles har. Departementet foreslo ei tilsvarande regel i privatskolelova om plikta til å gi informasjon.

66.3.14 Inntak til private vidaregåande skolar godkjende etter privatskolelova

I høyringa foreslo departementet

  • å vidareføre dagens reglar om at ungdom med rett til vidaregåande opplæring skal ha prioritet framfor vaksne søkjarar ved inntak

  • at retten til yrkesfagleg rekvalifisering kan takast ut i ein privat vidaregåande skole

66.3.15 Overgangen frå grunnskolen til den vidaregåande opplæringa

I høyringa foreslo departementet

  • å innføre ei plikt for fylkeskommunen til å sørgje for at elevane får ein trygg og god overgang frå grunnskolen til den vidaregåande opplæringa

  • å innføre ei plikt for kommunane til å samarbeide med fylkeskommunane om overgangen til elevane frå grunnskolen til den vidaregåande opplæringa

Departementet foreslo at private skolar godkjende etter privatskolelova skal ha tilsvarande plikter, både når elevar kjem frå ein grunnskole godkjend etter privatskolelova og skal over i ein offentleg skole eller ein vidaregåande skole godkjend etter privatskolelova, og når elevar frå ein offentleg grunnskole skal byrje i ein vidaregåande skole godkjend etter privatskolelova.

66.3.16 Personalet i skolen

I høyringa foreslo departementet mellom anna å innføre krav om forsvarleg vikarordning. Departementet foreslo tilsvarande endringar i privatskolelova.

66.3.17 Politiattest og vandelskontroll

I høyringa foreslo departementet mellom anna

  • å vidareføre dagens reglar om politiattest og tilsetjingsforbod

  • å utvide personkrinsen slik at personar som skal ha praksis i skolen, skolefritidsordninga, leksehjelpa, leirskolar, kulturskolen og skoleliknande aktivitetstilbod, blir inkluderte i kravet om å leggje fram politiattest

  • å utvide området for kva straffebod som skal noterast på ein politiattest

  • å klargjere området for tilsetjingsforbodet

Forslaget innebar tilsvarande endringar i privatskolelova. Departementet foreslo i tillegg at reglane om politiattest og vandelskontroll også skal gjelde diverse skolar som gir yrkesretta opplæring, jf. privatskolelova kapittel 6A.

66.3.18 Forslag om å lovfeste definisjonen på omgrepa «vertskommune» og «vertsfylke»

I høyringa foreslo departementet å lovfeste definisjonen på omgrepa «vertskommune» og «vertsfylke».

66.3.19 Forslag om å oppheve overflødige presiseringar om reglar som ikkje gjeld vaksne

I høyringa foreslo departementet å oppheve presiseringane i privatskolelova § 3-6 femte ledd og § 3-7 fjerde ledd om at paragrafane ikkje gjeld opplæringstilbod spesielt organisert for vaksne.

66.3.20 Forslag om å leggje til tilvisingar til reglar i privatskolelova som gjeld skolar godkjende etter kapittel 6A

I høyringa foreslo departementet å endre privatskolelova § 6A-7 slik at delar av formålsregelen, reglane om fjernundervisning, internkontroll og plikt til å arbeide med kvalitetsutvikling også skal gjelde for skolar som gir yrkesretta opplæring som ikkje blir gitt ved vidaregåande offentlege skolar, jf. privatskolelova kapittel 6A.

66.4 Høyringsinstansanes syn

Det er om lag 50 høyringsinstansar som har uttalt seg til dei ulike forslaga i privatskolelova.

66.4.1 Opplæringstilbodet

Ingen av høyringsinstansane er imot forslaga om å lovfeste ein rett til vurdering og dokumentasjon, om tap av retten til vurdering eller om å lovfeste at barnetrinnet skal vere karakterfritt. Kristne Friskolers Forbund og Blå Kors støttar forslaget.

Dei høyringsinstansane som har uttalt seg til forslaget om å lovfeste at inntil 5 eller 10 prosent av timane i kvart fag i grunnskolen kan flyttast til andre fag eller brukast til opplæring som er tverrfagleg, også skal gjelde for skolar godkjende etter privatskolelova, støttar forslaget. Kristne Friskolers Forbund, Montessori Norge og NLA Høgskolen meiner det bør vere ein fleksibilitet på 15 prosent uavhengig av kva som blir fastsett for offentlege skolar. Dette vil gi dei private skolane eit reelt høve til å styre eigenarten sin samanlikna med offentlege skolar.

Utdanningsdirektoratet presiserer at fleksibiliteten på 5 eller 10 prosent ikkje må forvekslast med at nokre privatskolar kan synleggjere grunnlaget sitt i fag- og timefordelinga til skolen ved å flytte timar mellom fag. Synleggjering av grunnlaget til skolen må godkjennast av direktoratet. Fleksibiliteten på 5 eller 10 prosent kan brukast for å styrkje eit lokalt behov i eitt eller fleire fag, for klassar eller grupper, for kvart enkelt skoleår.

66.4.2 Det beste for eleven

Montessori Norge, Blå Kors og Kristne Friskolers Forbund meiner ein regel om det beste for barnet gir privatskolen lite handlingsrom til å gjennomføre fornuftige avgjerder. Som døme nemner desse høyringsinstansaneat det ikkje vil vere tvil om at det er til det beste for søkjaren om han eller ho får ja på søknaden sin om inntak ved skolen, men skolen må nokre gonger seie nei fordi skolen ikkje har kapasitet til å ta inn alle som søkjer. Tilsvarande kan ein finne andre situasjonar der det beste sett frå synsvinkelen til eleven ikkje er den beste avgjerda vurdert ut frå totalsituasjonen. Noko vil handla om at privatskolen har avgrensa økonomiske ressursar. Desse høyringsinstansane peikar også på at i bortvisingssaker vil det beste for eleven neppe vere mest framståande. Det beste for eleven vil vere å få opplæring, likevel må ein privatskole nokre gonger vise bort ein elev i tråd med regelverket. Montessori Norge, Kristne Friskolers Forbund og Blå Kors meiner dermed at forslaget ikkje erkjenner at ein privatskole ofte må ta avgjerder baserte på heilskapsvurderingar, og meiner forslaget går uforholdsmessig mykje lenger i å gi brukaren av privatskolen rettar enn den menneskerettsregelen som paragrafen blir grunngitt med, gir grunnlag for.

Kristne Friskolers Forbund og Blå Kors uttaler mellom anna:

I en friskole med begrensende ressurser og med saker der mennesker i svært ulike roller og situasjoner involveres, vil det alltid være behov for å basere avgjørelser på helhetlige vurderinger. Når loven peker ut eleven som den skal ha førsteretten til avgjørelser i egen favør, skaper det antagelig flere problemer enn om elevene ble gitt mer realistiske forestillinger om hvilket grunnlag avgjørelser må fattes på.

66.4.3 Plikt til å vere aktivt med i opplæringa, oppfølgingsplikt ved fråvær og lekser

Blå Kors og Kristne Friskolers Forbund støttar forslaget om ei lovfesta plikt for eleven til å vere med aktivt med i opplæringa, oppfølgingsplikta til skolen ved fråvær og at skolen kan påleggje elevane å gjere oppgåver utanfor skoletida (lekser).

66.4.4 Samarbeid mellom skolen og foreldra

Kristne Friskolers Forbund og Blå Kors er samde i forslaget om at skolane skal ha plikt til å samarbeide med foreldra, men saknar setninga frå dagens regel om at organiseringa av foreldresamarbeidet skal ta omsyn til lokale forhold. For privatskolar vil lokale forhold variere sterkt. Både steinerskolar, montessoriskolar og kristne skolar vil ha behov for å forma ut foreldresamarbeidet i tråd med godkjenningsgrunnlaget til skolen. Den nye regelen er antakeleg ikkje til hinder for dette, men det vil gi klarare signal til brukarane av skolen om det blir lovfesta ei plikt til å vareta lokale omsyn som til dømes godkjenningsgrunnlaget kan vere. Montessori Norge støttar også forslaget om plikta skolane har til å samarbeide med foreldra, men det må vere tydeleg at samarbeid og involvering skjer innanfor den godkjende læreplanen i skolen, metode, dei lokale føresetnadene til privatskolen og det grunnlaget skolen er godkjend på.

66.4.5 Medverknaden til elevane og skoledemokratiet

Det er ingen høyringsinstansar som er imot forslaga til reglar om medverknad og skoledemokrati. Videreskolene AS støttar forslaget til nytt kapittel 5A.

Montessori Norge, Blå Kors og Kristne Friskolers Forbund støttar forslaget om å lovfeste retten elevane har til medverknad i alt som gjeld dei sjølve, etter privatskolelova. Desse høyringsinstansane viser til at atterhaldet i forslaget om at meininga til elevane skal få vekt ut frå alderen på eleven, er viktig. Montessori Norge meiner det bør vere eit atterhald om at retten til medverknad ikkje skal gå lenger enn at skolen framleis kan halde på alternativiteten sin og godkjenningsgrunnlaget sitt.

Montessori Norge, Blå Kors og Kristne Friskolers Forbund meiner forslaget om skoledemokratiet går for langt i å trekkja brukarane av skolen inn i arbeidet til skolen. Når elevar og foreldre har gjort eit medvite val om å søkje privatskolen, betyr det at dei har gitt ei tilslutning til den planlegginga og gjennomføringa skolen gjer av verksemda.

Kristne Friskoler Forbund og Blå Kors meiner at medråderetten ligg i det å velje leverandør av opplæringstenesta, ikkje å forma ut den tenesta som den private aktøren tilbyr. Dersom foreldre og elevar blir gitt utvida innverknad på planlegging og gjennomføring av skoleverksemda, risikerer ein at godkjenningsgrunnlaget til skolen anten blir vatna ut, eller at praksis blir trekt bort frå godkjenningsgrunnlaget. Det er viktig at ansvaret styret har for drifta ikkje blir hola ut.

