Prop. 57 L (2022–2023)

Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innhaldsliste

38 Skolefritidsordninga, leksehjelp og skolebibliotek

38.1 Innleiing

Dette punktet handlar om tenester og verksemder som er regulerte i opplæringslova, men som ikkje er ein del av grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa: skolefritidsordning, leksehjelp og bibliotek. Rådgiving, oppfølgingstenesta og kulturskolen, som heller ikkje er ein del av opplæringsverksemda, er tema i punkt 44, 45 og 47.

38.2 Skolefritidsordninga

38.2.1 Dagens reglar

I opplæringslova § 13-7 er det krav om at kommunen skal ha eit tilbod om skolefritidsordning (SFO) før og etter skoletid for elevar på 1. til 4. trinn og for elevar med særskilde behov på 1. til 7. trinn. Det følgjer av denne paragrafen at skolefritidsordninga skal leggje til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos barna. Skolefritidsordninga skal gi barna omsorg og tilsyn. Skolefritidsordninga er ikkje ein del av grunnskoleopplæringa og skal vere eit frivillig tilbod. Det er ikkje krav om at det skal vere ein SFO på kvar skole.

Opplæringslova gir ikkje elevane rett til plass i skolefritidsordninga, og det er ikkje noko krav om talet på plassar. Dette er understreka mellom anna i Ot.prp. nr. 67 (2002–2003), kapittel 6.1 og 6.4. Kommunane kan nytta andre for å oppfylle plikta om å ha SFO. Kommunen skal føre tilsyn med private SFO-tilbod som blir nytta til å oppfylle plikta.

Opplæringslova § 13-7 inneheld reglar om at skolefritidsordninga skal ha vedtekter, og om kva desse skal innehalde. Vidare seier paragrafen at rektor til vanleg skal vere leiar når skolefritidsordninga er knytt til skolar, og at kommunane kan krevje utgiftene til skolefritidsordninga dekte gjennom eigenbetaling frå foreldra. Lova inneheld også ein heimel til å gi nærare forskrifter om skolefritidsordninga.

I forskrift til opplæringslova kapittel 1B er det utfyllande reglar om moderasjonsordningar for foreldrebetalinga for SFO. Vidare er det ein forskriftsregel om gratis SFO for elvar på 1. årstrinn. I tillegg er rammeplan for skolefritidsordninga fastsett som forskrift 31. mai 2021.

Kapittel 9 A om skolemiljøet til elevane (med dei unntaka som følgjer av § 9 A-1), § 9-7 om forbod mot ansiktsdekkjande plagg, § 10-9 om politiattest og § 13-5 om plikt til å samarbeide med barnehagen om overgangen til skolen gjeld for skolefritidsordninga. Enkelte av reglane om skyss gjeld også for elevar i SFO.

38.2.2 Høyringsforslaget

I høyringa foreslo departementet

  • å i hovudsak vidareføre regelen om skolefritidsordninga

  • å vidareføre at rektor som hovudregel skal vere leiar når skolefritidsordninga er knytt til ein skole

  • å ikkje vidareføre presiseringa om at kommunen må ha tilsyn med private skolefritidsordningar

  • å vidareføre og gjere tydeleg heimelen for departementet til å gi forskrift om skolefritidsordninga

Departementet følgde med dette høyringsforslaget delvis opp forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 42.2. Utvalet foreslo ikkje å vidareføre kravet om at rektor som hovudregel skal vere dagleg leiar når skolefritidsordninga er knytt til ein skole. Utvalet foreslo ikkje å vidareføre forskriftsheimelen om skolefritidsordninga.

38.2.3 Høyringsinstansanes syn

Det er 17 høyringsinstansar som har uttalt seg om forslaget om skolefritidsordning (SFO). Alle støttar forslaget om å vidareføre reglar om SFO.

Statsforvaltaren i Oslo og Viken meiner det må presiserast i merknaden til paragrafen at det i plikta kommunen har til å ha internkontroll, ligg ei plikt til å følgje opp private aktørar/tilbydarar som kommunen nyttar for å oppfylle plikta si til å ha eit SFO-tilbod. Statsforvaltaren meiner at det er viktig at heimelen til å gi forskrift om SFO blir vidareført, og at det framleis går fram kva reglar i opplæringslova med forskrift som også gjeld for skolefritidsordninga.

