Prop. 57 L (2022–2023)

Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innhaldsliste

55 Kravet om å sørgje for ulykkesforsikring

55.1 Innleiing

Dette punktet handlar om kravet til å sørgje for ulykkesforsikring for elevar i skole, dei som har læretid i bedrift, og vaksne deltakarar, kven reglane skal gjelde for, og når og kvar forsikringa skal gjelde. Forholdet til yrkesskadeforsikringslova er også omtalte.

55.2 Dagens reglar

55.2.1 Opplæringslova

Det følgjer av opplæringslova § 13-3b at kommunane og fylkeskommunane skal sørgje for ulykkesforsikring for elevane. Forskrift til opplæringslova kapittel 8 inneheld utfyllande reglar. Forskrifta § 8-1 gjentek kravet i lova om å ulykkesforsikre elevane. Etter forskrifta § 8-1 pliktar kommunane og fylkeskommunane også å ulykkesforsikre dei som har læretid i bedrift, det vil seie lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar, men ikkje dei som deltek i opplæring særleg organisert for vaksne etter opplæringslova kapittel 4 A.

Ulykkesforsikringa skal vere teikna i eit forsikringsselskap, jf. forskrifta § 8-2. Dette betyr at alle ulykkestilfelle skal handterast innanfor eksisterande regelverk om forsikring.

Det følgjer av forskrifta § 8-3 at ved ulykkesskade skal forsikringa gi dekning for nødvendige utgifter til behandling og erstatning ved død eller varig medisinsk invaliditet, i den grad slike ytingar ikkje er dekte etter folketrygdlova eller yrkesskadeforsikringslova.

Ulykkesforsikringa skal gjelde for alle aktivitetar som skolen er ansvarleg for, og andre arrangement som er i regien til skolen, jf. forskrifta § 8-4. Forsikringa skal gjelde sjølv om det er frivillig å delta i aktiviteten eller på arrangementet, til dømes at skolen har opna for val mellom ulike aktivitetar eller det er sosiale arrangement på kveldstid. Forsikringa skal også dekkje ulykkesskade som oppstår på vegen mellom heimen og opplæringsstaden. Departementet legg til grunn at forsikringa også gjeld når elevar får opplæring på ein alternativ opplæringsarena utanfor skolen.

Forskrifta § 8-5 regulerer erstatning ved død eller ved varig medisinsk invaliditet. Forskrifta § 8-6 regulerer tilbakebetaling av utgifter til behandling. Forskrifta § 8-7 gir opp avgrensingar i forsikringsdekninga. Forsikringa kan gjere unntak for ulykkesskade som har årsaka si i forgifting ved mat, drikke eller nytingsmiddel, infeksjon eller stikk/bite av insekt, psykiske skadar som sjokkliding, depresjon, angst og liknande, med mindre det til same tid er oppstått lekamsskade som gir livsvarig medisinsk invaliditet.

Utdanningsdirektoratet har utarbeidd eit rundskriv om ulykkesforsikring, sjå Udir-7-2008.

55.2.2 Anna regelverk

Lov 16. juni 1989 nr. 65 om yrkesskadeforsikring (yrkesskadeforsikringsloven) gjeld «personskade påført arbeidstakere hos arbeidsgivere», jf. § 1. Ifølgje yrkesskadeforsikringslova § 3, jf. § 2, pliktar arbeidsgivarar å teikne forsikring for alle som gjer arbeid eller utfører verv i tenesta til arbeidsgivaren.

Justis- og beredskapsdepartementets lovavdeling har tidlegare vurdert om elever som er utplasserte i arbeidslivet, vil vere dekte av yrkesskadeforsikringslovas arbeidstakarbegrep i ei fråsegn frå 1990, jf. JDLOV-1990-3149. Fråsegna gir ikkje ein eintydig avklaring av spørsmålet om kven som har forsikringsansvaret for ein elev som får opplæring i ei bedrift. I ei anna fråsegn frå 2001, jf. JDLOV-2001-11203, uttaler Lovavdelingen at det avgjerande ikkje er om elevane får betaling for å vere omfatta av lova, men om skaderisikoen deira er tilnærma lik risikoen til andre i same yrke eller lærlingar i same yrke.