Kristne Friskolers Forbund meiner det er lite tenleg å ta ut av lova beskrivinga av kven som utgjer foreldrerådet. Dagens regel i § 5-4 seier at alle foreldre som har barn i skolen, er medlemmer i foreldrerådet. Forbundet foreslår at ei tilsvarande regel blir teken inn i forslaget til § 5A-5 om organiseringa av skoledemokratiet.

Kristne Friskolers Forbund støttar forslaget om større fleksibilitet ved skiping av brukarorgan for elevane. I dagens privatskolelov er det krav om elevråd for 5. til 10. årstrinn. Forslaget inneber ei plikt for elevane til å organisere seg uansett kva trinn dei tilhøyrer. Kristne Friskolers Forbund meiner plikta til organisere elevråd eller tilsvarande i grunnskolen bør avgrensast til 5. til 10. trinn som i dag.

Blå Kors støttar forslaget om større fleksibilitet ved skiping av brukarorgan for elevane.

Fylkeskommunale ombod for barn og unge meiner det ikkje bør vere valfritt om privatskolen har eit foreldreråd.

66.4.6 Fjernundervisning

Fleirtalet av høyringsinstansane som har uttalt seg til forslaget om fjernundervisning, støttar forslaget. Blant høyringsinstansane som støttar forslaget, er Hørselshemmedes landsforbund, Fleksibel utdanning i Noreg, Norske Fag- og Friskolers Landsforbund, Blå Kors,Kristne Friskolers Forbund, Montessori Norge, Videreskolene AS og Virke. Blå Kors, Kristne Friskolers Forbund og Montessori Norge påpeikar at det er viktig at skolen sjølv avgjer når fjernundervisning skal brukast.

Hørselshemmedes landsforbund meiner forslaget vil gi større grad av moglegheiter, valfridom og deltaking når det gjeld opplæring, og at dette kan bli spesielt viktig for elevar med ulike utfordringar.

Fleksibel utdanning i Noreg foreslår at det må komme tydeleg fram at privatskolane kan delta i samarbeid om opplæringstilbod.

Norske fag- og Friskolers Landsforbund støttar at forslaget om fjernundervisning også skal gjelde skolar godkjende etter kapittel 6A i privatskolelova.

Virke, Blå Kors og Kristne Friskolers Forbund påpeikar at privatskolar både må kunne kjøpe og selje fjernundervisningstenester. Kristne Friskolers Forbund uttaler mellom anna:

For at én friskole skal kunne kjøpe tjenesten fjernundervisning, er det nødvendig at en annen friskole skal kunne selge tjenesten. Friskoler må altså både kunne kjøpe og selge fjernundervisningstjenester.
Fjernundervisning vil være aktuelt når friskoler samarbeider om å tilby opplæring i fag som få elever velger, f.eks. spansk.

Montessori Norge viser til at fjernundervisning og montessoripedagogikk ikkje er spesielt kompatibelt, men støttar forslaget fordi det kan vareta behovet privatskolar har for å gi eleven tilbod i fag som det elles ikkje ville vore mogleg å tilby.

Utdanningsforbundet støttar ikkje eit forslag til endring i privatskolelova om fjernundervisning som går ut over dagens regulering i opplæringslova med små justeringar.

Virke ser ikkje behov for at privatskolar skal ha strengare krav enn offentlege skolar når det gjeld krav til rapportering og dokumentasjon, gitt at vilkåra for godkjenning av fjernundervisning er oppfylte.

66.4.7 Tilpassa opplæring

Montessori Norge, Kristne Friskolers Forbund og Blå Kors støttar ikkje forslaget om at det skal visast til heile kapittel 11 i ny opplæringslov. Desse høyringsinstansane åtvarar mot ei utforming av lovverket for privatskolar som inneber at «kommune» og «fylkeskommune» i opplæringslova må omsetjast til «styret til privatskolen» når reglane blir lesne, for å forstå kva plikter privatskolen har.

Kristne Friskolers Forbund og Blå Kors ser fordelen med å presisere ansvaret for å sikre at elevane får tilfredsstillande utbytte av opplæringa. Kristne Friskolers Forbund og Blå Kors meiner regelen må komme fram direkte av privatskolelova slik at det blir tydeleg at det er privatskolen som er pliktsubjektet og ikkje kommunen eller fylkeskommunen.

Kristne Friskolers Forbund, Blå Kors, Steinerskoleforbundet og Montessori Norge er usamd i forslaget om at dagens regel om intensiv opplæring på 1. til 4. trinn blir teken ut av privatskolelova § 3-4 b og erstatta med ei tilvising til opplæringslova. Dersom regelen kjem fram direkte av privatskolelova, blir det tydeleg at det er privatskolen som er pliktsubjektet og ikkje kommunen eller fylkeskommunen.

66.4.8 Individuell tilrettelegging av opplæringa

Likestillings- og diskrimineringsombodet viser til at funksjonshemma barn har rett til likeverdige utdanningsmoglegheiter og skal ha dei same valmoglegheitene som andre barn når det gjeld kva skole dei ønskjer å gå på. Dersom funksjonshemma barn ikkje får nødvendig tilrettelegging ved privatskolar, vil det bety at dei heller ikkje har ei reell valmoglegheit. Det kan vere i strid med forbodet mot diskriminering i likestillings- og diskrimineringslova. Ombodet meiner derfor det bør komme klart fram av privatskolelova at elevar har dei same rettane når det det gjeld individuell tilrettelegging som elevar ved offentlege skolar.

Kristne Friskolers Forbund og Blå Kors åtvarar mot ei utforming av regelverket som inneber at «kommune» og «fylkeskommune» brukte i opplæringslova må tolkast til «styret til privatskolen» for å forstå kva plikter privatskolen har. Desse høyringsinstansane meiner det er ei stor svakheit i høyringsnotatet at bruken av forslaget til kapittel 11 i ny opplæringslov ikkje blir drøfta for privatskolar.

Montessori Norge, Kristne Friskolers Forbund og Blå Kors set spørjeteikn ved om forslaget til § 11-4 i ny opplæringslov om personleg assistanse kan reknast for å vere ei vidareføring av dagens reglar om spesialundervisning. Desse høyringsinstansane viser til at praksis i dag er at elevar i privatskolar ikkje får dekt som spesialundervisningar kostnader til assistent som hjelper elevar med toalettbesøk, sørgjer for medisinering eller gir tilsvarande hjelp. Eventuell dekning av slike kostnader skjer over budsjettet til kommunen for helse- og omsorgstenester. Kristne Friskolers Forbund og Blå Kors meiner retten privatskoleelevar har til personleg assistanse, blir lovfesta, men dette må gjerast med ein regel i privatskolelova som slår fast at kostnadene til slik assistanse skal dekkjast av heimkommunen eller heimfylket til eleven.

Montessori Norge, Kristne Friskolers Forbund og Blå Kors set også spørjeteikn ved om forslaget til § 11-5 i ny opplæringslov om fysisk tilrettelegging og tekniske hjelpemiddel kan sjåast på som ei vidareføring av dagens regel om spesialundervisning. Desse høyringsinstansane er ikkje kjende med at nokon privatskolar har fått vedtak om spesialundervisning som inneber at privatskolen gjer fysiske tilretteleggingar finansierte av den som finansierer spesialundervisninga, det vil seie heimkommunen eller heimfylket. Kristne Friskolers Forbund og Blå Kors meiner retten privatskoleelevar har til fysisk tilrettelegging og tekniske hjelpemiddel, blir lovfesta, men dette må gjerast med ein regel i privatskolelova som slår fast at kostnadene til fysisk tilrettelegging og tekniske hjelpemiddel må dekkjast av heimkommunen eller heimfylket.

NLA Høgskolen viser også til forslaga i ny opplæringslov om å skilje ut reglane om personleg assistanse og fysisk tilrettelegging som separate rettar, og uttaler at det ikkje har vore slik at dette kunne inngå i spesialundervisning i privatskolar. Når dette no blir presisert, må det også gjelde privatskolane og finansierast av kommunen eller fylkeskommunen.

Kristne Friskolers Forbund viser til at dagens reglar om at retten til opplæring kan utvidast med inntil to år for elevar som har rett til spesialundervisning når fylkeskommunen gjer vedtak om dette, ikkje er vidareførte verken i opplæringslova eller i privatskolelova. Det kan derfor ikkje lesast ut av regelverket om det kan planleggjast for slik opplæring. Kristne Friskolers Forbund oppmodar departementet til å tenkje gjennom denne problemstillinga. Opplæringsretten må vere den same for elevar i offentlege skolar og i private skolar.

Montessori Norge meiner det er av avgjerande betydning at innhaldet i den sakkunnige vurderinga tek omsyn til og blir utarbeidd i samsvar med den godkjende læreplanen i skolen.

66.4.9 Alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)

Montessori Norge, Kristne Friskolers Forbund og Blå Kors støttar ikkje forslaget om at det skal visast til heile kapittel 11 i forslaget til ny opplæringslov. Desse høyringsinstansane meiner regelen om opplæring av elevar med behov for alternativ og supplerande kommunikasjon framleis bør stå i privatskolelova.

66.4.10 Særskild språkopplæring for elevar som har eit anna morsmål enn norsk og samisk

Det er ingen høyringsinstansar som har merknader direkte knytte til høyringsforslaget.

66.4.11 Fritak frå aktivitetar i opplæringa

Samarbeidsrådet for trus- og livssynssamfunn, Blå Kors, Noregs kristne råd og Kristne Friskolers Forbund støttar departementets forslag.

Human-etisk forbund er ikkje samde i at det skal vere unntak frå fritaksretten. Forbundet viser at det er viktig å vareta privatskolane i lovverket for å sikre rettane til foreldra, men det må samtidig vere mogleg å sikre dei individuelle rettane til barnet. Rettane til elevar bør vere generelle og bør ikkje differensierast for å halde på legitimiteten til definisjonen mellom ulike typar skoler.