Utdanningsdirektoratet viser til at det i dagens forskrift til opplæringslova § 1B-3 er ein regel om gratis SFO for barn med særskilde behov. Dersom denne regelen er tenkt vidareført i forskrift, meiner direktoratet at ordlyden i forskriftsheimelen bør gjerast tydeleg.

Bergen kommune støttar forslaget. Kommunen meiner at den foreslåtte formuleringa i paragrafen gir kommunane tilstrekkeleg handlingsrom til å utforme SFO i tråd med lokale behov, samtidig som det blir gitt nokon felles rammer på nasjonalt nivå for å hindre store forskjellar mellom SFO-tilboda skolane og kommunane imellom.

Likestillings- og diskrimineringsombodet, Fellesorganisasjonen (FO), CP-foreininga og Norsk Forbund for Utviklingshemmede har kommentarar til manglande individuell tilrettelegging på SFO.

Likestillings- og diskrimineringsombodet viser til at dei har fått fleire førespurnader som gjeld mangel på individuell tilrettelegging på SFO. Ombodet meiner det er nødvendig at retten til individuell tilrettelegging og finansieringa av dette for barn med nedsett funksjonsevne kjem fram av lova. Vidare bør departementet vurdere å lovfeste ein rett til plass på SFO for kvar enkelt elev.

Norsk Forbund for Utviklingshemmede viser til at fleire av medlemmene fortel at barna deira ikkje får ikkje får tilstrekkeleg oppfølging med kommunikasjon, sosialt samspel og praktisk bistand i SFO-tida, fordi den ordinære bemanninga ikkje er tilstrekkeleg til å dekkje behovet til barnet. Samtidig får dei avslag på søknad om brukarstyrt personleg assistanse (BPA) i SFO-tida, med tilvising til at barnet har eit SFO-tilbod og derfor ikkje har behov for teneste frå helse- og omsorgssektoren. Dette regelverket bidreg til at barn med assistansebehov ikkje får eit likeverdig SFO-tilbod. Forbundet meiner derfor at det er behov for å innføre ein rett til personleg assistanse i SFO-tida, når eleven treng det for å få eit likeverdig tilbod.

Fellesorganisasjonen (FO) meiner det er ei stor utfordring er at det ikkje er noka bemanningsnorm eller utdanningskrav for personalet på SFO. FO meiner at SFO på linje med skolen er ein unik arena for å kunne fange opp barn som treng noko ekstra, og setje i verk tiltak så tidleg som mogleg. FO tilrår lov- eller forskriftsfesting av både pedagogisk og barnefagleg kompetanse i SFO og at SFO skal ha ein eigen leiar med minimum barnefagleg kompetanse på bachelornivå og vidareutdanning innan leiing.

Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) og CP-foreningen etterlyser ei avklaring med tanke på SFO-tilbod på 5. til 7. trinn.

Fagforbundet Barn og oppvekst i Oslo meiner at kravet til eigna areal til SFO bør førast vidare. Dei viser mellom anna til at skolefritidsordninga ofte organiserer barn i store grupper

Landsorganisasjonen LO meiner at fokuset må rettast på kvaliteten på SFO-tilbodet og krav til kompetanse blant dei tilsette. LO meiner at private SFO-tilbod må underleggjast kommunalt tilsyn og kontroll.

38.2.4 Departementets vurdering

Behov for nasjonale reglar om at kommunen skal ha ei skolefritidsordning

Departementet foreslår at det framleis skal lovfestast at kommunane har ei plikt til å ha eit tilbod om skolefritidsordning (SFO), og foreslår å i hovudsak vidareføre regelen om skolefritidsordninga.

SFO er ikkje er ein del av grunnskoleopplæringa og skal vere eit frivillig tilbod. Det blir ikkje foreslått krav om at det skal vere SFO på kvar skole. Det blir heller ikkje foreslått at det skal vere rett for elevane til plass i SFO eller krav til kommunane om talet på plassar. Dei fleste kommunane tilbyr i dag plass i skolefritidsordninga til alle barn som ønskjer det, og departementet er ikkje kjent med at det er eit problem at barn ikkje får eit slikt tilbod.

