Prop. 57 L (2022–2023)

Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innhaldsliste

6 Lovstruktur og lovspråk

6.1 Innleiing

Dette punktet handlar om korleis lova er bygd opp (strukturen i lova), og om språket i lova. Det er eit mål at den nye opplæringslova skal vere oversiktleg og ha eit klart og godt språk. I forslaget til ny opplæringslov har departementet strukturert innhaldet på ein ny måte samanlikna med dagens lov, og formålet er at det skal vere lett å finne fram til kva reglar som gjeld for den enkelte. Lovtekstane er utforma slik at reglane skal vere så lette som mogleg å forstå.

6.2 Dagens opplæringslov

Dagens lov inneheld 18 kapittel og har ei blanding av kapittel delte inn etter opplæringstype og særskilde tema.

Lova inneheld fire kapittel etter opplæringstype: grunnskoleopplæring (kapittel 2), vidaregåande opplæring (kapittel 3), vidaregåande opplæring i bedrift (kapittel 4) og grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for vaksne (kapittel 4A). Kvart av desse fire kapitla inneheld paragrafar som berre gjeld den enkelte opplæringstypen. I tillegg er det elleve kapittel med særskilde tema (kapitla 5 til og med 14). Lova har også eit kapittel om bruk av forvaltningslova (kapittel 15), eit innleiande kapittel (kapittel 1) og eit avsluttande kapittel (kapittel 16).

Dei elleve kapitla med særskilde tema inneheld paragrafar som gjeld både grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring. Nokre paragrafar i desse kapitla gjeld for begge opplæringstypane, og nokre paragrafar gjeld berre grunnskoleopplæring eller berre vidaregåande opplæring. I tillegg kjem paragrafar som inneheld ei blanding av reglar, der enkelte ledd i paragrafen gjeld grunnskoleopplæring, og enkelte ledd gjeld vidaregåande opplæring.

På oppdrag av Kommunal- og distriktsdepartementet utførte analyseselskapet Oxford Research i 2015 ei kartlegging av bruken av lovteksten i opplæringslova. Kartlegginga var ein del av prosjektet «Klart lovspråk». I tillegg gjennomførte Institutt for språk og litteratur ved NTNU ei leseundersøking og ein tekstanalyse av lova.

Eit hovudfunn i tekstanalysen er at opplæringslova ber preg av å ha vore revidert mange gonger, og at ho har ei lite intuitiv inndeling av kapittel.

6.3 Lovstruktur og lovspråk i ny opplæringslov

6.3.1 Strukturen i lova

I forslaget til ny opplæringslov legg departementet fram ein ny struktur – ein ny måte å presentere innhaldet i opplæringslova på – samanlikna med dagens lov. Departementet følgjer i hovudsak opp forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 13.

Departementet foreslår å dele opplæringslova inn i desse delane:

  • Første del – innleiande reglar

  • Andre del – grunnskoleopplæring

  • Tredje del – vidaregåande opplæring

  • Fjerde del – fellesreglar for grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa for barn og unge

  • Femte del – førebuande opplæring og vidaregåande opplæring for vaksne

  • Sjette del – privat opplæring, godkjenningsordningar og privatistordningar

  • Sjuande del – forskjellige reglar

  • Åttande del – sluttreglar

Det sentrale med forslaget til ny lovstruktur er at paragrafane som berre gjeld grunnskoleopplæring (andre del), berre gjeld vidaregåande opplæring (tredje del), eller berre gjeld førebuande opplæring og vidaregåande opplæring for vaksne (femte del), er samla i eigne delar. I tillegg har forslaget samla reglar som er felles for grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa for barn og unge (fjerde del), reglar om privat opplæring, godkjennings- og privatistordningar (sjette del) og reglar som ikkje naturleg høyrer heime i nokon av dei andre delane (sjuande del). Sjuande del inneheld mellom anna eit kapittel om ansvaret til kommunen og fylkeskommune og eitt kapittel om klageinstans, tilsyn og forsøk. Lovforslaget inneheld også ein innleiande del (første del) og ein del med sluttreglar (åttande del).

Andre og tredje del er bygde opp etter tema og på same måten, med eitt kapittel om retten til opplæring, eitt kapittel om val av skriftspråk og særskilde språkrettar i opplæringa og eitt kapittel med reglar som ikkje angår sjølve opplæringa. I tillegg har delen om vidaregåande opplæring eitt kapittel om opplæring i bedrift og eitt kapittel om organ knytt til fag- og yrkesopplæringa.

Formålet med å samle fellesreglane i ein eigen del er å gi ei samla framstilling av reglar som gjeld både for grunnskoleopplæringa og for den vidaregåande opplæringa, og å unngå å duplisere paragrafar. Nokre få paragrafar om særskilde språkrettar er likevel dupliserte i lovforslaget for å samle same typen paragrafar under høvesvis delen om grunnskoleopplæring og delen om vidaregåande opplæring.

Ein fordel med denne inndelinga er at det er enklare enn med dagens lov å finne fram til kva reglar som gjeld gjennom opplæringsløpet.

Departementet vil understreke at plasseringa av reglane i lova, om ein regel kjem tidleg eller seint i lova, ikkje gir uttrykk for ei prioritering av kor viktige reglane er.

6.3.2 Språket i lova

Departementet har lagt vekt på at lova skal ha eit språk som kan forståast også av dei som ikkje har juridisk bakgrunn. Språkrådet har hjelpt departementet og gitt språkfagleg hjelp i arbeidet med lovteksten og klart lovspråk. Departementet har også jobba med at teksten i merknadane til lovforslaget og i proposisjonen skal bidra til klargjering.

Der departementet foreslår å vidareføre dagens reglar, er det mange stader gjort språklege endringar i lovtekstane for at lova skal bli meir brukarvennleg og lettare å lese enn dagens lov. I vurderingane til departementet omtaler departementet viktige språklege endringar i samband med dei aktuelle paragrafane. Mindre endringar i språket, eller endringar i setningsstrukturen samanlikna med dagens lov, blir ikkje omtalte i proposisjonen.

Til forsida