Skeiv ungdom meiner det må lovfestast eksplisitt i privatskolelova at elevar ikkje kan få fritak frå undervisning om kjønn og seksualitet basert på livssyn.

66.4.12 Informasjonsplikta skolen har overfor elevar og foreldre

Kristne Friskolers Forbund og Blå Kors har merka seg at skolen er gjort til pliktsubjekt i privatskolelova og meiner det er ein god måte å adressere informasjonsplikta på. Kristne Friskolers Forbund og Blå Kors påpeikar at privatskolar blir pålagde same informasjonsplikt som offentleg skole, men blir nekta tilgang til dei sikre, digitale kommunikasjonskanalane og informasjonskjeldene som offentleg skole har tilgang til. Privatskolar får ikkje tilgang til til dømes KS Svarut og liknande tenester for kommunar og fylkeskommunar, og privatskolar får ikkje tilgang til opplysningar om foreldra til barnet i Folkeregisteret. Kristne Friskolers Forbund viser til at elevar i privatskolar også er innbyggjarane i kommunen. Det er derfor rett at kommunen som forvaltningsorgan gir privatskolar rett til å bruke det digitale verktøyet til forvaltningsorganet for sikker kommunikasjon. Departementet bør bidra til heilskaplege ordningar og likebehandling av innbyggjarane i kommunen uavhengig av skoleval.

Montessori Norge uttaler seg tilsvarande som Kristne Friskolers Forbund og Blå Kors. Virke meiner privatskolelova bør endrast slik at privatskolar kan innhente informasjon som er nødvendig for å oppfylle pliktene sine.

Statsforvaltaren i Troms og Finnmark meiner plikta for kommunar, fylkeskommunar og private skoleeigarar til å informere om retten til samisk opplæring bør lovfestast.

66.4.13 Inntak til private vidaregåande skolar godkjende etter privatskolelova

Videreskolene AS uttaler at det er positivt at retten til vidaregåande opplæring er utvida og forenkla gjennom tilvisinga til ny opplæringslov.

Blå Kors, Norske Fag- og Friskolers Landsforbund, Kristne Friskolers Forbund og Natur vidaregåande skole støttar forslaget om at retten til yrkesfagleg rekvalifisering kan takast ut på ein privat vidaregåande skole.

Utdanningsdirektoratet uttaler at det kan stå fram som om retten til omval og rett til påbygg til generell studiekompetanse ikkje gjeld for elevar i private vidaregåande skolar.

66.4.14 Overgang frå grunnskole til vidaregåande opplæring

Ingen høyringsinstansar er usamde i forslaget om ein ny regel om overgang frå grunnskole til vidaregåande opplæring. Norsk Forbund for utviklingshemmede støttar forslaget om å innføre ei plikt for fylkeskommunen til å sørgje for at elevane får ein trygg og god overgang frå grunnskolen til vidaregåande opplæring, og at kommunen eller den private skolen skal samarbeide med fylkeskommunen.

Kristne Friskolers Forbund og Blå Kors har samanfallande utsegner, og Montessori Norge støttar innspelet frå Kristne Friskolers Forbund. Desse høyringsinstansane er samde i at skolen skal vere pliktsubjektet. Dersom reglane kan føre til betre informasjonsflyt og betre samarbeid om overgangar mellom offentlege skolar og private skolar, meiner dei reglane har noko for seg. Desse tre høyringsinstansane meiner det bør komme fram av lova skal få nødvendig informasjon om frå grunnskolen om moglege søkjarar til skolane eller opplysningar om elevar som er tekne inn på skolen. Skolane må få tilgang til sikker informasjon om foreldra til ein elev, det vil seie både personnummer og informasjon om foreldra har felles foreldreansvar.

Statsforvaltaren i Agder foreslår at avgivarskolen får ei plikt til å ta opp med elev og føresett om dei kan få samtykkje til å dele informasjon som det er viktig at neste skole kjenner til. Ved å få tilstrekkeleg informasjon om kvar enkelt elev og situasjonen til eleven kan mottakarskolen førebu seg på å skape eit best mogleg skolemiljø for eleven og andre på skolen. Dette er ei også særleg utfordring for privatskolar som kan oppleve at elevar blir tekne inn og sluttar utan noka form for informasjon mellom skolar.

66.4.15 Personalet i skolen

Kristne Friskolers Forbund og Blå Kors påpeikar at forslaget inneber at dagens heimel til å gi forskrift om at det ikkje skal stillast krav om relevant kompetanse i enkelte fag, ikkje er vidareført i lovforslaget. I merknaden til lovforslaget er det uttalt at dagens forskriftsheimel blir vidareført. Kristne Friskolers Forbund og Blå Kors meiner at den foreslåtte ordlyden i forskriftsheimelen er overflødig fordi det same følgjer direkte av lova. Desse høyringsinstansane foreslår å vidareføre ordlyden i dagens forskriftsheimel.

Blå Kors, Montessori Norge og Kristne Friskolers Forbund har kommentert forslaget om å innføre krav i om forsvarleg vikarordning i privatskolelova. Desse høyringsinstansane meiner forslaget er unødvendig, og at forslaget vil medføre meir tid til dokumentasjon og rapportering utan at elevane nødvendigvis får betre opplæring.

Blå Kors og Kristne Friskolers Forbund viser til at det er tilstrekkeleg lovregulert at dei som ikkje er tilsette i lærarstilling, ikkje skal ha ansvar for opplæringa, og at den foreslåtte presiseringa er unødvendig.

66.4.16 Politiattest og vandelskontroll

Kristne Friskolers Forbund og Blå Kors støttar forslaget.

66.4.17 Lovfeste definisjonen på omgrepa «vertskommune» og «vertsfylke»

Ingen høyringsinstansar har hatt merknader til dette forslaget.

66.4.18 Oppheve overflødige presiseringar om reglar som ikkje gjeld vaksne

Ingen høyringsinstansar har hatt merknader til dette forslaget.

66.4.19 Leggje til tilvisingar til reglar i privatskolelova som gjeld skolar godkjende etter kapittel 6A.

Utdanningsdirektoratet støttar forslaget, men foreslår i tillegg endringar i § 1-2 i lova og § 1-3 for å få tydelegare fram skiljet mellom privatskolar som blir godkjende etter § 2-1 i lova og skolar godkjende etter kapittel 6A i lova.

Kristne Friskoler Forbund og Blå Kors støttar forslaget om å ta inn ei tilvising til formålsparagrafen i privatskolelova.

66.5 Departementets vurdering

66.5.1 Opplæringstilbodet

I punkt 11 foreslår departementet mellom anna å

  • lovfeste ein rett til vurdering og dokumentasjon, og å vidareføre heimelen til å gi forskrift om vurdering, klage på vurdering og dokumentasjon

  • lovfeste at departementet kan gi forskrift om tap av retten til vurdering med karakter

  • lovfeste at barnetrinnet skal vere karakterfritt

  • lovfeste at kommunen kan gi forskrift om at inntil 5 prosent av timane i kvart fag i grunnskolen skal flyttast til andre fag eller brukast til opplæring som er tverrfagleg

Departementet viser til vurderingane i punkt 11 og meiner dei same omsyna også gjeld skolar godkjende etter privatskolelova.

Departementet vil også, til liks med Utdanningsdirektoratet, presisere at den fleksibiliteten som i dag følgjer av forskrift til privatskolelova § 2A-1 andre ledd, ikkje må forvekslast med at nokre privatskolar kan synleggjere grunnlaget sitt i fag- og timefordelinga til skolen ved å flytte timar mellom fag. Fleksibiliteten på 5 prosent kan brukast for å styrkje eit lokalt behov i eitt eller fleire fag, for klassar eller grupper, for kvart enkelt skoleår. I forskrift til privatskolelova er det reglar om korleis godkjenningsgrunnlaget til skolen skal synleggjerast i mellom anna læreplanane og høvet til å flytte timar mellom fag som er særleg viktige i forholdet grunnlaget til skolen. Utdanningsdirektoratet skal godkjenne synleggjeringa til skolen av grunnlaget.

66.5.2 Det beste for eleven

I punkt 10 foreslår departementet

  • å lovfeste prinsippet om det beste for barnet i ein eigen paragraf om det beste for eleven

  • at prinsippet om det beste for eleven skal ha ein vidare bruk enn Grunnlova og barnekonvensjonen, ved at det skal gjelde for alle elevar, også elevar som har fylt 18 år

Departementet har merka seg synspunkta til Blå Kors, Kristne Friskolers Forbund og Montessori Norge som ikkje støttar forslaget om ein ny paragraf med prinsippet om omsynet til det beste for eleven. Departementet viser til vurderingane i punkt 10 og legg til grunn at dei same vurderingane tilseier ein eigen paragraf om det beste for eleven også i privatskolelova. Departementet vil særleg understreke at paragrafen må tolkast i lys av Grunnlova og barnekonvensjonen og den praksisen som blir utvikla i samsvar med desse reglane. Alle søkjarar som blir tekne inn i privatskolar, er elevar, uavhengig av alder. Departementet meiner det er lite tenleg å ha ulike reglar for elevar under og over 18 år. Når det same prinsippet gjeld for alle elevar, gir det betre moglegheiter for skolen til å gjere heilskapleg vurderingar.

66.5.3 Plikt til å vere aktivt med i opplæringa, oppfølgingsplikt ved fråvær og lekser

I punkt 13 foreslår departementet

  • å vidareføre regelen om at elevar skal vere aktivt med i opplæringa

  • å lovfeste ei plikt for kommunen og fylkeskommunen til å følgje opp elevar som har fråvær frå opplæringa

  • å presisere at elevane kan bli pålagt å gjere lekser, det vil seie oppgåver utanom skoletida, og at det må takast omsyn til at elevar har rett til kvile og fritid

Departementet viser til vurderingane i punkt 13. For å unngå utilsikta forskjellar meiner departementet det bør lovfestes at også elevar i private skolar skal vere aktivt med i opplæringa. Private skolar bør ha ein tilsvarande plikt som kommunen og fylkeskommunen til å følgje opp elevar som har fråvær frå opplæringa.