Departementet foreslår ikkje eit krav om talet på plassar for barn med særlege behov. Departementet legg til grunn at inntak må baserast på kriterium gitt i forskrift om SFO.

Innhaldet i skolefritidsordninga

Departementet foreslår å vidareføre at SFO skal leggje til rette for leik, kultur og fritidsaktivitetar, at aktivitetane skal vere tilpassa alderen, funksjonsevna og interessene til elevane, og at barna skal få omsorg, bli passa godt på og at barn med nedsett funksjonsevne skal få gode utviklingsvilkår. Departementet foreslår ikkje å innføre ytterlegare reglar om innhaldet i SFO i lova, men foreslår å vidareføre forskriftsheimelen til å gi rammeplan for SFO. Departementet viser til at det er fastsett ein rammeplan for SFO som har status som forskrift. Rammeplanen skal bidra til eit meir likeverdig skolefritidstilbod av god kvalitet.

SFO skal byggje praksisen sin på dei grunnleggjande verdiane som følgjer av formålsparagrafen til opplæringslova. Departementet vil vise til at betydninga av verdigrunnlaget er nærare utdjupa i rammeplanen, og at det derfor ikkje er nødvendig å presisere dette ytterlegare i lova.

Personalet i skolefritidsordninga

Departementet foreslår å vidareføre kravet om at rektor skal vere leiar for SFO når ordninga er knytt til skolar. Departementet foreslår også å vidareføre moglegheita til å gjere unntak.

Sjølv om regelen ikkje er eit absolutt krav for kommunane, gir lovfestinga av at rektor skal vere leiar for SFO eit viktig signal om at rektor har ei særleg rolle i å sikre at barna skal oppleve heilskap og samanheng i skolekvardagen og i SFO. Rektors rolle heng også saman med ansvaret for dei tilsette, som ofte har delte stillingar mellom skole og SFO. Tilgang til pedagogisk rettleiing frå rektor, kompetanseheving om forhold som gjeld elevane, og å inkludere personalet i SFO i arbeidet med skolemiljø og skadeførebygging er viktige element her. Mange SFO-ar har også innhald og aktivitetar som støttar opp under fagleg aktivitet ved skolen. Kommunen kan gjere unntak frå hovudregelen, til dømes når kommunen nyttar private til å drive SFO. Departementet meiner det ikkje er nødvendig at kommunane søkjer departementet (i dag delegert til statsforvaltaren) om slike unntak. Departementet foreslår derfor at kommunen kan gjere unntak frå kravet om at rektor skal vere leiar for SFO, til dømes der private driv SFO.

Departementet foreslår ikkje at det skal setjast krav til bemanningsnorm eller krav til kompetanse for personalet i SFO. Behovet for bemanning vil vere avhengig av kva slags aktivitetar som blir tilbydde, alderssamansetninga, kor mange barn som deltek, dagleg opphaldstid og talet på barn med særlege behov. Bemanninga av SFO skal avgjerast kommunalt ut frå lokale forhold og behov. Når kommunen er tillagd stort ansvar for innhaldet i SFO, vil det vere naturleg at kommunen også får ansvar for å tilsetje eit personale som samla sett kan gi eit godt tilbod i samsvar med målsetjinga med SFO. Vidare vil departementet notere at den pedagogisk-psykologiske tenesta (PP-tenesta) ikkje er ein sakkunnig instans i SFO. Foreldra kan ikkje krevje at tilrådingar frå PP-tenesta og andre instansar blir vektlagde når kommunen skal vurdere behovet for tilsyn på SFO. Departementet viser til at det er ulike reglar for grunnskolen og SFO, noko som betyr at behovet enkelte barn har for mellom anna tilsyn, kan vere ulikt i skolen og SFO.

Eit krav om kompetanse vil ha økonomiske og administrative konsekvensar og har ikkje vore greidd ut.

Areal for skolefritidsordninga

Departementet foreslår å ikkje vidareføre krav om eigna areal for SFO i lova.

