Prop. 57 L (2022–2023)

Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innhaldsliste

63 Reklame i skolen

63.1 Innledning

Dette punktet handler om reguleringen av reklame i skolen.

63.2 Dagens reglar

63.2.1 Opplæringslova

I opplæringslova § 9-6 er følgjande fastsett:

Skoleeigaren skal sørgje for at elevane ikkje blir utsette for reklame som er eigna til å skape kommersielt press, eller som i stor grad kan påverke holdningar, åtferd og verdiar, mellom anna på skolens område, i lærebøker og andre læremiddel som blir nytta i opplæringa. Departementet kan gi nærmare forskrifter.

Det er ikkje gitt reglar i forskrift med heimel i paragrafen. Det er ikkje tillate med noka form for reklame som skoleeigar meiner kan ha uheldig påverknad på elevane, men skoleeigar kan tillate reklame som ikkje er skadeleg, jf. forarbeida til paragrafen i Ot.prp. nr. 41 (2006–2007) Om lov om endringar i opplæringslova og friskolelova, merknad til § 9-6. Forbodet er fleksibelt ved at vurderinga av kva som er uønskt eller uheldig påverknad, vil variere ut frå alder og modnad hos elevane. Forarbeida understrekar at det er skoleleiarane og lærarane som er dei næraste til å vurdere kva som fell inn i kategoriane som forbodet gjeld.

Utdanningsdirektoratet har gitt ut ei rettleiing om reklameforbodet i skolen. Denne vart sist endra i 2011. I rettleiinga er det døme på kva som er tillaten og forboden reklame i skolen. Logoeksponering frå ein leverandør av mjølkeprodukt til skolekantina er til dømes tillaten. Reklameplakatar for brus og klesmerke er brukte som døme på reklame som blir ramma av forbodet. Vidare står det at brosjyrar og invitasjonar av kommersiell art alltid er forbodne. Reklame for lokalt kulturliv og elevinitierte aktivitetar er derimot tillatne. Det er også enkelte arrangement der skolen deltek, som inneheld reklame, som i praksis er akseptert, til dømes Tinestafetten.

63.2.2 Marknadsføringslova

Marknadsføringslova har ikkje eit generelt forbod mot å rette marknadsføring mot barn, men «urimelig handelspraksis» er forboden, og marknadsføring må ikkje stri mot «god markedsføringsskikk», jf. marknadsføringslova §§ 2 og 6. Ein handelspraksis er urimeleg dersom han strir mot god forretningsskikk overfor forbrukarar og er «egnet til vesentlig å endre forbrukernes økonomiske atferd slik at de treffer beslutninger de ellers ikke ville ha truffet».

I vurderinga av om ein handelspraksis er urimeleg, skal ein leggje vekt på om handelspraksisen er særskilt retta mot barn, jf. marknadsføringslova § 20. Når handelspraksisen blir retta mot barn eller elles kan sjåast eller høyrast av barn, skal det visast særleg varsemd med tanke på at barn er lettpåverkelege, manglar erfaring og er naturleg godtruande. Det skal også leggjast vekt på om handelspraksisen på grunn av art eller produkt er eigna til å påverke barn, og om den næringsdrivande kan forventast å føresjå at barn er særleg sårbare for praksisen. Det er forbode å ta med i reklame direkte oppmodingar til barn om å kjøpe annonserte varer eller tenester eller overtale foreldra eller andre vaksne til å kjøpe dei annonserte ytingane til dei.

Pliktene i marknadsføringslova rettar seg mot næringsdrivande. Næringsdrivande er definerte som ein fysisk eller juridisk person som utøver næringsverksemd, og alle som handlar i namnet til denne eller på vegner av denne, jf. marknadsføringslova § 5. Næringsverksemda treng ikkje å vere profittbasert. Når ideelle organisasjonar sel produkt, er det å rekne som næringsverksemd sjølv om inntektene går til det ideelle formålet. Grensa mellom når frivillige organisasjonar held innsamling av pengar og sel produkt, kan vere flytande, og det må vurderast konkret om det er næringsverksemd.

63.3 Høyringsforslaget

I høyringa foreslo departementet å vidareføre reglane om reklame i skolen i den nye opplæringslova og å gjere tydeleg innhaldet i reglane i forskrift eller i oppdatert rettleiingsmateriell, slik at det blir lagt til rette for lik praksis på skolane.

Med dette høyringsforslaget følgde departementet ikkje opp forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 43, om å fjerne reglane om reklame i skolen.

63.4 Høyringsinstansanes syn

Seks høyringsinstansar har uttalt seg om forslaga knytte til reglane om reklame i skolen. Høyringsinstansane støttar i all hovudsak ei vidareføring av reglane om reklame i skolen og å gjere tydeleg innhaldet i reglane i forskrift eller i oppdatert rettleiingsmateriell.

Utdanningsdirektoratet meiner at dersom forholdet i all hovudsak blir regulert av andre regelverk, og uansett ikkje blir sett på som problematisk i praksis, at det ikkje er behov for ein særregulering for enkelte særtilfelle. Dette gjeld til dømes forbod mot reklame.

63.5 Departementets vurdering

Departementet foreslår å vidareføre forbodet mot reklame i skolen.

Departementet meiner det er viktig at barn og unge ikkje blir utsette for kommersielt press eller annan utilbørleg påverknad i skolen. Dette kan til dømes gjelde kommersielt press frå aktørar innanfor russeindustrien. Departementet ønskjer også å avgrense kommersiell utnytting av personopplysningane til elevane og redusere reklamepresset i tenestene skolane bruker i undervisninga.