66.5.4 Samarbeid mellom skolen og foreldra

I punkt 20 foreslår departementet

  • å vidareføre at skolen skal samarbeide med foreldra om opplæringa til eleven

  • at departementet kan gi forskrift om samarbeidet mellom skolen og foreldra

Departementet viser til vurderingane i punkt 20 og meiner tilsvarande bør gjelde for privatskolar.

Departementet har merka seg synspunkta frå høyringsinstansane om at det framleis bør vere lovfesta ei plikt til å vareta lokale omsyn og nemnar godkjenningsgrunnlaget som døme. Departementet meiner det ikkje er nødvendig å regulere dette i lova, og føreset at skolen legg til rette for at foreldresamarbeidet skjer i samsvar med reglane i privatskolelova og godkjenninga til skolen.

66.5.5 Medverknaden til elevane

I punkt 21 foreslår departementet mellom anna å

  • lovfeste at elevane har rett til medverknad i alt som gjeld dei sjølve etter opplæringslova, at elevane har rett til å ytra meiningane sine fritt og bli høyrde, og at meiningane til elevane skal vektleggjast i samsvar med alderen og modnaden til eleven

Departementet viser til vurderingane i punkt 21 og meiner desse vurderingane gjeld tilsvarande for private skolar godkjende etter privatskolelova.

66.5.6 Skoledemokratiet

I punkt 22 foreslår departementet mellom anna å

  • lovfeste at kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at elevane og foreldra får vere med på å planleggje, gjennomføre og vurdere verksemda til skolen, mellom anna arbeidet med kvalitetsutvikling av opplæringa, skolemiljøet og å fastsetje skolereglar

  • lovfeste at skolen skal leggje til rette for at alle elevane skal kunne ytre seg, at skolen skal oppmuntre dei til å delta i skoledemokratiet, og at skolen skal hjelpe elevane i arbeidet med skoledemokratiet

  • vidareføre at grunnskolar og vidaregåande skolar skal ha eit elevråd som er valt av elevane ved skolen, men lovfeste at elevane kan velje å organisere seg på annan måte

Departementet viser til vurderingane i punkt 22 og meiner desse vurderingane gjeld tilsvarande for private skolar godkjende etter privatskolelova.

Departementet har merka seg at Montessori Norge, Kristne Friskolers Forbund og Blå Kors meiner at ein utvida innverknad frå elevar og foreldre på planlegging og gjennomføring av skoleverksemda kan påverke godkjenningsgrunnlaget til skolen. Departementet presiserer at det vil vere opp til den private skolen å avgjere korleis medverknaden skjer i praksis. Styret til skolen har eit overordna ansvar for at skolen driv verksemda si innanfor rammene av gjeldande regelverk og innanfor ramma av godkjenningsgrunnlaget for skolen. Forslaget om medverknad inneber ikkje at verken foreldre eller elevar kan overprøve styret til skolen, og departementet føreset at det blir lagt opp til at medverknad skjer innanfor rammene av godkjenninga til skolen. Departementet meiner betydninga av at det er mogleg for foreldre og elevar å vere med på å planleggje, gjennomføre og vurdere verksemda, er like viktig for privatskolar som for offentlege skolar, og meiner derfor det bør innførast ein regel om skoledemokrati i privatskolelova som svarer til forslaget i ny opplæringslov.

I høyringa vart det foreslått å vidareføre kravet om foreldreråd både i forslaget til ny opplæringslov og i privatskolelova. Departementet har ikkje foreslått å vidareføre regelen om foreldreråd i forslaget til ny opplæringslov. Departementet meiner at regelen om foreldreråd i grunnskolar også bør takast ut av privatskolelova og erstattast med ein regel om at styret til skolen skal sørgje for at det blir fastsett kva brukarorgan skolen skal ha. Det opnar for at styret til skolen kan fastsetje at skolen skal ha eit foreldreråd, og kva foreldrerådet skal vere.

Privatskolelova § 5-1 andre ledd fastset samansetninga i styret, mellom anna at det skal vere ein representant for foreldrerådet ved dei skolane som har slikt råd. I samsvar med vurderinga til departementet om at kravet til foreldreråd i grunnskolar bør takast ut av privatskolelova, må kravet om foreldrerepresentasjon i § 5-1 andre ledd endrast slik at det ikkje lenger er knytt til kravet om foreldreråd.

Til Kristne Friskolers Forbunds forslag om at plikta til å organisere elevråd eller tilsvarande i grunnskolen bør avgrensast til 5. til 10. trinn som i dag, viser departementet til at forslaget i ny opplæringslov ikkje har den avgrensinga. Departementet meiner det ikkje er noko som tilseier at reglane skal vere ulike for offentlege grunnskolar og private grunnskolar på dette punktet.

66.5.7 Fjernundervisning

I punkt 15 foreslår departementet

  • at det skal vere lov å gjennomføre delar av opplæringa som fjernundervisning dersom det er gode grunnar for det og det vil vere trygt og pedagogisk forsvarleg

  • at elevar skal få fjernundervisning på skolen med enkelte unntak

  • at fjernundervisning skal gjennomførast slik at lærar og elev kan kommunisere effektivt

  • at kommunen og fylkeskommunen skal godtgjere at vilkåra er oppfylte

  • at departementet får heimel til å gi forskrift om fjernundervisning

Etter vurderinga til departementet ligg dei same omsyna til grunn for å regulere moglegheita til fjernundervisning uavhengig av om eleven går i ein offentleg skole eller i ein privatskole. Departementet viser til vurderingane i punkt 15.

Privatskolelova har i dag eit forbod mot kjøp av tenester, med unntak dersom kjøpet gjeld fjernundervisning. Departementet meiner det som hovudregel framleis bør vere ein hovudregel om forbod mot kjøp av tenester, og men at det bør vere lov med kjøp av fjernundervisningstenester. Departementet er samd med dei høyringsinstansane som peikar på behovet for at privatskolane både må kunne kjøpe og selje fjernundervisningstenester for å kunne sikre moglegheita for samarbeid mellom skolane. Privatskolelova har ikkje noko forbod mot sal av tenester. Etter privatskolelova § 2-2 kan ein privatskole drive tilleggsverksemd som er nært knytt til skoleverksemda, og som utgjer ein mindre del av den totale verksemda. Sal av fjernundervisningstenester til annan privatskole vil etter vurderinga til departementet vere nært knytt til skoleverksemda. Departementet meiner det er tenleg at skolar kan samarbeide om tilbod, og at lova ikkje skal vere til hinder for dette.

I privatskolelova § 6-3 er det lovfesta eit prinsipp om at statstilskotet og skolepengane frå elevane skal komme elevane til gode. Dette inneber at privatskolane har utbytteforbod og at all handel skal skje på marknadsmessige vilkår. Ved ei lovendring i 2015 vart forbodet mot å ta utbytte presisert, mellom anna gjennom innføring av nye krav til innsyn og dokumentasjonsplikt. Det vart opna for at departementet i forskrift kan fastsetje reglar som pålegg skolane å bevise at handelen er skjedde på ordinære marknadsmessige vilkår. Med heimel i § 6-3 i lova er det gitt nærare reglar om bruk av midlane og handelen til skolen med nærståande i økonomiforskrifta til privatskolelova kapittel 6.

Departementet har vurdert om kjøp og sal av fjernundervisningstenester vil gi auka risiko for brot på prinsippet i privatskolelova § 6-3 om at statstilskotet og skolepengane frå elevane skal komme elevane til gode. Risikoen vil særleg vere aktuell dersom det blir etablert ordningar med omfattande sal av fjernundervisningstenester frå nærståande selskap til ein privatskole. Vurderinga til departementet er at dagens reglar om utbytteforbod og handel med nærståande er tydelege. Utdanningsdirektoratets økonomitilsyn med skolar og domsavgjerder dei seinare åra har bidrege til at staten har fått eit godt grunnlag for å avdekkje brot på privatskolelova § 6-3 med forskrifter. Departementet vil likevel fortløpande vurdere om det skal stillast strengare krav til dei som handlar med dei private skolane.

Departementet meiner at dagens forskriftsheimel i privatskolelova § 1-2 tredje ledd siste punktum om rapportering og dokumentasjon ved fjernundervisning bør førast vidare. Departementet viser til at ein slik heimel er nødvendig for at Utdanningsdirektoratet som tilsynsmakt skal kunne følgje midlane og føre tilsyn med bruken av fjernundervisning i privatskolar.

Departementet meiner at forslaget i høyringa om at reglane om fjernundervisning også skal gjelde skolar godkjende etter privatskolelova § 6 A-1 bør følgjast opp. Departementet viser til at dei same omsyna som tilseier ei regulering om bruk av fjernundervisning også gjeld skolar som er godkjende etter § 6 A-1.

66.5.8 Tilpassa opplæring

I punkt 24 foreslår departementet

  • å vidareføre plikta skolen har til å gi tilpassa opplæring

  • å vidareføre, og å samle og gjere tydeleg i lova, plikta skolen har til å følgje med på utviklinga til elevane og å melde frå til rektor når det er tvil om at eleven har tilfredsstillande utbytte av opplæringa, og å følgje opp ved å vurdere og setje i verk tiltak

  • å vidareføre dagens reglar om intensiv opplæring for elevar på 1. til 4. trinn

Departementet viser til vurderingane i punkt 24 og meiner dei same vurderingane også gjeld for private skolar. Departementet viser til at dagens reglar om tilpassa opplæring og om intensiv opplæring på 1. til 4. trinn er dei same både for offentlege skolar og for private skolar. Desse reglane bør framleis gjelde uavhengig av om eleven går i ein offentleg skole eller i ein privatskole.