Departementet meiner det ikkje er nødvendig å vidareføre krav om eigna areal for SFO, då eit slikt krav ikkje tilfører noko utover det som følgjer av andre reglar. Departementet viser til at krav til skolebygg for grunnskolar er regulerte i andre paragrafar i opplæringslova og anna regelverk, mellom anna i lovforslaget § 12-7. Sjå nærare omtale av forslag til ny forskrift om miljø og helse i barnehagar, skolar og skolefritidsordningar i punkt 33.9.4. Etter forslaget til § 12-2 skal det fysiske miljøet fremje helse, inkludering, trivsel og læring. Desse paragrafane gjeld lokale som blir nytta for SFO, og varetek behova for regulering uavhengig av gruppestorleikane i skolen og SFO.

Den nasjonale evalueringa av SFO viser at det store fleirtalet av SFO-ar bruker areala til skolen til verksemda si. Departementet kan ikkje sjå at utfordringane med sambruk fører med seg gir grunn til å ha eit særskilt krav om at lokala til SFO skal vere «eigna», når det ikkje tilfører krav til lokala som ikkje allereie er dekt av andre reglar.

Forskriftsheimlar

Departementet foreslår å vidareføre dagens forskriftsheimelen om at departementet kan gi forskrifter om SFO. Departementet foreslår å vidareføre at det kan givast forskrifter om innhald og oppgåver for SFO og moderasjonsordningar, og presisere at det også kan givast forskrifter om gratis SFO.

Departementet foreslår å vidareføre kravet om at SFO skal ha vedtekter, og om kva dei skal innehalde, og å presisere i lova at vedtektene til kommunane om opptakskriterium etc. må fastsetjast i kommunale forskrifter. Slike vedtekter er i realiteten forskrifter, og då bør dei også fastsetjast som det. Dette inneber at forskriftene må fastsetjast i samsvar med reglane i forvaltningslova kapittel VII.

Moglegheita til å nytte private til å oppfylle plikta til å ha eit skolefritidstilbod

Departementet foreslår å vidareføre at kommunane kan bruke andre rettssubjekt til å oppfylle plikta til å ha eit SFO-tilbod. Det følgjer av kommunelova § 5-4 første ledd at dersom kommunane skal kunne delegere vedtaksmynde til andre rettssubjekt, må lovgivinga opna for det. Vidare foreslår departementet at det blir vist til «private» og ikkje «andre rettssubjekt» i lova. Det vil vere lite aktuelt at kommunane bruker statlege aktørar til å oppfylle plikta. Interkommunalt samarbeid er regulert i kommunelova, og det er ikkje nødvendig med eigne reglar om dette. Det er derfor tilstrekkeleg å fastsetje at kommunane kan nytte «private» til å oppfylle plikta om å ha eit SFO-tilbod.

Departementet foreslår å ikkje vidareføre presiseringa om at kommunane skal føra tilsyn med private SFO-ar som kommunen bruker til å oppfylla plikta. Sjølv om kommunane nyttar private til å oppfylla plikta, er det kommunane som har ansvaret for at reglane i opplæringslova blir følgde. I plikta som kommunane har til å ha internkontroll i kommunelova § 25-1, ligg det ei plikt til å følgja opp private aktørar som har som oppdrag å utføre oppgåver som er pålagde kommunane i lov. For slike oppgåver vil kommunane alltid ha ansvaret for at innbyggjarane får dei tenestene dei har krav på, anten kommunane utfører oppgåva sjølv eller gjennom private. Dette kan gjerast på ulike måtar. Det kan til dømes inngå visse rutinar for oppfølging av avtalen kommunen har med ein privat aktør. Uansett vil det måtte inngå i internkontrollen til kommunen, etter ordinær risikovurdering, å ha rutinar, prosedyrar og så vidare for å sikre at kommunen har kontroll med at innbyggjarane får det dei har krav på, sjølv om ein privat aktør utførar oppgåva.

Andre reglar i lova som skal gjelde for skolefritidsordninga

Departementet foreslår å vidareføre at reglane om overgang frå barnehage til skole og SFO, skolemiljø, ansiktsdekkjande plagg, skyss på grunnlag av nedsett funksjonsevne, skade eller sjukdom og politiattest skal gjelde for SFO. At desse reglane gjeld for SFO, står eksplisitt i dei aktuelle reglane, sjå omtalane i punkt 23.5, 33, 34.5 og 52. Dessutan vil fleire av reglane om tilsyn og forsøk i kapittel 29 i lova gjelde for SFO, sjå omtale i punkt 60 og 64.