55.3 Høyringsforslaget

Departementet foreslo

  • å vidareføre reglane om ulykkesforsikring av elevar

  • å konkretisere i lova ansvaret for ulykkesforsikring for dei som har læretid i bedrift

  • å utvide plikta til å omfatte personar som deltek i førebuande opplæring for vaksne og vidaregåande opplæring for vaksne

Departementet følgde med dette høyringsforslaget opp forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 43, men slik at det i høyringa i tillegg vart foreslått å inkludere vaksne som får opplæring etter dagens opplæringslov kapittel 4A, i persongruppa som skal forsikrast.

55.4 Høyringsinstansanes syn

13 høyringsinstansar har uttalt seg om høyringsforslaget. Forslaget får i all hovudsak støtte av høyringsinstansane, mellom anna Vestfold og Telemark fylkeskommune, Bergen kommune, Lunner kommune, Nittedal kommune, Time kommune, Norsk leirskoleforeining og Utdanningsforbundet. Fleire høyringsinstansar trekkjer fram at det det er positivt at lærlingar blir omfatta av ulykkesforsikring på lik linje med elevar, mellom anna Viken fylkeskommune og Byggnæringens Landsforening, Entrepenørforeningen – Bygg og Anlegg. Foreldreutvalet for grunnopplæringa trekkjer fram at utvidinga av regelen til også å gjelde «vaksne deltakarar» er bra, men er skeptisk til at plikta kommunen og fylkeskommunen har til å sørgje for ulykkesforsikring, ikkje også omfattar deltakarar i SFO og leksehjelp.

Viken fylkeskommune påpeikar at forslaget om krav til ulykkesforsikring for vaksne medfører auka utgifter til forsikring og auka administrasjon. Oslo kommune meiner også at forslaget har økonomiske og administrative konsekvensar.

Oslo kommune støttar forslaget om at ulykkesforsikringa også skal gjelde deltakarar i vaksenopplæringa, men meiner ho bør avgrensast slik at ho berre omfattar tida deltakaren er i opplæring eller andre aktivitetar i regi av skolen. Kommunen meiner at vaksne må kunne ta ansvar for seg sjølv når dei er på veg til og frå opplæring, og at det offentlege ikkje bør finansiere ei forsikringsordning på dette området. Kommunen stiller også spørsmål til om det bør presiserast eller gjerast tydeleg om forsikringa også skal gjelde når elevar får digital undervisning i regi av skolen, men i eigen heim / på privat stad.

Troms og Finnmark fylkeskommune meiner at det er positivt at vaksne deltakarar i opplæring organisert for vaksne også skal omfattast av ulykkesforsikring. Fylkeskommunen ønskjer at elevar ute i praksis i yrkesfagleg fordjuping (YFF) også skal vere dekte av ulykkesforsikringa. Troms og Finnmark fylkeskommune stiller også spørsmål til om elevar ved statlege skolar vere ulykkesforsikra, eller om dei er omfatta av sjølvassuranseordninga på skolen sin.

55.5 Departementets vurdering

55.5.1 Krav om ulykkesforsikring for elevar

Departementet foreslår å vidareføre plikta til kommunen og fylkeskommunen til å teikne ulykkesforsikring for elevar og at utfyllande reglar kan givast i forskrift. Departementet viser til at forslaget om vidareføring har fått brei tilslutning av høyringsinstansane som uttaler seg. Kravet om ulykkesforsikring sikrar at den enkelte som er i opplæring, ikkje sjølv ber risikoen for ulykker som oppstår i opplæringssituasjonar eller under andre tiltak og aktivitetar som skjer i regien til skolane.