Departementet har vurdert innspela frå høyringsinstansane om at reglane om tilpassa opplæring og om intensiv opplæring på 1. til 4. trinn bør komme fram direkte av privatskolelova slik som i dag. Departementet er samd i at det er tenleg å vidareføre ordninga med at desse reglane kjem fram direkte i privatskolelova. Gjennom direkte lovregulering går det tydeleg fram at plikta til å sørgje for tilpassa opplæring og intensiv opplæring på 1. til 4. trinn ligg til den private skolen.

66.5.9 Individuell tilrettelegging av opplæringa

I punkt 25 foreslår departementet mellom anna

  • å vidareføre dagens regel om at elevar som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til individuelt tilrettelagd opplæring

  • å i hovudsak vidareføre ein lovregel som beskriv rammene for kva tilbodet om individuelt tilrettelagd opplæring skal gå ut på

  • å innføre «individuelt tilrettelagd opplæring» som ny nemning på den delen av spesialundervisning som dreier seg om opplæring

  • at personleg assistanse og fysisk tilrettelegging, som i dag kan inngå i spesialundervisning, blir skilde ut som separate rettar

  • å presisere i paragrafen om fysisk tilrettelegging at denne retten inkluderer rett til opplæring i bruk av nødvendige hjelpemiddel

  • å fjerne dagens lovregel om at eleven eller foreldra til eleven kan krevje at skolen gjer dei undersøkingane som er nødvendige for å finne ut av om eleven treng spesialundervisning, men å presisere i merknadene til reglane om individuell tilrettelegging at foreldre som meiner at barna deira ikkje får tilfredsstillande utbytte av opplæringa, kan krevje at kommunen i eit enkeltvedtak tar stilling til om eleven har rett til individuell tilrettelegging eller ikkje

  • å vidareføre at lova skal regulere minimumskrav til innhaldet i den sakkunnige vurderinga

  • å presisere i lova at dei som skal gi individuelt tilrettelagd opplæring, må oppfylle (1) kompetansekrava for å bli tilsett i lærarstilling og (2) kompetansekrava for å undervise i dei enkelte faga

  • å vidareføre dagens unntaksregel om at kravet til at lærarane må ha relevant kompetanse i faga dei skal undervise i, kan fråvikast i vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring dersom ei konkret vurdering av eleven og den individuelle tilrettelagde opplæringa som skal givast, tilseier det

  • å innføre ein ny regel om at det kan gjerast unntak frå både (1) kompetansekrav for å kunne bli tilsett i undervisningsstilling og (2) krav om at lærarane må ha relevant kompetanse i faga dei skal undervise i, dersom personen som skal undervise, har ei universitets- eller høgskoleutdanning som gjer hen særleg eigna til å vareta behovet til eleven

Departementet viser til at reglane om spesialundervisning i dagens opplæring også gjeld for elevar i private skolar gjennom tilvising i privatskolelova § 3-6. Departementet understrekar at rettane som følgjer av forslaget i punkt 25, gjeld uavhengig om eleven går i ein offentleg skole eller i ein privatskole. Departementet er samd med Likestillings- og diskrimineringsombodet at dette bør gå tydeleg fram i privatskolelova.

Forslaget inneber at personleg assistanse og fysisk tilrettelegging og tekniske hjelpemiddel blir skilde ut som separate rettar. Dette er typar tilrettelegging som kan inngå i vedtak om spesialundervisning etter dagens reglar, og som elevar i privatskolar har rett til på lik linje med elevar i offentlege skolar. Forslaget fører dermed vidare dagens reglar, men med nye nemningar. Departementet understrekar likevel at retten til personleg assistanse knyter seg til moglegheita eleven har til å få tilfredsstillande utbyte av opplæringa. Ein elev kan også ha personleg assistanse som eit helse- og omsorgstiltak. Opplæringslovutvalet har gjort rede for forholdet mellom spesialundervisning og helse- og omsorgstenester i NOU 2019: 23 punkt 31.3.5. Sjå også punkt 25.5.3.

Det er i dag heimkommunen eller heimfylket til eleven som gjer vedtak om spesialundervisning og dekkjer utgiftene til spesialundervisning. Forslaget om å dele dagens rett til spesialundervisning i tre separate rettar, inneber inga endring i dette. Etter forslaget vil det dermed vere heimkommunen eller heimfylket til eleven som gjer vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring, personleg assistanse og fysisk tilrettelegging. Høve til å gjere slike vedtak kan, som i dag, delegerast til den enkelte private skolen. Vidare er det heimkommunen eller heimfylket til eleven som dekkjer utgiftene til dei ulike formene for individuell tilrettelegging. Kravet er at heimkommunen eller heimfylket skal dekkje slike utgifter i private skolar på lik linje med offentlege skolar. Sjå nærare om kommunens og fylkeskommunens økonomiske ansvar i Prop. 78 L (2016–2017) punkt 3 og presiseringen frå Kunnskapsdepartementet i brev 17. juni 2021 til Utdanningsdirektoratet.

På bakgrunn av at det i forvaltningspraksis har vore tvil om det, presiserte departementet i brev 7. april 2022 til Sandefjord kommune at tildelinga kommunen og fylkeskommunen gjer av midler til spesialundervisning i private skolar, er enkeltvedtak. Departementet foreslår at denne presiseringa nå tas inn i lova. Departementet opplyser for ordens skyld at det ikkje er fastsett nokon særreglar om klageinstans for vedtak om tildeling av midler. Det er dermed dei ordinære reglane i forvaltningslova § 28 som gjeld. Klageinstansen for slike vedtak er kommunestyret eller fylkestinget, eller formannskapet eller fylkesutvalget eller ein eller fleire særskilde klagenemnder oppnemnd av kommunestyret eller fylkestinget.

66.5.10 Alternativ og supplerande kommunikasjon

I punkt 26 foreslår departementet å vidareføre dagens reglar om alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK).

Departementet har merka seg innspela frå høyringsinstansane om at reglane om tilpassa opplæring, intensiv opplæring på 1. til 4. trinn og om alternativ og supplerande kommunikasjon bør framgå direkte i privatskolelova. Departementet er samd i at det er tenleg at desse reglane framleis følgjer direkte av privatskolelova. Departementet viser til punkt 26.

66.5.11 Særskild språkopplæring for elevar som har eit anna morsmål enn norsk og samisk

I punkt 28 foreslår departementet

  • å vidareføre retten til særskild språkopplæring, inkludert morsmålsopplæring og tospråkleg opplæring i fag

  • å endre nemningar frå særskild norskopplæring til forsterka opplæring i norsk og frå tospråkleg fagopplæring til tospråkleg opplæring i fag

  • å ikkje vidareføre regelen om plikt til å kartleggje ferdigheitene til eleven i norsk før kommunane eller fylkeskommunane gjer vedtak om særskild språkopplæring

  • å vidareføre plikta kommunane og fylkeskommunane har til å vurdere ferdigheitene til eleven i norsk undervegs i opplæringa

  • å vidareføre regelen om at kommunane og fylkeskommunane kan bestemme at eleven skal få opplæringa i morsmål ved ein annan skole enn den eleven går på

  • å vidareføre retten kommunane og fylkeskommunane har til å organisere heile eller delar av opplæringa i eigne klassar, grupper eller på eigne skolar (innføringsopplæring), og at dette blir regulert i eigne paragrafar

Departementet viser til at privatskolelova har tilsvarande reglar om særskild språkopplæring for elevar som har eit anna morsmål enn norsk og samisk, som dagens opplæringslov. Departementet viser til vurderingane i punkt 28 som gjeld tilsvarande for privatskolar.

I samsvar med ny opplæringslov foreslår departementet å oppheve kommunens og fylkeskommunens plikt til å kartlegge kva for ferdigheiter elevane har i norsk, før det blir gjort vedtak om særskild språkopplæring. Grunngivinga for forslaget er at denne kartleggingsplikta ikkje gir fleire plikter enn det som følgjer av forvaltningslova § 17 om forvaltningsorgans plikt til å opplyse ein sak før det blir gjort vedtak (utgreiingsplikta). Det er kommunen og fylkeskommunen som gjer vedtak om særskild språkopplæring også for elevar i private skolar. Utgreiingsplikta inneber at kommunen og fylkeskommunen må greie ut saka og gjere nødvendige vurderinger før det blir gjort vedtak. Heimkommunen eller heimfylket må, som i dag, fortløpande vurdere utviklinga til elevar som har fått vedtak om særskild språkopplæring. Departementet føreset at det er dialog mellom den private skolen og kommunen eller fylkeskommunen slik at vedtaket ikkje blir halde ved lag lenger enn nødvendig.

Departementet meiner det bør presiserast at reglane om særskild språkopplæring ikkje gjeld elevar ved internasjonale skolar i Noreg. Reglane om særskild språkopplæring gjeld elevar som har eit anna morsmål enn norsk eller samisk. Reglane har til hensikt at elevane skal oppnå eit tilstrekkeleg kunnskapsnivå i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen. Minoritetsspråklege elevar som kjem til Noreg, skal få hjelp til å kunne følgje den vanlege opplæringa ved skolen. Elevar ved ein skole som har engelsk som undervisningsspråk, har ikkje behov for særskild norskopplæring for å kunne følgje den vanlege opplæringa ved skolen fordi opplæringa går føre seg på engelsk. Departementet er kjent med at Utdanningsdirektoratet har tolka dagens reglar slik at retten til særskild språkopplæring ikkje gjeld elevar ved internasjonale skolar i Noreg. Departementet er samd i lovforståinga til direktoratet og meiner at ei presisering i lova om at reglane ikkje gjeld elevar ved internasjonale skolar, er i samsvar med gjeldande rettstilstand. Den same vurderinga gjeld for forslaget om ein eigen regel om innføringsopplæring.

66.5.12 Fritak frå aktivitetar i opplæringa

I punkt 35 foreslår departementet mellom anna å presisere ein rett til fritak frå aktivitetar i grunnskolen og den vidaregåande skolen på grunnlag av livssyn eller religion. Forslaget inneber at retten til fritak frå aktivitetar også skal gjelde elevar i vidaregåande skole. Slik departementet ser det, bør ein slik fritaksrett også gjelde elevar i private vidaregåande skolar. Departementet viser til vurderingane i punkt 35.