38.2.5 Departementets forslag

Departementet foreslår å vidareføre reglane om skolefritidsordninga med enkelte presiseringar og justeringar, sjå forslaget til § 4-5.

38.3 Leksehjelp

38.3.1 Dagens reglar

I opplæringslova § 13-7 a er det krav om at kommunen skal ha eit tilbod om leksehjelp i grunnskolen, og at tilbodet skal vere gratis for elevane. Det står i lova at elevane skal ha rett til å delta på leksehjelptilbodet, men at det skal vere frivillig å delta. Det er ikkje ein individuell rett til leksehjelp. Kommunen står fritt til å fordele timane til leksehjelpa mellom trinna og kan rette leksehjelpa inn mot nokre elevgrupper, jf. Prop. 68 L (2013–2014), kapittel 3.4. Lova inneheld også ein heimel til å gi forskrift om leksehjelptilbodet.

I forskrift til opplæringslova § 1A-1 er det utfyllande reglar om leksehjelp. Forskrifta seier mellom anna at kommunen skal tilby til saman åtte timar leksehjelp kvar veke til elevar i grunnskolen. Dei åtte timane kan fordelast fritt på trinna. Forskrifta beskriv også formålet med leksehjelpa: «gi eleven støtte til læringsarbeidet, kjensle av meistring og gode rammer for sjølvstendig arbeid». Vidare seier forskrifta at leksehjelpa skal bidra til å jamne ut sosial forskjell i opplæringa, kven som er ansvarleg, forholdet til opplæringa elles og til skolefritidsordninga, tilsyn og foreldresamarbeid.

Kapittel 9 A om skolemiljøet til elevane, § 9-7 om forbod mot ansiktsdekkjande plagg og § 10-9 om politiattest gjeld for leksehjelpordninga.

38.3.2 Høyringsforslaget

I høyringa foreslo departementet

  • å vidareføre reglane om leksehjelp

  • å ikkje vidareføre dei delane av dagens paragraf som er rettsleg overflødig

  • å ikkje vidareføre heimelen til å gi forskrift om leksehjelp, men å flytte enkelte reglar til lova. Kravet i forskrifta om at kommunen må tilby åtte timar med leksehjelp i veka vart ikkje foreslått vidareført i lova

Med dette høyringsforslaget følgde departementet opp forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 42.3.

38.3.3 Høyringsinstansanes syn

Det er 15 høyringsinstansar som har gitt innspel til forslaget om leksehjelp.

Bærum kommune støttar forslaget frå utvalet om at kvar enkelt kommune bør ha stor fridom til å innrette leksehjelptilbodet ut frå lokale behov, til dømes kor mange timar leksehjelp som skal tilbydast, korleis ho skal organiserast, kva trinn og elevar leksehjelpa skal rettast mot. Kommunen meiner derfor at regelen bør utformast som ei plikt for kommunen, og ikkje ein rett for elevane. Blå Kors meiner at forslaget til omformulering av heimelen for leksehjelp er ei svekking av lovgrunnlaget for dette tilbodet, og at det kan føre til større forskjellar i omfang og kvalitet på leksehjelp.

Fire høyringsinstansar meiner at forskriftsheimelen i lova bør førast vidare. Sandnes kommune meiner departementets forslag vil gi kommunane ein større fridom til å forme ut leksehjelptilbodet, men for å sikre omfanget av ordninga bør timetalet for leksehjelpa konkretisast i forskrift. Også Landsorganisasjonen i Norge (LO) meiner det framleis bør vere heimel til å gi forskrift om leksehjelp.

Statsforvaltaren i Oslo og Viken meiner det er uklart kvifor det ikkje blir foreslått å vidareføre heimelen til å gi forskrift om leksehjelp.

