Prop. 57 L (2022–2023)

Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innhaldsliste

51 Praksisplassar i skolen

51.1 Innleiing

Dette kapittelet handlar om korleis opplæringslova skal regulere ei plikt for kommunane og fylkeskommunane til å ta imot studentar for praksisopplæring og rettleiing i skolen.

51.2 Dagens reglar

Ifølgje opplæringslova § 10-7 kan departementet gi pålegg om at kommunane og fylkeskommunane skal gi studentar frå universitet og høgskolar praksisopplæring og rettleiing i skolen. Pålegget kan også gjelde val av den som skal stå for praksisopplæringa.

Praksisopplæring er ein obligatorisk del av lærarutdanningane. Det er derfor nødvendig med praksisplassar for studentar i grunnskolar og vidaregåande skolar. I forarbeida til opplæringslova har departementet lagt til grunn at praksisplassar i dei fleste tilfella blir oppretta ved avtale mellom skolen og høgskole eller universitet, og at det i samband med dette også blir avtalt kven av lærarane som skal ha ansvar for praksisopplæringa. I praksis er det ofte skoleleiinga som bestemmer kva lærarar som skal ha ansvaret for å rettleie praksisstudentane.

Praksisplassar var tidlegare regulerte i grunnskolelova og lov om vidaregåande opplæring. Grunngivinga for at reglane vart vidareført i opplæringslova, var at praksistida er ein så sentral del av lærarutdanninga at gjennomføringa av ordninga bør få heimel i lova, jf. NOU 1995: 18, kapittel 28.5.7.

51.3 Høyringsforslaget

I høyringa foreslo departementet

  • å vidareføre regelen om at departementet i det enkelte tilfellet eller i forskrift kan gi pålegg om at kommunane og fylkeskommunane skal gi studentar frå universitet og høgskolar praksisopplæring og rettleiing i skolen

  • å ikkje vidareføre at departementet skal ha heimel til å fastsetje kven i skolen som skal stå for opplæringa og rettleiing av studentar i praksis

Med dette høyringsforslaget følgde departementet i hovudsak ikkje opp forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 43.9, om å ikkje vidareføre reglar i opplæringslova om praksisplassar.

51.4 Høyringsinstansanes syn

51.4.1 Høvet til å gi pålegg om praksisplass

Det er 14 høyringsinstansar som har uttalt seg om høyringsforslaget om å vidareføre dagens regel om at departementet i det enkelte tilfellet eller i forskrift kan gi pålegg om at kommunane og fylkeskommunane skal gi studentar frå universitet og høgskolar praksisopplæring og rettleiing i skolen. Av desse er det tolv som støttar forslaget, mellom anna enkelte fylkeskommunar, enkelte kommunar, NHO og Utdanningsforbundet. Også Norsk Lektorlag støttar forslaget og meiner ei slik lovfesta plikt er med på å sikre studentar praksisplassar nær studiestaden sin.

Utdanningsdirektoratet støttar ikkje forslaget og grunngir innspelet sitt med at ein bør bruke andre verkemiddel enn regelverket for å synleggjere verdien av å få kommunane og fylkeskommunane til å prioritere praksisplassar for studentar i skolen. Subsidiært meiner direktoratet at ein regel om slike praksisplassar bør regulerast i universitets- og høgskolelova. KS støttar heller ikkje forslaget og skriv:

Det vises i den forbindelse til arbeidet i Nasjonalt forum for lærerutdanning og profesjonsutvikling (NFLP) om praksisopplæringen. Forumet har nedsatt en arbeidsgruppe som skal utarbeide forslag til rammer for ansvarsfordeling og samarbeid om praksisopplæring i lærerutdanningene mellom lærerutdanningsinstitusjonene og vanlige barnehage og skoleeier og praksisbarnehager og -skoler. Rammene skal bidra til et nært og gjensidig/forpliktende samarbeid mellom aktørene, og til at alle lærerstudenter får praksisopplæring av god kvalitet og skal omfatte prinsipper for ansvar og samarbeid mellom utdanningsinstitusjonene, skole og barnehagemyndighet/eiere, studenter, lærerprofesjonen, barnehager og skoler.

51.4.2 Høvet til å påleggje kven som skal stå for opplæringa

I underkant av ti høyringsinstansar har uttalt seg om forslaget om å ikkje vidareføre at departementet skal ha heimel til å fastsetje kven i skolen som skal stå for opplæringa og rettleiing av studentar i praksis, mellom anna Viken fylkeskommune, enkelte kommunar, NHO og Utdanningsforbundet. Alle støttar forslaget.

51.5 Departementets vurdering

51.5.1 Høvet til å gi pålegg om praksisplass

Opplæringslovutvalet foreslo at opplæringslova § 10-7 om praksisplassar ikkje blir vidareført i ny opplæringslov. Utvalet viste til at praksisopplæring er ein viktig del av lærarutdanninga, men meinte at det ikkje er nødvendig med ein heimel for å påleggje kommunane og fylkeskommunane å tilby praksisplassar til lærarstudentane. Utvalet viste vidare til at kommunar er folkevalde organ på lokalt og regionalt nivå som har eit stort samfunnsansvar. Etter vurderinga frå utvalet må det kunne forventast at kommunar bidreg til å utdanne lærarar utan at dette er ei oppgåve som blir pålagd dei. Kommunane og fylkeskommunane er dessutan dei framtidige arbeidsgivarane for dei fleste lærarstudentane, og dei har dermed ei eigeninteresse i at det blir utdanna fleire lærarar, og at lærarstudentane får ei god opplæring. Utvalet var heller ikkje kjent med at heimelen har vore brukt.