Departementet har vurdert om det er nødvendig å regulere dette særskilt i opplæringslova, ettersom opplæringslova og marknadsføringslova delvis vil overlappe kvarandre og regelsetta ikkje gir opp noka klar grense for kva som er tillate og forbode.

Departementet er samd med høyringsinstansane i at reklameforbodet i opplæringslova er eit nødvendig supplement til dei generelle reglane i marknadsføringslova.

Departementet viser til at det går eit skilje mellom reglane i opplæringslova og marknadsføringslova når det gjeld kven reglane rettar seg mot. Reglane i marknadsføringslova gjeld for dei næringsdrivande som reklamerer for produkta, medan reglane i opplæringslova rettar seg mot kommunane og fylkeskommunane som ansvarlege for skoleverksemda. Departementet meiner at ein særregel om reklame i opplæringslova vil sikre eit meir effektivt vern av elevane mot kommersielt press og annan utilbørleg påverknad fordi kommunane og fylkeskommunane kan stanse reklamen før han når elevane. Forbrukartilsynet kan derimot berre gripe inn overfor marknadsføring som allereie har komme ut. Ei særregulering som gjer det mogleg å vere i forkant, forhindrar i større grad at barn blir utsette for uønskt og ulovleg reklame, enn om regelverket berre baserer på etterfølgjande inngrep etter marknadsføringslova. Endå eit argument for å behalde regelen i opplæringslova er at kommunane og fylkeskommunane er nærare å oppdage uønskt reklame i skolen enn Forbrukartilsynet.

Vidare varetek reglane i marknadsføringslova og opplæringslova til dels ulike omsyn. Opplæringslova seier at elevane ikkje skal utsetjast for reklame som er eigna til å skape «kommersielt press». Rettleiinga definerer «kommersielt press» som reklame i vid forstand som kan føre til kjøpepress blant elevane, til dømes plakatar som reklamerer for brus og klesmerke. Grunngivinga for regelen er ønsket om at skolen skal vere eit ikkje-kommersielt miljø for elevane. Reglane i marknadsføringslova skal forhindre praksis som reduserer evna forbrukarane har til å ta ei informert avgjerd. Reglane er meint å ramme dei tilfella der næringsdrivande påverkar forbrukarar til å kjøpe ei yting ved å gi denne eigenskapar ho ikkje har, ved å gi ufullstendige opplysningar om pris eller ved å framstille eit tilbod som unikt eller kortvarig sjølv om det i realiteten ikkje er eit spesialtilbod. Departementet viser til at omsynet til å unngå kommersielt press mot elevar er noko anna enn omsynet til at forbrukarar skal kunne ta ei informert avgjerd. Etter vurderinga til departementet vil reklame derfor kunne skape kommersielt press i strid med opplæringslova, utan at praksisen treng å vere i strid med marknadsføringslova.

Opplæringslova forbyr også reklame som «i stor grad kan påvirke holdninger, atferd og verdier». Reklame som blir ramma av dette alternativet i opplæringslova, kan også vere i strid med marknadsføringslova § 2, ettersom «god markedsføringsskikk» rettar seg mot etiske og moralske aspekt i marknadsføringa. Forbrukartilsynet påpeikar likevel at terskelen for å konstatere at noko strir mot lova, synest å vere høgare i marknadsføringslova enn i opplæringslova.

Forbrukartilsynet har også vist til at dei får førespurnader frå personar som reagerer på reklame som framstiller gutar og jenter på ein kjønnsstereotyp måte, mellom anna i leiketøyskatalogar, reklameplakatar og reklamevideoar. Som regel gir ikkje reklamen noko nedverdigande bilete av nokon av kjønna, og han blir derfor ikkje ramma av forbodet mot kjønnsdiskriminerande reklame i marknadsføringslova. Ein slik type marknadsføring er likevel uheldig i eit likestillingsperspektiv fordi det underbyggjer tradisjonelle stereotypiar om kjønn. Denne typen reklame vil etter vurderinga til departementet kunne rammast av reglane i opplæringslova. I rettleiinga blir det mellom anna vist til reklame om «hvordan jenter eller gutter skal være, kle seg og oppføre seg» som eit døme på reklame som kan rammast av reglane.

Departementet meiner at kommunane og fylkeskommunane bør ha ei meir vidtgåande plikt til å verne elevar mot reklame enn næringsdrivande har etter marknadsføringslova. Det følgjer av paragrafen om formålet med opplæringa og overordna del av læreplanverket at skolane skal fremje haldningar som sikrar verdiar som likeverd og likestilling. Skolen skal ta omsyn til mangfaldet av elevar og leggje til rette for at alle får oppleve tilhøyrsel i skolen og samfunnet. Skolen skal også bidra til at kvar elev kan vareta og utvikle identiteten sin i eit inkluderande og mangfaldig fellesskap. Slik departementet ser det, tilseier desse verdiane at skoleeigar bør sørgje for at elevane ikkje blir utsette for reklame som kan skape kommersielt press, eller som i stor grad kan påverke haldningar, oppførsel og verdiar medan dei er på skolen.

63.6 Departementets forslag

Departementet foreslår å vidareføre reglane om reklame i skolen i den nye opplæringslova, sjå forslaget til § 27-1.

Til forsida