Utdanningsdirektoratet støttar forslaget om ikkje å vidareføre forskriftsheimelen. Bergen kommune meiner at forslaget gir gode moglegheiter for lokal tilpassing og meiner at det ikkje er nødvendig å vidareføre forskriftsheimelen, då forslaget gir tilstrekkelege føringar.

Sola kommune meiner at det ikkje skal vere eit krav om at kommunane må tilby åtte timar med leksehjelp kvar veke, det bør vere opp til kommunane å avgjere korleis tilbodet til leksehjelp skal organiserast ut frå lokale forhold.

Oslo kommune meiner forslaget om å fjerne krav om åtte timar med leksehjelp må sjåast i samanheng med forslag om å lovfeste moglegheita til å gi lekser.

Bufdir meiner at oppgåva med å jamne ut sosiale forskjellar bør gjerast tydeleg i lova, noko også Statsforvaltaren i Oslo og Viken framhevar.

Foreldreutvalet for grunnopplæringa er bekymra for at forslaget ikkje gir føringar for omfang, bemanning og kompetanse hos dei som skal gi leksehjelpa. Dei viser til at dersom elevane skal kunne få eit likeverdig utbytte av opplæringa, må leksehjelptilbodet i kommunane vere i samsvar med leksepraksisen til skolen.

Redd Barna meiner at det i paragrafen bør gjerast tydeleg at leksehjelp som blir gitt innanfor skolekvardagen, inkluderer tida på skolefritidsordninga og må utførast av faglært/pedagogisk personell. Vidare tilrår dei at paragrafen også inkluderer krav om politiattest, sjølv om det også blir regulert i ein anna paragraf i lova.

Elevorganisasjonen meiner at departementet burde leggje meir vekt på å sikre at elevar på ungdomsskolen får leksehjelp, dei opplever at ungdomsskolane blir nedprioriterte, og at dei ikkje får tilbod om leksehjelp. Vidare meiner dei at det bør vere gratis skyss heim frå leksehjelpa.

38.3.4 Departementets vurdering

Krav om leksehjelp i lova

Leksehjelp kan ha noko å seie for læringa til elevane. Departementet meiner at det framleis bør vere eit nasjonalt krav om leksehjelp, og foreslår derfor å vidareføre ein regel om at kommunen skal tilby leksehjelp.

Korleis reglane om leksehjelp skal formast ut

I dagens lov står det at elevane har rett til å delta på leksehjelptilbodet, men at det er frivillig for elevane å delta. Dette kan gi inntrykk av at alle elevar på alle trinn har ein rett til leksehjelp. Innhaldet er derimot at kommunen står fritt til å fordele timane til leksehjelpa mellom 1. og 10. trinn, og også at kommunen kan retta leksehjelpa inn mot nokre elevgrupper, sjå Prop. 68 L (2013–2014), kapittel 3.4. Plikta kommunen har til å ha eit leksehjelptilbod, gir med andre ord ikkje elevar ein rett til å delta. Det har heller ikkje vore praktisert nokon klagerett på avgjerder om leksehjelp. Departementet meiner at dagens rettstilstand bør vidareførast, og foreslår at regelen om leksehjelp blir formulert som ei plikt for kommunane og ikkje som ein rett for elevane. Dette gjeld også handlefridommen kommunane har til å velje å rette leksehjelpa inn mot nokre elevgrupper på trinnet eller på tvers av trinn, dersom kommunen finn at dette vil vere den mest tenlege bruken av ressursar.

Departementet meiner at det er unødvendig å presisere at det er frivillig for elevane å delta på leksehjelptilbodet. Ettersom leksehjelp etter den foreslåtte ordlyden er eit tilbod til elevane, er det også frivillig.

Departementet viser til at det har komme fleire innspel i høyringa om at forskriftsheimelen bør førast vidare. Departementet meiner at kommunane bør ha stor fridom til å innrette leksehjelptilbodet ut frå lokale behov, men at det likevel kan vere behov for å ha meir konkrete reglar for leksehjelpa i forskrift. Departementet foreslår derfor å vidareføre forskriftsheimelen i den nye opplæringslova.