Plikta kan i utgangspunktet oppfyllast gjennom privat forsikring eller gjennom sjølvassuranseordning. Gjennom forskriftsheimelen vil det, som i dag, vere tilgang til å stille nærare krav til korleis plikta kan oppfyllast. Departementet viser til at gjeldande forskriftsregulering ikkje opnar for at kommunar eller fylkeskommunar kan oppfylle plikta si til å sørgje for ulykkesforsikring gjennom sjølvassuranseordning.

Enkelte høyringsinstansar har gitt innspel om kven som bør dekkjast av ulykkesforsikringa. Elevar i praksis i yrkesfagleg fordjuping (YFF) vil vere dekte av ulykkesforsikringa i kraft av å vere elevar. Kommunane og fylkeskommunane er etter dagens opplæringslov ikkje pålagde ei plikt til å ulykkesforsikre elevar medan dei er i skolefritidsordninga (SFO), kulturskolen eller får leksehjelp i regi av skolen, og vil heller ikkje ha det etter lovforslaget. Departementet er kjent med at Utdanningsdirektoratet i rundskrivet Udir-7-2008 har lagt til grunn at elever i samsvar med forskrift til gjeldande opplæringslov § 8-4 første ledd bokstav a, som fastslår at ulykkesforsikringa skal gi eleven dekning for ulykkesskade som har hendt «på opplæringsstaden i opplæringstida», også omfattar SFO og leksehjelp. Etter departementets syn pålegg ikkje dagens lov plikt til å ha ulykkesforsikring ved SFO eller leksehjelp, og det kan då heller ikkje påleggjast i forskrift. Det er ikkje aktuelt å foreslå ei utviding til SFO, kulturskolen eller leksehjelptilbodet, då eit slik forslag ikkje har vore høyrt og vil ha økonomiske konsekvensar som må greiast ut. Departementet foreslår å presisere i lovteksten til forslaget § 28-8 at det ikkje følgjer ei plikt til å sørgje for ulykkesforsikring for elever medan dei får leksehjelp, er i skolefritidsordning eller er på kulturskolen. Departementet understrekar at sjølv om det ikkje er ei lovpålagd plikt å sørgje for ulykkesforsikring i dei nemnde tilfella, er dette minimumskrav. Kommunane står fritt til å sørgje for ulykkesforsikring i desse situasjonane på eige initiativ. I praksis vil mange ulykkesforsikringar dekkje SFO, leksehjelp og kulturskole.

Fylkeskommunar har ikkje plikt til å sørgje for forsikring for elevar som går på vidaregåande skolar som er drivne av staten. Det vil vere eit statleg ansvar å forsikre denne elevgruppa, sjå merknadane til forslaget til § 28-6 tredje ledd. Det kan regulerast i forskrift om det statlege ansvaret kan oppfyllast gjennom sjølvassuranse.

Oslo kommune stiller spørsmål til om det bør presiserast eller gjerast tydeleg om forsikringa også skal gjelde når elevar får digital undervisning i regi av skolen, men i eigen heim / på privat stad. Departementet meiner at slike presiseringar ikkje bør regulerast i lova, men overlatast til forskrifta. Departementet viser til at Utdanningsdirektoratet har lagt til grunn at etter dagens forskrift skal ulykkesforsikringa dekkje ulykker som oppstår under opplæring som skolen gir i heimen på grunn av at eleven har ein sjukdom. Slik departementet ser det, må tilsvarande gjelde for liknande situasjonar, som då elevar hadde heimeundervisning under koronapandemien. Departementet tar sikte på ei tilsvarande regulering i forskrift til ny opplæringslov.

Kommunane har ikkje plikt til å ulykkesforsikre dei som får privat opplæring i heimen.