Departementet viser til at det i privatskolelova § 3-12 er gjort unntak frå retten til fritak for aktivitetar for elevar som går på private skolar godkjende på livssynsgrunnlag, jf. § 2-1 andre ledd bokstav a. Departementet meiner det same unntaket frå fritaksretten også bør gjelde elevar i vidaregåande skolar godkjende etter privatskolelova § 2-1 andre ledd bokstav a. Elles inneber ikkje forslaget nokon endringar i unntaket frå retten til fritak. Departementet viser til forarbeida til § 3-12, Ot.prp. nr. 37 (2002–2003), der departementet uttaler at det ikkje er ønskjeleg at elevar skal kunne be seg friteke frå delar av opplæring som inneber utøving av den religionen eller det etiske grunnlaget som skolen byggjer på.

Departementet meiner ordlyden i § 3-12 bør endrast slik at han er i samsvar med nemninga på godkjenningsgrunnlaget i § 2-1 andre ledd bokstav a.

66.5.13 Informasjonsplikta til skolen overfor elevar og foreldre

I punkt 19 foreslår departementet mellom anna å

  • vidareføre at skolen skal gi elevane og foreldra deira den informasjonen dei treng, mellom anna om opplæringa, kvar enkelt elev, skolemiljøet, skolereglane og dei rettane og pliktene elevane elles har

  • lovfeste ein overordna paragraf om plikta skolen har til å gi informasjon til elevar og foreldre, i éin paragraf.

Departementet viser til vurderingane i punkt 19 som gjeld tilsvarande for privatskolelova.

Når det gjeld innspela om at dei private skolane har behov for tilgang til opplysningar frå folkeregisteret, viser departementet til at private skolar gjer oppgåver på vegner av det offentlege, og at dei dermed kan få utlevert ikkje-teiepliktige opplysningar frå folkeregisteret etter folkeregisterlova § 10-1. Dei private skolane har ikkje heimel til å få utlevert teiepliktige opplysningar frå folkeregisteret. Det er dermed forskjell på tilgangen offentlege skolar har til folkeregisteropplysningar, og tilgangen dei private skolane har. Det er også ein forskjell når det gjeld behovet for opplysningar. Dei private skolane utfører oppgåver på vegner av det offentlege når det gjeld elevane som er tatt inn på den aktuelle skolen. Private skolar har ikkje ansvar for å sørgje for opplæring til alle som er busette i ein kommune eller eit fylke. Dei private skolane har dermed ikkje same behov for opplysningar som kommunen og fylkeskommunen, og det er ikkje høve til å bruke opplysningar frå folkeregisteret til marknadsføringsformål. For ordens skyld presiserer departementet at opplysningar om ein forelder til ein person er underlagd teieplikta.

66.5.14 Inntak til private vidaregåande skolar

I punkt 40 foreslår departementet mellom anna

  • å utvide retten til vidaregåande opplæring for ungdom og vaksne slik at han gjeld fram til den enkelt har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse

  • å innføre ein yrkesfagleg rekvalifiseringsrett for dei som har studie- eller yrkeskompetanse frå før. Tilbodet skal givast innanfor reglane om vidaregåande opplæring for vaksne.

  • å lovfeste ein uavgrensa rett til omval fram til søknadsfristen for inntak det året ungdommane fyller 19 år. Dei som ikkje har gjort omval før dette, har rett til eitt omval.

Desse forslaga har noko å seie for reglane om inntak av søkjarar til private vidaregåande skolar. Forslaga vil mellom anna føre til at fleire personar enn i dag får rett til vidaregåande opplæring.

Departementet legg til grunn at hovudvilkåret for inntak til private skolar framleis skal vere at søkjaren fyller vilkåra for inntak til offentlege skolar. Det betyr at søkjaren må ha rett til vidaregåande opplæring etter reglane i opplæringslova. Forslaget i punkt 40 om at personar mellom 19 og 25 år kan velje mellom vidaregåande opplæring for ungdom og vidaregåande opplæring for vaksne, har i realiteten inga betydning for reglane om inntak til private vidaregåande skolar. Alle som går i private vidaregåande skolar, har elevstatus og får den same opplæringa i heile fag, uavhengig av om personen har rett til vidaregåande opplæring som ungdom eller vaksen. Private skolar kan ikkje få godkjenning for å tilby opplæring særleg organisert for vaksne.

Departementet meiner at dei som etter dagens reglar har førsteprioritet ved inntak, framleis bør ha det. Det betyr at dei som er i aldersgruppa 16 til 24 år, framleis skal ha førsteprioritet ved inntak. Departementet legg til grunn at forslaget om førsteprioritet for denne aldersgruppa er best i samsvar med dagens reglar om inntak og i samsvar med formålet i lova, jf. privatskolelova § 1-1 første ledd. Departementets forslag inneber dermed at søkjarar som har fylt 24 år, og som har rett til vidaregåande opplæring som vaksne, vil ha andreprioritet ved inntak i samsvar med dagens reglar.

Sidan hovudvilkåret for inntak til private vidaregåande skolar framleis skal vere at søkjaren har rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova, meiner departementet det også bør vere mogleg å bruke retten til yrkesfagleg rekvalifisering i ein privat vidaregåande skole. Dei som etter forslaget i punkt 40 vil få ein yrkesfagleg rekvalifiseringsrett, er personar som etter dagens reglar ikkje har rett til vidaregåande opplæring fordi dei allereie har ein studie- eller yrkeskompetanse.

Departementet vil særleg trekkje fram betydninga forslaget om yrkesfagleg rekvalifiseringsrett vil ha for dei private vidaregåande skolane som tilbyr opplæring i tradisjonshandverksfag, jf. privatskolelova § 2-1 andre ledd bokstav g. Departementet understrekar at dei som tek ut den yrkesfaglege rekvalifiseringsretten i ein privat vidaregåande skole, ikkje vil få opplæringa organisert som vaksne, men at dei kan takast inn som elevar i fag dei ikkje har frå før.

Utvida rett til vidaregåande opplæring og rett til yrkesfagleg rekvalifisering inneber at det vil vere fleire av dei vaksne som søkjer seg til private vidaregåande skolar, som kan søkje på grunnlag av ein lovfesta rett til vidaregåande opplæring.

Departementet har merka seg synspunkta som har komme fram i høyringa om kravet til realkompetansevurdering ved inntak av vaksne søkjarar. I høyringa la departementet til grunn at kravet om realkompetansevurdering framleis skal gjelde, med dei unntaka som kom i forskrifta i 2020, og som gjeld søkjarar utan rett til vidaregåande opplæring i aldersgruppa 19 til 24 år og søkjarar over 25 år med kort butid i Noreg. Departementet meiner at realkompetansevurdering er eit viktig verkemiddel i kompetansepolitikken. Departementet viser til at forslaget om utvida rett til vidaregåande opplæring og rett til yrkesfagleg rekvalifisering også vil gjere at fleire vaksne får rett til realkompetansevurdering. Ei realkompetansevurdering vil i enkelte tilfelle innebere at det berre er formalkompetansen til søkjaren som blir vurdert.

Til Utdanningsdirektoratets merknad om retten til omval og retten til påbygg til generell studiekompetanse, vil departementet understreke at retten til omval og retten til påbygg som i dag også skal gjelde elevar i private vidaregåande skolar. Departementet viser til at inntak til private vidaregåande skolar som hovudregel føreset at søkjaren fyller vilkåra for inntak til offentlege skolar, og grunnlaget for inntak er dermed knytt til at søkjaren har ein rett til vidaregåande opplæring. Det betyr at rett til omval og rett til påbygg til generell studiekompetanse også er grunnlag for inntak til ein privat vidaregåande skole. Forslaget i punkt 40 om i hovudsak å vidareføre dagens reglar om omval, men å oppheve avgrensinga på eitt omval fram til søknadsfristen for inntak det året ungdommane fyller 19 år, gjeld også for elevar i private vidaregåande skolar.

66.5.15 Overgang frå grunnskole til vidaregåande opplæring

I punkt 40 foreslår departementet mellom anna

  • å innføre ei plikt for fylkeskommunen til å sørgje for at elevane får ein trygg og god overgang frå grunnskolen til den vidaregåande opplæringa, og å innføre ei plikt for kommunen til å samarbeide med fylkeskommunen om overgangen

Departementet viser til vurderingane i punkt 40. Etter synet til departementet gjeld dei omsyna som er vurderte i punkt 40, også overgangen frå ein privat grunnskole til ein offentleg eller privat vidaregåande skole, og frå ein offentleg grunnskole til ein privat vidaregåande skole.

Plikta til å sørgje for at elevane får ein trygg og god overgang frå grunnskolen til den vidaregåande opplæringa, og plikta til å samarbeide om overgangen bør derfor gjelde uavhengig av om eleven kjem frå ein offentlege grunnskole eller ein privat grunnskole. Etter vurderinga til departementet bør plikta til å sørgje for at elevane får ein trygg og god overgang frå grunnskolen til den vidaregåande skolen, liggje på dei private vidaregåande skolane. Dette vil vere best i samsvar med forslaget i ny opplæringslov om å innføre ei tilsvarande plikt for fylkeskommunane. Ein privat grunnskole vil etter forslaget ha ei plikt til å samarbeide med den vidaregåande skolen om overgangen.

Departementet vil understreke at det er behovet til den enkelte eleven for ein trygg og god overgang til vidaregåande opplæring som er hensikta bak regelen. Tiltaka skolane gjer for å oppfylle plikta, må derfor skje på premissane til eleven. Departementet har merka seg innspelet til høyringsinstansane om behovet for informasjon for å sikre overgangen mellom grunnskole og vidaregåande skole. Departementet viser til at overføring av personopplysningar må skje innanfor rammene for behandling av personopplysningar. Det er oppgåva om å sørgje for at elevane får ein trygg og god overgang frå grunnskolen til den vidaregåande skolen, som vil gi rammene for kva opplysningar som kan behandlast, og i kva utstrekning. Dersom det er behov for å dele fleire opplysningar enn det skolen har rett til å innhente etter privatskolelova § 7-9, må det skje etter løyve frå eleven eller foreldra.