Enkelte høyringsinstansar foreslår at det skal vere kompetansekrav til dei som skal hjelpe til i leksehjelpa. Eit slikt krav er ikkje greidd ut og vil ha økonomiske og administrative konsekvensar. Departementet viser til at det er opp til kommunane å organisere leksehjelp ut frå lokale vurderingar, og at leksehjelp ikkje er ein del av den opplæringa eleven har rett til etter opplæringslova. Departementet foreslår ikkje å fastsetje kvalifikasjonskrav til dei som skal hjelpe til i leksehjelpa.

Andre reglar i lova som skal gjelde for leksehjelpa

Departementet foreslår å vidareføre at reglane om skolemiljø, ansiktsdekkjande plagg og politiattest skal gjelde for leksehjelpordninga, sjå punkta 33, 34.5 og 52. At dei gjeld for leksehjelpordninga, står eksplisitt i dei aktuelle reglane. Dessutan vil fleire av reglane om forsøk og tilsyn i kapittel 29 i lova gjelde for leksehjelpordninga, sjå punkt 60 og 64.

Det er frivillig å delta på leksehjelp, og det er opp til kommunen å organisere korleis leksehjelp skal organiserast. Departementet foreslår derfor ikkje reglar om gratis skyss i samband med leksehjelp.

38.3.5 Departementets forslag

Departementet foreslår

  • å vidareføre kravet om at kommunen skal ha eit tilbod om leksehjelp i grunnskolen, og at tilbodet skal vere gratis for elevane, sjå forslaget til § 4-4 første punktum

  • å videreføre heimelen til å gje forskrift om leksehjelptilbodet, sjå forslaget til § 4-4 andre punktum

38.4 Skolebibliotek

38.4.1 Dagens reglar

I opplæringslova § 9-2 andre ledd er det fastsett at «[e]levane skal ha tilgang til skolebibliotek. Departementet kan gi nærmare forskrifter.»

I forskrift til opplæringslova § 21-1 er det gitt utfyllande reglar om skolebiblioteka:

Skolen skal ha skolebibliotek med mindre tilgangen til skolebibliotek er sikra gjennom samarbeid med andre bibliotek. Bibliotek som ikkje ligg i skolen sine lokale, skal vere tilgjengeleg for elevane i skoletida, slik at biblioteket kan brukast aktivt i opplæringa på skolen. Biblioteket skal vere særskilt tilrettelagt for skolen.

38.4.2 Høyringsforslaget

I høyringa foreslo departementet

  • å vidareføre kravet om skolebibliotek

  • å vidareføre nemninga skolebibliotek i lova

  • å ikkje vidareføre forskriftsheimelen, men ta innhaldet i dagens forskriftsregel inn i lova

Med dette høyringsforslaget følgde departementet delvis opp forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 42.4. Utvalet foreslo ikkje å bruke nemninga skolebibliotek i lova.

38.4.3 Høyringsinstansanes syn

Det er 29 høyringsinstansar som har uttalt seg om forslaget til skolebibliotek. I all hovudsak støtta dei forslaget om å lovfeste krav til skolebibliotek og å ta inn innhaldet i dagens forskriftsregel inn i lova.

Fleire av høyringsinstansane viser til Aksjon skolebibliotek som 16 norske organisasjonar står bak, og innspelet aksjonen har til ny paragraf om skolebibliotek. Aksjon skolebibliotek meiner at skolebibliotek bør regulerast sterkare. Dei ønskjer mellom anna krav om at skolebiblioteka har kvalifisert bibliotekfagleg kompetanse, at skolebiblioteket er ope og bemanna i opningstida til skolen, og at skolebiblioteket ligg i eigna lokale på skolen eller i rimeleg avstand til skolen. Dei grunngir krava med at skolebibliotek er eit verktøy for læring, og at lesing er nøkkelen til læring og kunnskap. Bibliotekarforbundet peikar i høyringssvaret sitt på at verksemda til skolebiblioteket dreier seg både om informasjonskompetanse, kjeldekritikk, leseforståing og tilrettelagd litteratur til elevar.

Enkelte av kommunane som har uttalt seg, foreslår at dersom det blir nytta andre bibliotek, bør det ikkje vere eit krav om at desse er særskilt tilrettelagde for skolen. Desse viser til at det ikkje vil vere sjølvforklarande kva dette vil innebere.