55.5.2 Krav om ulykkesforsikring for dei som har læretid i bedrift

Departementet foreslår å lovfeste at fylkeskommunen skal sørgje for ulykkesforsikring for dei som har læretid i bedrift, der yrkesskadeforsikring ikkje er dekkjande.

Dei som har teikna kontrakt om opplæring og læretid i bedrift, vil vere arbeidstakarar i bedrifta og gjennom dette vere omfatta av yrkesskadeforsikringslova. Yrkesskadeforsikringslova vil dekkje dei som har læretid i bedrift, i alle tilfelle som forskrift til opplæringslova omhandlar, med unntak av dekning for ulykkesskade som har hendt på vegen mellom heim og arbeidsplass. Departementet støttar vurderinga frå opplæringslovutvalet om at forholdet mellom lærebedrifta og dei som har læretid i bedrift, som utgangspunkt bør regulerast av reglane i arbeidslivet. Det bør komme klart fram at det er yrkesskadeforsikringslova som gjeld for dei som har læretid i bedrift. Samtidig er det ikkje nokon rimeleg grunn til at elevar skal vere ulykkesforsikra på vegen mellom heim og opplæringsstad, medan dei som har læretid i bedrift, ikkje er det. Det bør derfor, som opplæringslovutvalet foreslår, blir konkretisert i lova at fylkeskommunen skal sørgje for ulykkesforsikring for dei som har læretid i bedrift, der yrkesskadeforsikringa ikkje er dekkjande.

55.5.3 Forholdet til yrkesskadeforsikringslova for andre grupper enn dei som har læretid i bedrift

Dei som har læretid i bedrift, har inngått arbeidsavtale med lærebedrifta, og det er ikkje tvil om at dei blir omfatta av arbeidstakaromgrepa i yrkesskadeforsikringslova. Det kan likevel vere tvil om elevar som ikkje har eit ordinært tilsetjingsforhold med ei bedrift, blir dekte av yrkesskadeforsikringslova. Departementet viser til denne i drøftingane frå opplæringslovutvalet om dette i NOU 2019: 23, i pkt. 43.4.3 under «Ulykkesforsikring for elever i bedrift» (s. 565–566):

Lærlinger har inngått arbeidsavtale med lærebedriften, og det er ikke tvil om at lærlinger omfattes av yrkesskadeforsikringslovens arbeidstakerbegrep. Det kan imidlertid være tvil om elever som ikke har et ordinært ansettelsesforhold med en bedrift, dekkes av yrkesskadeforsikringsloven. Lovavdelingen har tidligere vurdert om elever som er utplassert i arbeidslivet, vil være dekket av yrkesskadeforsikringslovens arbeidstakerbegrep. Uttalelsen fra 1990 gir imidlertid ikke en entydig avklaring på spørsmålet om hvem som har forsikringsansvaret for en elev som får opplæring i en bedrift.
Ifølge dagens læreplanverk skal alle elever på yrkesfaglige utdanningsprogrammer i videregående opplæring ha faget yrkesfaglig fordypning (YFF), hvor hovedregelen er at hele eller deler av opplæringen skal gis i bedrift. Organiseringen av den praktiske opplæringen i YFF varierer. Enkelte får for eksempel opplæring i bedrift én dag i uken over en lengre periode, mens andre får opplæringen mer konsentrert over en kortere periode. Noen elever får den praktiske opplæringen i samme bedrift, mens andre får opplæring i flere ulike bedrifter. I hvilken grad eleven kan sies å først og fremst «gjøre arbeid eller utføre verv» for bedriften, eller om eleven må sies å først og fremst være elev som får opplæring, vil variere.
Etter utvalgets vurdering vil det kunne tenkes mange tilfeller hvor det er vanskelig å fastslå hvem som har forsikringsansvaret for en elev som får opplæring i en bedrift. En klargjøring vil være sentral for sikkerheten til den enkelte elev. I realiteten vil en klargjøring forutsette klargjøring av yrkesskadeforsikringslovens arbeidstakerbegrep. Dette ligger utenfor utvalgets mandat å foreslå. Utvalgets vurdering er at endringer i opplæringsloven ikke vil være riktig virkemiddel for å løse problemet.
Utvalget vil derimot oppfordre Justis- og beredskapsdepartementet og Kunnskapsdepartementet til å klargjøre rettstilstanden.