Departementet vil peike på behovet for at den enkelte eleven sjølv bør kunne bestemme kva opplysningar den private vidaregåande skolen får tilgang til. Enkelte elevar kan ha eit behov for å starte med blanke ark utan at opplysningar frå fortida følgjer med.

Når det gjeld innspelet frå Statsforvaltaren i Agder om behovet for informasjonsdeling mellom private skolar og offentlege skolar, viser departementet til at deling av opplysningar ved skolebyte og overganger er regulert i ny opplæringslov § 25-1 og privatskolelova § 7-9. Dei nemnde paragrafane opnar for deling av opplysningar mellom private og offentlege skolar til bestemte formål. I tillegg opnar dei for å dele opplysningar for å leggje til rette opplæring dersom eleven eller foreldra tillèt det. Sjå nærare omtale i Prop. 145 L (2020–2021) punkt 2.4.5.

66.5.16 Personalet i skolen

I punkt 50 foreslår departementet mellom anna å lovfeste eit krav om at kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at skolane har tilgang på vikarar ved vanleg og forventa fråvær. Departementet viser til vurderingane i punkt 50 og meiner dei same omsyna tilseier at kravet om tilgang på vikarar også bør gjelde for privatskolar.

66.5.17 Politiattest og vandelskontroll

I punkt 52 foreslår departementet mellom anna

  • å vidareføre eit krav til politiattest for dei som skal tilsetjast fast eller mellombels i grunnskolen, den vidaregåande skolen, leksehjelpa eller skoleliknande aktivitetstilbod

  • at kommunen og fylkeskommunen ut frå gitte kriterium kan krevje politiattest frå dei som skal ha praksis i skolen, leksehjelpa og skoleliknande aktivitetstilbod

  • å vidareføre at kommunen og fylkeskommunen kan krevje politiattest frå personar som skal utføre oppgåver i grunnskolen, den vidaregåande skolen, leksehjelpa eller skoleliknande aktivitetstilbod

  • å utvide området for kva straffebod som skal noterast på ein politiattest

  • å presisere at det er eit tilsetjingsforbod ved merknader om seksuelle overgrep mot mindreårige

  • å vidareføre kravet om at kommunen og fylkeskommunen skal vurdere konkret om ein person bør tilsetjast, ha praksis eller utføre oppgåver i grunnskolen, den vidaregåande skolen, leksehjelpa eller skoleliknande aktivitetstilbod, dersom politiattesten inneheld merknader om andre straffebrot enn dei som gir tilsetjingsforbod og merknader om verserande saker

  • å innføre ein heimel for å fastsetje kva straffebod som skal medføre forbod mot tilsetjing og om innhenting og behandling av politiattest

Departementet viser til at dagens regel om politiattest og forbod mot tilsetjing i privatskolelova § 4-3 er i samsvar med regelen i opplæringslova § 10-9. Dei omsyna som er omtalte under vurderinga til departementet i punkt 52, gjeld tilsvarande for private skolar. Etter vurderinga til departementet bør reglane om politiattest og vandelskontroll også gjelde diverse skolar som gir yrkesretta opplæring, jf. privatskolelova kapittel 6 A. Departementet meiner dei same omsyna som ligg bak reglane om politiattest og tilsetjingsforbod, også gjeld for dei skolane som er godkjende etter privatskolelova § 6 A-1.

66.5.18 Definisjonen på omgrepa «vertskommune» og «vertsfylke»

I samsvar med høyringa meiner departementet at definisjonen på omgrepa «vertskommune» og «vertsfylke» bør lovfestast. Departementet viser til at desse omgrepa mellom anna er brukte i privatskolelova § 2-1 første ledd om kven som har uttalerett ved søknader om godkjenning etter privatskolelova. Vertskommunen og vertsfylket er den kommunen eller fylkeskommunen der privatskolen ligg eller er planlagt etablert.

66.5.19 Presiseringar om reglar som ikkje gjeld vaksne

I samsvar med høyringa meiner departementet at presiseringane om at reglane ikkje gjeld opplæringstilbod spesielt organisert for vaksne i privatskolelova § 3-6 og § 3-7 bør takast ut av lova. Desse presiseringane er unødvendige fordi privatskolelova ikkje opnar for godkjenning av opplæringstilbod spesielt organisert for vaksne. Presiseringane har vorte ståande i lova fordi ei tidlegare lovforståing ikkje såg bort frå at det kunne bli godkjent tilbod særleg organisert for vaksne. Synet til departementet er nå at lova ikkje opnar for godkjenning av slike tilbod, grunngitt mellom anna i formålet i lova og prinsippet om at skolane skal stå opne for alle som fyller vilkåra for inntak til offentlege skolar, jf. privatskolelova § 3-1 første ledd.

66.5.20 Reglar i privatskolelova som gjeld skolar godkjende etter kapittel 6A

Reglane om diverse skolar som gir yrkesretta opplæring, stod i privatskolelova kapittel 6 A fram til 1. juli 2010 då reglane vart flytta til vaksenopplæringslova.

Med verknad frå 1. januar 2021 vart reglane om desse skolane flytta frå vaksenopplæringslova kapittel 4 tilbake til privatskolelova kapittel 6 A. Flyttinga er grunngitt i eit mål om å reindyrke vaksenopplæringslova. I forarbeida, Prop. 96 L (2019–2020), presiserte departementet at flyttinga er reint teknisk og ikkje skulle innebere nokon innhaldsmessige endringar. Privatskolelova § 6 A-7 listar opp reglar i privatskolelova som gjeld skolar godkjende etter § 6 A-1 så langt desse reglane passar. Departementet har i ettertid vorte merksam på at § 6 A-7 manglar tilvisingar til nokre reglar i privatskolelova.

Departementet legg til grunn at reglane om formålet i privatskolelova § 1-1 gjeld så langt ho passar. I Prop. 96 L (2019–2020) uttalte departementet at det berre er første ledd i § 1-1 som ikkje er relevant for skolar godkjende etter § 6 A-1. Andre og tredje ledd gir opp verdiar som etter oppfatninga til departementet også passar godt for diverse skolar som gir yrkesretta opplæring.

Den tidlegare vaksenopplæringslova § 24 viste til privatskolelova § 5-2 som gir opp oppgåvene i styret. Fram til 1. januar 2021 inneheldt § 5-2 mellom anna reglar om «forsvarleg system». Denne regelen er no erstatta av eit krav om å ha internkontroll i § 5-2 a og eit krav i § 5-2 b første ledd om at styret skal ha eit forsvarleg system for å følgje opp resultata frå nasjonale kvalitetsvurdering som departementet gjennomfører etter § 7-2 tredje ledd. Etter vurderinga til departementet bør § 6 A-7 vise til desse reglane. Det vil vere i samsvar med tidlegare rettstilstand som det ikkje har vore intensjonen å endre på.

Departementet følgjer med dette opp forslaget i høyringa.

Departementet er samd med Utdanningsdirektoratet om at skiljet mellom privatskolar som blir godkjende etter § 2-1, og skolar som blir godkjende etter § 6 A-1, bør komme tydeleg fram i lova.

66.6 Departementets forslag

66.6.1 Opplæringstilbodet

Departementet foreslår

  • å lovfeste ein rett til vurdering og dokumentasjon, sjå forslaget til endring i privatskolelova § 2-3 a første ledd første punktum

  • å lovfeste at departementet kan gi forskrift om tap av retten til vurdering med karakter, sjå forslaget til endring i privatskolelova § 2-3 a første ledd tredje punktum

  • å lovfeste at barnetrinnet skal vere karakterfritt, sjå forslaget til endringar i privatskolelova § 2-3 a første ledd andre punktum

  • å lovfeste at dei private grunnskolane kan flytte opptil 5 prosent av timane i kvart fag til andre fag eller brukast til særskilde tverrfaglege aktivitetar, sjå forslaget til endringar i privatskolelova § 2-3 tredje ledd

66.6.2 Det beste for eleven

Departementet foreslår

  • å lovfeste prinsippet om det beste for barnet i ein eigen paragraf om det beste for eleven, sjå forslag til § 5 A-1

  • at prinsippet om det beste for eleven skal ha ein vidare bruk enn Grunnlova og barnekonvensjonen, ved at det skal gjelde for alle elevar, også elevar som har fylt 18 år

66.6.3 Plikt til å vere aktivt med i opplæringa, oppfølgingsplikt ved fråvær og lekser

Departementet foreslår

  • å lovfeste ei plikt om at elevar skal vere aktivt med opplæringa, sjå forslaget til endringar i privatskolelova § 5A-6 første ledd første punktum

  • å lovfeste ei plikt for skolen til å følgje opp elevar som har fråvær frå opplæringa, sjå forslaget til endringar i privatskolelova § 5A-6 første ledd andre punktum

  • å presisere at elevane kan bli pålagt å gjere lekser, det vil seie oppgåver utanom skoletida, og at det må takast omsyn til at elevane har rett til både kvile og fritid, sjå forslaget til endringar i privatskolelova § 5A-6 andre ledd

66.6.4 Samarbeid mellom skolen og foreldra

Departementet foreslår

  • å vidareføre at skolen skal samarbeide med foreldra om opplæringa til eleven, sjå forslaget til endringar i privatskolelova § 5 A-3 første ledd

  • at departementet kan gi forskrift om samarbeidet mellom skolen og foreldra, sjå forslaget til endringar i privatskolelova § 5 A-3 andre ledd

66.6.5 Medverknaden til elevane

Departementet foreslår å

  • lovfeste at elevane har rett til medverknad i alt som gjeld dei sjølve, at elevane har rett til å ytre meiningane sine fritt og bli høyrde, og at meiningane til elevane skal vektleggjast i samsvar med alderen og modnaden til eleven, sjå forslaget til privatskolelova § 5 A-2

66.6.6 Skoledemokratiet

Departementet foreslår å

  • lovfeste at skolen skal sørgje for at elevane og foreldra får vere med på å planleggje, gjennomføre og vurdere verksemda til skolen, mellom anna arbeidet med kvalitetsutvikling av opplæringa, skolemiljøet og å fastsetje skolereglar, sjå forslaget til privatskolelova § 5 A-4 første ledd

  • lovfeste at skolen skal leggje til rette for at alle elevane skal kunne ytre seg, at skolen skal oppmuntre dei til å delta i skoledemokratiet, og at skolen skal hjelpe elevane i arbeidet med skoledemokratiet, sjå forslaget til privatskolelova § 5 A-4 andre ledd

  • vidareføre at grunnskolar og vidaregåande skolar skal ha eit elevråd som er valt av elevane ved skolen, men lovfeste at elevane kan velje å organisere seg på annan måte, sjå forslaget til privatskolelova § 5 A-5.