Enkelte høyringsinstansar meiner at det framleis bør vere ein forskriftsheimel om skolebibliotek i lova. Statsforvaltaren i Oslo og Viken meiner det er uklart kvifor det ikkje blir foreslått å vidareføre heimelen for departementet til å gi forskrift om skolebiblioteka.

38.4.4 Departementets vurdering

Departementet foreslår å vidareføre reglane om skolebibliotek. Regelen blir foreslått som ei plikt for kommunane og fylkeskommunane, og ikkje som ein rett for elevane, sidan tilgang til bibliotek aldri har vore forstått eller meint som ein individuell rett.

Departementet meiner at god tilgang til bibliotek for elevane er viktig. Den nye læreplanen i norsk som vart innført i 2020, har fleire kompetansemål som viser at elevane skal kunne bruke bibliotek. Læreplanen i norsk seier også at elevane skal gi elevane litterære opplevingar i ulike sjangrar. Det er lagt vekt på at elevane skal lese og lære i djupna og utvikle forståingar på tvers av fag. Elevane skal kunne tenkje kritisk og kreativt og kunne kommunisere og samarbeide med kvarandre. Dette krev tilgang til eit velfungerande skolebibliotek. I tillegg tyder forsking på at positive haldningar til lesing og gode lesevanar er nøkkelfaktorar for å fremje leseforståinga, mellom anna har internasjonale leseundersøkingar som PIRLS og PISA påvist samanhengar mellom leseengasjementet til elevane og leseprestasjonane deira. Eit godt skolebibliotek kan bidra til at elevane får positive møte med litteraturen.

Eit bibliotek som ligg i lokala til skolen, gir auka tilgang til litteratur for alle elevar. I tillegg kan skolebiblioteka vere meir tilpassa opplæringa til elevane, og mange skolebibliotek har eigne skolebibliotekarar. Kjennskapen skolebibliotekarane har til læreplanar, undervisningsopplegg, lærarane og elevane, vil både kunne gi ein annan kompetanse og ei betre moglegheit for ein annan og meir tilpassa bruk av desse bibliotektenestene enn det reine folkebibliotektenester kan. Departementet meiner at å vidareføre dagens reglar om skolebibliotek i lov og forskrift vil vareta dette.

Departementet foreslår å behalde nemninga skolebibliotek i lova. Dette understrekar at det er ønskjeleg med eit bibliotek nær elevane. Samtidig blir det ikkje fastsett krav om at skolebiblioteket må liggje på skolen. Departementet meiner det må givast rom for anna organisering og at detaljstyring bør unngåast. Det kan vere aktuelt med ei samlokalisering av skolebibliotek og kommunale bibliotek. Spesielt vil dette vere eit alternativ for små skolar. Eit eventuelt krav om skolebibliotek i lokala til skolen vil ha økonomiske og administrative konsekvensar for kommunane. I mange tilfelle vil det vere betre at skolen nyttar seg av godt utstyrte folkebibliotek som er tilrettelagde for skolen.

I forslaget som vart sendt på høyring, vart det foreslått å fjerne forskriftsregelen og at alle reglane om skolebibliotek skulle komme fram av lova. Etter ei vurdering av høyringsinnspela foreslår departementet likevel å ha ein forskriftsheimel i lova og vidareføre at dei nærare reglane om skolebibliotek står i forskrifta og ikkje i lova. Dette inneber at reglane blir foreslått vidareført som i dag.

Enkelte høyringsinstansar foreslår at det skal innførast kompetansekrav til skolebibliotekarar. Departementet vil vise til at dette vil vere eit nytt krav og at eit slikt krav ikkje er greidd ut og vil ha økonomiske og administrative konsekvensar. Departementet meiner uansett at det ikkje er nødvendig med ei slik detaljstyring og foreslår derfor ikkje å fastsetje kompetansekrav til skolebibliotekarar.

38.4.5 Departementets forslag

Departementet foreslår

  • å vidareføre at elevane skal ha tilgang til skolebibliotek, sjå forslaget til § 15-5 første punktum

  • å vidareføre heimelen til å gi forskrift om skolebibliotek, sjå forslaget til § 15-5 andre punktum

Til forsida