Prop. 57 L (2022–2023)

Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innhaldsliste

58 Deltaking i evalueringar og informasjonsinnhenting

58.1 Innleiing

Dette punktet handlar om plikt til å gi opplysningar og å delta i evalueringar om forhold som har noko å seie for evaluering av opplæringsverksemder som er omfatta av lova.

58.2 Dagens reglar

Opplæringslova § 14-4 gir departementet heimel til å gi forskrifter som pålegg dei som er ansvarlege for opplæringsverksemd, og dei som får slik opplæring, det vil seie kommunar, fylkeskommunar, skolar, elevar og dei som har læretid i bedrift, mfl., å gi opplysningar og å delta i evalueringar om forhold som har noko å seie for evaluering av opplæringsverksemder som er omfatta av lova. Opplæringslova § 13-3 e første ledd slår fast at kommunane og fylkeskommunane skal ha eit forsvarleg system for å følgje opp resultata frå nasjonale kvalitetsvurderingar som departementet gjennomfører med heimel i § 14-4.

Departementet har gitt slik forskrift i kapittel 2 i forskrift til opplæringslova. Dette kapittelet handlar om mellom anna nasjonale undersøkingar om læringsmiljøet til elevar, lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar og ulike prøvar, inkludert nasjonale prøvar.

58.3 Høyringsforslaget

I høyringa foreslo departementet å vidareføre reglane om informasjonsinnhenting og evaluering. Departementet følgde med dette opp forslaget frå opplæringslovutvalet.

58.4 Høyrinsinstansanes syn

Det har komme inn svært få høyringsinnspel til forslaget om å vidareføre reglane om informasjonsinnhenting og evaluering. Dei få som har uttalt seg støttar i hovudsak departementets forslag.

58.5 Departementets vurdering

Departementet meiner det er behov for å vidareføre heimelen for å gi reglar i forskrift som pålegg kommunar, fylkeskommunar, skolar, elevar og dei som skal ha læretid i bedrift mfl. å gi opplysningar og å delta i evalueringar om forhold som har noko å seie for evaluering av verksemda som er omfatta av lova. Ein slik heimel er nødvendig for å leggje til rette for, og gjennomføre, kvalitetsutviklingsarbeid i skolen, jf. opplæringslova § 17-12.

Sjå nærare om kvalitetsutviklingsarbeid i punkt 56 om internkontroll og kvalitetsutvikling.

Opplæringslovutvalet gir uttrykk for at innsamling av opplysningar og rapportering frå testar og evalueringar som blir gjorde i dag, reiser fleire personvernutfordringar. Utgreiinga viser til at det i ein del samanhengar har vore problematisert om behandlingsgrunnlaget i opplæringslova med forskrifter er tilstrekkeleg for behandlinga av slike opplysningar i det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet.

Departementet viser til Prop. 145 L (2020–2021) Endringar i opplæringslova, friskolelova og barnehagelova (behandling av personopplysningar, fjernundervisning o.a.), punkt 54 om reglar om behandling av personopplysningar i grunnskolen og den vidaregåande opplæringa. Det er oppgåva om å delta i evalueringar og gi opplysningar om opplæringa, som vil gi rammene for kva opplysningar som kan behandlast, og i kva utstrekning. Det følgjer av § 25-1 første ledd at personopplysningar kan behandlast berre så langt det er nødvendig for den konkrete oppgåva eller plikta.

Departementet foreslår å vidareføre reglane om behandling av personopplysningar som blir gitt i samband med å delta i evalueringar. Departementet foreslår å ikkje vidareføre i lovteksten at Utdanningsdirektoratet skal vere behandlingsansvarlig for slike personopplysningar, eller at opplysningane kan brukast som grunnlag for forsking, analyse og statistikk. Departementet meiner at det er meir tenleg å regulere mellom anna behandlingsansvaret og formål i forskrift og foreslår ein forskriftsheimel som tar høgd for dette. I tillegg foreslår departementet å vidareføre presiseringa om at også personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10 kan behandlast.

58.6 Departementets forslag

Departementet foreslår å vidareføre reglane om informasjonsinnhenting og evaluering, sjå forslaget til § 25-4.

Til forsida