Departementet er samd med utvalet i at det kan setjast spørjeteikn ved om heimelen for å påleggje kommunane og fylkeskommunane å gi lærarstudentar praksisplass i skolen er nødvendig. Praksis i skole er ein obligatorisk del av lærarutdanningane og skal vere rettleidd og vurdert. Samarbeidet om praksisordning mellom partane, som er universiteta og høgskolane på den eine sida og kommunane og fylkeskommunane på den andre, fungerer i det store og heile godt.

Departementet foreslår likevel, slik som i høyringa, å vidareføre reglane om at departementet i det enkelte tilfellet eller i forskrifter kan gi pålegg om at kommunar eller fylkeskommunar skal gi studentar praksisopplæring. Forslaget er i tråd med dei fleste høyringsinnspela.

Departementet er for det første kjent med at enkelte utdanningsinstitusjonar har hatt utfordringar med å skaffe tilstrekkeleg mange praksisplassar for lærarstudentane sine.

Departementet meiner vidare at det kan vere behov for regelen om praksisplassar i spesielle tilfelle, der kommunar eller fylkeskommunar ikkje prioriterer praksis og rettleiing, eller der samarbeidet mellom ein utdanningsinstitusjon og ein kommune eller fylkeskommune av ein eller annan grunn ikkje fungerer. Heimelen kan då sikre at studentane får den praksisen som er nødvendig for studieprogresjon og å fullføre studiet, ved at departementet grip inn. Heimelen kan også bidra til å styrkje det regionale utdanningstilbodet, ved å sikre at det blir lagt til rette for praksis i heile landet. At heimelen ikkje har vore nytta, betyr ikkje at det ikkje vil vere behov for han framover. Regelen om praksisplass i skolen har også ein verdi i seg sjølv, ved at han legg press på kommunane og fylkeskommunane om å leggje til rette for praksisplassar til dømes der ressursomsyn eller økonomiske omsyn kan tenkjast å føre til at dette arbeidet blir nedprioritert. Slik sett kan det få uheldige og utilsikta konsekvensar å fjerne regelen.

Departementet viser til at praksis er regulert i ei rekkje lover innanfor helse- og sosialfaglege utdanningar. Dette gjeld til dømes i lov 2. juli 1999 nr. 61 om spesialisthelsetenesta m.m. § 3-8, lov 24. juni 2011 nr. 30 om kommunale helse- og omsorgstenester m.m. § 8-1 og lov 2. juni 2000 nr. 39 om apotek § 4-6. I ny barnevernslov, lov 18. juni 2021 nr. 97 om barnevern, er det lovfesta at Barne-, ungdoms- og familieetaten skal tilby rettleidd praksis i institusjon og samarbeide med utdanningsinstitusjonen om gjennomføringa av praksisen. Den same plikta er lagd på kommunane når det gjeld praksis i barnevernstenesta. Formålet med lovreglane er nettopp å sikre at det blir lagt til rette for praksisplassar på aktuelle arbeidsplassar i dei utdanningane der dette er aktuelt.

Som vist til i vurderinga over har departementet lagt vekt på behovet for å ha ein regel som synleggjer verdien av at kommunane og fylkeskommunane legg til rette for praksis for studentar i skolen, og samanhengen med andre regelverk. Regelen kan bidra til at kommunane og fylkeskommunane over heile landet prioriterer arbeidet med å skaffe til vegar nødvendige praksisplassar og samarbeide med universitet og høgskolar om rettleidd praksis i skolen.

Som KS peikar på i høyringssvaret sitt, er det nedsett ei arbeidsgruppe som skal utarbeide forslag til rammar for ansvarsfordeling og samarbeid om mellom anna praksisopplæring i skolane. Dersom arbeidsgruppa endar opp med å tilrå tiltak som har noko å seie for om, og eventuelt i kva lov, det skal vere reglar om praksisplassar i skolen, vil departementet eventuelt seinare vurdere korleis dette skal følgjast opp.

51.5.2 Høvet til å påleggje kven som skal stå for opplæringa

Opplæringslovutvalet meinte at vidareføring av regelen om at departementet skal ha heimel til å fastsetje kven i skolen som skal stå for opplæringa, vil vere eit uforholdsmessig inngrep i styringsretten kommunane og fylkeskommunane har overfor dei tilsette.

Departementet er samd i dette og foreslår å ikkje vidareføre at departementet skal ha heimel til å fastsetja kven i skolen som skal stå for opplæringa og rettleiing av studentar i praksis.

51.6 Departementets forslag

Departementet foreslår

  • å vidareføre regelen om at departementet i det enkelte tilfellet eller i forskrift kan gi pålegg om at kommunane og fylkeskommunane skal gi studentar frå universitet og høgskolar praksisopplæring og rettleiing i skolen, sjå forslaget til § 17-9

  • å ikkje vidareføre at departementet skal ha heimel til å fastsetje kven i skolen som skal stå for opplæringa og rettleiing av studentar i praksis

Til forsida