66.6.7 Fjernundervisning

Departementet foreslår

  • at det skal vere lov å gjennomføre delar av opplæringa som fjernundervisning dersom det er gode grunnar for det og det vil vere trygt og pedagogisk forsvarleg

  • at elevar skal få fjernundervisning på skolen med enkelte unntak

  • at fjernundervisning skal gjennomførast slik at lærar og elev kan kommunisere effektivt

  • at skolen skal godtgjere at vilkåra er oppfylte

  • at departementet får heimel til å gi forskrift om fjernundervisning

Sjå forslaget til endringar i privatskolelova § 3-4 a.

66.6.8 Tilpassa opplæring

Departementet foreslår

  • å vidareføre plikta skolen har til å gi tilpassa opplæring, sjå forslaget til § 3-4 b

  • å vidareføre, og å samle og gjere tydeleg i lova, plikta skolen har til å følgje med på utviklinga til elevane og å melde frå til rektor når det er tvil om at eleven har tilfredsstillande utbytte av opplæringa, og å følgje opp ved å vurdere og setje i verk tiltak, sjå forslaget til § 3-4 c

  • å vidareføre dagens reglar om intensiv opplæring for elevar på 1. til 4. trinn, sjå forslaget til § 3-4 d

66.6.9 Individuell tilrettelegging av opplæringa

Departementet foreslår å

  • vidareføre dagens regulering slik at privatskolelova § 3-6 viser til reglane i ny opplæringslov § 11-4 til § 11-11

  • presisere i § 3-6 at elevar i privatskolar har same rett til individuell tilrettelegging som elevar i offentlege skolar

  • presisere at vedtak om dekning av utgifter til individuell tilrettelegging av opplæringa er eit enkeltvedtak

Sjå forslaget til endringar i § 3-6.

66.6.10 Alternativ og supplerande kommunikasjon

Departementet foreslår

  • at regelen om alternativ og supplerande kommunikasjon blir vidareført i privatskolelova, men med språklege endringar slik at regelen er i samsvar med ny opplæringslov

Sjå forslaget til endringar i § 3-14.

66.6.11 Særskild språkopplæring for elevar som har eit anna morsmål enn norsk og samisk

Departementet foreslår å

  • vidareføre retten til særskild språkopplæring, inkludert morsmålsopplæring og tospråkleg opplæring i fag

  • å endre nemningar frå særskild norskopplæring til forsterka opplæring i norsk og frå tospråkleg fagopplæring til tospråkleg opplæring i fag

  • ikkje vidareføre regelen om plikt til å kartleggje ferdigheitene til eleven i norsk før kommunane eller fylkeskommunane gjer vedtak om særskild språkopplæring

  • vidareføre plikta heimkommunen eller heimfylket har til å vurdere ferdigheitene til eleven i norsk undervegs i opplæringa

  • vidareføre regelen om at heimkommunen eller heimfylket til eleven kan bestemme at eleven skal få opplæringa i morsmål ved ein annan skole enn den eleven går på

  • vidareføre at private skolar kan gi innføringsopplæring dersom heimkommunen eller heimfylket har gjort vedtak om slik organisering og om at skolen kan gi slikt opplæringstilbod

  • presisere at reglane om særskild språkopplæring og innføringsopplæring ikkje gjeld for elevar ved internasjonale skolar i Noreg

Sjå forslaget til endringar i privatskolelova § 3-5 og § 3-5 a.

66.6.12 Fritak frå aktivitetar i opplæringa

Departementet foreslår

  • å utvide retten til fritak frå aktivitetar i opplæringa slik at retten også gjeld elevar i vidaregåande skolar

  • at unntaket frå rett til fritak for aktivitetar i opplæringa som i dag gjeld elevar i private grunnskolar godkjende på livssynsgrunnlag, også skal gjelde elevar i private vidaregåande skolar som er godkjende på livssynsgrunnlag

  • å endre ordlyden i privatskolelova § 3-12 frå «oppretta av religiøse grunnar» til «godkjent etter § 2-1 andre ledd bokstav a livssyn»

Sjå forslag til endringar i privatskolelova § 3-12.

66.6.13 Informasjonsplikta skolen har overfor elevane

Departementet foreslår å

  • vidareføre at skolen skal gi elevane og foreldra deira den informasjonen dei treng, mellom anna om opplæringa, kvar enkelt elev, skolemiljøet, skolereglane og dei rettane og pliktene elevane elles har

  • lovfeste ein overordna paragraf om plikta skolen har til å gi informasjon til elevar og foreldre

Sjå forslaget til ny § 5 A-8 i privatskolelova.

66.6.14 Inntak til private vidaregåande skolar godkjende etter privatskolelova

Departementet foreslår

  • å vidareføre dagens reglar om at ungdom med rett til vidaregåande opplæring skal ha prioritet framfor vaksne søkjarar ved inntak, sjå forslaget til endringar i privatskolelova § 3-1 andre ledd

  • at retten til yrkesfagleg rekvalifisering kan takast ut i ein privat vidaregåande skole, sjå forslaget til endringar i privatskolelova § 3-1 andre ledd

66.6.15 Overgang frå grunnskole til vidaregåande opplæring

Departementet foreslår at dei vidaregåande skolane skal sørgje for at elevane får ein trygg og god overgang frå grunnskolen til den vidaregåande opplæringa, og at grunnskolen skal samarbeide med den vidaregåande skolen om overgangen, sjå forslaget til ny § 5-6 i privatskolelova

66.6.16 Personalet i skolen

Departementet foreslår å

  • lovfeste eit krav om at skolen skal sørgje for å ha tilgang på vikarar ved vanleg og venta fråvær, sjå forslaget til endringar i privatskolelova § 4-6.

66.6.17 Politiattest og vandelskontroll

Departementet foreslår ein tilsvarande regel om politiattest og vandelskontroll som i ny opplæringslov. Det betyr

  • å vidareføre eit krav til politiattest for dei som skal tilsetjast fast eller mellombels i grunnskolen, den vidaregåande skolen, leksehjelpa eller skoleliknande aktivitetstilbod

  • at skolen ut frå gitte kriterium kan krevje politiattest frå dei som skal ha praksis i skolen, leksehjelpa og skoleliknande aktivitetstilbod

  • å vidareføre at skolen kan krevje politiattest frå personar som skal utføre oppgåver i grunnskolen, den vidaregåande skolen, leksehjelpa eller skoleliknande aktivitetstilbod

  • å utvide området for kva straffebod som skal noterast på ein politiattest

  • å presisere at det er eit tilsetjingsforbod ved merknader om seksuelle overgrep mot mindreårige

  • å vidareføre kravet om at skolen skal vurdere konkret om ein person bør tilsetjast, ha praksis eller utføre oppgåver i grunnskolen, den vidaregåande skolen, leksehjelpa eller skoleliknande aktivitetstilbod, dersom politiattesten inneheld merknader om andre straffebrot enn dei som gir tilsetjingsforbod og merknader om verserande saker

  • å innføre ein heimel for å fastsetje kva straffebod som skal medføre forbod mot tilsetjing og om innhenting og behandling av politiattest

Sjå forslaget til endringar i privatskolelova § 4-3.

66.6.18 Definisjonen på omgrepa «vertskommune» og «vertsfylke»

Departementet foreslår å lovfeste definisjonane på omgrepa «vertskommune» og «vertsfylke», sjå forslaget til nytt andre ledd i privatskolelova § 1-3.

66.6.19 Presiseringar om reglar som ikkje gjeld vaksne

Departementet foreslår å ta ut av lova presiseringane i § 3-6 femte ledd og § 3-7 fjerde ledd om at desse paragrafane ikkje gjeld opplæringstilbod spesielt organisert for vaksne. Sjå forslaga til endringar i privatskolelova § 3-6 og § 3-7.

66.6.20 Tilvisingar til reglar i privatskolelova som gjeld skolar godkjende etter kapittel 6A

Departementet foreslår

  • å presisere at det er kapittel 6 A som gjeld for diverse skolar som gir yrkesretta opplæring, sjå forslaget til endringar i privatskolelova § 1-2 første ledd

  • å gjere tydeleg forskjellen på skolar godkjende etter § 1-2 i lova og § 6 A-1, sjå forslaget til endringar i privatskolelova § 1-3 tredje ledd

  • at delar av formålsparagrafen også skal gjelde for diverse skolar som gir yrkesretta opplæring, sjå forslaget til endringar i privatskolelova § 6 A-7 bokstav a

  • at regelen i § 5-2 a om internkontroll også skal gjelde diverse skolar som gir yrkesretta opplæring, sjå forslaget til endringar i privatskolelova § 6 A-7 bokstav n

  • at regelen i § 5-2 b første ledd om plikta styret har til å arbeide med kvalitetsutvikling, også skal gjelde diverse skolar som gir yrkesretta opplæring, sjå forslaget til endringar i privatskolelova § 6 A-7 bokstav o

Til forsida