Ulykkesforsikringa frå kommunane og fylkeskommunane skal alltid omfatte elevar eller vaksne deltakarar der dei deltar i praktisk yrkesopplæring i arbeidslivet og det er organisert av skolen, der det ikkje er teikna kontrakt om opplæring og læretid i bedrift. Departementet foreslår også at fylkeskommunen skal sørgje for ulykkesforsikring for dei som har læretid i bedrift, der yrkesskadeforsikringa ikkje er dekkjande. Elevar og vaksne deltakarar vil derfor uansett vere omfatta av ulykkesforsikringa uavhengig av om dei blir rekna som arbeidstakarar eller ikkje. Dette inneber at alle grupper vil vere omfatta av ei forsikringsordning, og at ingen fell mellom ordningane.

Ulykkesforsikringa skal framleis vere sekundær i forhold til dei dekningsmoglegheitene som blir tilbydde gjennom folketrygdlova og yrkesskadeforsikringslova.

Forslaget til regel ovanfor vil likevel sikre at den uvissa som herskar om avgrensinga til arbeidstakaromgrepet, ikkje svekkjer dekninga til dei ulike gruppene i skolegang.

55.5.4 Vaksne som får opplæring etter kapittel 4 A

Plikten til å sørgje for ulykkesforsikring omfattar i dag ikkje vaksne som får opplæring etter opplæringslova kapittel 4 A om opplæring spesielt organisert for vaksne. Bakgrunnen for dagens unntak er at vaksne elevar har eit større ansvar for seg sjølve enn dei yngre, og dei har derfor ikkje vorte rekna for å ha det same behovet for offentleg finansiert forsikring. Vaksne som blir tekne inn til ordinær vidaregåande opplæring etter dagens opplæringslov kapittel 3, blir likevel omfatta av plikta til ulykkesforsikring fordi dei då har elevstatus. Departementet ser ingen grunn til å gjere forskjell mellom ulike grupper av vaksne når det gjeld ulykkesforsikring. Det er ikkje rimeleg at korleis tilbodet blir organisert lokalt, er avgjerande for om nokre vaksne sjølve må bere risikoen for ulykker som oppstår i opplæringa eller under andre tiltak og aktivitetar som skjer i regi av skolen.

Departementet foreslår derfor å utvide plikta til å sørgje for ulykkesforsikring til også å omfatte personar som deltek i førebuande opplæring for vaksne og vidaregåande opplæring for vaksne. Denne gruppa vil då vere dekt på lik linje med elevar. Det betyr mellom anna at dei som deltek i førebuande opplæring for vaksne og vidaregåande opplæring for vaksne, er dekte av ulykkesforsikringa frå kommunane eller fylkeskommunane på vegen mellom heim og opplæringsstad.

55.6 Departementets forslag

Departementet foreslår

  • å vidareføre reglane om ulykkesforsikring av elevar, sjå forslaget til § 28-8 første ledd første punktum og tredje ledd

  • å utvide plikta til å omfatte personar som deltek i førebuande opplæring for vaksne og vidaregåande opplæring for vaksne, sjå forslaget til § 28-8 første ledd første punktum

  • å konkretisere ansvaret for ulykkesforsikring for dei som har læretid i bedrift, sjå forslaget til § 28-8 første ledd andre punktum

  • å presisere at plikta til å sørgje for ulykkesforsikring ikkje gjeld leksehjelpordninga, skolefritidsordninga, eller kulturskolen, sjå forslaget til § 28-8 andre ledd

Til forsida